posten Sommar 2012 Nr. 2 - Årgang 18 Tu d d a l
Tuddal bygdetun sesongen 2012 Troll blir tema på bygdetunet i år. Vi opnar tunet sundag 01.07.2012 kl. 12.00. Da opnar vi også utstillinga av dei fine trollteikningane som kom inn til trollteiknekonkurransen. Teikningane blir supplert med troll i mange variantar. Vinnarane av teiknekonkurransen blir offentleggjorde og det blir premieoverrekking. Vi treng fleire troll til utstillinga. Har du eit eller fleire troll som du kan tenkje deg å låne ut til utstillinga frå 1.7. til 5.8. så er det kjempebra! Trolla kan leverast på Bygdetunet måndag 25.6. kl. 1800-2000. Husk å namne dei. Ved spørsmål ta kontakt med: Trine Kahrs tlf 92415805 eller Torkjell Sletta tlf 48101644. Kvar onsdag i juli kl. 18.00 blir det samankome på tunet med ymse tema. Så langt er desse tema kjent (tidspunktet for dei forskjellige kjem vi tilbake til): Tre og vidjespenilar v/anund Sisjord Trollforteljingar v/?? Slåttegraut Det blir sal av trollvaflar med trollkrem desse kveldane.. Tunet og utstillinga er open til og med 05. august. Bygdedagen 2012 Den tradisjonelle bygdedagen blir i år sundag 22. juli. Åpning kl. 12.00. Det blir underhaldning for små og store, m/m.a. Olav Sem, Ingvild Buen Garnås og Telelaget. Prisutdelingar, matsal og sal og demonstrasjon av kvalitetshandverk. Arr. Hjartdal Røde Kors i samarbeid med lag og foreiningar. Tuddal Husflidslag Tuddal Husflidslag har hatt ein aktiv vår med strikkekafé, møter og eit særs vellykka kurs i smøyg. For hausten har vi eit variert og spennande program. Alle møta våre er på torsdagar og startar kl 19.00. Velkommen i teltet til Husflidslaget på Bygdedagen. Der har vi sal av gode Tuddals -lappar, kaffe og handverk. Ønskjer du å vite meir om laget og aktivitetane våre, kontakt leiar Trine Kahrs tlf. 924 15 805. Loppemarknad Tuddal Idrettslag arrangerer loppemarknad på Tuddal skule laurdag 6.10.2012 Har du noko du gjerne vil bli kvitt? Kontakt Anne Lise Tjønn tlf : 915 87 291 Buen Kulturverkstad, med Tonehall og Tuddal Amfi er ope for besøk og bestilling via avtaler. Ta kontakt via e-post: kbuen@online.no eller ring 97577623/ 97577647 2
Anlaugs Husflid opna 21. juni (same stad som tidlegare Tuddal Garn og Husflid) Anlaug Jamtveit satsar på god atmosfære i nye, trivelege lokale. God plass og mange fine opningstilbod. Sal av blomar også. Åpent frå kl 10. Vi gratulerer! Hjartdal Røde Kors Hjartdal Røde Kors vil ønskje alle i hus og hytter i Hjartdal kommune ein riktig god sommar. Vi vil nytte anledningen til å få takke alle som har gitt oss pengestøtte i denne perioden. Pengane blir brukt til å fornye redningsutstyret vårt og sende medlemmane våre på ulike fagkurs. Vi har i vinter deltatt på fleire leiteaksjonar og redningsoppdrag, både i nærmiljøet og lenger ut i det vide distriktet vårt. Tuddal Triage blei arrangert saman med Notodden Røde Kors; ei øving som var veldig vellykka. Her hadde vi fokus på skred og å finne og behandle skadde ut frå fjellet. I tida framover vil vi vere aktuelle med arrangementa Bygdedagen i Tuddal og vakthald på Tuddal Triathlon. Sjekk den oppdaterte internettsida vår: www.rodekors.no/hjartdal Ta kontakt om det er noko du lurar på. Enten på vakttelefonen vår: 95023292 eller direkte til Torhild Bakka; Korpsleiar: 97168558 Fotpleiar i Tuddal Det har vore fotpleiar på helsehuset ca kvar 6. veke i mange år. Det har dessverre blitt mindre interesse for å nytte seg av dette tilbodet, og vi kan stå i fare for å miste fotpleiaren. Det er viktig å ta vare på føtene alltid, men med åra kan det oppstå problem, som er vanskelig å ordne opp i sjølv. Det er ei god investering å førebygge for å sleppe vonde føter seinare. For å bestille time, ring fotpleiar Terese Halvorsen tlf 35 01 33 00. "Gangelag" Fossehalli er møtestad for desse turane. Ingen har ansvar for kvar turane skal gå, det bestemmer dei som møtes. Det treng ikkje vere ein lang eller strevsam tur, det må være ein tur som passar den enkelte. Følg med på plakatane. Sommaren er det mye som skjer, men ut i august er det fint å gå på tur. Klokkeslettet er nå flytta frå kl.11:00 til kl 17:00. 3
Tuddal Helselag Helselaget har hatt siste møte før sommaren, men det betyr ikkje at laget ikkje er aktive i sommartida. Laget har stått ansvarlege for gåturar dei siste åra. Slik blir det i år også. Solveig Sisjord er primus motor for å få til turane. Det er planlagt ein gåtur i august og ein i september, som begge er dagsturar. Desse turane er planlagt å gå til Lomtjønn og Vikdalen. Datoane her er ikkje heilt "spikra", men det blir sett opp plakater og det er muleg å ringe Solveig Sisjord for meir informasjon på tlf. 99 26 18 69. Sekk med litt mat og kaffi høyrer med når vi skal på tur. Vi må ta eit værforbehold. Dei siste åra har Tuddal Helselag hatt stand og delt telt med Tuddal Bygdekvinnelag. Det har vi planlagt å gjere i år også. I løpet av sommaren vil det bli sett inn nye skåp på kjøkken og vaskerom på helsehuset. Hybelkomfyren blir bytta ut til fordel for ein vanleg komfyr. Denne fornyinga kan gjerast takka vere pengar frå julemarknaden. Haustbasaren til helselaget blir 7. oktober på helsehuset. Tuddal helselag har sine møte på helsehuset siste måndag i månaden. Første møte etter sommaren er 27. august. Vi håpar fleire vil være med i helselaget. Tuddal Bygdekvinnelag I Treskoposten som kom ut før jul, blei det skrivi litt om "Ganglag". Det er bygdekvinnelaget, i samarbeid med helselaget, som legg opp til desse gåturane. Nokon møttest nokre gonger før snøen kom. Det er alltid tyngre å kome seg ut vinterstid. Vi vil prøve likevel, og nå går det mot vår. Det er ikkje nokon organisert tur, det vil si at det ikkje er nokon turleiar. Den som har lyst til å kome seg ut ein tur, svingar bortom Fossehalli kl 11:00 på onsdagar, og ser om det er fleire som er klare for tur. Kvar turen skal gå blir bestemt der og da, og vær og føre avgjer. Det treng ikkje vere ein lang tur, det viktigaste er at ein kjem seg ut. Så da er det bare å møte opp ved Fossehalli og ta del i "Ganglaget". Ta med deg stavar dersom du synest det er greiare å gå med det. Rett svar på PåskeQUIZ 1. Lurv Lønås Hakjepet, Høvdås Sjuke Knut Njuke Fluks Flugonfjell Bøyg Bodik 2. Store Gaustakne, 1523 m.o.h 3. Ca 1500 hytter 4. Brattefjell/Vindeggen 5. Håkken-Hvem Håtte-Hva Hårre-Hvor Kån-Oss Dykkån-Dere Dynne-Døra Vinnarane er: 1. premie; Liv Marit Smylingsås 2. premie; Vibeke Aarbakk 3. premie; Heidi Eidsvaag Opplevingar i Hjartdal Status; Prosjektleiar Helena Hafthorsdottir er i sluttfasen av innsamlinga av informasjon frå reiselivsnæringa, gjennom personlige samtaler med reiselivsaktørar, arbeidsmøter med ressursgruppa og gjennom gruppeintervju (samling av reiselivsnæringa). Denne informasjonen skal gje oversikt over besøkstrafikken og avklare om det finnes lokal vilje til vidare utvikling. Prosjektet skal ende opp i ein sluttrapport i november. Denne rapporten skal vere grunnlaget for vurdering av om det bør utarbeidas ein heilheitleg reiselivsplan for kommunen. 4
Reiselivskonferanse i Tuddal 30. og 31. mai arrangera Kongsbergregionen sin årlege reiselivskonferanse i Tuddal med ca 70 deltakarar. Gaustadagen 2012 Opera på Norges høgaste scene! Gaustadagen er eit heilt unikt arrangement, der Telemarks høgaste fjell, Gaustatoppen, er arenaen, med amfi og scene midt i den harde og vakre kvartsitten, sjølve urfjellet. Landets høgaste og mest spektakulære arrangementsarena. Arrangementet er ei hylling til den naturgåva som Gaustatoppen er. Hovudseminaret var på Fossehalli og det var verkstader på Bøen kiosk og kafé, Tuddal Bygdetun og Røde kors huset. Overnatting på Tuddal Høyfjellshotell, Hogstul Hytter og Gaustablikk. Flott konsert med Knut Buen og Bygdebris på Fossehalli og middag på Tuddal høyfjells hotell. Maten på Fossehalli, Bygdetunet og Bøen kiosk og kafé blei levera av Tuddal høyfjells hotell og Bøen kiosk og Kafé. Det var satt opp buss som frakta deltakarane mellom dei ulike plassane. Gode, lærerike og interessante foredrag og verkstader. Tilbakemeldinga frå deltakarane er veldig gode og fleire har sagt at heile konferansen var ei flott oppleving. Dette viser at det er fullt mogeleg å gjennomføre slike arrangement med god kvalitet i Tuddal. Oppmøte Stavsro kl. 10.00. Naturstigen, saman med kløvhest mot toppen, begynner mellom kl. 10.00 og kl. 10.30, ved grinda der stigen startar. Arr.: Telemark Turistforening, Gaustatoppen Turisthytte, Tinn og Rjukan turlag Les meir på www.visittuddal.no Tuddal TRIATHLON To års suksess har gjort at Triathlonforbundet i år har innlemma Tuddal Triathlon i Triathlon serien (Norges Cup). Dette er ei fjær i hatten for oss, og arrangementet går av stabelen laurdag 28. juli. For meir informasjon og påmelding, gå inn på www.tuddaltri.no. Vi har behov for mange frivillige, så har du tid og lyst til å vere med i dugnadsgjengen, kontakt Triathlongruppa på e-post: tohkaasa@online.no eller på sms 993 66 077, så tek vi kontakt med deg. 5
Frå prosjektet Frå bygd til landsby Turstigar Notodden Turlag har halde kurs for Turstiggruppa i Tuddal i korleis merke, skilte og rydde turstigar etter DNT og Innovativ Fjellturisme sin standard. Hjartdal kommune og Hjartdal & Gransherad sparebank har løyvd pengar til merking og skilting slik at dei prioritera turstigane vil bli skilta og merka i løpet av sommaren. Folkestigen Bjårvatn rundt er en av dei utvalde turstigane i Vandrarprosjektet i regi av VTNU. Denne stigen har derfor fått eiga brosjyre og info-tavle som skal stå ved Rinde-brua. Kjerringsteinløypa - universelt utforma turstig rundt Kovstulvatnet som og skal vere skiløype på vinterstid. Forprosjektet er nå fullfinansiera og startar opp i sommar. Målet er å ha planen for gjennomføring klar slik at dette kan startas når snøen går i 2013. Tuddal sentrum - sentrumsgruppa og sentrale grunneigarar har saman med arkitektfirmaet Context AS og landskapsarkitekt Gullik Gulliksen utarbeidd ein illustrasjonsplan for å synleggjere moglegheiter for utvikling av Tuddal sentrum. Om ynskjeleg kan denne og brukas som innspel til den nye kommuneplanen. Trekanten framfor kyrkja Sentrumsgruppa har i samarbeid med arkitektfirmaet Context AS utarbeid eit forslag til utvikling og forskjønning av denne plassen. Fyrste steg i denne planen er rydding av kratt langs kyrkjeåo og dette blir gjennomførd i sommar. Helselaget har teke ansvar for blomane der i sommar. Dei fem trolla i Tuddal - teiknekonkurransen. Alle som har delteke har fått diplom og billett til trollutstillinga. I finalen blei deltakarane dela inn i to klasser; born og vaksne. Juryen hadde ein vanskeleg jobb fordi dei åtte finalistane levera veldig gode arbeid. Vinnarane blir offentleggjorde og premiera under åpninga av trollutstillinga på Bygdetunet sundag 1.juli. Vinnarteikningane blir å sjå saman med alle dei andre innkomne forslaga på utstillinga. Til saman kom det inn 121 forslag! Trolla frå ei eller fleire av vinnarteikningane kjem til å bli bruka i marknadsførings- og profilerings samanheng. Dette var hovudmålet med teiknekonkurranse - å få eit "bilde" av trolla. 6
BØEN KIOSK OG KAFE 3697 Tuddal Tlf 35024120/91587291 Vi har kioskvarer, kart, fiskekort, souvenirer. Al carte/take away meny og vi serverer dagens hver dag. Fredag: flesk og duppe Hver 1. søndag i måneden: Tuddalssuppe og klubb. Vi har åpent alle dager i sommersesongen fra 22.06-02.09. Fra kl. 12.00-20.00 Turistinformasjonen er åpen i kafeen sine åpningstider., men utenom åpningstid blir alle henvendelser besvart på tlf. 915 87 291 eller post@visittuddal.no Gildehallen ved hotellet vil være åpen for servering hver dag i fellesferien. Det blir servert en 4-retters på hotellet hver kveld bordbestilling tlf. 35 02 88 88 Operahelg på Tuddal Høyfjellshotell 10.-12. august i forbindelse med Gaustadagen Fredag 10. august: Operainspirert middag kr. 650,- pr. pers. Etterfulgt av opera og kaffe i stuen m/lucy Goddard og Rønnaug Rauk Sundling. www.tuddal.no Stavsro kafé under Gaustatoppen åpner fredag 22. juni Åpent hver dag 1100-1800. Servering av middag, rømmegrøt og vafler. For mer info tlf. 93056777 Velkommen! 7
B BANDTVANG FOR HUND I HJARTDAL Alle som er eigar eller innehavar av hund i Hjartdal kommune, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i tida frå 1. april til 25. september. Regelen gjeld ikkje dresserte gjetarhundar, som blir brukt til gjeting av bufé, bruk av hund til ettersøk Annonsere i Treskoposten Treskoposten blir nå finansiera gjennom annonser. Ønskjer du å annonsere her, ta kontakt på treskoposten@hotmail.no. Du når då både fastbuande og camping-/ hyttefolk i Tuddal. Neste Treskopost kjem til hausten. Ynskjer du å få informasjon om Tuddal på e-post, sender du e-post adressa di til anne.bjorg.haugan@ hjartdal.kommune.no. Andre innspel og idear sender de til post@tuddalutvikling.no eller anne.bjorg.haugan@ hjartdal.kommune.no Rektig god sommar! av skadd vilt eller under øving, politi- og redningshund i teneste eller trening. Regelen gjeld heller ikkje lovleg fylgd jakthund under lovleg jakt når jakta går føre seg på område til organiserte utmarkslag og/eller jaktarealet er samanhengande minst 3.000 dekar. Unntaket gjeld ikkje dressera jakthund i tida frå og med 10. september og ut jakta. Hjartdal kommune Tuddal Husflidslag - program 23. aug samlas vi på Helsehuset. Ta med handarbeid 6. sept på Anlaugs Husflid (tidl. Tuddal Garn og Husflid). Tema: Strikk med perler. Ta med strikkepinnar nr 1,5 eller 2, tynt garn og perler, eller du kan kjøpe det i butikken. 20. sept Strikkekafé på Bøen kiosk og kafé. 4. okt Kontstrikk på Helsehuset. Denne strikketeknikken har namn etter neverkontene som finnane er kjent for å lage. 18. okt meir kontstrikk på Helsehuset. 1. nov Vi inviterer Gransherad Husflidslag til møte på Anlaugs Husflid. 22. nov Strikkekafé på Bøen kiosk og kafé. 6. des Juleavslutning på Helsehuset Nyttige telefonnummer: Hjartdal kommune, servicekontoret: 35 02 80 00 Bøen kiosk og kafé: 35 02 41 20/915 87 291 Turistinformasjon: 915 87 291 Joker Tuddal: 35 02 41 05 Bygger`n Tuddal: 35 02 41 60 Garn og husflidsbutikken: 35 02 41 80 Bondal Snikkarverkstad: 35 02 40 99 Tuddal Høyfjellshotell: 35 02 88 88 Legevakt, Notodden: 81 56 80 94 Tuddal Taxi: 35 02 41 87 97 70 55 46 Flugonfjell Skisenter: 99 44 58 00 Hjartdal Røde Kors: 95 02 32 92 Grafisk produksjon: Telemark Trykk AS, Notodden 8