SELJE KOMMUNE Driftsutvalet Møtebok Møtedato: 18.02.2015 Møtetid: Kl. 15:00 17:30 Møtested: Kommunehuset, 3. etg. Saksnr.: 001/15-006/15 Følgjande medlemmer møtte TP: Gunnar Silden (nestleiar), Terje Ødegård, FRP: Svein Hansen. H: Eva Janne T. Årvik Følgjande medlemmer møtte ikkje KRF: Stein Robert Osdal (leiar) FRP: Marit Swensen TP: Judith Kvåle Alle hadde gjeve melding om forfall til møtet. Følgjande varamedlemmer møtte KRF: Laura Marie Fure Vara var kalla inn frå FRP og TP, men ingen kunne møte. Følgjande frå administrasjonen møtte Rådmann Ørnulf Lillestøl, som og førte møteboka. Merknad til innkallinga Ingen Merknad til saklista Ingen Driftsutvalet vedtok å handsame 2 ekstra saker: 005/15 Driftsutvalet - Nedlegging 006/15 SMIL 2011 Handsaming av klage frå Anne Lise Stenberg 5 voterande
Følgjande saker vart handsama Sak nr. Sakstittel 001/15 Godkjenning av møtebok 002/15 Delegasjonssaker 003/15 Referatsaker 004/15 Avtale om biblioteksamarbeid mellom kommunane i Nordfjord 005/15 Driftsutvalet - Nedlegging 006/15 SMIL 2011 - Handsaming av klage frå Anne Lise Stenberg Tilleggsaker: sak 005/15 og 006/15. Utskrift protokoll: Medlemmar, møtande varamedlemmar, biblioteka, abonnentar Utskrift møtebok: Abonnentar, kontrollutvalet, kommunekassa, revisor Signatur:
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 18.02.2015 001/15 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Godkjenning av møtebok Arkiv: FE- Arkivsaknr 15/136 TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN: Møteboka frå møte 13.11.14 vert godkjent slik den ligg føre. Dok.dato Tittel Dok.ID 11.02.2015 Møtebok DU 13.11.14.pdf 62910 Handsaming i Driftsutvalet - 18.02.2015 5 voterande KU-001/15 VEDTAK Møteboka frå møte 13.11.14 vert godkjent slik den ligg føre. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 18.02.2015 002/15 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Delegasjonssaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 15/134 DKU. 002/15: Gbnr. 45/3 - Byggsak - Tilbygg driftsbygning - Hilde og Olav Gloppestad DKU. 003/15: Gbnr. 89/97 - Arealoverføring - Tilleggsareal til gbnr. 89/106 - Selje Kommune DKU. 004/15: Gbnr. 57/61 - Byggsak - Bustadhus - Handsaming av klage - Bjørn Arne Kvamme DKU. 007/15: Gbnr. 56/179 - Løyve til oppstillingsplass - bustad - Eva Otneim DKU. 008/15: Gbnr.72/4 - Driftsbygning, Løyve til avkøyrsle - Else og Per Ove Våge DKU. 009/15: Gbnr.56/19 - Delingssak - Grunneigedom - Leif Andreas Hove DKU. 043/14: Forskrift for skule- og barnehageruterute 2014-2015 DKU. 101/14: Gbnr. 57/61 - Byggsak - Bustadhus - Bjørn Arne Kvamme DKU. 104/14: Gbnr. 71/16 - Byggsak - Tilbygg fiskeanlegg - Marine Harvest AS DKU. 130/14: Gbnr. 71/1 - Omdisponering, frådeling - Hege Warberg og Kjell-Rune Warberg - jordlova DKU. 131/14: Gbnr. 56/100 - Byggsak - Bruksendring - Kurt Jonn Øyre og Joar Navarsete DKU. 133/14: Gbnr 49, sameige - Byggsak - Naust - John Georg Larsen DKU. 134/14: Gbnr. 45/4 - Delingssak - Grunneigedom - Heidi Otneim og Tine Larsson - jordlova
DKU. 135/14: Gbnr. 87/4 - Konsesjon - Kårstein Myklebust DKU. 136/14: Gbnr. 88/2 - Byggsak - Tilbygg bustadhus og opparbeiding av tilkomstveg - Jon Roger Nygård DKU. 139/14: Gbnr 56/179. - Byggsak - Altan - Eva Otneim DKU. 140/14: Gbnr. 29/2 - Byggsak - Garasje/Vinterhage - Helge Borgund TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Driftsutvalet - 18.02.2015 5 voterande Merknad: Driftsutvalet ber om å få ei orientering av kva prinsipp som vert lagt til grunn i frådelingssaker der det er handsaming etter jordlova. KU-002/15 VEDTAK Delegerte saker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 18.02.2015 003/15 Sakshandsamar: Unni Eltvik Hovden Referatsaker Arkiv: FE- Arkivsaknr 15/135 Refererte skriv og meldingar: Nr Dok.ID T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 1 14/4995 U 11.11.2014 Svein Ottar Sandal Leige areal, gjenbruksstasjon.- Arealoppgåve 2 15/291 S 20.01.2015 Førespurnad om leige av areal - Stadtgym DA 3 15/290 S 21.01.2015 Førespurnad om leige av kommunal leilegheit - Selje ambulanse 4 15/636 I 09.02.2015 Statens vegvesen Region vest Trafikktryggingstiltak i kommunane - TIK-midlar - Tildeling av midlar 2015 Tilleggsreferat: TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Referatsaker vert tekne til etterretning slik dei ligg føre. Handsaming i Driftsutvalet - 18.02.2015 5 voterande
Tilleggsreferat: 05.Rådmann: Vedk. stilling som kommunalsjef Oppvekst. 06.Rådmann: Veadk. klagehandsaming KU-003/15 VEDTAK Referat 1-4 vart teke til vidande. Referat 5: Rådmannen orienterte vedk. stilling som kommunalsjef Oppvekst. Referat 6: Rådmannen orienterte om klagehandsaming i Driftsutvalet generelt. Gjennomgang av reglar for klagehandsaming vert teke oppatt i seinare møte. Samrøystes.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 18.02.2015 004/15 Sakshandsamar Bård Fløde Arkiv FA-C60 Arkivsak 13/660 Avtale om biblioteksamarbeid mellom kommunane i Nordfjord Dokumentliste Nr T Dok.dato Avsender/Mottaker Tittel 2 I 10.12.2013 Sogn og Fjordane Fylkeskommune 1 I 11.12.2013 Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek 3 U 11.12.2013 Sogn og Fjordane Fylkeskommune 4 I 14.01.2014 Sogn og Fjordane fylkeskommune 5 I 26.06.2014 Sogn og Fjordane Fylkeskommune 6 U 22.10.2014 Sogn og Fjordande Fylkeskommune 7 I 03.11.2014 Sogn og Fjordane fylkeskommune Invitasjon - for innkjøp, formidling og utlån av e-bøker Påminning om svar på ordning med e- bøker. Svar om deltaking i e-bokordning Avtale om samarbeid om e-media Avtale om biblioteksamarbeid mellom kommunane i Nordfjord / Uttale til avtale Vedk. avtale om biblioteksamarbeid i Nordfjord - Uttale frå Selje kommune Avtale om biblioteksamarbeid mellom kommunane i Nordfjord Vedlegg i saka Dok.dato Tittel Dok.ID 10.02.2015 Samarbeidsavtale Nordfjord utkast 01 10 14.docx 60332 Saka gjeld Etablering av samarbeidsavtale i Nordfjord. Opplysningar til saka Folkebiblioteka i Nordfjord: Gloppen, Bremanger, Vågsøy, Selje, Eid, Hornindal og Stryn, samarbeider om utvalde drifts- og utviklingsoppgåver. Samarbeidet har som mål å bidra til å
fornye og utvikle bibliotektenestene i kommunane. Avtalen er utforma særleg med tanke på krava i revidert biblioteklov (2013) om at folkebiblioteka skal vere aktive formidlarar og uavhengige arenaer for offentleg samtale og debatt. Biblioteka går inn i samarbeidet med respekt for kvarandre sin kompetanse og ressursar, og det er aksept for ulike ståstader, interesser og kapasitet til å delta i ulike tiltak. Avtalen har vore til høyring i kommunane, og det endelege avtaleutkastet har teke omsyn til innkomne merknadar. Det ligg ikkje økonomiske bindingar i sjølve avtalen. Økonomien i framtidige samarbeidstiltak vert å komme attende til gjennom det einskilde tiltak. Konklusjon Avtalen om biblioteksamarbeid i Nordfjord vert forankra gjennom politisk vedtak i alle kommunane. Saksgang Driftsutvalet gjer vedtak. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Selje kommune sluttar seg til avtalen om biblioteksamarbeid i Nordfjord slik den ligg føre. Handsaming i Driftsutvalet - 18.02.2015 5 voterande Røysting: Tilråding frå administrasjonen fekk 5 røyster for. Samrøystes. KU-004/15 VEDTAK Selje kommune sluttar seg til avtalen om biblioteksamarbeid i Nordfjord slik den ligg føre. Samrøystes. Utskrift til: Kommunane i Nordfjord Sogn og Fjordane Fylkeskommune Sogn og Fjordane Fylkesbibliotek
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 18.02.2015 005/15 Sakshandsamar Ørnulf Lillestøl Driftsutvalet - Nedlegging Arkiv FE-000 Arkivsak 14/392 Opplysningar til saka Saka vart teke opp som ekstrasak. Handsaming i Driftsutvalet - 18.02.2015 5 voterande Framlegg frå Selje FRP: Viser til budsjett 2015 og til handsaming i Driftsutvalet 13.11.2014. Driftsutvalet vert oppretthalde då utvalet er eit og blir eit viktig utval i den politiske organiseringa for å følgje opp vedteke budsjett. Kommunestyret må fatte eit vedtak om funksjonen av driftsutvalet. Rådmannen utarbeider eit framlegg til vedtak. Røysting: Framlegg frå Selje FRP fekk 1 røyst for (FRP) og 4 mot (TP, KRF, H). KU-005/15 VEDTAK Det vart ikkje fatta vedtak i saka. Saka går ut.
SELJE KOMMUNE SAKSGANG Styre, råd, utval Møtedato Saksnr Driftsutvalet 18.02.2015 006/15 Sakshandsamar Gry Otneim Leikanger Arkiv FA-V18 Arkivsak 12/675 SMIL 2011 - Handsaming av klage frå Anne Lise Stenberg Dokumentliste Saka gjeld I samsvar med brev frå Fylkesmannen datert 22.12.2014, er Selje kommune oppmoda om å sende skrifteleg svar på førespurnaden om utbetaling av SMIL-midlar, der eit evt. vedtak om avslag på førespurnad om utbetaling vert fatta med heimel i 10 i Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Opplysningar til saka Utdrag frå Fylkesmannen sitt brev datert 22.12.2014: 9. juni 2011 handsama driftsutvalet i Selje kommune SMIL-søknad frå Galleri Stadt v/ Anne Lise Stenberg om kvisting av sitkagran på Drage. Det vart vedteke å løyve kr. 11 500,- til tiltaket dersom sitkagrana vart fjerna i staden for kvista. Vedtaket vart sendt ut til søkjar. Melding om ferdigstilling av tiltaket vart sendt til Selje kommune sommaren 2013. I samband med melding om gjennomført tiltak og førespurnad om utbetaling gjennomførte Selje kommune ei synfaring på tiltaket i juni 2014. I etterkant av synfaringa sendte sakshandsamar i Selje kommune e-post til Anne Lise Stenberg der det vart peika på at sitkagrana skulle fjernast og ikkje kvistast. Selje kommune har ikkje utbetalt tilskotet jf. brev frå Fylkesmannen datert 22.12.2014. Sakshandsamar ynskjer også å legge til at vedtaket fatta i Driftsutvalet 9. juni 2011 vart vedlagt e-post sendt til Anne Lise Stenberg 26.06.2014; Lover/regelverk Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Finansiering Tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket, SMIL.
Sakshandsamar si vurdering Sakshandsamar kan ikkje sjå at tiltakshavar oppfyller vilkår for utbetaling jf. vedtak fatta i Driftsutvalet 09.06.2011. Etter Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket 9, Opplysningsplikt og kontroll, skal kommunen, når det gis tilsagn om tilskudd, ta forbehold om at kommunen, fylkesmannen, Landbruksdirektoratet eller Riksrevisjonen kan kreve nødvendige opplysninger og kontrollere at bruken av tilskuddsmidlene er i tråd med forutsetningene. Konklusjon Anne Lise Stenberg får avslag på førespurnad om utbetaling av kroner 11.500,- Saksgang Held kommunen fast på vedtak i saka, vert den sendt til fylkesmannen for endeleg avgjerd. Tek kommunen klaga frå Anne Lise Stenberg til fylgje, stoppar saka i Driftsutvalet med mindre den vert påklaga. TILRÅDING FRÅ ADMINISTRASJONEN Sakshandsamar kan ikkje sjå at tiltakshavar oppfyller vilkår for utbetaling jf. vedtak fatta i Driftsutvalet 09.06.2011. Anne Lise Stenberg får avslag på førespurnad om utbetaling av kroner 11.500,- jf. Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket 9. Handsaming i Driftsutvalet - 18.02.2015 5 voterande Saka vart teke opp som ekstrasak i møtet. Røysting: Tilråding frå administrasjonen fekk 5 røyster for. Samrøystes. KU-006/15 VEDTAK Sakshandsamar kan ikkje sjå at tiltakshavar oppfyller vilkår for utbetaling jf. vedtak fatta i Driftsutvalet 09.06.2011. Anne Lise Stenberg får avslag på førespurnad om utbetaling av kroner 11.500,- jf. Forskrift om tilskudd til spesielle miljøtiltak i jordbruket 9. Samrøystes. Utskrift til: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for endeleg avgjerd.