Lærdal kommune. Lokal lønspolitikk

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Lærdal kommune. Lokal lønspolitikk"

Transkript

1 Lærdal kommune Lokal lønspolitikk Vedteken i Kommunestyret Revisjon: Vedteken i Administrasjonsutvalet Revisjon: Vedteken i Kommunestyret

2 Innhaldsliste Innleiing Verdiar og mål Verdigrunnlaget til Lærdal kommune Mål for lønspolitikken Kva vert vektlagt ved fastsetjing av løn Lønsfastsetjing ved tilsetjing Kriterier for fastsetjing av løn For arbeidstakarar For leiarar Lokale tillegg i Lærdal kommune Funksjonstillegg Kompetansetillegg Seniortillegg Rekrutteringsfremjande tiltak Lønsstruktur Overordna leiing Einingsleiarar Medarbeidarar Lokale lønsforhandlingar Kriterier ved lokale lønsforhandlingar Forhandlingspartane Uorganiserte arbeidstakarar Lønskrav Forhandlingsrekkefølgje Protokoll Teieplikt Kommunikasjon om forhandlingsresultatet Revisjon av lokal lønspolitikk

3 Innleiing Etter hovudtariffavtalen skal alle kommunar ha ein lokal lønspolitikk. Lokal lønspolitikk skal vere tilgjengeleg og kjend for alle tilsette, den skal vere føreseieleg og forståeleg. Lokal lønspolitikk skisserer rammene for lønspolitikken i Lærdal kommune, og er ein del av arbeidsgjevarpolitikken. Den skal bidra til å rekruttere, behalde og utvikle kvalifiserte medarbeidarar. 1 Verdiar og mål 1.1 Verdigrunnlaget til Lærdal kommune Verdigrunnlaget til organisasjonen Lærdal kommune er bygd på: Dialog og kommunikasjon: Lærdal kommune skal vere ein open organisasjon der medarbeidarane kan gi uttrykk for meiningane sine. Kreativitet: Lærdal kommune skal vere ein kreativ kommune der medarbeidarane kan kome med nye idear og løysingar, som kan bidra til god ressursutnytting og god tenesteleveranse. Lojalitet og samarbeidsvilje: Lærdal kommune skal vere ein organisasjon der medarbeidarane samarbeider om å nå felles mål. Medverknad: I Lærdal kommune skal medarbeidarar delta i utviklingsprosessar og kunne påverke eigen arbeidsplass. 1.2 Mål for lønspolitikken Den lokale lønspolitikken skal: Sikre ein langsiktig og overordna styring av lønspolitikken Gje partane retningslinjer og føringar for prioriteringar Gje grunnlag for dialog med arbeidstakarorganisasjonane om mål og verkemiddel i den lokale lønspolitikken Lønspolitiske mål for Lærdal kommune: Løn skal bidra til å rekruttere og behalde kvalifiserte medarbeidarar Lønsnivået skal vere konkurransedyktig innanfor kommunens økonomiske rammer Løn skal vere i samsvar med kvalifikasjonar og kompetanse med utgangspunkt i kommunen sitt behov Løn skal vere i samsvar med ansvar og oppgåver som ligg til stillinga Løn skal vere eit verkemiddel for å stimulere til fagleg oppdatering og utvikling Løn skal vere kjønnsnøytralt Alle tilsette skal sikrast ei jamn lønsutvikling 3

4 2 Kva vert vektlagt ved fastsetjing av løn 2.1 Lønsfastsetjing ved tilsetjing Ved nytilsetjing vert løna fastsett i samsvar med utlysinga. I utlysinga skal det gå fram om stillinga vert løna etter tariff eller etter nærare avtale. 2.2 Kriterier for fastsetjing av løn For arbeidstakarar Løn skal fastsetjast etter følgjande kriterier: Kompetanse Funksjon Likeløn Rekruttering Utdanning Erfaring/praksis (ansiennitet) Oppgåver Ansvar Lønsnivå i samanliknbare stillingar Lik løn for likt arbeid uavhengig av kjønn Rekrutteringssituasjon for stillinga Jobbmarknad For leiarar Leiarar skal som hovudregel lønast høgare enn tilsette dei er leiar for. Det kan likevel oppstå tilfelle der den underordna er høgare løna enn leiar, t.d. spesialutdanning/spesialkompetanse eller rekrutteringsmessige tilhøve. Leiarar på same nivå og med same ansvar skal i utgangspunktet lønast likt. Lønsplasseringa kan likevel variere utfrå følgjande objektive kriterier: Døgnkontinuerleg drift Fleire avdelingar/bygg Brukargrupper Ulike tenester/lovverk Utdanningskrav Realkompetanse/ erfaring Kompetanseheving Personal Budsjett/økonomi Komleksitet/driftsform Kompetanse Rekruttering Tal tilsette Ulike yrkesgrupper Storleik brutto budsjett Kompleksitet Rekrutteringssituasjon for stillinga. Jobbmarknad 3 Lokale tillegg i Lærdal kommune 3.1 Funksjonstillegg Funksjonstillegget er kompensasjon for ei ekstraordinær oppgåve. Funksjonstillegget fell vekk når funksjonen opphøyrer. Pedagogisk leiar: kr ,- årleg. Stillinga bør vere minimum 80% for å få fullt tillegg. Dersom fleire deler på funksjonen, må funksjonstillegget delast. Leiar SFO: kr 5.000,- årleg i stillinga (uavhengig av storleik) Kontaktlærartillegg: kr ,- årleg. Stillinga bør vere minimum 80% for å få fullt tillegg. Dersom fleire deler på funksjonen, må funksjonstillegget delast. Superbrukar IKT: kr ,- etter ansvar og tal brukarar på eininga, justert i høve stillingsstorleik 4

5 Superbrukar Acos: kr ,- årleg, justert i høve stillingsstorleik Utøvande brannvernleiar: kr ,- (LAS), kr 5.000,- (rådhuset/kultursalen) årleg, justert i høve stillingsstorleik 3.2 Kompetansetillegg Gjennomført kompetanseheving kan vurderast som grunnlag for endra lønsnivå når kompetansehevinga er relevant. Ved avslutta kompetanseheving som Lærdal kommune har behov for og som er gjennomført etter avtale med leiar, vert følgjande satsar nytta: 3 mnd relevant etter-/vidareutdanning (15 studiepoeng) kr 5.000,- 6 mnd relevant etter-/vidareutdanning (30 studiepoeng) kr ,- 9 mnd relevant etter-/vidareutdanning (45 studiepoeng) kr ,- 1 års relevant etter-/vidareutdanning (60 studiepoeng) kr ,- Det vert ikkje gitt kompetansetillegg utover 1 års etter-/vidareutdanning (60 studiepoeng). Tillegget skal justerast i høve stillingsstorleik. Opprykkstabellen i HTA overstyrer desse retningslinjene, dersom det er til fordel for arbeidstakar. Det vil sei at kompetansetillegget fell vekk når det vert gitt opprykk etter HTA kap 4. Leiarar i HTA kap. 3 vert ikkje omfatta av retningslinene for kompetansetillegg. Eventuel kompensasjon for etter og vidareutdanning skal for dei vurderast i lokale lønsforhandlingar. Søknad om kompetanseheving, samt vitnemål, skal sendast til nærmaste leiar, som innstiller på om kompetansehevinga er relevant og gjev rett til lønnsauke. Ved gjennomføring av vidare- og etterutdanning vert lønstillegget gitt med verknad frå den dato vitnemålet er datert. Likevel ikkje med tilbakeverknad på meir enn 3 månader. 3.3 Seniortillegg Ved fylte 60 år vert det ytt eit kronetillegg på kr 5.000,- i tillegg til grunnløna. Ordninga gjeld fast tilsette. 3.4 Rekrutteringsfremjande tiltak I stillingar der ein har problem med å rekruttere har kommunen fylgjande tiltak: Fagarbeidar helsefag får 10 års ansiennitet ved tilsetjing Sjukepleiar frå 10 års ansiennitet ved tilsetjing Høgskulestudentar innan helsefagleg studieretning får løn som fagarbeidar med 0 års ansiennitet etter første studieåret. Etter andre studieår får dei løn som fagarbeidar med 8 års ansiennitet. 5

6 4 Lønsstruktur 4.1 Overordna leiing Overordna leiing er i dag rådmannen, tre kommunalsjefar og organisasjon- og. Desse får ikkje sentralt bestemte generelle tillegg. All løn vert fastsett etter HTA kap Årleg lønsvurdering. Ingen ankemulegheit. 4.2 Einingsleiarar Einingsleiarar er leiarar med delegert ansvar for eit eller fleire funksjons-/avdelingsområde. Einingsleiarane vert plassert etter HTA kap 4. Leiarar som får løn etter HTA kap 4 får sentralt bestemte lønstillegg, samt mogeleg utteljing lokalt ved lokale lønstingingar, dersom det er avsett pott. Denne potten vert sentralt bestemt. Lønsplassering i forhold til kompetanse og ansvarsområde. Ved usemje kan kvar av partane bringe tvisten inn for organisatorisk handsaming mellom dei sentrale partane. 4.3 Medarbeidarar Tilsette som ikkje er leiarar, og som ikkje kjem innunder bestemmelsane i HTA kap 5 (sjå under), får løna fastsett etter HTA kap. 4. Lønsfastsetjing skjer i samsvar med HTA sine minstelønssatsar, generelle tillegg og lokale lønstingingar. Dersom det vert avsett pott til lokale lønstingingar, skal desse avviklast til hausten (sjå kapittel om lokale lønsforhandlingar). I fylgje HTA skal visse gupper få løna si fastsett etter HTA kap 5. Desse får ikkje sentralt bestemte tillegg, all løn vert fastsett lokalt. Årleg lønsforhandling jfr. HTA kap 5.2. Ved usemje kan kvar av partane bringe tvisten inn for lokal nemnd. 5 Lokale lønsforhandlingar Lærdal kommune følgjer vedlegg 3 i HTA om Retningslinjer for lokale forhandlingar god forhandlingsskikk. Sjå vedlegg 1: Rutiner/organisering av lokale lønsforhandlingar. 5.1 Kriterier ved lokale lønsforhandlingar Lærdal kommune skal til ei kvar tid strekke seg etter å ha eit lønnsnivå som er konkurransedyktig med andre kommunar det er naturleg å samanlikne seg med, særleg med vekt på stillingsgrupper der Lærdal kommune konkurrerer om å rekruttere og behalde personale. Vurdering av kva yrkesgrupper dette er, skal inngå som ein del av drøftingane før dei lokale lønsforhandlingane. Lærdal kommune ynskjer å nytte dei lokale forhandlingane målretta ved å løfte enkeltpersonar og grupper av tilsette. Ved lokale forhandlingar vert det lagt vekt på sentrale føringar, stillinga sin kompleksitet, den enkelte sin kompetanse og personleg innsats. I tillegg kan også andre forhold påverke lønsfastsetjinga. Døme er skeiv lønsutvikling, marknadsforhold og lønsrelasjonar mellom ulike grupper. 6

7 Kriterier ved lokale forhandlingar: - Rette opp skeivheit som fylgje av sentrale forhandlingar, lokal lønsfastsetjing eller mellom grupper av tilsette - Kompleksitet i stillinga; ansvar, oppgåver og krav til kompetanse - Kompetanse; formal- og realkompetanse - Personleg innsats som t.d.: o Korleis ein samarbeider med andre o Viser initiativ og tek ansvar o Løyser utfordringar o Yter gode tenester/service til innbyggarar og brukarar o Bidreg til eit godt og utviklande arbeidsmiljø o Viser vilje og evne til eigenutvikling i høve til kommunen sine behov o Viser vilje til å ta på seg nye oppgåver o Ser moglegheiter, er kreativ og fleksibel 5.2 Forhandlingspartane Forhandlingspartane i kap. 4, 5 og 3 er som hovudregel lokale tillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonane og rådmannen sitt forhandlingsutval. Arbeidstakarorganisasjonane varslar arbeidsgjevar i god tid om kven som deltek i forhandlingsutvala. Rådmannen sitt forhandlingsutval er samansett av rådmann, organisasjon- og og økonomirådgjevar. Organisasjonar med forhandlingsrett, men med få medlemmer lokalt, kan i visse tilfeller stille med forhandlar frå ein annan kommune. Fagorganisasjonar kan også inngå avtale om å forhandle på vegne av annan fagorganisasjon. Partane skal varslast skriftleg i god tid dersom andre enn lokale fagorganisasjonar skal delta i forhandlingane. 5.3 Uorganiserte arbeidstakarar Uorganiserte har ikkje formell forhandlingsrett, men kan sende søknad om lønsjustering. Arbeidsgjevar er pliktig å vurdere lønsutviklinga til uorganiserte medarbeidarar. Ved lokale forhandlingar, skal tilbod til uorganiserte ligge i første forhandlingstilbod. 5.4 Lønskrav Organisasjonane sender lønskrav for sine medlem. Kommunalsjefar og einingsleiarar skal melde frå om tilsette eller grupper av tilsette i eigne avdelingar som bør prioriterast i dei lokale forhandlingane. Sentrale føringar, innspel frå leiarar og kommunalsjefar, krav frå organisasjonane og forhandlingsutvalet sine vurderingar er utgangspunktet for arbeidsgjevar sine tilbod i forhandlingane. 7

8 5.5 Forhandlingsrekkefølgje Rekkefølgja i forhandlingane er: - Kap 4 - Kap 5 - Kap Kap På drøftingsmøtet trekker arbeidsgjevar og arbeidstakarorganisasjonane rekkjefølgja som organisasjonane skal forhandle i kvart kapittel. 5.6 Protokoll Det vert skrive separate protokollar frå forhandlingsmøta for kvar organisasjon. Protokollen skal innehalde tid og stad for møtet, namna på partane og deira representantar, forhandlingsheimel og resultatet av forhandlingane. Dersom partane ikkje vert samde skal dette gå fram av protokollen. Protokollen vert underteikna av partane sine forhandlingsleiarar. Partane kan krevje protokolltilførslar som inneheld grunngjeving og føresetnader for partane sine standpunkt. Eventuelle særstandpunkt kjem etter partane sine underskrifter i protokollen. Forhandlingar i kap. 4: Protokollane vert underskrivne når heile potten er fordelt og organisasjonane har fått oversikt over samla bruk av potten. Forhandlingar i kap. 3 og 5: Protokollane vert underskrivne når alle organisasjonane har avslutta forhandlingane. 5.7 Teieplikt Deltakarar i forhandlingane pliktar å hindre at utanforståande får tilgang til personlege opplysningar. Opplysningar om lønsplassering er ikkje underlagt teieplikt jf. offentlegheitslova. 5.8 Kommunikasjon om forhandlingsresultatet Hovudtillitsvalde/organisasjonane informerer sine berørte medlem om resultatet. Arbeidsgjevar informere uorganiserte om resultatet. Arbeidsgjevar informerer kommunalsjefane og einingsleiarane om resultatet. 6 Revisjon av lokal lønspolitikk Revisjon av lokal lønspolitikk skal gjennomførast minimum kvart fjerde år. Rådmann tilrår samansetjing av utval som reviderer lønspolitikken. Utvalet skal samansetjast av to representantar for dei tilsette, ein politisk representant, organisasjon- og og økonomirådgjevar. Forslaget frå utvalet vert lagt fram for administrasjonsutvalet som godkjenner lokal lønspolitikk. 8

9 Vedlegg 1: Rutiner/organisering av lokale lønsforhandlingar Ref.: HTA kap. 3.4, 4.A1 og 5.2 Tid Kva Omfattar Ansvar Merknad Aug./sept. Gjennomgang / ajourhold av medlemsliste i dei ulike organisasjonane. Gjennomgang av protokoll og referat frå sist forhandling Organisasjonane Minimum 1 mnd før Tidsplan Informasjon om tidsplan og innkalling til drøftingsmøte. Alle organisasjonane + leiargruppa 1 mnd før 1 mnd før Drøftingsmøte etter HTA kap , for kap 3.5 (HTV), 4 og 5. Sakliste etter vedlegg 3 i HTA (Retningsliner for lokale forhandlingar) Lønsrapportar Oversikt løn alle tilsette etter sentrale forhandlingar Alle organisasjonane Organisasjonane og kommunalsjefane Rådmann/ / lønningskontoret Herunder informasjon om «pott», tidsplan for forhandlingane, arbeidsgivar og arbeidstakarorg. sin profil. 1 mnd før 3 veker før 2-3 veker før 2 veker før 1 veke før Tingingar 1-2 dagar Innlevering av ønske frå uorganiserte Frist for innlevering av krav frå arbeidstakarorganisasjonane Krav frå arbeidstakararorganisasjonane til kommunalsjef/einingsleiar for uttale Innspel frå kommunalsjef/ einingsleiarar Tilbod frå arbeidsgjevar til organisasjonane Forhandlingar med dei ulike organisasjonane etter oppsett tidsplan, det vert forhandla i alle kapitla på same tid. Organisasjonane grunngjev sine krav. Uorganiserte arbeidstakarar Uorg. Arbeidstakarar/ Desse ønska skal sendast til personal, som vidaresender leiar for vurdering og som sender si tilråding til personal innan 4 dagar Alle organisasjonane HTV Krava skal sendast elektronisk til økonomirådgjevar Kommunalsjef/ einingsleiar Kommunalsjef/ einingsleiar Alle organisasjonar som organiserer tilsette i dei ulike kapitla. / økonomirådgjevar Kommunalsjef/ einingsleiar / økonomirådgjevar Forhandlingsutvalet til arbeidsgjevar og forhandlingsutvala i dei ulike org. Samling undervegs, med informasjon om kor mykje som nytta av potten Vert vedteke sentralt Frist for anke ved evt. brot i forhandlingane Alle organisasjonar som organiserer tilsette Forhandlingsutvalet til arbeidsgjevar og forhandlingsutvala i dei ulike org. Ved semje Protokollar til utskrift og underskrift / økonomirådgjevar Snarast Informasjon om forhandlingsresultatet Alle tilsett som har fått endra løn Organisasjonane Snarast Overføring av resultat til Visma løn for utbetaling Alle tilsette som har fått endra løn Når det gjeld forhandlingar etter kap. 5.2 er fristen 2 mnd etter forhandlingane er avslutta HTV informerer organiserte. Arbeidsgivar (personal) orienterer einingsleiarar og uorganiserte Snarast Budsjettendring - berekning av kostnadane av lønsoppgjeret sortert på kvar eining Alle tenesteområder Økonomirådgjevar Innan 14 dagar etter Evalueringsmøte Forhandlingsutvala 9

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval

Lønspolitisk plan. Suldal kommune. Vedteke i kommunestyret Rullert i partsamansett utval Lønspolitisk plan Suldal kommune Vedteke i kommunestyret 08.05.12 Rullert i partsamansett utval 26.09.14 1. Innleiing Hovudtariffavtalen (HTA) føreset ein lokal lønspolitikk som skal vera kjent for alle

Detaljer

Lønspolitisk plan

Lønspolitisk plan Lønspolitisk plan 2016-2018 Selje kommune Vedteke i administrasjonsutvalet 07.10.15 sak 006/15 Revidert i kommunestyret 15.09.16 sak 057/16 Revidert i kommunestyret 22.06.17 sak 046/17 Innhald: 1. INNLEIING

Detaljer

ØRSTA KOMMUNE Personalstaben

ØRSTA KOMMUNE Personalstaben ØRSTA KOMMUNE Personalstaben Formannsskapet Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2014/1799 10326/2014 HOFSET 520 14.08.2014 LØNSPOLITIKK FOR ØRSTA KOMMUNE- TIL FORMANNSKAPET Ørsta kommune har i samsvar

Detaljer

TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN

TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN Vedteken i Tysnes kommunestyre 11. september 2008 Rullert av administrasjonsutvalet 25. oktober 2010 Rullert av kommunestyret 18. september 2012 Rullert av administrasjonsutvalet

Detaljer

LØNSPOLITISK PLAN SANDE KOMMUNE

LØNSPOLITISK PLAN SANDE KOMMUNE SANDE KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN Vedteken av kommunestyret den 24.06.2008, sak K-52/08. Saksnr 2008/384 Revidert av kommunestyret den 06.09.11, sak K-40/11. Saksnr 2010/107 1 Forord Sande kommune sin første

Detaljer

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Lønspolitisk plan

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Lønspolitisk plan Vestnes kommune MIDT I BLINKEN Lønspolitisk plan Vedtatt av Vestnes kommunestyre 23. mai 2019 Lokal lønspolitikk i Vestnes kommune Lønspolitikken er fundert på lønspolitikken i KS slik den er nedfelt i

Detaljer

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld.

2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen Kommunesamanslåinga inneber verksemdoverdraging, og arbeidsmiljølova kap. 16 gjeld. Innhald 1. Omstillingsavtale... 2 1.1 Partane i avtalen... 2 1.2 Bakgrunn... 2 1.3 Einingar som vert overført samla til Alver kommune.... 2 2. Arbeidstakar sine rettar etter omstillingsavtalen... 2 2.1

Detaljer

TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN

TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN TYSNES KOMMUNE LØNSPOLITISK PLAN Vedteken i Tysnes kommunestyre 11. september 2008 Rullert av administrasjonsutvalet 25. oktober 2010 Rullert av kommunestyret 18. september 2012 Rullert av administrasjonsutvalet

Detaljer

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT

JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT Vedteke i k-sak 24/05 den 14.6.05 Ref: ARH 04/01451-004 Løpenr: 002499/05 Arkivnr: 410 JØLSTER KOMMUNE TILSETJINGSREGLEMENT I N N H A L D 1. OMFANG...1 1.1. Definisjon... 1 1.2. Tilhøve til lov, tariffavtale

Detaljer

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding:

Saksframlegg. Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1. Retningslinjer for uønska deltid. * Tilråding: Saksframlegg Sakshandsamar: Bente Bakke Arkiv: 400 Arkivsaksnr.: 10/401-1 Retningslinjer for uønska deltid * Tilråding: Administrasjonsutvalet vedtek retningslinjer for å handsame uønska deltid, dagsett.11.02.2010.

Detaljer

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon

MØTEINNKALLING. Vi ber om at forfall vert meldt til servicekontoret/utvalssekretær på telefon MØTEINNKALLING Utvalg: Administrasjonsutvalet Møtestad: Møterom Austefjorden, Volda rådhus Dato: 04.10.2016 Tid: 10:20 Medlemar som er ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemar

Detaljer

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09)

Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) Reglement for kontrollutvalet i Selje kommune (Vedteke av Selje kommunestyret den 29. april 2009, sak 030/09) 1. Val og samansetjing (kommunelova 77 nr. 1,2 og 3) Medlemane i kontrollutvalet i Selje kommune

Detaljer

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune

Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune Omstillingsavtale for tilsette i Eid og Selje kommune «Avtalen har som føremål å sikre ein føreseieleg omstillingsprosess for kommunane sine tilsette. Prosessen skal kjenneteiknast av god medverknad frå

Detaljer

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for

ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM GOL KOMMUNE. 2004 2007, vedteke i Formannskapet, sak 0001/04, 15.01.04. for Gol kommune Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato 400 04/00137-001 - AKV 16.01.04 ARBEIDSGJEVARPOLITISK PLATTFORM for GOL KOMMUNE 2000 2003, vedteke i Kommunestyret, sak 0051/00, 24.10.00 2004 2007, vedteke

Detaljer

Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014

Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune. 3. september 2014 Lokale lønsforhandlingar i Førde kommune 3. september 2014 Tema Korleis FK gjennomfører lønsforhandlingar innafor respektive kapitla Kap 4A1 lokale forhandlingar Kap 5.2 årlege lønsforhandlingar Kap 4A4

Detaljer

LØNSPOLITISKE RETNINGSLINJER REVIDERT

LØNSPOLITISKE RETNINGSLINJER REVIDERT LØNSPOLITISKE RETNINGSLINJER REVIDERT 19.06.2017 1. FØREMÅL Føremålet med lønspolitiske retningslinjer er: - Bruke løn som ein aktiv del i kommunen sin arbeidsgjevarpolitikk. Herunder: Skape aksept for

Detaljer

Lønspolitisk plan

Lønspolitisk plan Lønspolitisk plan 2016 2018 Masfjorden kommune Godkjent i formannskapet den 19.09.2016, sak 085/2016. ArkivsakID:14/ 938. FORORD Masfjorden kommune vedtok lønspolitisk plan for 2014 til 2016 den 20 oktober

Detaljer

Overeinskomst HELSE FØRDE HF NORSK SYKEPLEIERFORBUND. Del B : /7. (rvm '/ Affa-

Overeinskomst HELSE FØRDE HF NORSK SYKEPLEIERFORBUND. Del B : /7. (rvm '/ Affa- 1 Overeinskomst Del B Overeinskomst - del B av 2014-2016 Protokolldato: 27.06.14. Utløp: 30. april 2016 HELSE FØRDE HF på den eine sida og NORSK SYKEPLEIERFORBUND på den andre side gjeldande for perioden;

Detaljer

Lønnspolitisk plan. Aukra kommune. E-phorte: sak 2012/ Vedteke: K-sak 15/

Lønnspolitisk plan. Aukra kommune. E-phorte: sak 2012/ Vedteke: K-sak 15/ Aukra kommune Lønnspolitisk plan Aukra kommune 2016 2018 E-phorte: sak 2012/332-9 Vedteke: K-sak 15/16 08.03.2016 1 1. Innleiing Lønnspolitisk plan trekker opp viktige prinsipp som skal danne grunnlag

Detaljer

Tariffavtale del B. mellom. Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF

Tariffavtale del B. mellom. Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF Tariffavtale del B mellom Norsk Sjukepleiarforbund og Helse Bergen HF 01.05.16 til 30.04.18 Vedteken i avsluttande sentrale forhandlingar 15. juni 2016 Arvid Lo^ceic^d XS'C Nils agne Sæle Arvid La rfg(

Detaljer

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner

Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner Norddal kommune Personalpolitiske retningsliner Vedteken 22.11.2012 i kommunestyresak 121/12 Innleiing. Norddal kommune produserer tenester som Norddalssamfunnet er avhengige av kvar einaste dag gjennom

Detaljer

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009

Reglar for stønad til utdanning og permisjon i Ulvik herad Vedteke i heradstyresak 030/09 17. juni 2009 1 Føremål med reglane, kven reglane gjeld for Heradet har som overordna mål, innan gitte økonomiske rammer, å leggja tilhøva til rette for god kompetanseutvikling i heile heradsorganisasjonen, slik at

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD

ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD ARBEIDSREGLEMENT FOR BJØRNAFJORDEN KYRKJELEGE FELLESRÅD (vedteke av Bjørnafjorden kyrkjelege fellesnemnd den 2. oktober 2018, sak 2018/025) 1 OMFANG Reglement gjeld alle arbeidstakarar i eit fast forpliktande

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke av kommunestyret 19. juni 2014 Postadr.: Telefon: Telefaks: Bankgiro: Organisasjonsnr.: 5981 MASFJORDNES 56 16 62 00 56 16 62 01 3201 48 54958 945627913 E-post:[email protected]

Detaljer

Lønspolitisk plan

Lønspolitisk plan Lønspolitisk plan 2018-2020 Masfjorden kommune Godkjent i formannskapet den 11.06.18, sak 048/2018 ArkivsakID:14/ 938. FORORD Masfjorden kommune vedtok lønspolitisk plan for 2016 til 2018 den 19 september

Detaljer

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4

NAMN Side / av Vedlegg. 1-5 Deltid - HTA Rett til fast tilsetting AML Rett til stilling for deltidstilsette faktisk arbeidtid AML 14-4 NAMN Side / av Vedlegg Reglement - rett til auke i stilling eller rett til fast tilsetjing etter 1-5 Deltid - HTA 2.3.1 Rett til fast tilsetting AML- 14-9 Rett til stilling for deltidstilsette faktisk

Detaljer

Rettleiar for overføring av tilsette. Ein forsvarleg, god og rettferdig prosess.

Rettleiar for overføring av tilsette. Ein forsvarleg, god og rettferdig prosess. Rettleiar for overføring av tilsette Ein forsvarleg, god og rettferdig prosess. Innhald Innleiing... 2 Rettsleg utgangspunkt... 2 FASE 1... 2 1.1 Avgjerd om administrativ organisering... 2 FASE 2... 3

Detaljer

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID

RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID Dok.dato: 06.03.2014 Vår Ref: 2013001950-2 Arkiv: N-047 RETNINGSLINER FOR BRUK AV PRØVETID SUND KOMMUNE Vedteke av kommunestyret sak 087/13 av 12.11.2013. Side 1 av 6 1. Retningslinjene sitt virkeområde

Detaljer

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859 OMSTILLING - OPPRETTING AV STILLINGSBANK

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859 OMSTILLING - OPPRETTING AV STILLINGSBANK OS KOMMUNE Organisasjonseining MØTEINNKALLING Utval: PERSONALUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 02.04.2040 Tid: Kl. 18.00 i formannskapssalen SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/08 07/2859

Detaljer

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET

REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET HYLLESTAD KOMMUNE REGLEMENT FOR ADMINISTRASJONS- UTVALET Vedteke av Hyllestad kommunestyre 20.12.2011, sak 88/11. Gjeldande frå vedtaksdato. Revisjon av reglement vedteke 6.9.95, sak 73/95. 1 Heimel Administrasjonsutvalet

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland Jan Erik Boge

MØTEPROTOKOLL. Knut Harald Frøland Jan Erik Boge SAMNANGER KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Administrasjonsutvalet Møtedato: 19.01.2016 Møtetid: 13:00-14:55 Møtestad: Kommunehuset Av 8 medlemmer møtte 7, inkludert varamedlemmer. Desse medlemene møtte ikkje:

Detaljer

Arbeids- og leiaravtale for leiar av. xxxxxxx

Arbeids- og leiaravtale for leiar av. xxxxxxx Arbeids- og leiaravtale for leiar av xxxxxxx Ajourført 1. FORMELL DEL. 1.0 Generelt. Denne arbeidsavtale er inngått med heimel i lov og avtaleverk gjeldande for kommunal sektor. Avtalen tek sikte på å

Detaljer

LØNNSPOLITISK PLAN FOR GLOPPEN

LØNNSPOLITISK PLAN FOR GLOPPEN Arkivopplysningar Dato: 11/1179-33 / / 520 / / 13.10.2014 LØNNSPOLITISK PLAN FOR GLOPPEN KOMMUNE - REVISJON 2014 Vedteken av kommunestyret 03.11.2014 INNHALD 1. Målsetting... 2 2. Innleiing... 2 3. Det

Detaljer

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune

SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune SENIORPOLITIKK Masfjorden kommune Vedteke i kommunestyret 19 juni 2014 FORORD Hovudoppdraget for alle som arbeider i Masfjorden kommune er å yte kommunale tenester av beste kvalitet. Den einskilde sin

Detaljer

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Nye kommunar i Møre og Romsdal Nye kommunar i Møre og Romsdal INFO-skriv nr. 2/2017 Innhald 1. Krav til felles kommunestyremøte 2. Unntak frå krav om felles kommunestyremøte 3. Saksbehandling fram til kongeleg resolusjon 4. Nærare om

Detaljer

ArkivsakID: JournalpostID: Arkivkode: Dato: 13/ / LØNNSPOLITISKE RETNINGSLINJER

ArkivsakID: JournalpostID: Arkivkode: Dato: 13/ / LØNNSPOLITISKE RETNINGSLINJER ArkivsakID: JournalpostID: Arkivkode: Dato: 13/4116-9 14/14568 410 18.06.2014 LØNNSPOLITISKE RETNINGSLINJER 1. INNLEDNING Strand kommune ønsker å ha en aktiv og stimulerende lønnspolitikk som gir forutsigbarhet

Detaljer

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023

Vestnes kommune MIDT I BLINKEN. Arbeidsgjevarpolitikk Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vestnes kommune MIDT I BLINKEN Arbeidsgjevarpolitikk 2019-2023 Arbeidsgjevarstrategi mot 2023 Vedtatt av Vestnes kommunestyre 23. mai 2019 VESTNES KOMMUNE ARBEIDSGARSTRATEGI MOT 2023 Innleiing Vestnes

Detaljer

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar

SKODJE KOMMUNE. Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar SKODJE KOMMUNE Reglement for kontrollutvalet jf. Kommunelova kap. 12 med tilhøyrande forskrift og rettleiar Vedtatt i kommunestyret 24.05.2016 Innhald 1. Føremål... 2 2. Etikk... 2 3. Val og samansetjing...

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl: 13:00 15:00 MØTEPROTOKOLL Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: rådhuset Møtedato: 28.01.2009 Kl: 13:00 15:00 Medlemar: Forfall: Varamedlemar: Frå adm. (evt. andre): Dato for innkalling: 22.01.09 Merknader: Saker

Detaljer

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016

SENIORPOLITISK PLAN MAI 2016 SENIORPOLITISK PLAN 2016-2019 MAI 2016 1. Innleiing og mål Lindås kommune ønskjer å stå fram som ein god og attraktiv arbeidsplass for alle tilsette. Det er viktig å ha god kompetanse i alle ledd i organisasjonen,

Detaljer

FØRDE KOMMUNE. Lønspolitiske retningsliner GJELDANDE FOM 1. MAI 2015. Førde kommuneførde kommune

FØRDE KOMMUNE. Lønspolitiske retningsliner GJELDANDE FOM 1. MAI 2015. Førde kommuneførde kommune Førde kommuneførde kommune FØRDE KOMMUNE Lønspolitiske retningsliner GJELDANDE FOM 1. MAI 2015 Partane blei samde om dei reviderte retningslinjene på møte den 12.6.2015. Lønspolitiske retningslinjer av

Detaljer

ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12

ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12 ARBEIDSREGLEMENT FOR KVITESEID KOMMUNE Godkjent av administrasjonsutvalet i sak 2/12 Sjå òg arbeidstidsbestemmingane i arbeidsmiljølova og hovudtavtala. For pedagogisk personale sjå arbeidstidsavtala.

Detaljer

Omstillingsavtale og retningsliner for innplassering av tilsette

Omstillingsavtale og retningsliner for innplassering av tilsette Omstillingsavtale og retningsliner for innplassering av tilsette Fjord kommune 2020 1313.2.1813.2.2018 Høyringsutkast 1. Avtalepartar Denne omstillingsavtalen er inngått mellom Norddal og Stordal kommunar

Detaljer

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket

Hovudavtalen Modul Djupare inn i avtaleverket Hovudavtalen Modul 2 2015 Djupare inn i avtaleverket Innhald Internasjonal forankring i partsforholdet Kva er ein hovudavtale? Kvifor har me ein Hovudavtale? Hovudavtalen sitt innhald/oppbygging Forord

Detaljer

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE

TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE TYSNES KOMMUNE RETNINGSLINER FOR INTERN VARSLING AV KRITIKKVERDIGE TILHØVE Vedteke i Tysnes kommunestyre 12. desember 2007 Revidert i Tysnes kommunestyre 16. desember 2010 UGGDAL, 03.01.2011 Saksnr. Dok.nr

Detaljer

MØTEINNKALLING. Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte kalla inn.

MØTEINNKALLING. Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte kalla inn. ØRSTA KOMMUNE MØTEINNKALLING Utval: Administrasjonsutvalet Møtestad: Ørstafjord Dato: 11.09.2014 Tid: 09:00 Medlemer som kan vere ugilde i ei sak vert bedne om å gje melding, slik at varamedlemer kan verte

Detaljer

SAMANSLAING HORNINDAL OG VOLDA KOMMUNE

SAMANSLAING HORNINDAL OG VOLDA KOMMUNE OMSTILLINGSAVTALE SAMANSLAING HORNINDAL OG VOLDA KOMMUNE Om avtalen 1.1 Avtalen sine partar Denne avtalen er inngått mellom Hornindal kommune og Volda kommune, og arbeidstakarorganisasjonane i dei to kommunane.

Detaljer

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune 1 Innhold 1.1 Generelt... 3 1.2 Ordinære kulturmidlar (driftstilskot):... 3 1.3 Selje kommune sin Kulturpris:... 4 1.4 Ungdommens kulturpris:...

Detaljer