STYRESAK GÅR TIL: FØRETAK: Styremedlemmer Sjukehusapoteka Vest DATO: 06.12.17 SAKSHANDSAMAR: Berit Berntsen SAKA GJELD: Bierverv i Sjukehusapoteka Vest HF ARKIVSAK: STYRESAK: 055/17 STYREMØTE: 13.12.2017 FORSLAG TIL VEDTAK Styre tek saka til vitande.
Oppsummering Reglar for bierverv i Sjukehusapoteka Vest er hjemla i Helse Vest Etiske retningslinjer, og publisert i Personalhandboka. Det er per 06.11.17 registrert tilsaman 4920 timar Bierverv insav (tal frå Agresso Web). Riksrevisjonen sin rapport datert 28.06.17 «Riksrevisjonens undersøkelse om helseforetakenes håndtering av bierverv» gir følgjande vurderingar: Ansatte i helseforetak rapporterer i liten grad bierverv Systemene som er etablert for å rapportere og følge opp bierverv brukes i liten grad RHFene har ikke i tilstrekkellig grad fulgt opp krav stilt i foretaksmøter om bierverv SAV har ikkje grunn til å tru at faktiske bierverv ikkje er registrert. HRO avdelinga vil frå 2018 ta ut årlege rapportar på status til kvar eining. I dei høva ein avslår undervisning (eller andre typar oppdrag) som bierverv grunna konkurranse skal ein i alle tilfelle tilby oppdraget til tenestepris frå SAV. Fakta Reglar for bierverv i Sjukehusapoteka Vest er hjemla i Helse Vest Etiske retningslinjer, og publisert i Personalhandboka. Retningslinjer er vedtekne etter handsaming i Samhandlingsmøte med fagorganisasjonene 23.04.12, leiargruppa 25.04.12 og Styret 21.06.12 (som del av sak om etiske retningsliner. Det er per 06.11.17 registrert tilsaman 4920 timar Bierverv insav (tal frå Agresso Web). Riksrevisjonen sin rapport datert 28.06.17 «Riksrevisjonens undersøkelse om helseforetakenes håndtering av bierverv» gir følgjande vurderingar: Ansatte i helseforetak rapporterer i liten grad bierverv Systemene som er etablert for å rapportere og følge opp bierverv brukes i liten grad RHFene har ikke i tilstrekkellig grad fulgt opp krav stilt i foretaksmøter om bierverv Handtering i SAV Registrering av bierverv SAV har ikkje grunn til å tru at faktiske bierverv ikkje er registrert. Figur under viser alle bierverv Alle einingar har gått gjennom sine tal. 2
Fordeling på einingane er vist i tabell under: 2920 timar er aktive Bierverv. Dei fordelar seg på einingane som vist i tabell under 3
Bruke system for oppfølging og rapportering Tilsette i Sav har vore oppmoda til å registrere bierverv ein gong per år, ved nyhendesak på Intranett. HRO avdelinga vil frå 2018 ta ut årlege rapportar på status til kvar eining. Ein vil no tydeleggjere at ein ikkje handamar søknadar berre munnleg. Alle søknadar skal registreras i Agressoweb og handsamas der. Ein kjenner til to høve der det ikkje har skjedd. Særskilt om bierverv i private apotek og undervisningsoppdrag Når det gjeld Sjukehusapoteka Vest er det ei vurdering at ein driv ein verksemd i konkurranse, grunna publikumsutsala. SAV og Helse Vest har ein prismodell der SAV sel tenester til kundane i høve til tenestepris. SAV har som hovudregel høgare tenestepris til eksterne kundar. SAV tillet ikkje bierverv i private apotek. I høve til oppgåver SAV tar betalt for, vil det vere vurdert som konkurranse om ein av våre tilsette i eigen regi sel tilsvarande aktivitet til andre og SAV på den måten mistar oppdrag. Det gjeld sjølv om SA ikkje aktivt marknadsførar oppdraget eksternt. Sjukehusapoteka har av den grunn praktisert at undervisningsoppdrag ikkje vert godkjent som bierverv. SAV har i fleire høve i staden inngått avtale med undervisningsstaden om leveranse til (i somme, få, høve redusert) tenestepris. Det kan kommenterast at SAV har akseptert 2 døme av bierverv i form av 20 % bistilling på Universitet. Dette av di ein ser at tilsette i bierverv hjå universitet gir gode høve til tett dialog og samarbeid om forsking og utvikling i SSV og har element gjensidig nytte. Ein vil og gjere tydeleg at i dei høva ein avslår undervisning (eller andre typar oppdrag) som bierverv grunna konkurranse skal ein i alle tilfelle tilby oppdraget til tenestepris frå SAV. 4
Kommentarar Saka var oppe i samhandlingsmøte 15. 06 og 24.08 etter førespurnad frå Norges Farmaceutiske Forening ( NFF). Etter møta kjem det fram at partane er enige i hovedprinsippa. Som følge av sak i samhandlingsmøte 15.06 var saka og handsama i leiarmøte 22.08 med føgjande vedtak: Ledergruppen opprettholder at undervisningsoppdrag ikke aksepteres som bierverv i lys av at SAV har undervisning som tjeneste. Samtidig påpekes at tilsvarende skal gjelde for alle tjenester som er angitt i SAV tjenestekatalog. Det presiseres at bierverv er per definisjon noe som utføres utenfor arbeidstid. Organisering av undervisningstjenester (grensesnitt og ansvarsområder) vil følges opp av Driftsforum med ny sak i ledergruppen via stabsmøte. Herunder innenfor eksisterende avtaler mellom helseforetak, universitet/høyskoler og kommuner. Saka var og handsama i leiarmøte 14.11.17 med vedtak: SAV håndtering av bierverv videreføres. HRO avdelinga vil frå 2018 ta ut årlege rapportar på status til kvar eining. I dei høva ein avslår undervisning (eller andre typar oppdrag) som bierverv grunna konkurranse skal ein i alle tilfelle tilby oppdraget til tenestepris frå SAV. I dei høva ein avslår undervisning (eller andre typar oppdrag) som bierverv grunna konkurranse skal ein i alle tilfelle tilby oppdraget til tenestepris frå SAV. Ledergruppa går gjennom prisnipp og praksis lokalt. Konklusjon SAV etterleving av reglar for bierverv verkar å vere i høve til regelverket. Systematisk oppfølgning vert forbetra frå 2018. Vedlegg 1. Riksrevisjonen sin rapport datert 28.06.17 «Riksrevisjonens undersøkelse om helseforetakenes håndtering av bierverv» - utsatt offentligheit 2. SAV retningsliner Bierverv 5