OS KOMMUNE Os kommune Utval: OS FORMANNSKAP Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 22.og 23.11.2004 MØTEINNKALLING Tillegg SAKLISTE Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0216/04 03/01610 PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE Medlemmer som ikkje kan møta må snarast melda frå til Os kommune, tlf. 56 57 50 00. Varamedlemmer møter berre etter særskild innkalling. Os, 29.11.2004 Terje Søviknes Ordførar Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann
MØTEBOK PROFILERINGSPROSJEKTET I OS KOMMUNE Saksbehandler: Lars Atle Skorpen Hansen Arkiv: 14 Arkivsaksnr.: 03/01610 Saksnr.: Utval Møtedato 0053/03 Os Formannskap 29.04.2003 0037/03 Os kommunestyre 17.06.2003 0002/04 Os kommunestyre 08.03.2004 0051/04 Os Formannskap 27.04.2004 0008/04 Råd for funksjonshemma 26.04.2004 0014/04 Os eldreråd 26.04.2004 0045/04 Os eldreråd 13.09.2004 0089/04 Os kommunestyre 19.10.2004 0116/04 Os kommunestyre 16.11.2004 / Os Formannskap 09.11.2004 0216/04 Os Formannskap 22.11.2004 Framlegg til tilråding: Saka vert lagt fram for drøfting og vedtak. Os, 22. nov. 2004 Lars Atle Skorpen Hansen Rådmann
Behandling i Os kommunestyre i møte 16.11.2004 Forslag frå Rådmannen om å endra planperioden frå 2004-2016 til 2005-2017, og retta opp planen i samsvar med det. Dette vart samrøystes godkjent Framlegg til nytt punkt 5 på lista siden 21 i planen. (Noverande pkt. 5 blir då pkt 6 o.s.v) frå Sigrid Melhus (SV): Pkt. 5 Det skal vera ein plan for gang- og sykkelveg frå Ytre Moberg til Svegatjørn / Svegane med særleg vekt på tilkomst for rørslehemma. Framlegget fekk 4 røyster (3SV, 1V) og fall Ordføraren fremja følgjande protokollmerknad: Fleire av dei politiske gruppene / representantane gav i debatten uttrykk for at dei no ville leggja planen ut til offentleg ettersyn, og at dei først ved realitetshandsaming av planen ville fremja evt. endringsframlegg. Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen med overnemnde endringar som forslått av Rådmannen. Kommunestyret tek framlegg til kommuneplan 2005-2017, langsiktig fellesdel, som melding og vedtek å leggja framlegget ut til høyring i perioden 17. november 23. desember 2004. Kommunestyret legg opp til endeleg handsaming og vedtak av planen den 15. februar 2005. Behandling i Os kommunestyre i møte 19.10.2004 Saka vart samrøystes utsett til møtet 16.11.04.. Saka vart utsett til møtet 16.11.04. Behandling i Os eldreråd i møte 13.09.2004 Eldrerådet vel Gunvor Søfteland Sæbø og Kåre Herdlevær til å drøfta saka med konsulentfirmaet. Eldrerådet vel Gunvor Søfteland Sæbø og Kåre Herdlevær til å drøfta saka med konsulentfirmaet. Side 3 av 7
Behandling i Os eldreråd i møte 26.04.2004 Leiar Kåre Herdlevær kom med følgjande framlegg til vedtak: Os Eldreråd viser til møte mellom Omsorgsgruppa og ulike interesseorganisasjonar den 23.03.04. Eldrerådet sine representantar kom der med følgjande ønskje for innhaldet i kommuneplanen fram til år 2016: 1. Rehabiliteringssenter 2. Fullføring av bustadsosial handlingsplan, men også utbyggjing for eldre i krinsane 3. Sømjehall med stort nok basseng med høve for terapibad 4. Tannlege/tannpleiar for eldre med refusjon via trygdekontoret 5. Betre tilgang på tryggleiksalarmar 6. Økonomisk stønad til drift av Os pensjonistforening Os Edreråd ber om at ovannemnde vert innarbeidd i kommuneplanen for den aktuelle perioden. Framlegget vart samrøystes vedteke. Os Eldreråd viser til møte mellom Omsorgsgruppa og ulike interesseorganisasjonar den 23.03.04. Eldrerådet sine representantar kom der med følgjande ønskje for innhaldet i kommuneplanen fram til år 2016: 1. Rehabiliteringssenter 2. Fullføring av bustadsosial handlingsplan, men også utbyggjing for eldre i krinsane 3. Sømjehall med stort nok basseng med høve for terapibad 4. Tannlege/tannpleiar for eldre med refusjon via trygdekontoret 5. Betre tilgang på tryggleiksalarmar 6. Økonomisk stønad til drift av Os pensjonistforening Os Edreråd ber om at ovannemnde vert innarbeidd i kommuneplanen for den aktuelle perioden. Behandling i Råd for funksjonshemma i møte 26.04.2004 Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Rådet for funksjonshemma tek referatet til orientering. Behandling i Os Formannskap i møte 27.04.2004 Side 4 av 7
Framlegg til vedtak frå FrP/H: Rådmannen får fullmakt til å henta inn tilbod på ekstern bistand i det vidare arbeidet med visjon og verdigrunnlag for Os kommune. Tilbodet skal inkludera arbeid med visjon verdigrunnlag slagord grafisk profil merkevarebygging profileringsplan Formannskapet, med tillegg av gruppeleiarane for SV, V og SP, vert styringsgruppe for arbeidet. Kostnad med tiltaket vert å vurdera ved budsjettrevisjonen i juni / disponering av rekneskapsoverskot for 2003. FrP/H sitt vedtak vart samrøystes vedteke. Rådmannen får fullmakt til å henta inn tilbod på ekstern bistand i det vidare arbeidet med visjon og verdigrunnlag for Os kommune. Tilbodet skal inkludera arbeid med visjon verdigrunnlag slagord grafisk profil merkevarebygging profileringsplan Formannskapet, med tillegg av gruppeleiarane for SV, V og SP, vert styringsgruppe for arbeidet. Kostnad med tiltaket vert å vurdera ved budsjettrevisjonen i juni / disponering av rekneskapsoverskot for 2003. Behandling i Os kommunestyre i møte 08.03.2004 Møtet besto av orientering og påfølgjande gruppearbeid. Det vert ikkje gjort vedtak på dette møtet. Side 5 av 7
Behandling i Os kommunestyre i møte 17.06.2003 Samrøystes vedtak som innstillinga frå administrasjonen. Etter å ha vurdert kommuneplanen samla, finn ikkje Os formannskap å rå Os kommunestyre til å foreta endringar i kommuneplanen i inneverande valperiode ut over dei endringane som er gjort ved rullering av ulike delplanar. Os formannskap rår til at det tidleg i komande kommunestyreperiode vert starta arbeid med vurdering av kommuneplanen samla og om det er nødvendig å foreta endringar i han. Behandling i Os Formannskap i møte 29.04.2003 Samrøøystes tilråding som innstillinga frå administrasjonen. Etter å ha vurdert kommuneplanen samla, finn ikkje Os formannskap å rå Os kommunestyre til å foreta endringar i kommuneplanen i inneverande valperiode ut over dei endringane som er gjort ved rullering av ulike delplanar. Os formannskap rår til at det tidleg i komande kommunestyreperiode vert starta arbeid med vurdering av kommuneplanen samla og om det er nødvendig å foreta endringar i han. Side 6 av 7
Vedlegg: Saksopplysningar: Ordføraren vil presentera resultatet av Grey Norge A/S sitt arbeid for Os kommune hausten 2004. Side 7 av 7