Såkornet 3-14. Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins. Les meir om: På skattejakt i bibelen Inspirasjonssamling og slush-kurs



Like dokumenter
LIKNINGA OM DEN VERDIFULLE PERLA

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Til deg som bur i fosterheim år

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Jon Fosse. For seint. Libretto

Den gode gjetaren. Lukas 15:1-7


Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

Me har sett opp eit tankekart og mål for dei ulike intelligensane, dette heng som vedlegg.

Innhold. Fakta om bjørn Bilete og video av bjørn Spørjeunders. rjeundersøking

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som er ny i Maurtuå Barnehage! Barnehagens visjon: «Saman set me spor»

Brødsbrytelsen - Nattverden

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013


for leiarar og medarbeidarar innan handel og service i Askvoll

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Hei alle sjøstjerneforeldre

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

5. Soknerådsmøte mai Referat

Rapport frå Samhandlingsseminar mellom kommunane i Sunnhordaland og Stord sjukehus, Helse Fonna Dato: 04.des.2014

Tarzan 3 og 4 åringane Fredagane Neste månad nformasjonstavla Nyttar høvet til å minne om :

Månadsbrev for ROSA mars 2015

mmm...med SMAK på timeplanen

Teknikk og konsentrasjon viktigast

Nasjonale prøver. Lesing 5. steget Eksempeloppgåve 2. Nynorsk

Kva er økologisk matproduksjon?

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Kvifor er dei fleste mobiltelefonar rektangulære?

Da psbrosjyre ver nov :03:33

Det æ 'kji so lett å gjera eit valg når alt æ på salg Dialektundersøking

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

Metodiske verktøy ved kursleiing

BREV I BIBELEN Av Marit og Preben

Opplegg for ei samling i kyrkjerommet, gjerne før utdeling av Skatten i Liljedal av Runar Bang

Birger og bestefar På bytur til Stavanger

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

6. trinn. Veke 24 Navn:

SETNINGSLEDD... 2 Verbal... 2 Subjekt... 2 Objekt... 5 Indirekte objekt... 6 Predikativ... 8 Adverbial... 9

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

Tema: Vegen, sanninga og livet. Han som veit alt om meg og som er glad i meg - han vil eg fylgje! GLYTTEN

APOSTELGJERNINGANE Av Linn og Jonas

Med ønske om ei god adventstid Ei fredfull julehelg og Guds velsignelse over et nytt år.

Er Jesus den einaste vegen til frelse?

BARN SOM PÅRØRANDE NÅR MOR ELLER FAR ER PÅ SJUKEHUS

Bruk av læringsvenn ved Månen som ville lyse som ei sol

Olaug Nilssen. Få meg på, for faen. Roman

Lyngmo-Glytten 22. årgang August 2013 Medlemsblad. Lyngmo-Glytten22. årgang GLYTTEN SOMMAR PÅ LYNGMO, OG SNART ER DET TID FOR HAUSTLEIR!!

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

ALF KJETIL WALGERMO KJÆRE SØSTER

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

Månadsbrev for Rosa september 2014

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

Når sjøhesten sviktar. KPI-Notat 4/2006. Av Anne-Sofie Egset, rådgjevar KPI, Helse Midt-Norge

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

Månadsplan for Hare November

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

SONGAR I MINNETEKST I MINNETALER I DØDSANNONSER

Undersøking. Berre spør! Få svar. I behandling På sjukehuset. Ved utskriving

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Løysingsfokusert tilnærming LØFT tenking og metode

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

ABC for Barne- og ungdomsleiarar - Praktisk hjelp til betre planlegging og gjennomføring

Informasjon til elevane


JAMNE BØLGJER. også dei grøne greinene i jamn rørsle att og fram er som kjærasten min

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN april 2015:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

Uke Mandag Tirsdag Onsdag Torsdag Fredag 31.08

Strategidokument

Vaffelhjarte Lena og eg i Knert-Mathilde

Kom og bli med på inspirasjons- og motivasjonsdag med årsmøte i Aksdal kyrkje 21.mars

BIBELEN SITT TIDSPERSPEKTIV.

Fag KRLE 3. trinn

Tyra Teodora Tronstad og Bjørn Sortland. Det blir pinlig uansett

Månadsbrev for Rosa oktober 2014

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Til deg som er student i Maurtuå Barnehage!

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

I dag er starten på resten av K15. Ei helsing til deg på konfirmasjonsdagen. - dagen. trus pplæringsdagen i Fjell

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Månadsbrev frå oktober, Grøn avd.

FANTASTISK FORTELJING

Transkript:

Meldingsblad for SØNDAGSSKOLEN Karmsund-Sunnhordland krins Nr 3/14/27.årgang Les meir om: På skattejakt i bibelen Inspirasjonssamling og slush-kurs 1

«Frem fra glemselen» Då eg vaks opp rulla skillingsviser som «Tullingen» og «I en seng på hospitalet..» i kassettspelaren heime. Kassettane heitte «Frem fra glemselen» og det var Rita Engebretsen og Helge Borglund som song. Serien er Norges mest selde plateserie., med over 1.8 mill selde plater. Kanskje har du høyrt songane du og? Tittelen «Frem fra glemselen» inneber at det er noko me har høyrt eller visst om før, så har me lagt det vekk/ gløymt det før det på eit seinare tidspunkt blir aktuelt igjen. På søndagsskulen møter du og eg mange foreldre som gjekk på søndagsskulen som små, men som så har vore vekke frå kristne samanhengar i mange år. Når dei så får barn og blir foreldre sjølv kjem søndagsskulen «frem fra glemselen» og blir ein stad dei vil oppsøka igjen, med sine barn. Dei kjem som foreldre på søndagsskulen fordi dei eingong var der som barn sjølv. Eg har i ulike samanhengar møtt barn og unge denne hausten, og det som slår meg er kor lite dei veit om bibelen og bibelforteljingane. Korleis blir det då, om nokre år, når dei unge i dag sjølv blir foreldre? Kva har dei å dra «frem fra glemselen?» Paulus skriv i Romarane 10.14 «Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at nokon forkynnar?» Dette året er årstema i SPRELL LEVENDE «På skattejakt i bibelen». La oss håpe og be om at mange finn skattar dette året, skattar for livet! Elisabeth -------------------------------------------------------------------------------------------------------------------- SØNDAGSSKOLEN Karmsund- Sunnhordland krins. Møllergården. Strandgt 196, 5525 Haugesund Tlf 95274976. e-mail: karmsund.sunnhordland@sondagsskole.no Søndagsskolekonsulent Elisabeth V Fauskanger, tlf 95274976/ privat 534 11618 Kontortid 09.00-15.00, Kretskontor onsdager. nettside: www.sondagsskolen.no link kretser, link karmsund,sunnhordland. kontonr 8220 02 81272. 2

På skattejakt I bibelen Inga bok har blitt og blir meir lest enn bibelen. Kvar dag i 2600 år har nokon ein eller annan stad i verda lest i bibelen. Sjølv i vårt sekulariserte land les folk bibelen. Bibelen er grunnleggjande tekst for den kristne tru. Bibelen gir eit unikt innsyn i kva folk opp gjennom tidene har tenkt om Gud. Bibelen utfordrar, den treffer oss på punkt der me har behov for å bli utfordra. Bibelen ligg gjerne ikkje på nattbordet eller kjøkenborda lenger, som velbrukte og slitte bruksbøker. Mange barn ser i det hele tatt ikkje mykje til boka. Dei held han sjeldan i hendene sine. Mange vaksne les ofte i han, men gjerne på nett eller mobil. Då er det usynlig for barna kva vi les frå. Korleis skal barna bli glade i bibelen når dei ikkje ser han i bruk? I søndagsskulen vil me hjelpe barna til å forstå at alle dei spenneande fortellingane dei høyrer, dei høyrer saman i ei like spennande bok. Verdas mest selde bok. Ei bok som har forma oss. Kjennskap til bibelen er viktig for å forstå og delta i kulturen me lever i. papyrus pergament Bibelen blei skriven først på papyrus, som er strå. Det er i Egypt ein finn dei eldste funna av skrifter frå bibelen. Det er berre her det har vore tørt nok klima til at skriftene ikkje har blitt øydelagt. 3

Etter papyrus byrja ein så bruka pergament, som er skinn. Skinn frå 74 geiter måtte til for å lage NT, ein fekk 4 sider bibel pr. geit. Det blei både store og dyre biblar. Først frå 900 talet e.kr byrja ein skrive på papir laga av tremasse. Munkane satt og skreiv av bibelen for hand. Men då Johan Gutenberg oppdaga boktrykkarkunsten på 1400 talet var den første masseproduserte boka han laga ein bibel. Det skjedde i 1455. Sider frå Gutenberg sin bibel. Jødane brukte ruller, dei las bøkene i heilhet, utan vers og kapittel og overskrifter slik me gjer nå. Det var gjerne ein som las mens resten høyrde på. Dei kristne la si elsk på boka, og bibelen som bok har mange fortrinn. Den er lettare å ta med seg, den er billigare fordi ein kan skrive på begge sider, den er raskare å slå opp i, lett å gøyme ved forfølging.. men den har ei ulempe og.. den er rask å lukke. Den koptiske paven Tawados i Egypt seier «Let the bible remain open».. la bibelen liggje open. Da vil den sjølv kalla på deg. For oss på søndagsskulen er bibelen viktig fordi den fortel oss kven den treeinige Gud er den viser oss vegen til tro. Bibelforteljingane har vore og er det sentrale på søndagsskulen. Bibelen er eit heilt lite bibliotek, med bokhyller med til saman 66 ulike bøker med mange ulike forfattarar. Bøkene er skrivne av ulike menneske som levde nær Gud. Bøkene i bibelen er skrivne over ein periode på 1000 år. Bibelen er eit skattekammer med ulike tekster med poesi, med historie, med brev, med evangelium, med ordspråk og mykje meir. Så dra på skattejakt i bibelen dette året og syng årstemasongen: Bli med inn i bibelen i dag. 4

Søndagsskulestart Det blir fortalt om to munkar som fekk kvart sitt oliventre dei skulle passa på. Dei to munkane tok trea med seg og starta på arbeidet. Den eine munken såg at treet var tørt, og bad om regn. Og regnet kom og vatna oliventreet. Det blei for mykje vatn, treet døydde nesten av fukt, så munken bad om sol. Og sola kom og tørka oliventreet så det nesten visna. Munken bad om regn att, og regnet kom. Han bad om vind og sol.. Oliventreet veksla mellom for mykje vatn og for mykje sol og varme. Det vaks lite, og trivdest ikkje. Ein dag besøkte så denne munken den andre munken, og såg oliventreet hans stå så flott med grøne, friske blad. Munken spurte «Kva har du gjort med treet ditt, sidan det ser så fint ut?» «Ikkje noko spesielt, sa den andre munken, «eg berre bad Gud sørgje for nok varme og nok vatn til oliventreet, han som veit best kva treet treng». Nysæter søndagsskule på Stord. Det er ein ny haust i søndagsskulane. Mange leiarar og hjelpeleiarar skal planlegga og legga til rette for mange hundre søndagsskulesamlingar i krinsen vår. La oss alle, som den eine kloke munken be Gud om hjelp til det han ser me treng. Han kjenner kvar og ein av oss, veit kva me treng og har lova å vere med oss kvar einaste dag. 5

Glimt frå haustens inspirasjonssamling Hausten er oppstartstid for søndagsskulane og som ei hjelp tilbyr søndagsskulekrinsen 6 inspirasjonssamlingar rundt omkring i krinsen. I år var det inspirasjonssamlingar på Husnes, Ådland, Gilje, Horneland, Austreimsbygda og i Aksdal. Mange leiarar nyttar seg av dette tilbodet og får god hjelp til haustens tema i SPRELL LEVENDE i sin søndagsskule. Tilbakemeldingane er gode etter desse samlingane både fordi det blir lettare å planlegga hausten i søndagsskulen og fordi det er sosialt, ein treff andre søndagsskuleleiarar og kan utveksla tankar og idear. Som de ser er desse samlingane praktisk lagt opp, med mykje konkret frå SPRELL LEVENDE. 6

SLUSH kurs i Aksdal kyrkje. SLUSH- kurs er søndagsskulen sitt hjelpeleiarkurs. Det inneheldt sjølvsagt SLUSH, men og mykje meir enn det!! Hjelpeleiarane er ein stor ressurs i søndagsskulearbeidet! Dei er motiverte, dei vil mykje, dei kan mykje og dei er populære leiarar blant barna. Som vaksenleiarar må me sjå den ressursen hjelpeleiarane er! For ein 5.klassing er det mykje kjekkare å kunne sei at ein er hjelpeleiar på søndagsskulen alternativet er ofte at når barna kjem i den alderen så sluttar dei på søndagsskulen. Får dei derimot gå på SLUSH kurs og vere hjelpeleiarar fortset dei! SLUSH- kurset tek bl.a. opp tema som: - Bibelen/ fakta/ profetiar - Trua vår - Kristen før og nå/ forfølging/ Paulus - SØNDAGSSKOLEN/ SPRELL LEVENDE/ Barnas - Ulike hjelpeleiar oppgåver - Øving og framføring av sjølvvalt tema Denne flotte gjengen har vore på SLUSH- kurs i Aksdal kyrkje i september. Dei kjem frå Vatland søndagsskule, Stegaberg søndagsskole og Aksdal kyrkje. 7

Denne Såkornet 3-14 Søndagsskoledagar i Kongeparken. 6.-7.september var årets søndagsskoledagar i Kongeparken. Dette var SØNDAGSSKOLEN NORGE sitt jubileumsarrangement i år når me feirar 125 års jubileum. Mange frå vår søndagsskulekrins i tillegg til søndagsskulekonsulent Elisabeth fann vegen til Ålgård denne helga. Dei fekk med seg ei helg med øsande regnver, men og med søndagsskuleshow i teltet, med rebusar og stand for søndagsskulen. Med på showet i teltet var Synne og Ingrid, kjente for mange frå MGP Jr i fjor. Det var stor stas for mange. 8

Input-output i Sandnes. Input-output er ei helg i september med kurs, seminar og påfyll for leiarar i det kristne barne og ungdomsarbeidet. Deltakarane kjem bl.a. frå søndagsskular, kyrkjelyder, lutherske org og ulike frimenigheter. Arrangør er Jarle Waldemar. Nokre tankar frå helga: Vi har verdas viktigaste bodskap til verdas viktigaste tilhøyrarar: Jesus til barna. Om ikkje me som kristne leiarar fortel barna sanninga, vil nokon andre gjere det. Vil me t.d. at media skal vere dei som fortel sanninga? Det finnes eit liv som er betre enn det livet media fortel om; det livet er Jesus og eit liv med ein relasjon til Jesus. Som leiarar skal me få gjere som Filip då han møtte den etiopiske hoffmannen. Filip sette seg ved sida av hoffmannen og forklarte og fortalte han om bibelen. 10 punkt for eit levande barnearbeid: 1. Trusopplærande 2. Disippelgjerande 3. Engasjerte leiarar som inspirerer og utfordrar. 4. Relasjonsbyggjande 5. Medansvar og leiartrening for unge 6. Breidde, sjå barnas sosiale, åndelege og fysiske behov 7. Koplet til storfellesskapet. 8. Fremme tru i heimen. 9. Smågrupper med rom for samtale og vennskap 10. Overgang til ungdomsarbeid. Ha ein plan for å gjere overgangen lettare. I år deltok søndagsskulekonsulent Elisabeth saman med Ingunn Fjermedal som har tilsvarande jobb i Rogaland desse dagane. Me hadde stand og fekk snakka med mange om SPRELL LEVENDE denne helga, i tillegg til å promotera søndagsskulen frå scenen. 9

SPRELL LEVANDE gudsteneste 31.august fekk Elisabeth vere med på SPRELL LEVANDE gudsteneste i Stord kyrkje. Tema var om då Peter gjekk på vatnet. Takk til gode medhjelparar i rollene som disiplar og prest Eirik Aadland Tappel i rolla som Jesus. 10

Store og små nyheiter. I krinsen vår skjer det litt av kvart som Elisabeth og krinsstyret har lyst å informera om. Ny mailadresse det har kome ein N på slutten - SØNDAGSSKOLEN NORGE har fått ny mailadresse. Endringa er ikkje stor, og mailar sendt til gamal adresse kjem fram, men ber dykk lagre inn kretsen si nye mailadresse som er: karmsund.sunnhordland@sondagsskolen.no eller elisabeth.fauskanger@sondagsskolen.no Nytt om Radiosøndagsskulen Radiosøndagsskulen er eit samarbeid mellom søndagsskulekrinsen og Kristen Nærradio Haugaland AS. Radiosøndagsskulen inneheldt bibelforteljing, song, bøn, høgtlesing, vitsar og er eigentlig som ein vanleg søndagsskuletime berre det at me som er på «søndagsskulen» ikkje ser kvarandre. 2 nyheiter i radiosøndagsskulen i haust: 1. Ny sendeplan i haust gjer at programma nå blir sendt på KNH 105,6 søndag kl. 09.00-10.00 med reprise søndag kl. 19.00-20.00. I tillegg til dette kan ein høyra programma på nettsida radioen.net same klokkeslett. 2. Nytt i haust er og at radiosøndagsskulen blir lagt ut som podcast/ lydfil på radioen.net. Det betyr at du når det passar deg kan gå inn på nettsida og høyra radiosøndagsskuleprogramma. Radiosøndagsskuleprogramma blir sendt via andre kristne nærradiokanalar til store deler av landet. Det er kjekt å få gode tilbakemeldingar frå både store og små lyttarar. Slush-kurs i Uskedalen 24.-25.oktober er det slush-kurs på bedehuset i Uskedalen i Kvinnherad. Me håper mange sprell levande unge søndagsskulehjelparar i Kvinnherad har lyst å bli med på kurs. Tema fredag: bibelen. Tema laurdag fisk/ søndagsskule/ hjelpeleiaroppgåver og SPRELL LEVENDE. Mykje å lære! Mykje gøy! Mykje nyttig! Mykje slush! 11

Det har sidan slush-kurset var nytt blitt halde mange slush-kurs i krinsen med mange hundre deltakarar til saman! Nå skal slushkurset reviderast, og søndagsskulekonsulent Elisabeth er med i gruppa som arbeider med dette. Ny lansering neste haust. Såkornet 3-14 Gi & Få kampanje Gi&Få kampanjen: Bli fast gjevar, gje 100 kr i månaden og få eit abonnement på Barnas. Som gjevar er det du som avgjer kven som skal få Barnas bladet. I søndagsskulearbeidet treff me som leiarar mange foreldre, besteforeldre og andre vaksne som har eit hjarte for søndagsskulen. I desse dagar får hovudleiarane i krinsen brev frå krinsstyret med ei utfordring: Bli med og utfordre vaksne de møter som har eit hjarte for søndagsskulen til å bli gjevar i Gi&Få kampanjen! Kampanjen varer ut 2014. Snart til utlån frå krinskontoret. På årsmøtet i år vart samtalt om og vedteke at krinsen kunne gå til innkjøp av materiell som skulle komme søndagsskulane i krinsen til gode. Krinsstyret har snakka saman, bestilt og vil etterkvart ha på plass ei «pakke» søndagsskulane kan låna. Krinsstyret håper dette kan bli ei hjelp til søndagsskulen når de skal ha ulike arrangement eller vil ha noko ekstra å tilby på ei samling. Info om når alt er på plass vil koma! Pakken vil bl.a. bestå av: Gulliverdrakt, Pop-corn maskin og fallskjermar i ulike storleiker. 12

Inspirasjonssamlingar i januar. Gode tilbakemeldingar frå mange leiarar etter inspirasjonssamlingane på starten av haustsemesteret og spørsmål etter liknande samling i januar gjer at krinsstyret har vedteke at det blir 2-3 inspirasjonssamlingar i januar med tema: vårpakka i SPRELL LEVENDE. Kjem tilbake med stad og dato. Nye søndagsskular i krinsen vår? Går vi nokre år tilbake i tid var det i krinsen vår mange fleire søndagsskular enn dei ca 80 det er nå. Det var nok fleire små søndagsskular før, rundt om på bedehus og i heimar. Talet på barn har nemleg vore ganske stabilt, sjølv om talet på søndagsskular og talet på leiarar har minka. Kvifor talet på søndagsskular har minka kan skuldast fleire ting, men det er i alle fall sikkert at det er mange barn i søndagsskulealder i vår krins som ikkje har eit søndagsskuletilbod nær der dei bur. Kan vi gjere noko med det? Krinsstyret ønskjer fleire medarbeidarar i søndagsskulane og fleire nye søndagsskular! Men i år har det gått trått med innmeldingar av nye søndagsskular i krinsen vår. Kjenner du nokon som kan vere aktuelle som leiarar? Det viser seg at få melder seg som leiarar sjølv folk må spørjast og utfordrast. I år får alle nyinnmeldte søndagsskular 7500,- i oppstartsstøtte. Det er ei god hjelp økonomisk. Krinsstyret spør og utfordrar deg til å tenke på om du: - Veit om ei barnegruppe der du bur som ikkje er innmeldt nokon stad? - Har ikkje kyrkja der du bur søndagsskule når det er gudsteneste? Då er det ein god idè å starta søndagsskule i kyrkja. - Kjenner nokon som kan tenkje seg å starte ein ny søndagsskule/ barnegruppe? - Veit om barnekor som ikkje er innmeldt i ein kristen organisasjon? - Veit om tripp-trapp klubbar eller småbarnstreff som ikkje er innmeldt i ein kristen organisasjon? - Har lyst sjølv til å starta ei barnegruppe? Då er jo SØNDAGSSKOLEN ein plass ein kan melde seg inn og bli ein del av både den store søndagsskulefamilien og ein del av statistikken over kristent barnearbeid i landet vårt! Elisabeth hjelper til ved oppstart, svarar på spørsmål når de lurar på noko og er til god hjelp for nye søndagsskular. 13

Himmel over livet Jubileumsbladet til SØNDAGSSKOLEN NORGE gjekk ut til leiarar, gjevarar og andre til saman 21 000! Då kunne folk i heile landet lese om eit lite utval av det mangfaldet som finst blant søndagsskulane i vår krins. Inspirasjonsdag med årsmøte 2015 Det er ei stund til ennå, men krinsstyret har gleda av å invitera deg til inspirasjonsdag i Aksdal kyrkje 21.mars 2015. Med oss blir Tor Øyvind Skeiseid. Han bur på Finnøy og er leiar i Ryfylke Livsgnist. Nokon husker han som ei kjent radiostemme frå Lokalen, Andre har kanskje vore med på bedehusreise på Finnøy, og kjenner han derifrå. Tor Øyvind er søndagsskuleleiar, og brenn for søndagsskulearbeidet. Det blir ein dag me håpar skal gje alle eit skikkelig motivasjonskick ei vitamininnsprøyting til kvardag og leiaroppgåvene me står i. Litt frå Søndagsskolekonsulentens kalender framover Jobben som søndagsskolekonsulent er mangfaldig og variert. Her er eit lite glimt av noko av det eg skal vere med på framover: 23.okt kursdag på Forbundskontoret i Oslo. 24.-25.okt slush-kurs i Uskedalen 28.okt Tirsdagklubben i Nedstrand 5.-7. nov teamsamling i Trøndelag 10.nov kretsstyremøte 20.nov Torsdagsprell på Gilje 24.nov Mandagstreff på Bråtveit 30.nov Adventsamling på Ådland 5.des Adventsamling på Vatland 6.des Juleverkstad i Vats 14

Støttespelarar. Vi takkar føljande firma for støtta til arbeidet i søndagsskolekretsen vår: 3 3 15