Høyring nytt inntektssystem for kommunane. (Sørheimutvalet)

Like dokumenter
Sørheim -utvalet sin gjennomgangav inntektssystemet - høyringsuttale

BØ KOMMUNE Økonomiavdelinga

Tabellar for kommunane

UTTALE FRÅ JONDAL KOMMUNE - FRAMLEGGTIL NYTT INNTEKTSSYSTEM - UTTALE

Sørheim-utvalet - Høyringsuttale frå Vinje kommune

Tabellar for kommunane

Om inntektssystemet. Fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark får Nord-Noreg-tilskot.

Tabell B-k. Inntektsgarantiordninga for kommunane 2020

FYLKESKOMMUNE F lkesrådmannen

Høyringsuttale frå Valdreskommunane vedrørande Sorheimutvalet si innstilling til inntektssystem for kommunane.

SUND KOMMUNE Rådmannen

TIME KOMMUNE NYTT INNTEKTSSYSTEM - HØRINGSUTTALE. Plan- og økonomikomiteen. PØK-020/06 Vedtak: Saksgang:

16/16 Kommunestyret

Fylkesmannen vil gi eit oversyn over hovudpunkta i framlegget til statsbudsjett for 2016.

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2012, eksklusive ufordelt skjønn.

NYTT INNTEKTSSYSTEM FOR KOMMUNANE

SØRHEIMUTVALETS RAPPORT OM INNTEKTSSYSTEMET FOR KOMMUNANE - UTTALE FRA HJELMELAND KOMMUNE

NYTT INNTEKTSSYSTEM FOR KOMMUNANE

Om inntektssystemet. Kap. 571 Rammetilskot til kommunar

MØTEBOK. Høyringsfråsegn til SØrheimutvalet si innstilling frå oktober 2007: "Forslag til forbedring av overføringssystemet for kommunene".

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2013, eksklusive ufordelt skjønn.

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh: Arkivkode: Dato: 08/ Halldis Yksnøy, &

Regionalt økonomiforum BTV Innspel til høyring om nytt inntektssystem

Revidert nasjonalbudsjett 2014 og kommuneopplegget for 2015

Høyring - Sørheimutvalet - Inntektssystemet for kommunane

Viser til vedlagt utskrift frå Naustdal kommunestyre, sak 02/2008

Høring - Sørheimutvalget - Inntektssystemet for kommunene

Revidert nasjonalbudsjett 2017 og kommuneopplegget for 2018

Fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark får Nord-Noreg-tilskot (post 62).

Kommuneøkonomi med høyringa av nytt inntektssystem. Fagdag for folkevalde 2016 Kåre Træen prosjektleiar

Saksframlegg ENEBAKK KOMMUNE. Høringsuttalelse - Sørheimutvalgets gjennomgang av inntektssystemet.

Deres ref. Vår refjsakshandsamar Arkivkode: Dato: /08/1772/Jostein Overskeid

Kommuneproposisjonen 2018 og Revidert nasjonalbudsjett 2017

Forslag til forbedring av overføringssystemet for kommunene

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 14.desember 2017.

Fylkesmannen i Hordaland

Fylkeskommunane Nordland, Troms og Finnmark får Nord-Noreg-tilskot (post 62).

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Kvam herad. Sakspapir SAKSGANG Motedato I Saksnr

Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar 2011

Revidert nasjonalbudsjett 2013 og kommuneopplegget for 2014

TYSNES KOMMUNE Rådmannskontoret Rådhuset 5685 UGGDAL Telefon Telefaks

NORDRE LAND KOMMUNE SÆRUTSKRIFT

Saksnr Løpenr. Saksansvarleg Arkiv Dato 2008/ /2008 EOYE MELDING OM VEDTAK. HØYRINGSFRÅSEGN TIL "RAPPORT OM BETRING AV

Vår ref. Dykkar ref. Dato: 07/911-4/103 / /EN

Vår ref. Løpenummer Arkivkode Dato 15/ /1529 FE-103, TI-&

Revidert nasjonalbudsjett 2019 og kommuneopplegget for 2020

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 17.desember 2015.

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet /14. Høyring forslag til nytt inntektssystem for kommunane

Inntektssystemet for kommunar og fylkeskommunar 2014

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Høringsuttalelse fra Vennesla kommune - Inntektssystemet, Sørheimutvalget. Vennesla kommunestyret fattet følgende enstemmige vedtak i sak 02/08:

Roan kommune Roan kommune

-fl- P4AR HAIVIAR

Kommuneøkonomi budsjettåret 2013

Revidert nasjonalbudsjett 2018 og kommuneopplegget for 2019

Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Postboks 8112 Dep., 0032 Oslo. Høyringssvar - framlegg til nytt inntektssystem for kommunane

Utval Møtedato Saksnummer Formannska t /08 Kommunes ret

Utval Møtedato Utval Saksnr Formannskapet. Høyring - forslag til nytt inntektssystem for kommunane

Arkivsaknr.: Journalnr.: Arkivkode: Dato: 07/ Kl

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 18.desember 2014.

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Statsbudsjettet 2018 kommuneøkonomi

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

Vår ref Løpenr. Arkivkode Saksbehandler Deres ref 08/ / Arne Olstad

Kommuneøkonomi. Økonomistyring. Litt om inntektssystemet for kommunane.

Kommuneøkonomi - budsjettåret 2010

Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Inntektssystemet for kommunene. Sørheimutvalgets innstilling - høring. Nome Jnr.: Arkiv Saksbehandler kommune 07/10719 Kl-233, K3-&31 Roar Lindstrøm

I brevet betyr kommunane primærkommunane, dvs. ikkje kommuneforvaltninga samla.

ØKONOMIAVDELINGA Budsjettseksjonen - Økonomiavd

Kolonne 1 viser rammetilskot til kommunane etter revidert nasjonalbudsjett 2014, eksklusive ufordelt skjøn.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2017 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2016.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

STATSBUDSJETTET 2020 KOMMUNEOPPLEGGET

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 19.desember 2012.

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

STATSBUDSJETT Skatt og rammetilskot 2012

ODDA KOMMUNE. OF-sak nr. 02/08. Høringsuttalelse - Forbedringav overføringssystemet til kommunene, Sørheimsutvalget

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2017, vedteke i heradsstyremøte 07.desember 2016.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 15.desember 2017.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 16.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2018 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 23.november 2017.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av heradsstyresak om budsjett for 2016 og økonomiplan, vedteke i heradsstyremøte 15. desember 2015.

Nytt inntektssystem for kommunane - konsekvensar for Nordhordland

Inntektssystem for kommunene KS Sør-Trøndelags uttalelse

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Kommunen er ikkje under statleg kontroll og godkjenning etter kommunelova 60.

SAKSPAPIR. Styre, komite, utval Møtedato Saknr Giske formannskap /16 UTTALE TIL FRAMLEGGET TIL NYTT INNTEKTSSYSTEM FOR KOMMUNANE

UTSKRIFT AV MØTEBOK FORMANNSKAPET Sak nr. 7. Høringsuttalelse til Sørheim utvalgets rapport om endringer i inntektssystemet

Tabell 1-k. Rammetilskot til kommunane Kolonne 1 Innbyggjartilskot (post 60) Kolonne 2 Distriktstilskot Sør-Noreg (post 61)

BINDAL KOMMUNE Rådmannen Rådhuset 7980 TERRÅK e-post: postmottaka,bindal.kommune.no

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2015 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 29.desember 2014.

Fylkesmannen har motteke særutskrift av kommunestyresak om budsjett for 2013 og økonomiplan, vedteke i kommunestyremøte 13.desember 2012.


SVAR HØRING - SØRHEIMUTVALGETS FORSLAG TIL ENDRINGER AV OVERFØRINGSSYSTEMET FOR KOMMUNENE

Transkript:

TIME KOMMUNE Dato: 17.01.2008 ORDFØRAREN Arkiv: K1-103, K3-&13, Kl- Vår ref (ArkivsaklD.): 05/2246-8 Saksbehandlar JournalpostWD.: 08/1086 Tone Stor esætre, c-post : tone.stot'esatre<<! timc.kommtme.no Kommunal- og regionaldepartementet Postboks 811.2 Dep. 0032 OSLO Høyring nytt inntektssystem for kommunane. (Sørheimutvalet) Det er gjort følgjande vedtak i sak 007/08: Framte til vedtak: Høyringsuttale blir vedtatt. Time formannskap Framlegget vart samrøystesvedtatt. FSK-007108 Vedtak: Høyringsuttale blir vedtatt. Med helsing Tone toresæ re formannskapssekretær Vedlegg: Saksdokument Kopi: Kommunenes Sentralforbund Gateadresse/fnternettadresse: Postadresse: Telefon rådhuset: 51 77 60 00 Bankkonto: 3212 20 24422 Arne Garborgs veg 30, 4340 Bryne. Postboks 38. Telefon saksbehandlar: 51776012 Bankkonto skatt : 7855 05 11214 http://www.titne.kotnmune.no 4349 Bryne. Telefaks r ådhuset : 51 48 15 00 Organisasjonsnr.: 859 223 672

TI ME KOMM UNE Arkiv: K1-103, K3-&13 Vår ref (saksnr.): 05/2246-7 JournalpostIA : 07/23075 Saksbch.: Aud Steinsland HØYRING NYTT INNTEKTSSYSTEM FOR KOMMUNANE (SØRHEIMUTVALET) Saksgang: Utval Saksnummer Motedato Time formannska 007/08 15.01.2008 Framlegg til vedtak: Høyringsuttale blir vedtatt. Time formannskap Framlegget vart samrøystes vedtatt. FSK 007/08 Vedtak: Høyringsuttale blir vedtatt.

HØYRING NYTT INNTEKTSSYSTEM (SØRHEIMUTVALET) FOR KOMMUNANE Innleiing Utvalet fekk i oppdrag å vurdere: - skatten sin del av kommunale inntekter - nivå på og utforming av inntektsutjamninga - selskapsskatten som kommunal skatt - regionalpolitiske grunngjevne tilskot innanfor inntektssystemet - behovet for eigne tilskot til vekst- og fråflyttingskommunar - storleiken på skjønnsramma innanfor inntektssystemet - ordninga med oppdateringa av folketal i utgiftsutjamninga - behovet for overgangsordningar i inntektssystemet Inntektene til kommunane består av eigenbetaling frå innbyggjarane, skatteinntekter, øyremerka statstilskot og rammetilskot. Skatteinntektene kjem vi tilbake til. ller vil vi bare forklare litt meir om kva rammetilskotet er. Innbyggjartilskot Innbyggjartilskotet blir gitt med eit likt beløp pr innbyggjar. 12007 er dette 7105 kr. Dette utgjer for Time kommune 107 mill. kr. Utgiftsutjamning Utgiftsutjamninga skal setja kommunane i stand til å gje "like" tilbod uavhengig av befolkningssamansetninga. Nokre kommunar har mange dyre innbyggjarar (eldre, skuleelvar og frå 2009 barnehagebarn). Desse kommunane skal kunne setjast i stand til å gje alle desse eit godt tilbod. Time kommune får eit trekk på 31 mill. kr pga av ia dyre innbyggjarar samanlikna med ein gjennomsnittskommune. Utgiftsbehovet for Time kommune er innbyggjartilskot minus utgiftsutjamninga som blir 76 mill. kr Rammetilskotetelles består av skjønnsmidlar, regionaltilskot, Nord-Noreg tilskot og selskapsskatt. Innbyggjartilskot/Utgiftsutjamninga Det er ein stor ulempe at utvalet ikkje fekk vurdere heile den statlege finansieringa av kommunane. Utvalet fekk ikkje vurdere kriteria i inntektssystemet og utgiftsutjamninga. Denne delen av inntektssystemet vart vurdert av eit anna utval (jf. Sak i 2006 - sjå kommunens internettside og søk på inntektssystem). Når desse sakene ikkje blir sett på samla kan det bli trekt dårlege konklusjonar. Vekstkommunar skal i denne utgreiinga t.d. tilgodesjåast med eit eige veksttilskot, men når dette blir sett saman med føreslåtte endringar utgiftskriteria får det ingen eller negativ effekt for mange. Desse to utgreiingane bør sjåast samla sett og med samla effekt. Det vil nå også vera av stor interesse få innarbeidd effekten av nytt barnehagetilskotet som skal innlemmast i

rammetilskotet. For Time kommune utgjer barnehagetilskotet meir enn 1,5 gonger heile rammetilskotet. For oss er det viktig at barn 1-5 år nå blir gitt tilstrekkeleg vektlagt i kriteria slik at vi ikkje går frå ein minus i utgiftsutjamninga frå 31 mill. kr til t.d. 50 mill. kr pga av innlemming i rammetilskotet. Det er også viktig ar regjeringa fullfinansierar full barnehagedekning. Elles blir det slik at ved overgang til ramrnefinansiering og objektive kriterium vil kommunar med full barnehagedekning overføre midlar til kommunar som fortsatt ikkje har klart målsettinga. Skatten sin del av kommunale inntekter Det er to forhold som trekkjer i kvar si retning her. Omsynet til lokal forankring tilseier høg skattedel, medan omsynet til fordeling, forutsigbarhet og stabiliseringspolitikken trekkjer i motsatt retning. Det har lenge vore eit mål at skattedelen av kommunesektoren sine inntektene skal utgjere om lag 50 %. Time kommune hadde i 2006 ein skattedel på 49,6 %. Nokre kommunar har svært høge skatteinntekter og ønskjer at skatten skal utgjere ein større del av totalinntektene for då får dei meir inntekter og motsatt for skattesvake kommunar. Dersom skattedelen av kommunen sine inntekter skal auke ut over 50 %, må dette medføre større inntektsutjamning jf punkt nedanfor. Inntektsforskjellane mellom kommunane blir elles alt for store. Alle kommunar blir ikkje sett i stand til å yta dei forventa tenestene til innbyggjarane medan andre kan gje svært gode tenester. Time kommune meiner at 50 % skattefinansiering er eit greitt mål Nivå på og utforming av inntektsutjamninga Inntektsutjamninga gjeld utjamninga av skatt på formue og inntekt, naturressursskatt og selskapsskatt mellom kommunane. Eigedomsskatt og konsesjonskraftinntekter blir ikkje omfatta av ordninga. Inntektsutjamninga er basert på at kommunar med skatt over landsgjennomsnittet blir trekt 55 av skilnaden mellom eigen inntekter og landsgjennomsnittet. Kommunar med skatteinntekter under landsgjennomsnittet blir kompensert 55 % av skilnaden mellom eigne skatteinntekter og landsgjennomsnittet. I tillegg får dei kommunane som har inntekter under 90 % av landsgjennomsnittet, kompensert 35 % av skilnaden mellom eigne skatteinntekter og 90 % av landsgjennomsnittet. Denne tilleggskompensasjonen blir finansiert ved at alle kommunar får eit likt trekk pr innbyggjar som i 2006 var 300 kr. Inntektsutjamninga blir auka frå55 % til 60 %. Tilleggskompensasjonen blir som før. Det er i dag store skilnader mellom kommunane sine inntektsnivå. Dette skuldast i stor grad ulike skatteinntekter. Her er spørsmålet kor mykje skal vi ta frå dei rike og gje til dei fattige. Her må vi vurdere omsynet til lokal forankring med lokale skattar opp mot omsynet til at alle kommunar skal vera i stand til å gje eit godt tilbod til innbyggjarane. I dag er det nok for store forskjellar og Time kommune meiner at noko av forskjellen bør utjamnast. Om dette skal vera 60 % eller høgare er vanskeleg å vurdere. Det er i alle fall slik i dag at mange folkerike kommunar i utkanten av stor byar har relativt låge inntekter. Kommunar som Oslo og Stavanger har heilt andre føresetnader for tenesteproduksjonen. Også kommunar i utkantstrok kan ha låge skatteinntekter, men mange av desse blir kompensert med regionaltilskot, Nord-

Noregtilskot eller skjønntilskot og andre er kraftkommunar med store inntekter frå konsesjonskraft og eigedomsskatt på verker og bruk. Forslaget til inntektsutjamning må også sjåast i samanheng med om selskapsskatten fortsatt skal vera kommunal. Selskapsskatten som kommunal skatt Selskapsskatten var frå 1999 til 2004 ein rein statsskatt. Frå 2005 vart selskapsskatten tilbakeført som kommunal skatt. Selskapsskatten blir fordelt mellom kommunane etter kor arbeidsplassane i den enkelte bedrift er lokalisert. Dette er ein rekneøving som blir gjort i Skattedirektoratet og som ikkje kan kontrollerast av kommunane. Vi har ikkje innsyn - delar av datagrunnlaget er taushetsbelagt. Selskapsskatten blir fordelt som ei overføring (rammetilskot) til kommunane to år etter at skatten er påløpt og tre år etter det inntektsåret skatten gjeld. Kommunal selskapsskatt bli avvikla. Finansdepartementet har i dag full styring med nivået på selskapsskatt. Når skatten aukar for mykje, blir det kommunale skattøyre sett ned - noko som skjedde for selskapskatten vi får utbetalt i år. Det kommunale skatteøyre vart nedsett frå 4,25 % til 3,5 % for at ikkje selskapsskatten skulle auka for mykje sett frå Finansdepartementet sin synsvinkel. Argument for kommunal selskapsskatt er å skape insentiv for lokal næringsutvikling. Med dagens utforming av selskapsskatten har Time kommune liten tru på at dette skaper insentiv for næringsutvikling. Vi klarer ikkje å sjå samanhengen. Lokal næringsutvikling er svært viktig for eit levande lokalsamfunn og verdien for kommunen går langt ut over om kommunen får selskapsskatt eller ikkje. Selskapsskatten har store omfordelingsverknader. Det er bare 33 kommunar som vil tape på om selskapsskatten forsvinn, men dei har til gjengjeld store inntekter. Dette gjeld sentrale kommunar som t.d. Oslo, Stavanger og Bærum og i tillegg kjem mange kraftkommunar. Selskapsskatten er også ein ustabil skatt og kan variere mykje frå år til år. Time kommune meiner at selskapsskatten i si nåverande form, ikkje gir tilstrekkeleg insentiv til næringsutvikling. Då fell eit av dei viktigaste argumentet for kommunal selskapsskatt bort. Dersom selskapsskatten skal bestå som kommunal skatt, bør det vurderast om skatteutjamninga skal aukast meir enn utvalet har føreslått. Time kommune støtter utvalets innstilling og meiner at kommunal selskapsskatt bør avviklast. Regionalpolitiske grunngjevne tilskot innanfor inntektssystemet I dag blir det gitt regional- og distriktspolitiske tilskot gjennom Nord-Norge-tilskotet, regionaltilskotet og delar av skjønnstilskotet.

Nord-Norge-tilskotet blir gitt som eit beløp pr innbyggjar i Nordland (1 398 kr), Troms (2 682 kr) og Finnmark (6 553 kr). Til saman blir det utbetalt 1,2 mnrd. kr i dette tilskotet. Regionaltilskotet blir gitt til kommunar med mindre enn 3200 innbyggjarar. Eit fullt regionaltilskot pr kommune er for kommunar i Nord-Troms og Finnmark på 9 970 000 og for resten av landet på 5 083 000. Til saman blir det utbetalt 845 mill. kr til dette tilskotet. I tillegg blir det gitt skjønnsmidlar som kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift. For Rogaland utgjer dette tilskotet 16,5 mill. kr og gjeld for 3 kommunar. Det blir føreslått at dei ulike tilskota blir slått saman til eit nytt distriktspolitisk tilskot. Tilskotet blir koplast til distriktspolitiske verkeområde som elles ligg til grunn for distriktspolitikken. Det nye tilskotet blir fordelt med ein sats pr kommune og ein sats pr innbyggjar. Time kommune meiner det er fornuftig å ha eit distriktspolitisk tilskot for å fremme grunnlag for busetnad i heile landet. Eit tilskot framfor mange gir ein lettare oversikt over verkemidla som blir brukt. Tilskotet skal ivareta avstandsulemper og dårlege resultat med omsyn til sysselsetting, befolkningsutvikling og inntekt. Dette betyr at ein del små kommunar i Sør-Noreg om i dag mottar regionaltilskot ikkje lenger vil få tilskot. I Rogaland vil kommunar som Utsira, Kvitsøy og Bokn tape stort på omlegginga. Då utvalet meiner det er små avstandsulemper for desse kommunane. Time kommune syns det viktig å gje distriktspolitiske tilskot og å samle dette i eit tilskot. På grunn av inntektsgarantien sjå eit seinare avsnitt, vil det gå mange år før dette i realiteten rammar desse kommunane. Behovet for eigne tilskot til vekst- og fråflyttingskommunar og oppdaterte folketal For å sikre vekstkommunar rask kompensasjon for folkevekst blir innbyggjartalet pr 1.1 i budsjettåret lagt til grunn for rammetilskotet. Dette folketalet blir lagt til grunn både for innbyggjartilskot, utgiftsutjamninga og for inntektsutjamninga. Det betyr at kommunane først i juni i budsjettåret veit kva vi får i rammetilskot. Innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga skal byggja på folketalet pr 1.7 året før budsjettåret. Innbyggjartalet pr 1.1 i budsjettåret skal nyttast ved utrekninga av inntektsutjamninga. Kommunar med sterk folkevekst skal tildelast ein eigen vekstkompensasjon. Denne går til kommunar som i løpet av ein treårsperiode har ein gjennomsnittleg folkevekst som er høgare enn det doble av landsgjennomsnittet og samtidig har skatteinntekter under 140 % av landsgjennomsnittet. Tilskotet blir 50 kr 000 pr innbyggar ut over grensa. Tidspunkt for oppdatering av folketal er problematisk for innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga. Det er ein ting å framskrive befolkningssamansetninga i eigen kommune, men vi må framskrive for heile landet for å kunne budsjettere rammetilskotet. Sjølv om Time

kanskje kan tape litt på at tala ikkje er heilt oppdatert vil det likevel vera ein fordel at utvalet sitt forslag blir vedtatt slik det ligg føre. Vi ser ein del problemstillingar i samband med utrekninga av vekstkompensasjonstilskotet. Folkeveksten i Noreg 12007 kjem sannsynlegvis over 1 % og det betyr at ein kommune må ha folkevekst på over 2 % for å få veksttilskot. Kvifor knytte tilskotet opp til landets folkevekst? Utgiftspresset i den einskilde kommunen er ikkje mindre om folketalet på landsbasis også aukar mykje. Utgiftspresset i den einskilde kommune kjem også på ein mykje lågare vekstrate enn over 2 %. Når vi reknar rullerande treårsperiodar slår eit år mykje ut. Det er vel mest interessant å kompensera kommunar med vedvarande vekst over lengre tid. Investeringar i infrastruktur tar tid og veksttilskotet bør derfor basera seg på ein lengre vekstperiode som t.d. vekst over ein femårsperiode. Time kommune føreslår at vekstkompensasjonen ikkje får bindingar til folkeveksten i landet, men til ein årleg vekstrate. Dette vil basert på folketalsendringar for perioden 1.1.2003-1.10.2007, gje følgjande utslag på talet på kommunar som får rett til tilskot og kompensasjonsbeløpet. Kommunar med er tt til Veksttilskot Veksttilskot kompensasjon 5års periode 3års periode Vekstperiode 5 år 3 år 50 000 pr 50 000 pr innb yg 'ar innb ggjar 1,3 % årleg vekst 36 46 205 mill 381 mill 1,4 % årle vekst 30 45 142 mill 309 mill 1,5 % årleg vekst 22 41 102 mill 241 mill 1,6 % årleg vekst 19 35 85 mill 183 mill 1,7 % årleg vekst 15 27 69 mill 130 mill Time kommune føreslår at årleg folkevekst på over 1,3 % pr år over ein femårsperiode gir grunnlag for tilskot. Dette vil gje ein samla kompensasjon på 205 mill. kr. Rekna for perioden 1.1.2005-1.10.2007 med utvalets kriterier vil 24 kommunar få rett til vekstkompensasjon og denne vil bli på 105 mill. kr. Når det i utgreiinga blir rekna kva totalkompensasjonen er, er summen 177 mill. kr. Innsparinga skuldast at folkeveksten i heile landet blir så stor i 2007 samanlikna med 2004 som går ut av grunnlaget for berekning. Skal det vera eit tilskot som går ned når folkeveksten i landet går opp? Storleiken på skjønnsramma innanfor inntektssystemet Ein god del av skjønnsmidlane er i dag øyremerka til bestemte formål som går igjen frå år til år. Føreslår å redusera skjønnsramma ved at tilskot til alle faste formål blir så lang råd er innlemma i rammetilskotet. Det som etter utvalet meining skal dekkast av skjønnsmidlar er spesielle lokaleforhold som ikkje blir fanga opp av dei objektive kriteria i inntektssystem. Time kommune er meiner det er greitt at skjønnsranuna blir redusert når også faste tilskot blir tatt bort frå skjønnsramma slik at skjønnstilskotet blir basert på skjønn i kvart einskild tilfelle.

Behovet forovergangsordningar i inntektssystemet Ein god del av skjønnsmidlane er i dag øyremerka til bestemte formål som går igjen frå år til år. Dagens overgangsordning blir erstatta av ein inntektsgaranti (INGAR ) for sterkt negativ avvik frå landsgjennomsnittleg utvikling frå eit år til eit anna uansett kva årsakene til endringar er. Dersom kommunen si inntektsutvikling ligg meir enn 300 kr pr innbyggjar lågare enn landsgjennomsnittet skal kommunen bli kompensert. Alle kommunar får eit trekk i rammetilskotet for å finansierer den inntektsgarantien. Det er bra det innført ein inntektsgaranti slik at inntektsutviklinga frå år til år ikkje avvik meir enn 300 kr pr innbyggjar frå landsgjennomsnittet. Dette gir meir forutsigbare inntekter i åra framover. ane som er gjort ovanfor blir tatt inn som høyringsutale sjå nedanfor.

Framlegg til høyringsuttale: Time kommune vil første kommentere eit par punkt som ligg utanfor inntektsutvalets mandat: Innbyggjartilskot/Utgiftsutjamninga Det er ein stor ulempe at utvalet ikkje fekk vurdere heile den statlege finansieringa av kommunane. Utvalet fekk ikkje vurdere kriteria i inntektssystemet og utgiftsutjamninga. Denne delen av inntektssystemet vart vurdert av cit anna utval (jf sak av 12.1.2006 sjå vedlegg). Når desse sakene ikkje blir sett på samla, kan det bli trekt dårlege konklusjonar. Vekstkommunar skal i denne utgreiinga t.d. tilgodesjåast med eit eige veksttilskot, men når dette blir sett saman med føreslåtte endringar i utgiftskriteria får det ingen eller negativ effekt for mange. Desse to utgreiingane bør sjåast samla sett og med samla effekt. Det vil nå også vera av stor interesse få innarbeidd effekten av nytt barnehagetilskotet som skal innlemmast i rammetilskotet. For Time kommune utgjer barnehagetilskotet meir enn 1,5 gonger heile rammetilskotet. For oss er det viktig at barn 1-5 år nå blir gitt tilstrekkeleg vekt i kriteria slik at vi ikkje går frå ein minus i utgiftsutjamninga frå 30 mill. kr til t.d. 50 mill. kr pga av innlemming i rammetilskotet. Det er også viktig at regjeringa fullfinansierar full barnehagedekning. Elles blir det slik at ved overgang til rammefinansiering og objektive kriterium vil kommunar med full barnehagedekning overføre midlar til kommunar som fortsatt ikkje har klart målsettinga. Nivå på og utforming av inntektsutjamninga Det er i dag store skilnader mellom kommunane sine inntektsnivå. Dette skuldast i stor grad ulike skatteinntekter. Her er spørsmålet kor mykje skal vi ta frå dei rike og gje til dei fattige. Her må vi vurdere omsynet til lokal forankring med lokale skattar opp mot omsynet til at alle kommunar skal vera i stand til å gje eit godt tilbod til innbyggjarane. I dag er det nok for store skilnader og Time kommune meiner at noko av skilnaden bør utjamnast. Om dette skal vera 60 % eller høgare er vanskeleg å vurdere. Det er i alle fall slik i dag at mange folkerike kommunar i utkanten av stor byar har relativt låge inntekter. Kommunar som Oslo og Stavanger har heilt andre føresetnader for tenesteproduksjonen. Også kommunar i utkantstrok kan ha låge skatteinntekter, men mange av desse blir kompensert med regionaltilskot, Nord- Noregtilskot eller skjønntilskot og andre er kraftkommunar med store inntekter frå konsesjonskraft og eigedomsskatt på verker og bruk. Forslaget til inntektsutjamning må også sjåast i samanheng med om selskapsskatten fortsatt skal vera kommunal. Selskapsskatten som kommunal skatt Finansdepartementet har i dag full styring med nivået på selskapsskatt. Når skatten aukar for mykje, blir det kommunale skattøyre sett ned - noko som skjedde for selskapskatten vi får utbetalt i år. Det kommunale skatteøyre vart nedsett frå 4,25 % til 3,5 % for at ikkje selskapsskatten skulle auka for mykje sett frå Finansdepartementet sin synsvinkel. Argument for kommunal selskapsskatt er å skape insentiv for lokal næringsutvikling. Med dagens utforming av selskapsskatten har Time kommune liten tru på at dette skaper insentiv for næringsutvikling. Vi klarer ikkje å sjå samanhengen. Lokal næringsutvikling er svært

viktig for eit levande lokalsamfunn og verdien for kommunen går langt ut over om kommunen får selskapsskatt eller ikkje. Selskapsskatten har store omfordelingsverknader. Det er bare 33 kommunar som vil tape på om selskapsskatten forsvinn, men dei har til gjengjeld store inntekter. Dette gjeld sentrale kommunar som t.d. Oslo, Stavanger og Bærum og i tillegg kjem mange kraftkommunar. Time kommune meiner at selskapsskatten i si nåverande form, ikkje gir tilstrekkeleg insentiv til næringsutvikling. Då fell eit av dei viktigaste argumentet for kommunal selskapsskatt bort. Dersom selskapsskatten skal bestå som kommunal skatt, bør det vurderast om skatteutjamninga skal aukast meir enn utvalet har føreslått. Time kommune støtter utvalets innstilling og meiner at kommunal selskapsskatt bør avviklast. Regionalpolitiske grunngjevne tilskot innanfor inntektssystemet Time kommune er meiner det er fornuftig å ha eit distriktspolitisk tilskot for å fremme grunnlag for busetnad i heile landet. Eit tilskot framfor mange gir ein lettare oversikt over verkemidla som blir brukt. Tilskotet skal ivareta avstandsulemper og dårlege resultat med omsyn til sysselsetting, befolkningsutvikling og inntekt. Dette betyr at ein del små kommunar i Sør-Noreg om i dag mottar regionaltilskot ikkje lenger vil få tilskot. I Rogaland vil kommunar som Utsira, Kvitsøy og Bokn tape stort på omlegginga. Då utvalet meiner det er små avstandsulemper for desse kommunane. Time kommune syns det viktig å gje distriktspolitiske tilskot og å samle dette i eit tilskot. På grunn av inntektsgarantien sjå eit seinare avsnitt, vil det gå mange år før dette i realiteten rammar desse kommunane. Behovet for eigne tilskot til vekst - og fråflyttingskommunar og oppdaterte folketal Tidspunkt for oppdatering av folketal er problematisk for innbyggjartilskot og utgiftsutjamninga. Det er ein ting å framskrive befolkningssamansetninga i eigen kommune, men vi må framskrive for heile landet for å kunne budsjettere rammetilskotet. Sjølv om Time kanskje kan tape litt på at tala ikkje er heilt oppdatert vil det likevel vera ein fordel at utvalet sitt forslag blir vedtatt slik det ligg føre. Vi ser ein del problemstillingar i samband med utrekninga av vekstkompensasjonstilskotet. Folkeveksten i Noreg i 2007 kjem sannsynlegvis over 1 % og det betyr at ein kommune må ha folkevekst på over 2 % for å få veksttilskot. Kvifor knytte tilskotet opp til landets folkevekst? Utgiftspresset i den einskilde kommunen er ikkje mindre om folketalet på landsbasis også aukar mykje. Utgiftspresset i den einskilde kommune kjem også på ein mykje lågare vekstrate enn over 2 %. Når vi reknar rullerande treårsperiodar slår eit år mykje ut. Det er vel mest interessant å kompensera kommunar med vedvarande vekst over lengre tid. Investeringar i infrastruktur tar tid og veksttilskotet bør derfor basera seg på ein lengre vekstperiode som t.d. vekst over ein femårsperiode. Time kommune føreslår at vekstkompensasjonen ikkje får bindingar til folkeveksten i landet, men til ein årleg vekstrate. Dette vil basert på folketalsendringar for perioden 1.1.2003-

1. 10.2007 gje følgjande utslag på talet på kommunar som får rett til tilskot og kompensasjonsbeløpet. Kommunar med rett til Veksttilskot Veksttilskot kom ensas'on 5års eriode 3års eriode Vekstperiode 5 år 3 år 50 000 pr 50 000 pr innb g 'ar innby gjar 1,3% årleg vekst 36 46 205 mill 381 mill 1,4% årleg vekst 30 45 142 mill 309 mill 1,5 % årleg vekst 22 41 102 mill 241 mill 1,6% årle vekst 19 35 85 mill 183 mill 1,7 % årle vekst 15 27 69 mill 130 mill Time kommune føreslår at årleg gjennomsnittleg folkevekst på over 1,3 % pr år over ein femårsperiode gir grunnlag for tilskot. Dette vil gje ein samla kompensasjonpå 205 mill. kr. Rekna for perioden 1.1.2005-1.10.2007 med utvalets kriterier vil 24 kommunar få rett til vekstkompensasjon og denne vil bli på 105 mill. kr. Når det i utgreiinga blir rekna på totalkompensasjonen, er summen 177 mill. kr. Innsparinga skuldast at folkeveksten i heile landet blir så stor i 2007 samanlikna med 2004 som går ut av grunnlaget for berekning. Skal det vera eit tilskot som går ned når folkeveksten i landet går opp? Storleiken på skjønnsramma innanfor inntektssystemet Time kommune meiner det er greitt at skjønnsramma blir redusert når også faste tilskot blir tatt bort frå skjønnsramma slik at skjønnstilskotet blir basert på skjønn i kvart einskild tilfelle. Behovet forovergangsordningar i inntektssystemet Det er bra det blir innført ein inntektsgaranti slik at inntektsutviklinga frå år til år ikkje avvik meir enn 300 kr pr innbyggjar frå landsgjennomsnittet. Dette gir meir forutsigbare inntekter i åra framover. Rådmannen i Time, den 28.12.2007 rit Nilsson Edland ud Steinsland økonomisjef