Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling

Save this PDF as:
 WORD  PNG  TXT  JPG

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling"

Transkript

1 Hjartdal kommune Møtedato: Møtestad: Kommunehuset Møtetid: Kl.17:00 21:00 Saksnr til og frå: 042/13-055/13 Møteprotokoll for Utval for plan og utvikling Møtet blei styrt av: utvalsleiar Inger Øya Grøgård Medlemene blei innkalla i skriv datert og møtet vart kunngjort på kommunen si heimeside. Medlemmer (Før evt. opp kven som er borte) Audun Dølen Olaf Bekkhus Varamedlemmer Kåre Karlberg møtte for Audun Dølen Bjørg Sletta Rue møtte for Olaf Bekkhus Andre Harald Helliksen tilleggssak konsesjon- sak nr. 054/13 Anne E. Bamle Anna: Neste møte startar kl. 12:00. Opplæring i landbrukslovgiving og overordna planarbeid i regi av Fylkesmannen i Telemark. 1. vara frå kvart parti skal kallast inn. Underskrifter Vi stadfester at møteboka er i samsvar med det som blei vedteke på møtet. Inger Øya Grøgård Kåre Karlberg Audun Solberg Mathias Kleppen Heidi K. Solberg Torunn Gjerjordet Bjørg Sletta Rue

2 Saksliste: Sak nr. Saktittel 042/13 GODKJENNING AV MØTEBOK 043/13 DELEGASJONSSAK 044/13 SØKNAD OM DISPENSASJON - UTVIDING AV TOMT 91 FLUGONFJELL - HEIMELSHAVAR: OLAV H. FLUGON 045/13 HIBBERG HYTTEFELT - REGULERINGSPLAN 046/13 ETABLERING AV GJENVINNINGSSTASJON 047/13 SØKNAD OM DISPENSASJON - BYGGING AV KJERRINGSTEINLØYPA RUNDT KOVSTULVATNET 048/13 SØKNAD OM DISPENSASJON FOR BYGGING AV TILKOMSTVEG - GNR 92 BNR 2 - ATTEMED FLUGONFJELL - TILTAKSHAVAR: TOM G CARLSEN 049/13 SØKNAD OM DISPENSASJON VEDK. BYGGEGRENSE MOT VANN FOR ANNEKS PÅ GNR. 22, BNR. 9 - BREIVATN. TILTAKSHAVAR: ARILD O. SLÅTTA 050/13 SØKNAD OM DISPENSASJON FOR DELING AV GRUNNEIGEDOM - GNR 39 BNR 1 KRINGLETJØNN VED BREIVATN - FESTAR: MORTEN NYHUS 051/13 NY KLAGE PÅ VEDTAK I DISPENSASJONSSØKNAD FOR BYGGING AV 2 BODER PÅ GNR. 104/3/48 - SOLHEIMSBEITE. TILTAKSHAVAR: BEATE OG TOMMY SIRE 052/13 FIKSTJØNN HYTTEFELT - NYTT PLANKART 053/13 RUSSMARKEN HYTTEFELT - MINDRE VESENTLEG REGULERINGSENDRING I NOVEMBER VEDTAK AV PLANKARTET 054/13 SØKNAD FRÅ TORE GÅSODDEN OM KONSESJON FOR OVERTAKING AV EIGEDOMEN FOSSE, GNR. 80, BNR /13 DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN E134 GVAMMEN - ÅRHUS - ENDRING AV FORMÅLSGRENSE

3 042/13: GODKJENNING AV MØTEBOK RÅDMANNEN TILRÅR Møteboka frå utval for POU blir godkjent slik ho ligg føre. POU-042/13 VEDTAK: Møteboka frå utval for POU blir godkjent slik ho ligg føre. 043/13: DELEGASJONSSAK RÅDMANNEN TILRÅR Delegasjonssakene blir teke til orientering slik dei ligg føre. POU-043/13 VEDTAK: Delegasjonssakene blir teke til orientering slik dei ligg føre. 044/13: SØKNAD OM DISPENSASJON - UTVIDING AV TOMT 91 FLUGONFJELL - HEIMELSHAVAR: OLAV H. FLUGON Utval for plan og utvikling har handsama søknad datert 16. juli 2013, jamfør e-post datert 29. juni Søknaden gjeld dispensasjon frå detaljreguleringsplan Flugonfjell Vest og utviding av tomt 91 innom planen. 1. Utvalet finn at det rettsleg sett, jamfør pbl 19-2 er høve til å gje dispensasjon. 2. I og med gjeldande plan er vedtatt så seint som meiner utvalet at ein dispensasjon gir uheldige signal om at kommunen ikkje tek eigne planvedtak og planprosessar på alvor. 3. Etter ei samla vurdering vil utval for plan og utvikling ikkje gje dispensasjon til utviding innom detaljreguleringsplan Flugonfjell Vest.

4 Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt melding har kome fram til mottakar. For at klaga skal vere satt fram i tide, er det nok at den er postlagt innan fristen. Ved overskriding av fristen gjeld forvaltningslova 31. Synfaring på tomta. Runar Gevelt møtte. Inger Øya Grøgård fremma følgjande framlegg til vedtak: Utval for plan og utvikling har handsama søknad datert 16. juli 2013, jamfør e-post datert 29. juni Søknaden gjeld dispensasjon frå detaljreguleringsplan Flugonfjell Vest og utviding av tomt 91 innom planen. 1. Utvalet finn at det rettsleg sett, jamfør pbl er høve til å gje dispensasjon. 2. I og med gjeldande plan er vedtatt så seint som meiner utvalet at ein dispensasjon gir uheldige signal om at kommunen ikkje tek eigne planvedtak og planprosessar på alvor. 3. Etter ei samla vurdering vil utval for plan og utvikling likevel gje dispensasjon til utviding av tomt 91 innom detaljreguleringsplan Flugonfjell Vest. Utvalet finn at kjøpar av tomta har tungtvegande grunnar for å ville ha tilleggsareal. Desse grunnane er ikkje i strid med planen. 4. Utvalet gir dispensasjon på vilkår av at tilleggsarealet ikkje vert omdisponert til byggjeområde. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt melding har kome fram til mottakar. For at klaga skal vere satt fram i tide, er det nok at den er postlagt innan fristen. Ved overskriding av fristen gjeld forvaltningslova 31. Rådmannen si tilråding vart satt opp mot framlegget frå Inger Øya Grøgård. Framlegget frå Inger Øya Grøgård vart samrøystes vedteke. POU-044/13 VEDTAK: Utval for plan og utvikling har handsama søknad datert 16. juli 2013, jamfør e-post datert 29. juni Søknaden gjeld dispensasjon frå detaljreguleringsplan Flugonfjell Vest og utviding av tomt 91 innom planen. 1. Utvalet finn at det rettsleg sett, jamfør pbl er høve til å gje dispensasjon. 2. I og med gjeldande plan er vedtatt så seint som meiner utvalet at ein dispensasjon gir uheldige signal om at kommunen ikkje tek eigne planvedtak og planprosessar på alvor.

5 3. Etter ei samla vurdering vil utval for plan og utvikling likevel gje dispensasjon til utviding av tomt 91 innom detaljreguleringsplan Flugonfjell Vest. Utvalet finn at kjøpar av tomta har tungtvegande grunnar for å ville ha tilleggsareal. Desse grunnane er ikkje i strid med planen. 4. Utvalet gir dispensasjon på vilkår av at tilleggsarealet ikkje vert omdisponert til byggjeområde. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt melding har kome fram til mottakar. For at klaga skal vere satt fram i tide, er det nok at den er postlagt innan fristen. Ved overskriding av fristen gjeld forvaltningslova /13: HIBBERG HYTTEFELT - REGULERINGSPLAN Utval for plan og byggesaker har i medhald av pbl og handsama detaljreguleringsplan for Hibberg hytteområde, del av gnr. 68, bnr. 1, for 2. gong. Detaljreguleringsplanen vil bli lagt fram for kommunestyret for eigengodkjenning etter at punkt b) under rekkjefølgjeføresegner er endra til: Vassforsyningssystemet skal vere godkjend og utsleppsløyve gitt føre søknad om rammeløyve eller løyve til tiltak kan handsamast. Løyve til tiltak gjeld og deling etter pbl 20-1, bokstav m. Tilrådinga frå Utval for utvikling til kommunestyret vert: Med heimel i pbl og eigengodkjenner Hjartdal kommunestyre detaljregulerings-plan for Hibberg hytteområde, del av gnr. 68, bnr. 1. Saksordførar: Synfaring. Grunneigar Roar Fjeld møtte. POU-045/13 TILRÅDING: Utval for plan og byggesaker har i medhald av pbl og handsama detaljreguleringsplan for Hibberg hytteområde, del av gnr. 68, bnr. 1, for 2. gong. Detaljreguleringsplanen vil bli lagt fram for kommunestyret for eigengodkjenning etter at punkt b) under rekkjefølgjeføresegner er endra til:

6 Vassforsyningssystemet skal vere godkjend og utsleppsløyve gitt føre søknad om rammeløyve eller løyve til tiltak kan handsamast. Løyve til tiltak gjeld og deling etter pbl 20-1, bokstav m. Tilrådinga frå Utval for utvikling til kommunestyret vert: Med heimel i pbl og eigengodkjenner Hjartdal kommunestyre detaljregulerings-plan for Hibberg hytteområde, del av gnr. 68, bnr. 1. Saksordførar: Inger Øya Grøgård. 046/13: ETABLERING AV GJENVINNINGSSTASJON 1. Hjartdal kommune ber IRMAT AS starte prosessen med å etablere eign gjenvinningsstasjon i kommunen. 2. Rådmann får fullmakt til å inngå salgs/leiekontrakt med IRMAT AS for relevant tomt på Ørvella Industriområde. Utvalet la fram omforeint framlegg til nytt punkt 2: 2. Utvalet ber om å få saka i retur før endeleg avgjerd om etablering blir fatta. Rådmannen si tilråding til punkt 1 vart samrøystes vedteke. Omforeint framlegg til nytt punkt 2 vart samrøystes vedteke. POU-046/13 TILRÅDING/VEDTAK TIL FORMANNSKAPET: 1. Hjartdal kommune ber IRMAT AS starte prosessen med å etablere eign gjenvinningsstasjon i kommunen. 2. Utvalet ber om å få saka i retur før endeleg avgjerd om etablering blir fatta. Saksordførar: Inger Øya Grøgård. 047/13: SØKNAD OM DISPENSASJON - BYGGING AV KJERRINGSTEINLØYPA RUNDT KOVSTULVATNET Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til fellesføremål som turveg, skiløype, rasteplass, badeplass, fiske og båtplass som omsøkt på eigedomane 96/1, 97/1, 97/2, 97/4, 97/5, 97/37, 100/2, 100/3 og 100/12 for:

7 At arealføremålet i kommuneplanen endrast frå LNF til fellesføremålet, samstundes vert det gjeve dispensasjon for at tiltaket kjem nærare enn 50m frå strandlina. At arealføremålet i reguleringsplan for Landsverk hytteområde vert endra frå jord- og skogbruk og fritidsbebyggelse til fellesføremålet. At arealføremålet i reguleringsplan for Tuddal fjellgrend vert endra frå arealføremål anlegg for lek til fellesføremålet. Ut frå ei heilskapsvurdering vil rådmannen gå inn for dispensasjonen. Omsyna til helse, miljø, kultur og sikkerheit vert ikkje vesentleg tilsidesett. Til tross for at planstatusen i området ikkje er i samsvarar med tiltaket, har tiltaket so stor samfunnsinteresse at føredelen stend sterkare enn ulempa dispensasjonen medføyrer. Tiltaket vil i tillegg både kome nær eksisterande hytter, og ikkje få same naturlege preg som noverande bruk. På den andre sida vil tiltaket famne betrakteleg fleire hyttefolk, idrettslag, turistar og fastbuande, og ikkje minst vert tiltaket universelt utforma. I tillegg vil praktiske tilretteleggingar gjere at for eksempel ljos, støy og innsyn vert redusert. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent POU-047/13 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til fellesføremål som turveg, skiløype, rasteplass, badeplass, fiske og båtplass som omsøkt på eigedomane 96/1, 97/1, 97/2, 97/4, 97/5, 97/37, 100/2, 100/3 og 100/12 for: At arealføremålet i kommuneplanen endrast frå LNF til fellesføremålet, samstundes vert det gjeve dispensasjon for at tiltaket kjem nærare enn 50m frå strandlina. At arealføremålet i reguleringsplan for Landsverk hytteområde vert endra frå jord- og skogbruk og fritidsbebyggelse til fellesføremålet. At arealføremålet i reguleringsplan for Tuddal fjellgrend vert endra frå arealføremål anlegg for lek til fellesføremålet. Ut frå ei heilskapsvurdering vil rådmannen gå inn for dispensasjonen. Omsyna til helse, miljø, kultur og sikkerheit vert ikkje vesentleg tilsidesett. Til tross for at planstatusen i området ikkje er i samsvarar med tiltaket, har tiltaket so stor samfunnsinteresse at føredelen stend sterkare enn ulempa dispensasjonen medføyrer. Tiltaket vil i tillegg både kome nær eksisterande hytter, og ikkje få same naturlege preg som noverande bruk. På den andre sida vil tiltaket famne betrakteleg fleire hyttefolk, idrettslag, turistar og fastbuande, og ikkje minst vert tiltaket universelt utforma. I tillegg vil praktiske tilretteleggingar gjere at for eksempel ljos, støy og innsyn vert redusert. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent

8 048/13: SØKNAD OM DISPENSASJON FOR BYGGING AV TILKOMSTVEG - GNR 92 BNR 2 - ATTEMED FLUGONFJELL - TILTAKSHAVAR: TOM G CARLSEN Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til endring av arealføremål fritidsbebyggelse og jord og skogbruk til veg på gnr 92 bnr 2, innom reguleringsplan for Flugonfjell Kålidalen som omsøkt. Ut frå ei heilskapsvurdering vil rådmannen gå inn for dispensasjonen. Frå før er det gjeve dispensasjon til liknande tiltak. I dette høvet vil ikkje tiltaket vil ikkje ha negativ konsekvens for helse, miljø, sikkerheit eller tilgjenge. Heller ikkje vil det ha negativ verknad for drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent POU-048/13 VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon til endring av arealføremål fritidsbebyggelse og jord og skogbruk til veg på gnr 92 bnr 2, innom reguleringsplan for Flugonfjell Kålidalen som omsøkt. Ut frå ei heilskapsvurdering vil rådmannen gå inn for dispensasjonen. Frå før er det gjeve dispensasjon til liknande tiltak. I dette høvet vil ikkje tiltaket vil ikkje ha negativ konsekvens for helse, miljø, sikkerheit eller tilgjenge. Heller ikkje vil det ha negativ verknad for drifts- eller miljømessige ulemper for landbruket. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent 049/13: SØKNAD OM DISPENSASJON VEDK. BYGGEGRENSE MOT VANN FOR ANNEKS PÅ GNR. 22, BNR. 9 - BREIVATN. TILTAKSHAVAR: ARILD O. SLÅTTA 1. Utval for plan og utvikling gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå kommuneplanen pkt a) til oppføring av anneks på Gnr. 22, Bnr. 9 innom 50-meters sona med byggeforbod.

9 2. Grunngjevinga er at vilkåra for å gi dispensasjon er oppfylt. Tiltaket vil ikkje røre ved ålmenta si ferdsel langs vatnet. Tiltaket skal vidare handsamast etter plan- og bygningslova Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent - kom fram. POU-049/13 VEDTAK: 1. Utval for plan og utvikling gir i medhald av pbl 19-2 dispensasjon frå kommuneplanen pkt a) til oppføring av anneks på Gnr. 22, Bnr. 9 innom 50- meters sona med byggeforbod. 2. Grunngjevinga er at vilkåra for å gi dispensasjon er oppfylt. Tiltaket vil ikkje røre ved ålmenta si ferdsel langs vatnet. Tiltaket skal vidare handsamast etter plan- og bygningslova Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent - kom fram. 050/13: SØKNAD OM DISPENSASJON FOR DELING AV GRUNNEIGEDOM - GNR 39 BNR 1 KRINGLETJØNN VED BREIVATN - FESTAR: MORTEN NYHUS Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon for deling av inntil 1000m² frå gnr 39 bnr 1 til fritidsbustad innom kommuneplan for Hjartdal kommune. Eit vilkår for dispensasjonen er at omsøkte grense vert trekt attende til skogbrynet. Grunngjevnaden for å gje dispensasjon er at det er snakk om omgjering av gnr 39 bnr 1 fnr 10 til sjølveigartomt. Dispensasjonen ikkje vil medføyre negativ verknad på dei omsyna som lova er satt til å ivaretake. I tillegg er det i same område og under same eigedom oppretta liknande punktfeste og eigedomstomter for andre hytter. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent.

10 Saka blei drøfta. POU-050/13 TILRÅDING/VEDTAK: Med heimel i plan- og bygningslova 19-2 vert det gjeve dispensasjon for deling av inntil 1000m² frå gnr 39 bnr 1 til fritidsbustad innom kommuneplan for Hjartdal kommune. Eit vilkår for dispensasjonen er at omsøkte grense vert trekt attende til skogbrynet. Grunngjevnaden for å gje dispensasjon er at det er snakk om omgjering av gnr 39 bnr 1 fnr 10 til sjølveigartomt. Dispensasjonen ikkje vil medføyre negativ verknad på dei omsyna som lova er satt til å ivaretake. I tillegg er det i same område og under same eigedom oppretta liknande punktfeste og eigedomstomter for andre hytter. Klagefrist er 3 veker frå den dagen vedtaket vart gjort kjent. 051/13: NY KLAGE PÅ VEDTAK I DISPENSASJONSSØKNAD FOR BYGGING AV 2 BODER PÅ GNR. 104/3/48 - SOLHEIMSBEITE. TILTAKSHAVAR: BEATE OG TOMMY SIRE Utval for plan og utvikling opprettheld sitt vedtak i sak 033/13. Det har ikkje kome inn nye opplysingar som gir ei klar overvekt av moment som talar for å ikkje gi dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for bygg nr. 3 på gnr. 104, bnr. 3, fnr. 48 innom Solheimsbeite hyttefelt. Saka vert sendt Fylkesmannen i Telemark for endeleg avgjersle. Inger Øya Grøgård stillte spørsmål ved eigen habilitet. Ho er dotter til ein av grunneigarane. Utvalet sa Inger Øya Grøgård samrøystes inhabil. Audun Solberg vart valt til leiar under handsaming av saka. Det var 6 medlemmer til stades under handsaming av saka.

11 Audun Solberg la fram følgjande framlegg til vedtak: Utvalet tek klaga til følgje og omgjer sitt vedtak i sak 33/13. Det vil seie at dispensasjon for bod nr. 2 ikkje er gitt. Rådmannen si tilråding vart satt opp mot framlegget frå Audun Solberg. Framlegget frå Audun Solberg fekk 3 stemmer som soleis vart vedteken med leiar sin dobbeltstemme. POU-051/13 VEDTAK: Utvalet tek klaga til følgje og omgjer sitt vedtak i sak 33/13. Det vil seie at dispensasjon for bod nr. 2 ikkje er gitt. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt melding har kome fram til mottakar. For at klaga skal vere satt fram i tide, er det nok at den er postlagt innan fristen. Ved overskriding av fristen gjeld forvaltningslova /13: FIKSTJØNN HYTTEFELT - NYTT PLANKART Utval for plan og utvikling godkjenner i medhald av pbl planklart for Fikstjønn hyttefelt. Kåre Karlberg stilte spørsmål ved eigen habilitet. Han er grunneigar. Utvalet sa Kåre Karlberg samrøystes inhabil. Det var 6 medlem til stades under handsaming av saka. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. POU-052/13 VEDTAK: Utval for plan og utvikling godkjenner i medhald av pbl planklart for Fikstjønn hyttefelt. 053/13: RUSSMARKEN HYTTEFELT - MINDRE VESENTLEG REGULERINGSENDRING I NOVEMBER VEDTAK AV PLANKARTET Utval for plan og utvikling godkjenner i medhald av pbl plankart for Russmarken hyttefelt.

12 Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. POU-053/13 VEDTAK: Utval for plan og utvikling godkjenner i medhald av pbl plankart for Russmarken hyttefelt 054/13: SØKNAD FRÅ TORE GÅSODDEN OM KONSESJON FOR OVERTAKING AV EIGEDOMEN FOSSE, GNR. 80, BNR Hjartdal kommune gjev med heimel i konsesjonslova Tore Gåsodden og Ann Helen Gåsodden konsesjon for overtaking av eigedomen Fosse, gnr. 80, bnr. 8, til avtalt kjøpesum kr Konsesjon blir gitt på vilkår av at Tore Gåsodden og Ann Helen Gåsodden buset seg på eigedomen innan 1 eitt år - og deretter sjølve bur på eigedomen i minst 5 fem- år i samanheng. Utvalet fekk saka delt ut i møtet og det vart satt av tid til å lese saksframlegget m/vedlegg. Utvalet fann å ville ta saka opp til handsaming. POU-054/13 VEDTAK: 1. Hjartdal kommune gjev med heimel i konsesjonslova Tore Gåsodden og Ann Helen Gåsodden konsesjon for overtaking av eigedomen Fosse, gnr. 80, bnr. 8, til avtalt kjøpesum kr Konsesjon blir gitt på vilkår av at Tore Gåsodden og Ann Helen Gåsodden buset seg på eigedomen innan 1 eitt år - og deretter sjølve bur på eigedomen i minst 5 femår i samanheng.

13 055/13: DISPENSASJON FRÅ REGULERINGSPLAN E134 GVAMMEN - ÅRHUS - ENDRING AV FORMÅLSGRENSE Utval for plan og utvikling har handsama søknad datert 26. august 2013 om endring av føremålsgrense i reguleringsplan E134 Gvammen Århus. Utvalet gir dispensasjon i medhald av 19-2 til å omdisponere om lag 4,4 daa frå utbyggingsområde R1 Rasteplass til LNFR. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt melding har kome fram til mottakar. For at klaga skal vere satt fram i tide, er det nok at den er postlagt innan fristen. Ved overskriding av fristen gjeld forvaltningslova 31. Utvalet fekk saka utdelt i møtet og det vart satt av tid til å lese saksframlegget m/vedlegg. Utvalet fann å ville ta saka opp til handsaming. Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. POU-055/13 VEDTAK: Utval for plan og utvikling har handsama søknad datert 26. august 2013 om endring av føremålsgrense i reguleringsplan E134 Gvammen Århus. Utvalet gir dispensasjon i medhald av 19-2 til å omdisponere om lag 4,4 daa frå utbyggingsområde R1 Rasteplass til LNFR. Vedtaket kan påklagast. Klagefristen er 3 veker frå det tidspunkt melding har kome fram til mottakar. For at klaga skal vere satt fram i tide, er det nok at den er postlagt innan fristen. Ved overskriding av fristen gjeld forvaltningslova 31.

14