Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda III Oslo
Det Norske Samlaget 2013 www.samlaget.no Tilrettelagt for ebok av BookPartnerMedia, København 2013 ISBN 978-82-521-8374-0
Om denne boka Siste boka i lesaranes favorittgrøssar-serie Elisabeth og Gry drar til Venezia for å finne ut kva som skjedde med bibliotekaren Viggo. Kva var han på sporet av då han døydde? Lesaren blir også tatt med til 1500-talets Venezia, der Gallo-brørne går i gang med spegelproduksjon. Dei blir både offer og reiskap for dei demoniske kreftene som seinare skal heimsøkje Hardanger på 1800-talet og notidas Bergen. Her får lesarane som har følgt Svarte-Mathilda frå spegel til spegel endeleg vite den grufulle byrjinga på historia. Eller går den kanskje endå lenger bakover i tid? Den tredje boka om Svarte-Mathilda er mørkare og skumlare enn dei to første, som har blitt lesarfavorittar og nominert til Uprisen. Frå 11 år.
Tor Arve Røssland Svarte-Mathilda III Oslo
KVA HAR HENDT TIL NO? Den første boka om Svarte-Mathilda fortalte om Elisabeth på fjorten år. Ho hadde akkurat mista storebror sin i ein brann. Foreldra skilte seg, og mor tok med seg Elisabeth og flytta til ein liten stad utanfor Bergen. I den nye leilegheita såg Elisabeth uforklarlege ting. Ho kom i kontakt med spøkelset Marie van Vliet, ei jente som ble drepen i leilegheita for over tjue år sidan. Saman med klassekameraten Philip og den nysgjerrige bibliotekaren Viggo kom Elisabeth over historia om Mathilda Langetun, ei jente som levde i Hardanger på slutten av 1800-talet. Mens dei nøsta opp den tragiske fortida til Mathilda, kom dei over vandrehistoria om Svarte-Mathilda eit demonisk spøkelse som gøymer seg i spegelen på badet, og seier du namnet hennar sju gonger inn i spegelen, kjem ho og tar deg! Elisabeth og Philip prøvde det ut, og Svarte-Mathilda kom ut av spegelen. Ho skadde Elisabeth, og Philip forsvann sporlaust. Boka slutta med at Elisabeth trudde ho hadde stengt Svarte-Mathilda inne i ein gammal medaljong ho fann i Hardanger. Ein medaljong med speglar inni, som Svarte- Mathilda ikkje kunne flykte frå. I den andre boka reiste Elisabeth til Italia for å gå på språkskule saman med venninna si, Gry. Dei skulle bu hos ein italiensk vertsfamilie, i eit herskapshus utanfor byen Verona. Elisabeth begynte tidleg å høyre lydar i det gamle huset, men ho avskreiv det som draumar og
frynsete nervar. Det var tydeleg at eldstedottera i huset, Lydia, skjulte noko grufullt. Veslesøstera til Lydia var endå meir mystisk, og Elisabeth fann ikkje eingong ut kva ho heitte. Også i andre boka blei vi førte tilbake til Hardanger, denne gongen til 1899, då guten Sivert kom til Langetungarden for å stele verdisaker. Allereie første natta opplevde Sivert underlege ting i huset, ein gammal spegel begynte å snakke til han. Han såg ei lita jente der inne, som han fekk djupe kjensler for, og det å beskytte spegelen blei det viktigaste i livet hans. I Verona opplevde Elisabeth at nokon var etter henne, ein ufyseleg, liten gut, med ansikt som ein gammal mann. Svarte-Mathilda var heller ikkje langt unna. På mystisk vis dukka ein medaljong opp på soverommet til Elisabeth, og Svarte-Mathilda blei sleppt ut av medaljongen. Ho angreip Gry og Elisabeth, men dei klarte å forsvare seg. Det blei avslørt at veslesøstera til Lydia eigentleg var eit spøkelse, og at Lydia hadde vore plaga med skuldkjensle sidan søstera forsvann. Foreldra hadde aldri fått vite dette, og dei fann heller aldri liket av dottera, ikkje før Elisabeth hjelpte dei med å kommunisere med henne. Sjølv fekk Elisabeth letta samvitet litt med tanke på Philip si forsvinning. Like etter fann dei ut at bibliotekaren Viggo døydde i Venezia, og at Svarte- Mathilda mest sannsynleg stod bak. Sivert hadde fått eit unaturleg langt liv i gåve av Svarte-Mathilda, mot at han passa på henne og skaffa henne offer. Svarte-Mathilda hadde meir lyst til å ha
Elisabeth som tenar og brydde seg ikkje om kven som kom i vegen for henne. Svarte-Mathilda fortalte Sivert at så lenge ho ikkje drep den som ytrar namnet hennar, blir ho ikkje dratt tilbake i spegelen. Elisabeth blei meir og meir plaga av syn og draumar som avslørte stadig fleire bitar av historia om Svarte- Mathilda. I ein draum såg ho fleire medaljongar og blei overtydd om at Svarte-Mathilda kunne flytte seg mellom dei, sjølv om dei var milevis frå kvarandre. Elisabeth og Gry las i nyheitene at Viggo hadde kasta seg utfor eit tårn i Venezia. Like etterpå fekk dei den krypterte dagboka hans tilsendt på e-post og bestemte seg for å reise til Venezia for å finne dei gjenverande medaljongane, og finne ut kva som hendte med Viggo.
Ein spegel er farleg, ikkje berre for henne som speglar seg, men uheldigvis er dette også sant for han som lagar den.
1 Elisabeth var under sjøen. Ho spegla seg i ei glinsande svart åre som glei gjennom vatnet framfor ansiktet hennar. Ho såg eit lys langt borte. Eit glimt av Philip framfor spegelen, den dagen dei hadde lokka fram Svarte-Mathilda. Høyrte stemma hans seie at han ikkje trudde på det. Høyrte si eiga stemme gjenta det mørke namnet. Såg det blodtørstige blikket til Svarte-Mathilda før lyset gjekk. Prøvde å hoste, utan å få det til. Ville berre symje til overflata. Ville ut av dette marerittet, bort frå desse minna. Elisabeth bråvakna av si eiga stemme. Ho såg rundt seg for å sjekke om nokon hadde høyrt henne. Men ingen ensa henne, og Gry snorka lågt. Elisabeth ville ikkje sove meir, sjølv om den jamne duren av toget var behageleg og søvndyssande. Hovudet var fullt av tankar og vonde kjensler, det var lettare å halde styr på dei når ho var vaken. Verken Gry eller Elisabeth hadde hatt lyst til å møte Altichieri-familien igjen etter kvelden før. Orka ikkje å snakke med dei. Møtet med den døde tvillingsøstera til Lydia hadde vore utmattande. Men den vesle søvnen Elisabeth hadde fått på toget, var det ikkje mykje hjelp i når ho drøymte slik. Kroppen var tung, som om ho hadde eit vått ullteppe rundt seg. Skulle ho vekkje Gry? Det hadde vore kjekt å ha nokon å snakke med. Korleis kunne Gry vere så roleg? Etter
nesten å ha blitt drepen av Svarte-Mathilda, og etter det som hendte med Franco og Marco. Følte ho ikkje noka skuld? Elisabeth dulta forsiktig borti henne. Gry gnei seg i augene og strekte seg. Er vi framme snart? Eg trur det, sa Elisabeth. Elisabeth var framleis ikkje sikker på om det var ein god idé å ha med Gry på dette. Dei hadde kanskje ein fordel i det at Gry hadde sett Svarte-Mathilda, samtidig var Gry ekstremt impulsiv. Ho kunne finne på å gjere noko halsbrekkande dumt. Kanskje det hadde vore betre om Elisabeth berre hadde stukke av? Kven er det du trur du lurer? tenkte Elisabeth. Gry ville sjølvsagt ha tatt første toget etter henne. Ho visste jo kvar Elisabeth skulle! Vi bør sikkert prøve å opne dagboka til Viggo igjen, sa Gry. Det har vel gått nokre timar sidan sist vi prøvde å logge oss inn? Eg aner framleis ikkje kva passordet kan vere, sa Elisabeth. Vi har forsøkt så mange. Men plutseleg var det som det gjekk eit lys opp for Elisabeth. Ho slo på datamaskina, logga seg inn på eposten og skreiv inn passordet «Mathilda la Nera». Og vips, der opna dagboka til Viggo seg. Ho måtte nesten flire litt, men smilet forsvann fort. Den forferdelege tanken på at han var død, trefte henne igjen. Ho trudde det ikkje. Akkurat som med Philip klarte ho ikkje å forstå at han verkeleg var død. Klarte du det? sa Gry. Kva var det? Svarte-Mathilda på italiensk, Mathilda la Nera.