Hardangervidda. Noregs største nasjonalpark



Like dokumenter
Hardangervidda. Det største høgfjellsplatået i Nord-Europa

SEILAND. Alpint øylandskap i Vest-Finnmark

Skarvan og Roltdalen. Vakker seterdal og mektige fjell. Norges nasjonalparker natur som får være seg selv

DOVRE. På historiske stier blant villrein og fjellplanter

Eit prosjekt i DNs nasjonale verdiskapingsgrogram naturarven som verdiskaper

Lierne Et levende istidslandskap

NOEN VIKTIGE INFORMASJONER OM NORGE

Folgefonna. Frå fjord til fonn

Foto Knut Nylend. HARDANGERVIDDA VILLREINOMRÅDE Oppsynsrapport for villreinjakta 2015

Møteinnkalling. Nasjonalparkstyret for Jotunheimen og Utladalen. Utvalg: Møtested: E-post Dato: Tidspunkt:

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Hytte på høgfjellet så nær at du får tid til å nyte naturen og dei nære ting så ofte du vil.

Hardangervidda villreinområde

Storestølen Fjellstue

Eresfjord og Vistdal Statsallmenning

FULUFJELLET. Grensefjell med bjørn og gammelskog

Eit samarbeidsprosjekt mellom Vinje og Tinn nasjonalparkkommunar

«Hardangervidda gjennom 9500 år»

Unner du borna det unike? Runde kystleirskule

Møteinnkalling. Utval : Jostedalsbreen nasjonalparksty re - AU Møtesta d: Telefonmøte Dato: Tidspunkt : 10:00

Unngå inngrep i viktige naturområde og ivareta viktige, økologiske funksjonar.

Skjåk kommune Plan, samfunn og miljø

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2014

RAULAND FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2011

Kva er økologisk matproduksjon?

«Lause kulturminner i nasjonalparkane»

RØLDAL FJELLSTYRE ÅRSMELDING 2013 INNHALD: 1. Røldal statsallmenning. 2. Røldal fjellstyre. 3. Hytter og stølar. 4. Villreinjakt. 5.

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll. Møtedato: Møtetid: Kl. 15:45 18:15. Møtestad: Heradshuset i Kinsarvik Saksnr.

Øvre pasvik. Urskogen i grenselandet mellom øst og vest

Frisk luft og mykje mjølk gav friske kalvar og 30% betre tilvekst

Direktoratet for naturforvaltning. Frå hav til himmel. T e l e f o n : , T e l e f a x :

Med fjellsko og ski. Allemannsretten

Junkerdal Det levende landet

Kom skal vi klippe sauen

Sjunkhatten. barnas nasjonalpark

Aurland fjellstyre Møtedato: Stad: Fjordsenteret

Tilsynsutvalet i Hordaland. Møteprotokoll

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Ullensvang herad Sakspapir

Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll

Landskapspark, kva kan det tyde for Myrkdalen?

Trond Aalstad rådgivar hos Fylkesmannen i Hordaland informasjon til årsmøter på Finse påska 2008

ÅRSMELDING FOR EIDFJORD FJELLSTYRE 2007

Møteinnkalling. Stølsheimen verneområdestyre - AU

Forvaltningsplan for Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområder

Foto: Sindre Skrede / NRK

6/2012 Formannskap Klage på delegert vedtak: Løyve til transport med snøskuter til Sterringen og Vesl-Lusa - Arild Fallingen/ Mona Bøhle

Kriterier for utmarksnæringar i LNFR Regional plan for Hardangervidda. Prosjekt i handlingsprogram

«Ny Giv» med gjetarhund

Allemannsretten og reiselivsnæringen

Søk regionale miljøtilskudd elektronisk

Klage Løyve til bruk av lutzgran på eigedomen gnr. 13, bnr. 1 i Lødingen kommune

Tilsynsutvalet for Hardangervidda Telemark

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

AU - Nasjonalparkstyre for Reinheimen

Forvaltningsplan. Forvaltningsplan. Forvaltningsplan. Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012


Har du verneverdig skog på eigedommen din? Då kan friviljug vern vere aktuelt for deg!

Juvet Landskapshotell

Hallingskarvet. Stort, mektig og godt

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Christian Hillmann Arkiv: K12 &18 Arkivsaksnr.: 07/2480

Forvaltningsplan. Hardangervidda nasjonalpark med landskapsvernområde. januar 2011

RAPPORT FRÅ OPPFØRING AV KULTURMINNESKILT PÅ ØYA KINN

Tilsynsutvalet i Hordaland Møteprotokoll

Vinje som nasjonalparkkommune

SØKNAD OM UTVIDING AV BANDTVANGSTIDA FOR HUND I HEMSEDAL - HEMSEDAL SAU OG GEIT/HEMSEDAL SANKELAG

Ein farleg klatretur. Tilrettelegging for norsk utgåve: Mette Eid Løvås Norsk omsetjing: Ivar Kimo

børgefjell Fjellrevens fristed

Erfaringar frå arbeidet med forvaltingsplan for Reinheimen

Universitetet i Bergen v/ John Inge Svendsen 1. SAKSHANDSAMAR2 ØlSTElN AASLAND ARKIVKODEI 2015/ DATO:

Nasjonalpark FESTIVALEN. i Skjåk PROGRAM

Stølsheimen landskapsvernområde - melding om vedtak - enkel tilrettelegging av sti mellom Vatnane og Åsedalen

Møteprotokoll. Utval: Jostedalsbreen nasjonalparkstyre - arbeidsutvalet (AU) Møtestad: E-postmøte Dato: Tidspunkt: 09:00

Lærarrettleiing 1. Kornartane

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

OVERORDNA STRATEGI FOR HJORTEFORVALTINGA

Klimaraser. (proveniens) Treslaga våre har gjennom generasjonar tilpassa seg veksestaden. Trea har utvikla klimarasar,

Dovre er livskvalitet

Gamle vitne om fordums reinstrekk

Innspill til forvaltningsplan for Hardangervidda Nasjonalpark

Vurdering av Hedalen mølle. I Sør Aurdal. Tilstand og forslag til utbedring.

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Skjervheim 279 1/6. Moderne gardsdri i pakt med kulturlandskapet. Myrkdalen Voss kommune

KEV tilbod: - Kurs - kroppsøvingsfaget - Kurs fysisk aktiv skulekvardag - Kurs fysisk aktivitet og måltid - Kurs uteskule

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Etter innlegget håpar villreinen at de reflekterer over:

Arbeidsutvalet for nasjonalparkstyret har behandla saka ved e-post i dag, og gjort slik vedtak:

Møteinnkalling. Nærøyfjorden verneområdestyre - AU

3.10 UREINING, AVFALL OG STØY

Nasjonal ramme for vindkraft på land - Lokale og regionale innspill

BUSKERUD TILSYNSUTVALG HARDANGERVIDDA NASJONALPARK

Bustadområde i sentrum. Vurdering

Aktiv kvar dag for personar med utviklingshemming

«Fjellferie» utan gaupe for låglandssau ved Flævatn

Vår ref. 2013/ Særutskrift - BS - 93/2 - fasadeendring og bruksendring av løe - Seimsfoss - Gøril Guddal

Kommune Styre, råd, utval Møtestad Møtedato Frå kl Til kl Erling Nesbø, Bjørn Ebne, Bente Steine, May Britt Martinsen, John Håland.

Stillheit i naturen. Innholdsfortegnelse. Side 1 / 6

Fra dypt juv til høye fjell

Transkript:

Hardangervidda Noregs største nasjonalpark

2 3 Det største høgfjellsplatået i nord-europa Hardangervidda er eit særleg verdifullt høgfjellsområde, og er Noregs største nasjonalpark. Området er viktig som tilhaldsstad for dei største villreinflokkane i Europa, og dei største delbestandane av mange fåtalige fugleartar i Sør- Noreg. Vidda byr på eit stort plantemangfald i skjerings punktet mellom austlege og vestlege artar (kyst innlandsartar). Fjellvidda med dei tusen sjøar er og eit eldorado for fjellvandrarar med telt og fiskestong. Spor etter mennesket sin bruk av naturen er framtredande på Hardangervidda, både som sleper/ferdselsvegar, buer og stølar. Jakt- og fiskeressursane vert i dag aktivt utnytta av dei som bur rundt vidda. Kafferast i Kvennadalen (KN)

4 5 Straumdalen Overnatting på vidda (KN) Hardangerviddas uendelige utsyn er mektig (KA) NATUROPPLEVELSER Landskap og geologi Med telt og fiskestong Hardangervidda er eit eldorado for fjellvandrarar med telt og fiskestong. Området er kjent for sine mange fiskerike vatn og vassdrag med fin fjellaure. Det finst flust av merka stiar og fleire betente, sjølbetente og ubetente turisthytter. Det er og høve til jakt på vidda. Hugs fiskekort og jaktkort. Frå havbotn til fjellvidde Hardangervidda er eit typisk høgfjellsplatå med lange flyer og bølgjande fjellparti. Berre i vest er fjella meir dramatiske. Det harde grunnfjellet i dei søraustre delane av nasjonalparken er restar av eit over 1 milliard år gammalt fjellandskap. Fjella forvitra og havet fløymde over slettene. Dei kalkrike bergartane i nordvestre delar av området vart avsette på havbotnen for 450-600 millionar år sidan. Seinare vart dei dekte av ei stor samanhengande fjellplate, Skyvedekket. Havbotnen og skyvedekket vart pressa og folda, og eit nytt fjelllandskap steig opp av havet. Under istidene vart det meste av denne fjellkjeda slipt ned til grunnfjellsunderlaget. Tilbake står Hardangerjøkulen og Hårteigen som markante restar. Skiløper i uvær (SR)

6 7 Raudsildre (NV) Fjellnøkleblom (NV) PLANTELIV Vindblåste rabbar Som følgje av berggrunn og klima vekslar vegetasjonen frå dei vestlege til dei austlege delane av vidda. Den vestre delen har meir nedbør og jamnare temperatur, slik at planteproduksjonen vert stor. Austvidda er langt mindre frodig. I snøfattige strok med mager berggrunn er vindblåste rabbar ein vanleg naturtype. Kartlav (KN) Hårteigen (NV)

10 11 Villrein (KN) Røyskatt (KN) DYRE- OG FUGLELIV Dei største villreinflokkane i Europa Hardangervidda vart isfri for om lag 9 000 år sidan. Lavdekket etablerte seg på den nakne marka og gav næringsgrunnlag for reinen. Frå vinterbeiteområda på austvidda trekkjer store villreinflokkar vestover om våren, der mykje nedbør og næringsrikt jordsmonn gjev gode sommarbeite med saftig gras for både rein og bufe. Tidleg i mai kjem dei drektige simlene fram til kalvingsområda. Vert reinen uroa då, kan det få store følgjer. Bukkar og ungdyr trekkjer ned og beiter i bjørkeskogen. Samanlikna med andre fjellområde i Sør-Noreg er det den flate utforminga med talrike vatn og våtmarker som kjenneteiknar Hardangervidda. Av den grunn finn vi her store og viktige bestandar av mange ande fuglar og andre våtmarksartar. Særs viktige er hekke bestandane av storlom, bergand, sjøorre, svartand, boltit, temmincksnipe, dobbeltbekkasin og fjellerke. Utover sommaren er reinen på flukt frå mygg og brems, og fleire tusen dyr kan då vere samla på snøfonnene i høgare lende. Etter brunsten om hausten trekkjer dyra austover til dei forblåste lavheiene. Det er tilgangen på vinterbeite som set grenser for reinbestanden på Hardangervidda. Målet for villreinforvaltninga er å stabilisere vinterstamma slik at ho er tilpassa beiteressursane. Storlom (KOJ)

12 13 Reinjeger (SR) Gamal hustuft (KN) HISTORIE OG KULTURMINNDER Mennesket og vidda Truleg kom mennesket til Hardangervidda samstundes med reinen etter siste istid. Det er funne om lag 250 steinalderbuplassar den eldste frå ca. 6 300 f.kr. Folk skifta truleg bustad etter reinen sine vandringsruter. Mange av buplassane ligg ved flaskehalsar i land skapet der reinsflokkane på sine vandringar vart trengde saman, ofte ved innsjøar og vatn. I den eldste tida jakta dei med pil og boge, seinare nytta dei og drivfangst og dyregraver. Det botaniske materialet viser at vidda i periodar av steinalderen hadde spredt skog/ tre opp til 1100 1200 m. Funn frå steinalder ut gravingar viser at dei jakta rein og rype, men her er og bein av elg. Også i våre dagar er naturressursane på vidda av stor verdi for bygdene omkring. Nasjonalparken skil seg frå andre nasjonalparkar i Noreg ved ein sterk brukstradisjon og med mange bygningar og mykje privat grunn. Dette gjer at det er mykje motorisert ferdsel knytt til hausting av ressursar og vedlikehald av bygningar i tillegg til drift av turisthytter. Store saueflokkar vert kvart år sleppte på beite, og fiske og jakt er kjelde til avkopling og matauk for mange. Dei gamle ferdselsvegane (slepene) som kryssar vidda, har vore viktige bindeledd mellom Austlandet og Vestlandet. Vel kjent er den store Nordmannsslepa som går frå Veggli i Numedal til Eidfjord, med forgreiningar til Hol og Uvdal. Jakt- og fiskebuer, felæger og stølar ligg på vidda som minne om ei tid med harde levekår, då ressursane på Hardangervidda var ei naudsynt del av livberginga. Rytter på Hardangervidda (SR)

14 15 Kort om Slettedalen i Tinn (SR) I ein nasjonalpark er du naturens gjest Gå der du vil, på beina eller på ski. Alt som har motor er i utgangspunktet forbode. Rast der du vil, nytt gjerne telt for overnatting. Rydd opp etter deg, og ta med bosset heim. Du kan gjerne tenne opp bål, men hugs det generelle forbodet mot bålbrenning i skogsmark mellom 15. april og 15. september. Vis omsyn når du sankar ved. Du kan plukke bær, sopp og vanlege plantar til eige bruk. Vis omsyn til kulturminne, vegetasjon og dyreliv. Ta ekstra omsyn i hekke- og yngletida. Jakt og fiske er tillate som elles. Hugs jakt-/ fiskekort. Ikkje bruk levande fisk som agn. Du må heller ikkje ta med deg levande fisk frå eitt vassdrag til eit anna. Du kan ta med deg hund, men hugs at det er båndtvang heile året. Unnateke er bruk av hund til jakt i lovleg jakttid. ISBN (Trykt) 978-82-7072-999-9 ISBN (pdf) 978-82-8284-000-2 Layout: Guri Jermstad AS. Foto: Nils Valland (NV), Sigve Reiso/ Naturarkivet.no (SR), Kim Abel/ Naturarkivet.no (KA), Knut Nylend (KN) og Karl-Otto Jacobsen (KOJ) Forsidebilde: Kvennadalen (KN) og svart/hvit: Hardangervidda (NV) Baksidebilde: Fiskefangst (KN) Trykk: GRØSET Kvar: Odda, Ullensvang, Eidfjord, Hol, Nore og Uvdal, Tinn og Vinje kommunar, Hordaland, Telemark og Buskerud fylke. Slik kjem du til : Tog til Geilo, Ustaoset eller Haugastøl. Med bil: Rv. 7 over Hardangervidda, fleire stopp og avkøyringar til nasjonalparken. Rv. 40 frå Nore Uvdal til Geilo, fleire stopp og avkøyringar til nasjonalparken. Rv 364 over Tinn Austbygd. Ta av til Breisetdalen til parkering ved Stegaros eller Synken. Båt over Mårvatnet frå Synken til Mårbu. Rv. 37 til Møsvatn. Båt vidare til Mogen turisthytte. E 134 frå Haukeli til Jøsendal, fleire stopp og avkøyringar til nasjonalparken. Stamveg 13 frå Jøsendal til Brimnes, fleire stopp og avkøyringar til nasjonalparken. Informasjon om overnatting og servicetilbod: Lokale turistkontor i kvar kommune. Destinasjon Eidfjord AS, tlf. 53 67 34 00, www.visiteidfjord.no Hytter: Det er 7 betente og 5 sjølvbetente turisthytter i nasjonalparken. Tips: Det er gode moglegheiter for lange vandringsturar, jakt og fiske i nasjonalparken. Kart: Turkart Hardangervidda 1:100000; tosidig med Vest- og Austvidda. Fleire kart i 1:50 000 Oppretta: 1981 Areal: 3422 km 2 Tilliggjande verneområde: Skaupsjøen/Hardangerjøkulen landskapsvernområde Møsvatn Austfjell landskapsvernområde Bjoreidalen naturreservat Nasjonalparksenter: Hardangervidda natursenter Eidfjord, tlf. 53 67 40 00, www.hardangervidda.org Norsk villreinsenter sør, Skinnarbu, tlf. 35 08 05 80, www.villrein.no Forvalting og oppsyn: Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Buskerud og Fylkesmannen i Telemark, www.fylkesmannen.no Tilsynsutvalet for Hardangervidda i Hordaland (tlf. 53 67 15 00), i Buskerud (tlf. 32 74 27 00) og i Telemark (tlf. 35 08 11 70) Statens naturoppsyn Rødberg (tlf. 32 74 46 85) og Skinnarbu (tlf. 35 08 12 51) Meir informasjon: www.norgesnasjonalparker.no

NORGES NASJONALPARKER Nasjonalparkar i Noreg vår felles naturarv Vi opprettar nasjonalparkar for å ta vare på store naturområde frå hav til fjell. For naturen sin eigen del, for oss og for komande generasjonar. Nasjonalparkane rommar storslått natur med variert dyre - og planteliv, fossar og brear, høge fjell, endelause vidder, djupe skogar, vakre fjordar og kystområde. I tillegg finn du kulturminne som viser korleis områda vart brukte før. I nasjonalparkane er moglegheitene for gode og spennande naturopplevingar mangfaldige. Bruk den flotte naturen vår på naturen sine føresetnader. Velkommen til Noreg sine nasjonalparkar! www.dirnat.no