Visitasforedrag i Odda, 15. november 2015

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Visitasforedrag i Odda, 15. november 2015"

Transkript

1 Visitasforedrag i Odda, 15. november 2015 Kjære kyrkjelyd! Takk for gjevande dagar her i Odda, der eg har fått bli kjent med både kyrkja og bygda. Her har eg møtt eit av dei mest særprega og samansette samfunna i Bjørgvin. Knapt nokon stad finn ein så sterke uttrykk for både tradisjon og modernitet, frå stavkyrkjebygda Røldal til industribyen Odda. I dette, i ulike former, lever og verkar den kristne kyrkja hos dykk. Det gler eg meg over. Eg har fått vere med på mykje. I møte med stab, sokneråd og frivillige medarbeidarar, har eg fått bli kjent med dei som gjer teneste her «under Guds tak», som ein av dei uttrykte det. I det trivelege møtet med kommuneleiinga opplevde eg eit sterkt engasjement, ikkje minst for dei mest sårbare i samfunnet, der ein ser på kyrkja som ein naturleg samarbeidspartnar. Eg fekk vere med diakonen på besøk på Bokko-heimen, og fekk møte bebuarar og tilsette der. Besøka på smedlinja på vidaregåande skule i Odda og på Norsk vasskraft og industristadstadmuseum i Tyssedal gav eit sterkt inntrykk av korleis den kraftkrevjande industrien på eineståande vis har forma desse lokalsamfunna. Slik vart også den sosiale historia dykkar, som eg før har fått eit inntrykk av gjennom forfattarar frå Odda, levande og nær. Mellom alle desse programpostane har eg hatt gode samtalar med dei tilsette og tillitsvalde i kyrkja, der vi har tala om både trua og tenesta. Ei tru og ei teneste som har fått eit både festleg og fordjupande uttrykk på kyrkjelydsfesten og no ved festgudstenesta. Visitas handlar om det å koma utanfrå, bli kjent og sjå på kyrkjelyden med friske auge. Når eg skal oppsummera mine inntrykk, har eg hatt god hjelp i vistiasmeldinga, skriven av begge sokneprestane og diakonen dykkar. Etter samråding med følgjet mitt, prost Arild Hellesøy og spesialprest Roar Strømme, vil eg løfte fram noko som eg ber dykk ha særleg for auga frametter. Som overskrift vil eg setje det aller viktigaste for oss som kristen kyrkje, slik det er uttrykt i visjonen for bispedømet vår: Saman vil vi ære den treeinige Gud ved å forkynne Kristus, byggja kyrkjelydar, fremje rettferd. GUDSTENESTELIVET Saman vil vi ære den treeinige Gud! Dette kjem tydelegast og sterkast til uttrykk i gudstenesta, der vi er saman for Guds andlet, Gud til ære og oss til gagn. Eg les i visitasmeldinga at i alle kyrkjene er gudstenestefeiring prega av ei lita, men trufast kjerne. På spesielle dagar, der mange samlast, ser ein kor mange som eigentleg høyrer heime i kyrkja, men som ein ikkje ofte ser der. Difor ber eg dykk: Hald dykk ikkje borte når kyrkjelyden samlast, som Skrifta seier. Som folkekyrkje er vi heilt avhengig av at sjølve hjarteslaget i kyrkja, gudstenestefeiringa, er sterk, regelbunden og godt besøkt. Utan dette vil både den kristne trua, tenesta og tradisjonen bleikne og visne bort mellom oss. Eit levande gudstenesteliv føreset eit godt gudstenestetilbod. Det har de på mange måtar her i Odda. Her kan de feire gudsteneste ofte og utan at ein treng fare så langt. I Odda og Tyssedal 1

2 er det gudstenestene i ei av kyrkjene mest kvar søndag. Også Skare og Røldal har ein eit betre gudstenestetilbod enn dei fleste mindre bygdesamfunna i Bjørgvin. De har også gode kyrkjebygg. Nokre av dei kan det rett nok vere trong for å gjere litt meir barnevenlege. Men det kan gjerast med enkle grep. De har gode folk til å leie gudstenesta. Dette har eg sjølv høyrt desse dagane, både gjennom forkynning og kyrkjemusikk. I møte med sokneråda har eg møtt vilje til å engasjere seg i gudstenestelivet, som kyrkjevertar og i andre oppgåver. Dei fine skulegudstenestene dykkar viser kva glede borna kan ha av å del i gudstenestefeiringa. Den storslagne naturen dykkar og den djupe pilegrimstradisjonen knytt til stavkyrkja i Røldal innbyr til frilufts- og vandregudstenester. Kraft- og industriminna dykkar kan vere gode samlingsplassar for gudstenester med tilknyting til den lokale kulturen og historia. Dette har eg sjølv opplevd då eg var med og feira gudsteneste på smelteverkstomta ein 1. mai for nokre år sidan. I det heile ligg mykje vel til rette. Men i siste instans handlar dette om haldningar. At vi let Gud vere sentrum i tilveret, og syner dette ved å samlast på søndagen,- Jesu oppstodedag. Det handlar om å samlast der vi som kristne høyrer heime. Dette gjer vi for vår eiga tru og teneste si skuld, der vi treng jamleg påfyll. Men vi gjer det også for Guds skuld, fordi han som vår skapar og frelsar, fortener vår takk og ære: Saman vil vi ære den treeinige Gud! TRUSOPPLÆRINGA Trusopplæringa, ikkje minst for barn og unge, er avgjerande for folkekyrkja si framtid. Vi snakkar gjerne om at vi har ei folkekyrkje, og det skal vi gle oss over, men den er ingen garanti for framtida. Vi må fylla den med tru og liv, og då må me oppdra generasjonane som kjem, og vi kan ikkje rekna med at skulen gjer det, trusopplæring er ikkje skulen si oppgåve, det er kyrkja si oppgåve. Takket vere midlane som følgjer med trusopplæringsreforma har de her i Odda fått tilsett ein motivert og dugande medarbeidar i trusopplæringa i halv stilling. De har også utarbeidd ein god og ambisiøs trusopplæringsplan. No vert oppgåva å verksetje denne planen. Det er de godt i gang med. Slik var det godt møte borna i Tyssedal, som samlast til noko så fint og sjeldan som ein søndagsskule på onsdag, saman med truaste leiarar. Slik friviljuge medarbeidarar vil det trengast mange av frametter. Trusopplæringa er beint fram så omfattande, at det vil vere uråd å gjennomføre henne for alle årskull med hjelp av berre tilsette. Ein så stor, friviljug innsats kan verke overveldande. Men ein måte å gjere dette overkommeleg og kjekt på, er å engasjere friviljuge «fadrar» til ulike mindre oppgåver, slik at ein tek på seg på avgrensa oppgåve for ei avgrensa tid. Desse trusopplæringstiltaka er punktuelle, eingongshandlingar, med sikte på å nå dei aller fleste. Samstundes treng ein meir kontinuerlege tiltak, som t.d. søndagsskulen, der borna blir kjende med både leiarane og trua over tid. Difor er det svært gledeleg at speidararbeidet, som har så gode tradisjonar i Odda, no er kome i gang igjen, etter å ha lege ned ei tid. Like eins er det flott at de emnar på eit barnekor, som de har gode røynsler frå tidlegare. Eg gler meg over den store oppslutninga om konfirmantåret, som er ein svært viktig del av trusopplæringa. Dette vitnar om eit godt opplegg, som ungdomane trivast med. Samtidig skjønar eg at det er ei utfordringa å gje dei ei oppleving av eit større, kristent ungdomsmiljø. Til dette kan eit leirtilbod vere eit tilbod, gjerne knytt til ein organisasjon, noko som ikkje krev alt for mykje ressursar. Eg ber dykk også sjå på om de, gjerne i samarbeid med andre kyrkjelydar kan finne tenlege opplegg for ei oppfølging av ungdomane etter konfirmantåret. 2

3 Skule - kyrkje samarbeidet er ikkje ein del av trusopplæringa. Like vel er det god grunn til å glede seg over det gode og ryddige samarbeidet det har i dette stykket. Noko som kjem til uttrykk ikkje minst i dei flotte skulegudstenestene. Også vi vaksne krev vedlikehald og fornying av trua vår. Barnetrua er ein god ting, men den treng fordjuping og å veksa i møte med dei tankane og erfaringane vi gjer oss i vaksenlivet. Ei god hjelp i dette er gudstenestefeiringa, der vi møter trua både i breidde og djupn. Så får de vurdere om der er tid og høve til også supplerande med «service» på barnetrua, t.d. gjennom bibelgrupper eller kurs med opplæring i trua, gjerne kombinert med eit måltidsfellesskap og samtale i grupper. På denne måten får vi ei oppdatering av trua i møte med livsens mangfald. DIAKONI Kristendom er ikkje berre tru, men også handling. Her går ord og gjerning hand i hand. Dette kjem ikkje minst til uttrykk i diakonien, kyrkja si omsorgsteneste. Dette er ikkje berre ein sektor, men i alt er det ein diakonal dimensjon. Det meste av denne omsorga er ikkje organisert. Det handlar om menneske som ser kvarandre, støttar og hjelper kvarandre, på spontant vis, slik de har ein kultur for her i Odda. Men noko treng også organisering. Difor er det flott at de i Odda har noko så sjeldan som ein diakon i full stilling. Dette har bore frukt. Det er beint fram påfallande kor gode de er på diakoni, og det kan de vere stolte av. Ein vesentleg faktor i dette er det gode samarbeidet som diakonen har med helse- og omsorgstenesta i kommunen. I møtet eg hadde med kommuneleiinga gav dei utrykk for at dei gjerne vil utvikle dette vidare, ikkje minst innan rusomsorga og tenesta for sjuke, gamle og einsame. Ei stor, felles utfordring er den nye flyktningesituasjonen. Her kan vi som kyrkjelyd vere med på å gje medmenneskeleg kontakt, og møte flyktningane også som religiøse menneske. Trua er viktig for dei som kjem, sjølv om dei ikkje har same tru som oss, så kan vi snakka saman og møta kvarandre med både openheit og tydeligheit og respekt. Eit viktig element i dette er at kommunen tek ansvar for sin del av finansiering av diakonstillinga, slik spleiselaget mellom bispedømet og kommunen føreset. Det bør det vere politisk vilje til, så mykje som ein her får for pengane. Dette handlar jo ikkje berre om det arbeidet diakonen utfører direkte, men også om all den friviljuge innsatsen dette utløyser. Så ta vel vare på diakonen dykkar, og hald oppe den gode tradisjonen de har for å vise omsorg og solidaritet både lokalt og globalt. Slik kan vi vere ei truverdig kyrkje, der handling følgjer ord. KYRKJEKULTUR Den kristne trua har på avgjerande vis forma kulturen vår. Her hos dykk kjem dette på eineståande vis til uttrykk i Rødal stavkyrkje og dei tradisjonane som er knytt til henne. At dette ikkje berre er historie, men kan vere ei kjelde til kvile og kveik også i vår tid, syner seg ikkje minst i den fornya interesse for pilegrimstradisjonen, som er så sterk her hos dykk. Slik er stavkyrkja i Røldal no mål for mange pilegrimsruter, også frå andre bispedøme. Dette er vi glade for i bispedømet, og ser det som eit satsingsområde. Eit uttrykk for dette er at soknepresten i Røldal også er tilsett som pilegrimsprest. Som de er vel kjende med vert det også arbeidd for eit pilegrimssenter knytt til stavkyrkja. Bispedømet har ikkje midlar til å gå inn i dette økonomisk, men vil gjerne vere med å styrkje og utvikle den kyrkjelege pilegrimstradisjon hos dykk på ulike måtar. Slik at den kan veksa seg sterk. 3

4 Dette vil vi kome tilbake i mange i samanhengar. Men her og no vil eg gjerne løfte fram denne rike arven som de har mellom dykk, som ikkje berre er ein stor turitattraksjon, men ei djup kjelde til refleksjon og fornying, for dykk som er så heldige å ha henne midt mellom dykk. Difor gler det meg at stavkyrkja er samlingsstaden, fyrst og fremst for gudstenestefeiring, men også for kyrkjekonsertar, ved dei dugande kyrkjemusikarane dykkar. Så har eg alt tala om her i Odda finn ein ikkje berre einståande uttrykk for tradisjon, men også modernitet, fyrst og fremst gjennom kraft- og industrihistoria dykkar. Dei sterke uttrykka dette har fått hos dykk, prega av både visjonar og slit, kan med god grunn løftast inn i trua sitt rom, t.d. gjennom gudstenestefeiring og kyrkjekonsertar på desse stadane. MEDARBEIDARSKAP Gud har ordna det så viseleg at i kyrkja og kyrkelyden er vi eit mangfaldig fellesskap, med ulike givnader, som kan kome andre til gode. Slik er der ei teneste for oss alle, anten ho er løna eller uløna. Ingen er til overs. Det gjeld berre å finne sin plass i tenestefellesskapet. Det store gjennomtrekket i nokre dei kyrkjelege stillingane hos dykk, minner oss om kor sårbar denne tenesta er. Difor må ta vel vare på dei som står i tenesta, kvar på sin plass. De sin er i staben må vera rause, tal vel om kvarandre og stø kvarandre, i respekt for den einskilde si teneste og givnader. Slik skaper de både trivsel og motivasjon til å stå i tenesta på ein gode måte. Så ser også at her eit stort potensiale for meir friviljug innsats. Eg har alt tala om dette i tilknyting til dei ulike verksemdsområda, ikkje minst truopplæringa. Ver frimodig, og dette seier eg til alle, ver frimodig på kva du kan vere med og hjelpe til med, sjølv om det er heller avgrensa både i tid og omfang. Her er det bruk for alle. Viss alle gjer litt, så slepp nokon få å gjera altfor mykje. Så er det slik at nokre av oss som har meir pengar enn tid. Då kan vi vere med og yte vårt ved å gje, og det kjem vel med. I kyrkja står vi framføre eit taktskifte når det gjeld økonomi. Oppgåve er så mange og store at vi treng midlar langt utover at det som vert løyvd av det offentlege. Her treng vi lære av andre kyrkjer, der ein tek ansvar for kyrkjelyden og lokalsamfunnet også ved å gje, på regelbunde og forpliktande vis. Det må de også få til i Odda. Vi er jo truleg er den rikaste kyrkja i verdssoga, i kraft av den allmenne velstanden vår, men der så mykje midlar vert verande hos oss sjølve, og ikkje kjem fellesskapet til gode. Mi personlege tilråding i det stykket er å nytte avtalegiro og faste overføringar til gode føremål. Då gjev ein nærast utan å merke det. Eg vil utfordre sokneråda og fellesrådet til å få i stand ei ordning med fast gjevarteneste, gjerne til konkrete føremål slik som barne- og ungdomsarbeidet. Ikkje minst er foreldra til born og unge potensielle gjevarar, for dei er interesserte i eit godt oppvekstmiljø. Eg vil be prestane om å forkynne fram givergleda! Men KONKLUDERANDE OPPMODINGAR Eg plar legg att etter meg nokre konkrete oppmodingar etter visitasen, som eg også etterspør seinare gjennom prosten. Til kyrkjelydane i Odda vil eg seie: 4

5 1. Feir gudsteneste i lag ofte og med glede! Ei regelbunden og levande gudstenestefeiring er sjølve hjarteslaget i kyrkjelyden, som pumpar liv og kraft til tru og teneste. Her står det bokstaveleg tala om livet i kyrkjelyden! 2. Mobiliser til friviljug teneste! Særleg trusopplæringa vil vere avhengig av at de lukkast med dette. Her er det bruk for alle, i eit mangfald av tenester, om kristen tru og tradisjon skal leve vidare i nye generasjonar i Odda-samfunnet. 3. Hald fram med den gode diakonale innsatsen dykkar! Her står de ein god tradisjon, prega av kristen solidaritet, som de har vist at de kan føre vidare i nye og gode former. Dette er både Gud til ære og medmenneske til gagn. 4. Få i stand ei gjevateneste for arbeidet i kyrkjelydane! De treng sterkare økonomiske musklar om de skal vere rusta for framtida og nå dykkar mål. NÅR ALT ER SAGT OG GJORT Når alt er sagt og gjort, lat meg få takka sokneråda, alle frivillige, prestane og dei andre medarbeiderane for arbeidet de gjer! Det er godt å vita at akkurat de er her. Og lat meg minne om at kristne er vi ikkje i kraft av det vi gjer, men vi kraft av det vi er: Guds born, som vi han har tatt til seg gjennom dåpen og trua, - i sin nåde. Takk for at de har tatt imot meg slik, - som ein bror og tilsynsmann i Kristus. Gud signe Odda, og dei som trur, tener og lever her! BJØRGVIN BISPESTOL 15. november 2015 Halvor Nordhaug 5

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016 Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter 15. 17. og 20. nov 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar under visitasen her i Stord! Eg vert stolt når eg ser så mykje godt arbeid i mitt bispedøme.

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019 Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger 5. -7. og 10. mars 2019 Kjære kyrkjelyd! Takk ein flott visitas og innhaldsrike dagar. Det har vore spennande å koma til ein stad som er resultatet av satsing

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017 1 Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger 28. 30. november og 3. desember 2017 Kjære kyrkjelyd! Dette har vore fine dagar med mange spennande møtepunkt. Eg fekk blant anna vera sjefshyrde saman med

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018 Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger 24. 26. og 29. april 2018 Kjære kyrkjelydar! Takk for flotte møte med kyrkjefolket og folkekyrkja her i Sogndal og Leikanger! Her har eg møtt ein

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013 1 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND 29. 31. OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013 Kjære kyrkjelyd! Gratulerer med kyrkja, gratulerer med jubileet. Det er flott å merka at dette ikkje berre er jubileum

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I FUSA 28. AUGUST SEPTEMBER 2012

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I FUSA 28. AUGUST SEPTEMBER 2012 1 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I FUSA 28. AUGUST. - 2. SEPTEMBER 2012 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Fusa. Eg er imponert over det eg har sett her. De er ein rikt utrusta kyrkjelyd med

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen til soknerådskurs Velkomen til soknerådskurs 1 Rop det ut med hjertets jubel, gledesbudet fra ham selv: Livet kan bli nytt fra nå av, slettet ut er synd og gjeld! Ordet vitner høyt og hellig om hans kjærlighet og makt.

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL OG 7. DESEMBER 2014

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL OG 7. DESEMBER 2014 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL 2.-5. OG 7. DESEMBER 2014 Kjære kyrkjelyd! No er vi komne til avslutninga av min andre visitas som fungerande biskop. Det har vore flotte dagar, og eg kjenner

Detaljer

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert ORDNING FOR Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Innsetjingshandlinga byggjer på ordinasjon. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta)

Detaljer

Vigsling til andre tenester

Vigsling til andre tenester ORDNING FOR Vigsling til andre tenester Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga kan brukast ved vigsling til tenester i kyrkjelyd og kyrkje, ulike typar stillingar eller frivillig

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Jølster og 24. september 2017

Visitasforedrag ved bispevisitas i Jølster og 24. september 2017 Visitasforedrag ved bispevisitas i Jølster 19. 21. og 24. september 2017 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte visitasdagar her i Jølster! Frå før har eg opplevd Jølster i sol og med snø på toppane som det

Detaljer

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar Vi inviterer Oppheim og Vinje kyrkjelydar Kvifor konfirmant? Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar kjem eg frå?

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Laksevåg august og 3. september 2017

Visitasforedrag ved bispevisitas i Laksevåg august og 3. september 2017 Visitasforedrag ved bispevisitas i Laksevåg 29. 31. august og 3. september 2017 Kjære menighet! I dag avsluttes en visitas som for meg har vært et spennende møte med både Laksevåg og folkekirken på Laksevåg

Detaljer

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme ORDNING FOR Vigsling av misjonær Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som misjonær i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant! 1 Velkomen som konfirmant! Velkomen som konfirmant i Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller er nysgjerrig på den

Detaljer

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Side 1 av 6 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 42/17 Til saksnummer: 51/17 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd. Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd. Spørsmål 1. Bør det gjøres endringer i fordelingen av oppgaver og myndighet mellom lokalt, regionalt og

Detaljer

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd DEN NORSKE KYRKJA KR 29/12 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd Oslo, 27.-28. sept 2012 Referansar: KR 42/11 Nynorsken sin plass i trusopplæringa Samandrag I Kyrkjerådet sitt møte i september

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018 Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018 Fungerande biskop, Anne Lise Ådnøy. I Kva er det å vera kristen? Kva er det å vera kyrkje? I dette visitasforedraget vil eg starta her. Med

Detaljer

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen til soknerådskurs Velkomen til soknerådskurs 1 Føremålet med kurset - Kva er det å vera kyrkjelyd? - Kjennskap til soknerådet sitt ansvar og mynde - Oversyn over soknerådet sine oppgåver - Forstå rollene i kyrkjelyden og

Detaljer

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant 1 Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkjelydar. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

Vigsling av evangelist

Vigsling av evangelist ORDNING FOR Vigsling av evangelist Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som evangelist i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja

VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja VI DELER Trusopplæring i Den norske kyrkja Vi deler tru og undring Vi deler kristne tradisjonar og verdiar Vi deler opplevingar og fellesskap Vi deler håp og kjærleik 2 Gjennom eit år skjer det om lag

Detaljer

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10

Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Ordning for dåp Storsamling Nærbø 06.12.10 Velkomsthelsing. Leiar: Forsamlinga skal i dag ta imot dette barnet (bruk gjerne namnet). Vi gjer dette med glede og i bevissthet om det ansvaret dette legg på

Detaljer

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje Tingnes kirke el møtt til Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke I Gudstenesta kjem vi saman for å søkja Gud. Gud tener oss, og vi blir rusta til teneste for kvarandre. Gud vil ha fellesskap med oss.

Detaljer

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI) Rettleiar til bekymringssamtale / undringssamtale - til medarbeidarar som arbeider med barn Samtale med foreldre om bekymring for eit barn Nedanfor finn du fleire forslag til korleis personalet i ein barnehage

Detaljer

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen. ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 4. Forenkla gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat

Detaljer

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK INNHALD FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP... 2 1. MUSIKK MED EVENTUELL INNGANG... 2 2. SONG/SALME... 2 3. NÅDEHELSING/OPNINGSORD... 2 4. SKRIFTLESING...

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Nygård 19. juni Kjære menighet!

Visitasforedrag ved bispevisitas i Nygård 19. juni Kjære menighet! Visitasforedrag ved bispevisitas i Nygård 19. juni 2016 Kjære menighet! Takk for en flott og inspirerende visitas! Jeg gleder meg over alt jeg har sett av godt arbeid for Guds rike i Nygård! Det har vært

Detaljer

Årgang 62 - Nr. 1 MARS Odda Tyssedal Røldal

Årgang 62 - Nr. 1 MARS Odda Tyssedal Røldal Årgang 62 - Nr. 1 MARS 2016 Odda Tyssedal Røldal Skare DEN NORSKE KYRKJA Karen Marie Hovland - ny vikarprest! 8. februar fekk vi ein fast vikarprest til tenester i Odda og Tyssedal sokn medan soknepresten

Detaljer

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017 Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017 Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske

Detaljer

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden

Ulsteinvik Brødsbrytinga / nattverden Ulsteinvik 03.09.2016 Brødsbrytinga / nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

KVA NO ØRSKOG? - Muligheter og utfordringer i ei ny kommune...

KVA NO ØRSKOG? - Muligheter og utfordringer i ei ny kommune... ! Folkemøte om kommunerforma Ørskog 18. januar 2016: KVA NO ØRSKOG? - Muligheter og utfordringer i ei ny kommune... 1. Innleiing! 2 1.1 Bakgrunn og føremål:! 2 1.2 Open Space metoden! 2 1.3 Vegen videre!

Detaljer

Velkommen til menighetsrådskurs

Velkommen til menighetsrådskurs Velkommen til menighetsrådskurs 1 Flammene er mange T: 1972, 1986 Anders Frostenson O: før 1996 Trygve Bjerkrheim M: 1974 Olle Widestrand 2 1 Flammene er mange, lyset er eitt. Lyset Jesus Kristus. Flammene

Detaljer

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage

Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Referat frå foreldremøte 06.05.14. Tjødnalio barnehage Tilstade: Personalet, foreldre og Nina Helle. Kva er BTI: Stord kommune er ein av 8 kommunar som deltek i eit prosjekt som skal utarbeide ein modell

Detaljer

Overskriften i visitasmeldingen er: Hva er det å være kirke på Askøy? Og her kommer altså fasiten.

Overskriften i visitasmeldingen er: Hva er det å være kirke på Askøy? Og her kommer altså fasiten. VISITASFOREDRAG PÅ ASKØY 10. MAI 2015 Kjære menigheter! Takk for flotte dager her på Askøy. Jeg er imponert over det jeg har sett og hørt om arbeidet i Strusshamn, Erdal, Tveit, Ask og Herdla. Jeg er stolt

Detaljer

ORDNING FOR KONFIRMASJON

ORDNING FOR KONFIRMASJON ORDNING FOR KONFIRMASJON NYNORSK INNHALD KVA ER KONFIRMASJONEN?... 2 MÅLSETJING FOR KONFIRMASJONSTIDA... 2 KONFIRMASJONSHANDLINGA... 2 ORDNING FOR KONFIRMASJON... 3 Godkjent av Hovudstyret mai 2011. 1

Detaljer

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste ORDNING FOR Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta) kallar og ordinerer

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I SVEIO 30. NOVEMBER 5. DESEMBER 2010

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I SVEIO 30. NOVEMBER 5. DESEMBER 2010 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I SVEIO 30. NOVEMBER 5. DESEMBER 2010 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Sveio. Eg er imponert over det eg har sett, og det varmar ein biskop når ordføraren fortel

Detaljer

2 - Dei oldkyrkjelege symbola

2 - Dei oldkyrkjelege symbola Fellesskapskyrkja Sandane er ein sjølvstendig kyrkjelyd som vedkjenner Jesus Kristus som Frelsar og Herre, og trur og forkynner at heile Bibelen er Guds ord. 1 - Skrifta 1 / 23 Fellesskapskyrkja Sandane

Detaljer

Trivsel og vekstvilkår

Trivsel og vekstvilkår Trivsel og vekstvilkår Det me veit heilt sikkert: Vaksne sitt samspel med barna pregar barna, og legg grunnlaget for deira mentale helse. Det me skal utforska: Muligheiter og ansvar for å skapa GODE vekstvilkår?

Detaljer

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar.

Til framstellinga kan ein knyta lystenning eller andre enkle symbolhandlingar. Bøner til gudstenestene i konfirmasjonstida Kyrkjerådet har i februar 2002 i samsvar med reglane for liturgisaker vedteke nye bøner for gudstenestene i konfirmasjonstida som liturgisk forsøkssak. 1. GUDSTENESTE

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet Kommunikasjonsplattform for Den norske kyrkja DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet Kommunikasjonsplattform for Den norske kyrkja ISBN 13: 978-82-7545-067-6 Fleire eksemplar kan tingast frå: Kyrkjerådet Postboks

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss vera

Detaljer

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats. Fyresdal Senterparti stiller til val med ei liste av nye og tidlegare folkevalde som gjennom kontakt med innbyggjarane og gode demokratiske prosessar, ynskjer å kome fram til dei beste løysingane og best

Detaljer

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen,

Og han sa til dei: Så står det skrive, at Messias måtte lida og stå opp att frå dei døde tredje dagen, Hald fokus! Lukas 24:44-49 «44 Så sa han til dei: Dette er orda mine, som eg tala til dykk medan eg endå var hjå dykk, at det måtte oppfyllast alt det som er skrive om meg i Moselova og profetane og salmane.

Detaljer

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018 Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018 I Kva er det å vera kristen? Kva er det å vera kyrkje? I dette visitasforedraget vil eg starta her. Med dei viktigaste spørsmåla på ein visitas.

Detaljer

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B ORDNING FOR Vigsel Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå bryllaupsfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda, og det kan vera tillegg til handlinga

Detaljer

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja.

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja. J Austevoll kommune..._....m... 1v _. Kultur- og kyrkjedepartementet Postboks 8030 Dep. 0030 OSLO Kode.lr. (, ` p -- --" i ; `,.... """ Vår ref. Arkivkode. Dykkar ref. 06/00235-007/RAADSH C70 Dato. 18.10.2006

Detaljer

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka

Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka Hovudsatsingane for Odda Senterparti ved kommunevalet 2015 Senterpartiet vil arbeide for Kommuneøkonomi med rom for fondsavsetjing Satsing på auka vedlikehald av kommunale vegar og bygg Gode og brukartilpassa

Detaljer

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker.

Job 30,26 26 Difor vona eg på det gode, men det vonde kom, eg venta på lys, og det vart mørker. 1. Mos 1, 1-5 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. 2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet. 3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys. 4 Gud såg at lyset

Detaljer

Månadsbrev for Rosa september 2014

Månadsbrev for Rosa september 2014 Månadsbrev for Rosa september 2014 Oppsummering/ evaluering av september Språkutvikling Omsorg Ser at borna no stort sett er trygge både på rutinane, dei andre barna og dei vaksne på avdelinga. Dette fører

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2011-2013 Strategidokument_Varhaug_Misjonshus_2011-2013_v1-0.doc Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2010-2015 Innhold 1.Om Varhaug Misjonshus...3 1.1.Visjon...3

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I ULLENSVANG, EIDFJORD OG JONDAL, MAI 2011

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I ULLENSVANG, EIDFJORD OG JONDAL, MAI 2011 1 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I ULLENSVANG, EIDFJORD OG JONDAL, 18. 22. MAI 2011 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Ullensvang, Eidfjord og Jondal. Dette har vore ei festreise. Eg starta

Detaljer

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon: Enten du trur, tvilar eller berre er nysgjerrig, er du velkomen til konfirmasjon i kyrkja. I konfirmasjonstida kan du lære meir om deg sjølv og Gud. Du får høve til å utforske nokre av dei mange spørsmåla

Detaljer

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 3. Forenkla gudsteneste med nattverd I. SAMLING Klokkeringing Informasjon om gudstenesta i dag. (Evt. Korte kunngjeringar) Informasjonen blir avslutta med: Lat oss

Detaljer

Refleksjon og skriving

Refleksjon og skriving Refleksjon og skriving I denne delen skal vi øve oss på å skrive ein reflekterande tekst om eit av temaa i boka om «Bomulv». Teksten skal presenterast høgt for nokre andre elevar i klassen. 1 Å reflektere

Detaljer

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Undervisningsopplegg for filmen VEGAS Samandrag og stikkord om filmen Det er seinsommar i Bergen. Thomas må flytte til gråsonen, ein omplasseringsheim for unge, som av ulike grunnar ikkje har nokon stad

Detaljer

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det slik» Om plan for kjønn og likestilling Bakgrunn Strategiplan for likestilling mellom kjønn i Den norske kyrkja i perioden 2015 2023 vart vedteken av Kyrkjerådet

Detaljer

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.

Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring. ÅRSPLAN 2006-2007 Overordna mål for Varaldsøy barnehage: «Skapa eit miljø som er prega av trivsel, varme og omsorg. Ein kvardag med gode vilkår for leik og læring.» Velkommen til barnehageåret 2006-2007!

Detaljer

2. Soknerådsmøte februar Referat

2. Soknerådsmøte februar Referat 2. Soknerådsmøte 2017 14. februar Referat Mat: Karl Inge AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet

Detaljer

Ulsteinvik Bibelen

Ulsteinvik Bibelen Ulsteinvik 02.09.2016 Bibelen 2Tim 3:14-17 14 Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som

Detaljer

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei Mosby 17.01.2017 2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei heilage skriftene, som kan gjera deg

Detaljer

VISITASPROTOKOLL. Biskopen i Bjørgvin Halvor Nordhaug sin visitas i GLOPPEN. Nordfjord prosti

VISITASPROTOKOLL. Biskopen i Bjørgvin Halvor Nordhaug sin visitas i GLOPPEN. Nordfjord prosti VISITASPROTOKOLL Biskopen i Bjørgvin Halvor Nordhaug sin visitas i GLOPPEN i Nordfjord prosti 8. 12. mai 2019 Protokoll etter nytt visitasreglement: Program Visitasforedrag (Visitasinnberetning) Program

Detaljer

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering

Vigsling av diakon. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering ORDNING FOR Vigsling av diakon Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling av diakonar i kyrkjelyden. Vidare brukar ein ordninga ved vigsling til diakonale

Detaljer

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid.

Dokument nr. Omb 1 Dato: 14.07.2011(oppdatering av tidlegare dokument) Skrive av. ÅSN. Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Visjon og formål Visjon: Ved di side eit lys på vegen mot arbeid. Formål: Telemark Lys AS er ei attføringsbedrift som, gjennom framifrå resultat, skal medverke til å oppfylle Stortingets målsetting om

Detaljer

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm. FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm. Møtet tok til kl.19.00 og var slutt kl.21.15. Innkallinga var sendt representantane

Detaljer

Brødsbrytelsen - Nattverden

Brødsbrytelsen - Nattverden Brødsbrytelsen - Nattverden 1.Kor 11:17-34 17 Men når eg gjev dykk desse påboda, kan eg ikkje rosa at de kjem saman til skade, og ikkje til gagn. 18 For det fyrste høyrer eg at det er usemje mellom dykk

Detaljer

Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014)

Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014) Årsmelding 2013 Fusa sokneråd (vedteken av Fusa sokneråd, 5. mai 2014) A. Innleiing 2013 har vore eit år med stort engasjement gjennomføring av ny gudstenesteordning oppfølging etter bispevisitas stor

Detaljer

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje 2015-2017 Visjon: Vi vil gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. I tillegg vil vi vidareføre gudstenester,

Detaljer

SAKLISTE: GODKJENNING AV REFERAT, INNKALLING OG SAKLISTE VAL AV REPRESENTANT TIL KYRKJELEG FELLESRÅD KOMMUNEPLAN HØYRINGSFRÅSEGN

SAKLISTE: GODKJENNING AV REFERAT, INNKALLING OG SAKLISTE VAL AV REPRESENTANT TIL KYRKJELEG FELLESRÅD KOMMUNEPLAN HØYRINGSFRÅSEGN Skodje sokneråd Boks 121, 6263 Skodje Tlf. 70275465 E-post: skodje@skodjekyrkja.no Org. nr. 976 997 301 INNKALLING TIL SOKNERÅDSMØTE Stad: Kyrkjekontoret Tid: Torsdag 5. november 2015 kl. 19.00 Faste medlemmer:

Detaljer

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR

Detaljer

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Veivalg for fremtidig kirkeordning HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Det vises til Kirkerådets høringsnotat Veivalg for fremtidig kirkeordning. I høringsnotatet presenteres en rekke temaer og veivalg

Detaljer

Visitasforedrag, Gjøvdal og Åmli sokn, juni 2016

Visitasforedrag, Gjøvdal og Åmli sokn, juni 2016 Visitasforedrag, Gjøvdal og Åmli sokn, 8.-12. juni 2016 Innleiing Kjære kyrkjelydar. Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus. Amen! Ein visitas er ei av de mest verdifulle oppgåvene

Detaljer

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld: MASFJORDEN KOMMUNE Rådmannen Rådgjevarar Kunnskapsdepartementet Dato: 22.12.2009 Vår ref. 09/776-3/N-210/AMS Dykkar ref. Høyringsfråsegn frå Masfjorden kommune Viser til vedlagt utskrift av vedtak KS-084/09

Detaljer

KYRKJELEG FELLESRÅD. Dykkar ref: Vår ref: Dato: osl/ august 2018

KYRKJELEG FELLESRÅD. Dykkar ref: Vår ref: Dato: osl/ august 2018 KYRKJELEG FELLESRÅD KYRKJEVERJA I KVAM Til medlemene i Kyrkjeleg fellesråd i Kvam Postadresse: Norheimsund kyrkje, Postboks 39, 5601 NORHEIMSUND E-mail: kyrkjeverje@kvam.kyrkjer.net Telefon: 56 55 17 45

Detaljer

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna.

Me har halde fram med gruppedelinga (relasjonsgruppene) og ser at dette har hatt positiv innverknad på dagane til barna. I november har me hatt fokus på språk og språkleik. Mykje av barna si språklæring går føre seg i dei kvardagslege samtalane våre, men ved å nytta nokre konkrete leikar, samt bilde og objekt å undre seg

Detaljer

Apg 9:11 «For sjå, han ber!»

Apg 9:11 «For sjå, han ber!» Mosby 18.01.2017 Luk 18:1-8 1 Han sa ei likning til dei om at dei alltid skulle be og ikkje trøytna. 2 I ein by var det ein domar som ikkje hadde frykt for Gud og ikkje tok omsyn til noko menneske. 3 Og

Detaljer

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage!

Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Til deg som er vikar eller nytilsett i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor» MAURTUÅ BARNEHAGE «Saman set me spor» Dette betyr at: Barn, foreldre og tilsette set spor hjå kvarandre.

Detaljer

Vår grøne. kyrkjelyd

Vår grøne. kyrkjelyd Vår grøne kyrkjelyd Vår grøne kyrkjelyd ønskjer å medverke til glede, takksemd og undring i kyrkjelydane over å vere ein del av skaparverket, og å forløyse engasjement og kreativitet til å ta vare på den

Detaljer

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat

5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat 5. Soknerådsmøte 2016 3. mai Referat Mat: Ingunn AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet FR Klepp

Detaljer

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte.

Med takk og glede tek kyrkjelyden imot barnet/borna som i dag er i Guds hus for å bli døypt/døypte. KM 06.1.2/10 Dåpsliturgi i hovudgudstenesta - til Kyrkjemøtet 2010 I. MOTTAKING TIL DÅP Dåpssalmen kan ein syngja her, før skriftlesinga, før framseiing av forsakinga og trua som avslutning på dåpshandlinga.

Detaljer

www.forde.kommune.no Visjon: Førde kommune ei drivkraft med menneska i sentrum Verdiar: I Førde kommune er vi engasjerte, inkluderande, tydelege og vi viser andre respekt. Førde kommune skal vere ein god

Detaljer

Sandeid skule SFO Årsplan

Sandeid skule SFO Årsplan SFO Årsplan Telefon: 48891441 PRESENTASJON AV SANDEID SKULE SIN SFO SFO er eit tilbod til elevar som går på i 1. til 4. klasse. Rektor er leiar av tilbodet. Ansvaret for den daglege drifta er delegert

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 29.10.14 Frå saksnummer: 68/14 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 76/14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Myndig tru - mangfaldige fellesskap.

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Myndig tru - mangfaldige fellesskap. DEN NORSKE KYRKJA KR 38/09 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd Oslo, 27.-28. mai 2009 Sakshandsamar: Espen Andreas Hasle Referansar: UKM 06/07 og UKM 04/08 Saksdokument: Dok.dato Tittel

Detaljer

Bjørnehiet SFO - informasjon

Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO - informasjon Bjørnehiet SFO er eit friviljug omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid for barna på 1.- 4. steg. Sentralt i tilbodet er omsorg, tryggleik og gode utviklingsvilkår.

Detaljer

Møteprotokoll for Radøy sokneråd

Møteprotokoll for Radøy sokneråd Møteprotokoll for Radøy sokneråd Tid: 02.02.2016 kl. 18:00-20:00 Stad: KYRKJEKONTORET, MØTEROMMET Frammøte: Gunnar Olav Kartveit Grethe Lunde Sølvi Helen Kvalheim Mjøs Silje Kristin Ellingsen Tore Morland

Detaljer

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Jølster har vakker og særmerkt natur; vatn og elv, daler og lier, fjell og bre. Jølster er strategisk plassert i fylket der Skei er eit naturleg knutepunkt for

Detaljer

DEN NORSKE KYRKJA Klepp kyrkjelege fellesråd

DEN NORSKE KYRKJA Klepp kyrkjelege fellesråd Postboks 101 4358 KLEPPE Tlf: 51789555 Faks: 51789550 Klepp kommune Kleppe 14.09.2017 Vår sakshandsamar: DS Vår ref.: 17/00028-008 Arkivkode: 112 Budsjett og økonomiplan 2018-2021 Vedlagt fellesrådet sitt

Detaljer

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst

Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst Felles plattform for pedagogisk leiarskap i oppvekst Oppvekstsektoren 12.05.2015 FORORD KOMPETANSE OG ETIKK Barn som veks opp i Sula skal få lære det dei treng og vil kort sagt bli gitt gode vilkår for

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer

Elevundersøkinga 2016

Elevundersøkinga 2016 Utvalg År Prikket Sist oppdatert Undarheim skule (Høst 2016)_1 18.11.2016 Elevundersøkinga 2016 Symbolet (-) betyr at resultatet er skjult, se "Prikkeregler" i brukerveiledningen. Prikkeregler De som svarer

Detaljer