Helse- og Omsorgsdepartementets Forslag til revidert fastlegeforskrift

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Helse- og Omsorgsdepartementets Forslag til revidert fastlegeforskrift"

Transkript

1 Høyringsinnspel frå Norsk Medisinstudentforeining (Nmf) til Helse- og Omsorgsdepartementets Forslag til revidert fastlegeforskrift Norsk Medisinstudentforeining vil i dette skrivet kommentere ulike delar av forslaget til ny revidert fastlegeforskrift. Innspela vil ta utgangspunkt i delar der me fryktar desse endringane vil føre til svært redusera rekruttering til primærhelsetenesta viss forskrifta blir vedteke slik den føreligg i dag. Departementet innleiar dokumentet med å stadfeste kva målet med revideringa er og kva som er målet med sjølve fastlegeforskrifta. Dette ser Nmf på som positive mål. Me er likevel usamde i måten ein vil oppnå desse måla. Styrka kvalitet, førebygging av sjukdom, oppfølging av pasientar, betre samhandling og rekruttering både til primærhelsetenesta, inkludera legedekning i distriktskommunar. Nmf oppfattar at dette i høgste grad er gode intensjonar. Ein vil tydeleggjere ansvarsforholdet mellom fastlegen og kommunen. Samstundes er dette slik det føreligg frå høyringsnotatet, gjort på ein måte som fører til mikrostyring av fastlegen. Mange av forslaga er realistisk sett uoppnåelege med mindre kvart fastlegekontor skal tilsette fleire eller auke arbeidstida. Krava til auka tilgjengelegheit, samstundes som at primærhelsetenesta skal påleggast fleire arbeidsoppgåver er motseiande og urealistisk. Det er presisera i dokumentet at Det bør være offentlige myndigheters oppgave å definere hva som er fastlegenes oppgaver og plikter, ut fra nasjonale helsepolitiske prioriteringer. Nmf meiner det bør vere ei viss form for tillit mellom primærhelsetenesta, representera ved fastlegar, og nasjonale helsemyndighetar, gitt visse føringar som allereie finnast. Krav til kvalitet 17 Under dette avsnittet blir det spesifisera viktigheten av god informasjon til pasientane, samt eit større fokus på pasientsikkerheit. Nmf meiner også dette er viktig, men det å legge fram eit krav om at pasientinformasjon bør leggast fram skriftleg bør vere ei vurdering den einskilde fastlege tek med tanke på pasientens nytte av/behov for det.

2 Brukarmedverknad 18 Det bør vere eit overordna mål for fastlegeordninga at ein heile tida skal arbeide for ei betre ordning, både for pasientar og tilsette. Ein bør etterstreve effektivitet, samstundes som det bør setjast ned realistiske mål for kva ordninga skal oppnå. Under dette punktet vil departementet spesifisere at brukaranes erfaring i stor grad skal vektleggast. Dette er Nmf ikkje usamd i, men det bør også vere eit fagleg perspektiv involvera. Departementet meiner det nye tillegget berre er ei presisering av det som allereie føreligg i dagens regelverk, men det blir problematisk når dette i så stor grad skal spesifiserast. Oversikt over listeinnbyggjarar 19 Departementet etterlyser her ei meir pro-aktiv haldning til listepasientane frå fastlegane. Dette forklarast ut frå målsettingar i Samhandlingsreforma der førebygging, tettare oppfølging, samt reduksjon av sjukehusinnleggingar er viktig. Dette meiner departementet skal skje gjennom særskilde system der fastlegen må ha kontroll for å identifisere pasientar som ligg i risikosoner. Korleis eit slikt system skal lagast, blir ikkje nemnd. Nmf meiner denne type oppfølging ikkje kan forskriftfestast før ein har metodar og løysingsforslag på korleis dette faktisk skal gjerast. Oppsøkande verksemd 20 Som også stadfesta i Samhandlingsreforma, så kjem fastlegar til å få ei større og viktigare rolle i framtidas helseteneste. Samstundes så er svært mange av elementa som blir foreslått i denne paragrafen noko dei fleste fastlegar allereie gjer, då dette er ein del av sjølve yrket. Det å følgje opp kronikarar, gje livsstilsråd o.l. Det sender svært dårlege signal til yrkesgruppa om at alt ein gjer skal forskriftsfestast. Dette signaliserer mangel på tillit mellom myndighetar og yrkesutøvarar. Ved å foreslå den grad av oppsøkande verksemd trugar ein på same tid også enkelt individets rett til å ikkje oppsøkje lege. Autonomien pasienten har, sjølv om ein har kroniske sjukdommar eller andre tilfelle som gjer at ein i utgangpunktet bør nytte helsetenester i større grad, bør ikkje vere grunnlag nok til å tvinge fram kontakt. Det å legge fram eit forslag der helsetenesta skal intervenere ved avdekket risiko for sykdom er ikkje eit evidensbasera grunnlag. Helsetenesta nyttar allereie i dag svært mykje midlar på diagnostikk som ikkje har eit vitskapeleg grunnlag, ved å forskriftsfeste dette vil staten bidra til unødige auka kostnadar i helsevesenet som ikkje er basera på evidens. Samstundes presiserer departementet at ein ikkje skal yte tenestar til personar som ikkje har behov eller ikkje meiner dei har behov. For Nmf er dette motstridande argument, og me ser på ingen måte nytte av dette tillegget. Sjølv om det utifrå ei medisinsk vurdering bør gjevast behandling, skal det samstundes vere opp til den einskilde pasient å vurdere å avgjere om ein vil ta imot eller ikkje.

3 Medisinsk-fagleg koordinering og samarbeid 21 Departementet meiner her det er behov for å i enda større grad presisere kva som meinast med koordineringsansvar. Det blir spesifisera at det bør vere fastlegen som skal ha det overordna ansvaret for rehabiliteringsfasen. Dette er i utgangspunktet eit godt forslag og frå eit pasientperspektiv noko som hadde vore bra, men kapasiteten til den einskilde fastlege er også avgrensa. Det at hjelpepersonell ved kontoret kan ta ein del av desse spørsmåla står likevel også i kontrast til den auka tilgjengelegheita kvar fastlege skal tilby. Nmf meiner likevel at fastlegen skal ha eit overordna ansvar i eit rehabiliteringsopplegg. Dette vil gjere det lettare for pasientane og kanskje også for dei ulike yrkesgruppene som er involvera. Det at fastlegen også skal få ansvaret for å informere, samt sette opp individuelle planar for kvar pasient er også positivt. Men alle endringane som skal gjennomførast i dette dokumentet er på ingen måte realistiske. For å oppnå alle nye krav må ein enten tilsette svært mange nye fastlegar eller auke arbeidstidene. Dette heng også saman med presisering om fleire tverrfaglege møter. Departementet skriv sjølv at dette kan ta tid frå pasientretta arbeid, men at dette er heilt naudsynt å spesifisere. Dette er ikkje Nmf samd i. Individretta førebygging som integrert del av tenesteytinga 22 Dette avsnittet er svært spesifikt og bakgrunnen, samt formålet, ser Nmf ingen grunn til. Her vert det medisinske, ikkje det helsepolitiske, spesifisera. Som yrkesutøvar er det forventa at du gjer det yrket ditt tilseier utan at dette blir forskriftsfesta. Denne paragrafen og den ytterlegare spesifiseringa sender signal om at tilliten mellom helsemyndighetane og fastlegen som sentral aktør i primærhelsetenesta er fråverande. Allmenne tilgjengelegheitsavgjerder 23 Departementet ser behovet for å definere kva rimeleg tid tyder. Sjølv om departementet har sett befolkninga sine auka krav til tilgjengelegheit, så er ikkje dette einsbetyande med at det må tilbydast. Departementet vil her tvinge fram auka tilgjengelegheit basera på opinionens krav om kortare ventetid, uavhengig kva årsaka til timebestillinga er. Den føreslåtte endringa med ei presisering av at 80 % av alle hendvendingar skal svarast innan 2 minutt er eit konkret døme på kor detaljstyrd departementet her framstiller seg. Dette forslaget kan i svært liten grad tilfredsstillast, med mindre det skal tilsettast svært mange nye sekretærar. Målsetnaden til dette forslaget er også noko Nmf ikkje kan sjå. Det er uheldig at departementet vil tvinge alle til å nytte epost og sms. Det finnast legekontor der dette ikkje er praksis som likevel fungerer svært godt. Det er også uheldig for den eldre generasjonen som gjerne ikkje bruker slike tenester i sitt dagligliv. Det bør vere dei ulike kommunane og legekontora si eiga avgjerd om dette er noko dei vil innføre. Departementet bør gjennom politiske signal støtte opp under fastlegane sin faglege autonomi til å prioritere pasientar. Det er ikkje pasientane som skal bestemme kva

4 helsesystemet skal gjere, det bør faglege omsyn gjere. Det at departementet i dette forslaget til ny fastlegeforskrift foreslår svært mange endringar utifrå kva brukaren meiner, utan støtte i det faglege miljøet, vitnar om lite kontakt med fagmiljøa. Dette er noko som er svært uheldig for eit framtidig helsevesen under sterkt press. Heimebesøk 25 Det å presisere at fastlegane bør gjere fleire heimebesøk har gode intensjonar, men sett i samanheng med auka krav om tilgjengelegheit, fleire tverrfaglege møter, akutthjelp-timar, auka rapportering og oppfølging, så er det ikkje tid tilgjengelig for hemebesøk. Samstundes bør dette vere noko som blir tilbode i svært spesielle tilfelle, t.d. terminal cancersjukdom. Andre aspekt Departementet spesifiserar at kommunen manglar verkemiddel ovanfor fastelegen. Dette skal difor den auka rapporteringsmengda gje grunnlag for. På den måten meiner departementet at dette skal fremme dialogen. Frå Nmf sin ståstad vitnar dette om ein mangel på samarbeidsevne. Den auka mengda rapportering har ingen helsefremmande konsekvensar for pasientane, men vil bidra til å ta tid vekk frå pasientbehandling for å drive rapportering til myndighetene. Denne stadig aukande byråkratiseringa av legeyrket er sterkt uheldig og vil bidra til rekrutteringsvanskar i framtida. Det at departementet i denne forskriftsendringa finn det nødvendig å spesifisere og detaljstyre det arbeidet fastlegane gjer, er for Norsk Medisinstudentforeining svært underleg. Det å bli fastlege har for studentmassen heile tida vore promotert som ein kvardag med fridom til å nytte til faktisk pasientbehandling. Dette vil no departementet fjerne ved å indirekte fremme eit mistillitsforslag mot den største aktøren i primærhelsetenesta, til tross for at forsking viser at fastelegesystemet er det pasientane er mest nøgde med. Då departementet i tillegg presiserer viktigheten av auka rekruttering til primærhelsetenesta i samband med Samhandlingsreformens mål, blir det for Nmf svært uforståeleg kva målet med mikrostyring i ei fastlegeforskrift skal føre til. Allereie i dag er det eit auka behov for fastlegar, det at medisinutdanning tek utgangspunkt i spesialisthelsetenesta med berre små opphald ute i primærhelsetenesta er mykje av årsaken til den skeive fordelinga. Departementet vil med dette gjere det enda mindre attraktivt å bli fastlege. Sjølv om mange av forslaga til departement isolert sett er gode, så er det heilskapelege forslaget svært urealistisk, og til tider paradoksalt, med tanke på tid, ressursar og midlar som ligg i primærhelsetenesta. Forslaget inneber svært mange tidskrevande arbeidsoppgåver som skal leggast til legens opphavlege pasientretta arbeid, kvar denne tida skal takast i frå, det utelet departementet å nemne. Med det nye forslaget til fastlegeforskrift fryktar Nmf at fastlegeordninga vil kollapse. Svært mange fastlegar kjem til å seie opp avtalene med kommunen og starte privat praksis. For pasientane vil dette vere eit stort tilbakesteg frå det gode systemet som i dag allereie føreligg.

5 Norsk Medisinstudentforeining tykkjer det er synd departementet ikkje fokuserer på å støtte opp under dei faglege vurderingane rundt det norske helsevesen og kva ein faktisk skal tilby. Det er også synd at det føreligg endringsforslag som ikkje er basera på evidens. Sjølv om befolkninga etterspør auka tilgjengelegheit, så er ikkje dette nødvendigvis eit reelt behov. Det bør også departementet signalisere til den norske befolkning. I staden for, som gjennom dette forslaget, distansere seg frå primærhelsetenesta sitt grunnfundament fastlegen. Frå Norsk Medisinstudentforeining si side verkar det som departementet etterlyser større vilje hos fastlegane til å utføre førebyggande arbeid, samt ta større ansvar innanfor folkehelsa. Dette tykkjer Nmf er svært gode og bærekraftige tankar, men det bør utførast gjennom insentiv og oppmuntring, ikkje forskrifter og tvang. Folkehelse og førebygging bør i større grad innlemmast og fokuserast på i grunnutdanninga, på den måten kan både fastlegen, pasienten og den politiske leiinga av det norske helsevesen oppnå det me alle ynskjer betre helse. Venleg helsing Bjørg Bakke, Leiar Norsk medisinstudentforeining, På vegne av nasjonalt styre

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012

Styresak. Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03. 2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 17.02.2012 Sakhandsamar: Hans K. Stenby Saka gjeld: Revidert fastlegeforskrift - høyring Arkivsak 2011/595/ Styresak 032/12 B Styremøte 07.03.

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/2046-26014/2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: 24.11.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 17/15 Komité for drift og forvaltning 01.12.2015 Høyringsuttale

Detaljer

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012

Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012 Grunnlagsdokument for samarbeid mellom Helse Bergen, Haraldsplass og dei 22 kommunane i lokalsjukehusområdet. Oppfølging av Samhandlingsreforma 2012 1 Utfordringane og målsettinga med arbeidet Det overordna

Detaljer

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane

Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane Endringsoppgåve: Vidareutvikling av samarbeid mellom seksjonane i Psykisk helsevern for barn og unge i Helse Førde og kommunane i Sogn og Fjordane Nasjonalt toppleiarprogram Toril Taklo Nordfjordeid,18.

Detaljer

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2012/ Sverre Sæter,

Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2012/ Sverre Sæter, Rådmann Helse- og omsorgsdepartementet Postboks 8011 dep 0030 OSLO Melding om vedtak Dykkar ref. Vår ref. Sakshandsamar: Arkivkode: Dato: 2012/385-3 Sverre Sæter,35048402 sverre.seter@nissedal.kommune.no

Detaljer

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma

Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma NOTAT GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 18.03.2015 FRÅ: Administrerande direktør SAKSHANDSAMAR: Hans K. Stenby SAKA GJELD: Status og erfaringar i arbeidet med samhandlingsreforma ARKIVSAK:

Detaljer

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes

RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes RAMMEAVTALE mellom Allmennpraktiserande legar i fastlegeordninga i Vestnes og Vestnes Kommune Om drift av legetenesta ved Vestnes Legesenter Gjeldande frå 1. juli 2011 til 30.06.2013. Tidsrom Denne avtalen

Detaljer

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde

Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde Muligheter for samarbeidsforskning i vårt helseområde Behov for ny kunnskap? Etterspurt kunnskap? Forskingsspørsmål? Gjennomførbart? Hvis ja på alle desse, kva hindrar oss då? Me blir stadig eldre (kilde

Detaljer

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering.

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/516 STYRESAK: 078/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK Styret tar saka til orientering. STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 04.06.2018 SAKSHANDSAMAR: Carina Mæland, Hans K. Stenby og Torleiv Bergland SAKA GJELD: Tilgjenge til avtalespesialistar innan psykisk helsevern

Detaljer

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007

Styresak. Bakgrunn. Kommentarar. Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 31.05.2007 Sakhandsamar: Kristine Enger Saka gjeld: Behandlingstilbodet til pasientar i legemiddelassistert rehabilitering i Rogaland Arkivsak

Detaljer

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK FORSLAG TIL VEDTAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 06.10.2014 SAKSHANDSAMAR: Ingvill Skogseth SAKA GJELD: Høyring - Stønad til helsetenester mottatt i eit anna EØS-land- Gjennomføring av pasientrettighetsdirektivet

Detaljer

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet

Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet VESTNES KOMMUNE Saksframlegg Arkiv: 460 Arkivsaksnr.: 2012/1565 Saksbehandlar: Karin Pedersen Dato: 25.10.2013 Permisjon ved langtidsfråver Utval Møtedato Utvalssak Administrasjonsutvalet Administrasjonssjefen

Detaljer

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i

Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i Policydokument/ felles strategi t status 09.05.1105 Status Prosjektgruppa hadde sitt siste møte 14.04. Det er med bakgrunn i det som det var semje om der utarbeidd ett utkast til policydokument både til

Detaljer

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell

Pakkeforløp psykisk helse og rus. Forløpskoordinator-rolla. Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell Pakkeforløp psykisk helse og rus Forløpskoordinator-rolla Ellinor Kleppenes og Sønnøve Ramsfjell Pakkeforløp Pakkeforløpa er ein måte å organisere tenestane på, som skal sikre at alle har lik rett til

Detaljer

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde

Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde Rus og psykiatri - utfordringar sett frå kommunane korleis løyse store utfordringar innan feltet åleine eller saman? v/ Line Glesnes og Monica Førde Landro, Sund kommune 1. Sund kommune, organisering rus

Detaljer

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON

UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON UTKAST PLAN FOR FORVALTNINGSREVISJON SOGNDAL KOMMUNE 2012-2015 Bakgrunn Kommunestyret har det øvste ansvaret for internt tilsyn og kontroll i kommunane, og skal etter 77 velja eit kontrollutval til å stå

Detaljer

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova Vedtaksdato: 27.01.2016 Ref. nr.: 15/43233 Saksbehandlar: Helene Nødset Lang VEDTAK NR 07/16 I TVISTELØYSINGSNEMNDA Tvisteløysingsnemnda heldt møte torsdag 21.

Detaljer

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte 07.05.2012 Styresak Går til: Styremedlemmer Føretak: Helse Vest RHF Dato: 24.04.2012 Sakhandsamar: Saka gjeld: Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Detaljer

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF

INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF INSTRUKS FOR ADMINISTRERANDE DIREKTØR I HELSE VEST RHF 1. Formål med instruksen Denne instruksen omhandlar rammene for administrerande direktør sitt arbeid og definerer ansvar, oppgåver, plikter og rettigheiter.

Detaljer

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL

Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad Giske Harald Rydland Johnny Westvik LEIAR MEDL. MEDL 1 Fitjar kommune Møteprotokoll Utval: Råd for funksjonshemma Møtestad: Møterom 2. etasje, Fitjar rådhus Dato: 11.02.2019 Tid: 14:00 Faste medlemmer som møtte: Namn Funksjon Representerer Kari Fjugstad

Detaljer

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog

Saman om å skape. Strategi for innbyggardialog Saman om å skape Strategi for innbyggardialog Vedteken i Ulstein kommunestyre 21. juni 2018 INNLEIING Kvifor gjer vi dette? Ulstein kommune vil styrke innbyggardialogen og lokaldemokratiet. Det er tre

Detaljer

Svar på høring - reservasjonsordninga for fastlegar

Svar på høring - reservasjonsordninga for fastlegar Tokke kommune Arkiv: Saksnr.: 2014/105-3 Saksbeh.: Ann Wraa Direkte tlf.: 35075501 Dato: 14.03.2014 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Helse- og sosialutvalet 14/6 27.03.2014 Kommunestyret 14/16 22.04.2014

Detaljer

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG

FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD I SJUKEHEIM, ELLER TILSVARANDE BUSTAD SÆRSKILD TILRETTELAGD FOR HEILDØGNS TENESTER, KRITERIUM OG VENTELISTER FOR TOKKE KOMMUNE FORSKRIFT OM TILDELING AV LANGTIDSOPPHALD

Detaljer

Kommunedelplan for oppvekst

Kommunedelplan for oppvekst Bø kommune Kommunedelplan for oppvekst 2016-2028 1 Innhald Innleiing... 3 Frå plan til handling... 3 Visjon for Bø kommune... 4 Målsetting... 4 Strategiar... 4 2 Innleiing Som ein kommune i vekst står

Detaljer

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere:

1. Krav til ventetider for avvikla (behandla) pasientar skal i styringsdokumenta for 2015 vere: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 16.01.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Differensierte ventetider ARKIVSAK: 2015/1407/ STYRESAK: 012/15 STYREMØTE: 04.02.

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 14.03.2018 SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring - styringsmål 2018 for Helse Førde HF ARKIVSAK: 2017/4386 STYRESAK: 020/2018

Detaljer

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator

Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Overordna samhandlingsutval Møre og Romsdal Saksframlegg Oppfølging handlingsplan - Koordinerande einingar, individuell plan og koordinator Saksnr Utvalsnamn Møtedato 2017/13 Overordna samhandlingsutval

Detaljer

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune

Etiske retningslinjer. for. folkevalde og tilsette. i Voss kommune Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Side 1 av 5 Etiske retningslinjer for folkevalde og tilsette i Voss kommune Versjon : 1.0 godkjend i Kommunestyret 23.06.2005 Dato : 25.

Detaljer

Side 1 av 1 Fylkesrådmannen postmottak@kd.dep.no. Sakshandsamar: Ina Therese Sørfonden E-post: Ina.Sorfonden@sfj.no Tlf.: 41530709 Vår ref. Sak nr.: 15/5202-5 Gje alltid opp vår ref. ved kontakt Internt

Detaljer

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring Fyresdal kommune Arkiv: Saksmappe: 2016/299-2 Saksbeh.: Ketil O. Kiland Dato: 16.02.2016 Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring Saksframlegg Utval

Detaljer

Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal

Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal Oppsummering etter fagdagar i bruk av pleie- og omsorgsmeldingar mellom helseføretak og kommunar i Møre og Romsdal Ålesund 3. mai og Molde 11. mai 2016 Utarbeida av samhandlingsavdelinga HMR HF v/ rådgjevar

Detaljer

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012.

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012. Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012. Fleire av punkta går inn i kvarandre, og vi har slik sett ein plan på alle dei punkta vi har fått avvik på.

Detaljer

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I FINNØY KVA ER INDIVIDUELL PLAN? Individuell plan er eit samarbeidsdokument. Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester skal få utarbeidd ein individuell

Detaljer

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat

Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat Helse- og omsorgsdepartementet Høyringsnotat Framlegg til endring i forskrifter til spesialisthelsetenestelova og folketrygdlova eigendel ved poliklinisk helsehjelp hjå fysioterapeut, ergoterapeut, og

Detaljer

Utviklingsprosjekt: Kartlegge om Tenesteavtale 3 vert følgt ved akuttinnleggingar på Medisinsk avdeling, Stord Sjukehus. Nasjonalt Topplederprogram

Utviklingsprosjekt: Kartlegge om Tenesteavtale 3 vert følgt ved akuttinnleggingar på Medisinsk avdeling, Stord Sjukehus. Nasjonalt Topplederprogram Utviklingsprosjekt: Kartlegge om Tenesteavtale 3 vert følgt ved akuttinnleggingar på Medisinsk avdeling, Stord Sjukehus Nasjonalt Topplederprogram Sollaug Espedal Kull 14 Stord Sjukehus - Helse Fonna HF,

Detaljer

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE

BEHANDLING I KOMMUNALT RÅD FOR MENNESKE MED NEDSETT FUNKSJONSEVNE TYSVÆR KOMMUNE Særutskrift Dato: 08.05.2018 Saksnr.: 2018/1102 Løpenr.: 14716/2018 Arkiv: H10 Sakshandsamar: ALU / JVI UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA - HØYRINGSSVAR Saksnr Utval Møtedato 11/18 Eldrerådet 28.05.2018

Detaljer

15) Er det målsettingar for funksjonsområde bibliotek som ikkje har kome med (ref. funksjonsplan s. 2.)?

15) Er det målsettingar for funksjonsområde bibliotek som ikkje har kome med (ref. funksjonsplan s. 2.)? Høyringsspørsmål oversikt Her finn du oversyn over alle spørsmåla i questback-høyringa om funksjonsplanar for den administrative verksemda. NB! Det nyttast eiga lenke til å svare på questback-høyringa.

Detaljer

Klage frå Fyresdal kommune over Politidirektoratet si avgjerd av 13. januar 2017 om endringar i lokal struktur i Sør-Øst politidistrikt

Klage frå Fyresdal kommune over Politidirektoratet si avgjerd av 13. januar 2017 om endringar i lokal struktur i Sør-Øst politidistrikt Fyresdal kommune Kommunehuset 3870 FYRESDAL Dykkar ref. Vår ref. Dato 2016/1320-11 17/3060 24.05.2017 Klage frå Fyresdal kommune over Politidirektoratet si avgjerd av 13. januar 2017 om endringar i lokal

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT MASFJORDEN KOMMUNE Sosialtenesta Nav Masfjorden Postboks 14, 5987 Hosteland Tlf 815 81 000/47452171 Unnateke for offentleg innsyn Jf. Offlentleglova 13 SØKNAD OM STØTTEKONTAKT Eg vil ha søknaden handsama

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Førde HF DATO: 11.06.2018 SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial ARKIVSAK: 2017/4386 STYRESAK: 052/2018

Detaljer

HØYRINGSSVAR FORSLAG TIL NY FOLKEHELSELOV dykkar ref /RAGS

HØYRINGSSVAR FORSLAG TIL NY FOLKEHELSELOV dykkar ref /RAGS Til Helse- og omsorgsdepartementet Oslo, 17.01.2011 HØYRINGSSVAR FORSLAG TIL NY FOLKEHELSELOV dykkar ref. 201003835/RAGS er eit samarbeidsforum for frivillige organisasjonar. har meir enn 250 organisasjonar

Detaljer

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune. Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune. Heimel: Vedteken i Fitjar kommune ved kommunestyret [21. juni 2017] med heimel i lov 24. juni 2011

Detaljer

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester Framlegg, 16.05.12 Delavtale mellom Balestrand kommune og Helse Førde HF Retningsliner for å sikre heilskaplege og samanhengande helse- og omsorgstenester til pasientar med behov for koordinerte tenester

Detaljer

Stordal kommune Servicekontoret

Stordal kommune Servicekontoret Stordal kommune Servicekontoret Saksbehandlar: Norunn Viset Busengdal Helse Sunnmøre 6026 ÅLESUND Vår ref.: 10/365-5 Dykkar ref.: Arkiv: FA-G00 Dato: 20.05.2010 Strategi 2015 og Strategi 2020 - Stordal

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 28.04.2017 SAKSHANDSAMAR: Johnny Heggestad SAKA GJELD: Helse 2035 ARKIVSAK: 2017/407 STYRESAK: 054/17 STYREMØTE: 11.05. 2017 FORSLAG TIL VEDTAK

Detaljer

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna

Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna Faglege nettverk mellom kommunane og Helse Fonna MANDAT OG ORGANISERING versjon 3, jan. 2018 Fagleg nettverk for folkehelse, helsefremjing og førebygging Bokn Bømlo Etne Fitjar Haugesund Jondal Karmøy

Detaljer

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012.

Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012. Tilbakemelding og tiltaksplan fra Engen sykehjem etter tilsyn fylkesmannen 8. og 9. mars 2012. Fleire av punkta går inn i kvarandre, og vi har slik sett ein plan på alle dei punkta vi har fått avvik på.

Detaljer

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015 BARNEOMBODET Kunnskapsdepartementet E-post: postmottak@kd.dep.no Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/00875-2 Morten Hendis 11. oktober 2015 Svar på høyring av NOU 2015: 8 «Fremtidens skole - fornyelse

Detaljer

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

Fornyings- og administrasjonsdepartementet Fornyings- og administrasjonsdepartementet Statsråd: Heidi Grande Røys KONGELEG RESOLUSJON Ref. nr.: Saksnr.: 200703632 Dato: 17.12.2008 Forskrift om mellombels unnatak frå konkurranselova for avtaler

Detaljer

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER Naustdal kommune TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING VED SØKNAD OM PLEIE OG OMSORGSTENESTER - 2 - INNHALD: SAKSHANDSAMING Side 3 1. Grunnlag for tildeling av tenester 2. Sakshandsaming / saksgang 3. Klage

Detaljer

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF

PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF PROTOKOLL FRÅ FØRETAKSMØTE I HELSE STAVANGER HF Onsdag 15. mai 2013 kl. 15.10 blei det halde føretaksmøte per telefon i Helse Stavanger HF. Saksliste: 1. Føretaksmøtet blir konstituert 2. Godkjenning av

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF

Tenesteavtale 5. mellom. Kvinnherad kommune. Helse Fonna HF Tenesteavtale 5 mellom Kvinnherad kommune og Helse Fonna HF ANSVARS- OG OPPGÅVEFORDELING VED OPPHALD I, OG UTSKRIVING AV PASIENTAR FRÅ SPESIALISTHELSETENESTA SOMATIKK 1 Partar Denne avtalen er inngått

Detaljer

INTERNASJONAL STRATEGI

INTERNASJONAL STRATEGI INTERNASJONAL STRATEGI 2008 2009 SOGN OG FJORDANE FYLKESKOMMUNE AUGUST 2007 1. Innleiande kommentarar Det internasjonale engasjementet i Sogn og Fjordane er aukande. Dette skapar utfordringar for fylkeskommunen,

Detaljer

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500

Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500 VESTNES KOMMUNE Helse- og omsorgsutvalet OBS OPPMØTE PÅ TRESFJORD TRYGDEHEIM KL 1500 Innkalling til møte i Helse- og omsorgsutvalet Møtestad: Dato: Tresfjord Trygdeheim, 21.01.2013 Kl.15:00 Dei som er

Detaljer

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune 1 Bedriftspedagogisk Senter A.S bps@bps.as Medarbeidarsamtalar i Radøy kommune - slik gjer vi det Leiar har ansvar for å gjennomføra samtalane sine slik det

Detaljer

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE:

MØTEPROTOKOLL. Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne SAKLISTE: MØTEPROTOKOLL Råd for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 19.04.2016 Tid: 09:00-11:00 Funksjon Navn Forfall Møtt for SAKLISTE: Sak nr. Arkivsak nr. Tittel

Detaljer

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF

HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Arkivref: 2018/1494-10350/2018 Saksh.: Trygve Dahl Saksnr Utval Møtedato Formannskapet HØYRINGSSVAR UTVIKLINGSPLAN HELSE FONNA HF Framlegg til vedtak: Stord formannskap vedtek høyringssvar til Utviklingsplan

Detaljer

LEGETENESTER I STORD OMFANG OG ORGANISERING

LEGETENESTER I STORD OMFANG OG ORGANISERING Arkivref: 2010/2234-8313/2012 Saksh.: Lars Helge Sørheim Saksframlegg Saksnr Utval Møtedato Komité for rehabilitering, helse og omsorg LEGETENESTER I STORD OMFANG OG ORGANISERING Framlegg til vedtak: 1.

Detaljer

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53. Kunngjort 29. juni 2017 kl. 15.40 PDF-versjon 28. juli 2017 15.06.2017 nr. 1008 Forskrift om rett

Detaljer

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Tilgangskontroll i arbeidslivet - Feil! Det er ingen tekst med den angitte stilen i dokumentet. Tilgangskontroll i arbeidslivet Rettleiar frå Datatilsynet Juli 2010 Tilgangskontroll i arbeidslivet Elektroniske tilgangskontrollar for

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/2181-25368/2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: 16.11.2015 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 16/15 Komité for drift og forvaltning 01.12.2015 Uttale til høyringa

Detaljer

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK:

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Helse Vest RHF DATO: 21.04.2015 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem SAKA GJELD: Finansiering av forsking i Helse Vest ARKIVSAK: 2015/1741 STYRESAK: 049/15 STYREMØTE:

Detaljer

Interkommunal legevakt

Interkommunal legevakt Interkommunal legevakt Fastlegeordningen er under press HDIR «Styringsdata vedr. Fastlegeordningen mai 2017 ; sterk økning i tall lister som er drevet av vikar. Andel av befolkning som ikke har plass på

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir i -0'_::.:: ---N KOMMUNE _- - -: GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir r' I Styre, utval komite m.m. Møtedato Sakser O vekstutvalet Avgjerd av : Oppvekstutvalet Arkiv: Al Arkivsaker.: Saksbehandlar : Arne Eikenes

Detaljer

Kafédialog Ungdommens kommunestyre

Kafédialog Ungdommens kommunestyre Kafédialog Ungdommens kommunestyre Problemstilling A1: Psykisk helse I UngData svarte elevane på spørsmål om psykisk helse. Særskilt spørsmåla om bekymring, og «føler at alt er eit slit» får høge tal.

Detaljer

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål. TIME KOMMUNE TENESTESTANDARD OG KVALITETSMÅL PSYKISK HELSEARBEID 1. FORMÅL Formålet med tenesta er å fremja sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje

Detaljer

Samarbeid om førebyggjing

Samarbeid om førebyggjing Framlegg, 16.05.12 Delavtale mellom XX kommune og Helse Førde HF Samarbeid om førebyggjing 1 Avtale om samarbeid om førebyggjing 1. Partar Avtalen er inngått mellom XX kommune og Helse Førde HF. 2. Bakgrunn

Detaljer

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen)

bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Tenesteavtale mellom Sauda kommune og Helse Fonna HF Om bruk av følgje ved opphald i sjukehus (Følgjeavtalen) Partar Denne avtalen er inngått mellom Sauda kommune og Helse Fonna HF. Bakgrunn og omfang

Detaljer

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09

Detaljer

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR HORDALAND FYLKESKOMMUNE Økonomiavdelinga Innkjøpsseksjonen Arkivsak 200901211-16 Arkivnr. 180.T40 Saksh. Marit, Høisæter Saksgang Møtedato Fylkesutvalet 24.05.2012 RETNINGSLINE FOR RESERVERTE KONTRAKTAR

Detaljer

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG

Høyringsnotat. 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet. 2 Gjeldande rett og bakgrunnen for framlegget OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG Høyringsnotat Lovavdelinga Juni 2014 Snr. 14/3811 OREIGNINGSLOVA 4 SÆRSKILT TVANGSGRUNNLAG 1 Hovudinnhaldet i høyringsnotatet Justis- og beredskapsdepartementet sender med dette på høyring eit utkast til

Detaljer

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest

Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest Samhandlingsreforma kva gjer vi i 2011? Førde, 26. september 2011 Herlof Nilssen, administrerande direktør i Helse Vest Grunnlaget for samhandlingsreforma Folkehelselova, Kommunal helse- og omsorgstenestelov

Detaljer

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering.

STYRESAK ARKIVSAK: 2018/511 STYRESAK: 076/18 STYREMØTE: FORSLAG TIL VEDTAK. Styret tar saka til orientering. STYRESAK GÅR TIL: Styremedlemmer FØRETAK: Helse Vest RHF DATO: 04.06.2018 SAKSHANDSAMAR: Baard-Christian Schem og rådgivar Maria Holme Lidal SAKA GJELD: Forskingsstrategi i tråd med nasjonale føringar

Detaljer

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011

Tema: Prosedyre for oppfylging av sjukefråvær. 1. 10.02.2011 Kristin Stray Jacobsen 1. FORMÅL Prosedyren skal sikre: - at den einskilte leiar følgjer opp sitt ansvar for eigenmelde/sjukmelde arbeidstakarar og arbeidstakarar under rehabilitering/attføring. - at arbeidstakarar

Detaljer

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse

Høyringsuttale til forslag til ny barnevernslov - Sikring av barnet sin rett til omsorg og beskyttelse Sakshandsamar, innvalstelefon Hilde Ordemann, 55 57 22 12 Vår dato 30.01.2017 Dykkar dato Vår referanse 2016/14436 620 Dykkar referanse Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet Postboks 8036

Detaljer

Foto: Carl-Erik Eriksson

Foto: Carl-Erik Eriksson Foto: Carl-Erik Eriksson Høringen Regjeringa meiner det er viktig med medverknad frå innbyggjarar som er særleg avhengige av tenestene til kommunane og fylkeskommunane, og har difor sendt ut eit høyringsnotat

Detaljer

Ny strategiplan for Høgskulen

Ny strategiplan for Høgskulen Ny strategiplan for Høgskulen Nokre innspel til det vidare arbeidet Petter Øgar Mi forståing av strategisk plan Ein overordna og langsiktig plan for å oppnå bestemte overordna mål for organisasjonen Måla

Detaljer

Betre akutthjelp. -eit fagleg og økonomisk samhandlingsprosjekt

Betre akutthjelp. -eit fagleg og økonomisk samhandlingsprosjekt Betre akutthjelp. -eit fagleg og økonomisk samhandlingsprosjekt Kommunalsjef Kari Krogh, Eid kommune Seksjonsleiar May Kristin Sæther, Nordfjord psykiatrisenter (NPS) Nordfjordeid/Eid - vertskommune for

Detaljer

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18:

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Desse sakene vil me arbeide med frå 2014-18: KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL 2014 26. Handlingsplan for 2014 18: Utifrå det som er utarbeidd i kommunedelplanen for Helse, omsorg og sosial er det laga følgjande handlingsplan. Handlingsplanen

Detaljer

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma

Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma Sjå liste med høyringsinstansar Dykkar ref Vår ref Dato 200602334- /CW 20. oktober 2010 Høyring - endringar i forskrift om manntal for fiskarar og fangstmenn som følgje av pensjonsreforma Denne høyringa

Detaljer

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT

03 APR FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga MOTTATT FYLKESMANNEN I ROGALAND Helse- og sosialavdelinga Arbeids- og inkluderingsdepartementet Postboks 8019 Dep. 0030 Oslo Vår ref.-. 2007/1954 Dykkar ref Arkivnr.: 721.0 ARBEIDS - OG INKLUDERINGSDEPARTEMENT

Detaljer

Fundamenta i samhandlinga. Toppleiarmøte 21. januar 2016 Odd Ivar Øvregård

Fundamenta i samhandlinga. Toppleiarmøte 21. januar 2016 Odd Ivar Øvregård Fundamenta i samhandlinga Toppleiarmøte 21. januar 2016 Odd Ivar Øvregård Kvifor samhandlingsreform Rett behandling på rett sted til rett tid SAMFUNNSUTVIKLING RESURSUTNYTTING KLARARE ARBEIDSFORDELING

Detaljer

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE

INFORMASJON HJELPEINSTANSANE INFORMASJON OM HJELPEINSTANSANE for barnehage og skule Ål kommune I dette heftet er det samla informasjon om hjelpeinstansar som samarbeider med barnehage og skule. Desember 2014 PPT FOR ÅL OG HOL Pedagogisk-psykologisk

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Strategiplan for Apoteka Vest HF

Strategiplan for Apoteka Vest HF Strategiplan for Apoteka Vest HF 2009 2015 Versjon 0.91 03.09.2008 Strategiplan for Apotekene Vest HF 2009 2015 Side 1 Innleiing Det har vore nokre spennande år for Apoteka Vest HF sida reforma av helseføretaka

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse

Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse Delavtale Samarbeid om kunnskap og kompetanse 1. Partar... 3 2. Bakgrunn... 3 3. Føremål... 3 4. Fora for kunnskapsoverføring og informasjonsutveksling... 4 5. Bruk av nettverk... 4 6. Andre ordningar

Detaljer

DATO: SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest

DATO: SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Sjukehusapoteka Vest DATO: 15.5.2018 SAKSHANDSAMAR: Bolstad SAKA GJELD: Strategiplan for Sjukehusapoteka Vest 2018 2023 ARKIVSAK: STYRESAK: 020/18 STYREMØTE: 31.5.2018

Detaljer

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Kva veit vi no, vel eit år etter? Ei slags oppsummering

Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Kva veit vi no, vel eit år etter? Ei slags oppsummering Samhandlingsreforma Samhandling er vedtatt, vi er igang! Men mykje gjenstår Kva veit vi no, vel eit år etter? Ei slags oppsummering Tor Arne Gangsø, 16.05.2013 Kvifor står eg her? Rådmann i Vågå kommune

Detaljer

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE

MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE MERKNADER TIL REGLEMENTA FOR HOVUDUTVALA I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE Justert som følgje av vedtak i fylkestinget i sak T-88/02 og T-8/03. INNLEIING Etter vedtak i fylkestinget i sak T-38/90 har fylkeskommunen

Detaljer

Tenesta for PU og tannhelsetenesta. Tenner for livet

Tenesta for PU og tannhelsetenesta. Tenner for livet Tenesta for PU og tannhelsetenesta Tenner for livet Samarbeid mellom kommunehelsetenesta, tenesta for PU og Den offentlege tannhelsetenesta I Den offentlege tannhelsetenesta sitt arbeid for å gje tannhelsetilbod

Detaljer

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering

Fusjonsprogrammet for Høgskulen på Vestlandet. Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering HØYRINGSINNSPEL Sak Delprosjekt administrativ organisering delprosjekt i hovedprosjekt Faglig og administrativ organisering Saksnr. 16/05641 Dato sendt ut på høyring 19.12.16 Høyringsfrist 13.1.17 Send

Detaljer

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL

KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE STRATEGISK DEL MELAND KOMMUNE KOMPETANSEUTVIKLINGSPLAN FOR MELAND KOMMUNE 2012 2015 STRATEGISK DEL Vedteke i Administrasjonsutvalet sak 042/11 24.08.11 s.1 Innhald: Innleiing Hovudmål 8 fokusområde: 1. Leiaropplæring

Detaljer

Du må tru det for å sjå det

Du må tru det for å sjå det Du må tru det for å sjå det Opplysnings- og meldeplikta Assistent Barnehageeiga til beste for folk, samfunn og livsgrunnlag Familie Pedagogisk leiar Fylkesmannen Barnekonvensjonen Diskrimineringsforbodet,

Detaljer

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/1944-23816/2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: 03.10.2016 SAKSDOKUMENT Utvalsaksnr Utval Møtedato 99/16 Komité for drift og forvaltning 18.10.2016 Uttale

Detaljer

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE BAKGRUNN FOR FORSKRIFTA Bakgrunnen for forskrifta er lovendringar i pasient- og brukerrettighetsloven

Detaljer

1. Mål med samhandlingsreforma

1. Mål med samhandlingsreforma 1. Mål med samhandlingsreforma I april 2010 vedtok Stortinget Samhandlingsreforma, som var lagt fram som Stortingsmelding 47 i juni 2009. Meldinga hadde som undertittel Rett behandling på rett sted til

Detaljer

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune PLANPROGRAM Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse 2019-2022 Balestrand kommune Leikanger kommune FØREORD Balestrand, Leikanger og startar med dette opp arbeidet med å lage til felles

Detaljer