Ureiningstilsyn Inspeksjonsrapport Sakshandsamar: Gøsta hagenlund Telefon: 57 64 31 21 E-post fmsfgh@fylkesmannen.no Retura Nomil as p.b. 224 6821 SANDANE Vår dato 10.3.2015 Vår referanse 11/314 Rapportnummer 2015.038.I.FMSF Tilsyn ved Retura Nomil as - krav om retting av avvik gebyr Rapporten omhandlar funn som kontrolløren kunne observere eller på annan måte fekk kjennskap til under tilsynet. Funn vert omtalt som avvik frå krav i ureiningslova med forskrifter, merknader om forbetringspunkt eller andre forhold som kan vere viktig å omtale nærare. Rapporten omtalar også stadfesting av kontrollgebyr. Tilstades under kontrollen Frå verksemda: Per Ove Sørland og Nils Rune Nesbakk Desse hovudtema vart kontrollert: Internkontroll (ytre miljø) Risikovurdering Utslepp til luft eller vatn Støy Løyvet med vilkår Forskriftskrav Anna: Bakgrunn for kontrollen: Frekvensbasert inspeksjon Frekvensbasert revisjon Kontrollaksjon Ny verksemd (ikkje kontrollert før) Nytt løyve (ikkje kontrollert før) Frå miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen: Gøsta Hagenlund og Dagny Alvik Avfallshandtering ordinært avfall Handtering av farleg avfall (merking, emballering, mellomlagring, levering) Handtering av kjemikal (klassifisering, merking, emballering) Sikkerheitsdatablad Substitusjon Oppfølging av eigenrapport Oppfølging av klage/hending/tips Oppfølging av siste kontroll Kartlegging Anna: Hovudfunn frå kontrollen Det vart påvist 2 avvik frå ureiningsregelverket. Melding om retting av avvik og dykkar vurdering av våre merknadar må vere sendt til Fylkesmannen innan 15.4.2015. Rapporten vert vurdert som endeleg dersom vi ikkje får tilbakemelding om faktiske feil eller mistydingar innan to veker etter at rapporten er motteken. Varsla kontrollgebyr vert då send frå Miljødirektoratet for innbetaling til staten. Vi vil nytte høvet til å takke for ein god gjennomgang på ein travel dag for verksemda. Med helsing Gøsta Hagenlund Dagny U. Alvik ass. fylkesmiljøvernsjef senioringeniør Brevet er godkjent elektronisk og har derfor ikkje underskrift Hovudkontor Landbruksavdelinga E-post: Njøsavegen 2, 6863 Leikanger Fjellvegen 11, 6800 Førde post@fmsf.no Telefon: 57 65 50 00 Postboks 14, 6801 Førde Internett: Telefaks: 57 65 50 55 Telefon: 57 65 50 00 www.fylkesmannen.no/sfj Org.nr 974 763 907 Telefaks: 57 72 32 50
2/5 1. Informasjon om verksemda: Stad (namn på anlegg): Eidsmona Ansvarleg verksemd: Retura Nomil as Verksemdnr.: 985 241 864 Eigd av: 985 226 482 Kontaktperson: Per Ove Sørland Anleggsnr. og anleggsaktivitet: 1445.0042.02 og 1445.0043.03 ISO 14001-sertifisert EMAS-registrert Løyvedato og internt nr.: 19.2.2014 Risikoklasse: 3 2014.097.T Gebyrsats etter 39-6 i ureiningsforskrifta (jf. utsleppsløyvet): 3 2. Om kontroll frå ureiningstilsynet Kontrollen vart gjennomført den 4.3.2015 for å granske om gjeldande krav fastsett i eller i medhald av ureiningslova vert haldne. Kontrollen vart i det vesentleg gjennomført ved gjennomgang av utsleppsløyvet av 19.2.2014. Rapporten inneheld omtale av avvik og merknader innan dei granska områda av ureiningsregelverket der Fylkesmannen har tilsynsansvar. Vi vil gjere merksam på at ikkje alle sider av verksemda som kan ha noko å seie for ytre miljø vart granska ved kontrollen. Verksemda må sjølv aktivt utøve internkontroll, avdekkje feil og manglar og iverksetje nødvendige tiltak. Definisjonar Avvik Merknad Brot på krav som er fastsett i eller med heimel i helse-, miljø, og tryggleikslovgivinga. (Døme er brot på krav i ureiningslova eller produktkontrollova, forskrifter til lovene, utsleppsløyve, og verksemda sine eigne rutinar som er nødvendige for å stette styresmaktene sine krav.) Tilhøve som tilsynsetatane meiner det er nødvendig å peike på for å ivareta helse, miljø og tryggleik, og som ikkje vert omfatta av definisjonen for avvik. Brot på eigne rutinar som inneheld strengare krav enn lovkrava, kan verte omtala som merknad. Merknadar kan gje grunnlag for enkeltvedtak med krav om tiltak. Vi gjer merksam på at ein kan finne oversikt over miljøloverket på www.lovdata.no eller vist til frå www.miljodirektoratet.no (sjå under regelverk). Dei viktigaste HMS-krava finn ein på nettstaden www.regelhjelp.no. Reglane om gebyrinnkrevjing finn ein under kap. 39 i ureiningsforskrifta. 3. Oppfølging etter kontrollen Verksemda pliktar snarast råd å rette påviste avvik utan ytterlegare oppfølging eller krav (vedtak) frå Fylkesmannen. De må sende skriftleg (helst elektronisk) melding innan 15.4.2015 at avvika er retta. Meldinga må innehalde dokumentasjon på gjennomførte tiltak og kopi av relevante dokument. Dersom avvika etter dykkar syn ikkje lar seg rette innan denne tida, må vi ha ein grunngjeve plan med ønske om tid for oppretting før fristen for attendemelding. Innan same dato som nemnt for avvika må de gjere greie for vurderingar og eventuelle utbetringar i tilknyting til våre merknadar. Om vi vurderer at dykkar melding ikkje er tilstrekkeleg kan vi gjere vedtak om tiltak.
3/5 Orientering om tvangsmulkt Dersom verksemda innan tidsfristen ikkje kan dokumentere at tilstrekkelege tiltak er sett i verk, kan Fylkesmannen vedta tvangsmulkt til staten. Vedtak om tvangsmulkt vert nytta for å sikre gjennomføring av tiltak, og vi ønskjer å unngå å måtte be om inndriving av forfallen tvangsmulkt. 4. Gebyr for kontroll med verksemd med utsleppsløyve Vi viser til omtalen under kontrollen, og vedtak om utsleppsløyve datert 19.2.14. Plasseringa av verksemda i risikoklasse 3 vil seie at verksemda etter gjeldande sats 3 i 39-6 i ureiningsforskrifta skal betale eit gebyr på kr. 12 200,- til staten for den gjennomførte kontrollen. Miljødirektoratet vil seinare sende ut faktura for innbetaling til statskassa. 5. Offentlegheit av rapport Rapporten vil verte tilgjengeleg for innsyn via Fylkesmannen sitt elektroniske arkiv, jf. offentlegheitslova. 6. Avvik Desse avvika vart påvist under kontrollen: Avvik 1 Finansiell garanti er ikkje stilt Avvik frå: Utsleppsløyvet, vilkår 10.1 Verksemda må dokumentere tilfredsstillande forsikring eller annan økonomisk sikkerheit for å sikre at mottatt avfall vert forsvarleg handtert og behandla vidare jamvel om verksemda ikkje lenger har aktivitet på staden. Frist for å sende inn dokumentasjonen til Fylkesmannen var 19.2.2015. Dokumentasjonen må minst omfatte handteringa av farleg avfall. Avvik 2 Verksemda har ikkje eit dokumentert system for å vurdere utskifting av helse- og miljøskadelege kjemikal Avvik frå: Utsleppsløyvet, vilkår 7 Vilkår 7 i utsleppsløyvet krev mellom anna at verksemda skal ha eit fullstendig stoffkartotek. Oversikta kan vere digitalt lagra. Oversikta skal vise korleis verksemda har vurdert sine kjemikal med sikte på utbytting av kjemikal med uheldige helse- eller miljøverknadar (substitusjonsplikt etter produktregelverket). Verksemda kan ha oversikt over verkstad- og vedlikehaldkjemikal på verkstad/lager, men har truleg ikkje full oversikt for leiinga. Vurdering av substitusjon er ikkje nyleg gjennomført. Vi vil merke at mindre verksemder i stor grad får informasjon om kjemikal frå sine leverandørar, men må likevel sjølv vurdere helse- og miljøfaren ved bruk av slike kjemikal, og eventuelt om dei kan byttast ut med kjemikal med mindre helse- og/eller miljøfare.
4/5 7. Merknader Følgjande tilhøve ga grunn til merknadar under kontrollen: Merknad 1 Det er noko tvil om journaldata er lett tilgjengelege for brannvesenet ved ein eventuell brann Vilkår 3.1 krev at mengd og plassering på anlegget av brannfarleg avfall skal vere tilgjengeleg i brannsikker avstand frå lagerplass. Verksemda bør vurdere kravet saman med brannvesenet, og verte samde om tilfredsstilande ordning. Kravet må tolkast slik at fleire alternativ er mogeleg. Det kan vere ei fysisk plassering nær anlegget / ved porten. Kan hende høver det betre med ei skisse over anlegget her. Oversikt kan også vere digital lagring utanom anlegget og orientering til brannvesenet på førespurnad om brannvesenet meiner det er tilfredsstillande. Slik oversikt bør samordnast med Nomil iks sine lager, jf. 6 i internkontrollforskrifta. Merknad 2 Løyvet er ikkje publisert på verksemda si heimeside Verksemda er del av Retura, som har nettsida www.retura.no. Løyvet er ikkje publisert her. Verksemda opplysar at det er planar om eigen nettside seinare i år. Vi ber verksemda om å gjere løyvet tilgjengeleg på Retura sin nettside inntil vidare. 8. Andre tilhøve Verksemda gav god oversikt over sin handtering av avfall. Retura Nomil as held på med sertifisering etter ISO 14 001 standarden. Vi vil gjerne få nemne at sertifiseringsorganet etter vårt syn må vere særskilt merksam på krava som er stilt særskilt i løyvet, og leggje mellom anna dette til grunn for sine revisjonar. For tida erfarer ikkje Fylkesmannen at slik sertifisering generelt gir grunn til meir sjeldan tilsynsfrekvens, men vi ser ikkje bort frå at verksemda vil kunne oppnå det seinare. Vi ser at det har falle ut eit ord siste kulepunkt i vilkår 8 i utsleppsløyvet. Punktet skal lyde skildring av øvingsopplegg (øving minimum ein gong per år) der ordet "øving" har falle bort. Øvingsopplegget må leggast opp av verksemdene på området i fellesskap, og vere tilpassa ulike scenario som kan vere viktig i høve til utslepp til / påverknad av ytre miljø. Vedlegg: 1. Dokumentunderlag for kontrollen
5/5 Vedlegg 1 - Dokumentunderlag for kontrollen: 1. Ureiningslova (lov 13.3.1981 om vern mot forurensninger og om avfall). Særleg viktige reglar er 7 om plikt til å unngå ureining og tiltaksplikt dersom ureining oppstår, 20 om tiltak ved driftsstans, 28 om forbodet mot forsøpling, 32 om plikt til å levere næringsavfall til godkjent mottak og kap. 6 om akutt ureining. Merk også at brot på ureiningslova er straffbart etter reglane i 78 og 79. 2. Avfallsforskrifta (forskrift 1.6.04 nr. 930 om gjenvinning og behandling av avfall ). Særleg viktige reglar er kap. 11 3. Internkontrollforskrifta (forskrift 6.12.96 nr. 1127 om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter, med vekt på ytre miljø 4. Utsleppsløyve dagsett 19.2.2014