Forsikringspakke Forsikringspakken til NLT er eit resultat av eit samarbeid og avtalar mellom fyljande parter: NLT: Som administrator og formidlar til medlems- og bygdeservice laga. For dette reknar NLT seg eit honorar i tillegg til risikopremien frå forsikringsgjevaren(e). Willis: som forsikringsmeklar (innkjøpar og uavhengig forsikringsrådgjevar)med NLT som oppdragsgjevar Tryg Forsikring: som forsikringsgjevar på ansvars-, underslag, formueskade-, prosjektforsikring, yrkesskade, fritidsulykkes- og reiseforsikring og bilforsikring. NB! Produktoversikta under er meint som informasjon og er ikkje uttømande vilkår. Vilkåra finn de på www.landbrukstjenester.no Spørsmål om forsikringane kan rettast til NLT, tlf. 53 48 22 80 Sjå www.landbrukstjenester.no for vilkår og informasjon
Bedriftsforsikring Bedriftsforsikring er ikkje dekka gjennom NLT pakken. Det einskilde lag teiknar denne sjølv, - som tidlegare. Pass på å ha ei dekning som står i samsvar med investeringane i kontorutstyr, maskiner osv. I tillegg bør innbrot, vannskade o.s.v. vera dekka. Yrkesskade - yrkessjukdom (arbeidstid) Forsikringa dekkjer dei fleste typar arbeid som avløysarlaget har arbeidsgjevaransvar for (lønnar ut). Hovudregelen er at arbeidet, så langt som mogeleg, skal vera relatert til landbruket. Dersom ein er i tvil om arbeidet ein arbeidstakar vert sett til er dekka av yrkesskadeforsikringa, skal det takast kontakt med NLT på førehand. Døme på arbeid som ikkje er dekka er arbeid på sjøen, t.d. fiske. Det er full dekning sjølv om utlønning skjer i ettertid. Dekningsområde og erstatning er etter lov om yrkesskade frå 16.juni 1989. Dekningsområde Skadar/sjukdomar som den forsikra kan bli påført under utøving av arbeidet sitt, i arbeidstida, og på arbeidsstaden. Rikstrygdeverket avgjer om skaden/sjukdommen er relatert til yrke. Forsikringa er frå 01.05.2010 utvida til også å dekkje ulukker som skjer på direkte reise til og frå arbeid i den grad skaden ikkje er dekka under Lov om Yrkesskadeforsikring. Om ein arbeidstakar utfører arbeidet på anna stad enn den faste arbeidsstaden, erstattas ulukker som skjer på reisa direkte mellom heim og arbeids- /oppdragsstaden. Med reise direkte mellom heim og arbeidsstad/oppdragsstad meiner ein den ruta som regelmessig vert nytta frå heim til arbeidsstaden og omvent. Dersom skade skjer i forbindelse med ulukke der bilansvarsloven trer inn, og det er utbetalt erstatning, vil det bli gjort fradrag krone for krone i erstatningsoppgjeret. Påførte utgifter og framtidige utgifter, tapt inntekt Påførte utgifter fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt, jf. skadeerstatningslovens 3-1. Framtidige utgifter fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt, jf. skadeerstatningslovens 3-1. Tapt inntekt i tida fram til oppgjerstidspunktet, vert erstatta individuelt, jf. skadeerstatningslovens 3-1.
Tapt framtidig inntekt Eingongserstatning for framtidige inntektstap. Grunnlaget for berekninga av det er den pensjongjevande inntekt i året før skaden eller sjukdommen vart konstatert. Jf. folketrygdloven 6-4. Menerstatning Skattefri eingongsutbetaling som utbetalast ved medisinsk invaliditet. Forsikringa er frå 01.05.2010 utvida til også å dekkje invaliditetsgrad frå 1-15%. Dødsfall Erstatning utbetalast til ektefelle/registrert partnar/sambuar. I tillegg til erstatning for den som er forsikra, vil det bli utbetalt ei eiga erstatning til barn, og eit gravferdsbidrag på 0,5 G. Ansvar (frist for å melde sak: 1 år frå skadetidspunkt) Forsikringa omfattar: Erstatningssum pr. skade 10 mill. 20 mill. totalt pr. år Familieavløysing er dekka på lik linje med andre. Vikartenester, entreprenør verksemd er inkludert. Entreprenørverksemd er utvida til å omfatta utføring av grunnarbeid, som graving sprenging m. v Dekningsområde gjeld og motorvogn, traktor og arbeidsmaskiner dersom bilansvarslova ikkje trer inn. Eigendel er kr. 4000,-. For familieavløysing kr. 6000,-. Vikartenester kr. 4000,-. For entreprenørverksemd kr. 15.000,-. For utvida entreprenørverksemd som nemnd i kulepunkt 3, kr. 100.000.- Ansvarsforsikringa har oppheva varetektsklausul, og gjev god økonomisk dekning for skade som kan skuldast avløysaren. Bør teiknast av alle lag som har arbeidsgjevaransvar. Varme arbeider utanom faste, spesielt tilrettelagte arbeidsplassar skal bare utførast av personar som har gyldig sertifikat for varme arbeider. Den sikra (avløysarlaget/landbrukstenesten) pliktar å sørgje for at deira underentreprenørar teiknar eigen gyldig ansvarsforsikring på minimum 150G, som omfattar underentreprenøren sine kontraktsarbeider. Vi gjer merksam på at dette er ei ansvarsforsikring og ikkje ein tabbe- kaskoforsikring. Det må føreliggja ansvar hjå arbeidstakar for utbetaling.
Forsikringa omfattar arbeidsgjevars erstatningsansvar for økonomisk tap som skuldast ting- eller personskader som vert konstatert av den sikra eller skadelidde i forsikringstida og som er voldt under utøving av den verksemda som er oppgjeve i forsikringsbeviset, under dette ansvar som eigar eller brukar av fast eigedom som vert nytta i verksemda. Det er viktig å presisere at dersom avløysar av oppdragsgivar blir pålagt arbeid utanfor det avtalte arbeidsområdet, eller vert sett til arbeid vedkommande ikkje er sertifisert/kvalifisert til, vil ansvarsdekninga til laget falle bort. Frist for å melde sak: 1 år frå det tidspunkt den sikra fekk kunnskap om dei forhold som grunna kravet mot selskapet. Tenestereiseforsikring Forsikringa gjeld for tenestereiser som varer inntil 3 månader. Den forsikra må vera busett i Norden og vere medlem av norsk folketrygd. Forsikringa omfattar blant anna fyljande: Privat reisegods: kr 25.000,- Arbeidsgjevar sitt reisegods: kr 15.000,- Forsinket avgang: kr 1.500,- pr. person og kr 4.000,- pr. familie. Sjå vilkår Forsinkelse pkt. 1.3 for utfyllande tekst. Sjukeutgifter/ Heimtransport v/sjukdom: Sjå vilkår Reisesyke/hjemtransport/reiseavbrudd for informasjon Ansvar som privatperson 6.000.000,- pr skade og totalt pr. år. Rettshjelp som privatperson utanfor Norden 20.000,- Reiseulukke død/invaliditet Avbestilling pr. person 30.000,- Kriminalitet Forsikringa dekkjer direkte økonomisk tap som medlemmen måtte bli påført som følgje av at tilsette i avløysarlaget gjer seg skuldig i følgjande straffbare handlingar: Underslag Tjuveri Bedrageri Utruskap Dokumentfalsk Forsikringssum kr. 500.000 pr. skade og totalt pr. år. Eigendel kr. 25.000,-.
Frist for å melde sak: 1 år frå det tidspunkt den sikra fekk kunnskap om dei forhold som grunna kravet mot selskapet. Formuetap Forsikringa dekkjer erstatningsansvar (økonomisk tap) som avløysarlaget etter gjeldande rett kan pådra seg under utøving av verksemda. Det må føreliggja dokumentert økonomisk tap påført ein anna (bøndene) ved forgløyming, feilskrift, feilregning, feilhørsel, og andre umedvitne feil, samt rådgjeving frå nokon av avløysarlaget sine tilsette. Vilkåra er utvida til å dekkje formuesskade som er ein følgje av dekningsmessig person- eller tingskade Det er 3. part (oppdragsgjevar) som må ha lidt eit økonomisk tap for at forsikringa skal tre i kraft. Dersom det er laget som har lidt tapet vil ikkje forsikringa dekkje dette. Forsikringssum kr. 500.000 pr. skade og totalt pr. år. Eigendel kr. 10.000,-. Frist for å melde sak: 1 år frå det tidspunkt den sikra fekk kunnskap om dei forhold som grunna kravet mot selskapet. Fritidsulykke Forsikringa gjeld i avløysaren si fritid, yrkesskadeforsikringa gjeld berre i arbeidstid. Ulykke fritid er først og fremst berekna på avløysarar med stillingsprosent over 50%. Alle kontortilsette bør sjølvsagt vera dekka. Forsikringa skal teiknast personleg med namn på den forsikra. Namna skal registrerast på www.landbrukstenester.no. Namnelista skal ajourførast ved endringar. Alle som er med må vera medlem av norsk folketrygd. NB! Dersom laget betalar denne forsikringa til avløysaren skal dette lønsmeldast. Forsikringa dekkjer: Ulykkesskade som rammar den sikra i fritida Dødsfallerstatning til den forsikra sine barn Invaliditetserstatning til den forsikra Tap av framtidig inntekt til den forsikra Les vilkår for erstatningssummar. Frist for å melde sak: 1 år frå skadetidspunkt. Klagefrist på eventuelt avslag, 6 månader etter skriftleg avslag.
Kriseforsikring Dersom ein har teikna både yrkesskadeforsikring og fritidsulykkeforsikring har ein også kriseforsikring. Denne forsikringa omfattar: Ran, overfall, voldtekt (må politimeldast) Ulykkestilfelle Brann, eksplosjon eller innbrot Flykapring Forsikringa gjev rett til dekning av utgifter til krisehjelp med inntil 10 behandlingstimar pr. forsikra. Behandlingstida er begrensa til 12 månader frå skadedato.