Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din"

Transkript

1 MILJØBLADET Desember 2014 Innovativ ungdomsbedrift utvikla festekrok til plastsekken din Side 4 Smart eske til lyspærene dine. Side 2 La oss gjenvinne meir ÅRIM tek over ti miljøstasjonar. Side 6 Vinn kul eco2- sykkel. Side 8 Hauste_Des2014.indd :25:06

2 Klart du må setje ditt miljømål for 2015 Årets shoppestopp gav meg meir enn betre råd. Erkjenning av at eg har meir enn eg trur. At kortare handleturar gir meir fritid. At det er få nye ting eg treng. Shoppestopp Fjorårets miljømål var altså eit halvt år utan å handle klede, sko og ting til huset. Det var ei overraskande positiv erfaring, og eit miljømål som kjentest godt å nå. - Eg kjem til å gjere det samme igjen. Set miljømål saman med andre I 2015 skal mitt miljømål handle om å redusere matsvinn. Ein vanleg familie kastar kvar fjerde matpose i søpla; fersk og god mat som smaker godt. Min familie kan også bidra for å snu dette. Sjølve nyttårsforsettet er enkelt å setje, - men det krev innsats å endre handlingsmønster over tid. Målet om shoppestopp delte eg med min kollega, Eva. Å forplikte seg var motiverande, og gav ei forventing om å gjennomføre. Erfaringa var at det var overraskande lett. Om mange set seg mål og gjer ein innsats for å nå dei, kan vi redusere miljøpåverknadane. Berre prøv! Å gjere din innsats, gir deg meir enn du kanskje er klar over. Del gjerne ditt miljømål for 2015 med oss på post@arim.no eller på Miljøselskapet ÅRIM si facebook side. Ingeborg Ukkelberg, kommunikasjonsansvarleg i ÅRIM Ein lys idè Vi er heilt avhengige av lyspærer. Både gamle og nye lyspærer inneheld miljøskadelege stoff som vi vil ha til trygg behandling. Versågod! Du har difor fått ei eiga boks du kan oppbevare lyspærene dine i, utan å vere redd for at dei skal knuse. Plassèr pærene ned i boksen, der står dei trygt. Dette er særleg viktig for sparepærer, som inneheld kvikksølv. Alle typar lyspærer skal sorterast som miljøfarleg avfall. Dette gjeld alle slags lyspærer inkludert LED-pærer. Ta boksen med til butikken eller ein bemanna miljøstasjon for å levere inn lyspærene. Ei teskei kvikksølv er nok til å forureine ein heil innsjø Ein av fire oppgir at dei kastar lyspærer i restavfallet. Talet er nok høgare, for av 50 millionar kjøpte lyspærer i Noreg, er det er det berre 5 millionar av dei som blir levert tilbake. ÅRIM vil vere med på å snu dette. Gjenbruk boksen Vi håper boksen vil gjere det lettare for deg å samle lyspærene. Hugs å ta boksen med heim, han kan brukast mange gonger. 2 Hauste_Des2014.indd :25:10

3 Visste du at... EGG held seg lengre enn merkinga viser. Legg eit egg i vatn. Synk det til botnen, kan du spise egget. Egg som flyt er utgått. MEIERIPRODUKT held ofte fleire veker etter datoen er passert. OST blir ofte betre etter datomerkinga. Lukt, smak og sjå på maten. Du kan stole på sansane dine - det går bra. Fest dine brukte pærer i pærehaldaren for å unngå at dei knuser. 3 Hauste_Des2014.indd :25:13

4 Plastsekken din - rett på kroken Didzis Smiltins, Anna Meek Fiskerstrand, Mari Larsen Sæther og Ruth Søyset Jensen gleder seg til å ta kroken i bruk. Hauststormen susar langs veggane. Det er tidleg om morgonen og du knytter plastsekken før du ber han ut. Men korleis kan du sikre sekken, slik at han ikkje blæs bort? Produktutvikling på timeplanen Ungdomsbedrifta Lett på kroken har sett utfordringa, og utvikla ein eigen krok folk kan henge sekken på. ÅRIM har følgt bedrifta undervegs i prosessen, og har bestilt krokar av dei engasjerte jentene. Idèen kom opp i eit familieselskap, fortel Mari Larsen Sæther ivrig. Det blåste skikkeleg, og heile selskapet måtte ut å rydde plast som blåste utover hagen. Vi såg, at her var eit problem som måtte løysast. Også renovatørane har utfordringar med å få laus plastsekkane som mange knyter fast i dunken. Mange knyter sekken fast i dunken. Da får vi problem. Sekkane er vanskelege å få av, vi må rive og slite i sekken eller bruke kniv, fortel Didzis Smiltins i Reno Norden, som hentar avfallet for ÅRIM. Dette gir oss ein del ekstra utfordringar. Ja, dette er ei utfordring både for kunde og renovatør, seier Tom Haugen, renovasjonsansvarleg i ÅRIM. Folk vil gjerne sikre at sekken ikkje forsvinn over til naboen eller over fjorden. Vi har etterspurt gode produkt til å feste sekkane, men ikkje funne. Ikkje før no. Stopp, vi har ei betre løysing! Jentene, som går entreprenørskapslinja ved Ålesund vidaregåande skule, har nettopp fått levert si aller første bestilling frå 4 Hauste_Des2014.indd :25:16

5 fabrikken. Dei har hatt stor nytte av å ha renovatørane som sparringspartnarar. Da vi snakka med dei som gjer jobben, forsto vi at problemet var mykje større enn vi først trudde, fortel Anna Meek Fiskerstrand. Over tid, er riving og sliting noko som gir belastningsskadar. Samarbeidet med renovatørane har gjort at vi har tilpassa produktet for å oppnå best mogleg funksjonalitet. At dei var så engasjerte gav ekstra motivasjon, seier Ruth Søyset Jensen. Dei kom til og med på skulen med renovasjonsbilen, ler ho. Enklare for kundane Tom Haugen ser fram til at kundane endeleg får ei festeordning for plastsekkar. Som ein test planlegg vi å montere krokar på dunkane til folk i Stordal og Sandøy. Vi håper dette er noko folk er positive til. Elevane som var med i Lett på kroken-prosjektet var, frå venstre: Ingvild Berg Lauritsen, Mari Larsen Sæther, Henriette Flatsetø, Anna Meek Fiskerstrand og Ruth Søyset Jensen. Ungdomsbedrifta gjekk først til finalen etter konkurranse med 300 elevar i fylket. Deretter gjekk dei vidare til NM. Dei har òg fått ein ekstraordinær innovasjonspris, utdelt av Avfall Norge. Tom Haugen, renovasjonsansvarleg I ÅRIM Dersom produktet held mål over tid, er planen at alle ÅRIM-kundar skal få kroken. Vi håper dei som får krokar vil gi oss tilbakemeldingar på om dei fungerer som planlagt. Unge gründarar Jentene har bestemt seg for å satse på produksjon og sal av produktet, også etter at skuleprosjektet vart avslutta. Ja, vi har så sterk tru på produktet at vi har oppretta eit eige AS. Vi har fått mange gode tilbakemeldingar frå fleire selskap som ønskjer kroken. Vi trur at dette er noko vi skal få til, avsluttar Ruth Søyset Jensen. Denne smarte kroken skal gjere det lettare å sikre sekken når du set han klar for henting. Tips Hugs å knyte sekken med dobbel knute. Knyt ein berepose på ein av dunkane når du treng nye plastsekkar. Renovatøren vil levere ut ny rull. Hugs å fjerne posen når du har fått sekkane. Sett plastsekken godt synleg ved sida av papirdunken. Sekkar som står i garasje, stativ, dunk eller anna blir ikkje henta. 5 Hauste_Des2014.indd :25:18

6 Velkomen til miljøstasjonen Er du ein av dei som bygger hus, pussar opp eller har ein overfylt garasje. I så fall kjem du snart til å besøke ein miljøstasjon nær deg. Frå 2015 er det ÅRIM som driv miljøstasjonen du leverer til. Øystein Solevåg arbeider for å få meir avfall til gjenvinning. Snart kan du bruke miljøstasjonane i alle kommunane Gjøsundneset i Giske Nøsa i Haram Djupøyna i Norddal Breivik i Sandøy Vinjesanden i Stordal Kjølen i Stranda Jarnes i Sykkylven Øveråslia i Vestnes Sjøholtstrand i Ørskog Bingsa i Ålesund Ja, frå nyttår er det ÅRIM som tek imot kundane på miljøstasjonen, fortel dagleg leiar Øystein Solevåg engasjert. Vi veit at folk flest har gode erfaringar med miljøstasjonen sin i dag. Forventingane er likevel at selskapet skal gjere miljøstasjonstilbodet enda betre i åra framover. Gjennom brukarundersøkingar fortel folk at dei ønskjer betre opningstider. I tillegg vil ÅRIM leggje vekt på å gi betre tilgang til miljøstasjonen. Selskapet vil gjere det enklare å bruke miljøstasjonane. Folk må kunne levere avfallet når dei har tid. Det betyr at vi må sjå på opningstidene på ettermiddagar. Dei må også kunne bruke den miljøstasjonen som er mest praktisk for dei. Det betyr at vi må opne for å levere på tvers av kommunegrensene, altså at kunden kan levere til den ÅRIM-stasjonen dei vil. Etterkvart vil miljøstasjonane bli oppgraderte med nye skilt, men endringane ÅRIM planlegg vil ikkje skje over natta. Dei vil kome gradvis. Vil utnytte ressursane i avfallet Øystein Solevåg er sjølv ein trufast brukar av miljøstasjonen. Eg har tatt over familiegarden etter bestefar min, så eg er ofte på Bingsa. Der opplever eg det samme som vi får høyre av andre rundt oss, det er flinke folk som tek imot kundane på miljøstasjonen. Planen vår er å ta vare på det som er bra, men samtidig utvikle tenestetilbodet til kundane, og betre ressursutnyttinga av avfallet. Eg seier ofte, at avfallet er den nye gruva. Produkta folk kastar er fulle av ressursar som må gjenbrukast i større grad enn før. Å samkøyre drifta av ti miljøstasjonar er eit godt utgangspunkt for å få dette til. 6 Hauste_Des2014.indd :25:20

7 Mobil miljøstasjon heim til deg ÅRIM vil ha inn meir av det farlege avfallet. I år har vi difor køyrt frå kommune til kommune for å gjere det lettare for folk å levere. Og, ja dette tilbodet får du også neste år. Vegard Waagan planlegg ny aksjon for innsamling av farleg avfall i Vi samlar inn store mengder måling, lim, lakk og elektrisk avfall på innsamlingane, seier Vegard Waagan, logistikkansvarleg i ÅRIM. Nokre stader sto folk klare med avfallet før vi kom på plassen. Mange hadde samla opp store mengder farleg avfall gjennom oppussingar, hobbyprosjekt eller anna forbruk, og tok storopprydding før ÅRIM kom. Vi gir eit lite spark bak, for å få folk til å tømme garasjen. Ein del av det miljøfarlege avfallet vi får inn, er ikkje bra å ha ståande heime over lengre tid. Fleire som leverte til innsamlingane, fortalte at dei hadde lagra avfallet i tiår. Betre kunnskap om farleg avfall ÅRIM vil gjere det lettare å levere. Informasjon er difor ein nøkkel for å auke kunnskapen om korleis farleg avfall skal handterast. Vi veit at det ikkje er enkelt å ha oversikt over kva som er farleg eller ikkje. Ein gjengangar er at folk kjem med steikepanner. Det er ikkje farleg avfall. Men eg ser jo at steikepanner kan vere farlege om dei blir brukt på feil måte, ler Waagan. Vi er på god veg, om fleire kjeldesorterer alle lyspærer og batteri. Nye innsamlingar i 2015 Nasjonale tal viser at folk leverer inn mindre farleg avfall på mijøstasjonane i Ålesundregionen, enn elles i landet Gjennom innsamlinga i år, fekk ÅRIM inn bortimot seksti tonn miljøfarleg avfall. Vi vurderer dette som bra, men veit at nye tilbod treng tid før dei blir brukt fullt ut, seier Waagan. Her er det berre å rydde i kjellarboda før vi kjem neste gong. ÅRIM annonserer og sender ut informasjon til alle husstandar i forkant av innsamlingane i Datoane står også på baksida av renovasjonskalenderen. 7 Hauste_Des2014.indd :25:22

8 BESTILL SMS- VARSLING Bestill SMS- eller e-postvarsling for å vite når ÅRIM hentar plast og papir. Bli med på trekkinga av ein kul sykkel. Alle som har bestilt varsel innan 15. januar er med på trekkinga. Dei som har bestilt varsel før, er også med på trekkinga. La oss gjenvinne meir glas og metall Dei aller fleste kan levere glas og metall, sko, klede og tekstilar til ein nærmiljøstasjon nokre minutt unna. Mange leverer til ein kontainar, som på bildet. VINN SYKKEL Slik bestiller du 1. Finn ditt sonenummer i renovasjonskalenderen. 2. Skriv i SMS: ÅRIM <KOMMUNE> <sonenummer> 3. Send SMS til 2077 Du kan også bestille SMS- eller E-postvarsel via nettsida vår, arim.no. Resirkulert sykkel Sykkelen Eco2 er designa for å vere miljøvennleg i alle detaljar. Ramma er laga av resirkulert aluminium og lakkert med vannbasert miljøvenleg lakk. Dessutan er dette ein ekstra stilig sykkel. Design: Spirdesign. Foto: Peder Otto Dybvik, Christoffer Furnes. Tekst: ÅRIM Trykk: Kai Hansen Trykkeri I Ålesund leverer dei fleste til desse miljøstasjonane. Husa står ofte nær butikkar og i tettbygde område. Kom gjerne innom oss på Moa Du er velkomen til å besøke oss i første etasje i Daaegården. Kontoret ligg nær busstasjonen og Moa. Du kan også kontakte oss på e-post eller telefon. Du vil vanlegvis få tilbakemelding samme dag som du tek kontakt. Følg Miljøselskapet ÅRIM på Facebook dersom du er interessert i miljø og kjeldesortering. post@arim.no Langelandsvegen Ålesund arim.no Hauste_Des2014.indd :25:24

La meg få ein sjanse til...

La meg få ein sjanse til... La meg få ein sjanse til... Frå 10. oktober Vi vil ha plastemballasjen din! Du gjer ein viktig miljøinnsats når du sorterer ut plasten du har brukt. La oss gjenvinne meir. Kvifor skal eg sortere ut plastemballasjen?...og

Detaljer

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg

Sortering av mat, glas og metall heime hos deg Informasjon Sortering av mat, glas og metall heime hos deg Alt du sorterer blir til noko nytt. Snart får du to nye avfallsdunkar ein til matavfall og ein til glas- og metallemballasje. Les om det nye tilbodet.

Detaljer

Endeleg eigen dunk for glas og metall

Endeleg eigen dunk for glas og metall Informasjon Endeleg eigen dunk for glas og metall Neste år deler ÅRIM ut dunk for glas- og metallemballasje til alle i Ålesund. Meir sortert avfall gir fleire gjenvunne produkt. Dette er bra for miljøet.

Detaljer

Vi vil gjerne slå Molde...

Vi vil gjerne slå Molde... Vi vil gjerne slå Molde......også i plastinnsamling! Å konkurrere er bra, særleg når vi snakkar om miljøtiltak. Våre naboar i Molde har sortert plast i mange år, og har fått eit forsprang. No er vi klare

Detaljer

La meg få ein sjanse til...

La meg få ein sjanse til... La meg få ein sjanse til... Frå 10. oktober Vi vil ha plastemballasjen din! Du gjer ein viktig miljøinnsats når du sorterer ut plasten du har brukt. La oss gjenvinne meir. Kvifor skal eg sortere ut plastemballasjen?...og

Detaljer

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område

Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område Sortering av avfall i burettslag, sameige og tettbygde område Felles avfallsutstyr gir estetiske nærmiljø. De kan velge mellom fleire typar renovasjonsutstyr. Praktisk utstyr gjer det enkelt å sortere

Detaljer

mmm...med SMAK på timeplanen

mmm...med SMAK på timeplanen mmm...med SMAK på timeplanen Eit undervisningsopplegg for 6. trinn utvikla av Opplysningskontora i landbruket i samarbeid med Landbruks- og matdepartementet. Smakssansen Grunnsmakane Forsøk 1 Forsøk 2

Detaljer

FULL RULLE MED ALEX side 4. Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3. Vinn ein sykkel side 5. La oss gjenvinne meir

FULL RULLE MED ALEX side 4. Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3. Vinn ein sykkel side 5. La oss gjenvinne meir Eit miljøblad frå ÅRIM - Mai 2012 FULL RULLE MED ALEX side 4 Har du kome i gang med plastinnsamlinga? side 2-3 Vinn ein sykkel side 5 La oss gjenvinne meir Har du kome i gang med plastinnsamlinga? Før

Detaljer

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba. LEDDSETNINGAR 1 Gjer setningane om til forteljande leddsetningar. Carmen er kona hans. Luisa går på skule i byen. Leo er tolv år. Ålesund er ein fin by. Huset er raudt. Det snør i dag. Bilen er ny. Arne

Detaljer

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2

HAUSTE. ÅRIM vil ha meir avfall til sortering. La oss gjenvinne meir MILJØBLADET. Side 4. Det norske matkastebordet Side 2 MILJØBLADET HAUSTE Desember 06 ÅRIM vil ha meir avfall til sortering Side 4 Det norske matkastebordet Side Vi sorterer meir plast enn før Side 6 Vinn sykkel! Side 8 La oss gjenvinne meir Det norske matkastebordet

Detaljer

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014 (Nynorsk) Du skal IKKJE skrive namnet ditt på nokon av sidene i dette spørjeskjemaet. Vi vil berre vite om du er jente eller gut og kva for klasse du går i.

Detaljer

Page 1 of 7 Forside Elevundersøkinga er ei nettbasert spørjeundersøking der du som elev skal få seie di meining om forhold som er viktige for å lære og trivast på skolen. Det er frivillig å svare på undersøkinga,

Detaljer

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. HEILSETNINGAR 2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball. Vi reiser til Cuba. Carmen les ei bok. Arne lagar middag. Luisa er på skulen. Det snør. I

Detaljer

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid) Mikkel, Anders og Tim Pressemelding I årets Kvitebjørnprosjekt valde me å samanlikna lesevanane hjå 12-13 åringar (7. og 8.klasse) i forhold til lesevanane til 17-18 åringar (TVN 2. og 3.vgs). Me tenkte

Detaljer

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010

BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Arkiv: K1-070, K3-&3232 Vår ref (saksnr.): 10/51717-666 Journalpostid.: 10/1629494 Saksbeh.: Helge Herigstadad BRUKARUNDERSØKING RENOVASJON 2010 Saksgang: Utval Saksnummer Møtedato Senior- og Brukarrådet

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Teknikk og konsentrasjon viktigast Teknikk og konsentrasjon viktigast Karoline Helgesen frå Bodø er bare 13 år, men hevdar seg likevel godt i bowling der teknikk og konsentrasjon er viktigare enn rein styrke. Ho var ein av dei yngste finalistane

Detaljer

Nynorsk Institutt for lærerutdanning og skoleutvikling Universitetet i Oslo Hovudtest Elevspørjeskjema 8. klasse Rettleiing I dette heftet vil du finne spørsmål om deg sjølv. Nokre spørsmål dreier seg

Detaljer

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike

Molde Domkirke 2016. Konfirmasjonspreike Molde Domkirke 2016 Konfirmasjonspreike Så er altså dagen her. Den store dagen. Dagen eg trur mange av dykk har gleda seg til lenge. Og det er lov å kjenne litt sommarfuglar i magen og både glede og grue

Detaljer

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA NAMNET Av Jon Fosse Handlinga følger eit ungt par som dreg heim til hennar foreldre. Jenta er høggravid og dei manglar bustad. Det er eit drama om kor vanskeleg det er å forstå kvarandre og om lengselen

Detaljer

Papirfabrikk. i barnehagen. La oss gjenvinne meir. Gøy med kjeldesortering på skular og i barnehagar. Side 4

Papirfabrikk. i barnehagen. La oss gjenvinne meir. Gøy med kjeldesortering på skular og i barnehagar. Side 4 Miljøbladet Juli 2013 Papirfabrikk i barnehagen Gøy med kjeldesortering på skular og i barnehagar. Side 4 Avfallsbrønnar - avfallet trygt gøymt under bakken. Side 6 Vinn el-sykkel Side 8 La oss gjenvinne

Detaljer

Informasjon til elevane

Informasjon til elevane Informasjon til elevane Skulen din er vald ut til å vere med i undersøkinga RESPEKT. Elevar ved fleire skular deltek i undersøkinga, som vert gjennomført av Læringsmiljøsenteret ved Universitetet i Stavanger.

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2009

Rådgjevarkonferanse 2009 Rådgjevarkonferanse 2009 Vidaregåande opplæring Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 etter Vg2 Design og duodji Gravørfaget

Detaljer

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Joakim Hunnes. Bøen. noveller Joakim Hunnes Bøen noveller Preludium Alt er slik det plar vere, kvifor skulle noko vere annleis. Eg sit ved kjøkenvindauget og ser ut. Det snør, det har snødd i dagevis, eg har allereie vore ute og moka.

Detaljer

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7 Den gode gjetaren Lukas 15:1-7 Bakgrunn I denne forteljinga formidlar du noko om kva ei likning er. Difor er delen om gullboksen relativt lang. Det å snakke om dei ulike filtstykka som ligg i boksen, er

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa Ungdom i klubb Geir Thomas Espe https://www.youtube.com/watch?v=1zryggrwesa CASE - FORGUBBING SSFK hadde i lengre tid merka ei «forgubbing» i trenar, leiar og dommarstanden i SFFK. Etter fleire rundar

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

6. trinn. Veke 24 Navn:

6. trinn. Veke 24 Navn: 6. trinn Veke 24 Navn: Takk for ei fantastisk fin førestilling i går! Det var veldig kjekt å sjå dykk, både på formiddagen og på ettermiddagen. Eg vart veldig stolt! No må vi få rydda opp og pakka litt

Detaljer

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv

Jæren Distriktspsykiatriske Senter Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Korleis kan ein unngå å bli utmatta? om å ta vare på seg sjølv Opne førelesingar M44 20. Januar 2011 Christiane Weiss-Tornes Presentert av Tine Inger Solum Disposisjon: 1. Korleis blir eg utmatta? 2. Varselsymptom

Detaljer

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord Kjære foreldre, føresette, søsken og vener! I 8 månader har de fått rapport etter rapport frå Nordfjordeleven dykkar. Om flotte fjelltoppar. Store bølgjer. Hav

Detaljer

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll Etablere felles standard innan service og kundehandsaming i Askvoll Guiden tek for seg grunnleggande og enkle reglar - enkelte vil hevde at

Detaljer

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER AV ALF KJETIL WALGERMO Mitt bankande hjarte. Ungdomsroman. Cappelen Damm, 2011 Mor og far i himmelen. Illustrert barnebok. Cappelen Damm, 2009 Keegan og sjiraffen. Illustrert

Detaljer

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. PREPOSISJONAR 1 Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger. Luisa går på skule i Ålesund. Skulen ligg midt i byen. Klasserommet ligg i tredje etasje

Detaljer

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring

Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Skjema for fokusområder bibliotekarvandring Eidskog på studietur til Spydeberg De kan lesa meir om dokumentasjon av vandringar her: http://bibliotekarvandring.wordpress.com/2013/10/07/dokumentasjon-av-vandringa/

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2 Nynorsk Opp-ned musene av Roald ahl et var ein gong ein gamal mann på 87 år som heitte Laban. I heile sitt liv hadde han vore ein stille og roleg person.

Detaljer

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5 1 TEIKNSETJING Punktum (.) Vi bruker punktum for å lage pausar i teksta. Mellom to punktum må det

Detaljer

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse

Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Gjennomføring av foreldresamtale 5.-7. klasse Namn: Klasse: 1. Gjennomgang av skjemaet «Førebuing til elev- og foreldresamtale» 2. Gjennomgang av samtaleskjemaet 3. Gjennomgang av IUP og skriving av avtale

Detaljer

Brukarrettleiing. epolitiker

Brukarrettleiing. epolitiker Brukarrettleiing epolitiker 1 Kom i gang Du må laste ned appen i AppStore Opne Appstore på ipaden og skriv «epolitiker» i søkjefeltet øvst til høgre. Trykk på dette ikonet og deretter på «hent» og til

Detaljer

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad Først i denne delen om Giske OS står skrive om korleis vi bygde stasjonsbygninga. Der står nemnt at vi rekna med

Detaljer

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Birger og bestefar På bytur til Stavanger Birger og bestefar På bytur til Stavanger Små skodespel laga for mellomtrinnet Forfattarar: Ola Skiftun og Sigrun Fister Omarbeidd til skodespel av Stavanger Sjøfartsmuseum Denne dagen var heilt spesiell,

Detaljer

Psykologisk førstehjelp i skulen

Psykologisk førstehjelp i skulen Psykologisk førstehjelp i skulen Fagnettverk for psykisk helse Sogndal 21. mars 2014 Solrun Samnøy, prosjekt leiar Psykologisk førstehjelp Sjølvhjelpsmateriell laga av Solfrid Raknes Barneversjon og ungdomsversjon

Detaljer

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-) Alle borna i 1 klasse byrjar å bli trygge i sine nye omgivelser.

Detaljer

Den nye seksjon for applikasjonar

Den nye seksjon for applikasjonar Nye IT-avdelinga Den nye seksjon for applikasjonar Ei kort innleiing om prosessar basert på ITIL som eg brukar litt i presentasjonen Seksjonen sine ansvarsområde 3 av mange områder som seksjonen skal handtera

Detaljer

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Kva kompetanse treng bonden i 2014? Kva kompetanse treng bonden i 2014? Fagleiar Bjørn Gunnar Hansen TINE Rådgjeving Samtalar med 150 mjølkebønder dei siste 6 åra, frå Østfold til Nordland Kompetanse Kunnskap (Fagleg innsikt) Ferdigheiter

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost

Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Brukarrettleiing E-post lesar www.kvam.no/epost Kvam herad Bruka e-post lesaren til Kvam herad Alle ansatte i Kvam herad har gratis e-post via heradet sine nettsider. LOGGE INN OG UT AV E-POSTLESAREN TIL

Detaljer

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn Jobbskygging side 1 Jobbskygging Innhald Handverk, industri og primærnæring Omgrepa handverk, industri og primærnæring. Kva betyr omgrepa? Lokalt næringsliv etter 1945 Korleis har lokalt næringsliv utvikla

Detaljer

Kva er økologisk matproduksjon?

Kva er økologisk matproduksjon? Nynorsk Arbeidshefte om økologisk landbruk for elevar i grunnskulen Nynorsk Arbeidsheftet er utarbeidd av og utgjeve av Norsk senter for økologisk landbruk med økonomisk støtte frå Fylkesmannens landbruksavdeling

Detaljer

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om : Denne månaden har me blant anna arbeid med «Barn hjelper barn» som ei førebuing til haustfesten vår 3. november, der inntektene vil gå til SOS-barnebyer Bergen. Barna har mellom anna laga epletrykk og

Detaljer

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman Olaug Nilssen Få meg på, for faen Roman 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2012 ISBN 978-82-521-8231-6 Om denne boka Ein humorstisk roman om trongen

Detaljer

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA?

KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? KOMMUNEREFORM KVA MEINER INNBYGGJARANE I BYGDENE NORDDAL OG EIDSDAL OM KOMMUNETILKNYTING FOR FRAMTIDA? Resultat frå spørjegransking mellom innbyggjarane i bygdene 17. januar, 2016 Innbyggjarane i Norddal

Detaljer

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge KPI-Notat 4/2006 Når sjøhesten sviktar Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge En notatserie fra Kompetansesenter for pasientinformasjon og pasientopplæring Side 1 Sjøhesten (eller hippocampus)

Detaljer

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA TIL LEKSJONEN Fokus: Kjøpmannen og den verdifulle perla. Tekst: Matt 13.45 Likning Kjernepresentasjon MATERIELL: Plassering: Hylle for likningar Deler: Gulleske med kvitt

Detaljer

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking Mål: Elevane skal kjenne til utbreiinga av hallingmålet i nærmiljøet. Dei skal vita noko om korleis hallingmålet har utvikla seg

Detaljer

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt Ser du det? Hvordan jobbe med trosopplæring og bibelfortellinger med hovedvekt på det visuelle. Vi lever i en mer og mer visuell tid, og dette bør få konsekvenser for hvordan kirken kommuniserer med og

Detaljer

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 På tur med barnehagen Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11 Standarane, teikn på kvalitet. Desse tre standarane er felles for alle barnehagane i Eid kommune. Dei skal vise veg til korleis vi skal få god kvalitet

Detaljer

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Maria Parr Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde Illustrert av Bo Gaustad Det Norske Samlaget Oslo 2005 Det Norske Samlaget www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av eboknorden 2013 ISBN 978-82-521-8583-6

Detaljer

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok.

Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. Eg må kjøpe ei nynorsk ordbok. Eg må kjøpe ei ny grammatikkbok. I tillegg må eg kjøpe ei nynorsk ordbok. Å BINDE SAMAN SETNINGAR 1 Kva ordklasse høyrer dei utheva orda til? Då eg var i London, besøkte eg tanta mi. Ein hund beit Leo. Derfor er han redd hundar. Arne går på spanskkurs, for han vil lære spansk.

Detaljer

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9 1 SETNINGSLEDD Verbal (V) Eit verbal fortel kva som skjer i ei setning. Verbalet er alltid laga

Detaljer

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012 Onsdag 28 mars inviterer vi entreprenørskapsungdom, lokale bedrifter og andre lag og organisasjonar til årets entreprenørskapsmesse i Naustdalshallen. Her

Detaljer

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv. Særemne 3-100 år med stemmerett I 2013 er det hundre år sidan alle fekk stemmerett i Noreg. På Norsk Folkemuseum arbeider vi i desse dagar med ei utstilling som skal opne i høve jubileet. I 2010 sendte

Detaljer

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Mobbeplan Harøy skule 2006/2007 Førebygging 1.1 Skulemiljøet Ein venleg og integrerande skule er naudsynt for å oppnå eit godt læringsmiljø, både fagleg og sosialt. Skulen skal vere ein trygg og triveleg

Detaljer

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving Berre spør! Undersøking Få svar I behandling På sjukehuset Er du pasient eller pårørande? Det er viktig at du spør dersom noko er uklart. Slik kan du hjelpe til med å redusere risikoen for feil og misforståingar.

Detaljer

Rådgjevarkonferanse 2010

Rådgjevarkonferanse 2010 Rådgjevarkonferanse 2010 Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga Inntak og formidling Askedalen 2 6863 Leikanger Telefon 57 65 62 99 Logg inn på vigo.no med MinID Alle må bruke MinID for å

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Austigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei alle sammen! Plassebakken Barnehage BA I januar har vi nytta oss av det fine veret å vøre mykje ute! Sjølv om det

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 3. 4. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKUNNSKAP: Ingen. AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 3 Nynorsk Leite etter mat Her er tre prosjekt som handlar om kva små skapningar et, og korleis dei leiter etter mat. Først må du finne verkelege maur,

Detaljer

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Eit undervisningsopplegg om Barnerettane i LOKALSAMFUNNET Aktivitetsark med oppgåveidear og tips til lærarane Hjelpeark med bakgrunnsinformasjon og kopieringsoriginalar DELTAKING Artikkel 12: DISKRIMINERING

Detaljer

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under : Excel som database av Kjell Skjeldestad Sidan ein database i realiteten berre er ei samling tabellar, kan me bruke eit rekneark til å framstille enkle databasar. I Excel er det lagt inn nokre funksjonar

Detaljer

ehandel og lokalt næringsliv

ehandel og lokalt næringsliv ehandel og lokalt næringsliv Kvifor ehandel? Del av regjeringas digitaliseringsarbeid det offentlege skal tilby digitale løysingar både til enkeltpersonar og næringsliv Næringslivet sjølve ønskjer ehandel

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

BLI KJENT MED ALUMINIUM

BLI KJENT MED ALUMINIUM 1 av 7 sider Oppgåve BLI KJENT MED ALUMINIUM 5. 7. trinn 90 min. SENTRALE OMGREP: Metall, aluminium, kjeldesortering ANBEFALT FØREHANDSKJENNSKAP: Ingen AKSJON ALUMINIUM: Bli kjent med aluminium og få meir

Detaljer

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» Velkommen til oss i Maurtuå Barnehage. Dette heftet med informasjon håpar me kan være til hjelp for deg når du skal være vikar.

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Lundefuglnettene av ruce McMillan Kvart år får den islandske øya Heimaøy besøk av svartkvite fuglar med oransjefarga nebb som kjem for

Detaljer

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag 29.09.09 Då ungdomsskulebussen stoppa i Straumøykrysset kom 3. og 4. klasse veltande ut av bussen, klar til ein ny dag på Straumøy Gard. Marta, Marie og Janna var

Detaljer

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE Alle vaksne i Lyefjell barnehage arbeider for at det enkelte barn opplever at: Du er aktiv og tydelig for meg Du veit at leik og venner er viktige for

Detaljer

Søking til skuleåret 2012-2013

Søking til skuleåret 2012-2013 Søking til skuleåret 2012-2013 Opplæringsavdelinga, inntak og formidling Rådgjevarkonferansen 2011 Korleis søkjer du? Du søkjer og svarar på vigo.no, logg inn med MinID Søknadsfrist: 1. mars for ordinært

Detaljer

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A Skriftlig eksamen i Matematikk 1, 4MX15-10E1 A 15 studiepoeng ORDINÆR EKSAMEN 19. desember 2011. BOKMÅL Sensur faller innen onsdag 11. januar 2012. Resultatet blir tilgjengelig på studentweb første virkedag

Detaljer

6-åringar på skuleveg

6-åringar på skuleveg 6-åringar på skuleveg Rettleiing til foreldre med barn som skal begynne på skulen Førsteklassingane som trafikantar Det er store forskjellar i modning og erfaring hos barn på same alder. Vi ser likevel

Detaljer

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg

S sosalisering og samspill. F Fritid og felleskap. O Omsorg Brattholmen skulefritidsordning Nygårdsvegen 1 5350 Brattholmen Tlf: 55097504/98088134 E-post: liss.schumann@fjell.kommune.no S sosalisering og samspill F Fritid og felleskap O Omsorg SFO: SFO er eit fritidstilbod

Detaljer

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik

Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik Kommentar 22.7.2015 frå Naturvernforbundet vedrørande blåsesand i Ulsteinvik (Basert på opplysningane i artikkelen nedanfor.) Brukt blåsesand inneheld komponentar av det som er sandblåst, og er å rekne

Detaljer

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08

Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Eleven i ein lærande organisasjon vurderingsarbeid i skulen. Presentasjon av eit dr.gradsarbeid Astrid Øydvin 19.09.08 Alternative titlar: Vurderingsarbeid: Arbeid med kvalitet i skolen i spenning mellom

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

IKT-kompetanse for øvingsskular

IKT-kompetanse for øvingsskular Notat / Svein Arnesen IKT-kompetanse for øvingsskular Spørjeundersøking ved Vartdal skule VOLDA Forfattar Ansvarleg utgjevar ISSN Sats Distribusjon Svein Arnesen Høgskulen i Volda -7 Svein Arnesen http://www.hivolda.no/fou

Detaljer

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk Reglar for poenggjeving på oppgåvene (sjå konkurransereglane) : Rett svar gir 5 poeng. Galt svar gir 0 poeng Blank gir 1 poeng. NB: På oppgåvene 2 og 5 får ein 5 poeng for 2 rette svar. Eitt rett svar

Detaljer

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol Månen som ville lyse som ei sol (2012) av Elin Grimstad - og bruk av læringsvenn på 1. trinn PRESENTASJON AV BOKA: Kvifor er eg ikkje meir som sola?

Detaljer

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk Nasjonale prøver Lesing på norsk 8. trinn Eksempeloppgåve Nynorsk Ei gruppe elevar gjennomførte eit prosjekt om energibruk og miljøpåverknad. Som ei avslutning på prosjektet skulle dei skrive lesarbrev

Detaljer

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking Bjørn og Rovdyr Innhold Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders rjeundersøking For eller imot bjørn i Jostedalen? Intervju med nokre ikkje-bønder i dalen Intervju med nokre bønder i dalen

Detaljer

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden 0311 ESPEN ASKELADD VIDDA 1 VIDDA 2 0028 OSLO 123456 78910 BYDEL GAMLE OSLO 5. mars 2013 Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden Husbanken har

Detaljer

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos På veg inn i påskedagane planlegg eg gode ting ein kan kose seg med. Ein god marmelade, "sunt" påskegodteri og to deilige dessertar får du servert av meg i dag. Sjokolade er det klassiske påskesnopet,

Detaljer

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020

ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020 ÅRIM potensial for auke av mengdene avfall til materialgjenvinning og gjenbruk fram mot 2020 Samandrag Forslaget til strategi for ÅRIM baserer seg på avfallsdata frå 2015. Etter at tala for 2016 no er

Detaljer

FANTASTISK FORTELJING

FANTASTISK FORTELJING FANTASTISK FORTELJING Leiken går ut på at alle som er med, diktar ei fantastisk forteljing. Ein av deltakarane byrjar på ein historie, men stoppar etter ei stund og let nestemann halde fram. Slik går det

Detaljer

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015

Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes. AUD-notat nr. 1-2015 Lærlingundersøking om eit fagskuletilbod innan agrogastronomi på Hjeltnes AUD-notat nr. 1-2015 Bakgrunn og metode Undersøkinga er utført på oppdrag frå Næringsseksjonen i Hordaland fylkeskommune Bakgrunnen

Detaljer

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Ute mat Korleis laga god mat UTE Ute mat Korleis laga god mat UTE Sigrid Henjum- 03. desember 2013 1 Taco - ein favoritt også på tur. 4 pers Ingrediensar: 600-800 g kjøtdeig av storfe, hjort, kylling eller svin 1 boks mais 1 paprika i

Detaljer

Netcan Utvikling. Forretningsplan

Netcan Utvikling. Forretningsplan Netcan Utvikling Forretningsplan Netcan Utvikling 2 Innhald INNHALD... 2 SAMANDRAG... 3 PRODUKTKONSEPT... 4 PROBLEMBESKRIVELSE... 4 STATUS PÅ TEKNOLOGI... 4 PLANLAGT UTVIKLINGSLØP... 4 INNOVASJONSHØGDE

Detaljer

Plassebakken Barnehage

Plassebakken Barnehage Plassebakken Barnehage Plassebakken Post Sørigard Februar 2012 www.plassebakken.no Hei og hå! I månaden som er gått har vi leika oss ute i snøen, så nær som kvar dag. Vi sila i bakkane og mala på snøen

Detaljer