Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren

Like dokumenter
Rapport om målbruk i offentleg teneste 2017

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2015

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2018

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2014

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2013

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2011

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2016

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2007

Rapport om målbruk i offentleg teneste 2012

Språkstatistikk for departementa for 2009

Post Språkrådet Sent: 21. desember :40

Språkstatistikk for departementa for 2010

10.1 Antall årsverk totalt i undervisnings- og forskerstillinger

I mål? Innleiing på frukostseminar 3. desember 2014 Kjetil Aasen

Samordna opptak 2017: Talet på studentar som vel framandspråk aukar for andre året på rad.

Tiltak frå regjeringa for styrking av nynorsk

Treng me norsk? Åse Wetås direktør, Språkrådet Språkkonferanse i Førde,

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Nynorsk i staten. Reglar og råd

Tillegg til karakterrapport for 2008 fra UHRs analysegruppe 1 : Karakterfordeling på masterarbeider (21. september 2009)

Språkstatistikk for departementa i 2012

Når du kjem inn i registeret, skal du sjå ei liste over kor du er administrator for. Lista ligg under kategorien lokale organisasjoner i menyen.

Språkstatistikk for departementa i 2011

Vurdering på barnesteget. No gjeld det

Vurdering av allianse og alternativ

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

12/2011 NOTAT. Hallgerd Conradi og Kåre Heggen

Søvik Rolf Petter Sent: 15. september :16 Postmottak. Ifølge liste

HØYRINGSUTTALE - RAPPORT FRÅ ARBEIDSGRUPPE MED FRAMLEGG OM ENDRINGAR I OPPLÆRINGSLOVA NÅR DET GJELD FAG- OG YRKESOPPLÆRINGA

Andel midlertidig tilsatte, hovedtall 2017

Språkstatistikk for departementa i 2013

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Andel midlertidig tilsatte, hovedtall 2018

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

OTTA TT, = f. ^1^^^; ^000

Fransk Spansk Tysk Andre fs. I alt Østfold 13,1 % 30,2 % 27,0 % -

Dykkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2017/ Einar Mikkelsen,

Nye kommunar i Møre og Romsdal

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for alle. Då er det særleg viktig at språket er klårt og tilpassa brukarane.

Undersøking om Regionalt forskingsfond Vestlandet si ordning med kvalifiseringsstøtte.

VANYLVEN KOMMUNE Rådmannen. Saksnr Løpenr/Arkiv Dykkar ref. Avd/Saksansvarleg Dato 2012/ /2015 / 002 RÅD / SANGUD

UiO : Universitetet i Oslo Universitetsdirektøren

Saksframlegg Valle kommune

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Informasjon frå det offentlege skal vera forståeleg for mottakarane, og difor må språket vera klart og tilpassa målgruppa.

Vegtrafikkindeksen 2018

Utdanningsdirektoratet

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

Pengestrømmer. Orientering om pengestrømmene i høyere utdanning og forskning

Erfaringer fra etableringen av institusjonsvise sikkerhetsteam

Svar på høring av ny forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver

ENDELEG TILSYNSRAPPORT

ÅRSRAPPORT NETTSIDENE FOR Innhald Kva har vi gjort i læringsnettverket... 2

Ifølge liste. Samisk høgskole Universitetet i Nordland Universitetet i Tromsø Norges arktiske universitet 14/ Deres ref Vår ref Dato

Høyringsbrev forslag om endringar i opptaksforskrifta - Tillegg

Tabell V9.7 Avsetninger spesifisert etter formål kr Statlige institusjoner

Endring i prosentpoeng. 1.Høgskolen i Nesna 12,2 19, Høgskolen i Narvik 10,9 16,7 +5,8

Vedtak om å krevje tilbake feil utbetalt bustøtte

MED ecampus PÅ NETT I LÆRARUTDANNINGANE

STYRESAK. Styremedlemmer Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2015

Statsbudsjettet og finansieringssystemet for universiteter og høyskoler 2017

Samordna opptak 2018: Prosentdelen studentar som vel framandspråk minkar. Nasjonalt senter for engelsk og framandspråk og opplæringa - Notat 4/2018

Vedtak om grensejustering mellom kommunane Ørsta, Volda og Hornindal

I denne oppgåva skal me lage eit enkelt spel der pingvinane har rømt frå akvariet i Bergen. Det er din (spelaren) sin jobb å hjelpe dei heim att.

Vegtrafikkindeksen august 2018

Du må tru det for å sjå det

Vegtrafikkindeksen juni 2018

6 Samisk språk i barnehage og skule 2011/12

Oi, på nynorsk! når virksomheten trenger å styrke nynorskopplæringen. Aksel Torsnes Mehlum fra Språkrådet og Åste R. Ruud fra Domstoladministrasjonen

Retningsline for bruk av sosiale media for tilsette i Aukra kommune

ARBEIDSNOTAT ref. Nordmørskonferansen 2008

Kompetanseutvikling /2010 (budsjettåret vgo)

Samordna opptak 2016: Talet på studentar som vel framandspråk aukar. Nasjonalt senter for framandspråk i opplæringa - Notat 5/2016

Kvalitetsmelding for Fagskolane i Hordaland 2014

Rapportering av økonomidata til DBH Studentsamskipnader 23/11-16

Vegtrafikkindeksen oktober 2018

STYRESAK. Styremedlemmer. Helse Vest RHF GÅR TIL: FØRETAK: DATO: SAKSHANDSAMAR: Camilla Loddervik SAKA GJELD: Oppsummering omdømme 2016

Høyring - nye retningsliner for kommunale næringsfond særlege punkt til drøfting

BARNEVERNET. Til beste for barnet

Målbruksplan for Ål kommune

Sogn og Fjordane fylkeskommune Opplæringsavdelinga

Rettleiing til rapportering i Altinn, «Partifinansiering 2014», RA-0604 Partilag med organisasjonsnummer

Vel nynorsk for barnet ditt!

13. Sendetida på TV aukar

Barnevern Tall fra Statistisk Sentralbyrå (SSB)

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Tilskotsbrev prosjekt Taredyrkarnettverket for mat

Skjønnsmidlar til fornyings- og utviklingsprosjekt i kommunane

Referansar: Saksbehandlar: Dato: Dykkar: Randi Helene Hilland

Til deg som bur i fosterheim år

Universitetet i Stavanger Styret ved Universitetet i Stavanger

Levering av årsrapport og medlemslister for 2010

Nøkkeltal frå NOKUTs verksemd

Tre vegnamnsaker i Voss kommune. Tilråding.

FORELDREMØTE 8. TRINN TORSDAG VURDERING, FRÅVER M.M

Å FORME DEN NYE KOMMUNEN DIN?

Deres ref Vår ref Dato. Delegering av myndighet etter inndelingsloven til fylkesmennene. Oppdatering av rundskriv om inndelingsloven.

Kartlegging av rammevilkår

Kyrkjerådet, Mellomkyrkjeleg råd, Samisk kyrkjeråd

DATO: SAKSHANDSAMAR: Vidar Vie SAKA GJELD: Risikostyring av styringsmål 2018 rapportering 1. tertial

Transkript:

Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Dykkar ref. Vår ref. Dato 17/556-1/GWI 13.11.2017 Kunnskapsdepartementet om målbruksarbeidet i universitets- og høgskolesektoren Språkrådet fører tilsyn med målbruken i sentrale statsorgan og gir rettleiing i saker som gjeld mållova. Mållova slår fast at dei to målformene våre er jamstilte. Dei skal begge vere synlege i det eksterne teksttilfanget til sentrale statsorgan, og organa pliktar å veksle mellom dei «slik at det blir ei rimeleg kvantitativ fordeling mellom dei» ( 8). I forskrifta til mållova er denne kvantitative fordelinga fastsett til minst 25 % av kvar målform. Skjema skal vere tilgjengelege i begge målformer. Å oppfylle desse krava handlar om å vise respekt for språkbrukarane. Det er ein demokratisk rett for publikum å få informasjon frå staten på både nynorsk og bokmål. Gjennom det årlege tilsynsarbeidet som Språkrådet gjer på oppdrag frå Kulturdepartementet, får vi innblikk i det arbeidet som nær 200 sentrale statsorgan gjer med språket. Språkrådet ser med uro på målvekslinga i utdanningssektoren. Med dette oversynet vil vi informere Kunnskapsdepartementet om stoda og ber departementet ta naudsynte grep overfor dei organa som etter gjentekne påminningar og innspel frå Språkrådet ikkje syner respekt for regelverket i mållova. Vi meiner det kviler eit særskilt ansvar på organa i UH-sektoren; dei som utdannar andre, bør sjølve følgje lova og gjere sitt beste for å vere gode eksempel for dei som skal lære eller forske ved norske universitet og høgskolar. Tala som Språkrådet får inn gjennom den årlege målbruksrapporteringa, gir ikkje noko fasitsvar på vekslinga mellom målformene i statsorgana, men dei er ein viktig peikepinn. Når vi følgjer utviklinga på området over fleire år, får vi høve til å gi kvart statsorgan råd, rettleiing og tilpassa informasjon. Språkrådet utarbeider kvart år eit statistisk oversyn til Kulturdepartementet på bakgrunn av dei innsamla tala. Det statistiske oversynet er offentleg tilgjengeleg, slik òg kvar av dei einskilde rapportane og svara på dei er. Postadresse Besøksadresse Sentralbord E-post Organisasjonsnummer Postboks 8107 Dep NO-0032 OSLO Observatoriegata 1 B NO-0254 OSLO +47 22 54 19 50 post@sprakradet.no Internett www.språkrådet.no 971 527 404

Oversyn over viktige organ i universitets- og høgskolesektoren Vi har i dette oversynet inkludert dei 26 mest sentrale statsorgana i universitets- og høgskolesektoren med rapporteringsplikt til Språkrådet. Ved årets rapportering, som samla tala for bruken av nynorsk og bokmål gjennom 2016, leverte 19 av desse 26 rapport til oss. 13 organ fekk purring då dei ikkje hadde levert innan fristen. Seks organ har ikkje levert i det heile, trass i både éin og fleire purringar. Eitt organ fekk innvilga fritak frå å rapportere. Samla sett kan det se det ut til at organa i UH-sektoren gjer det nokså godt: I kategorien for korte tekstar oppfyller dei faktisk vekslingskravet på minst 25 % nynorsk samla sett, og i kategorien for sosiale medium har vi gjennom dei siste åra sett ein jamn auke hjå dei fleste. Vi har informert aktivt om at dette er ein viktig kommunikasjonskanal som statsorgana må prioritere i målvekslingarbeidet, og vi ser gode resultat hjå mange. Nettsidene som organa nyttar i kommunikasjonen sin med publikum, er òg sentrale kanalar, og her er høgskolane og universiteta samla sett eit stykke frå å oppnå målet. Side 2 av 6

Men bak desse gjennomsnittstala gøymer det seg store individuelle skilnader. I tabellen under ser vi den prosentvise bruken av nynorsk i dei ulike kategoriane for kvart einskild statsorgan i sektoren: Side 3 av 6

Diagrammet gjengir dei same tala: Enkelte høgskolar og universitet gjer svært godt arbeid og svarar pliktoppfyllande på Språkrådets innspel. Vi finn òg døme på organ som nyttar for mykje nynorsk. For legitimiteten av mållova er det viktig at desse organa syter for å nytte nok bokmål, og det gjer vi dei merksame på gjennom tilsynsdialogen. Merk at enkelte organ markerer seg positivt i tabellen og i diagrammet over på skeivt grunnlag; éin lang tekst på nynorsk dette eine året kan gje inntrykk av svært god språkveksling jamt over, utan at det eigentleg er tilfelle. Vi gjer derfor klokt i å sjå meir på kategoriane for nettsider og for sosiale medium enn på dei to andre kategoriane, og for eit heilt korrekt bilete må vi sjå på tala for kvart einskilt organ. For skjema gjeld andre reglar; desse skal liggje føre og vere tilgjengelege i begge målformer. Lova krev altså 100 prosent bokmål og 100 prosent nynorsk i denne kategorien, men samla sett ligg berre 36,8 prosent av alle skjemaa føre i begge måformene hjå høgskolane og universiteta. Side 4 av 6

Universiteta Store organisasjonar strevar normalt meir med målveksling enn mindre, og vi ser at samtlige universitet i landet gjer for dårleg målvekslingsarbeid, med nokre få unntak. Frå Universitetet i Bergen har vi ikkje tal for veksling på nett denne gongen, men vi har grunn til å tru at dette universitetet gjer ein mykje betre innsats enn dei andre universiteta når vi ser på tala deira frå dei andre kategoriane, der dei skårar godt, og òg på tala frå tidlegare år. Universitetet i Stavanger er på god veg mot betre rutinar. Dei oppfyller ikkje krava, men ser ut til å følgje sin eigen målbruksplan, og tala er på veg oppover. Universitetet i Oslo har gjort mykje godt arbeid det siste året og har sytt for å forankre målvekslingsarbeidet på høgste nivå, og det skal dei ha ros for. Vi håpar å sjå gode resultat i neste års rapport. Men skilnadene er framleis store internt, og mange av mållovsklagane Språkrådet behandlar, gjeld dessverre UiO. Noregs teknisk-naturvitskapelege universitet (NTNU) fekk fritak frå å levere rapport dette året, på grunn av logistiske problem etter samanslåinga til nytt organ frå 1. januar 2016, men Språkrådet har ein lang historikk med universitetet, og NTNU er òg eit av dei organa vi mottek flest mållovsklagar på, spesielt knytt til eksamensavvikling. Vi har gjennom fleire år vore i dialog med universitetet om rutinar, forankring og kurs, utan at vi ser resultat av arbeidet vårt. Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) ligg saman med Universitetet i Tromsø Noregs arktiske universitet heilt på botn i målbruksarbeidet. Desse to organa syner ingen vilje til auka innsats på feltet. Vi ser inga betring. NMBU rapporterer om 3,3 prosent nynorsk på nett og 0 prosent i alle dei andre kategoriane. UiT melder om 0,4 prosent nynorsk på nett og 0 prosent i dei andre kategoriane. Universitetet i Agder overser heilt Språkrådets forsøk på å kome i kontakt og har heller ikkje levert rapport. Høgskolane Jamt over gjer høgskolane på Vestlandet betre arbeid for jamstillinga mellom målformene enn høgskolane som er lokaliserte aust i landet ei naturleg følgje av fordelinga mellom målformene generelt i landet. Vi ser gode tal frå både Høgskolen i Bergen, Høgskulen i Volda, Høgskulen i Sogn og Fjordane og Høgskolen Stord/Haugesund. Frå 1. januar 2017 vart tre av desse slått saman til den nye Høgskolen på Vestlandet, som vil kome med i rapporteringa til Språkrådet frå neste år. Høgskolen i Hedmark og Høgskolen i Lillehammer leverte ikkje rapport i år, og frå nyttår i år vart dei slått saman til den nye Høgskolen i Innlandet. Også dette nye organet vil kome med i rapporteringa frå neste år. Høgskolen i Østfold har gjennom fleire år nytta svært lite nynorsk. Dei melder om at dei er i gang med planar for betre målbruk, men vi kan ikkje sjå det i resultata deira. Høgskolen i Oslo og Akershus ser ikkje ut til å ta det språklege ansvaret sitt på alvor og følgjer ikkje opp råda Språkrådet gir dei. Denne høgskolen har ein stor studentmasse frå heile landet, og mange forskarar arbeider ved institusjonen. Likevel var berre 3,2 prosent av teksten dei publiserte på nett i 2016, på nynorsk. I korte tekstar berre 0,6 prosent. Berre fire av 153 skjema var tilgjengelege i begge målformene. Side 5 av 6

Høgskolen i Molde fekk i år purring frå Språkrådets direktør og sendte inn rapport for aller første gong som følgje av dette. Kunsthøgskolen i Oslo og Noregs grøne fagskole har aldri levert målbruksrapport, sjølv etter purringar på direktørnivå. Oppfølging og tiltak Gjennom tilsynsdialogen skriv Språkrådet til kvart einskilt organ og går gjennom tala dei har rapportert inn. Vi gir råd om vidare tiltak og ber dei fleste sende oss eit oversyn over organets vidare planar for målvekslingsarbeidet. Mot slutten av året kontrollerer vi om organa viser framgang og har sett tiltaka sine ut i livet. Vi tilbyr òg gratis nynorskkurs for statstilsette og har nyleg lansert eit fritt tilgjengeleg nettkurs i nynorsk. Når fleire av høgskolane og universiteta likevel ikkje viser teikn til framgang, trass i Språkrådets innsats, ser vi det som vår plikt å gjere departementet merksam på stoda, slik at departementet som overordna organ kan ta saka vidare med dei av lærestadane som treng særskilt oppfølging. Vennleg helsing Åse Wetås direktør Kristin Solbjør seksjonssjef Brevet er elektronisk godkjent og blir sendt utan underskrifter. Mottakarar: Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Side 6 av 6