Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker"

Transkript

1 Hjartdal kommune Møtedato: Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl. 17:00 18:45 Saksnr til og frå: 046/12-057/12 Møteprotokoll for Utval for plan og byggesaker Møtet blei styrt av: utvalsleiar Inger Øya Grøgård Medlemene blei innkalla i skriv datert , og møtet vart kunngjort på kommunen si heimeside og i Telen Medlemmer (Før evt. opp kven som er borte) Ragnar Nørstrud (møtte ikkje) Varamedlemmer Ingen Andre Anne E. Bamle Anna: Underskrifter Vi stadfester at møteboka er i samsvar med det som blei vedteke på møtet. Inger Øya Grøgård Heidi K. Solberg Olaf Bekkhus Mathias Kleppen

2 Saksliste: Sak nr. Saktittel 046/12 GODKJENNING AV MØTEBOK 047/12 DELEGASJONSSAK 048/12 REFERATSAKER 049/12 FRÅDELING AV TILLEGGSAREAL - DRØFTING AV PRINSIPP 050/12 OLAV N. FLUGON - DELING AV GRUNNEIGEDOM OG REKVISISJON AV OPPMÅLINGSFORRETNING 051/12 SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEDELPLANEN FOR NORDBYGDA - GNR 1 BNR 2 OG 3 - HEIMELSHAVAR: KARI H D FLØTRE 052/12 DISPENSASJONSSØKNAD FOR ENDRA BRUK AV AREAL I ÅRÅHOVDE. GRUNNEIGAR: JOHN BONDAL 053/12 DISPENSASJONSSØKNAD FOR ENDRA AREALBRUK I SAMBAND MED TILBYGG PÅ HYTTE PÅ GNR. 104/3/67. TILTAKSHAVAR: ATLE HOLMÅS 054/12 DISPENSASJONSSØKNAD TILBYGG PÅ GNR 92 BNR 2 FNR 20 - TILTAKSHAVAR: LAILA NORDBERG ERIKSEN OG TORGEIR ERIKSEN 055/12 DISPENSASJONSSØKNAD BYA PÅ ANNEKS - GNR 36 BNR 12 - HEIMELSHAVAR: GUNVOR OG THORBJØRN ØVERBØ 056/12 KLAGE PÅ AVSLEGEN BYGGESØKNAD - GNR 104 BNR 4 FNR 38 - TILTAKSHAVAR: ARVID & LENE GRANE 057/12 HANDSAMING AV KLAGE - OLAV H. FLUGON - SØKNAD OM DISPENSASJON PLANOMRÅDE FLUGONFJELL VEST

3 046/12: GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå POB-møte blir godkjent slik ho ligg føre. POB-046/12 VEDTAK: Møteboka frå POB-møte blei godkjent slik ho låg føre. 047/12: DELEGASJONSSAK RÅDMANNEN TILRÅR Delegasjonssakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre. POB-047/12 VEDTAK: Delegasjonssakene blei teke til etterretning slik dei låg føre. 048/12: REFERATSAKER RÅDMANNEN TILRÅR Referatsakene blir teke til etterretning slik dei ligg føre. POB-048/12 VEDTAK: Referatsakene blei teke til etterretning slik dei låg føre.

4 049/12: FRÅDELING AV TILLEGGSAREAL - DRØFTING AV PRINSIPP Utval for plan og bygg drøftar saka Utval for plan og byggesaker Samrøystes vedteke. POB-041/12 VEDTAK: POB-049/12 VEDTAK: Utval for plan og bygg drøftar saka. 050/12: OLAV N. FLUGON - DELING AV GRUNNEIGEDOM OG REKVISISJON AV OPPMÅLINGSFORRETNING Med heimel i 19-1 i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon til arealoverføring av inntil 750m² med arealføremål fritidsbustad. Arealoverføringa skjer frå gnr 92 bnr 2 til gnr 92 bnr 48 innom reguelringsplan for Steinsarmen Skitnetjønn hyttefelt på fylgjande vilkår: Maksimal BYA fylgjer tomtestorleiken som er godkjent i reguleringsplanen, høvesvis 1561m² for gnr. 92 bnr. 48. Dette gir eit maksmalt BYA på 234m² Utval for plan og byggesaker

5 Samrøystes vedteke. POB-042/12 VEDTAK: POB-050/12 VEDTAK: Med heimel i 19-1 i plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon til arealoverføring av inntil 750m² med arealføremål fritidsbustad. Arealoverføringa skjer frå gnr 92 bnr 2 til gnr 92 bnr 48 innom reguelringsplan for Steinsarmen Skitnetjønn hyttefelt på fylgjande vilkår: Maksimal BYA fylgjer tomtestorleiken som er godkjent i reguleringsplanen, høvesvis 1561m² for gnr. 92 bnr. 48. Dette gir eit maksmalt BYA på 234m². 051/12: SØKNAD OM DISPENSASJON FRÅ KOMMUNEDELPLANEN FOR NORDBYGDA - GNR 1 BNR 2 OG 3 - HEIMELSHAVAR: KARI H D FLØTRE RÅDMANNEN TILRÅR Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det ikkje gjeve dispensasjon til frådelinga av 2540m² i LNF-området i kommunedelplanen for Nordbygda frå gnr 1 bnr 2 og 3. Rådmannens grunngjevnaden for ikkje å gje dispensasjon i dette høvet er dei landbruksfaglege vurderingane etter jordlova gjeng mot deling, og at det soleis ikkje vil vere grunnlag for å gje løyve til deling etter plan- og bygningslova. Rådmannen ser heller ikkje at ei deling har so stor samfunnsinteresser at ulempa stend sterkare enn ein dispensasjon medføyrer. I tillegg er rådmannen sin oppfatning at 2,6daa er dekkjande for bruken av Valufsin som hytte Utval for plan og byggesaker Saka utsetjast til etter at søknaden er handsama etter jordlova.

6 Saka utsetjast til etter at søknaden er handsama etter jordlova. Samrøystes. POB-073/11 VEDTAK: Saka utsetjast til etter at søknaden er handsama etter jordlova Utval for plan og byggesaker Saka vert utsett til neste møte avdi 2 av medlemane ikkje har fått sakspapir. Saka vert utsett til neste møte avdi 2 av medlemane ikkje har fått sakspapir. Vedtaket var samrøystes. POB-045/12 VEDTAK: Saka vert utsett til neste møte avdi 2 av medlemane ikkje har fått sakspapir. Vedtak i NOT-sak 017/12 vart dela ut. Inger Øya Grøgård: Framlegg til nytte vedtak: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til frådelinga av 2540m² innom kommunedelplnen for Nordbygda frå gnr 1 bnr 2 og 3 med arealføremål LNF. Sidan bruken etter deling vert den same som før er utvalets grunngjevnad for å gje dispensasjon i dette høvet, at frådelinga ikkje vil ha negativ innverknad for interesse som lov, plan og helse miljø og sikkerhet er satt til å ivaretake. Merk at det i LNF område ikkje kan setjast i gong tiltak som strid mot landbruks-,natur og friluftsinteressene. Framlegg frå Inger Øya Grøgård blei samrøystes vedteke. POB-051/12 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til frådelinga av 2540m² innom kommunedelplnen for Nordbygda frå gnr 1 bnr 2 og 3 med arealføremål LNF. Sidan bruken etter deling vert den same som før er utvalets grunngjevnad for å gje dispensasjon i dette høvet, at frådelinga ikkje vil ha negativ innverknad for interesse som lov, plan og helse miljø og sikkerhet er satt til å ivaretake. Merk at det i LNF område ikkje kan setjast i gong tiltak som strid mot landbruks-,natur og friluftsinteressene.

7 052/12: DISPENSASJONSSØKNAD FOR ENDRA BRUK AV AREAL I ÅRÅHOVDE. GRUNNEIGAR: JOHN BONDAL Utval for plan og byggesaker gir i medhald av pbl dispensasjon frå reguleringsplanen sitt arealføremål innom reguleringsplanen for Åråhovde hyttefelt til å: endre bruk frå friluft til busetnad på 1500 m² i tilknytnad til tomt 7 og 8 samt frå busetnad til veg på eit areal for adkomstveg til tomt 7 og 8. Grunngjevinga er at føremålet med bestemmelsen det dispenserast frå ikkje vert vesentleg tilsidesett, og det er større fordeler ved å gi dispensasjon enn ulemper. Tomt 7 og 8 definerast no i sin heilheit som areal med føremål busetnad. Vedtaket kan påklagast. Ei eventuell klage stilast til Hjartdal kommune, 3692 Sauland. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent - kom fram Utval for plan og byggesaker Samrøystes vedteke. POB-043/12 VEDTAK: POB-052/12 VEDTAK: Utval for plan og byggesaker gir i medhald av pbl dispensasjon frå reguleringsplanen sitt arealføremål innom reguleringsplanen for Åråhovde hyttefelt til å: endre bruk frå friluft til busetnad på 1500 m² i tilknytnad til tomt 7 og 8 samt frå busetnad til veg på eit areal for adkomstveg til tomt 7 og 8. Grunngjevinga er at føremålet med bestemmelsen det dispenserast frå ikkje vert vesentleg tilsidesett, og det er større fordeler ved å gi dispensasjon enn ulemper.

8 Tomt 7 og 8 definerast no i sin heilheit som areal med føremål busetnad. Vedtaket kan påklagast. Ei eventuell klage stilast til Hjartdal kommune, 3692 Sauland. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent - kom fram. 053/12: DISPENSASJONSSØKNAD FOR ENDRA AREALBRUK I SAMBAND MED TILBYGG PÅ HYTTE PÅ GNR. 104/3/67. TILTAKSHAVAR: ATLE HOLMÅS 1. Utval for plan og byggesaker gir i medhald av pbl dispensasjon frå reguleringsplanen sitt arealføremål innom reguleringsplanen for Solheimsbeite hyttefelt til å oppføret eit tilbygg mot nord på hytte på Gnr. 104/3/67 med ca. 30 m² på areal med føremål friområde. 2. Grunngjevinga er at føremålet med bestemmelsen det dispenserast frå ikkje vert vesentleg tilsidesett, og det er større fordeler ved å gi dispensasjon enn ulemper. 3. Så snart komplett søknad om løyve til igongsetting ligg føre, kan administrasjonen skrive ut igongsettingsløyve på tilbygg og borehull Utval for plan og byggesaker Samrøystes vedteke. POB-044/12 VEDTAK: POB-053/12 VEDTAK: 1. Utval for plan og byggesaker gir i medhald av pbl dispensasjon frå reguleringsplanen sitt arealføremål innom reguleringsplanen for Solheimsbeite hyttefelt til å oppføret eit tilbygg mot nord på hytte på Gnr. 104/3/67 med ca. 30 m² på areal med føremål friområde.

9 2. Grunngjevinga er at føremålet med bestemmelsen det dispenserast frå ikkje vert vesentleg tilsidesett, og det er større fordeler ved å gi dispensasjon enn ulemper. 3. Så snart komplett søknad om løyve til igongsetting ligg føre, kan administrasjonen skrive ut igongsettingsløyve på tilbygg og borehull. 054/12: DISPENSASJONSSØKNAD TILBYGG PÅ GNR 92 BNR 2 FNR 20 - TILTAKSHAVAR: LAILA NORDBERG ERIKSEN OG TORGEIR ERIKSEN Med heimel i plan- og bygningslova 19 vert det gjeve dispensasjon for eit BTA på 121,5 innom reguleringplan for Flugonfjell Kålidalen. Grunngjevnaden for å gje dispensasjon er at det er ein relativ liten auke. Rådmannen kan ikkje sjå at dispensasjonen vil medføyre negativ verknad på dei omsyna som lova er satt til å ivaretake. Vedtaket kan påklagast. Ei eventuell klage stilast til Hjartdal kommune, 3692 Sauland. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent POB-054/12 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19 vert det gjeve dispensasjon for eit BTA på 121,5 innom reguleringplan for Flugonfjell Kålidalen. Grunngjevnaden for å gje dispensasjon er at det er ein relativ liten auke. Rådmannen kan ikkje sjå at dispensasjonen vil medføyre negativ verknad på dei omsyna som lova er satt til å ivaretake. Vedtaket kan påklagast. Ei eventuell klage stilast til Hjartdal kommune, 3692 Sauland. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent 055/12: DISPENSASJONSSØKNAD BYA PÅ ANNEKS - GNR 36 BNR 12 - HEIMELSHAVAR: GUNVOR OG THORBJØRN ØVERBØ Med heimel i plan- og bygningslova 19 vert det gjeve dispensasjon for 10m² slik at det totale BYA vert 215m² innom kommuneplan for Hjartdal kommune. Grunngjevnaden for å gje dispensasjon er at det er ein relativ liten auke frå det som er godkjent frå før. Rådmannen kan ikkje sjå at dispensasjonen vil medføyre negativ verknad på dei omsyna som lova er satt til å ivaretake.

10 Vedtaket kan påklagast. Ei eventuell klage stilast til Hjartdal kommune, 3692 Sauland. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent POB-055/12 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19 vert det gjeve dispensasjon for 10m² slik at det totale BYA vert 215m² innom kommuneplan for Hjartdal kommune. Grunngjevnaden for å gje dispensasjon er at det er ein relativ liten auke frå det som er godkjent frå før. Rådmannen kan ikkje sjå at dispensasjonen vil medføyre negativ verknad på dei omsyna som lova er satt til å ivaretake. Vedtaket kan påklagast. Ei eventuell klage stilast til Hjartdal kommune, 3692 Sauland. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent 056/12: KLAGE PÅ AVSLEGEN BYGGESØKNAD - GNR 104 BNR 4 FNR 38 - TILTAKSHAVAR: ARVID & LENE GRANE Utval for plan og byggesaker har handsama klaga frå tiltakshavar på vedtak i sak 059/12. Utvalet kan ikkje sjå at det i samband med klaga har kome inn nye moment i saka, og opprettheld avslaget i sak 059/12. I vedtaket er det grunngjeve med at integrering av bod og hytte ikkje tilfredsstillar kommunens krav til utforming og visuell kvalitet, jamfør 29-1 og Saka vert sendt til Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjersle. POB-056/12 VEDTAK: Utval for plan og byggesaker har handsama klaga frå tiltakshavar på vedtak i sak 059/12. Utvalet kan ikkje sjå at det i samband med klaga har kome inn nye moment i saka, og opprettheld avslaget i sak 059/12. I vedtaket er det grunngjeve med at integrering av bod og hytte ikkje tilfredsstillar kommunens krav til utforming og visuell kvalitet, jamfør 29-1 og 29-2.

11 Saka vert sendt til Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjersle. 057/12: HANDSAMING AV KLAGE - OLAV H. FLUGON - SØKNAD OM DISPENSASJON PLANOMRÅDE FLUGONFJELL VEST 1. Utval for plan og byggesaker har handsama klager, jamfør kap VI i fvl samt pbl 1-9, frå 4 grunneigarar på vedtak i sak 31/12. Utvalet kan ikkje sjå at det har kome fram nye moment i saka. Vedtak i sak 31/12 vert oppretthaldt. 2. Utval for plan og byggesaker gir vedtaket i sak 31/12 utsett iverksetting, jamfør fvl 42. Grunngjevinga for dette er at utvalet ser at klagehandsaminga utan utsett iverksetting kan stå i fare for ikkje å verte reell. 3. Saka vert sendt over til Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjersle. Inger Øya Grøgård stilte spørsmål ved eigen habilitet. Ho er ein av oppsitjarane til vegen. Inger Øya Grøgård blei samrøystes erklært som inhabil. Møtet vart leia av nestleiar Mathias Kleppen. Olaf Bekkhus stilte spørsmål om eigen inhabilitet, på grunn av at klagar stiller spørsmål i klaga ved hans habilitet. Olaf Bekkhus blei samrøystes erklært som habil. Det var 3 medlemmer til stades under handsaming av saka. Punkt 1 i tilrådinga vart samrøystes vedteke. Punkt 2 i tilrådinga falt med 2 stemmer (av totalt 3) POB-057/12 VEDTAK: 1. Utval for plan og byggesaker har handsama klager, jamfør kap VI i fvl samt pbl 1-9, frå 4 grunneigarar på vedtak i sak 31/12. Utvalet kan ikkje sjå at det har kome fram nye moment i saka. Vedtak i sak 31/12 vert oppretthalde. 2. Saka vert sendt over til Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjersle.

12