Vekeplan 8. trinn Veke 50 og 51 LÆRINGSMÅL DENNE PERIODEN: Fag: Norsk Delta i diskusjonar med grunngjevne meiningar og sakleg argumentasjon. Vurdera eigne og andre sine munnlege framføringar ut frå faglege kriteria. Engelsk Læra å forma spørjande og nektande setningar i presens. Øva inn nyttige ord som har med mat å gjera. Læra nyttige uttrykk ved matbordet / restaurantbesøk. Læra om tradisjonar kring høgtider i UK/US. Matematikk Kunna rekna ut prosenten av eit tal. Kunna finna ut prosenten når ein berre har tal. Repetera kapittel 3: Prosent. Samfunnsfag Gjera greie for ulike naurkatastrofer Vita kva eit jordskjelv og ein tsunami er og korleis dei oppstår. KRLE Gjera greie for ulike klimautfordringar. Naturfag Kunna forklara korleis sol- og måneformørkingar og årstider oppstår. Vita korleis planetane flyttar seg på himmelen. Kunna forklare omgrepa planet, stjerne og galakse. Spansk Læra om jule- og nyttårstradisjonar i Spania og andre spansktalande land. Tysk Læra om tyske juletradisjonar. Kunna første verset av "Stille Nacht". Baka tyske julekaker. Eng fordj Arbeidslivsfag Kunna dokumentera og presentera eige arbeid ved hjelp av digitalt verktøy. K & H Ferdigstilla smykke i tinn. Perspektivteikning. Kroppsøving Dans frå ungdomskultur og turn/akrobatikk. Trena på og bruka ulike ferdigheiter i utvalde lagidrettar, individuelle idrettar og alternative rørsleaktivitetar. Crawl og ryggsymjing: Trena på å bruka ulike ferdigheiter. Fair Play/Innsats: Praktisera fair play og innsats ved å bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar for å gjera andre gode.
Fotball Delta i gruppeaktivitetar eller individuelle aktivitetar som utfordrar både koordinative og fysiske dugleikar. Aktivitet og helse Produksjon av varer og ten. Design og redesign Gjera sitt beste, samhandla med og oppmuntra medelevar. Produsera varer for sal. Evaluera arbeidsøkt. Arbeida med rekneskap og budsjett. Planleggja neste produksjonsøkt. NB! Me avspaserer onsdag 20. desember. Sal og scene Utvikla og formidla idear til ein eller fleire produksjonar. Kunna samarbeida for å få eit best mulig resultat på og bak scenen. Produksjon av informasjon Vidare arbeid med filming og redigering. Arbeida med klassemiljøet PRØVAR, INNLEVERINGAR OG FRAMFØRINGAR Norsk Munnleg presentasjon Veke 50 og 51 Høg/middels/låg Samfunnsfag Gruppearbeid Veke 50 og 51 Godkjent/ikkje godkjent
INFORMASJON Adventsamling/ Adventgudsteneste Bryne ungdomsskule markerer jula med adventssamling og adventsgudsteneste. Det blir torsdag 14. desember i 3. time. Alle føresette har fått ei melding på schoollink der dei må svara på kva alternativ eleven vel. Juleball: Me inviterer til juleball for elevane nest siste skuledag. I år blir det onsdag 20.desember kl 19 23. Elevane får servert pizza og brus. I gymsalen er det DJ som spelar musikk. På andre område på skulen kan elevane spela bordtennis og brettpel. Elevane har allereie meldt seg på og betalt kr 120. Dersom det er nokon som ikkje har meldt seg på og som likevel har lyst til å vera med, er det berre å gje beskjed til kontaktlæraren. Kantina Torsdag 14. desember er siste dag med sal i kantina før jul. Hugs matpakke etter dette. Det vil bli sal av mjølkeprodukt så lenge det er varer på lager. Tysdag 5.desember hadde me besøk av Elisabeth Johannesen frå Time lensmannskontor. Ho gjekk rundt i alle klassane og snakka om deling av nakenbilete. På landsbasis har det utvikla seg eit problem med sending av nakenbilete eller «nudes» som dei kallar det, mellom ungdom i ung alder. Det gjeld deling av bilete til barn/ ungdom på same alder som dei kjenner, og til ukjente som dei treffer på internett. Elisabeth fortalte at det var forbode å oppbevara nakenbilete av barn under 18 år på mobilen. Dette kjem under kategorien barneporno. Ho fortale og om kva konsekvensar det kan få dersom den du har sendt bilete til, sender det vidare til andre eller legg det ut på internett. Me ønskjer at de tek ein samtale heime om dette temaet. Ta kontakt med skulen dersom det er noko de lurer på. Framandspråk: Det er viktig at alle tek ein samtale med barnet sitt om framandspråk. Dei som ønskjer å skifte frå tysk eller spansk til engelsk fordjupning, må ta kontakt med kontaktlæraren sin før jul for å ordna dette. Det er fullt på arbeidslivsfag. Matematikk: Det er viktig at alle har med seg gråblyant, visk, linjal og kalkulator til desse timane. På matematikkprøven var det veldig mange som ikkje hadde med seg linjal. Atlars I veke 50 får fire av klassane besøk av Atlars frå DKS. (8D får besøk etter nyttår). Atlars er ein norsk hiphop-artist og låtskrivar. Han er godt synleg i Stavangers kulturliv og vert rekna som siddis-rappens far. I tekstane viser han eit politisk og sosialt engasjement. Denne dagen får elevane vera med og laga raplåtar sjølve. Juleferie Siste skuledag før jul er torsdag 21. desember. Me sluttar kl 11:00 denne dagen. Elevane har lov å ha med seg ei lita brusflaske, litt julekaker og snop. Første skuledag etter jul er onsdag 3. januar.
HEIMEARBEID VEKE 50 Norsk Engelsk Matematikk Alle Du skal halda eit foredrag om eit tema du får av norsklærar. Foredraget skal du halda for klassen i løpet av veke 50 og 51, og det skal vara i ca. to minutt. Kjennteikn på måloppnåing blir lagde ut på OneNote. 1. Les c-text s. 78-80: How to eat fried worms og lær nye ord. -Sum up the text using about 10 sentences. Gå inn på denne adressen og arbeid med nettoppgåver. 2. Les c-text s. 78-80: How to eat fried worms. -Sum up the text using about 20 sentences. Alle: Campus Inkrement 8: http://campus.inkrement.no/home/catalog Kapittel 3 (Prosent) nr.: 3.3 (Prosent og desimaltal), 3.4 (Prosent av eit tal). Leksa skal vera gjort til onsdag. Blå: Gjer oppgåve 3. 112, 3.113, 3.115 og 3.117 s. 50-51 i oppgåveboka. Ta bilete av leksa di og lever på OneNote. Hugs å endra biletnamnet til veke 50. Gul: Gjer oppgåve 3.213, 3.215, 3.219 og 3.224 s. 54-55 i oppgåveboka Ta bilete av leksa di og lever på OneNote. Hugs å endra biletnamnet til veke 50. Raud: Gjer oppgåve 3.311, 3.314, 3.315 og 3.317 s. 59-60 i oppgåveboka Ta bilete av leksa di og lever på OneNote. Hugs å endra biletnamnet til veke 50. Samfunnsfag 1. Gruppearbeid - sjå oppgåve på onenote. KRLE Alle Bruk minst 1 time denne veka på å gjera noko kjekt for eller noko kjekt i lag med dei du bur i lag med. T.d. pynta til jul, baka julekaker, vaska golv, spela spel, laga middag, besøkja familiemedlemmer osb. Legg inn eit bilete av aktiviteten på One Note. Naturfag 1. Les s. 123-126 (fram til "Venus") og svar på Fokusspørsmål 1-4 s. 130. 2. Les s. 123-128 og svar på Fokusspørsmål 1-6 s. 130. Spansk 1. Vel eit spansktalande land og skriv ned tre tradisjonar som er ulike og tre som er like dei norske tradisjonane. Du vel om du vil skriva på norsk eller spansk, eller begge deler. Skriv ned dei mest brukte verba og bøyinga av dei tre rette verba i 1., 2. og 3. person eintal og fleirtal på ein lapp. Heng denne på ein plass du ser godt på do, og ta bilete av han. Tysk 1. Lær deg første verset av Stille Nacht (s. 70) utanåt. 2. Lær deg første verset av Stille Nacht (s. 70) utanåt. Finn ut kven som har komponert og skrive teksten. Eng fordj 1. We will watch "The Polar Express" in class.
HEIMEARBEID VEKE 51 1. Norsk 2. Sjå veke 50. Engelsk Matematikk 1. 2. Alle: Sjå veke 50. Campus Inkrement 8: http://campus.inkrement.no/home/catalog Kapittel 3 (Prosent) nr.: 3.5 ( Å finne prosenten). Leksa skal vera gjort til onsdag. Samfunnsfag 1. Vera ferdig med gruppearbeidet - sjå oppgåve på onenote. KRLE Alle Bruk minst 1 time denne veka på å gjera noko kjekt for eller noko kjekt i lag med dei du bur i lag med. T.d. Pynta til jul, baka julekaker, vaska golv, spela spel, laga middag, besøkja familiemedlemmer osb. Legg inn eit bilete av aktiviteten på OneNote. Naturfag 1. God jul! Tysk 1. Bak "Plätzchen" og ta med litt til tysktimen på onsdag. Oppskrifta finn du i oppg. 1 s. 68. Tips: Oppskrifta er litt tørr, så det kan vera lurt å ta i eit egg. Viss du finn ei anna oppskrift, kan du også bruka den. Eng fordj 1. Merry Christmas!
TIMEPLAN 8A 8:00 8:50 Naturfag Norsk/ naturfag Engelsk 8:55 9:45 Samfunn Norsk/ naturfag Norsk Matematikk 9:55 10:55 K&H Engelsk Norsk KRLE Samfunn 11:25 12:15 K&H Samfunn Naturfag Språk/ arbl. fag Språk/ arbl. fag 12:25 13:15 Gym Matematikk Norsk 13:20 14:10 Matematikk Matematikk Gym/ sym Studie TIMEPLAN 8B 8:00 8:50 Engelsk K&H Gym/ sym 8:55 9:45 Samfunn Norsk Naturfag 9:55 10:55 Norsk/ Naturfag Matematikk Matematikk Studie Samfunn 11:25 12:15 Norsk/ Naturfag Samfunn Engelsk 12:25 13:15 Matematikk Naturfag KRLE 13:20 14:10 Gym Norsk Matematikk Norsk
TIMEPLAN 8C 8:00 8:50 Norsk Gym Gym/ sym 8:55 9:45 Samfunn Matematikk Samfunn Matematikk 9:55 10:55 Matematikk Samfunn Norsk Norsk/ Naturfag Norsk 11:25 12:15 Engelsk Naturfag 12:25 13:15 Studie Matematikk K&H 13:20 14:10 Naturfag KRLE Engelsk TIMEPLAN 8D 8:00 8:50 Norsk/ naturfag Naturfag K&H 8:55 9:45 Engelsk Naturfag 9:55 10:55 Engelsk Matematikk Studie Samfunn Norsk 11:25 12:15 Gym Norsk Norsk 12:25 13:15 Matematikk KRLE Gym/ sym 13:20 14:10 Samfunn Samfunn Matematikk Matematikk
TIMEPLAN 8E 8:00 8:50 Engelsk Engelsk Samfunn 8:55 9:45 Matematikk Samfunn Matematikk Studie 9:55 10:55 Norsk Norsk Norsk/ naturfag Matematikk Norsk 11:25 12:15 Naturfag Matematikk Gym 12:25 13:15 K&H Naturfag KRLE 13:20 14:10 Norsk/ naturfag Samfunn Gym/ sym Bryne ungdomsskule