Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD!

Størrelse: px
Begynne med side:

Download "Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD!"

Transkript

1 Årsrapport for 2017 Å GJERA VERDA TIL EIN BETRE STAD! Visjonen for diakonien i Vest-Telemark: Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu! Når kyrkja engasjerer seg i diakonien er det for å lindre naud, bygge gode fellesskap, framme rettferd og verne Skaparverket. Diakoni er noko ein gjer for nestens skuld, og handlar om å gje attende det gode ein har fått. Slik vart Harald og Nasser årets førebilete for meg. Begge sona i Skogsleiren i Fyresdal i Denne soninga opplevde dei så positivt at dei ville gje noko attende til bygda og kyrkja. Noko som førte til dei vaska ned Moland kyrkje. Slike handlingar gjer verda til ein betre stad å bu. Mennesket er verdien. Så får ein vone at Skogsleiren i Fyresdal ikkje vert lagt ned når dei to nye fengsla på Sørlandet står klare i Etter mange års diakonteneste i leiren har eg sett gode resultat av soninga i Kleivgrend. Ønsker ein rehabilitering av innsette, må ein ta vare på slike soningsplassar. Kampen om Skogsleiren handlar om kva for kriminalomsorg me vil ha. Arbeidsplassane er ei sak for seg sjølv. Men det er mennesket som er verdien både i kriminalomsorga og diakonien. Jesus utfordrar oss i Matteus 25, i kapitelet om domen, på seks konkrete diakonale gjerningar, deriblant å gå til dei som sitt i fengsel. Å følgje etter Jesus Mangt og mykje handla om Reformasjonen dette året. I Vest- Telemark vart dette markert på mange vis, også med ei Pilegrimsmesse i Ulevåbotn saman med biskop Stein Reinertsen. Her batt ein saman nye og gamle pilegrimstradisjonar. Sjølv fann eg meg sjølv plutseleg i Nidarosdomen den 31. oktober under den Nasjonale Reformasjonsjubileumsgudstenesta, berande på Bibelen. Boka var tung og kyrkjegolvet langt, eg fekk god tid til og tenke der eg gjekk, ikkje minst på at eg ikkje måtte snuble på den TV- sendte gudstenesta. Men der og då slo det meg at me ikkje trur på ei bok, men på ein levande Jesus. Alle truandes kall å følgje etter Han så godt me kan, og samstundes vita at Han går med oss. Går med oss når me jaktar på nestekjærleiken, vil ha meir fellesskap og kjempar for rettferd og for det sårbare Skaparverket.

2 Grasrotdiakoni. Så er det diakonale grasrotarbeidet, i sorg og kriser, det viktigaste i prostidiakontenesta. Sist år har det vore vel 500 samtaler. Diakonien må ha syn for dei som ingen andre ser eller støttar. Faguttrykket er dei marginalisera. Dette kan bygge truverd, men igjen er det snakk om å gjere kloke fagleg val. Kyrkja har noko spesielt i møte med den resultatlause omsorg, trua på menneskeverdet og nåden. Vest- Telemark modellen i diakoni bygger på eit utvida samarbeid over kommune og soknegrenser. På mange ulike nivå. Stillinga er spesielt retta inn på å bygge diakonalt samarbeid i regionen. Diakonien i Vest- Telemark handlar mykje om relasjonar og lite byråkrati. Diakonien skal vera ein brubyggjar mot det det sivile samfunnet. Ei uro framom det nye året er at Vest- Telemark samarbeide synest å stå i stampe. Eit fromt ønske for Vest- Telemark er at samarbeidsklima betrar seg i Sett me fagleg augo, hadde det vore greitt med litt familieterapi? Dette samarbeidet er viktig for å realisere visjonen om å gjera Vest- Telemark til ein varmare stad å bu! Å gå gjev håp. Sist år har ein gjennomført to pilegrimsvandringar. Etter kvart har det vorte mange gode røynsler med pilegrimsvandringar frå Vest-Telemark til Røldal. Å vandre med håp i samarbeid med DPS- Seljord og dei kommunale psykisk helsetenestane, og Vandring mot fridom i samarbeid med Arendal Fengsel avdeling Kleivgrend, er viktige tiltak. Pilegrimsarbeidet er eit håpsprosjekt som flettar saman mange gode ting. Folkehelse, eksistensielle spørsmål, sorg, soning, lengt og samanheng. Kultur og historie. Å gå gjev håp. Går du, så er ikkje alt håplaust. Diakoni som fag. Samhandling er komplisert. Det offentleg har sin krav og rapporteringar. Dei må stole på at samarbeidspartane leverer fagleg gode tenester. Så kan folk som likar kvarandre samarbeide om alt. Trass i livssyn og grenser. Å bygge gode relasjonar handlar mykje om å ha tid til einskild menneske. Somme gonger vert dette borte i snakk om grupper og organisering av friviljuge. Samtaler og oppfølging er det som vert ståande. Her representerer kyrkja ein kjemperessurs. Til alt overmål er tenestene gratis. Dei frivillige må leiast av kompetente fagfolk. Diakoni er eit fag. Diakonen leiar diakonitenesta, er fagleg rettleiar av frivillig, og har ansvar for organisering og undervisning. Det skaper tryggleik både for dei friviljuge og den offentlege helse og sosialtenesta. Fagstillingar som diakon synest og vera under press grunna kyrkjeøkonomien, slik blir det avgjerande at ein også i Vest-Telemark kyrkja vil prioritere prostidiakonstillinga. 2. ARBEIDSOMRÅDE

3 Årsrapport for 2017 OPPRETTING OG OPPFYLGING AV DIAKONIORGANA I KYRKJELYDANE I TOKKE, VINJE, NISSEDAL, KVITESEID OG FYRESDAL Det er diakoniutval i Kviteseid, Nissedal/, Grunge og Fyresdal. Utvala har ansvar for blomehelsingar, helgemesse og diakonidagar. Så vidt eg kan sjå har desse sokneråda vedteke og oppdatera diakoniplanar; Vinje/Nesland, Kviteseid, Fyresdal og Nissedal. Samt at Eidsborg/Mo/ Skafså har ein ny plan under arbeid. FORKYNNING OG UNDERVISNING OM DIAKONI. Dette skjer gjennom gudstenester ( 19 ),diakoniundervisning for alle konfirmantane, kursverksemd, soknerådsmøte og diakonispalta i Vest Telemark Blad. OPPLÆRING OG UTDANNING AV FRIVILJUGE MEDARBEIDARAR. Så godt som råd vert dei friviljuge følgt opp. Målet at dei ein eller annan gong gjennom året, får ei rose. Diakonisamlinga for Vest-Telemark er eit årleg og godt samlingspunkt. SAMARBEID MED SOKNERÅD OG KYRKJELEGE TILSETTE Samarbeidet skjer på mange felt. Mellom anna i sokneråd og diakoniutval. Siste år har eg delteke på møte med sokneråda i Vinje, Tokke og Kviteseid. Samt stabsmøter i Tokke og Vinje ARBEID MED Å STYRKE FELLESSKAP OG OPPRETTEOMSORGSGRUPPER. Sist år har eg hatt sorggrupper eller rettare - Gå vidare - grupper i Åmot og Kviteseid (I alt 85 deltakarar).på Distrikts Psykiatrisk Senter i Seljord vert det gjeve tilbode om samtaler gjennom trefftider om lag kvar 14 dag, elles vart det organisert Livssynsgruppe; 15 gonger med 39 deltakarar. På Kvitsund er det Guys -Group på Kvitsund. ( 2 gonger med 31 deltakarar) ARBEID MELLOM DEI INNSETTE I SKOGSLEIREN I FYRESDAL Diakoniteneste for Skogsleiren held fram som før. Det er månadlege visitorvitjingar. Kvar gong er det mellom innsette som drikk kaffi og et kake med oss.statistikken seier 220.( Dette er ei auke på om lag 25 prosent frå i fjor.) når leiren er full kan det vere 28 innsette.

4 Andreas, Ragnhild, Else og Siv deler på visitor tenesta, og Torhild i Diakoniutvalet sørgjer for kaker. I samband med påska vart det halde nattverdmesse med 15 deltakarar i Tvbrakka. For femte året vart det arrangert ei pilegrimsvandring for innsette kalla Vandring mot fridom. Fem innsette deltok saman med Harald Hervik frå leiren. Elles hadde sosialklassa ved Kvitsund Gymnas ein dags ekskursjon til leiren. Julesamlinga i Skogsleiren er elles ein god inngang til julehøgtida for inn- og tilsette, visitorar og andre knytt til leiren. GJE HJELP TIL MENNESKE I AKUTTE, VANSKELEG LIVSSITUASJONAR. Jamt over tredje kvar veke kjem det nye kontaktar. Elles er det utrykkingar i samband med arbeid i krisegruppene. Også i år vart delt oppmuntringspakkar til jol med god sponsing frå COOP på Dalen. STOFF TIL KYRKJELYDSBLAD, AVISER OG RADIO. Diakonispalta i Vest Telemark Blad er ein fin måte å få ut diakonale drypp på. (47). I Telemark Tidende i Telemarksavisa har eg ei spalte kalla Påfyll. (27) I samband med Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp får me disponere tre avissider i VTB. Prostidiakonen har heimeside og Facebookside (No er det 1043 som likar det. Opp 70 frå i fjor) Kyrkjelydsblada får og jamleg stoff. Elles er det eit ynskje å formidle stoff til avisene og NRK. ( Kanskje eitt av fire tips får napp!) HA KONTAKT MED OFFENTLEG SOSIALTENESTE OG HUMANITÆRE ORGAN. Prostidiakonen er med i dei kommunale krisetema i Nissedal, Vinje, Tokke, Kviteseid og Fyresdal. Kontakten med Vest-Telemark Rådet, skular, sosialkontor, barnevern og arbeidsmarknadsbedriftene er god. Samarbeidet med psykisk helse i dei seks Vest -Telemark kommunane (samt KVITO og DPS ) om Å vandre med håp, vart gjennomført for tiande gong. Samla tal på deltakarar var 156. Det var ei stor glede å ha med seg stortingrepresentantane Solveig S. Abrahamsen og Bård Hoksrud, samt listekandidatane Eli Taugbøl (V) og Adrian Næss Løvsjø.(FRP) på startetappa. Sidan 1985 har Vest-Telemark hatt Prostidiakon. Prostidiakonen i Vest-Telemark er eit samarbeid mellom sokneråd og kyrkjelege fellesråd i Tokke, Vinje, Nissedal, Kviteseid og Fyresdal. Pengane til stillinga kjem dels frå dei samarbeidande partane, kyrkjedepartement og Agder og Telemark

5 Årsrapport for 2017 bispedømeråd. Diakonatet har eit valt styre. Styreleiar er Oscar.J. Garnes, Vinje. Tokke kyrkjelege er vertsfellesråd, har arbeidsgjevaransvar og fører rekneskapen. Dalen er kontorstad for prostidiakonen. STATISTIKK FOR SAMTALER/ HUSBESØK I DEI EINSKILDE FELLESRÅDSOMRÅDA SAMT DPS I SELJORD OG SKOGSLEIREN I FYRESDAL Målet mitt å gje folk tilbod om samtale innan ei veke. Dei fleste av samtalene går over to eller tre gonger. Og er det og slik at om lag ein av fire avtala samtaler aldri blir noko av. Folk kjem ikkje eller er ikkje heime når dei har avtale. 4. AKTIVITET VINJE.Tre stabsmøte/ leia Ettersnakk i samarbeid med Teater Ibsen etter stykket «Juklerød» på Kulturhuset/delteke på Diakoniens dag for Vinje og Tokke i Åmot og ansvarleg for Verdiseminaret på Vinjehuset i november med tema : Norske verdiar/deltek på gudsteneste under snøformingsfestivalen i Åmot og Palmesundag Møsstrond/ eitt soknebod/ delteke på Helgemesse i Rauland/ leia ei Gå - Vidare gruppe (åtte samling / delteke på Adventskveld på Bruli/ delteke i Rauland kyrkje under innsetting av ungdomsprest Ruth Miriam K. Varhaug og kyrkjelydspedagog Stine Beate. M Ljostad / kåsert på eitt Eldretreff på Grungom/

6 KVITESEID delteke i VIP prosjekt på Kvitsund/ delteke på Diakonidag i Brunkeberg kyrkje som og var markering av Kirkens Nødhjelp sitt 70 års jubileum/ /andakt på to føremiddagstreff på Misjonshuset/ andakt på sundagsmøte på Betel/ forretta i fire gravferder/ eitt møter i Psyko- sosial kriseteam/ i lag med miljøarbeidar på Kvitsund Gymnas leia Guys Group (2 gonger/ 31 deltakarar)/ tala på to Torsdagsmøte på Kvitsund/delteke på sommarfest for Lundenjordet på Misjonshuset /organisert ein besøksdag for elevar frå Sosialklassa på Kvitsund i Skogsleiren i Fyresdal / lest juleevangeliet på Krodokk/ hatt ein vegleiingskveld for Besøkstensta i Kviteseid/ tre Etisk Refleksjonsamlingar på KOS/ leia fire gravferder og halde tre gudsteneste FYRESDAL Ti samlingar i skogsleiren/ delteke under bispevisitasen i Fyresdal / organisert kurs i Åndelege helse på POS under visitasen/ delteke på omvisning for flyktningar i Moland kyrkje og vandring gjennom Folkestadbyen til Betel / eitt møte i Psyko- Sosialt kriseteam/ ansvar for Diakoniens Dag i Moland kyrkje/ i november var det «stinn brakke» i Veum kyrkje. Jan Haugen og gode vener heldt konsert og gav overskotet til Diakoniarbeidet i Skogsleiren. Helland. NISSEDAL to diakoniutvalsmøter/ delteke på Bli - Vaksen dag for 10 klasse/ to konfirmanttimar/ deltek på eitt krisegruppemøte/ delteke på Peiskos og suppe for nye innbyggarar i Nissedal/ Årets Diakonisamling var halde i Nissedal med godt over hundre deltakarar og tale av generalsekretær i Kirkens Nødhjelp Anne Marie TOKKE Fire stabsmøte pluss ein stabsdag / ansvarleg for Diakonidag Dag på Kulturhuset / /ansvarleg for Kirkens Nødhjelp - aksjonen i Eidsborg/Mo/Skafså/Delteke i ein konfirmantkveld i fjellkyrkja /deltek på Gullkonfirmantfest/ leia ei gravferder og delteke i ei gravferd/ spist julemiddag med Psykisk Helse/ i samarbeid med Psykisk helse invitert til Pårørandekveld for rus/ leia Ettersnakk i samarbeid med Teater Ibsen etter stykket «Juklerød» på Kulturhuset/ vore nattvakt under Lys Vaken samling for Tokke og Vinje / eit soknebod/ Eit soknerådsnøte for Eidsborg/Mo/ Skafså /ansvarleg for Vaksenopplæringa i Tokkes Adventstund i Skafså kyrkje/ leia «Samtale om livet gruppe» i regi av psykisk helse. ( 2 gonger/6 stykk)

7 Årsrapport for 2017 TAL OG ARRANGEMENT FELLES FOR TOKKE, VINJE, NISSEDAL, FYRESDAL OG KVITESEID. Fire styremøte i Diakonatet samt årsmøtet/ansvarleg for Diakonisamlinga for Vest Telemark i Nissedal med feiring av Kirkens Nødhjelp sin 70 års dag. Diakoniprisen for 2017 gjekk til Inger Johanne Aaheim, Nissedal for sitt arbeid med Fasteaksjonen. Ansvarleg for Diakonispalta og Fasteaksjonsidene i Vest-Telemark Blad / delteke på stand under Yrkesmessa på Vest -Telemark Vidaregåande Skule/ Prosjektansvarleg for pilegrimsvandringa frå Grungedal til Røldal med namnet Å vandre med håp/ delteke på julebord for Psykisk helse i Seljord/ undervist på eit Pårørandekurs for Vest- Telemark om Demens i Fyresdal/ undervist om Fasteaksjonen på konfirmant treff for prostiet i Seljord/ delteke på avskilsfest for regionsleiar i Vest- Telemark Rådet Kjell Gunnar Heggenes SAKER OG TING OG UTANOM VEST-TELEMARK. Leiar i Agder og Telemark Stift av Det Norske Diakonforbund ( )/3. vara medlem til sentralstyret i Det Norske Diakonforbund ( ) Delteke på Landstyremøte for DNDF / delteke på inspirasjonssamling for KN- kontaktar på Sundvollen/ byrja på ei treårig AVU-utdanning ( Kyrkjeleg Arbeidsvegleiiarutdanning) på MF ( )/ Leia ei ABV- gruppe i samband (8 samlingar) Delteke på samlingar for vegleiiarar i Agder og Telemark( 3 samlingar) Vore mentor for eit Pilegrimsprosjekt i regi av Diakonhjemmet Omsorg/ Retretten / Deltek på Fagsamling for diakonen i Agder og Telemark/ halde føredrag for diakonane i Nidaros om pilegrimsvandringar/ undervist kontortilsette i Helse Blefjell om Etikk (ein kursdag) saman med diakonkollega i Tinn organisert pilegrimsvandring til Røldal på FNs Internasjonal Flyktningdag ( ein dag ) / snakka om diakoni på møte i Bø Normisjon/ vore bispedømmets representant i gruppa som planla Reformasjonsseminar i Tønsberg i november / Snakka om HÅP- for Norskopplæringa i Seljord/delteke på Generalforsamling i Diakonforbundet og Diakonikonferansen «Adjø solidaritet «i Trondheim samt Diakoniens Dag på VID/ Diakonhjemmet Takk til alle gode samarbeidspartar. I kyrkje og kommunar. Alle gode medarbeidarar i, sokneråd og diakoniutval, tilsette, innsette, friviljuge på mange nivå. Folka i skogsleiren og DPS. Takk til styre- og ikkje minst styreleiar i Diakonatet Oscar J. Garnes som i over 20 år raust har vore vegleiiar og mentor min i jobben. Takk også til kyrkjeverja i Tokke som legg ting så praktisk godt til rette for at eg framleis har ein draumejobb som diakon. Eilev Erikstein Dalen

8

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016 ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2016 INNHALD 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRING Diakoni handlar om å gjera verda betre..

Detaljer

ÅRSRAPPORT for PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK 2018 Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU!

ÅRSRAPPORT for PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK 2018 Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU! Å GJERA VEST- TELEMARK TIL EIN VARMARE STAD Å BU! Visjonen for diakonien i Vest-Telemark er «Å gjera Vest-Telemark til ein varmare stad å bu!». Når kyrkja engasjerer seg i diakonien er det for å lindre

Detaljer

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009 e-post: eilever@online.no /mobil 9111358 ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2009 INNHALD 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRING:

Detaljer

3. Statistikk ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005

3. Statistikk ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005 ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2005 eilever@online.no/mobil 91 11 35 80 Prostidiakonien er kome for å bli, heitte det i Vest Telemark Blad etter 20 års jubileet for Prostidiakonstillinga

Detaljer

Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet?

Har alt det ein driv med innan diakonien i Tokke, Vinje, Nissedal, Fyresdal og Kviteseid noko for seg: Evidens er vel fagordet? ÅRSRAPPORT FOR 2012 INNHALD 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET 5 VANDRINGSTANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2012 FEKK NOKON MEIR HÅP I 2012? Det er ei plage og skulle rapportere

Detaljer

ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011

ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011 ÅRSRAPPORT FOR 2011 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET I 5.TANKAR FRÅ Å VANDRE MED HÅP 2011 Mangt kan ein kan rapportera frå i eitt årsoppgjer for diakoniarbeidet

Detaljer

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2015

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2015 ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2015 INNHALD 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET 5. RAPPORT FRÅ VANDRING MOT FRIDOMEN 2015 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRING

Detaljer

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd VISJON I arbeidet for og med dei medarbeidarane i Fjell sokn har vi utarbeida ein visjon: I Fjell sokn vil vi

Detaljer

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006 ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2006 eilever@online.no/mobil 91 11 35 80 Innhald: 1. Oppsummering og utfordringar 2. Arbeidsområde 3. Statistikk 4. Aktivitet 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRING

Detaljer

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2013

ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2013 ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2013 INNHALD 1. OPPSUMMERING OG UTFORDRING 2. ARBEIDSOMRÅDE 3. STATISTIKK 4. AKTIVITET 5.RAPPORT FRÅ VANDRING MOT FRIDOM. 1.OPPSUMMERING OG UTFORDRING

Detaljer

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen til soknerådskurs Velkomen til soknerådskurs 1 Rop det ut med hjertets jubel, gledesbudet fra ham selv: Livet kan bli nytt fra nå av, slettet ut er synd og gjeld! Ordet vitner høyt og hellig om hans kjærlighet og makt.

Detaljer

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD 2014 Årsmelding for Vangsnes Sokneråd 2014. Medlemar: Oddveig Kristine Fimreite ( leiar) Gro Heimdal ( nestleiar og trusopplæring) Leif Audun Sætre ( medlem i fellesrådet)

Detaljer

DEN NORSKE KYRKJA Agder og Telemark biskop

DEN NORSKE KYRKJA Agder og Telemark biskop DEN NORSKE KYRKJA Agder og Telemark biskop Visitasføredrag ved bispevisitasen i Eidsborg, Mo og Skafså sokn og Høydalsmo og Lårdal sokn 13. 18. oktober 2015 INNLEIING Kjære kyrkjelydar i Eidsborg, Mo og

Detaljer

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats.

Kyrkja er open og inkluderande og tek vare på viktige verdiar og tradisjonar. Tilsette, sokneråd og friviljuge gjer ein stor innsats. Fyresdal Senterparti stiller til val med ei liste av nye og tidlegare folkevalde som gjennom kontakt med innbyggjarane og gode demokratiske prosessar, ynskjer å kome fram til dei beste løysingane og best

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 29.10.14 Frå saksnummer: 68/14 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 76/14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Eilev Erikstein Mobil 91113580/ e-post :eilever@online.no/ heimeside: www.prostidiakon.no ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2008

Eilev Erikstein Mobil 91113580/ e-post :eilever@online.no/ heimeside: www.prostidiakon.no ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2008 Eilev Erikstein Mobil 91113580/ e-post :eilever@online.no/ heimeside: www.prostidiakon.no ÅRSRAPPORT FOR PROSTIDIAKONEN I VEST-TELEMARK FOR 2008 Innhald: 1. Oppsummering og utfordringar 2. Arbeidsområde

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019 Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger 5. -7. og 10. mars 2019 Kjære kyrkjelyd! Takk ein flott visitas og innhaldsrike dagar. Det har vore spennande å koma til ein stad som er resultatet av satsing

Detaljer

BARNEVERNET. Til beste for barnet

BARNEVERNET. Til beste for barnet BARNEVERNET Til beste for barnet BARNEVERNET I NOREG Barnevernet skal gje barn, unge og familiar hjelp og støtte når det er vanskeleg heime, eller når barnet av andre grunnar har behov for hjelp frå barnevernet

Detaljer

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert ORDNING FOR Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Innsetjingshandlinga byggjer på ordinasjon. Til tenesta med Ord og sakrament (hyrdingtenesta)

Detaljer

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Side 1 av 6 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 7. november 2017 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 42/17 Til saksnummer: 51/17 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai

Detaljer

Herdla kyrkjelyd Sommar 2017 sommar 2021 Diakoniplan

Herdla kyrkjelyd Sommar 2017 sommar 2021 Diakoniplan Herdla kyrkjelyd Sommar 2017 sommar 2021 Diakoniplan 1 Diakoniplan for Herdla sokn sommar 217 sommar 2021. Plan for diakoni i Den norske kyrkja (gjeldande frå 2008) presenterer føljande definisjon av kyrkja

Detaljer

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.

Referat. DEN NORSKE KYRKJA Fitjar sokn. Utval: Fitjar sokneråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18. Referat Utval: eråd Møtestad: Kyrkjestova Dato: Torsdag 21. mars 2019 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 2/2019 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Faste

Detaljer

10. Soknerådsmøte november Referat

10. Soknerådsmøte november Referat 10. Soknerådsmøte 2016 15. november Referat Mat: Bjørg N. AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet

Detaljer

Velkomen som konfirmant!

Velkomen som konfirmant! 1 Velkomen som konfirmant! Velkomen som konfirmant i Herøy kyrkje, Indre Herøy kyrkje og Leikanger kyrkje. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller er nysgjerrig på den

Detaljer

Møteprotokoll for Radøy sokneråd

Møteprotokoll for Radøy sokneråd Møteprotokoll for Radøy sokneråd Tid: 02.02.2016 kl. 18:00-20:00 Stad: KYRKJEKONTORET, MØTEROMMET Frammøte: Gunnar Olav Kartveit Grethe Lunde Sølvi Helen Kvalheim Mjøs Silje Kristin Ellingsen Tore Morland

Detaljer

Diakoniplan Ulstein sokn

Diakoniplan Ulstein sokn iplan Ulstein sokn 2018-2021 Ulstein sokn sin visjon: Saman på ferda. Definisjonen av diakoni er som følgjer: «i er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik,

Detaljer

Plan for diakonal verksemd

Plan for diakonal verksemd Plan for diakonal verksemd År 2017 og 2018 Undheim lyd Innleiing: Planen for diakonal verksemd tek utgangspunkt i Kyrkjerådet sin Plan for diakoni i Den norske kyrkja frå 2008. Målet er å konkretisera

Detaljer

Strategidokument 2016-2018

Strategidokument 2016-2018 Strategidokument 2016-2018 Årsmøtet Varhaug Misjonshus 2015 12. Mars 2015 www.varhaug-misjonshus.no 1. Om Varhaug Misjonshus Varhaug Misjonshus er eit flott anlegg midt i Varhaug sentrum. Misjonshuset

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016 Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter 15. 17. og 20. nov 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar under visitasen her i Stord! Eg vert stolt når eg ser så mykje godt arbeid i mitt bispedøme.

Detaljer

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015

Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015 Side 1 av 6 Protokoll frå møte i Bore sokneråd Tysdag 1. desember 2015 Møtestad: Bore kyrkjekontor Frå saksnummer: 72/15 Til saksnummer: 83/15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte: Nicolai

Detaljer

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar Vi inviterer Oppheim og Vinje kyrkjelydar Kvifor konfirmant? Konfirmanttida er ei tid for å tenkje nye tankar, få nye opplevingar og kanskje nye venner! Tema vi skal utforske saman, er: Kvar kjem eg frå?

Detaljer

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Kyrkjeverje. Funksjon. Medlem. Medlem Medlem.

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Kyrkjeverje. Funksjon. Medlem. Medlem Medlem. Referat Utval: eråd Møtestad: Kyrkjekontoret Dato: Torsdag 20. september 2018 Tid: Møtenr.: Kl. 18.30 7/2018 Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling.

Detaljer

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013

Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013 Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013 Årsmelding for Kaupanger sokneråd 2013 Innleiing Soknerådet ønskjer med denne årsmeldinga å gje innsyn i det arbeidet som er gjort i soknet gjennom året. Soknerådet,som

Detaljer

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd? Gunhild Kvålseth 15.06.17 Innhald Innleiing... 3 Formålet med undersøkinga... 3 Status i dag... 3 Framgangsmåte...

Detaljer

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD DEN NORSKE KYRKJA Bremnes sokneråd MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD Møtestad: Rådhuset Tid: Tysdag 26.11.2013 kl. 19.30-22.00 Desse møtte: Berit Hallaråker, Asbjørn Gundersen, Bjarte Aartun, Karl Mæland, Elin

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 4. mars 2015

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 4. mars 2015 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 4. mars 2015 Frå saksnummer: 8/15 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 19/15 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2016-2018 v0.2.docx2 under arbeid Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2015-2018 Innhald 1. Om Varhaug Misjonshus...

Detaljer

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv.

Forord. Vår visjon: Alle har rett til eit meiningsfylt liv. Vårt mål: Alle skal ha ei god psykisk helse og kunne meistre eiget liv. HANDLINGSPLAN 2014 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2014. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2014 skal

Detaljer

Vigsling til andre tenester

Vigsling til andre tenester ORDNING FOR Vigsling til andre tenester Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga kan brukast ved vigsling til tenester i kyrkjelyd og kyrkje, ulike typar stillingar eller frivillig

Detaljer

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK INNHALD FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP... 2 1. MUSIKK MED EVENTUELL INNGANG... 2 2. SONG/SALME... 2 3. NÅDEHELSING/OPNINGSORD... 2 4. SKRIFTLESING...

Detaljer

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt

Forord. Mål: Alle skal ha ei god psykisk helse. Visjon: Likeverd openheit respekt HANDLINGSPLAN 2013 Forord Planen byggjer på Mental Helse sine mål og visjonar, og visar kva oss som organisasjon skal jobbe med i 2013. Landstyret har vedteke at tema for heile organisasjonen i 2013 skal

Detaljer

Velkomen som konfirmant

Velkomen som konfirmant 1 Velkomen som konfirmant Velkomen som konfirmant i Herøy, Indre Herøy og Leikanger kyrkjelydar. Velkomen til eit år litt utanom det vanlege. Anten du trur, tvilar eller berre er nyfiken, er du velkomen

Detaljer

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Dato 11.09.2018 Saksnummer 39-2018 Arkivnummer 414 Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast Bakgrunn I 2017 fekk vi ei utfordring frå prosten i Åsane prosti. Han ba oss finne ut om det var mogeleg

Detaljer

Diakoniplan for Herdla sokn - vår 2010 sommar 2013.

Diakoniplan for Herdla sokn - vår 2010 sommar 2013. Diakoniplan for Herdla sokn - vår 2010 sommar 2013. Plan for diakoni i Den norske kyrkja (gjeldande frå 2008) presenterer føljande definisjon av kyrkja sin diakoni: Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste.

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018 Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger 24. 26. og 29. april 2018 Kjære kyrkjelydar! Takk for flotte møte med kyrkjefolket og folkekyrkja her i Sogndal og Leikanger! Her har eg møtt ein

Detaljer

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

Velkomen som konfirmant i kyrkja! Velkomen som konfirmant i kyrkja! 2 No er det din tur til å bli konfirmant Konfirmasjon handlar om ditt liv og dine spørsmål. Heilt enkelt det som er viktig for deg. Konfirmasjon handlar òg om å bli betre

Detaljer

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet

Kommunikasjonsplattform. for Den norske kyrkja. DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet Kommunikasjonsplattform for Den norske kyrkja DEN NORSKE KYRKJA Kyrkjerådet Kommunikasjonsplattform for Den norske kyrkja ISBN 13: 978-82-7545-067-6 Fleire eksemplar kan tingast frå: Kyrkjerådet Postboks

Detaljer

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018

Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018 Visitasforedrag Hjelmeland, Fister og Årdal, 4. februar 2018 Fungerande biskop, Anne Lise Ådnøy. I Kva er det å vera kristen? Kva er det å vera kyrkje? I dette visitasforedraget vil eg starta her. Med

Detaljer

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon. Visitasforedrag i Vik 6. mars 2016 Kjære kyrkjelyd! Takk for flotte dagar her i Vik! Det er ei fantastisk vakker bygd. Og det handlar ikkje berre om naturen. Her har forfedrene dykkar bygd dei vakraste

Detaljer

Saksliste Møteinnkalling 5/17 Godkjenning av møteinnkalling Møteprotokoll 5/17 Godkjenning av protokoll Saker til behandling

Saksliste Møteinnkalling 5/17 Godkjenning av møteinnkalling Møteprotokoll 5/17 Godkjenning av protokoll Saker til behandling Meeting Book: (06.12.2017) Date: 2017-12-06T09:00:00 Location: Formannskapssalen Note: Dato: 06.12.2017 kl. 9:00 12:00 Møtestad: Formannskapssalen Meld fråfall til marianne.lundeberg@temark.no eller pr.tlf:

Detaljer

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017 1 Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger 28. 30. november og 3. desember 2017 Kjære kyrkjelyd! Dette har vore fine dagar med mange spennande møtepunkt. Eg fekk blant anna vera sjefshyrde saman med

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.00 Møtedato: 27.08.14

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.00 Møtedato: 27.08.14 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.00 Møtedato: 27.08.14 Frå saksnummer: 50/ 14 Møtestad: Høgaleitet 36, heime hos Nicolai Til saksnummer: 59/ 14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar

Detaljer

STRATEGI FOR FRIVILLIGHET

STRATEGI FOR FRIVILLIGHET STRATEGI FOR FRIVILLIGHET MÅL: Skape møteplassar rundt i grendene i samarbeid med lag og organisasjonar. Arbeidet er basert på den sentrale avtala mellom KS og Frivillige Norge. Arbeidet skal sikre trygge

Detaljer

Nissedal kyrkjelege fellesråd

Nissedal kyrkjelege fellesråd Årsmelding 2013 Nissedal kyrkjelege fellesråd ÅRSMELDING 2013 NISSEDAL KYRKJELEGE FELLESRÅD 1. ALLMENT Nissedal kommune ynskjer å vere ein kommune i vekst og med gode tilbod til alle. I Nissedal kommune

Detaljer

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje

Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Utviklingsplan 2015-2017 for Ørsta frikyrkje Visjon: Å gjere Jesus synleg I perioden 2015-2017 skal visjonen synleggjerast gjennom fire utvalde satsingar. Gudstenester, offerdagar, misjonsmesse og andre

Detaljer

Gi muligheter for å møte andre i samme livssituasjon, kunne dele sorghistoriene, og få hjelp til å gå videre i livet.

Gi muligheter for å møte andre i samme livssituasjon, kunne dele sorghistoriene, og få hjelp til å gå videre i livet. Diakoniplan for Sandefjord menighet Diakoni beskrives i Plan for i for Den Norske kirke som kirkens omsorgstjeneste, evangeliet i handling. Planen har fire hovedområder: Nestekjærlighet, Inkluderende fellesskap,

Detaljer

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm.

HOVUDUTSKRIFT. År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm. FUSA SOKNERÅD HOVUDUTSKRIFT År 2014, den 30. september, hadde Fusa sokneråd møte i Strandebarm kyrkjelydshus i Strandebarm. Møtet tok til kl.19.00 og var slutt kl.21.15. Innkallinga var sendt representantane

Detaljer

Plan for undervisning

Plan for undervisning Side 2 av 12 Vi er ansvarlege for konfirmasjonstida på Osterøy vil gjerne gje deg ynskjer å vera konfirmant, og dykk konfirmantforeldre/ -føresette informasjon om konfirmantopplegget vårt. Konfirmasjon

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune. BEREDSKAPSPLAN i Jølster Kommune. Vedlegg 3: Plan for psykososial støttegruppe. Vedteken i kommunestyret 01.03.05, K sak 09/05. Revidert juni 2006. 1 Innhald: 1.0 Generelt om støttegruppa:... 3 1.1 Innkalling

Detaljer

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene

Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Kva når hjelpa ikkje helper? Samfunnstryggleik eit felles ansvar ei historie frå dei kommunale tenestene Ansvar! Eit ansvar for samfunnstryggleiken Der er vi kvar dag! Vi kjenner på ansvar, vi har ansvar

Detaljer

Møteprotokoll for møte i

Møteprotokoll for møte i Møteprotokoll for møte i Masfjorden Kyrkjelege Fellesråd 27.01. 2015 kl. 1815 i kantina på kommunehuset. Desse møtte: Ragnhild Skuggedal Britt E. Nordland Åse Dyrkolbotn Øyvind Kristoffersen Egil Kvingedal

Detaljer

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune.

BEREDSKAPSPLAN. Jølster Kommune. BEREDSKAPSPLAN i Jølster Kommune. Vedlegg 6.5.3: Plan for psykososial støttegruppe. Vedteken i kommunestyret 01.03.05, K sak 09/05. Revidert juni 2006, juli 2012, februar 2014, desember 2014. 1 Innhald:

Detaljer

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING NYNORSK INNHALD GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING... 2 GRAVFERDSORDNING:... 2 1. MENS VI SAMLAST... 2 2. FELLES SALME... 2 3. INNLEIING VED LEIAR... 2 4. BØN... 2 5. MINNEORD...

Detaljer

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS

VEDTEKTER ETNE ELEKTRISITETSLAG AS VEDTEKTER FOR ETNE ELEKTRISITETSLAG AS 2/6 1 Føretaksnamn Selskapets namn er Etne Elektrisitetslag AS 2 Forretningsstad Selskapets forretningskontor er i Etne kommune. 3 Føremål Selskapets føremål er å

Detaljer

Handsaming i Kommunestyret :

Handsaming i Kommunestyret : Handsaming i Kommunestyret 02.10.2014: Framlegg frå Ap v. Børre Rønningen: 1. Vinje kommunestyre ynskjer å oppretthalde Vinje som ein eigen sjølvstending kommune. 2. Vinje kommunestyre gjev likevel formannskapet

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

VELKOMEN SOM KONFIRMANT 2 19 VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! KONFIRMASJON 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: bk324@kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller fleire av

Detaljer

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017

5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017 Fitjar kommune v/ rådmannen 5419 Fitjar Fitjar, 25. oktober 2017 Kommunal støtte til Fitjar kyrkje i 2018 Soknerådet behandla sak om budsjett for 2018 på møte den 19. oktober. Framlegget til budsjett inneber

Detaljer

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Veivalg for fremtidig kirkeordning Høyringssvar: Veivalg for fremtidig kirkeordning Raundalen sokneråd i Voss og Hardanger prosti, Bjørgvin bispedøme: 1 Bør det gjøres endringer i fordelingen av oppgaver og myndighet mellom lokalt, regionalt

Detaljer

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme

Vigsling av misjonær. Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja. Orientering. 1 Salme ORDNING FOR Vigsling av misjonær Den Evangelisk Lutherske Frikyrkja Orientering 1. Denne ordninga vert bruka ved vigsling til teneste som misjonær i kyrkja vår. 2. Vigslinga går føre seg i ei gudsteneste

Detaljer

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009 ÅRSMELDING for Rasdalen grendalag 2008/2009 Innleiing Årsmøtet for 2007/08 vart avvikla i grendahuset 20.03.08. På dette årsmøtet vart det vedteke at det sitjande styret skulle halda fram i eitt år til.

Detaljer

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14

Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14 Side 1 av 5 Protokoll frå møte Frå kl 19.00 til 22.15 Møtedato: 01.10.14 Frå saksnummer: 60/ 14 Møtestad: Kyrkjestova på Bore Til saksnummer: 67/ 14 Av soknerådet sine medlemmar/ varamedlemmar møtte Medlemmer

Detaljer

Plan for diakonal verksemd

Plan for diakonal verksemd Plan for al verksemd År 2017 og 2018 Bryne kyrkjelyd Innleiing: Planen for al verksemd tek utgangspunkt i Kyrkjerådet sin Plan for i i Den norske kyrkja frå 2008. Målet er å konkretisera dei overordna

Detaljer

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Strategidokument Varhaug Misjonshus Strategidokument Varhaug Misjonshus 2011-2013 Strategidokument_Varhaug_Misjonshus_2011-2013_v1-0.doc Side 1 Strategidokument Varhaug Misjonshus 2010-2015 Innhold 1.Om Varhaug Misjonshus...3 1.1.Visjon...3

Detaljer

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst PLAN- OG VURDERINGSARBEID I FYRESDAL BARNEHAGE 2017-2018 Vedlegg til årsplanen. August 2017 Formål "ehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta

Detaljer

Kyrkjeleg fellesråd ANSVAR OG UTFORDRINGAR KYRKJELEG FELLESRÅD SI SAMANSETJING KYRKJELEG FELLESRÅD SINE OPPGÅVER. Arbeidsgivaransvar

Kyrkjeleg fellesråd ANSVAR OG UTFORDRINGAR KYRKJELEG FELLESRÅD SI SAMANSETJING KYRKJELEG FELLESRÅD SINE OPPGÅVER. Arbeidsgivaransvar Kyrkjeleg fellesråd ANSVAR OG UTFORDRINGAR Hausten 2011 var det val til styringsorgan for lokalt og regionalt nivå i Den norske kyrkje - sokneråd, kyrkjeleg fellesråd og bispedømmeråd. I kommunar der det

Detaljer

Tale ved prost Svein Arne Theodorsen ved Nyårsmottaking i Sunnhordland prosti :

Tale ved prost Svein Arne Theodorsen ved Nyårsmottaking i Sunnhordland prosti : Tale ved prost Svein Arne Theodorsen ved Nyårsmottaking i Sunnhordland prosti 06.01.08: Gode medarbeidarar, kjære gjester! Godt nytt år. Velkomen For meg er det ei stor glede å sjå dykk alle som er komne

Detaljer

ARBEIDSPLAN 2014-2015

ARBEIDSPLAN 2014-2015 ARBEIDSPLAN 2014-2015 SENTERPARTIET I SOGN OG FJORDANE Fylkesårsmøte sitt vedtak: a) Arbeidsplan 2014 2015 vert godkjent. b) Fylkesstyre får fullmakt til å gjere endringar gjennom året. 1 Innhald Innleiing...

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Vinje kommune Rådmannen Arkiv saknr: 2014/1923 Løpenr.: 10293/2015 Arkivkode: 032 Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet Kommunestyret Sakshandsamar: Jan Myrekrok Kommunereformen - oppfølgjing Vedlegg:

Detaljer

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune

Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune Korleis organisere demensomsorga i heimebaserte tenester? Britt Sørensen Dalsgård Einingsleiar heimebaserte tenester i Stord kommune Visjon: Målsetting frå bygging av ny sjukeheim (Backertunet) 2005-2006:

Detaljer

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008:

Rekneskapet for prosjektet såg slik ut pr. september 2008: M PRSJEKTET Det har vore "Styringsgruppa for Pilegrimen" som til nå har hatt eigarskapet til prosjektet. Vest-Telemark Museum har sidan 2004 tatt på seg prosjektleiarrolla på vegne av styringsgruppa. 2009

Detaljer

DIAKONIPLAN FOR FJELLHAMAR MENIGHET

DIAKONIPLAN FOR FJELLHAMAR MENIGHET Fjellhamar kirke, foto Kristian Ralger DIAKONIPLAN FOR FJELLHAMAR MENIGHET 2016-2019 Basis «For jeg var sulten og dere ga meg mat; jeg var tørst, og dere ga meg drikke; jeg var fremmed, og dere tok imot

Detaljer

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg.

Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Det er mykje å hugse når eg skal KLATRE mot toppen! Eg må tenke lurt og bruke heile kroppen. Eg må seie høgt til meg sjølv: Dette KAN eg. Det som er vanskeleg kan eg LÆRE meg. Eg må vite at eg har ANSVAR

Detaljer

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019

Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Politisk program for Jølster KrF 2015-2019 Jølster har vakker og særmerkt natur; vatn og elv, daler og lier, fjell og bre. Jølster er strategisk plassert i fylket der Skei er eit naturleg knutepunkt for

Detaljer

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017

Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017 Forbøn for borgarleg inngått ekteskap 2017 Vedteke av Kyrkjemøtet 2017 Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske

Detaljer

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK FRIDOM TIL Å TENKJE OG MEINE KVA DU VIL ER EIN MENNESKERETT Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse

Detaljer

PROSJEKTSKISSE. Visjon: Våre døypte er i byen, derfor må vi som kyrkje óg vere der. Innbyggjarane i Førde skal oppleve at kyrkja er nærverande i byen.

PROSJEKTSKISSE. Visjon: Våre døypte er i byen, derfor må vi som kyrkje óg vere der. Innbyggjarane i Førde skal oppleve at kyrkja er nærverande i byen. PROSJEKTSKISSE Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Førde kyrkje ynskjer gjennom dette prosjektet å vere der mennneska er gjennnom nestekjærleik og konkret omsorg som byggjer fellesskap og stadfester menneskeverdet.

Detaljer

Velkomen til soknerådskurs

Velkomen til soknerådskurs Velkomen til soknerådskurs 1 Føremålet med kurset - Kva er det å vera kyrkjelyd? - Kjennskap til soknerådet sitt ansvar og mynde - Oversyn over soknerådet sine oppgåver - Forstå rollene i kyrkjelyden og

Detaljer

12. Soknerådsmøte desember Referat

12. Soknerådsmøte desember Referat 12. Soknerådsmøte 2017 12.desember Referat Mat: Bjørg Nese AU Arbeidsutvalet for soknerådet. Møter kvar månad ca 1 veke før soknerådsmøtet. Tar unna saker av meir forretningsmessig karakter. SR Soknerådet

Detaljer

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Veivalg for fremtidig kirkeordning HØRINGSSVAR Veivalg for fremtidig kirkeordning Høring februar mai 2015 Opplysninger om høringsinstansen: Navn på menighet/kirkelig fellesråd/organisasjon: _Vestre_Slidre kyrkjeleg fellesråd, Slidre sokneråd,

Detaljer

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN!

VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! VELKOMEN SOM KONFIRMANT i KYRKJELYDANE I VANYLVEN! 2018 14-15 Den norske kyrkja i Vanylven Kyrkjekontoret tlf. 70022160 E-post: vanylven.kyrkjekontor@vanylven.kyrkja.no Har du nokon gong lurt på eit eller

Detaljer

Last ned Handling og bøn må bli eitt - Sindre Eide. Last ned

Last ned Handling og bøn må bli eitt - Sindre Eide. Last ned Last ned Handling og bøn må bli eitt - Sindre Eide Last ned Forfatter: Sindre Eide ISBN: 9788251407984 Antall sider: 71 Format: PDF Filstørrelse:33.97 Mb Dette heftet gjev hjelp til å sjå samanhengen mellom

Detaljer

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL OG 7. DESEMBER 2014

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL OG 7. DESEMBER 2014 VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I AUSTEVOLL 2.-5. OG 7. DESEMBER 2014 Kjære kyrkjelyd! No er vi komne til avslutninga av min andre visitas som fungerande biskop. Det har vore flotte dagar, og eg kjenner

Detaljer

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år

Til deg som bur i fosterheim. 13-18 år Til deg som bur i fosterheim 13-18 år Forord Om du les denne brosjyren, er det sikkert fordi du skal bu i ein fosterheim i ein periode eller allereie har flytta til ein fosterheim. Det er omtrent 7500

Detaljer

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule

Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Vennegrupper på Høle Barne- og Ungdomsskule Rettleiar for gjennomføring av vennegrupper på HBUS. «Jo mere vi er sammen» Utarbeida av Arbeidsgruppe 1 ved HBUS 1. Innføring av vennegrupper som strategisk

Detaljer

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet

Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Vinje kommune Rådmannen Arkiv saknr: 2016/1249 Løpenr.: 10927/2016 Arkivkode: Utval Møtedato Utval Saksnr Oppvekst- og velferdsutvalet Sakshandsamar: Sissel Jacobsen Bitustøyl Felles jordmorteneste i Vest-Telemark

Detaljer

Jesus taler om sin død

Jesus taler om sin død Den rare loven i Guds Rike Teksten: Johannes 12.20 36 Jesus taler om sin død 20 Det var noen grekere blant dem som var kommet for å tilbe under høytiden.21 De gikk til Filip, som var fra Betsaida i Galilea,

Detaljer

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag

SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag SAMLING I FASTETIDA Frå og med Maria bodskapsdag Saman Foto: Håvard Bjelland/Kirkens Nødhjelp Høggravide Siti Abbas og resten av storfamilien måtte flykte til Sinjar-fjellet. Der vart dei innhenta av IS

Detaljer

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta Ei høyring om Justering av hovudgudstenesta vart sendt ut 10. januar med høyringsfrist til 10. april. Høyringsforslaget ligg føre berre på bokmål,

Detaljer

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle. KØYREPLAN FOR SKULEGUDSTENESTE 2018 (barneskule) Me oppmuntrar til elevdeltaking i gudstenesta. I tillegg til tekstlesing, bøner og lystenning hadde det vore fint med andre elevinnslag. Me kan bidra med

Detaljer

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A FORBØN ORDNING FOR Forbøn for borgarleg inngått ekteskap Under handlinga kan det gjevast rom for medverknad av ulike slag. Det kan vera medverknad frå festfølgjet ved einskilde av dei liturgiske ledda,

Detaljer