Turglede. ~ for store og små ~ Folkehelsearbeidet held fram:



Like dokumenter
Frisklivssentralen i Øygarden kommune fyller år! Frisklivssentralen fyller 1 år! ØYGARDEN KOMMUNE. Praksisstudentar

Til deg som bur i fosterheim år

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

6. trinn. Veke 24 Navn:

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Brukarrettleiing E-post lesar

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Vekeplan for 5.klasse Veke 48

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Brukarrettleiing. epolitiker

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Invitasjon til Entreprenørskap Sunnfjord 2012


Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Månadsbrev for ROSA mars 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

TIL DEG SOM HAR BARN SOM DELTAR I «ZIPPYS VENNER» PÅ SKULEN

Vil du vera med å byggja ein ny kommune?

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Lag, organisasjonar og frivilligsentralar si rolle i folkehelsearbeidet. Hjelmeland frivilligsentral

TIL DEG SOM ER BRUKARREPRESENTANT I HELSE MØRE OG ROMSDAL SINE OPPLÆRINGSTILTAK FOR PASIENTAR OG PÅRØRANDE

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

HJARTEAVDELINGA REHABILITERING ETTER HJARTESJUKDOM

Eidsdal Idrottslag og Geiranger Idrottslag innbyr til Uoffisielt Norgesmeisterskap i Motbakkesykling dame og herre. Laurdag 13.

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA


Landskyttarstemnet 2008 FØRDE 25.juli 2.august Epost:

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Kom skal vi klippe sauen

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Plassebakken Barnehage

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

3. og 4 klasse på Straumøy Gard måndag

AD Travel. Brukarmanual for prøvenemnda i Hordaland Fylkeskommune FAGOPPLÆRINGSKONTORET

Ein tydeleg medspelar. frå elev til lærling. Informasjon, tips og råd til deg som skal søke læreplass

Månadsbrev for Rosa september 2014

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Telenor Xtra Hødd. Hødd Fotballfritidsordning ønskjer å inkludere ALLE i eit utviklingsorientert og godt miljø. Søknadsfrist

Brødsbrytelsen - Nattverden

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Bjørnehiet SFO - informasjon

UNG I RADØY SOMMARAKTIVITETAR 2015

Til: Kultur og ressursutvalet Dato: 13. desember 2012 Frå: Fylkesrådmannen Arkivsak: /HANESPE Kopi til: Arkivnr.: 626

Eit felles nyskapande løft på eit tradisjonsrikt felt. Ved prosjektleiar Jan Morten Wiland Nesse Hotell Norge

Her er Monica, Stian, Kenneth, Tor Andrè og Matias dei vaskar poteter.

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Norsk: Lag setningar med øveorda i Heimeboka di. Skriv så fint du kan, sjå sjekkliste!

Rådgjevarkonferanse 2009

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

IKT-kompetanse for øvingsskular

Turstiar i Kvinnherad

Skjema for medarbeidarsamtalar i Radøy kommune

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming

Spørjegransking. Om leselyst og lesevanar ved Stranda Ungdomsskule. I samband med prosjektet Kvitebjørnen.

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Frå 12. august 2019 SOTRA OG ØYGARDEN

ÅRSMELDING Innhald: 1. Sentralens formål og drift. 2. Sentralens eigarstruktur. 3. Sentralens styringsstruktur. 4. Aktivitetar. 5.

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Frå tre små til ein stor.

«Ny Giv» med gjetarhund

SkuleMjølk Brukarrettleiing føresette

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Invitasjon til Vinterfestivalen i Myrkdalen 2012

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Styret har vore samansett slik i 2012 :

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vegvisar til vilbli.no

Den europeiske samfunnsundersøkelsen - hvordan lever vi i Norge og andre land i Europa?

Vegvisar til vilbli.no for rådgivarar

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

På tur i Midt-Telemark Informasjon om natur, kultur og friluftsliv

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Mobbeplan Harøy skule 2006/2007

Korleis stimulera til ein god språkutvikling hjå barn?

Invitasjon til Elevbedriftsmesse Naustdal 2016

Halvårsrapport raud gruppe haust 2015

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

MÅNADSBREV FOR APRIL GRØN

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Informasjon til elevane

INFORMASJON. Kraftfull og nyskapande - frå fjordfylket. Kundeinformasjon. frå SFE Nett AS. Nettleigesatsar gjeldande frå

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Minnebok. Minnebok. for born NYNORSK

Transkript:

Turglede ~ for store og små ~ Folkehelsearbeidet held fram: 3 Ny rebus med klippekort 3 Kul-tur: Turar med guide 3 Nytt kart med oppmerka turar 3 Helsing frå kommunelegen 3 Søndagstur med Skjergard

Nytt år, nye sjansar Vinnarar 2012 Alle desse dagane som kom og gjekk, ikkje visste eg at dei var sjølve livet. Sitat: Stig Johansson Ofte ottast me for framtida eller grublar over fortida. Då er me ikkje tilstades i livet her og no, for livet er akkurat no. På kurs har me lært at me berre treng å vera aktiv i 12 minutt, då slår endorfinane inn og gjev oss den gode kjensla. Lysten til å gå litt lenger kan koma heilt av seg sjølv. Ein dum dag blir betre, ei hand å halda i er varmare, ein kaffikopp i steinrøysa trøyster, ein god latter på Skogsøy løfter blikket opp og ut. Frivilligsentralen gir ut turstikonkurransen for 3. år på rad. I dette gode folkehelsearbeidet er vi mange som heiar fram arbeidet. Frisklivsentralen, kommunelegen, psykologen, læraren, friluftsentusiastar, Skjergard, Nav, kyrkja, kulturavdelinga, biblioteket og fylkeskommunen. Alle er med å løfta dette arbeidet opp og fram. Ver med ut! I 2012 var det 52 personer som leverte inn klippekorta. Dei heldige vinnarane var: Vaksenklasse: Reidar Vik Klassen ungdom: Tobias Hamsun Klassen born: Marta-Elise Fjeldstad I 2012 laga vi ei ekstra utfordring med å leggja postane utanfor turløypa, slik at turgåarane måtte leite litt. Dette syntes nokon var lett, medan andre strevde meir. Vi veit at mange mista motivasjonen då dei ikkje fann postane. Slik ønskjer vi det ikkje. Postkassene er tilbake langs turløypa og merkeklipparane oppi dei. Rebus og ekstratrekning NYTT av året er at det ligg ein ekstra rebus i kvar postkasse. Svara skriv du direkte inn i klippekortet. Løyser du denne vert du med i EKSTRATREKNINGA Christel Møvik-Olsen Frivilligsentralen Liv Edel Mikkelsen Frivilligsentralen ~ Baconsandwich BLT ~ Slik gjer du: Baconsandwich BLT Du treng: 8 baconskiver 8 skiver brød 8 salatblad 2 tomatar 2 beger kremost med urter eller andre variantar (á 125 g) Lag maten heime på førehand og du er sikra ein smakfull pust i bakken. Steik bacon i ei varm panne til det er heilt sprøtt. Skjær tomatane i tynne skiver. Vask godt av salaten og sil av vatnet. Skjer opp åtte tjukke brødskiver og smør på kremosten. Pålegget skal leggjast på fire skiver i denne rekkefølgja: Salat, tomat og bacon. Dei fire siste brødskivene skal på toppen. Grill skivene i omn eller smørbrødjern/toastjern. Skjer kvar skive diagonalt og pakk i matpapir eller i ein serviett, om du ønskjer å eta den utan bestikk. TIPS: Ta med drikke som passar til maten og veret!

Aktivitet er medisin Ein aktiv livsstil er godt for helsa. Kommunelegen i Øygarden oppmodar deg til å ta i bruk tilboda som vert presentert i denne brosjyra. Ein aktiv livsstil gjev store helsegevinstar. Regelmessig fysisk aktivitet har positiv innverknad både når det gjeld førebygging og behandling av ei rekkje av livsstilssjukdomane våre. Det er også påvist at fysisk aktivitet er gunstig for den psykiske helsa. Kommunen har lagt til rette for at innbyggjarane skal ha høve til å leve eit meir fysisk aktivt liv gjennom det lokale folkehelseprogrammet. Bruk tilboda, - kom deg ut i naturen! Jan Utkilen Kommunelege Godt for kropp og sjel Bente Guntveit Folkehelsekoordinator Fysisk aktivitet har innverknad på den psykiske helsa vår, og forskning viser at dette er gunstig sjølv i avgrensa omfang. Psykologiske verknader av fysisk aktivitet er auka velvære og glede, overskot og energi, betre søvnkvalitet, mindre stress-symptomer, auka optimisme og pågangsmot, betre sjølvkjensle og betre forhold til eigen kropp. (Helsedirektoratet) Menneske med angst og depresjon kan ha særleg god effekt av fysisk aktivitet. Å bevege seg ute i skog og mark er med andre ord godt for kropp og sjel. Lyden av fuglekvitter, havet, vinden, ja alt vår barske natur har å by på, er mentalhygiene for både vaksne og born. Å gå på tur er ein flott familieaktivitet! Bruk dei flotte turstiane i kommunen og la deg inspirere til fine turopplevingar!

Postkassane er på plass I år har me lagt postane i turstikonkurransen tilbake i postkassane. Og du får ein ekstrasjanse med REBUS. Det betyr at du får gleda av å gå 11 løyper. Hugs å bruke klipparen på rett stad. Langs etter kvar sti står det ein postkasse som inneheld ein klipper samt eit rebusspørsmål. Første bokstaven på det du meiner er rett svar, skal skrivast inn i ruta på den posten du er på. Etter alle elleve turane skal du ha funne elleve bokstavar, dette vert eit ord. Eit hint er høgaste topp på Toftøy. 3 Tur 1: Røbbeganståna på Hellesøy 3 Tur 2: Seløy, frå gravplassen på Bakken 3 Tur 3: Nordsjøløypa Hjelme - Bakken Hellesøy 3 Tur 4: Nordsjøløypa Nautnes Trollvatn 3 Tur 5: Nordsjøløypa Tjeldstø Hovden 3 Tur 6: Skogsøy 3 Tur 7: Dethloffhytta 3 Tur 8: Ormhilleren med kystvaktstien og kyststien 3 Tur 9: Anekletten på Toftøy 3 Tur 10: Vikåsen på Toftøy 3 Tur 11: Storskora frist: 31. August til servicetorget Utsikt frå Alvheim ~ Premiar til alle med 11 klipp ~ Turane er tilpassa både gamal og ung. Kortaste turen tek berre 40 minutt, medan den lengste turen tek om lag tre timar. Ein fin langtur er å slå saman Storskora, Vikåsen, Anekletten og Ormhilleren. Ein lengre tur nord i kommunen er Nordsjøløypa Hjelmo Hellesundet, deretter Røbbeganståna og til slutt Hjelmo med gravplassen på Bakken. Turmålkrav 1: Alle dei 11 postane ligg i postkassane langs etter stiane. Du må hugse å bruke klipparen som ligg i postkassa og klippe på rett stad i kartet. Alle turane har eigen fargekode både i kartet og på klippekortet. Turmålkrav 2: Ekstrasjanse Ein rebus er i år lagt i kvar postkasse. Til saman 11 rebusar skal løysast. Oppgåvene i rebusen har tre svaralternativ. Første bokstaven i rett svar skal du skriva inn i klippekortet ved sida av der du har klipt. Premiering Alle som leverer inn klippekort med 11 klipte turar får ein liten premie. Dei som har svart rett på rebusspørsmålet er med i trekninga av ekstrapremie.

Klippekort og fakta 2013 Ta godt vare på klippekortet ditt. I år får alle som har 11 klipp ein liten premie. Beviset på dette er at du har klipt på rett stad på klippekortet. Hugs ekstrasjansen med rebus. I omtalen av dei ulike turmåla er det avgrensa kor detaljert me kan vera i dette heftet. Me viser difor til Øygarden kommune sine heimesider for meir informasjon, der kan du også skriva ut detaljerte kart for turane. Har du ikkje tilgong til PC, kan du henta turkart på Servicetorget. Me vil minna deg på; Vis varsemd i jaktsesongen, hugs bandtvang, godt fottøy, fotoapparat. Ta med søpla di og ver varsam med bålbrenning god tur! Lett tur og kan gjennomførast av alle. Middels vanskeleg tur for vanlege trimmarar. 1 Røbbeganståna på Hellesøy Startpunkt: Sprengsnesvegen Lengde: 4 km Tidsbruk: 1,5 time 2 Seløy, frå gravplassen på Bakken Startpunkt: Gravplassen på Bakken Lengde: 3,5 km Tidsbruk: 1 time 3 Nordsjøløypa Hjelme - Bakken Hellesøy Startpunkt: Hjelme gamle kyrkje Lengde: 6,5 km tur/retur Tidsbruk: 2 timar 4 Nordsjøløypa Nautnes Trollvatn Startpunkt: Nautnesvegen ved Havforskningsinstituttet Lengde: 3 km Tidsbruk: 40 minutt Vanskegrad: Grøn Visste du at: Dersom du går alle desse turane i Øygarden, så har du til saman gått 55 kilometer på sti. Det er ein svært fin måte å verta godt kjent med Øygardsnaturen på.

Nakkane Nordøy Sulo Kortknappsjær Sanden Horsøy Stakksøy Hernar Kyrkjeøy Lyngøy Rotøy Passasjerbåt Hellesøy 3 1 Rubbegarnståna Hellesundet 1 2 Høgskjæret 4 Bleikenøvlingen Svellingen Langøy Hjelmo Sæle 2 2 Laksholmsundet Nautnes Mehøyen Kvalvika Alvheim skule Bakken skule x Seløy 4 49 4 5 Hovden 40 Storavatnet 3 Kjeøy Hopøy Bareide Ådneset Osen Alvøy Skjold Stura Eidtuva Eidet Trollet Alvheim Hjartøy Teistholmen Rotevt. 5 Tjeldstø Sauøy 3 Stureholmen 5 Innleveringsfrist 31. august 2013? til Servicetorget Namn... ALDER... Adresse...... Telefon... Epost... REBUSSVAR...

Straum- sundet Horsøy Geitingen Herdlevær Nordreosen 40 x Skogsøy Lislevika Harkestad Breivik Oøy Straumøy Oen Ljøsøy Kollsnes Ovika Steinvt. Kollsøy Dale Blomvåg kyrkje Blomvåg 561 x 71 Ljøsnesbukta Kollsnes Næringspark Osundet Blomøy Blom Sæle Blomvåg skule Ulvesundet Fiskeplass Badeplass Dykking Utkikkspunkt Toalett/WC Fuglekikking Rasteplass Naturvernområde Nordsjøløypa / turstikonkurransen Tursti ulike farger Greipingen Skarvøy Rongulløy x 47 Oneknappen Knarvik Tokhaugen x 45 Rong Rong senter 7 Rong skule Ono Rongosen Toftevika Ormhilleren x 32 Toftevågen Klubben Skoragavlen Jona x 55 10 Torsteinvik Svelgen x 60 561 Toftøy skule 9 Toft 10 Dalekletten Toftøy Stegevika F J E L L Turøy Misje ASKØY Adachi Map H J E L T E F J O R D E N 6 6 6 8 10 Rongøy 11 8 8 11 10 Rongesundet 9 10 7 11 0 1 2 3 km 9

Nordsjøløypa Tjeldstø Hovden Startpunkt: 100 meter nord for Tjeldstøkrysset Lengde: 9 km tur/retur Tidsbruk: 3 timar 5 Skogsøy Startpunkt: Lengde: Tidsbruk: Vanskegrad: Starten av Skogsøy 8 km tur/retur 2 timar Blå 6 Dethloffhytta Startpunkt: Rett før snuplassen i Onevegen Lengde: 4 km Tidsbruk: 1 time Vanskegrad: Grøn 7 Ormhillleren med Kyststien og Kystvaktstien Startpunkt: Rongsund kai Lengde: 5. km Tidsbruk: 1,5 time Anekletten på Toftøy Startpunkt: Ved Torsvik Elektriske Lengde: 4. km Tidsbruk: 1 time Vanskegrad: Grøn 8 9 Vikåsen på Toftøy Startpunkt: Bommen v/toftøy vassverk Lengde: 5 km tur/retur Tidsbruk: 1,5 time 10 Storskora Startpunkt: 100 meter før parkeringsplassen før Turøybrua Lengde: 4 km. tur/retur Tidsbruk: 1 time 11

Trening for alle Frivilligsentralen har via Hordaland idrettskrets fått utdanna 6 frivillige instruktørar til torsdagstreningane i Torsvikhuset. Anne Dybevåg frå Hordaland idrettskrets vart hausten 2012 invitert til Øygarden for å halda eit kompetansekurs i trening. På menyen sto, styrke, yoga, pilates, oppvarming, avspenning, trening med strikk og sirkeltrening. Det var 20 deltakarar på kurset, av desse var det 6 personar som meldte seg som frivillige instruktørar til treninga kvar torsdag kl. 17-18. Målgruppa på treninga er godt vaksne og du kan velje mellom: 3 Sirkeltrening 3 Yoga 3 Styrke 3 Trening og ulike rørsleformer Det viktigaste vi gjer på desse treningane er: Bevege oss, stressa ned og ha det gøy Her kjem det godt trente og mindre trente folk. Ein tar i så mykje ein klarer. Effekten av treninga er betre balanse, kondisjon, styrke, koordinasjon og mental energi. Det handlar om bevegelsesglede og du får eit godt grunnlag til å klara meir på turar i skog og mark. Det kostar kr: 10,- kvar gong. Samarbeid med U.L Stølen Frivilligsentralen samarbeidar med U.L Stølen. Du er difor velkomen til Zumba på storskjerm i ungdomshuset på Nautnes. Dette er kvar tysdag kl. 20.00-21.30. Også her betaler du kr: 10,- pr. gong. I tillegg kjem støttemedlemskap i U.L Stølen Velkomen på trening!

Opp og stå, lett å gå Ver med på tur til Ormhilleren kvar måndag. Dette er opp og stå lett å gå turar som Frivilligsentralen organiserer saman med Frisklivsentralen. Alle som vil kan vere med på desse turane. Dersom du treng ein arm å halda i og likar sosiale turar saman med andre, er dette turen for deg. Turleiar: Else Gjøen Madsen og Tom Jensen Oppmøte: Parkeringsplassen på Ormhilleren Tid: 11:00-13:00 Hugs: Niste og drikke Dato Dato Dato dato dato dato 25. mars 22. apr 13. mai 10. jun 01. jul 22. jul 08. apr 29. apr 27. mai 17. jun 08. jul 29. jul 15. apr 06. mai 03. jun 24. jun 15. jul Huk gjerne av dei datoane du har vore med! Flotte fotomotiv Blomstertur Opplev Øygardsnaturen på ein ny måte i selskap med Stig Guntveit og Norvald Vik. Det er eit fargerikt mangfald me har i vår vakre kystkommune. Heile 520 forskjellige artar er funne innom kommunen sine grenser. Når du legg merke til dei varierte artane vil naturopplevinga få ein ny dimensjon. Stig Guntveit har tidlegare stilt ut mange foto i boka si «Øygarden det blomstrande øyrike». Bli med Norvald og Stig og la deg inspirere! Knollerteknapp Berre å sjå i dei fåtallige lauvskogsområda i Øygarden. Tid: Måndag 17. juni kl. 17.00 19.00 Stad: Hjelme gamle kyrkje Ta med mat og drikke for ein liten stopp. Linjekonvall Ein plante dei fleste kjenner, men få veit kvar veks. Me ønskjer deg ein svært aktiv vår og sommar med masse turglede!

Turkalender 2013 Kul-Tur kvar måndag Guidar frå heile Øygarden kjem og fortel lokale historier knytt til kvar løype. Her får du sjansen til å møte fleire kulturar ute på tur. Ver med og tren både fysiske og kulturelle musklar! Her får innvandrarane trena norsk og samstundes får dei kulturell innføring i turstivandring. Alle er velkomne! Vi håpar å sjå mange slik at norsktrening og kulturtrening går hand i hand. Skjergard sine Søndagsturar: Dette er fine familieturar som Skjergard har arrangert i mange år. Her møter du ulike turleiarar som er lokalkjent og som har fine historier å fortelje. Ung, gamal, liten og stor bør vera med på desse turane. Dato Tur Turleiar oppmøte type tur KL. 24. mars Tjeldstø Trygve Fjeldstad Parkering v/bedehus på Tjeldstø Skjergard 14:00 25. mar Ovågen Børge Fjeldstad Parkeringsplassen v/kystmuseet KUL- 12:45 8. apr Dethloffhytta Odd Rong Rett før snuplassen i Onevegen KUL- 12:45 14. apr Alvheim/ Lokal turguide Parkering ved bommen Skjergard 11.00 Kvednane v/ vassverket 15. apr Ormhilleren Liv Edel Mikkelsen Parkeringsplassen på Ormhilleren KUL- 12:40 22. apr Anekletten Norvald Vik Bommen v/ Norlavatnet KUL- 12:35 28. apr Algrøy Lokal turguide Parkering v/ Algrøy skule Skjergard 11:00 29. apr Kulturnaustet Asbjørn Toft Kulturnaustet på Toft KUL- 12:45 Toft 6. mai Dethloffhytta Odd Rong Rett før snuplassen i Onevegen KUL- 12:45 13. mai Alvheim Åse Gunn Husebø Alvheimstreet KUL- 12:50 26. mai Svellingen/ Lokal turguide Parkering ved Bakken skule Skjergard - 11:00 Hellesøy ta med grillmat 27. mai Ormhilleren Liv Edel Mikkelsen Parkeringsplassen på Ormhilleren KUL- 12:40 3. jun Bakken/Sæle Anne-Lise Grøm Gravplassen v/nye Hjelme kyrkje KUL- 13:00 10. jun Dethloffhytta Odd Rong Rett før snuplassen i Onevegen KUL- 12:45 17. jun Blomvåg Kåre Blom Parkeringsplassen i Blomåsen KUL- 12:45 17. jun Blomstertur Stig Guntveit og Norvald Vik Hjelme gamle kyrkje Blomstertur 17:00

Kontakt oss: Frivilligsentralen Christel Møvik-Olsen og Liv Edel Mikkelsen T: 56 38 20 23/ 56 38 20 04 post@oygarden.frivilligsentral.no Folkehelsekoordinator Bente Guntveit T: 56 38 20 18 friskliv@oygarden.kommune.no Servicetorget T: 56 38 20 00 postmottak@oygarden.kommune.no Foto: Framside: Egil Olsvold Christel Møvik-Olsen, Bente Guntveit, Egil Olsvold, Stig Guntveit, Magnar Håland og Øygarden Kommune Produksjon, design og trykk: PCG Bergen, Kongshavn Design og Prinfo Unique 241 MILJØMERKET Trykksak 709 brubyggjaren