Til kamp for nynorskjournalistane! Intervju med ny styreleiar i Kringkastingsringen. Side 4, 5 og 6



Like dokumenter
Til deg som bur i fosterheim år

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Jon Fosse. For seint. Libretto

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Nynorskprisen for journalistar

Prisvinnar Ronny Brede Aase får nynorskprisen for journalistar for 2009 av juryleiar Gry Molvær. Nynorskprisen for journalistar

KULTURDEPARTEMENTET SIN

mmm...med SMAK på timeplanen

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Brukarrettleiing E-post lesar

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

EVALUERING AV FORSØK MED ANONYME PRØVER 2013

Kringkastingsprisen Kven er din favoritt? Side 10-11

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

13. Radio og fjernsyn

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

«ANNONSERING I MØRE OG ROMSDAL FYLKESKOMMUNE»

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Vi har ikkje behandla bustøttesøknaden fordi det manglar samtykke frå ein eller fleire i husstanden

Møteprotokoll for møte i

Psykologisk førstehjelp i skulen

Brukarrettleiing. epolitiker

Frå novelle til teikneserie

13. Sendetida på TV aukar

6. trinn. Veke 24 Navn:

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

KappAbel 2010/11 Oppgåver 2. runde - Nynorsk

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

NRK Nynorsk mediesenter er ein døropnar

IKT-kompetanse for øvingsskular

Matematikk 1, 4MX15-10E1 A

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

«Ny Giv» med gjetarhund

mlmtoo much medicine in Norwegian general practice

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Opplæringslova: Det fullstendige navnet er «Lov om grunnskulen og den vidaregåande

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

STATUSRAPPORT NRK Nynorsk mediesenter

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

14. Radio og TV. Liv Taule

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Bergen Tekniske Fagskole avd. Voss Hordaland Fylkeskommune

Årsmelding Austevoll maritime fagskule 2-årig maritim fagskule : Skipsoffisersutdanning- nautikk

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Lønnsundersøkinga for 2014


Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing


Rådgjevarkonferanse 2009

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

INTERNETTOPPKOPLING VED DEI VIDAREGÅANDE SKOLANE - FORSLAG I OKTOBERTINGET 2010

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Evaluering av offentleglova bakgrunn, ramme, tematikk, prosess, erfaringar og status. Vegen vidare?

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Skal skal ikkje. Det startar gjerne med ein vag idé eller ein draum om å bruka interessene dine og kompetansen din på nye måtar på garden din.


Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR. 2, Kringkastingsprisen 2009 til Yasmin Syed: side 4

Tilgangskontroll i arbeidslivet

Informasjon til elevane

Kvalitetsplan mot mobbing

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Kåffår ha Skåbu-dialekta forandra sê?

KoønnWEK. v/sidgr.1- or 11(0I: &oluttd,oryvrytidiar inkm32rin3 (stuck:0. iii

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

Transkript:

MEDLEMSBLAD FOR KRINGKASTINGSRINGEN NR. 1, 2013 Til kamp for nynorskjournalistane! Intervju med ny styreleiar i Kringkastingsringen. Side 4, 5 og 6 Supert resultat for barnekanalen NRK Super hadde 25% nynorsk i 2012. Side 3 og 4

Leiar Eit supert førebilete for resten av NRK foto: Statens pensjonskasse På tre år har NRK Super nær tredobla nynorskdelen i kanalen. Dei andre NRK-kanalane må lære av NRK Super sitt målretta språkarbeid, slik at NRK som heilskap snart oppfyller nynorskkravet. Inger Størseth Haarr styreleiar i Kringkastingsringen På tre år har NRK Super auka nynorskprosenten i kanalen frå 9 prosent i 2010 til 25 prosent i fjor. Kanalen har teke språkarbeid på alvor, og arbeidd aktivt for å få opp nynorskprosenten. Mellom anna er fleire av NRK Super sine mest populære seriar produserte av distriktskontora utanfor Oslo. Dermed er det enklare å finne skodespelarar i alle aldrar som ikkje berre snakkar austlandsk. Dei nye tala viser at dette arbeidet har gitt resultat. Det er flott, fordi det er særleg viktig at NRK sin kanal for born og unge oppfyller kravet til nynorsk. Når born høyrer nynorsk og ulike dialektar medan dei er små, vert dei kjende med språk- og dialektmangfaldet me har i Noreg. Og når born vert kjende med nynorsk og dialektar som noko naturleg, vert det lettare for dei å lære nynorsk på skulen seinare. Born er glade i språk, og dei er glade i å lære. For språkutviklinga til born er det særs viktig at dei møter eit mangfald av dialektar og språkvariantar i tidleg alder. Tala viser at det er mogleg å oppfylle nynorskkravet når ein arbeider målretta for det. Det er viljen det står på, og resten av NRK har like moglegheiter som NRK Super til å få dette til. Dei NRK-kanalane som enno ikkje har greidd å ha 25 prosent nynorsk i sine sendingar, bør sjå til NRK Super som eit førebilete, og lære av måten NRK Super har satsa på språkarbeid. I skrivande stund har NRK nett lyst ut stillinga som språksjef, og dette bør vere ein av oppgåvene den nytilsette tek fatt på når ho eller han er på plass. Det står ikkje gale til i dei andre kanalane heller: I tillegg til NRK Super oppfyller òg NRK P1 og NRK3 kravet om minst 25 prosent nynorsk, viser NRK sin årsrapport for 2012. NRK P1 er til og med oppe i 30 prosent. Nynorskdelen i NRK auka òg i 2011, og sidan den gongen har ikkje prosenten gått ned i nokon av NRK sine kanalar. Nynorskprosenten i NRK er dermed historisk høg, og viss trenden held fram vil NRK som heilskap snart oppfylle nynorskkravet. Det gler me oss til! Kringom nr. 1, 2013 mai 2013 Kringkastingsringen Postboks 9161 Grønland 0134 Oslo Telefon: 23 00 29 50 post@kringkastingsringen.no www.kringkastingsringen.no Redaktør/formgjeving: Bror-Magnus Sviland Strand Trykkeri: Grøset Trykk AS Takk til alle bidragsytarar. 2 Kringom 1 2013

Nynorsken i nrk NRK Super på 25 prosent NRKs årsrapport for 2012 syner at nynorskbruken i NRK har auka i nesten alle kanalar, og ikkje gått ned i nokon Medan redaktørane i dei store riksavisene står frie til å nekta nynorsk i spaltene sine, er stoda annleis for NRK. Her er det Stortinget som har gjeve vedtektene, og dei pålegg NRK å bruka minst 25 prosent nynorsk. Kvart år rapporterer NRK i allmennkringkastarrekneskapen om korleis dei har skøytt allmennkringkastaroppdraget sitt, mellom anna kor mykje nynorsk dei har nytta. NRK har aldri nytta så mykje nynorsk som vedtektene krev, men dei to siste åra har nynorskbruken gått kraftig opp, og er no på eit historisk høgt nivå. Særleg i barnekanalen NRK Super som har hatt ein nesten tredobbel auke i nynorskprosent sidan 2010 og no ligg på 25-prosentsmålet. Styreleiar i Kringkastingsringen, Inger Størseth Haarr, ynskjer å gratulera NRK generelt og NRK Super spesielt med framgangen. Dette er noko me har arbeidd aktivt med sidan NRK Super vart skipa. Det er ekstra viktig at born møter nynorsken og dei norske dialektane før dei verste fordomane tek til. Har ikkje kome av seg sjølv. Vi veit at dette arbeidet ikkje har kome av seg sjølv, held Størseth Haarr fram. NRK Super har arbeidd målretta for å sikra at nynorsk og dialekt er til stades på alle delar av sendeflata. Dette arbeidet har dei lagt fram for oss i dei jamlege møta dei har hatt med målrørsla, og årsrapporten for 2012 syner at denne møteverksemda har fungert. Eg ser fram til det neste møtet no i mai. Framleis ikkje heilt i mål Nynorskprosenten har gått opp i nesten alle kanalar, og held seg stabil i NRK1 (20 prosent), NRK3 (19 prosent) og NRK.NO (16 prosent). Det er heile tre kanalar som har nådd eller gått forbi 25-prosentsmålet. Kva tyder statistikken? Kva tyder 25 prosent nynorsk? Dei siste ti åra har NRK «liberalisert» språkreglane sine. Normalisert talemål (bokmål eller nynorsk) er berre pålagt i nyhendesendingar og hjå programvertane, elles er det fritt fram for dialektar og personleg talemål. Det NRK kallar «nynorsk» i statistikken, er nynorsk teksting, nynorsk normaltalemål og halvparten av all tale som er dialekt. NRK påpeiker i årsrapporten for 2012 at dialektbruken har auka meir enn nynorskbruken. Større bruk av direkte rapportering og analysering, i tillegg Nynorsk i NRK, 2005 12 i prosent for kvar kanal 2005 2006 2007 2008 2009 2010 2011 2012 NRK1* 23 23 22 18 24 18.2 22 20 NRK2* 14 14 16 17 17 20.4 26 25 NRK3 13 17.6 19 19 NRK Super 16 9.2 18 25 NRK P1* 24 25 27 22 26 24 27 30 NRK P2* 25 24 22 21 23 17 18 21 NRK P3* 26 24 25 23 24 22.5 20 22 nrk.no 16 16 * NRK rapporterer ulike tal for NRK1, NRK2, P1, P2 og P3 for 2011 årsrapportane for 2011 og 2012. I NRK1 og P1 kan dette henga saman med om distriktskontora er talde med eller ikkje. 1 2013 Kringom 3

NYNORSKEN I NRK til mindre bruk av manus enn før, er grunnen for dette, i følge årsrapporten. Likevel er årsmålingane frå NRK eit av dei få faste haldepunkta vi har, utanom vår eiga kjensle av korleis det står til. Desse målingane seier noko, og vi kan vera ganske sikra på at høgre «nynorskprosent» òg tyder meir nynorsk. At nynorskprosenten no nærmar seg 25 prosent gjev oss handlingsrom til å pressa på for å få meir detaljert statistikk, med eigne tal for faktisk nynorsk, seier Størseth Haarr. I alle fall gjev den ferske statistikken i NRK von om at NRK kan greia minstekravet om 25 prosent nynorsk i alle kanalar innan rimeleg tid, og han syner at når nynorsken vert tematisert, vert det meir av han. Årsmøte 18. mars heldt Kringkastingsringen årsmøte. Årsmøtet opna med innleiing ved Språkrådsdirektør Arnfinn Muruvik Vonen med påfølgjande ordskifte, og heldt deretter fram med dei vanlege årsmøtesakene, som arbeidsprogram, rekneskap og budsjett. Alle dei faste medlemmene i styret til Kringkastingsringen held fram, og Inger Størseth Haarr tar over for Martin Toft som leiar. Martin toft gjekk ned på fast styreplass etter fire år som styreleiar. Til kamp for nynorskjournalistane Korleis har odelsjenta frå Vigrestad på Jæren blitt styreleiar i Kringkastingsringen i ein alder av 29 år, spør redaksjonen i Kringom seg. Og hovudpersonen sjølv, Inger Størseth Haarr. Bror Strand bror@kringkastingsringen.no Haarr arbeider for tida i nettredaksjons-teamet ved Universitetet i Oslo, som i fjor forbetra nynorskprosenten sin på internett. Frå Bryne vidaregåande til Blindern og Berlin Mor og far selde garden på Hårr, så du må skriva at eg ikkje er odelsjente lenger. OK. Men fødd odelsjente er du då i alle fall. Du har jo sete i styret i to år. Korleis kom du fyrst inn? Eg blei spurt av valnemndsleiar Håvard B. Øvregård om eg ville inn i styret. Då var eg i Sveits, men dét meinte han ikkje var så farleg. Eg har ingen røynsle frå målrørsla utanom Kringkastingsringen, men har arbeidd i studentradioen Radio Nova, og skreiv om nynorsk litteratur i Masteroppgåva mi i litteraturvitskap. Og så har eg jo alltid skrive nynorsk. Kva er dei viktigaste røynslene du tar med deg til Kringkastingsringen frå arbeidet i Radio Nova? I Radio Nova var det ingen reglar for korleis ein skulle snakka. Alle fekk lov til å snakka på si eiga dialekt og eg på jærdialekta mi! Men i kulturmagasinet eg arbeidde i var me mange som var var opptekne av nynorsk, og me laga mange innslag om nynorske tema. Og så har eg jo innsikt i korleis arbeidet i ein kringkastingsredaksjon går føre seg. Nynorsk journalistutdanning det viktigaste Mi hjartesak er å sikra tilstrøy- Omstrukturering av språktenestene i NRK I fjor haust skreiv Kringkastingsringens dåverande leiar Martin Toft i Kringom #2-2012 om omlegginga i dei interne språktenestene i NRK i etterkant av at dei to språkkonsulentane tilsette i 10% blei oppsagde. Dette blei etter sigande gjort for å leggja meir ansvar på dei lokale språkkontaktane i kvar redaksjon, ei teneste som allereie var i bruk på det tidspunktet, og det var difor vanskeleg å sjå dette som ei oppbygging av språktenestene til NRK. I leiarteigen kravde Toft ein språkkonsulent i full stilling for å røkta språket i NRK. På vårt årlege møte med kringkastingssjefen i desember det aller siste med Hans Tore Bjerkaas blei det gjort greie for korleis omlegginga av dei interne språktenestene eigentleg skulle omorganiserast, slik det står å lesa i NRKs årsrapport for 2012. Det tidlegare språkutvalet skal erstattast av eit språkstyre som består av redaktørar og repre- 4 Kringom 1 2013

Organisasjonsnytt Intervju med ny styreleiar i Kringkastingsringen minga av nynorskjournalistar, svarar Haarr på spørsmål om kva ho synst er den viktigaste saka for Kringkastingsringen nett no. No har NRK vist at dei kan og vil oppnå 25 prosent i kanalane sine. Det er ikkje evna eller vilja det står på, sjølv om nokre av kanalane heng etter. Eg har tru på at dei innan to år skal kunna ha 25 prosent nynorsk i alle kanalar. Me må sjølvsagt halda oppe presset, men me må ikkje berre klaga. Kva anna kan Kringkastingsringen gjera? Me må sikra at det blir utdanna nok nynorskjournalistar. Når under ti prosent av dei som går ut av studiespesialiserande utdanning har nynorsk som hovudmål, kan me ikkje sitja stille: Den naturlege tilstrøyminga av nynorsbrukarar til mediebransjen vil rett og slett ikkje vera stor nok.... sentantar for språkkontaktane. Rolla til språkkontaktane skal bli styrka og vidareutvikla. Det har òg blitt oppretta ein ny stilling som språksjef, heilt i tråd med det Kringkastingsringen har ynskt, som skal fungera som sekretær for språkstyret. Stillinga har vore lyst ut og hadde søknadsfrist 15. april. I det dette bladet kjem i posten, er truleg stillinga allereie besett. Me vonar å kunne presentera eit intervju med språksjefen i neste nummer av Kringom. foto: Kringkastingsringen 1 2013 Kringom 5

Journalistutdanning... Du meiner altså at ein føresetnad for å kunna krevja 25 prosent nynorsk er at me bidrar til å utdanna tilstrekkeleg med nynorskkunnige journalistar? Og korleis kan me Kringkastingsringen og målrørsla gjera det? Me må arbeide for å sikra søkjartala til dei institusjonane me har til utdanning av nynorskjournalistar. Både Nynorsk Mediesenter i Førde, det nyoppskipa Nynorsk Avissenter, og praktikantplassar i Nynorsk pressekontor. I tillegg må me arbeida for at språk er ein viktig del av journalist- og medieutdanningar generelt, og at det blir mogleg for dei som har nynorsk som hovudmål på desse utdanningane å halda på språket sitt. Me må syna at det er mogleg å gjera karriere som nynorskbrukar ja, at det faktisk er ein føremon å kunne skrive nynorsk i mediebransjen. Opnar nynorsk avissenter Firda Media har oppretta Nynorsk avissenter, etter modell av Nynorsk mediesenter. På heimesidene (nynorskavissenter.no) står det å lesa at målet for Nynorsk avissenter er å vera ei drivkraft for aviser som brukar nynorsk. Fleire av namna i styret til nynorsk avissenter var sentrale i skipinga av Nynorsk mediesenter, som Ottar Grepstad, Jan Olav Fretland og Arve Sandal, og ikkje minst Magni Øverbotten, som er leiar i mediesenteret. Arve Sandal er tilsett som dagleg leiar i nynorsksenteret. Senteret er skipa med støtte frå Vinjefondet i Kulturdepartementet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og aviskonsernet Amedia som eig Firda. Eit av dei viktigaste tiltaka for avissenteret, skal vera opplæring av nynorskbrukande journalistar. Senteret tar opp praktikantar allereie no til hausten og hadde 21 søkjarar til det fyrste kullet. Dei fire fyrste praktikantane er klare. 6 Kringom 1 2013 Oppe f.v.: Marit Brennset frå Leikanger, Ina Eirin Eliassen frå Ål Nede f.v.: Kristine M. Stensland frå Jæren, Thea Idsøe frå Stord Normalisert nynorsk inntar barne-tv På møtet med NRK Super i mai, fekk representantane frå Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Kringkastingsringen presentert ein ny programvert for NRK Super, som i lag med ein vaksen programvert skal introdusera innslaga i barne-tv og prata om laust og fast mellom dei. Denne nye programverten var ingen ringare enn geitekilling-jenta Perla. Ei stor ovundring breidde seg mellom møtedeltakarane frå målrørsla, då Perla opna munnen og tok til å prate. Den granne røysta til geitekilling-jenta mekra på det klåraste og venaste normaliserte nynorsk! Det gler oss at Perla blir å sjå på skjermen utover sumaren og hausten, til inspirasjon og føredøme for små barneøyro. foto: Nynorsk avissenter

Journalistutdanning Nytt kull ved nynorsk mediesenter NRK Nynorsk mediesenter held fram med å utdanna nye nynorskrøyster. I haust byrjar det 19. kullet med dyktige journalistspirer ved utdanninga i Førde. Det var i alt 35 søkjarar og 11 blei innkalla til intervju. Dette søkjartalet er ein klar oppgang frå fjoråret. Frå venstre: Tale Hauso frå Odda, Eirik Hildal frå Stord, Britt Kristin Ese frå Jostedalen, Lars Ivar Nordal frå Volda og Idun Fivelstad frå Rindal. Kringkastingsringen ynskjer dei lukke til. Det er lite som er hyggelegare enn fleire unge nynorskbrukande journalistar! foto: Nynorsk Mediesenter lesarbrev: Debatten i Dag og Tid mellom Martin Toft og underteikna hausten 2012 Usemja galdt kva som er korrekt nynorsk mediespråk, og Martin Toft førde ein argumentasjon som mange måtte undra seg over. I siste innlegget til meg, «Når tale speglar skrift» (23.11.12), viste han til Språkrådet: «For å syna kvifor Kringkastingsringen ikkje motseier seg sjølv når me seier at nynorsk i NRK skal vera korrekt, skal eg sitera språkrådets «Råd om uttale» pkt 3: «I standardspråk er skriftbiletet rettleiande.» Det er dette som skal vera korrekt, det vil seia i tråd med den til ei kvar tid gjeldande rettskriving.» Med dette meinte Toft at han hadde prova at Knut Magnus Berge hadde ført eit språk i NRK som kunne karakteriserast som «eit framifrå nynorsk mediespråk» (grunngjevinga for prisen). Men eg hadde lenge fylgt med på språket til Berge og gjort mange notat. Eg sende då, utan å nemna namn, eit brev til Språkrådet, med ordrett siterte døme på Knut Magnus Berge sitt mediespråk. Den 22. januar fekk eg dette svaret: «Alle dei døma du gjev att her, bryt med rettskrivingsreglane (bøyingsreglane) for nynorsk, også dei reglane som gjeld frå august 2012. Slik eg les språkreglane til NRK [...], skal ein ikkje (i alle fall ikkje i utgangspunktet) ordleggje eg slik i nyhendesendingar på nynorsk i den statlege kringkastinga.» Dette burde gjera det klårt at Kringkastingsringen må leggja om politikken sin. Jon Fosse sine ord i Kringom kan ikkje misforståast. Det har undra meg at ingen har reagert før. Hallvard Hegna 1 2013 Kringom 7

Rørsla Målprisar Noregs Mållag gjev Målprisen 2013 til Linda Eide for den kompromisslause bruken av nynorsk og dialekt i programma hennar i NRK. «Utan slike einskildpersonar som ikkje er redde for å dra fram dialekta si og nynorsken i ålmenta slik at alle kan sjå, og høyre, hadde ikkje alle me sete her» heit det i grunngjevinga av prisen som blei lese opp i samband med utdelinga under landsmøtet til Noregs Mållag i Ørsta. Sidan 1990 har ho vore programmedarbeidar i fleire avdelingar i NRK, mellom anna i NRK P3 sidan opninga i 1993, i Norgesglasset på NRK P1 frå 1998 og i NRK Fjernsynet. Sist sett i «Norsk attraksjon» i beste sendetid på laurdagkveldane. (NPK:) Journalist Håkon Haugsbø i NRK Brennpunkt har fått Alf Helleviks mediemålpris. Under årsmøtet i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget torsdag vart prisen med namn etter den kjende nynorskmannen delt ut. Alf Hellevik (1909-2001) frå Fjaler i Sogn og Fjordane har hatt stor innverknad på utviklinga av det nynorske skriftspråket i moderne tid, kjend for nynorskbrukarar flest gjennom stadige nyutgjevingar av Nynorsk ordliste. Prisen i hans namn vert delt ut til yngre nynorskbrukarar i radio og fjernsyn som har fremja godt normalisert talemål. Prismottakar Håkon Haugsbø frå Førde har vore journalist og programleiar i NRK Brennpunkt i ti år, programmet som driv undersøkjande journalistikk i statskanalen på tysdagar. - Eg er lukkeleg og glad for den. Og mintest Ingolf Håkon Teigene i takketalen, skreiv Haugsbø på om tildelinga på Twitter. Alf Helleviks mediemålpris er på 10.000 kroner. Blant dei tidlegare mottakarane av prisen er Line Fuglehaug, som då arbeidde i P4, og Harald Thingnes, programleiar i NRK-sporten. Nynorsk redaktørpris 2012 til Bjarne Tormodsgard - Det er i stor glede å gje Nynorsk redaktørpris for 2012 til ansvarleg redaktør for Hallingdølen, Bjarne Tormodsgard. Han bidreg til å styrkja nynorsk som mediespråk på ein framifrå måte, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. (Mediemållaget) Frå bokhylla til Kringen: Olaf Almenningen og Oddrun Grønvik (red.) Ord og Mål. Festskrift til Magne Rommetveit kr. 80 Tormod Strømme og Marit Aakre Tennø (red.) Med hjartet på rette staden. Kringkastingsringen 50 år kr. 45 Send e-post med tinging til post@kringkastingsringen.no Me dekker porto. Me er opne for å forhandla om kvantumsrabattar. 8 Kringom 1 2013

VERVEKUPONG namn: adresse: postnr.: tlf.: e-post: fødeår: medlemskapstype: stad: ordinært (kr. 300 i året) under 26 år (kr. 150 i året) (valfritt) (valfritt) (valfritt) Kringkastingsringen treng fleire medlemmer, og Kringom har ein sterk mistanke om at nett du kjenner minst éin som kunne tenkja seg å bli medlem. Dersom du får samtykke frå vedkommande, kan det lett la seg ordna ved å 1) fylla inn skjemaet over, riva ut dette arket og bretta langs den stripla lina med denne sida inn, teipa eller stifta det bretta arket saman (etter du har lese instruksjonen ferdig!), setja på eit frimerke og slenga i posten. eller 2) fylla inn den same informasjonen i ein e-post og senda til post@kringkastingsringen.no 1 2013 Kringom 9

Kringkastingsprisen 2012 KRINGKASTINGSRINGEN Postboks 9161 Grønland 0134 OSLO Kringkastingsprisen 2013: Kven er din kandidat? Siri Lill Mannes fekk prisen 2000. Kven har nynorsk-føter store nok til å fylla skorne til dei tidlegare prisvinnarane? Foto: Kringkastingsringen Prisen skal gå til «ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte brukar nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet». Alle medlemer i Kringkastingsringen kan nominera kandidatar til prisen, og styret i Kringkastingsringen er jury. Ingen inflasjon Kringkastingsringen har delt ut prisen kvart år heilt sidan 1978, og Kringkastingsprisen vert rekna til dei gjævare utmerkingane ein journalist som nyttar nynorsk eller dialekt kan få. Prisen er med på å fremja bruken av nynorsk og dialekt på radio og i fjernsynet ved å gjera stas på radio- og fjernsynsfolk som veit å produsera god journalistikk på og med målet. Gjer framlegg! Veit du om nokon på radio eller i fjernsynet du meiner fortener å verta heidra med prisen? Då 10 Kringom 1 2013 FRIST FOR FRAMLEGG 10. AUGUST kan du nominera han eller henne på skjemaet på neste sida, senda framlegget per e-post eller ringja kontoret. Opplysingar om kvar du skal venda deg finn du på side to. Du kan òg tvitra framlegget ditt med taggen #kprisen13 Skriv kort om kvifor du meiner kandidaten din bør få prisen. Framlegg til Kringkastingsprisen 2012 må vera inne til 10. august. Tidlegare prisvinnarar 1978: Hartvig Kiran og Arthur Klæbo 1979: Henning Rivedal 1980: Rolf Myklebust 1981: Olga Meyer 1982: Herbjørn Sørebø 1983: Andreas Lunnan og Gustav Moberg 1984: Steinar Brauteset 1985: Svanhild Mundheim 1986: Ingrid Espelid Hovig 1987: Gunvor Hals 1988: Sigvart Østrem 1989: Nils Gunnar Lie 1990: Per Riste 1991: Martin Lohne 1992: Astrid Brekken 1993: Oddgeir Bruaset 1994: Ragnhild S. Fjørtoft 1995: Kari Sørbø 1996: Astrid Versto 1997: Bjørn Bø 1998: Ingvild Bryn 1999: Ingolf Håkon Teigene 2000: Siri Lill Mannes 2001: Egil Johan Ree 2002: Gry Molvær 2003: Arne Hjeltnes 2004: Audhild G. Rotevatn 2005: Are Kalvø 2006: Harald Bøe 2007: Ingerid Stenvold 2008: Trude Teige 2009: Yasmin Syed 2010: John Skien 2011: Morten Sandøy 2012: Knut Magnus Berge 2013:???

KRINGKASTINGSPRISEN 2013 Kringkastingsprisen 2013 Kringkastingsprisen 2013 bør gå til: Grunngjeving: Framlegg frå: 1 2013 Kringom 11

Sendar/retur: KRINGKASTINGSRINGEN Postboks 9161 Grønland 0134 OSLO Kringkastingsprisen 2013 Fristen for å koma med framlegg til prisvinnar i år er 10. august. Du kan nytta skjemaet på førre sida eller senda e-brev til post@kringkastingsringen.no Det er òg råd å tvitra framlegga med taggen #kprisen13