Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

Like dokumenter
Høyringssvar frå Bjørgvin bispedømeråd om Kyrkjerådet si sammensetting

Revisjon av retningslinjer for protokollkomiteen i Kyrkjemøtet

VIDARE SAMARBEID MELLOM FYLKESKOMMUNANE PÅ VESTLANDET MED TANKE PÅ Å FREMJE NYNORSKE LÆREMIDDEL

Kirkerådet, Mellomkirkelig råd, Samisk kirkeråd. Særskilde preiketekstar for kyrkjeåra og

Innkomne framlegg. Kva gjeld saka. Saksutgreiing. Framlegg til vedtak. Landsmøtet handsamar innkomne framlegg.

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Møtestad Oslo Oslo Oslo

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Vedlegg: saksframlegg høring læremiddel.doc; vedak ophe.doc

Vel nynorsk for barnet ditt!

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Fråsegn om norskfaget og nynorsken

Lærarsvar A 1. Kva meiner du var den viktigaste årsaka (årsakene) til at vi gjorde dette?

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Alversund skule 5911 Alversund Tlf

Kod e.g1g.,. a.(ll... '3_:...

DEN NORSKE KYRKJA Lindås kyrkjelege fellesråd

Veivalg for fremtidig kirkeordning

KM 6.1/08. Plan for kyrkjemusikk DEN NORSKE KYRKJA. Kyrkjemøtet. Samandrag. Forslag til vedtak. Saksorientering. Sakshandsamar: Øyvind Meling

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Husnes ungdomsskule

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.

TILSYNSRAPPORT. Austevoll kommune Austevoll ungdomsskule

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd. Saksdokument: Dok.dato Tittel Dok.ID Myndig tru - mangfaldige fellesskap.

ENDELEG TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring Bømlo kommune Moster skule

styrke i at mest kva som helst kan skje, utan at dei vert mindre aktuelle.

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

Målbruksplan for Ål kommune

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Nysæter ungdomsskule

TILSYNSRAPPORT Ullensvang herad, Kinsarvik skule

TILSYNSRAPPORT Opplæringslova 2-15 om rett til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Kvinnherad kommune Rosendal ungdomsskule

UKM 05/16 «Det er jo derfor vi plar gjere det

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Visitasforedrag ved bispevisitas i Stord og Nysæter og 20. nov 2016

Vedtak i sak som gjeld klage på manglande innsyn etter offentleglova

Reglar for servering av alkohol i fylkeskommunale bygg, leigebygg og utleigebygg

Visitasforedrag ved bispevisitas i Samnanger november og 3. desember 2017

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Til deg som bur i fosterheim år

SPRÅKRÅDET REF. VÅR REF. DATO JG/SIG/ER Endringar i forskrift til opplæringslova 28. juni 1999 nr. 722 Fråsegn frå Språkrådet

Vurdering på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. No gjeld det

Velkomen som konfirmant

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Valle Venstre. «Menneska er viktigare enn systemet.»

KRAVSPESIFIKASJON FRÅ OPPDRAGSGIVAREN

Veivalg for fremtidig kirkeordning

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Oppfølging av tilsynet frå fylkesmannen

Det er ein føresetnad for tilbakemelding av resultata til verksemda at personvern og anonymitet er sikra.

Kommunale forskrifter til Opplæringslova for Seljord kommune.

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Saksframlegg. Orientering om Kompetansesenteret og søknad om regionale utviklingsmidlar til Ny GIV-tiltak ved Kompetansesenteret

Opplæring i kinesisk språk (mandarin) i den vidaregåande skulen i Hordaland

TILSYNSRAPPORT. Retten til å høyre til eiga elevgruppe etter målform. Klepp kommune

Fornyings- og administrasjonsdepartementet

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

Fagdag, minoritetsspråklege

Staten og Den norske kirke - Spørsmål til høringsinstansene. Navn på høringsinstans : Bjørgvin bispedøme, Kinsarvik sokneråd,

Medie og informasjonsplan. Utarbeidd januar 2016 av TIBE Samfunn as i tett samspel med Fylkesmannen Møre og Romsdal

Høyring om kyrkjeordning for Den norske kyrkja

FORELDREMØTE 8. TRINN ONSDAG VURDERING, FRÅVER, VALFAG MM.

Råd i kommuner og fylkeskommuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - høyring

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 14/468-7/14/

Dette notatet baserer seg på dei oppdaterte tala frå dei tre siste åra. Vi ønskjer å trekke fram følgjande:

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

Radøy kommune Saksframlegg

Velkomen som konfirmant i kyrkja!

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Voss ungdomsskule

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Skuleåret 2017/2018.

KM 09/17 Trondheim, april 2016

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Deres ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 2008/ Elin Nicolausson

Svar på «Høring om Justering av hovedgudstjenesten og alminnelige bestemmelser» frå Volda sokn

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

Tilstandsrapport for grunnskulen i Sykkylven 2014/15.

Høyringssvar frå Bjørgvin biskop om ordning for vigsel og vigselsliturgi og forbønsliturgi for likekjønna og ulikekjønna par

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Retten til gratis offentleg grunnskuleopplæring. Stord kommune, Stord ungdomsskule

Frå: Gudstenesteutval i Naustdal sokn, sunnfjord, Bjørgvin bispedøme

Lese snakke skrive. OS BARNESKULE, Os, Hordaland (1 7) Av Mari-Anne Mørk

Veivalg for fremtidig kirkeordning

TILSYNSRAPPORT Voss kommune, Sundve skule

SAKSUTGREIING. Sak: Felles sokneråd for Leveld, Torpo og Ål sokn. Sokneråda i Ål kallar inn til kyrkjelydsmøte etter gudstenesta:

ENDELEG TILSYNSRAPPORT. Kommunalt tilskot til godkjente ikkje-kommunale barnehagar. Bømlo kommune

Fylkesdirektøren for næring rår hovudutval for plan og næring til å gjere slikt vedtak:

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Mange yrkesvalhemma har fleire periodar under attføring

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

Reise: Møtes på rutebilstasjonen på Sjøholt måndag kl Alle må kome seg til Sjøholt på eige hand, og så køyrer vi i privatbilar derifrå.

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

PLAN FOR BRUK AV NYNORSK I NISSEDAL KOMMUNE

Transkript:

DEN NORSKE KYRKJA KR 29/12 Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd Oslo, 27.-28. sept 2012 Referansar: KR 42/11 Nynorsken sin plass i trusopplæringa Samandrag I Kyrkjerådet sitt møte i september 2011 var saka om «Språkleg rettferd i trusopplæring» oppe til orientering (KR 42/11). Der var det gjort greie for «Gruppa for språkleg rettferd i trusopplæringa» si fråsegn om språkleg rettferd i trusopplæringa, det at alle born og unge skal få trusopplæring og trusopplæringsmateriell på det som er, eller skal verte, deira hovudmål. Dei viser til jamstellingskravet skulen har og vil at undervisningsmateriell knytt til trusopplæringa får same krav knytt til seg. Då saka om språkleg rettferd i trusopplæringa var oppe til orientering, vart det lagt til grunn at KR i løpet av 2012 skulle kartlegge kva konsekvensar det fekk for dei som lagar materiell at det ligg føre eit krav om jamstelling av produksjonar. Kyrkja er i prosess med ny kyrkjeordning og ny kyrkjelov, og dette gjer at jamstellingskravet til undervisningsmateriell i trusopplæringa må sjåast i samanheng med dette arbeidet. Framlegg til vedtak 1. Kyrkjerådet støttar opp om at born og unge skal få materiell og trusopplæring på sitt hovudmål. 2. Kyrkjerådet ser det som tenleg å ha eit stort mangfald i materiell retta mot trusopplæring. Kyrkjerådet vil i kommunikasjon med forlag og organisasjonar oppmode dei til å lage materiell på nynorsk som kan nyttast i trusopplæringa. 3. Kyrkjerådet skal ha som hovudregel at materiell som vert laga med økonomisk støtte frå Trusopplæringsreforma, og retta til utdeling mot breidda av barn og unge, får eit krav om at dei må jamstelle produksjonane på bokmål og nynorsk samstundes for å kunne ta imot slik støtte. 4. Kyrkjerådet ser det som naturleg at kravet om jamstelling av undervisningsmateriell på bokmål og nynorsk vert vurdert i arbeidet med ny kyrkjelov. 1

Saksorientering Bakgrunn «Gruppa for språkleg rettferd i trusopplæringa» sendte hausten 2010 ut brev med spørsmål om tilslutning til fråsegna om nynorsken sin plass i trusopplæringa. Brevet vart sendt til alle bispedømeråd, alle sokneråd i bispedøma Stavanger, Bjørgvin og Møre og til nokre sokneråd med nynorsk kyrkjemål i andre bispedøme. Rundt 100 sokneråd slutta seg til fråsegna og fem bispedømeråd (Oslo, Bjørgvin, Møre, Nidaros og Stavanger) har vedteke fråsegna/måla i fråsegna. Kyrkjerådet vart også bedt om å slutte seg til fråsegna/måla i fråsegna. Kravet frå gruppa er at det må vere ein heimel i lov og regelverk som gjeld for Den norske kyrkja, på same måte som det er eit krav i opplæringslova i 9 4 der det heiter: «I andre fag enn norsk kan det berre brukast lærebøker og andre læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og til same pris.» Vidare står det i fråsegna at «ansvarlege organ må løyve midlar til språkjamstelling i trusopplæringa slik at opplæringsmateriell, både i tekst og tale, kjem ut til same tid og same pris på nynorsk og bokmål. Det er særs viktig at born og ungdom får høyra, lesa og framføra tekstar på nynorsk. Likeeins er det viktig at dei får høve til å syngja på nynorsk. Kravet til jamstelling må gjelda trusopplæringsmateriell produsert av IKO, Søndagsskuleforbundet og andre frivillige organisasjonar». I plan for trusopplæring «Gud gir vi deler» er det lagt vekt på at trusopplæringa skal vere for alle døypte i alderen 0-18 år og tilpassa den einskilde. Trusopplæringa i kyrkjelyden må utviklast ut frå lokale behov og føresetnader. Vidare heiter det i planen at trusopplæringa skal vere inkluderande, stadeigen og lagt til rette slik at alle kan delta. Det er viktig at det blir lagt til rette for ei trusopplæring som støtter opp om planens føremål. Om lag 11 prosent av born og unge i Den norske kyrkja bur i kommunar som har nynorsk som hovudmål. Materiell til trusopplæring Kyrkjemøtet har vedteke rammeplanen for trusopplæring i kyrkjelyden. Kvar kyrkjelyd må lage sin eigen konkrete plan og sjølv velje kva materiell dei eventuelt vil nytte i si trusopplæring. Den lokale planen vert godkjent av biskopen. Det varierer kva materiell og kva aktivitetar ein kyrkjelyd vil bruke i si trusopplæring. Det vil difor vere eit mangfald i kva som vert etterspurt av slikt materiell. Skal ein sikre store opplag av materiell til dette føremålet er ein måte å nå det på å lage ei anbefaling av egna materiell. Dette vil ikkje vere i tråd med det som er lagt vekt på når det gjeld at trusopplæringa skal vere stadeigen og ta høgde for til dømes den lokale kulturen og tradisjonen. Ein ser det difor ikkje som ynskjeleg med ein type godkjenning eller felles standard av materiell som kan nyttas i trusopplæring. Det materialet som mange nyttar, så som Bibel, 4-årsbok og konfirmantbøker, er produsert på både bokmål og nynorsk. Mange kyrkjelydar vil også ha bruk for materiell som familiane kan nytte i heimen. Her vil det ligge eit potensiale for forlaga til å produsere slikt materiell. Men det 2

vil vere eit mangfald i kva som vil vere av interesse også i dette materialet. Det gjer at det er variasjon i kor store opplag det vil vere bruk for. Det er henta inn informasjon frå to forlag, IKO-forlaget og Verbum forlag, som produserer mykje av materiale som kyrkjelydar i Den norske kyrkja nyttar seg av i trusopplæringa. Dei vart spurt kva konsekvensar det får for dei dersom det kjem eit jamstellingskrav til undervisningsmateriell i lov og regelverk som gjeld for Den norske kyrkja. Det er i dag praksis i forlaga at dei så langt råd er prøver å gje ut produkt på bokmål og nynorsk samstundes. Dette gjeld til dømes materiell til dåp, 4-årsbøker, biblar, konfirmantbøker, salmebøker og anna materiell som har store opplag. I nokre tilfelle vil dei sjå an korleis grunnlaget for marknaden er på bokmål før dei satsar på nynorskutgåva. Dei viser til at det er krevjande med to produksjonar ut frå storleik på marknaden og etterspurnaden. Dei seier at konsekvensen av eit krav om samstundes publisering kan verte færre utgjevingar, seinare utgjevingar og dårlegare økonomi for forlaga. Forlaga meiner at i praksis vil det føre til at dei berre kan satse på materiell som dei er heilt sikre på har eit stort nedslagsfelt. For materiell som har eit mindre nedslagsfelt eller som dei er meir usikre på, kan det føre til at heile prosjektet (også i bokmålsversjonen) vert skrinlagt fordi kostnadane vert for store. Støtteordningar Når det gjeld støtteordningar til nynorsk produksjon av trusopplæringsmateriell, er det ingen aktuelle på dette området i dag. Kulturrådet har ei ordning der ein kan søkje om støtte til utvikling og omsetjing av litteratur på nynorsk. Det er berre mogleg å søkje støtte til reine utgåver på nynorsk, ikkje der det også vert utgjeve parallelt med utgåver på bokmål. Forlaga seier at støttesummen heller ikkje på langt nær vil dekkje dei reelle kostnadane ved nynorskutgåva. Difor er det sjeldan aktuelt med slik støtte fordi ein ønskjer produksjon både på bokmål og nynorsk. Forlaga seier også om støtteordningar at dei i så fall ser at det er bruk for ei ordning til støtte for omsetjing og produksjon som dekkjer initialkostnadene ved nynorskproduksjonen, slik at prisen kan haldast så låg som mogleg. Dermed kan dei bidra til å gje kyrkjelydane trusopplæringsmateriell til ein pris dei kan betale. Dei ser også at det er bruk for støtte til utvikling av nynorsk originalstoff. Gjennom ein type utviklingsstøtte kan ein utfordre dei mange dyktige nynorskbrukarane til å bidra til utvikling av materiell. Grunnskulen si ordning for samtidig publisering av læremiddel fungerer på eit grunnlag der marknaden er om lag 60.000 elevar i kvart trinn. I vidaregåande er det elevar som vel smale utdanningsprogram. Til desse faga, etter talet på elevar i kvart fag, vert det gitt midlar over statsbudsjettet til å utvikle læremidlar, forvalta av Utdanningsdirektoratet. 3

Jamstelle produksjonar Kyrkjerådet har ved tidlegare høve gitt uttrykk for at rådet er positiv til intensjonen om at born og unge bør få materiell og opplæring på sitt hovudmål. Når det gjeld materiell som per dags dato vert sendt frå Kyrkjerådet til breidda av målgruppa, vert dette produsert på både bokmål og nynorsk. Dette gjeld til dømes konfirmantbrosjyren, som vert sendt direkte til alle i årskullet, og programpakkane til LysVaken, Tårnagentane og Kode B. Dessutan er Trusopplæringsplanen og nettstadar som konf.no å finne både på bokmål og nynorsk. Det vil vere ei viktig oppgåve å legge til rette for at dei som deltek på trusopplæring både får trusopplæring og trusopplæringsmateriell på sitt hovudmål. Nokre tiltak har KR for å stimulere til dette innanfor dei tildelingane som vert gjort per i dag. Dette gjeld til dømes utviklingsprosjekt som får tildeling gjennom trusopplæringa sine nasjonale og regionale midlar. Til no har det ikkje vore eit krav til dei som har motteke slik støtte at dei, dersom dei produserer materiell til utdeling som er retta mot breidda av barn og unge, skal ha produksjonar både på bokmål og nynorsk. Ein kan stille som krav at dei må jamstelle produksjonane for å kunne ta imot slik støtte. Juridisk grunnlag Av Målbrukslova 8 går det fram at eit statleg organ som har heile landet som tenestekrets skal sørge for ei kvantitativ fordeling mellom målformene i materialet dei lagar. Dersom organet finn grunn for det kan materialet verte utgjeven på begge målformer. Denne lova gjeld ikkje for materiell utarbeidd av private aktørar. Kyrkjerådet har ingen heimel for å pålegge private aktørar å overhalde målbrukslova eller tilsvarande standardar. Dersom det skulle bli ein heimel om at alt materiell til trusopplæring skal kome samstundes på bokmål og nynorsk, vil det kunne føre til krav om tilskot til dei forlaga som skal produsere dette. Ein slik garanti vil føre til store økonomiske bindingar. Dersom det ikkje er mogleg med økonomisk tilskot, vil forlaga ikkje produsere meir enn det som dei er garantert å selje. Noko som dei trur vil føre til eit dårlegare og mindre tilfang til materiell til trusopplæring. Ny kyrkjelov «Gruppa for språkleg rettferd i trusopplæringa» ber om at kyrkja, på same måte som skulen, får eit jamstellingskrav til undervisningsmateriell i trusopplæringa i lov og regelverk som gjeld for Den norske kyrkja. Det er satt i gong ei endring av lovverket for Den norske kyrkja. Kyrkjemøtet har sagt at ny kyrkjelov bør vere ein kortfatta rammelov. «Denne loven skal henvise til Den norske kirkes selvforståelse når det gjelder dens egenart og øvrige grunnleggende forhold. Loven skal først og fremst regulere denne kirkens forhold til staten, etablere kirken som et 4

selvstendig rettssubjekt og avklare forholdet mellom det sentrale og de lokale rettssubjekter i kirken. Loven må også inneholde nødvendige overgangsbestemmelser. Det sentrale er at loven kun skal trekke opp de ytre rammene for Den norske kirke» (KM 8/07, 1.1.4) Å reise eit forslag om eit tillegg i Kyrkjelova vi har per no vil ikkje vere gunstig. I og med at ei ny kyrkjelov er i prosess må ein i samband med dette sjå om det skal kome ein heimel i det nye lovverket eller kyrkjas eige regelverk om jamstellingskrav til undervisningsmateriell. Det er viktig å finne ordningar som stør opp under at born og unge får trusopplæring og trusopplæringsmateriell som gjer at bodskapen kyrkja ynskjer å formidle vert tilgjengeleg og vil kjennast nært og heimsleg. Økonomiske/administrative konsekvensar Kyrkjerådet har allereie i sine produksjonar retta mot born og unge ein samstundes produksjon av bokmål og nynorsk. Kostnadane til dette er innarbeida i budsjetta. Eit døme på dette er konfirmantbrosjyren som vert laga på både bokmål og nynorsk til fire bispedøme, noko som fører til ein dobbel grafisk produksjon. Logoar med tekst vert også utforma på begge målformer, til dømes Lysvaken/Lysvåken. Kyrkjerådet må i utlysing og oppfølging av nasjonale og regionale prosjekt legge som premiss at materiell som vert produsert til utdeling av breidda av born og unge kjem samstundes på bokmål og nynorsk. Tildelinga må dekkje kostnaden dette fører med seg, noko som vil føre til at det vert færre prosjekt. 5