Snø, kakao og kakesau



Like dokumenter
Til... Frå... God Jul, Kald Kaffi Sauen!

mmm...med SMAK på timeplanen

MATEMATIKKVERKSTAD Mona Røsseland. GLASSMALERI (bokmål) Utstyr: Rammer (A3) i farga papp, pappremser, silkepapir, saks og lim

Innhald. Arme riddarar AV grovt brød Sandwich

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

3 dl havregryn 3 ss kakao ¼ ts kanel Ei klype salt 1 ts vaniljesukker 200 g kesam 5 ss honning Kokos

oppskrifter kornartane Innhald Baketips Kornblanding Di ega Kornblanding Fine rundstykke

Regnet sit som glanspapir på hender og føter Vinden ser det eg ikkje ser Han som smiler under vindauget. Eg rissar ikkje namn

Det Norske Samlaget Omslagsillustrasjon: Christian Fjeldbu Omslagsdesign: Laila Mjøs

JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

oppskrifter Grove kornprodukt Innhald havrerundstykke eplerundstykke gulrotrundstykke myslirundstykke glutenfrie eplerundstykke

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

I N N H O L D. Forord

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

Ute mat Korleis laga god mat UTE

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Mina kjenner eit lite sug i magen nesten før ho opnar augo. Ho har gledd seg så lenge til denne dagen!

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Brødsbrytelsen - Nattverden

Carl Frode Tiller Innsirkling 3. Roman

Barterapi. B: Denne kunden er nok under diagnosen: Sterkt depressiv og trur at verda hatar ein. Best å gi han ein behandling med min spesielle drink.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź

Kom ikkje inn i mitt hus

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

OK, seier Hilde og låser.

4. klasse nynorsk. klipp-og limoppgåver

Nasjonale prøver. Lesing på norsk 5. trinn Eksempeloppgåve. Nynorsk

Geitekillingen som kunne telje til ti av Alf Prøysen

Introduksjon til undervisningsmateriellet

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Informasjon til elevane

Pepperkaker KAKEMENN. 7 slag TIL JUL. God Jul. Du trenger ikke å bake alt selv - Hos Europris finner du stort utvalg av kaker til jul

6. trinn. Veke 24 Navn:

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Plassebakken Barnehage

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Brukarrettleiing. epolitiker


Til deg som bur i fosterheim år

Månadsbrev for ROSA mars 2015

NAAF oppskrifthefte jul :46 Side 1. Våre beste julekaker for matallergikere

Jon Fosse. Kveldsvævd. Forteljing. Oslo

Mini-skodespel om Lars Skrefsrud ( ) SCENE II: I Tjuvhøla. SCENE lll: Dina og Anna.

PSYKOLOGISK FØRSTEHJELP OVE HERADSTVEIT PSYKOLOG, PPT ØYGARDEN

Fakta Framtidas skulebrød. 5. Framtidas skulebrød

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Plassebakken Barnehage BA

Alt det lyse og alt det mørke

Plassebakken Barnehage

Månedsbrev april 2015

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Kom skal vi klippe sauen

Rom ved havet, rom i byen

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

/

jul Skap god stemning med pynt som smaker, og bakte gaver

OST- OG SKINKEMUFFINS

Jon Fosse. Lilla. Skodespel

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Julekorthefte Epiphany Bøker

Oppskrift på sjokoladekake KAKE. 3 egg + 4,5 dl sukker piskes. 225 g smeltet smør/melange. 6 dl hvetemel. 3 ts bakepulver. 3 ts vaniljesukker

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 1. Nynorsk

Mat til. Eit samarbeid med Fiskeriket UB frå Måløy VGS

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Månadsplan for Hare November

mmm...med SMAK på timeplanen

LØVELOVEN VI ER VENNER.

Grove og sukkerfrie speltbiscotti

N Ø K K E L H U L L E T

Jul i stovo VIII. Engler i snø

Spørjeundersøking om sentrumsområde

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Bilde 1. Her er Marius, mammaen og pappaen hans. Dei sit heime og et frukost. Marius har ein bamse som heiter Sofus.

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid


Copyright Hilde Kyllo Du kan lovlig lagre en (1) kopi av den kjøpte eboken på disk til eget forbruk. Det er imidlertid ulovlig å distribuere

Til bruk i utviklingssamtale på 8. trinnet. Samtaleguide om lesing

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

Transkript:

Snø, kakao og kakesau Til... Frå...

Ei ny jul og eit nytt lite julekorthefte! Før jul er det tid for kos. Og år etter år tyr eg til kakaoen for å få denne kosen. Som med kaffien min, likar eg å variera smak og korleis eg lagar kakaoen, ofte med krem og marshmallows. Eg ønskjer at dette juleheftet skal vera ein slik kopp kakao, med litt av det kjende og kanskje litt ny smak. Så her kjem ei lita helsing frå meg, Kald Kaffi Sauen og våre venner. Frå oss til dykk med ønske om ei god jul! Pappa og Kald Kaffi Sauen Osøyro Libris, Os mållag, Jernia P. M. Sælen, Cold Cat, Moberg Invest & Rental AS, Cubus AMFI Os, Café Flåten, Peppes Pizza Os og Os kommune. Snø, kakao og kakesau ISBN 978-82-996709-8-2 Tekst og teikningar av Vidar Bratlund-Mæland Gjesteforfattar og teiknar Bjørn T. Bøe Trykk: John Grieg AS, Bergen 2012 Epiphany Bøker www.bok.epiphany.no www.kaldkaffisauen.no

Snøen fell lett over hustaka. Alle vindaugo i den vesle gata er mørke, så nær som eitt. Her finn du ein robust mann i nissejakke, som står og ser ut. Det er natta før julaftan, og pappa står der med kakaoen og drøymer.

Det er mange år sidan han sist sat i nissesleden og var med på å dela ut pakkar. Han saknar det veldig. I kveld håpar han å få møta nissen, og kanskje få seg ein tur.

Natta er mørk, men snøen lyser opp. I det skyene skil lag og månen stikk nasen fram, ser pappa nissesleden alt før han landar på taket med eit brak.

Pappa gøymer seg bak sovestolen. Han ser intenst mot omnen, som i eit hav av gneistar blir til ein peis. Med eit stort brak, og i ei sky av sot og konfetti, kjem nissen rullande ut i rommet. Rett bak han kjem sekken i stor fart.

Sekken opnar seg i fallet. Ut skyt gåvene. Nissen grip dei, og legg i sokkar og under treet. Pappa smyg seg mot peisen så nissen ikkje skal snika seg forbi han.

Så kryp pappa opp i sekken. Pappa er ikkje liten og lett, men sidan sekken er magisk, er det plass nok til han likevel. Nissen beundrar verket sitt, puttar ei kake i munnen. Knøtte sette fram kaka før ho la seg, med klar melding til pappa om å halda fingrane frå fatet.

Nissen tek sekken med opp pipa. Han dett nesten av taket i det han slenger sekken i sleden. Det var då svært kor tung denne var blitt, sukkar han. I det sleden tek av, gløttar pappa opp av sekken. Aaaaaaa, skrik nissen. Han tek ein ufrivillig loop, og pappa må klamra seg fast. Det er berre meg, seier pappa. Ditt store fjols, ropar nissen. Kva gjer du her?

Pappa ser litt skamfull på nissen. Eg har berre sakna slik å vera nisse, seier han. Dela ut gåver og sånn. Nissen rettar opp sleden og ser strengt på pappa. Det er difor eg tek ditt hus om lag sist på ruta. Eg veit aldri kva du kan finna på, sukkar nissen.

Pappa ser trist opp på nissen. Så du er ferdig med ruta? spør han. Eitt hus att, svarer nissen. Du gir deg visst aldri du? Pappa ristar på hovudet. Du skal få vera med til siste huset, men nåde deg om du hoppar i sekken ein gong til.

Sleden sklir ned på taket til eit lite, vindskeivt hus. Nissen slår av rakettmotorane og hoppar lett ut av sleden. Pappa hoppar etter. Med eit svupp og eit kræsj sklir han bort i pipa. Du vekkjer heile huset, kommenterer nissen. Omforlatelse! Pappa tar tak i pipa, beina går til alle kantar og med eit svupp dett pappa opp i pipa. Der sit han fast til magen gjev etter og han rasar ned. Nissen kjem lett etter, og så hoppar sekken også ned.

I stova sit pappa og gispar etter luft. Litt rusten? spør nissen leande. Litt oske i nasen, seier pappa og hostar. Pappa ser seg rundt. Det er liksom ikkje heilt jul her, seier han. Alle kan ikkje overdriva slik som deg, seier nissen. Eg veit det, men eg hadde liksom gløymt det litt. Nissen legg pakken under eit tre som er nesten like vindskeivt som huset.

Pappa rettar seg strengt opp. Dette held ikkje, seier han. Så ropar han på sekken. Han set seg på huk framfor sekken og ser strengt på han. Eg treng litt hjelp, seier han. Sekken nikkar. Nissen ristar på hovudet med eit flir om munnen. Sekken spyttar ut eit fullt pynta tre, og jafsar i seg det gamle. Så spyttar han ut pynt til alle vindaugo, det kjem raude løparar på borda og eit glas med julekaker. No tek det til å likna på noko, seier pappa. Men det er litt lite glitter og fuskesnø.

Det er berre ein måte å ordna det på, seier han. Nissen hevar på eit augebryn. Pappa tek ein liten termos ut av jakken sin og skrur av korken. Det dei færraste veit... seier pappa og tømmer julekaffi i koppen. Er at natt til julaftan vert Kald Kaffi Sauen sine frostfisar til glitter og kald pyntesnø. Pappa luktar drøymande på kaffien i koppen. Så ser han lurt på nissen og løftar koppen mot munnen. Før han får tatt ein einaste sup, kjem sauen fykande, og over alt i rommet glinsar det frå glitter opplyst av julelys og fuskesnø. Nissen måpar. Pappa ser på nissen og smiler. Kva sa eg? ler han, og ser seg nøgd rundt. Eg trur me kan gå heim no.

Opp pipa fer dei. Rakettmotorane på sleden startar, og nissen køyrer pappa heim. Månen speglar seg i istappar som dryp. I den vesle gata er ungane i ferd med å vakna. Når Veslegutt og Knøtte kjem ned i stova den julaftan, finn dei pappa godt samankrølla mellom pakkane under treet. Han har ei stor sløyfe rundt magen, og han snorkar høgt slik ordentleg store julegåver skal. Rundt han lagar mamma og ungane julefrukost. No er det ikkje lenge før julefeiringa i heimen er i gang.

Årets julegjester

Pappa sin kakaokos Oppskrift varm sjokolade 6 dl mjølk 1 plate kokesjokolade 1 klype kanel 1/2 ts vaniljesukker Bryt sjokoladen i bitar. Varm opp mjølka med sjokoladen. Ha i kanel og vaniljesukker. Varm til sjokoladen er løyst opp. Tøm i koppar. Oppskrift kakao 1l mjølk 5 ss kakao 4 ss sukker 1 klype kanel 1/2 ss vaniljesukker Ha i kakao og sukker i mjølka, rør godt. Ha i kanel og vaniljesukker. Varm opp kakaoen. Tøm i koppar. Visp gjerne krem å ha i. Iskuler og marshmallows er óg godt å ha i. Alt er klart for litt kveldskos i vintermørkret.

Julekakemannsau Oppskrift 100 g smør 3 1/2 dl sukker 1 ts hornsalt 2 1/2 dl mjølk ca. 12 dl kveitemjøl Smelt og avkjøl smøret. Bland alt det tørre. Rør inn det smelta smøret og mjølk. Etter bearbeiding, la deigen stå kjøleg i 1-2 timar. Elt deigen og kjevl ut. Trykk eller skjer ut figurar. Steik på 200º C i 7-10 min.

Bøkene om Kald Kaffi Sauen Pappa møter kald kaffi sauen Min pappa er stor, godsleg og glad i kaffi! Veldig glad i kaffi. Pappa seier at kaffien ikkje vert kald av seg sjølv. Mamma seier han blir det. Kva om pappa har rett? Kva om det er nokon der ute som har det gøy med å gjera kaffien kald. Ein sau, kanskje? Kald Kaffi Sauen på stranda Pappa blir tvinga til å bli med ein tur på stranda. Han tar alle forholdsreglar for å verna sin dyrebare kaffi frå Kald Kaffi Sauen. Korleis skal dette gå på ei strand full av folk? Når Kald Kaffi Sauen søv, dansar pappa på kjøkkenet Om natta søv Kald Kaffi Sauen, seier pappa. Då snik han seg ned på kjøkkenet for å ta sin magiske tryllekaffi. Kan pappa klara å få laga kaffien sin og unngå å vekkja Kald Kaffi Sauen? Kald Kaffi sauen på Slottet Pappa er invitert til slottsmiddag. Men over alt der pappa går, kjem Kald Kaffi Sauen etter. Klarer pappa og Kald Kaffi Sauen å ta seg saman ved kongens bord? www.kaldkaffisauen.no Epiphany Bøker 2012

Med ønske om ei god jul frå oss ISBN 978-82-996709-8-2 Pappa og Kald Kaffi Sauen ISBN 978-82-996709-8-2 9 788299 670982 > Epiphany Bøker 9 788299 670982 > www.bok.epiphany.no www.kaldkaffisauen.no