GOL OG HEMSEDAL. Oblatek som vart brukt på økumenisk bønegudsteneste på Gol Foto: Kjetil Storebråten. Nr. 1 Februar 2012 63.



Like dokumenter
2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Velkomen som konfirmant!

GOL OG HEMSEDAL. Hemsedal Kyrkje desember Foto: Rune Abrahamsen. Brannsikkerhet i Hemsedal Kyrkje...4. Kunngjeringar... 5, 6 & 7. Min salme...

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Brødsbrytelsen - Nattverden

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

FORBØN. Forbøn ORDNING FOR. for borgarleg inngått ekteskap. 1 Preludium/Inngang. 2 Inngangsord. Anten A

Til deg som bur i fosterheim år

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Møteprotokoll for møte i

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

Jon Fosse. For seint. Libretto

SUNDAG Morgonbøn (Laudes)

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for Rosa september 2014

Velkomen som konfirmant

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

6. trinn. Veke 24 Navn:

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

S.f.faste Joh Familiemesse

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015


FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

TEIKNSETJING... 2 Punktum... 2 Spørjeteikn... 2 Utropsteikn... 3 Kolon... 3 Hermeteikn... 3 Komma... 5

Plan for undervisning

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Innsetjing av forstandar og/eller eldste som er ordinert

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Minnebok. Minnebok NYNORSK

mmm...med SMAK på timeplanen

STRUKTUR FOR FAMILIEGUDSTENESTE TIL INFORMASJON I KYRKJELYDANE IMSLAND, VIKEDAL OG SANDEID

GOL OG HEMSEDAL. Dugurdstreff på Gol bedehus. Fotograf: Kjetil Th Storebråten

/

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, Våren 2015

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

L Nåde vere med dykk og fred frå Gud vår Far og Herren Jesus Kristus.

Vedlegg til høyringa om Justering av hovudgudstenesta

Kjære KUL-konfirmant (og føresette)!

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

Informasjon til elevane

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Hei alle på 4. årstrinn og foreldre/føresette! Veke

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato: 15. april 2015

Unngår kvarandre Irritasjon Det vert stille Alliansar Terror. Brotne relasjonar

Månedsbrev april 2015

Månadsbrev for ROSA mars 2015

Me håpar at skulane set av tid til å øva på salmar i forkant, då vert gudstenesta ei betre oppleving for alle.

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

el møtt til L = Liturg ML = Medliturg K = Kyrkjelyd Salmenumra heng på veggen Tingnes kirke Strand kirke Skrautvål kyrkje Aurdal kirke Ulnes kyrkje

Kvardagsmesse. Kapellet, Domus Theologica. Samling Inngangssalme. Alle står.

Korleis bruke pilegrimsvandring i trusopplæringa pa Skaparverkets dag

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9


JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

5. Soknerådsmøte mai Referat

Strategidokument

Gud, vi er komne inn i ditt heilage hus for å ta imot det du vil gje oss. Lat no opp hjarta våre, så vi kan fornyast i trua på deg. Amen.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Ledersamling Betania Av Olav Vestbøstad

Kontaktinfo. Besøksadresse: Rådhuset i Langevåg 3.etasje. Postadresse: Sula Sokn Postboks LANGEVÅG. Telefon:

Plan for Liabygda SFO

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

av Mar Berte og Ivtiene Grran deog månen senteret Nynorsk

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Plassebakken Barnehage

2Tim 3:14-17 «Men bli du verande i det du har lært og er overtydd om. For du veit kven du har lært det av, 15 og heilt frå barndomen kjenner du Dei

På tur med barnehagen. Mars 2015-juni 2015 Fokusområde 11

Den hellige messe. I den hellige messe vil vi: tilbe Gud, lovprise Gud, takke Gud for alle hans velgjerninger, sone for våre synder.

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Transkript:

GOL OG HEMSEDAL Nr. 1 Februar 2012 63. årgang Innh ald Økumenisk Bøneguds teneste... 2 Min Salme... 2 Andakt... 3 Ny soknerådsleiar... 4 Prostipresten... 5 0-18 hjørnet... 5 Kunngjeringar... 6 Velkomen til kyrkje!... 7 Bygdheim... 8 Oblatek som vart brukt på økumenisk bønegudsteneste på Gol Foto: Kjetil Storebråten

Min Salme farvorittsong. Fager kveldssol var ein slik ein. Ein song eg har sunge eit utal gonger ved sengekanten, men også eg som liten fekk han sunge slik ved sengekanten. Abend wird er wieder er den tyske originaltittelen frå 1837. Songen var omsett til norsk og første gong prenta i Norsk Barneblad i 1910. Det er ein enkel og lettfatteleg tekst. Hallvor Lilleslett har valt salme denne gongen. Ja, han har valt to! Hallvor Lilleslett er leiar for vaksenopplæringa i Gol, han er varaordførar, og han har vore folkehøgskolelærar. Han grunngir salmevalet slik: M e har tre born, og for alle tre så var det så lenge dei var små, ja faktisk ganske lenge oppover, slik at me alltid song ein kveldssong. Det vart gjerne slik at kvar unge fekk sin Fager kveldssol smiler Over heimen ned Jord og himmel kviler Stilt i heilag fred Berre bekken brusar Frå det bratte fjell Høyr kor sterkt det susar I den stille kveld Ingen kveld kan læra Bekken fred og ro Inga klokke bera Honom kvilebod Så mitt hjarta stundar, Bankande i barm, Til eg ein gong blundar I Guds faderarm Det er også ein annan salme: Å leva det er å elska Det beste di sjel fekk nå Å leva det er i arbeid Mot rikare mål å trå Å leva det er i livet å finna det største verd Å leva det er å vinna til sanning i all si ferd Å leva det er å leggja all urett og lygn i grav å leva det er som havet å spegla ein himmel av. Denne salmen seier noko om kjerne verdiane me byggjer samfunnet og liva våre på. Eg har nytta han mykje, særleg då eg arbeidde i folkehøgskulen. Det var denne songen me avslutta alle tilstellingar med. Tekst: Kåre Olav Solhjell, Foto: Tor Folgerø Økumenisk Bøne gudsteneste på Gol V i skal alle bli omskapte ved vår Herre Jesu Kristi siger (1 Kor 15,51-58) Med desse orda byrja den økumeniske bønegudstenesta på Frelsesarmeens lokale på Gol i slutten av januar. Ordet Økumenikk kjem frå det greske ordet oikoumene, «den bebudde verden» og er eit begrep som dekkjer både arbeid for auka forståelse og samarbeid mellom forskjellige kristne kyrkjer, og det teologiske studiet av forholdet mellom kyrkjene. (Kjelde: Wikipedia) Dette betyr at når det inviterast til økumenisk bønegudsteneste på Gol, er dette eit samarbeid mellom Den norske kyrkja, Katolikkane og Frelsesarmeen. Denne sundagen var det heilt fullt på bønegudstenesta som var basert på polsk liturgi. Det vil si innslag av veksel lesing, og tekstlesing. Dei frammøte fekk også vera med på ein polsk skikk der ein spesiell kjeks/oblat kalla oplatek forma som eit flatbrød, vart sendt rundt. Brødet har vakre bibelske motiv påtrykt. 2 Oplateken vart sendt rundt i kyrkjelyden, og alle braut av ein liten bit, ynskja side mannen Guds velsigning, før dei sende den vidare. Å dela ein Oplatek er eit utrykk for einskap, kjærleik og tilgjeving mellom menneske, som Frelsaren er komen til. Skikken blir også nytta i heimane i Polen ved juletider. Ei økumenisk bønegudsteneste inneheldt også vanlege salmesongar, musikkinnslag og preike. Denne gongen var det prostiprest Arne Jensen som forretta, men dette vekslar mellom katolske prestar, norske prestar og til sette i Frelsesarmèen. Martha Maria Lye Espeseth frå Frelsesarmèen leia samlinga, og etterpå var det eit godt måltid mat for dei frammøtte. Ei økumenisk samling gjev muligheit til å dele liv og kunnskap mellom teolo giske standpunkt. Alle einast i trua på Jesus Kristus som verdens frelsar. Tekst og foto: Kjetil Th. Storebråten

Andakt Ved Abrahams brønn Det er litt vanskelig å tenke seg tilbake 3700 år, da patriarken Abraham og hans familie vandret fra Ur i Kaldea til Kanaan. Det står i 1. Mosebok om dette. De drog fra sted til sted helt til Negevørkenen. Her sto jeg i november i fjor ved Abrahams brønner, som er bevart og ligger ved byen Beer-sjeba ved Negevørkenen. De er bevart som er museum, og man får se en liten film og se to av brønnene, men de er ikke i bruk. Vi står ved siden av flotte, gamle trær og blomster. Kanskje det er det treet Abraham plantet den gang (1. mos.21, 33) som fortsatt står der? Det er fantastisk å være i Israel, med en historie som har betydd så mye for alle. Vann betydde og betyr alt for oss. Vi hører om Jakobs brønn, hvor Jesus satte seg for å hvile og drikke vann, og der møtte han den samaritanske kvinnen. Jeg var ikke ved Jakobs brønnen denne gang, men kanskje en annen gang. Jeg har vært ved flere brønner og kilder, og det har sikkert du også, og har opplevd hva det vil si å drikke seg utørst på rent, klart vann. Jeg har vært i India, og sett Kirkens Nødhjelp støtter nettopp brønnprosjekter. Da graves det dypt ned, og rent vann spruter opp. Ved en slik vannpost stod jeg sammen med flere kvinner som kom med svære plastkanner, som de løftet opp på hode og gikk hjem. De var nok for tunge for mine armer! Vi var også ved elva Ganges, som renner der grå og tjukk av forurensing. Det er ikke noe rart om Jesus bruker bilder om det levende vann. Den samaritanske kvinnen møter Jesus som sier: «Den som drikker av dette vannet, blir tørst igjen. Men den som drikker av det vann jeg vil gi ham, skal aldri mer tørste. Ved en av Abrahams brønner. Foto: Ingrid Økesveen Det vann jeg vil gi ham, skal bli en kilde i ham med vann som veller fram og gir evig liv». Alle brønner kan bli tomme, men Guds bekk, hans ord, er full av vann nok for alle. Nok for alle som lengter etter tilgivelse og fred i sjelen. Trenger jeg og du en utvendig og innvendig vask, en vårrengjøring? Ønsker dere en god fastetid, en ettertankens tid. Ingrid Økesveen GOL OG HEMSEDAL KYRKJEBLAD Antall nr.: Utgjevar: Redaksjon: 6 nummer i året Sokneråda i Gol og Hemsedal prestegjeld Kjell Slåtten, Kåre Olav Solhjell, Toril Østby, Kjetil Th. Storebråten Jan Olav Skinnemoen, Rune Abrahamsen (red.) Ekspedisjon: Kyrkjekontoret 3550 Gol Kasserar: Arne Oddmund Tuv, 3560 Hemsedal. Bankgiro: Sparebank 1 Hallingdal 2367.60.00097 E-post: kyrkjebladet@hemsedal.kommune.no Gol kyrkjekontor, Gol kommunehus 3. etg.: Tlf.: 32 02 90 00 Fax: 32 02 90 10 E- post: kyrkja@gol.kommune.no www.kyrkjaigol.no Kyrkjeverje: Anne Gerd Jorde Kontortid: Måndag-fredag kl. 09.00 15.00 Dir.tlf. 32 02 91 35 Mobil: 971 58 134 anne-gerd.jorde@gol.kommune.no Sokneprest: Jan Olav Skinnemoen Kontortid: Onsdag og fredag kl. 09.00 11.00 Dir.tlf. 32 02 91 37 Mobil: 952 75 312 jan.olav.skinnemoen@gol.kommune.no Måndag: Fridag. Soknediakon: Ingrid Økesveen Kontortid: Man ons fre kl. 09.00 11.00. Dir. tlf. 32 02 91 38 ingrid.oekesveen@gol.kommune.no GOL, herad OG HEMSEDAL Sekretær: Berit Langehaug Kontortid: Mandag, tysdag, torsdag kl. 09.00 14.30 Dir.tlf. 32 02 91 39 berit.langehaug@gol.kommune.no Menighetspedagog: Olga Løken Møllerplass Mobil: 489 59 826 olga.loken@gol.kommune.no Kyrkjetenar: Arne Braathen Mobil: 90 13 66 47 Kyrkjetenar: Knut Ole Klepp Mobil: 906 58 761 HEMSEDAL KYRKJEKONTOR Hemsedal kommunehus Tlf.: 31 40 88 45 Fax: 31 40 88 30 kyrkjekontoret@hemsedal.kommune.no www.kyrkjaihemsedal.no Kyrkjeverje: Rune Abrahamsen Kontortid: Måndag og torsdag kl. 10.00 15.00 Tlf.: 31 40 88 45 411 26 321 rune.abrahamsen@hemsedal.kommune.no Sokneprest i Hemsedal: Allan Madsen Tlf.: 31 40 88 46 eller 993 89 654 allan.madsen@hemsedal.kommune.no Kyrkjetenar: Hans Vidar Sørensen Tlf.: 911 76 827 Ungdomsdiakon Marianne Gilje Løining Tlf.: 991 50 933 marianne.gilje@hemsedal.kommune.no Sokneråda: Gol: Leiar: Leiar Trygve Lono Smedsgård Mobil 900 63 161 Herad: Leiar: Lars Riise Mobil: 951 03 305 Hemsedal: Leiar: Karin Slåtto Mobil: 995 91 684 Fellesråda: Gol: Leiar: Ola Grønseth Mobil: 920 97 939 Hemsedal: Leiar: Karin Slåtto Mobil: 995 91 684 Ynskjer du å gje ei gåve til kyrkja: Hemsedal: 2367.20.49482 Gol: 2324.20.01354 Herad: 2324.62.05795 3

4 Trygve Lono Smedsgård (57) er ny soknerådsleiar i Gol. Med det har kyrkjelyden fått ein leiar med lang organisasjonserfaring, og ein som har omsorg for livet i kyrkjelyden. Trygve Lono Smedsgård har lang erfaring med arbeid i soknerådet. Han var medlem i to periodar frå 1986 til 1993, og han har vore medlem i denne siste perioden, som berre var to Leiarvervet i Herad sokneråd legg ikkje ut på lange vandringar. I Herad held dei det innan huset - kommunehuset. Der har avtroppande soknerådsleiar Leif Engene kontor, og der held også etterfølgjaren, Lars Riise, til. Han er prosjektleiar for eigedomsskatt i Gol kommune.lars er 44 år gammal, gift og har to døtrer i slutten av tenåra. Kulturell og folkekyrkjeleg Han innrømmer at det er litt overraskande, både for han og sikkert for andre, at han no sit som leiar i soknerådet. Han høyrer ikkje til den indre kjerne i kyrkjelyden, og vedgår at han ikkje akkurat slit ned dørstokken i kyrkja. - Men eg er no gift der, og ungane er døypte og konfirmerte. Så eg kjenner meg tradisjonsbunden til kyrkja. Ein kan vel kanskje seie at det er det kulturelle og folkekyrkjelege som er mine verdiar, seier han. Sceneleug Det kanskje ikkje alle veit, er at den Ny soknerådsleiar i Gol år. Såleis begynner han nå på sin fjerde valde periode. I yngre år var han leiar for Kristeleg Folkepartis Ungdom i Gol og Buskerud. Og han har vore medlem i Gol kommunestyre i to periodar, ein av dei i formannskapet. Lenge var han mjølkeproduserande bonde, men nå er han drosjesjåfør og dagleg leiar i Gol Drosjesentral Gol Taxi. Han synest det er mykje å gle seg over for ein nyvald soknerådsleiar nå. Kyrkjebygget og kyrkjegarden er i ferd med å bli i god stand. Arbeidet med å skaffe sikker vassforsyning og brannslokkingsanlegg blir avslutta i år. Kyrkja har god bemanning og mange frivillige. Det økonomiske samspelet med kommunen er det beste. Held det innan huset nye soknerådsleiaren har talent som amatørskodespelar. For nokre år sidan gjorde han stor suksess saman med Dei Sceneleuge på Nesbyen. Det er litt artig å utfordre seg sjølv på nye område. Så du kan vel gjerne sjå dette med soknerådet også som eksempel på det, meiner han. - Gjer du det mest av interesse eller plikt? - Det var vel helst at eg gløymde å seie frå då eg fekk beskjed om at eg var nominert, smiler han. - Men eg skjønar at ein må ta sitt ansvar. Eg vil stå i statskyrkja, og då synest eg ikkje ein kan seie nei, men heller må sjå det som borgarplikt - og vere villig til å lære. Lovande start Uansett vel han å sjå det som ei tillitserklæring både å bli vald inn i soknerådet og seinare bli vald til leiar. - Det vitnar truleg om ei veldig folkeleg kyrkje og eit folkeleg sokn i Herad, meiner han. Det nye soknerådet har berre så vidt kome i gang med arbeidet og har hatt eit par møte. Og det har vore hyggelege opplevingar. - Me har ein sokneprest som er lett å like, han og måten han er på. Soknerådsmøta har vore artige, me er eit knippe der som går godt saman. Så til no har det vore langt over forventing, forsikrar den nye soknerådsleiaren. Eg er også overtydd om at han meiner det, sjølv om han altså har visse tradisjonar for å spele. Tekst og foto: Kjell S. Og kyrkja går inn i ei spennande tid med ny gudstenesteordning, ny bibeloversetting og ny salmebok. Og tilhøvet til staten er under omforming. Alt dette kan hjelpe kyrkja til å komme nærare folket. Den nye soknerådsleiaren er opptatt av at kyrkja skal vere ein heim for alle, for dei faste kyrkjegjengarane, for dei som ikkje går så ofte og for dei som berre går når dei har god grunn. Han synest denne breidda også kjem til uttrykk gjennom valet på sokneråd. Han merker også ei veksande interesse for kyrkja blant folk, og kyrkja er omtala på ein positiv måte. Alt dette gir grunn til å sjå fram til den nye perioden med glede. Kyrkjebladet ønskjer soknerådsleiaren og det nye soknerådet signing over arbeidet i nye fire år. Tekst og foto: Kåre Olav Solhjel Resultat frå bispedømme rådsvalet Så er siste kapitel skrevet for kyrkjevalet 2011, og det nye Bispedømmerådet i Tuns berg har fått fylgjande samansetning: Faste medlemmer: 1. Askeland, Harald 48 år - Torød 2. Bratsberg, Ingjerd Sørhaug 43 år - Sande 3. Johnsen, Hilde-Solveig Trogstad 21 år - Frogner 4. Kaslegard, Ingvild 35 år - Ål 5. Dahl, Merethe Kjønnø 27 år - Horten 6. Wigenes, Kjell Rune 44 år - Nanset 7. Hedberg, Ingjerd Breian 46 år - Sem 8. Dekko, Kjellfred 47 år - Ål (repr. for lek kyrkjeleg tilsett) 9. Lewin, Sølvi 40 år - Ramnes (repr. for prestane) Varamedlemmer: 1. Ihle, Hilde Nygaard 40 år - Kongsdelene 2. Borgersen, Berit 63 år - Sandar 3. Øhren, Jorun 63 år - Hønefoss

Stillinga er underlagt Prosten i Ål, og der ligg også prostipresten sitt kontor. Det er verken stort eller prangande, men eit lite krypinn på nokre få kvadratmeter. No er det slik at prostipresten skal hjelpe til i alle sokn i dalen, så det blir ikkje alt for mykje tid til å vera på kontoret på Ål. Prostipresten har gudstenester, gravferder, bryllaup, andaktar, og andre prestetenester. Når det er sjukdom eller studiepermisjon for eksempel så sørgjer prosten for at prostipresten held hjula i gang. Det er sjeldan at prostipresten gjer teneste over lengre tid i prestegjelda. Unntaket er når det skal tilsetjast ny prest, og i den tida det tek frå gamlepresten sluttar til den nye kjem i gang, fortel Jensen. Difor er eg som regel inne i ei avgrensa periode. Eg er også med i beredskapsvaktordninga, og kan bli sendt ut med sørgjebod. Blir det mange gravferder eller viingar i eit sokn vil og prostipresten Prostipresten i Hallingdal For snart ti år sidan vart det oppretta stilling som prostiprest i Hallingdal. Dette kom som ein konsekvens av at prestane fekk betre regulert arbeidstid med rett til meir fri. I dag er det Arne Jensen som har denne stillinga. Jensen er den tredje som arbeidar som prostiprest i Hallingdal. Men kva er eigentleg ein prostiprest, og kva gjer han? koma inn og hjelpe til. I Gol og Hemsedal har nok mange merka at sokneprestane stundom har studiepermisjon, og prostiprest Jensen er liturg. Arne Jensen begynte som prest i 1986, og var vikar i Hol kommune og elles rundt om i dalen. For 16 år sidan flytta han til Hol og begynte i fast stilling som prest der. Han kjenner difor godt alle sokn i Hallingdal, og har vore i alle kyrkjer og kapell i dalen. Sidan Jensen er oppvoksen i Larvik er han glad i sjøen, men trivast også på fjellet. Eg ser nok meir på fjellet enn eg brukar det til fysisk aktivitet, seier han. Men eg blir ofte blenda av vakker natur, og set pris på den. Men kva interesser har prestenomaden i Hallingdal? Eg kjøpte meg nyleg ein trompet, og som prest kan eg øve i kyrkja. Der er det fantastisk akustikk, så når eg spelar der trur eg nesten eg er flink til å spela, sjølv om eg veit eg ikkje er det, smiler Jensen. Eg prøvde å øve heime, men det høyrdes ikkje bra ut, og opplevdes dessutan mykje tyngre enn å spela i kyrkjerommet. Er du oppteken av bilar, kan du slå av ein prat med Arne. Når han slappar av, kosar han seg med eit bilblad, og der han beundrar design, form og linjer på bilane. Eg har ingen kunnskap om det tekniske med ein bil, men eg kan stoppe opp å sjå på ein bil som er estetisk vakker. Ein gong kjørte eg ein Austin Martin DB9, og eg har fått vore med på ein biltest ein gong i ein Mercedes-Benz SLR MacLaren. Bror min hadde ein Lincoln Continental Mark V frå slutten av syttitalet, og sidan den gong har eg vore oppteken av bilar. Ei tid var eg medlem av Amcarklubben i Noreg også, men no nøyer eg meg med å abonnera på bladet deira, seier Jensen. Og kva slags bil køyrer då prostipresten til dagleg? Eg køyrer ein 2004 modell VW Golf 1,6, som eg akkurat har kjøpt. Fart og spenning er ikkje noko for meg. Sjølv om eg likar fine bilar, så treng ein ikkje eige alt ein likar, seier han ettertenksamt. Men fyrst og fremst er eg oppteken av trua mi. Det er den som betyr mest for meg. Jesus går over alt anna. Eg vil heller bli hugsa for det eg seier på preikestolen, enn for kva bil eg køyrde, legg Arne Jensen til. Tekst og foto Kjetil Th. Storebråten Du har sikkert høyrt mykje rart som små barn seier? Ikkje sant det er ganske moro å høyre på når dei skal forklare ting dei ikkje heilt veit kva betyr eller kva er? Kanskje du sjølv har sagt noko morosamt ein gong som dei vaksne hugsar enda? No kan du få lese nokon artige sitat eg har funne: Disipler er noe vi har i halsen som ligner på mandler, men som heter polypper Nå er det blitt ozonhull i himmelen. Det gjør gulvet til Gud ikke helt tett lenger. Det kan bli et problem. Kona til Gud heter Gudmor. Hun er moren til alle barnebarna hans: Moses, Jesus og Julenissen. Man kan bli frelst eller helfrelst, det kommer an på hva man gidder. En menighet er veldig mange gamle damer som baker kaker og som sier at det skal bli godt med en kopp kaffe. Jesus måtte gå på vannet fordi motorbåten ikke var oppfunnet ennå, og fordi han ikke hadde svømmeføtter. Motoren ble funnet opp av en som het Bell. Han hadde et eple på hodet. Gud er forholdsvis grei, men han liker ikke at tyver kommer til himmelen uten grunn. Kirketjeneren er en som tenner lys og støvsuger alteret og trimmer orgelet og sånne ting. Det er ikke bare damer som er engler. Det er bare på glansbilder det. I virkeligheten er engler bare vanlige menn som er bedekket med fjær. Olga 0-18 hjornet 5

Kunngjeringar 6 Døypte Gol kyrkje 04.12.11 Sunniva Marie Bleiktvedt 04.12.11 Eskild Berget Kjeldsen 04.12.11 Jazmin Emily Wang-Medhus 01.01.12 Solveig Berget 15.01.12 Adrian Bjørknes Berget 22.01.12 Anders Glimme 22.01.12 Anna Cathrine Halden Hyrve Hemsedal kyrkje 26.12.11 Frej Arne Moen 26.12.11 Tolena Øyen Markegård Lykkja kapell 18.12.11 Torjan Albrigtsen Vigde Harahorn kapel 10.12.11 Kristin Wille og Knut Olsen 21.01.12 Silje Inderberg og Simen Tronrud 28.01.12 Hilde Torgersen og Herman Gullhagen Døde Gol kyrkje 29.11.11 Knut Magnetun f. 1923 09.12.11 Helge Engeset f. 1963 15.12.11 Nils Stavenes f. 1947 16.12.11 Ellen Ingrid Haugstad f. 1938 17.12.11 Arvid Jordheim f. 1932 21.12.11 Margit Holden f. 1922 22.12.11 Thurid Gunvor Margit Foss f. 1928 29.12.11 Bjørn Stensrud f. 1922 31.12.11 Solveig Håkonsen f. 1920 02.01.12 Inger Johanne Modalen f. 1927 12.01.12 Anne T. Bakken f. 1917 Hemsedal kyrkje 19.12.11 Arne Rudvin f. 1929 14.01.12 Margit Langehaug f. 1923 GOL GRAVFERDSBYRÅ c/o Bente Andreassen Tlf.: 32 07 75 51/mob. 480 23 477 HEMSEDAL GRAVFERDSBYRÅ Olav Støyten og Hans Vidar Sørensen Tlf.: 97 41 41 00 Hallingdal Gravferdsbyrå Steinar Aa www.hallingdalgravferd.no Tlf 32 08 23 00 GRAVSTEINER OG GRAVERING Kontakt gravferdsbyrået eller Roar og Tor Erik Strand 3576 Hol Tlf.: 32 08 81 94/mob. 911 65 008 SMÅBARNSTREFF - HEMSEDAL Alle barn frå 0-5 år i lag med ein vaksen er velkommen på formiddagstreff på Kyrkjestugo. Vi starter med ei lita sangstund og får høyre ei forteljing. Kvar gong har vi ein ny aktivitet for dei største barn, før vi et nistematen og frukt i lag. Leiking er det alltid tid til også. Kom kl 09.45 og vi er ferdige til om lag kl 12 desse tysdagane: 31. januar, 14. februar, 28. februar, 13. mars og 27. mars. Barn og unge i hallingdal prosti Meir detaljert info kjem på flyers. Ingrid, Helene, Ragnhild og Olga Arr: Trusopplæringa S - klubben - HEMSEDAL S-klubben! For deg mellom 5 12 år. Annankvar onsdag på Kyrkjestugo frå kl 17.30 19.00. Oftast startar vi med bibelforteljing, sang og leikar. Etterpå deler vi oss i grupper og gjer aktivitetar. Kvart år har vi basar til inntekt til barn i andre land. Nytt i år! For deg som går på mellomtrinnet: S-klubben UTE. Bli med og bygg gapahuk! Ta på varme klede og hovudlykt og bli med ut på bygging, leiking og bålkos! Program: 8. februar: Akedag på Trøimsjordet! Oppmøte på Kyrkjestugo. Utegruppa er med på aking. 22. februar: Karneval. Utegruppa ut, om du heller ynskjer å vere med på karnevalet kan du sjølvsagt det! 7. mars: Spelekveld. Utegruppa er med inne og spelar. 21. mars: Påskeverkstad. Utegruppa ut. 18. april: Fuglekassesnekring for 2. og 3. klasse. 4. klasse får vere med på besøk i gapahuken til utegruppa. 1. klasse og 5 åringene finn vi på noko anna morosamt med :) 2. mai: Basar på Kyrkjestugo! Utegruppa er med på basaren. 8. 9. juni: Overnattingstur på Fekjan. Meir informasjon kjem når det nærmar seg Velkommen! Anne Berit, Margunn, Sebjørg, Mine, Knut, Ingrid, Monika og Tormod Kirkens Nødhjelp Fasteaksjon I Gol, Herad og Hemsedal Tirsdag 27. mars Dør til dør aksjon fra kl. 17.30 Våre konfirmanter og foreldre kommer rundt. Ta vel i mot våre bøssebærere. Ny organist i Gol Det er nå tilsett ny organist i Gol. Han heiter Justin Mark Vickery, er 45 år og kjem opprinneleg frå England. Han har arbeid i Norge sidan 1996, dei siste 13 åra i Haugesund. Han kjem flyttande til Gol saman med kona si og startar opp i jobben 1. august. Vi ynskjer dei velkomne til Gol. Opning av ny kjellar /avslutning rehabilitering Herad kyrkje I samband med gudstenesta 18. mars i Herad, vil det bli ei markering av at rehabiliteringa av kyrkja som starta i 2008 er ferdig, samt opning av den nye kjellaren med nytt bårerom, tekniske rom og handicaptoalett. Det har også kome ny belysning rundt kyrkja og uteområdet er hellelagt. Ordføraren er invitert til å klippe snora og prosten vil delta. Vi håper mange set av denne søndagen og blir med på feiringa i Herad. Gåve til kyrkjetekstilar Gol sokneråd takkar desse for pengegåva som er kome inn på konto 2324.20.01354. Gerd og Ola Roe Ingebjørg Flaget. Dugurdstreff på Gol bedehus fra kl. 11.00 til 13.30 Torsdag 1. mars, 12. april og 3. mai Vi snakker om gamle dager. Dugurdsmat. Sang og opplesning. Et treff for deg som er godt voksen! Velkommen er du! Arr: Diakoniutvalget NESTE KYRKJEBLAD Nr. 2/2012 kjem ut rundt 31. mars. Stoff sender ein til: kyrkjebladet@hemsedal.kommune.no innan 12. mars.

Velkomen til kyrkje! 12. feb. - Kristi forklåringsdag GOL KYRKJE KL. 11.00 Lys våken Gudsteneste. Prostiprest Jensen, Møllerplass, Jordheim. Takkoffer: KRIK Høyfjellssenter HEMSEDAL KYRKJE KL. 19.30 Gudsteneste. Madsen Takkoffer: Bibelselskapet 19. feb - Fastelavenssøndag HERAD KYRJE KL. 11.00 Gudsteneste. Nattverd. Skinnemoen Takkoffer: Kirkens Familievernkontor Hallingdal 26. feb. - 1. Søndag i fastetida HEMSEDAL KYRKJE KL.11.00 Gudsteneste. Nattverd. Madsen Takkoffer: Israelsmisjon GOL KYRKJE kl. 19.00 Gudsteneste. Nattverd. Madsen. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet 04. mars - 2. Søndag i fastetiden HERAD KYKJE kl.18.00 Bønevandring. Madsen. Økesveen. Takkoffer: Diakoniarbeidet. Årsfest for Gol og Herad sokn på Gol bedehus kl. 19.30. 11. mars - 3. Søndag i fastetida GOL KYRKJE KL. 11.00 Gudsteneste. Skinnemoen. Takkoffer: Normisjon lokalt HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00 Sprell Levande gudsteneste Dåpsskule. Madsen, Møllerplass. Takkoffer: Sesongarbeiderprosjektet 18. mars - 4. Søndag i fastetida HERAD KYRKJE KL. 11.00. Sprell Levande gudsteneste med dåpsskule. Nyåpning etter restaurering. Prost Moen Storhaug. Skinnemoen. Møllerplass. Takkoffer: Redd barna 25. mars - Maria budsskapsdag HEMSEDAL KYRKJE kl. 19.30 Fasteaksjons- / KRIK gudsteneste. Madsen. Takkoffer: Kirkens Familievern kontor i Hallingdal KAPELLTOMTA KAMBEN kl. 12.00 Skinnemoen. Skitur. 01. april Palmesundag HERAD KYRKJE kl. 11.00 Skinnemoen. Takkoffer: Kirkens nødhjelp 05. april - Skjærtorsdag HEMSEDAL KYRKJE KL. 11.00 Skinnemoen. Takkoffer: Kyrkjelydsarbeidet LYKKJA KAPELL kl. 15.00 Skinnemoen. Takkoffer: Kyrkjelydens misjonsprosjekt i Aserbajdsjan GOL KYRKJE kl. 19.00 Gudsteneste med måltidsfellesskap. Skinnemoen, Økesveen. Takkoffer: Diakoniarbeidet 06. april - Langfredag HEMEDAL KYRKJE kl. 11.00 Pasjonsmesse. Madsen Takkoffer: Kyrkjelydens misjonsprosjekt i Aserbajdsjan. KRIK Høgfjellsenter Hemsedal SØRÅSEN «KYRKJA» kl. 14.00 Friluftsgudsteneste. Madsen OSET KAPELL kl. 21.00 Påskeandakt. Madsen. 08. april - Påskedag GOL KYRKJE kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste. Skinnemoen. Takkoffer: Normisjon Aserbajdsjan LYKKJA KAPELL kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste. Madsen. Takkoffer: Sesongarbeider prosjektet HEMSEDAL KYRKJE kl. 19.30 Høgtidsgudsteneste. Madsen. Takkoffer: Sesongsarbeiderprosjektet 9. april: 2. påskedag HERAD KYRKJE kl. 11.00 Høgtidsgudsteneste. Madsen. Takkoffer: Kirkens bymisjon. Åpent hus på Gol bedehus Torsdag 23. februar kl. 11.00 Andakt og sang ved Willy Gryting Torsdag den 29. mars kl.11.00 Andakt ved Jan- Fredrik Raastad. Bevertning. Kollekt. Hjertelig velkommen! Arr: Diakoniutvalget. Program for Hemsedal sundags Skule 12. februar kl. 10.00 sundagsskule på Ulsåk og Tuv 11. mars kl. 11.00 - sprell levande gudsteneste som sundagsskulane deltek på 18. mars sundagsskuleskirenn på Gravset 22. april kl. 10.00 sundagsskule på Ulsåk og Tuv 29. april sundagsskulestevne på Gol Torsdagstreff for kvinner Flerkulturelle treff for kvinner på Helselagstugu torsdag 16. februar, 22. mars, 19. april og tur til Merket i Valdres 16. juni. En møteplass for kvinner fra ulike kulturer. Treffes til fellesskap, foredrag, mat og underholdning. Arr: Gol Røde kors, Diakoniutvalget og Helselaget. Årsfest i Gol og Herad sokneråd Gol og Herad sokneråd har årsfest på Gol bedehus 4. mars 2012 kl. 19.30. Jan Olav Skinnemoen held foredrag om turen til Assisi. Årsmøtesaker. Bevertning. Sokneråda Sprell levende konferanse Hallingdal søndagsskolekrets arrangerer tur til Sprell Levende konferanse i Oslo 10. mars. Her vil du møte andre søndagsskoleledere, barnegruppeledere og ansatte som jobber med trosopplæring i kirker og menigheter! Pris: Konferanseavgift kr 350 inkl. lunsj. Kostnaden for buss kommer an på antall påmeldte. Kom og bli inspirert! SØNDAGSSKOLENS programtilbud Sprell Levende er et unikt læringsverktøy for søndagsskoler og andre typer barnegrupper som driver kristen tros opplæring. Det er alderstilpasset for barna, og alle ledere kan bruke det uansett alder og bakgrunn. Over 1000 søndagsskoler, barnegrupper og menigheter bruker i dag SPRELL LEVENDE. Dette er stadig i utvikling - på konferansene vil det gis innblikk i det siste nye! Påmelding til SPRELL LEVENDE Konferanse: Frist 24. februar Gol: Anne Gerd Jorde tlf 971 58 134 Hemsedal: Hilde Smedsgård Haug tlf. 415 05 773 7

Bygdheim ~ a home away from home Gje ei gåve til prosjektet Ynskjer du å gje ei gåve til drifta av Bygdheim og sesongarbeidarprosjektet så kan det gjerast til Hemsedal kyrkje sin konto nr. 2367.20.49482. Ynskjer du å få skattefritak for gåva eller å opprette ei fast gjevarteneste så kontakt kyrkjekontoret. Bygdheim, det litle, kvite huset, mellom Trøimshallen og biblioteket i Hemsedal, er tenkt for sesongarbeidarane i Hemsedal ein stad der dei kan senka skuldrene, møte venar, finne informasjon om ting som skjer i bygda. Kvar dag, frå måndag til torsdag mellom 18 22 gjennom heile sesongen, kan ein møta frivillige på Bygdheim som står klar med nytrekt kaffi og nysteikte vaflar og hjartevarme. Bygdheim vart pussa opp for eit år sidan av frivillige i Hemsedal. Bygningen vart omgjort frå eit bitande kaldt lagerhus til eit koseleg, varmt hus med møbler i retro stil, stearinlys, blader, bøker og spel. I november 2011 opna Bygdheim igjen dørene opp for sesongar beidarane i bygda. I år er det Marie Ulland og Marianne Gilje Løining som står som ansvarlege for drifta på Bygd heim. Marie har fått rolla som «dagleg leiar» og er ansvarleg for vaktlister, vasking, innkjøp og elles andre daglege rutinar. Bygdheim har i år fått eit eige vokserom der me kan tilby gratis ski- og snøbrettvoksing for sesongarbeidarane i bygda. Det er også installert trådlaust Internett i huset. 17. januar i år møtte 15 sesongarbeidarar frå ulike land til norskkurs i det vesle klasserommet på Bygdheim. I 4 veker framover, to gongar i veka, vil Margit Totland frå folkeuniversitetet på Gol, gje studentane ei grundig Tekst: Jade Stroud-Watts og Marianne G. Løining opp læring i det norske språket. Elles møter «Sesongarbeidaranes Fritidsstyre» til møte på Bygdheim annakvar måndag. Styret består av 6 sesongarbeidarar og blir leia av Marianne G. Løining. Målet er å arrangera ulike aktivitetar for sesongarbeidarane i løpet av tida dei er i Hemsedal. Til no i år er det arrangert både volleyballturnering, bålsamling, workshop, fotokonkurranse, grillsamlingar osv. I nabobygningen til Bygdheim, Låven, har «Tur Ute» med David Underland i spissen, gjeve unge og vaksne i Hemsedal eit godt tilbod om blant anna rullebrettkøyring innandørs. Det er med andre ord mykje aktivitet på kveldstid på tunet rundt Bygdheim og Låven i Hemsedal. Dersom du ynskjer å ta deg ein tur innom for å sjå korleis me har det på Bygdheim eller du vil ta med deg nokre rundar med rullebrettet på Låven, er du hjarteleg velkommen til det. Gol Grafiske as tlf. 32 07 43 65