SAGVÅG SKULE 1995/96 Informasjonshefte til heimen
VEL MØTT TIL NYTT SKULEÅR! Det nye skuleåret er allereie tre månader gamalt, og me er godt i gang med arbeidet. Først vil eg ynskja 1.klasse og 6-årsgruppa velkommen til Sagvåg skule. Me har også to nye lærarar i år ; Anne Elisabeth Trevland som er klassestyrar i 3.klasse og Kirsten Rabben som er timelærar. Sjølv er eg også fersk ved Sagvåg skule, men eg kom til ein skule der mykje godt arbeid er gjort frå før. Det har med andre ord ikkje vore så vanskeleg å komma i gang med arbeidet som rektor. Som ny ved Sagvåg skule ser ein også skulen med nye briller, og det som møtte meg var ein gamal og høgreist skulebygning med sjel. Då eg første gong kom inn i skulen slo det meg kor godt vedlikehalden skulen var. I ettertid har eg fått vita at foreldredugnad har ein stor del av æra for dette. Men dugnad og godt vedlikehald er ikkje nok. Etter det eg ser er det mest ikkje hærverk ved Sagvåg skule, og det er fantastisk på ein skule med 150 aktive ungar! Fråværet av hærverk er også eit godt symptom på korleis elevane opplever skulen sin og skulekvardagen. Eg har inntrykk av at dei fleste elevane er trygge og glade på Sagvåg skule. Stord kommune har utarbeidd kommunale satsingsområde som alle skulane i kommunen er forplikta til å arbeida etter. Sagvåg skule har utarbeidd verksemdsplan for skuleåret som gir føringar for kva me skal arbeida med. Men sjølvsagt er det slik at også eg har mine kjepphestar. Og eit viktig mål for meg vil vera å senka terskelen for å "slå på tråden" til skulen. Eit godt samarbeid mellom heimen og skulen er etter mi meining mellom anna avhengig av at foreldra er flinke til å gje skulen tilbakemelding om små og store ting i borna sin kvardag. Klassestyraren er ofte den naturlege samarbeidspartnaren,men av og til bør ein ta kontakt med skuleleiinga direkte. Spesielt når elevar på fleire klassesteg er inne i biletet. Det treng ikkje alltid vera slik at læraren eller rektor må gjera noko med saka,men ofte kan det vera godt å vita om at t.d Pål har klipt seg og gruar seg litt til å gå på skulen med ny sveis! I haust har eg hatt nokre få telefonsamtalar med foreldre som har teke opp små og store problem med meg direkte, og eg trur dei er einige med meg når eg hevdar at me har klart å løysa problema til beste for eleven. Men i denne bransjen nyttar det ikkje å kvila på lauvbæra. Eit kontinuerleg arbeid med å gje borna ein trygg kvardag med grenser der det å bry seg like mykje handlar om å bry seg om. Lars Bakka -rektor-
Sagvåg skule 1995/96 Administrasjon: Tlf.:53 49 43 61 Lærarrom: Tlf.:53 49 41 65 SFO/6-årstilbod: Tlf.:53 49 33 67 (pr.26.10.95) Administrasjon: Tlf.priv. Rektor: Lars Bakka 53 41 72 08 Undervisningsinspektør: Kari Almås 53 49 46 61 Kontorassistent: Olaug Struen Imsland 53 41 29 59 Lærerar: Klassestyrar 1.klasse: Brita Flatøy 53 49 30 43 Klassestyrar 1.klasse: Maren Ottesen 53 41 17 31 Klassestyrar 2.klasse: Kari Almås 53 49 46 61 Klassestyrar 3.klasse: Anne Elisabet Trevland 53 49 41 27 Klassestyrar 4.klasse: Aasne Vikanes 53 49 48 19 Klassestyrar 5.klasse: Kjell Byrknes 53 49 40 13 Klassestyrar 6.klasse: Marta Myhre 53 41 28 34 Klassestyrar 6.klasse: Annbjørg Luggenes 53 49 43 79 Timelærar: Kirsten Rabben 53 41 53 29 Timelærar: Ninni Valvatne 53 49 46 64 SFO og 6-årstilbod: Gro Akselsen Halvorsen 53 41 46 65 Randi Røsseland 53 49 40 19 Ann Tove Slaggerud 53 49 44 00 Assistent: Laila Magnussen Marianne Ankervold Olaug Imsland Vaktmeister: Olav Spissøy KAJA-tilsett: Ingunn Vedå Liv Sigrid Almås Reinhaldarar: Astrid Skaar Laila Hansen AMO: Laila Risnes
Råd og utval: Foreldrerådet: Alle forledre og føresette som har born på skulen er meldlem i foreldrerådet. Arbeidsutvalet i foreldrerådet (FAU): Leiar: Stig Koppang Nestleiar: Torill H Stenersen Arbeidsutvalet er elles sett saman av klassekontaktane til dei ulike klassane. Råd for andre tilsette: Randi Røssland Samarbeidsutvalet: Leiar: Stig Koppang (Foreldrerådsrepresentant) Nestleiar: Ninni Valvatne (Lærarrepresentant) Sekretær: Lars Bakka (Rektor) Anne Britt Herfindal Johannsen (Levekårskomitèen) Torill H Stenesren (Foreldrerådsrepresentane) Marta Myhre (Lærarrepresentant) Randi Røssland ( Representant andre tilsette) Silje Aamot (Elevrepresentant) Reinert Benjaminsen (Elevrepresentant) Verneombod: Laila Magnussen Elevråd: Leiar: Silje Aamot Nestleiar:Reinert Benjaminsen Sekretær:Marita Røksund Medlem:Monica Danielsen Medlem:Kaia Troos Medlem:Mari Ottesen 4.klasse 6.klasse 3.klasse 5.klasse 1.klasse 2.klasse
Hjelpetenesta: Hjelpetenesta er eit formelt oppretta tverrfagleg team for dei kommunale tenestene som arbeider med barn og unge. Mål: Styrkja og samordna det førebyggjande hjelpearbeidet for einskildbarn og unge ved tidleg tverrfagleg drøfting. Setja i verk tiltak til rett tid. Skulehelsetenesta: Dr. Kjersti Follesø er skulelege for Sagvåg skule. Han har kontortid annakvar onsdag på helsestasjonen ved Nysæter ungdomsskule. Ingebjørg Grønsdal er skulehelsesøster.ho er å treffa på Sagvåg skule kvar måndag frå kl 11.00 til 14.00 og heile dagen når det er møte i hjelpetenesta. PPT (Pedagogisk-psykologisk tenestekontor) På PPT-kontoret kan foreldre og skule søkja råd og hjelp i spørsmål som gjeld trivsel,tilpassing og opplæring for born. På kontoret er det tilsett personar med ulik bakgrunn og røynsle; psykolog, sosionom, logoped, førskulepedagog og lekotekleiar. Etter avtale med foreldre tek skulen kontakt med PPT om einskildelevar. Foreldre kan ta kontakt med PPT på tlf. 53 41 31 33 Tannhelsetenesta: Elevane vert til vanleg innkalla til tannlege ein gong i året. Foreldre eller eleven kan også sjølv ta kontakt med tannlege direkte. Teieplikt: Teiepliktreglane i grunnskulelova lyder slik: Alle som gjer teneste eller arbeid etter denne lova har teieplikt etter reglane i forvaltningslova, 13 I rundskriv F-139/86 understrekar KUD ar desse reglane gjeld for alle som arbeider i skulen,også frivillige hjelperar ved turar,festar e.l. Klassestyrar kan gje eleven fri inntil ein dag. Rektor i samråd med klassestyrar kan gje eleven fri i inntil ei veke. Skulesjefen i samråd med rektor kan gje fri inntil to veker. Bruk meldeboka når det ynskjer å be om fri. Skriv og i meldeboka når de ynskjer at eleven skal sleppa t.d. gymnastikk eller bading ein time. Fritak over lengre tid krev legeattest.
Visjon for Sagvåg skule Me ynskjer at: Elevane ved Sagvåg skule er trygge og glade. Dei har tru på seg sjølv og tek vare på kvarandre. Dei er arbeidssame og kreative. Satsingsområda til Stord kommune: "Terpsikore", kultur for barn og unge med vekt på musikk, dans, drama. Miljølære. Samhandlingsvanskar. I tillegg til desse vil me ved Sagvåg skule: Me brukar samarbeidstida til mobilisering innan samarbeidsområda. Organiseringa av spesialundervisninga og bruk av edb i spesialundervisninga. Skulen tek i bruk miljøplanen som vart utarbeidd ved skulen i fjor. Me kjem til å fullføra arbeidet med utbetringa av skuleområdet på "denne sida av vegen", deretter må me tenka meir på "den andre sida". Arbeida vidare med eit prosjekt med tilknytnng til punkt 3. Spesialundervisning med vekt på åtferdsvanskar. (Dette går på andre året.)
Kvile - leggetid: Born må ha nok kvile og søvn om dei skal fungera godt i skulen. Ei rettesnor kan vera at: Born som er 8 år legg seg seinast kl 20.00. Sidan kan me leggja til eitt kvarter for kvart år. Ein 12-åring bør då vera i seng kl 21.00 Attlgøymde klede: Skulen tek vare på klede som vert liggjande att på skulen. Mot sluttenav året vert desse lagt fram for henting før dei vert kasta eller gitt til Fretex. Merk kleda med fullt namn,særleg klede som mange har like t.d. regnklede. Skade på materiell: Etter vedtekne reglar er skulen ikkje ansvarleg for bortkomne klede eller skade på klede,eller andre ting. Einaste unntaket er briller,der ein viss del av utgiftene vert dekka av kommunen si forsikring. Pengar må aldri liggja i klede elevane heng frå seg på gangen. Skulefritidsordninga (SFO): SFO er eit tilbod til born i alderen 6- til 10 år. SFO er open før og etter skuletid kl 07.30-16.30 SFO skal gje borna tilsyn,omsorg og læring gjennom leik,allsidige aktivitetar og sosial utvikling i samspel med andre born,personalet,foreldre og nærmiljøet. SFO har eit knekkebrødmåltid kvar dag ca kl 13.30. (Foreldra betalar ekstra for dette.) Onsdagar bakar to born og ein vaksen dette et me kl 13.30 Borna må alltid ha med niste til føremiddagsmaten. Tilbod til 6-åringar: Skulen har også 1995/96 15 plassar for 6-åringar.Gruppa brukar same romma som SFO. Borna er på skulen fire timar fire dagar i veka. Klassestyrartime: Første klassestyrartime i månaden er særleg sett av til kontakt med eleven sine føresette. Då kan de ringja og treffa klassestyraren,eller de kan møta på skulen. Meld frå på førehand,pr.telefon eller i meldeboka. De kan sjølvsagt også kontakta klassestyraren elles når det terng det Sykling: Elevane har lov til å sykla til skulen frå og med 4.klasse. Alle bør bruka hjelm.
Trivselsreglane for Sagvåg skule. Skulen bør vera ein stad der alle trivest og er trygge. Først då vert det god læring og rike fellesopplevingar. 1. Me er greie med kvarandre. 2. Me hjelper til med å halda skulen rein og fin. 3. Me er rolege i midttimen. 4. Me tek vare på det som veks, og utstyr både inne og ute. 5. Alle får vara med å leika, og me seier fine ting til kvarandre. 6. Me held oss på skuleområdet i skuletida. Turar, ekskursjonar o.l. er unnateke. 7. Snøball kastar me på blink der me har lov. 8. Er nokon borte frå skulen, må dei ha melding i meldingsboka så snart råd er. Treng nokon fri, spør dei om det på førehand. Bruk meldingsboka. 9. Brot på ordensreglane og uhøvisk framferd kan i alvorlege tilfelle føra til bortvising frå klassen, d.v.s. til rektor. I slike høve vert alltid foreldra kopla inn. Sagvåg skule 11.oktober 1995 Reglane vart handsama i SU 11.oktober 1995 Lars Bakka -rektor-