Evalueringsrapport: Ekstremvêret Nina 10. januar 2015

Like dokumenter
Ekstremvêrrapport. METinfo. Hending: Tor januar no. 14/2016 ISSN X METEOROLOGI Bergen, Foto: Ole Johannes Øvretveit

Evalueringsrapport: Kraftig snøfall i Rogaland desember 2012

Konsekvenser ved langvarig straumutfall

RAPPORT ETTER ØVING LYNELD TORSDAG 20. DESEMBER 2012

TEMA. Stryn

Varsel om ekstreme vêrtilhøve under ekstremvêret ` Cora ` gjeld for:

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Samfunnstryggleik og beredskap

Ekstremvær fra meteorologens perspektiv

Øving Fårikål Oppsummering. Krisehandteringsøving for kommunane i Møre og Romsdal Måndag 29. september Fylkesmannen i Møre og Romsdal Adm

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Hå kommune 17. april 2015

Kontrollutvalet i Suldal kommune

Ekstremvêrhendingar. - lærer vi av dei? Idun A. Husabø

Til deg som bur i fosterheim år

Kva snakkar me om? Tog Brann Redning Flaum Snø, snøras og i store mengder Kriser

Øving Hordaland Bakgrunn, opplegg og forventningar til kommunane. Åsne Hagen Fylkesmannen i Hordaland

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Sauda kommune 1. juni 2017

«Når straumen er borte» og andre utfordringar

no. 15/2013 ISSN METEOROLOGI Bergen, MET info Ekstremvêrrapport Hending: Hilde, Foto: NTE

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

met.info Ekstremværrapport

Melding om vedtak - Søknad om ny forlenging av frist for buplikt på bustad gnr. 64/15 i Vinje

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Bokn kommune 14. oktober 2014

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Logg over viktige hendingar, tiltak og evalueringspunkt. Tid Hending Tiltak Evaluering

Strategiplan for Apoteka Vest HF

met.info no. 14/2015 ISSN X METEOROLOGI Bergen, Ekstremværrapport Hendelse: Nina 10. januar 2015

ÅRSRAPPORT Nærare om nemnda Klagenemnda har åtte medlemer. Frå 1. januar 2008 var følgjande personar medlem i nemnda:

Saksnr Utval Møtedato Utdanningsutvalet I sak Ud-6/12 om anonym retting av prøver gjorde utdanningsutvalet slikt vedtak;

Brukarrettleiing. epolitiker

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Tilleggsinnkalling for Kommunestyret. Sakliste

SUND KOMMUNE. Innhald. Dok.dato: Vår Ref: 17/ Arkiv:

«Ny Giv» med gjetarhund

Då Dagmar kom på julebesøk til Hardanger. Hadde vurderingar av jordskredfaren i forkant hatt nokon betyding?

Problemstilling (1) Ivareta liv/helse, lov/orden, oppretthalde drift av samfunnet, inkl. samfunnsviktige funksjonar og infrastruktur.

BRUK AV ALTERNATIVE LØP SOM FØRER FRAM TIL FAGBREV

Team Hareid Trygg Heime

Uttale vedr. ferjesamband i Hardanger

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Søknad om vidareføring av prosjektet. Utdanningsrøyret - Teknisk utdanningssenter i Sunnhordland

met.info EKSTREMVÆR RAPPORT Hendelse: Ivar, Publisert dato: Bergen Rapportert av: Geir Ottar Fagerlid m.fl.

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Notat. Går til: Styremedlemmer Selskap: Helse Vest RHF Dato skriven: Frå: Administrerande direktør Herlof Nilssen

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Styresak. Forslag til vedtak: Føretak: Dato: Sakshandsamar: Saka gjeld:

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Finansiering av søknaden

EVALUERING AV BEFOLKNINGSVARSLINGSTEST 2018

GLOPPEN KOMMUNE ADMINISTRASJONSUTVALET

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Austevoll kommune TILLEGGSINNKALLING

Korleis reiser du som er elev eller pendlar mellom Suldal og Sauda? Kollektivtransport til Sand på skuledagar

Forslag frå fylkesrådmannen

Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Øving Fårikål 2016 Oppsummering

FANGST OG SKJELPRØVAR I SULDALSLÅGEN

Styresak. Arkivsak 2008/351/ Styresak 061/11 B Styremøte

SULDAL KONTROLLUTVAL PROTOKOLL. Onsdag 11. februar 2015 blei det halde møte i Suldal kontrollutval under leiing av nestleiar Berit Myrland.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Den nye seksjon for applikasjonar

IA-funksjonsvurdering. Ei samtale om arbeid kva er mogleg?

Saksnr Utval Møtedato Samferdselsutvalet Fylkesrådmannens tilråding Fylkesutvalet Fylkestinget

MET info Hendingsrapport

Rapport frå tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Time kommune 12. og 15. oktober 2015

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Fylkesmannen i Rogaland

Odd Petter Habbestad Prosjektleder i Bømlo Vatn og Avløpsselskap AS.

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Rapport etter økt overvåking av vind januar 2017

notat EKSTREMVÆR RAPPORT Til:Metdir. Jens Sunde Hendelsen: Vera Dato: Torsdag Rapportert av: Frode Hassel, Unni Nilssen

Velkomen til kriseøvings- og seminardag

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Vald og trusselhandlingar mot tilsette i skolen førebygging og oppfølging

SAMORDNINGS- OG BEREDSKAPSSTABEN. Rapport frå tilsyn med samfunns-sikkerheit i Skjåk kommune.

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/ Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Kartlegging av verksemder sitt syn på drosjetilbodet i Bergensområdet. AUD-rapport nr. 12a

Extreme weather, the consequences for health. Bjørn Morten Øen Beredskapssjef Helse Førde

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Evalueringsrapport: Ekstremvêret Synne 5-6 desember 2015

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Krisehandtering i Leikanger skyttarlag

Øvelse Orkan konsekvenser av svikt i kritisk infratsruktur

Med god informasjon i bagasjen

Transkript:

Evalueringsrapport: Ekstremvêret Nina 10. januar 2015 Heile Rogaland blei ramma av ekstremvêr dette døgnet. Uvêret førte til at mange mista straum og telesamband. Vegar og ferjesamband blei stengde og mange hus skadde av vinden. Denne rapporten tek for seg kva som skjedde, og kva vi kan lære av våre erfaringar frå ekstremvêret Nina. 16. mars 2015

Innleiing Fylkesmannen tok 16. januar initiativ til å evaluere ekstremvêret Nina. Vi sendte ut brev om evaluering til alle kommunane i fylket og til dei eksterne etatane som var mest involverte i ekstremvêret. Dette var dei to politidistrikta, Lyse Energi, Haugaland Kraft, Statens Vegvesen og Telenor. Denne evalueringsrapporten er laga ut frå rapportane som vi fikk frå desse. I tillegg har vi brukt ekstremvêrrapporten frå Meteorologisk institutt ( frå 2. februar) og Fylkesmannen si eiga oppsummering som grunnlag for rapporten. Det var lenge tvil om det varsla lågtrykket ville føre til ekstremvêr i Rogaland. Det var først 9. januar kl. 23.21 at det blei stadfesta at ekstremvêret Nina ville ramme oss dagen etter. I Meteorologisk institutt si evaluering kjem det fram at det var ekstremvêr i fylket. Nina er ein av dei fem sterkaste stormane med vestleg eller nordvestleg vindretning dei siste 60-70 åra, og sist gong det blei målt like sterk vestleg vind var i 1994. Likevel var konsekvensane ikkje så store som frykta. Straum og telekommunikasjon På det meste var om lag 15 000 husstandar utan straum i fylket. Av desse var 12 000 i Nord- Rogaland. Det var og nordfylket som hadde mest problem med telesambandet. Halvparten av Telenor sine basestasjonar i Tysvær var ute av drift samstundes, og Bokn av utan breiband og fasttelefon. Det vart og rapportert om feil i Karmøy, Haugesund og Vindafjord. I Sør- Rogaland var Rennesøy den kommunen som hadde flest straumbrot, medan det var mindre feil med telesambandet i Sola og Sandnes. Samferdsel Jærbanen stoppa på grunn av vinden. Det same gjaldt ferjetrafikken. Det førte til at Utsira og Kvitsøy blei isolerte. Brua over Karmsund blei og stengd. Då trafikken i T-sambandet samstundes blei stoppa grunna straumbrot, var det ikkje mogleg å kome seg til og frå Karmøy. Riksveg 13 blei stengd av ras i Hjelmeland nord for Nesvik. I tillegg blei fleire vegar råka av tre som velta ut i vegbanen, men desse blei raskt fjerna. Anna Fleire skular i Haugesund og Karmøy blei skadde i vinden, eit sauehus i Vindafjord blåste ned, og dyr måtte avlivast. Mange bustader fekk skadar i heile fylket. Likevel kom ingen menneske alvorleg til skade. 2

1. Varsling Vi viser til ekstremvêrrapporten frå Meteorologisk institutt (Met), punkt 1.3, for detaljar om varslinga. Fylkesmannen sende alle varsla i Fase A og B vidare til kommunane og andre etatar som får desse. Varsla som kom i Fase C sende vi ikkje vidare. Då var vi midt i stormen, og alle visste at det var sterk vind. Varselet i Fase D (uvêret over) blei vidaresendt. 9. januar kl. 18.05 sende Met melding om at vinden i Rogaland ikkje ville kvalifisere til ekstremvarsel. Fylkesmannen var i kontakt med meteorologen, og sende etter det ut denne meldinga kl. 19.05: Oppdatert varsel fra Met - sterk vind, men ikke ekstremvær i Rogaland Fylkesmannen har mottatt melding fra Værvarslinga på Vestlandet. Prognosene er ikke vesentlig endret fra tidligere i dag. Vindprognosene for Rogaland kvalifiserer ikke til ekstremvær. Meteorologisk institutt vil derfor følge opp med OBS-varsel. Disse vil være å finne på yr.no. Det er varslet ekstremvær for områdene nord for Rogaland. Vakthavende meteorolog har tatt kontakt og understreker at selv om varselet ikke kvalifiserer til ekstremvær vil det bli sterk vind med kraftige vindkast. Det er stort skadepotensiale i disse kastene. I følge meteorologen ser det nå ut til at vinden vil øke på fra ca. kl. 1600 og utover. Den verste vinden vil være overstått rundt midnatt. Fylkesmannen vil ikke sende ut ytterligere meldinger i helgen dersom det ikke oppstår vesentlige endringer i dette varselet. Vi følger imidlertid situasjonen og oppfordrer kommuner og etater til å følge været på yr.no. Ta gjerne kontakt dersom dere har spørsmål knyttet til dette. Meldingen fra Met. kan leses i sin helhet nedenfor: Ekstremværet 'Nina' (hendelse nr.1) 5. varsel - fase B Varsel om ekstreme værforhold under ekstremværet ` Nina ` gjelder for: Rogaland: Lørdag ventes vestlig sterk kuling, om ettermiddagen liten storm 22 m/s, med vindkast 30-35 m/s. Ytterst på kysten kan vinden komme opp i full storm 25 m/s. Det ventes høye bølger inn mot kysten, signifikant bølgehøyde kan bli 9-11 meter. Dette er for lite vind til at det kvalifiserer til ekstremvarsel. Varselet følges heretter opp med obs-varsel i Rogaland. Seinare same kveld, kl. 23.21, blei det sendt ut nytt varsel frå Met der Rogaland no var inkludert i varselet (melding nr. 6 i Met sin rapport). Fylkesmannen valde å vente til neste morgon med å sende dette vidare. Dette ut frå at det allereie var varsla opp mot full storm. I tillegg ville ikkje vinden ramme Rogaland før om ettermiddagen neste dag. Ut frå erfaring visste vi at dei aller fleste varselmottakarane allereie hadde sett i gang førebuande tiltak, og at lite ville bli gjort om natta. Vi vurderte derfor at det ikkje var nødvendig med å sende nytt varsel midnatt, men at det var tidsnok å varsle neste dag. Varselet blei sendt 08.49. 3

Varselet som blei sendt ut laurdag morgon: Varsel: Ekstremværet Nina - oppjustering for Rogaland (mld 6-7-8) I løpet av natten har met sendt ut meldinger om oppjustering av værforholdene i Rogaland. Rogaland er nå inkludert i varselet om ekstremt vær. Lavtrykket har splittet seg. Det går en del går sørover og skaper sterkere vind lenger sør enn antatt. Det varsles full storm muligens opp mot sterk storm 30 m/s. Vindkastene kan komme opp i 45 m/s. I følge meteorologen viser modellene at det kan bli noe sterkere i nord enn i sør, men hans erfaring tilsa at fjellene kunne presse vinden opp i hastighet slik at den ble tilsvarende sterk lenger sør enn modellene tilsa. Vinden er sterkest sent om ettermiddagen. Bølgevarselet er betydelig oppgradert og det varsles nå om signifikant bølgehøyde inn mot kysten i ettermiddag/kveld på 12-14 meter. Det er også meldt om høy vannstand. denne når ikke opp i nivået for ekstremt høy vannstand, men en må være oppmerksom på at dette er en tilleggsfaktor i forhold til skadepotensialet. Pr nå ser det ut som at vannstanden vil ligge på rundt 150 cm over sjøkart 0/ 80 cm over normalnull 1954. Høyeste vannstand vil intreffe rundt kl 1300. Dette sammenfaller ikke med den steerkeste vinden. Værvarslinga gjør likevel oppmerksom på at den kraftige vinden og vindretningen kan føre til oppstuing av vann innover i fjordene. Ekstremvarselet ligger nå ute på yr.no. Det vil bli justert i løpet av dagen. Fylkesmannen vil sende ny melding dersom det skjer vesentlige endringer i situasjonen. Kommunene: Vi ber om kvittering for mottatt varsel sendt til: fmro@cim-products.no Det har kome få kommentarar til Fylkesmannen om varslinga. Alle kommunane, med unntak av Stavanger, har vore nøgde med informasjonen dei fekk. Stavanger kommunen meiner vi ikkje burde venta med å informere om det endra situasjonsbilete til morgonen den 10. januar. Det er og nokre kommunar som har kommentert at den første meldinga som Fylkesmannen sende ut om eit mogleg ekstremvêr den 7. januar ved en feil hadde ordet «øving» i overskrifta. Meldinga blei raskt retta opp. 2. Førebuande tiltak Det er stor skilnad på kva førebuande tiltak som blei gjorde. Kraftselskapa, politidistrikta, vegvesenet og Telenor gjekk gjennom sine beredskapsplanar og vurderte sin eigen ressurssituasjon. Fylkesmannen har inntrykk av at beredskapsnivået generelt var heva ved at fleire personar var på jobb enn vanlig. I tillegg var fleire budde på å kome på jobb på kort varsel om det var nødvendig å etablere krisestabar eller skaffe fleire folk til å handtere situasjonen utandørs. Vi har også fått tilbakemelding om at Lyse Energi og andre tok kontakt med relevante eksterne samarbeidspartnarar som sivilforsvaret og Raudekrossen. Når det gjeld kommunane er biletet meir sprikande. Mange kommunar diskuterte det varsla vêret i eigne møte der relevante personar deltok. Dei gjekk gjennom beredskapsplaner, sette i gong førebuande tiltak, og i dei fleste kommunane blei det bestemt å styrke beredskapen. 4

Nokre valde å ha ekstra personar på jobb i helga, medan nokre hadde planar om å innkalla fleire på kort varsel. Nokre kommunar skriv at dei lada opp satellittelefonar og testa nødstraumsaggregata. Andre skriv at dei hadde særskild fokus på pleietrengande heimebuande, og gjekk gjennom pleie- og omsorgsavdelinga sine beredskapsplanar. Einskilde kommunar skriv at de ikkje gjorde førebuande tiltak. I ettertid kan vi seie at dei var heldige denne gong, sidan konsekvensane ikkje vart så store. Fylkesmannen meiner likevel at det var ei feil vurdering. Eit varsel om ekstremvêr er alvorleg. Erfaringar viser at ved så sterk vind kan det lett bli omfattande skadar på kritisk infrastruktur som kan få alvorlege følgjeverknader for kommunalt tenestetilbod og tryggleiken for innbyggarane. Vi ber derfor dei kommunane som ikkje gjorde førebuingar om å gå gjennom sine rutinar for handtering av varsel om ekstremvêr. Terskelen for å gå gjennom beredskapsplanar, kontakte relevante etatar og personar, gjere relevante førebuande tiltak og styrke bemanninga utanfor arbeidstid må ikkje vere for høg. Fylkesmannen var i kontakt med dei to politidistrikta, kraftselskapa og vegvesenet den 9. januar for å diskutere det varsla ekstremvêret og kva planar dei hadde for å auke beredskapen. Hos Fylkesmannen blei beredskapen auka, og personar i beredskapslaget følgde utviklinga i vêret den 9. etter arbeidstid. Då ekstremvêret blei stadfesta seint på kvelden, vart det klart at beredskapen skulle aukast ytterlegare neste morgon. 3. Planar og kriseorganisasjon Politidistrikta hadde styrka bemanninga på sine operasjonssentralar og fleire var på vakt enn vanleg. Det same gjaldt for kraftselskap og Telenor. Vegsenet hadde auka beredskap til byggherreberedskap og dei entreprenørane som held vegane ved like, medan av krisestaben var i observasjonsfase. Ingen kommunar etablerte kriseleiing. I nokre kommunar var ein kontaktperson på jobb 10. januar. Dette mellom anna fordi politiet hadde tatt kontakt på førehand for å be om eit kontaktpunkt med kommunen. I mange kommunar var det dialog og rapportering undervegs mellom rådmann og medlem av kriseleiinga. Hos Fylkesmannen var fylkesberedskapssjef og assisterande fylkesberedskapssjef på jobb den 10. januar fram til 23.00 og deler av dagen den 11. januar. Embetsleiinga og kommunikasjonssjef blei orienterte fortløpande. Resten av kriseleiinga fekk kopi av situasjonsrapportane som blei sende til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB). Slik kunne dei følgje situasjonen og vere oppdaterte dersom det blei nødvendig å styrke bemanninga på jobb. 4. Samordning og koordinering Hovudinntrykket er at samordning og koordinering mellom ulike fagetatar, mellom fagetatar og kommunar og mellom fagetatar, kommunar og Fylkesmannen var god og generelt betre enn under tidlegare ekstremvêr. Fylkesmannen fekk regelbundne statusrapportar frå Haugaland Kraft, Lyse Energi, Telenor og Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit og hadde samstundes god kontakt med kommunar og begge politidistrikta. 5

Haugaland Kraft sende statusrapport til kommunane. Lyse Energi sendte og ut statusrapportar sidan dei er leiar av Kraftforsyninga sin beredskapsorganisasjon i Rogaland. Desse blei berre sendt til NVE og Fylkesmannen. Lyse informerte sine kommunar 9. januar kl. 11.51 med ei tekstmelding «Lyse Elnett har økt beredskapen og har ekstra folk på vakt i helgen på grunn av varsel om storm og høy vannstand /høye bølger. Vi oppfordrer alle til å tenke egenberedskap i tilfelle strømbrudd. Ta kontakt med tlf ved spørsmål. Mvh Lyse Elnett» Status for straumsituasjonen ble kommunisert på Facebook, Twitter samt på nettstaden. Dei kommunane som var særskild ramma (som til dømes Rennesøy) fekk direkte informasjon. Kommunane i Nord-Rogaland var godt nøgde med informasjonen dei fekk frå Haugaland Kraft, med unntak av Suldal som ikkje blei informert. Fylkesmannen ber Lyse Energi vurdere å innføre ein liknande rutine for utsending av informasjon til kommunane. Det burde ikkje vere noko i vegen for at deler av den informasjonen som blir sendt til NVE og Fylkesmannen blir sendt vidare til kommunane. Fleire kommunar i Rogaland politidistrikt trekk fram at dei var nøgde med kommunikasjonen med politiet både før og under hendinga. Statens Vegvesen samarbeidde bra med Haugaland og Sunnhordland politidistrikt om stenginga av Karmsund bru, men er ikkje like nøgd med samarbeidet med Haugaland Kraft. Det er i ettertid avtalt eit møte for å avklare dette nærare. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt var ikkje fornøgd med at dei ikkje hadde direktenummer til nokre sentrale samarbeidspartnarar. Dette gjorde at dei måtte stå i same telefonkø som publikum. Dette vil dei følgje opp vidare. Telenor skriv at det var god kontakt med kraftselskapa for å koordinere retting av feil på telesambandet. Randaberg kommune meier det tok for lang før dei fekk kontakt med Statens Vegesen og Lyse Energi når dei ringte. 5. Kommunikasjon Nokre kommunar la ut informasjon om ekstremvêret på nettstaden og var også aktive på i sosiale nettverk. Dei fleste kommunane gjorde likevel ingen informasjonstiltak. Fylkesmannen meiner at alle kommunane burde ha informert om det varsla vêret. Mellom anna informasjon om at kommunen hadde utvida sin beredskap og eventuell kontakttelefon for melde frå om skadar på kommunale bygg, eigedom eller tenester. Politiet var som vanleg aktive på sosiale nettverk. Det same var kraftselskapa som la ut informasjon på sine nettsider. Vegvesenet er generelt nøgd med si kommunikasjonshandtering, men innrømmer at det var særs travelt på Vegtrafikksentralen (VTS). Det kunne derfor gå lengre tid før informasjonen som ble meld inn til VTS ble lagd ut eksternt. Fylkesmannen la ut informasjon på sin nettstad både 9. og 10. januar. 6. Prioritering av tenester 6

Ingen kommunar har rapportert at dei trengte å prioritere tenestar. Det var meir aktuelt for politiet, kraftselskapa, vegvesenet og Telenor. Dei største utfordringane hadde nok kraftselskap og Telenor for å få tilbake straum og telesamband. Dei fleste utfalla var nord for Boknafjorden. 7. Halde oppe normal tenesteproduksjon? Ingen av kommunane har svart at dei ikkje kunne halde oppe normal tenesteproduksjon. Tysvær kommune hadde det mest omfattande straumbrotet, men sjukeheimane i Aksdal og Nedstrand fekk reservestraum frå aggregat i 11 og 24 timar. 8. Konsekvensar av hendinga? Ekstremvêret Nina førte ikkje til store konsekvensar i Rogaland. Som vanleg er straumnettet utsett når det er sterk vind, og når straumen er borte blir det problem med telesambandet. Kommunane Karmøy, Bokn og Tysvær vart mest råka av dette. Utfalla var mest omfattande i Tysvær. Ein god del bygg (både offentlege og private) fekk skadar av vinden. Det same gjeldt småbåthamner og mindre båtar. Dei to øykommunane utan fastlandforbinding (Kvitsøy og Utsira) var isolerte under uvêret grunna innstilling av ferja. Det er dei vane med, og det førte ikkje til kritiske situasjonar. Då både Karmsund bru og undersjøisk tunnel frå Karmøy til Fosen og Tysvær (T-sambandet) var stengde samstundes, var det ein periode ikkje mogleg og komme seg til og frå Karmøy. Det var likevel mogleg for naudetatane og anna viktig transport å bruke den undersjøiske tunnelen. Tunnelen blei å opna for kolonnekjøring etter ei tid. Mange trær blåste ned og stengde vegar, gangstiar og turløyper. Vegane blei raskt opna igjen etter at kommunane, brannvesen og vegvesenet sine entreprenørar fjerne trea. Riksveg 13 blei stengd ein periode på grunn av eit ras nord i Hjelmeland. 9. Oppsummering og læring a) Haugaland Kraft og Statens Vegesen skal møtast for å avklare korleis straumforsyninga til den undersjøiske tunnelen T-sambandet kan bli meir robust. b) Haugaland Kraft må hugse å ta med Suldal kommune ved utsending av informasjon om status for kraftforsyninga. c) Haugaland og Sunnhordland politidistrikt tar kontakt med relevante eksterne etatar for å få direktetelefonnummer slik at ikkje treng stå i telefonkø. d) Fylkesmannen vil be Lyse Energi vurdere om kommunane kan få kopi av delar av rapportane som blir sende til NVE og Fylkesmannen. Der kan det også vere ei lenke til nettstaden til Lyse, kor det ligg meir informasjon. e) Alle kommunane som får ekstremvêrvarsel må ha rutinar for korleis dette skal vurderast. Det må vere ein låg terskel for førebuande tiltak og for å auka beredskapen medan uvêret står på. Dei aktuelle tiltaka bør stå i beredskapsplanen. f) Alle kommunane bør vurdere korleis dei skal informere om ekstremvêr til sine innbyggarar. Ekstraordinær kontaktinformasjon for innbyggarar som treng å komme i kontakt med kommunen bør vere ein del av dette. g) Fylkesmannen vil be Lyse Energi, Haugaland Kraft, Statens Vegvesen og Telenor vurdere å opprette kontakttelefonnummer ved ekstraordinære situasjonar som kommunar og viktig beredskapsaktørar kan bruke for å gjere samordninga enklare. 7