Bustadsosial handlingsplan for Skodje kommune

Like dokumenter
Skodje kommune. Bustadsosial handlingsplan for Skodje kommune

Korleis me vart landets beste kommune på bustadsosialt arbeid

Godt å bu i Stord kommune vinnar av Statens pris for bustadsosialt arbeid 2018

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN SANDE KOMMUNE

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNAL BUSTAD I STORD KOMMUNE

Handlingsplan Bustadsosialt velferdsprogram

Bustadplan og-utvikling i Sogn. Husbanken som samarbeidspart Olav Ohnstad seniorrådgiver

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL Desse sakene vil me arbeide med frå :

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Britt Veum Hauge/ Jarle Skartun Arkiv: 143 L7 Arkivsaksnr.: 15/445

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE

Masfjorden kommune Helse- og omsorgstenesta. Retningsliner for tildeling av omsorgsbustad

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Jarle Skartun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 13/968

Startlån. ei gunstig låneordning frå kommunen

Fastsatt av kommunalsjefen for helse, sosial og omsorg Retningslinje for tildeling av omsorgsbustad og omsorgsbustad pluss

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, OMSORG OG SOSIAL

Startlån frå kommunen. kan oppfylle bustaddraumen din!

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Helhetlige planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, seniorrådgjevar Husbanken

Prosjektplan. Bustadpolitisk handlingsplan

SAKSFRAMLEGG Saksbehandlar: Ragnhild Aanestad Arkiv: 614 F Arkivsaksnr.: 17/ OMSORGSBUSTADER FOR UNGE FUNSKJONSHEMMA - FORELDREINITIATIV

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

BUSTADPLAN

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Johannes Sjøtun Arkiv: 613 Arkivsaksnr.: 15/32. Kjøp av husvære. Vedlegg: Behov for kommunale husvære for vidare utleige

SAKSDOKUMENT. Retningsliner for tildeling av kommunale utleigebustadar

Tilpassing av bustad. Finansieringsalternativ

Tokke kommune. Planprogram kommunedelplan Helse og omsorg Framlegg 15. mai Ann Wraa Helse - og omsorgsleiar

BUSTADPOLITISK PLAN FOR MIDSUND

TENESTESTANDARD FOR SAKSHANDSAMING PLEIE OG OMSORGSTENESTER

FINANSIERING AV BYGGJEPROSJEKT

Høyring - Regionalt bygdeutviklingsprogram for Sogn og Fjordane

SAKSFRAMLEGG. Sakshandsamar: Inger Pedersen Arkiv: 034 Arkivsaksnr.: 06/1156. Sogndal kommune overfører følgjande oppgåver/ressursar til NAV Sogndal:

BUSTADSOSIAL HANDLINGPLAN I STORD KOMMUNE Stordkommune.doc pr

Forsand kommune. SLT Handlingsplan

Kommunestyret vedtek «Retningsliner kulturtilskot Aukra kommune» 1 med verknad frå

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Utval Møtedato Utvalssak Formannskapet Kommunestyret

Saksnr Utval Møtedato 076/14 Formannskapet Bustadprosjekt på Borgund - ny vurdering og handsaming

Sauda kommune. Planprogram Kommunedelplan for helse og omsorg i Sauda

PLAN FOR BUSTADPOLITIKK I BØ KOMMUNE

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

`` Slik gjer me da i Lindås `` bustadtilpassing... vegen til bustadkontoret

Helhetlig planer og strategier for boligetablering. Sigbjørn Spurkeland, Husbanken

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Fastsatt av kommunalsjef helse og omsorg Retningslinje for tildeling av dagplass

NORSK LOVTIDEND Avd. II Regionale og lokale forskrifter mv. Utgitt i henhold til lov 19. juni 1969 nr. 53.

Kommuneplanen sin handlingsdel. Eid kommune

Forfall skal meldast til telefon eller e-post: Vararepresentantane møter kun etter nærare avtale.

ÅDALEN ALLÉ 6. Nye kommunale omsorgsbustader Skodje kommune

KOMMUNEDELPLAN FOR HELSE, SOSIAL OG OMSORG FRAMLEGG TIL PLANPROGRAM, 30. AUGUST 2016

Retningslinjer for behandling og tildeling av kommunal bustad i Sandøy kommune

MØTEPROTOKOLL. Faste medlemer som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Marit Isene Medlem KRF

Resultat frå innbyggjarundersøkinga 2018

Sakspapir. Saksnr Utval Møtedato 003/14 Styringsgruppe kommunedelplan helse /14 Kommunestyret

Bustadmarknaden i Sogn. Presentasjon for Sogn Regionrådsdag Tirsdag 21.april 2015 Leikanger

PLANPROGRAM. Plan for fysisk aktivitet, idrett, friluftsliv og folkehelse Balestrand kommune Leikanger kommune Sogndal kommune

SØKNAD OM KOMMUNAL BUSTAD

Lokal forskrift for tildeling av langtidsopphold i sjukeheim eller tilsvarande bustad, i Fitjar kommune.

RETNINGSLINER FOR TILDELING AV MIDLAR TIL KOMMUNALE NÆRINGSFOND. GJELD FRÅ

Retningsliner for tilskot til frivillig kulturarbeid i Selje kommune

Husbanken Region vest

Byggje bu leve Boligsosial strategi Meld. St. 17 ( ) Melding til Stortinget

RETNINGSLINJER FOR INDIVIDUELL PLAN I BØMLO KOMMUNE

Bustadsosial handlingsplan. for. Ulstein kommune

Kommunedelplan for oppvekst

HØRINGSNOTAT OM FORSLAG TIL FORSKRIFT OM RETT TIL FAST OPPHALD I SJUKEHEIM KRITERIAR OG VENTELISTE, FJALER KOMMUNE

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Avtale mellom.kommune og Flora kommune

Bustadnettverket i Sogn. Orientering til regionrådet 15. juni 2018, Vik. Arne Kringlen, Norconsult AS

STRATEGIPLAN FOR BUSTADAR I STORD KOMMUNALE EIGEDOM KF

Forslag til forskrift

Støtteeining fag og utvikling Sakshandsamar: Helga Bakken Tlf: Mobil: Vår ref. 12/ Arkiv U71 Dykkar ref. Husbanken Region Vest

Lesja kommune Forvaltning og utvikling

Sakspapir. Saksnr Utvalg Type Dato 15/2014 Formannskapet PS /2014 Kommunestyret PS

BUSTADGRUPPA. Sluttrapport. 28 mai 2015

Tilpassa bustader erfaringar frå Karmøy. Innlegg Stavanger 4 april 2017

Framlegg til planprogram

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN FOR SKODJE KOMMUNE

Hyllestad kommune omstillingsorganisasjonen utviklingsplan Innhald. 1. Innleiing om planen og arbeidet. 2. Verdigrunnlag og visjon

Kommunedelplan Bustadsosial handlingsplan

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

BUSTADSOSIAL HANDLINGSPLAN

Framlegg til bustadbyggjeprogram Lindås kommune

Kort om forutsetninger for boligbehovsprognosene

SAKSPROTOKOLL. Sakshandsamar: OMR Arkivsaknr: 2013/442

Kvam herad. Arkiv: N-031 Objekt: SATS- prosjekt i Kvam - Samordning A-etat, Trygd- og Sosialkontor - P19031

Bustadarbeid Ullensvang herad. Kjellrun Tveisme

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

SLUTTRAPPORT PROSJEKT K1. Synliggjering av gjennomgåande perspektiv i Fylkesplan Pilotfylke Møre og Romsdal

RUSFAGLEG FORUM FORUM FOR RUS OG PSYKISK HELSE

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Finansiering av ikkje-kommunale barnehagar i Kvinnherad 2011.

Retningsliner for tildeling av bustad for vanskelegstilte i Vestnes kommune

Omsorgsbustader i Kinsarvik. Godkjent i heradsstyret sak 27/07

Skodje kommune Teknisk avdeling

Fjell kommune Arkiv: 310 Saksmappe: 2011/ /2011 Sakshandsamar: Cecilie Krohn Dato: SAKSDOKUMENT

Fjell kommune Arkiv: 422 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Line Barmen Dato: SAKSDOKUMENT

Lovendring om rett til opphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad

Prosedyre Barn med nedsett funksjonsevne i Stord kommune

Transkript:

Skodje kommune Bustadsosial handlingsplan for Skodje kommune 2009 2012 Vedteken i kommunestyret den 28.06.07 Rullert i kommunestyret den -----------------

1. INNLEIING... 5 1.1. BAKGRUNN FOR HANDLINGSPLANEN... 5 1.2. MANDAT... 6 1.3. FORANKRING OG STATUS FOR PLANEN... 6 2. FRAMSTILLING OG VURDERING AV GENERELLE BEFOLKNINGS- OG BUFORHOLD I KOMMUNEN... 6 2.1. FOLKETALSUTVIKLING... 6 2.2. KOMMUNALE BUSTADER... 7 2.3. INTERN ORGANISERING AV KOMMUNEN SI BUSTADMASSE... 8 2.4. DEN PRIVATE BUSTADMARKNADEN... 9 3. KARTLEGGING AV BEHOVET FOR ULIKE TYPAR BUSTADAR OG ANDRE BUSTADTILTAK TIL VANSKELEGSTILTE GRUPPER I BUSTADMARKNADEN... 9 3.1. KVIFOR KARTLEGGING... 9 3.2. METODE... 9 3.3. KRITERIA FOR KARTLEGGING... 10 3.4. MÅLGRUPPER:... 10 3.5. RESULTATET AV KARTLEGGINGA... 10 4. PERSONRETTA LÅNE- OG TILSKOTSORDNINGAR... 11 4.1. LÅNE- OG TILSKOTSORDNINGAR... 11 4.2. STARTLÅN... 11 4.3. BUSTADTILSKOT TIL ETABLERING OG TILPASSING AV BUSTAD... 12 4.4. BUSTØTTE... 13 5. SATSINGSOMRÅDE, STRATEGIAR OG TILTAK... 14 Finansiering... 14 6. RULLERING OG SAMORDNING AV PLANEN PÅ KORT OG LANG SIKT... 17

2

Forord Formannskapet vedtok igangsetjing av planarbeidet 28.11.06, og handsama planutkastet i møte den 12.06.07. Kommunestyret vedtok planen 28.06.07. Planen er rullert i 2009 med vedtak i Kommunestyret 16.06.09. Planen omhandlar bustader og bustadtiltak for grupper av befolkninga som grunna sosiale-, medisinske-, fysiske- og/eller økonomiske tilhøve har vanskar med å skaffe seg bustad og bli buande i denne. FN sin internasjonale konvensjon om menneskerettar slår fast at ein av dei mest sentrale menneskerettane er retten til eigen bustad. Det er dermed eit overordna politisk mål at alle skal kunne disponere sin eigen bustad. Den einskilde innbyggar har sjølv eit ansvar for å skaffe seg bustad, men det kviler eit ansvar på staten og kommunane i det å legge forholda til rette slik at alle innbyggarane blir i stand til å skaffe seg eigen bustad eller ein stad å bu. Skodje kommune etterkjem med dette Husbanken sine krav om dokumentasjon av bustadbehova i høve til prioritering av midlar frå Husbanken. Første plandokument er utarbeidt i perioden 01.11.06 til 01.06.07 med deler av leiargruppa som styringsgruppe og ei tverretatleg og tverrfagleg samansett arbeidsgruppe som prosjektgruppe. Rullering av planen er gjennomført i Helse-og sosialutvalet, i møte 29.04 og 20.05.09 med innstilling til kommunestyret. Planen skal ha status som sektoriell fagplan og inngå i kommuneplansystemet forøvrig. Gjennomføring av handlingsprogram og tiltak som krev finansiering, skal skje gjennom økonomiplan og årsbudsjett. Ansvarlege driftseiningar i kommunen har ansvaret for oppfølging av planen for dei aktuelle tiltaksområda og setje i verk tiltak innanfor gjeldande økonomiske rammer. Den bustadsosiale handlingsplanen skal primært vere kommunen sitt reiskap for å bidra til at vanskelegstilte grupper enklare skal kunne skaffe seg bustad gjennom gunstige finansieringsordningar i Husbanken. I tillegg vil planen kome med tilrådingar som sørgjer for tiltak som kan vere med på å heve den einskilde brukar si evne til det å bu og dermed vere i stand til halde på bustaden sin. I 2008 utarbeidde rådmannen interne prosedyrar for bustadsosiale tiltak som styrkar tverrfagleg og tverretatleg samarbeid på det bustadsosiale området som samtidig sikrar brukarane sine rettar inn mot tildeling av kommunal bustad, husleigekontrakter, Husbanken sine låne- og tilskotsordningar og statleg bustøtte. Prosedyrehandboka, eller deler av den, kan lastast ned på kommunen sine heimesider. Kommunen legg vekt på å yte tenester med god kvalitet, oversiktleg tenestemeny og stor grad av brukarmedverknad. Rådmannen vil jamleg evaluere kvaliteten på tenesteytinga på det bustadsosiale området gjennom brukarundersøkjingar utført i og av servicekontoret. Kjell Bjørdal -rådmann- Skodje, den 02.06.09 Edith Eidheim -sakshandsamar- 3

4

1. Innleiing 1.1. Bakgrunn for handlingsplanen Stortingsmeldinga om bustadetablering for unge og vanskelegstilte (St.meld. nr. 49, 1997-1998) oppfordrar alle kommunar til å utarbeide ein tverrsektoriell handlingsplan. St.prp. nr. 1 (2007 2008) Opptrappingsplan for rusfeltet er også eit viktig reiskap for kommunane i å utvikle tenester for og tiltak overfor denne gruppa av brukarar. I 2005 vart den nasjonale strategien mot bustadløyse sett i verk. Strategien har tre hovudmål; motverke at folk vert bustadlause, å bidra til god kvalitet på døgnovernatting, og bidra til at bustadlause raskt får tilbod om varig bustad. Sosial-og Helsedirektoratet, Husbanken, Fylkesmannen og kommunane har eit nært samarbeid om arbeidet med å sikre alle ein permanent bustad. Skodje kommune er ei av 13 prosjektkommunar som er med i det fylkesvise og regionale nettverket. Fylkesmannen forvaltar Sosial- og helsedirektoratet si tilskotsordning til kommunane når det gjeld tilskot til stillingar til å heve brukarane si kompetanse inn mot det å kunne halde på eigen bustad, med miljøretta tiltak, burettleiing og økonomisk rådgjeving. Skodje kommune søkte Fylkesmannen og fekk tildelt midlar til stillingar i 2006 og 2009 og har gjennomført første planskissa ved bruk av slikt tilskot og ved bruk av kompetansetilskot frå Husbanken. HS-direktoratet forventar at kommunar som mottek tilskot til stillingar etablerer desse i kommunal regi for å ta i vare prosjekta og tiltaka som vert sette i verk etter at tilskotsperioden er over. Husbanken har initiert arbeidet med bustadsosial handlingsplan i alle kommunane i landet. Dei yter i tillegg lån og tilskot til etablering, samt kompetansetilskot som skal bidra til å heve kompetansen på det bustad- og bygningspolitiske området. Husbanken skal nytte dei lokale handlingsplanane når verkemiddel som Startlån og tilskot blir fordelt ut til kommunane. Det vert difor sett krav til kva den bustadsosiale handlingsplanen skal omfatte. slik: - Skildring av generelle befolknings- og butilhøve i kommunen - Kartlegging av dei vanskelegstilte sine bustadbehov - Kartlegging av dei statlege og kommunale verkemidlane, inkludert den kommunale bustadmassen - Vurdering av det bustadsosiale arbeidet i kommunen - Satsingsområde, strategiar og tiltak Planen vil omhandle hjelp til både å etablere seg i bustad og til å verte buande i bustaden. Planlegging og utvikling av eigna kommunale bustader for vanskelegstilte må også sjåast i samanheng med kommuneplanen og psykiatriplanen. Kommunen si plikt til å skaffe bustader til vanskelegstilte, og midlertidige husvære til den som ikkje klarer dette sjølv, er heimla i Lov om sosiale tjenester 3-4 og 4-5. Kommuneplanen for 2006 til 2016 seier m.a. at Det skal i tillegg arbeidast med tilrettelegging av bustader for særskilde grupper som ungdom i etableringsfasen og eldre. 5

Ein føreset då at gruppa vanskelegstilte som er omhandla i planen her kjem inn under kategorien særskilde grupper i kommuneplanen. Kartlegging i 2007 syner eit høvesvis stort behov for bustad, og det er verdfullt for kommunen i denne fasen å vurdere bruken av eksisterande bustadmassen sett opp mot nybygging. I 2009 er kartlegging gjennomført etter same metode som i 2007. Gruppa eldre er ikkje kartlagt i 2009, heller ikkje tenesta for psykisk utviklingshemma. Barnevernstenesta har ingen unge med omsorgstiltak som ventar på bustad. 1.2. Mandat 1. Sørgje for kartlegging av bustadbehova til vanskelegstilte i kommunen 2. Gi ei framstilling og vurdering av generelle befolknings- og buforhold i kommunen 3. Kartleggje den kommunale bustadmassen 4. Utarbeide forslag til langsiktige tiltak på det bustadsosiale området 5. Legge til grunn eit langtidsperspektiv og legge til rette for at planen kan rullerast årleg og etter behov 1.3. Forankring og status for planen Planen skal ha status som sektoriell fagplan og inngå i kommuneplansystemet forøvrig. Gjennomføring av handlingsprogram og tiltak som krev finansiering, skal skje gjennom økonomiplan og årsbudsjett. Ansvarlege driftseiningar i kommunen skal følgje opp vedtekne tiltak og setje desse i verk innan for gjeldande økonomiske rammer. Den bustadsosiale handlingsplanen skal vere reiskap for at vanskelegstilte grupper med kommunen som støttespelar enklare skal kunne skaffe seg bustad og få støtte og råd i det å bu. 2. Framstilling og vurdering av generelle befolknings- og buforhold i kommunen 2.1. Folketalsutvikling Pr. 01.01.09 var det 3.901 innbyggjarar i kommunen mot 3.645 i 2007. Middels nasjonal vekst i SSB sin statistikk viser jamn auke i folketalet opp mot 5.000 i 2030. Folkeauken skaper utfordringar for kommunen når det gjeld tilrettelegging for auka busetnad i åra framover. Viser for øvrig til kommuneplanen når det gjeld planlagt utbygging og tilrettelegging av område for dette. Skodje kommune har ung befolkning, der om lag 60 % av innbyggarane er under 40 år. Denne trenden vil snu i åra som kjem, og tal frå SSB viser størst auke av innbyggjarar mellom 67 og 79 år framover. Auken i talet på eldre framover tilseier at talet på omsorgsbustader og alternative butilbod for denne aldersgruppa vil vere høgt prioritert i åra framover. Sameleis vil talet på vanskelegstilte auke i takt med generell folkevekst, og bustader og tiltak for denne gruppa vert 6

gradvis utbygd for å imøtekome behovet. I tillegg vert det satsa på å gjere kommunen attraktiv for ungdom og barnefamiliar som vil busetje seg her. 2.2. Kommunale bustader Tabellen nedanfor viser ei oversikt over den kommunale bustadmassen med 53 bueiningar. Av desse disponerer sosialtenesta 6 einingar, butenesta for personar med psykisk utviklingshemming disponerer 21 einingar og heimebasert omsorg disponerer 26 einingar. Sosialtenesta har, i tillegg til desse nemnde 53 bueiningane, 4 husvære på framleige til vanskelegstilte. Gnr. / Bnr. Adresse Vert disponert av Tal på bueiningar Tilrettelagt for rullestol 27/95 Gamlevegen 2 Sosialtenesta 1 Ja 23/153 Niusvegen 42 Sosialtenesta. 1 Nei 24/3 Nedreskodjevegen 27 Sosialtenesta. 2 Nei 24/3/8 Nedreskodjevegen 18 Den Norske Kyrkja 1 Nei 23/110 Ytreskodjevegen 62 Sosialtenesta 1 Nei 24/79 Nedreskodjevegen 14 Butenesta i Skodje kommune 4 Ja 24/3/10 Nedreskodjevegen 15 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 24/3/10 Nedreskodjevegen 17 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 7

Gnr. / Bnr. Adresse Vert disponert av Tal på bueiningar 24/3/10 Nedreskodjevegen 19 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 24/3/10 Nedreskodjevegen 21 Butenesta i Skodje kommune 2 Ja 24/3/10 Nedreskodjevegen 23 Butenesta i Skodje kommune 2 Ja 23/173 Niusvegen 17 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 23/173 Niusvegen 19 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 23/173 Niusvegen 21 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 23/173 Niusvegen 23 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 23/138 Niusvegen 20 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 23/138 Niusvegen 22 Butenesta i Skodje kommune 1 Ja 23/138 Niusvegen 24 Butenesta i Skodje kommune 4 Ja Tilrettelagt for rullestol 23/146 Ådalsbakken 4 Heimebasert omsorg 6 Ja 23/168 Vangen 15-28 Heimebasert omsorg 14 Ja 23/168 Vangen 30 Heimebasert omsorg 1 Ja 23/168 Vangen 32 Heimebasert omsorg 1 Ja 23/168 Vangen 34 Heimebasert omsorg 1 Ja 23/168 Vangen 36 Heimebasert omsorg 1 Ja 23/168 Vangen 38 Heimebasert omsorg 1 Ja 23/168 Vangen 40 Heimebasert omsorg 1 Ja TOTALT 53 48 Det kan synast som om kommunen har bra med bustader til å dekke noverande etterspurnad frå gruppene eldre og psykisk utviklingshemma. Terskelen for tildeling av bustad for desse gruppene har vore til dels lav, og brukarmassen er stabil der. For gruppa flyktningar har ein i dag tilgang grei tilgang å bustader. Ein flyktninghustand og to einslege er busett i kommunen sidan i 2002. Mange av flyktningehusstandane som kom til kommunen før 2002 har busett seg i private bustader på eige initiativ. 2.3. Intern organisering av kommunen si bustadmasse 1 2008 utarbeidde rådmannen prosedyrehandbok på det bustadsosiale området. Denne sikrar tverrfagleg- og tverretatleg samarbeid og sikrar brukarane sine rettar. Handboka er tilgjengeleg på kommunen sine heimesider. Servicekontoret har rolle og funksjon som bustadkontor i kommunen, og samordnar tiltaka. Teknisk avdeling står for vedlikehald og tilsyn ved inn- og utflytting av dei kommunale bustadane. Denne ordninga fungerer no tilfredsstillande. 8

2.4. Den private bustadmarknaden Behovet for område til bustadbygging i Skodje kommune er aukande, og veksten og etterspørselen er størst i sentrumsområda. Likevel ser ein mangel på husvære til utleige i alle deler av kommunen, og særs i sentrumsområda. Sjølv om det er ein del privat utleige av kjellarhusvære, og mest i Lia og i Vågen, så viser erfaringane at kommunen ikkje har nok tilgang til bustader til dei vanskelegstilte som har behov for bustad. Tabellen nedanfor viser privat utbygging i Skodje for perioden 2004 til 2008. I perioden er det bygd totalt 195 bueiningar, og ein ser merkbar auke i byggeaktiviteten i frå 2006, med svak reduksjon i 2008. Største busetjingsauken i perioden er det på Stette og i sentrum. STAD 2004 (ant. 2005 (ant. bueiningar) 2006 (ant. bueiningar) 2007 (ant. bueiningar) 2008 (ant. bueiningar) Totalt bueiningar) Skodje sentrum 20 18 26 41 29 134 Valle-Svorta 5 3 4 11 0 23 Stette 3 7 12 2 3 27 Engesetdal 0 2 1 1 2 6 Glomset 2 0 0 0 1 3 Brusdal 0 0 0 0 0 0 Utvikbygda 0 0 2 0 0 2 Tilsaman 30 30 45 55 35 195 Kilde: Teknisk avdeling 2009 3. Kartlegging av behovet for ulike typar bustadar og andre bustadtiltak til vanskelegstilte grupper i bustadmarknaden 3.1. Kvifor kartlegging Kartlegginga er gjennomført med tanke på at resultatet skal vere retningsgjevande for planlegging og bustadbygging til vanskelegstilte grupper i kommunen. Husbanken skal nytte dei lokale handlingsplanane når verkemiddel skal fordelast. Det vert difor sett krav til at planen skal innehalde kartlegging av dei vanskelegstilte sitt bustadbehov. 3.2. Metode Planen er basert på mal utvikla av Husbanken, til bruk for utarbeiding av bustadsosiale handlingsplanar i kommunane. Prosjektgruppa utarbeidde skjema til kartlegging av vanskelegstilte sine bustadbehov, opplysningar som er fanga opp eller registrerte ved alle dei bustadorienterte einingane i kommunen; heimebasert omsorg, sosialtenesta, psykiatritenesta og butenesta for personar med psykisk utviklingshemma. Opplysningane er registrert på bakgrunn av tidlegare innhenta informasjon som einingane har om husstandane på det gitte tidspunktet, og det er den 9

einskilde tilsette si vurdering som er lagt til grunn ved utfylling av skjema. I samsvar med tilråding frå Husbanken er ikkje aktuelle brukargrupper involverte i kartlegginga. Skjema og personopplysningar vert ikkje lagra etter at planarbeidet er ferdigstilt. Kartlegginga er gjennomført i februar og mars 2007 og på nytt i mai 2009. 3.3. Kriteria for kartlegging Prosjektgruppa har nytta Husbanken sine kriteria for å kartleggje aktuelle vanskelegstilte husstandar: Undersøkinga er gjort mellom husstandar som har vore i kontakt med, eller motteke teneste frå det kommunale tenesteapparatet dei siste 6 mnd. Nedre aldersgrense er16 år. Ein husstand vert rekna som vanskelegstilt dersom: - Husstanden bur svært dårleg. Det kan vere at ein ikkje har eigen bustad, eller kan kome til å misse bustaden snart. Det kan også vere at bustaden er ueigna for husstanden - Husstanden har dårleg sjansar til sjølv å skaffe seg bustad. Dette kan vere fordi husstanden har får lav eller ustabil inntekt, eller det kan vere sosiale eller psykiske årsaker som gjer etablering vanskeleg - Sjansen for å etablere seg vil bli verande dårleg 3.4. Målgrupper: Prosjektgruppa delte husstandane inn i ulike kategoriar med målgruppekjenneteikn, ettersom mange av bustadverkemidlane er retta mot ulike målgrupper. 1. fysisk funksjonshemma 2. psykisk utviklingshemma 3. psykiatriske langtidspasientar 4. rusmiddelmisbrukarar 5. økonomisk vanskelegstilte 6. sosialt vanskelegstilte og flyktningar 7. andre Gruppa tenestemottakarar/husstandar vi her snakkar om har oftast samansette hjelpebehov, og fleire einingar yter gjerne samtidige tenester. For å unngå dobbelregistrering i tilfelle der pasientar/ brukarar mottek hjelp frå fleire einingar samstundes eller oppfyller fleire av kriteria som er sette, vart registreringa samordna før iverksetjing. 3.5. Resultatet av kartlegginga I kartleggingsperioden 2009 fann ein tilsaman 17 husstandar som har behov for ny bustad eller endring i noverande busituasjon, mot 31 husstander i 2007. Prosjektgruppa valde i 2007 å kartleggje alle grupper i kommunen med bustadbehov, ikkje berre dei vanskelegstilte. Dette er gjort for enklare kunne foreta heilskapsvurdering av eksisterande bustadmasse og omfordeling eller fleirbruk av denne på tvers av driftseiningar og avdelingar i kommunen. 10

I 2009 er gruppa psykisk utviklingshemma og eldre ikkje kartlagt ettersom erfaringane syner god dekning av bustadbehovet, og desse gruppene vert heller ikkje rekna som vanskelegstilt på bustadmarknaden og er godt tekne var på i eksisterande kommunalt planverk. I 2007 vart alle grupper kartlagt med tanke på danne heilskapleg behov for kommunale bustader. Gruppa av ungdom er også utelate frå kartlegginga i 2009 ettersom bustad er tilrettelagt annan stad i landet for dei aktuelle brukarane. I 2009 er alle dei 17 kartlagde brukarane einslege, 4 kvinner og 13 menn. Familiane som stod utan bustad i 2007 er etablerte i eigna bustad. Når det gjeld alder så er gruppa 20-35 år klart størst med 16 personar. Noverande busituasjon er at 15 brukarane oppheld seg hos foreldre/pårørande, medan to av dei bur i omsorgsbustad ved SOMS. For desse to er det stigmatiserande med noverande busituasjon og dei ønskjer etablere seg i eigen bustad Sosialtenesta har siste to åra arbeidd aktivt saman med desse 17 brukarane for å skaffe bustad på den private marknaden utan at dette har lukkast. Psykiatriske langtidspasientar og rusmiddelmisbrukarar: Det er denne gruppa som er med i kartlegginga for 2009 med 6 brukarar i den eine gruppa og 11 i den andre. 4. Personretta låne- og tilskotsordningar 4.1. Låne- og tilskotsordningar Skodje kommune forvaltar i dag følgjande låne- og tilskotsordningar frå Husbanken: Startlån Bustadtilskot til etablering og tilpassing av bustad Bustøtte 4.2. Startlån Startlån er gjort gjeldande frå 2003, og er ei vidareføring av det tidlegare etableringslånet og kjøpslånet. Kommunen har ikkje eigne retningsliner for tildeling, men brukar oftast å gi kvalifiserte søkjarar lån til 20 eller 40 % toppfinansiering av det totale lånebehovet. Startlån frå kommunen er meint å vere løysinga for dei som har vanskar med å etablere seg på bustadmarknaden. Lånet skal bidra til at husstandar som har vanskar med bustadetablering skal få høve til å etablere seg og bli buande i nøkterne og gode bustader. Målgruppe er etablerarar som ikkje får lån frå private bankar eller som manglar eigenkapital, som til dømes unge i etableringsfasen, barnefamiliar, einslege forsytarar, funksjonshemma, flyktningar, rusmisbrukarar, psykisk sjuke, og menneske med opphaldsløyve på humanitært grunnlag. 11

Startlån kan innvilgast til: Topp- eller fullfinansiering ved kjøp av bustad Refinansiering slik at husstanden kan bli buande i noverande bustad Toppfinansiering ved bygging av ny bustad Utbetring av bustad Kilde: Husbanken Tabellen nedanfor syner kommunen sitt låneopptak av Startlån til vidareformidling i perioden 2004 til 2007. Oversikt startlån År Saldo pr.01.01 Innlån frå Husbanken Utlån/Tilsegn Innvilga søknadar Talet på søknadar 2004 947 000 5 000 000 4 000 921 8 12 2005 1 946 000-1 260 000 3 12 2006 686 000 2 000 000 2 616 000 7 10 2007 70 000 1 000 000 1 030 000 4 10 2008 40 000 1 500 000 310 000 1 7 4.3. Bustadtilskot til etablering og tilpassing av bustad Bustadtilskot skal bidra til at vanskelegstilte på bustadmarknaden skal kunne erverve og sikre eigne bustader i marknaden. Tilskotet er strengt behovsprøvd i høve til økonomisk situasjon, og det er berre dei mest vanskelegstilte som kan regne med å få Bustadtilskot. Kor mykje tilskot som vert gitt avheng av bustadbehov, husstanden sin økonomi og deira høve til å søkje andre støtteordningar som til dømes bustøtte. Retningsliner for tildeling er i stor grad gjeve av Husbanken, og kommunen har ikkje utarbeidd lokale tildelingskriterie. Kommunen har lite tilskotsmidlar til disposisjon for vidare formidling. I 2007 fekk kommunen kr. 200.000 frå Husbanken til formålet, medan 2005 og 2006 står i 0. I 2009 vart det ikkje søkt om midlar, men Husbanken opplyser at vi kan søkje på slutten av året i håp om at det er att ledige midlar då. Bustadtilskotet kan også brukast til utbetring/tilpassing av bustad, som til dømes tilrettelegging for funksjonshemma, etterisolering eller andre former for enøk-tiltak. Sameleis kan bustadtilskot brukast til refinansiering dersom ein søkjar på grunn av betalingsproblem har vanskar med å behalde bustaden. Tilskot kan då nyttast saman med startlån til refinansiering av bustadgjeld og annan gjeld. Bustadtilskot til refinansiering er behovsprøvd i høve til økonomisk situasjon. Kilde: Husbanken 12

Bustadtilskot År Saldo pr.01.01 Tilskot frå Husbanken Innvilga tilskot Tal innvilga 2004-360 000 360 000 4 2005 - - - 0 2006 - - - 0 2007-200 000-1 2008-0 - 0 Den kommunale forvaltninga av Husbanken sin låne- og tilskotsordningar sorterer administrativt under rådmannen og fagavdelingane vert i liten grad involvert når det gjeld innlån og vurdering av tildeling av midlar til søkjarar. 4.4. Bustøtte Bustøtte er ei statleg økonomisk støtteordning som vert administrert av Husbanken og kommunane. Bustøtta skal femne husstandar med lave inntekter og høge utgifter, den er behovsprøvd og vert sentralpolitisk regulert ut frå satsingsområde og statlege føringar. Frå 2007 er kommunen sin administrasjon av statleg bustøtteordning overført frå sosialtenesta til servicekontoret v/rådmannen. Kommunen har ikkje kommunal bustøtteordning. I januar 2009 var det 63 søkjarar til bustønad mot 82 søkjarar i første termin 2007. Søkjarmassen har stor aldersspreiing. Det er varsla nye reglar for tildeling av bustøtte for å inkludere nye grupper brukarar. 13

5. Satsingsområde, strategiar og tiltak I kartleggingsperioden mai 09 kom det fram at 17 einslege brukarar med psykiske- og rusrelaterte problem har snarleg behov for eigen og varig bustad. Dette er ein auke på to i høve kartlegginga i 2007 for denne gruppa. Erfaringar syner at behov for bustad varierer, men kommunen har ei stabil brukarmasse som i mange år har vore utan eigen bustad, og desse bør prioriterast i denne nye satsingsperioden. Det er lite gjennomtrekk i eksisterande kommunal bustadmasse enno nokre år, noko som synleggjer behovet for nybygg/kjøp av fleire bueiningar. Kommunen har gjennomført mange av dei føreslegne tiltaka nemnde i første utgåve av bustadsosial handlingsplan, og har gjennom prosedyrehandbok regulert alle interne forhold som vedkjem dette feltet. Prosedyrane er implementerte og er sette i verk. Tre kommunale tomter i sentrum er eigna til bustadbygging og utvikling av områda. Bustadane må vere universelt utforma tilrettelagt for m.a. rullestol. Dei føreslegne tiltaka nedanfor omhandlar nye tiltak som bygging av kommunale bustader medan nokre tiltak er uaktuelle å gjennomføre i planperioden og er tekne bort. Tiltaka nedanfor er ikkje sett opp i prioritert rekkefylgje med unnatak av pkt. 1 og 2. Forslag nr. BUSTAD Satsingsområde, strategiar og tiltak 1 Setje opp tre husvære på tomta på Prestemarka til erstatning for dei to som brann ned 2009 2010 2011 2012 Ansvar x x Rådmann v/ Helse Sosial Teknisk Kostnad Finansiering Tilskot frå Husbanken, avsette midlar kr. 2.4 mill og gjennom låneopptak Husleige 2 Oppsetjing av bustader på tomta sør for gamle barneskulen x x x Rådmann Helse Sosial Teknisk Finansiering Tilskot frå Husbanken, låneopptak, husleige 3. Utvikle området i Grushola til bustader. Setje opp enkle husvære som varig eller mellombels bustad. x x Rådmann Teknisk Helse Sosial 14

Forslag nr. BUSTAD Satsingsområde, strategiar og tiltak 2012 2011 2010 2009 Ansvar Kostnad 4 Auke innlånsrammene for Startlån. For 2010 kr. 6 mill. x x x Rådmann 5 Legge til rette areal og verkemiddel for at flest muleg vanskelegstilte kan eige sin eigen bustad Verkemiddel: Tomter, samarbeid med private utbyggjarar, lån, tilskot, økonomisk rådgjeving, butrening, ADL-trening, arbeids- og utdanningstilbod, fritidstilbod, ettervern og dagsenter, lavterskeltilbod/ambulerande team x x x x Rådmann Teknisk Helse Sosial HBO Butenesta 6 Søkje interkommunalt samarbeid på områda: Husbanken sine låne- og tilskotsordningar, gjeldsrådgjeving, frivilleg gjeldsordning og forvaltning av trygd. x x x x Rådmann Sosial Helse 7 Søkje interkommunalt samarbeid om Frivillegheitsentral, bidreg til auka sysselsetjing for dei eldre og dei vanskelegstilte x x x Rådmann 8 Bidra til at sosialtenesta i NAV Storfjorden kan utvikle samarbeid om lavterskeltilbod; som opplæring, arbeidstrening, undervisning x x x x Rådmann Sosial Helse 9 Søkje langsiktig interkommunalt samarbeid for etablering av omsorgstilbodtilbod for vanskelegstilte x Rådmann Forslag nr. INTERN ORGANISERING Satsingsområde, strategiar og tiltak 1 Utarbeide felles kommunal serviceerklæring om bustadsosialt arbeid på internett der alle etatar bidreg, her nemnt med tanke på dei etatane som er berørte av planarbeidet og tiltaka 2012 2011 2010 2009 Ansvar x x Rådmann Kostnad 2 Betre informasjonsflyten til og frå servicekontoret, sørge for at etatane etablerer rutinar og prosedyrar som sikrar at x x x x Rådmann 15

Forslag nr. INTERN ORGANISERING Satsingsområde, strategiar og tiltak dei som skal vidareformidle informasjon om tenester og kommunale tiltak er kontinuerleg oppdaterte. Her spesielt kring område som er nemnde i denne planen 2012 2011 2010 2009 Ansvar Kostnad 3 Etablere lovpålagde tenester/metodar som Individuell plan og ansvarsgrupper kring brukarar/pasientar med samansette behov, der fleire kommunale etater yter samtidige tenester. Eksterne samarbeidspartar må også inviterast inn. Etablere forum/organ internt som har til oppgåve å utarbeide prosedyrar for å sikre brukarrettar og medverknad x x x x Rådmann Helse Sosial HBO Butenesta 4 Utarbeide informasjonsbrosjyrer til utdeling på områda lån, tilskot og bustøtte, kommunal bustad, plass i institusjon x x x x 5 Nyttiggjere seg Husbanken si ordning med tildeling av kompetansetilskot til beste for brukarane/pasientane ved å etablere nye tiltak som utløyser tilskot x x x x Sosial Rådmann Forslag nr. KOMPETANSEHEVING / PERSONELL Satsingsområde, strategiar og tiltak 1 Styrke bemanninga ved sjukeheimen med stilling for geriatrisk sjukepleiar, for betre å kunne ivareta gruppa vanskelegstilte eldre fram til eige tilbod for desse kan etablerast 2009 2010 2011 x 2012 Ansvar Rådmann HBO Kostnad 2 Styrke sosialtenesta i NAV med rusfagleg kompetanse 100% x x x x Rådmann Sosial 3 Styrke sosialtenesta i NAV for økonomisk rådgjeving, forvaltning av trygd og frivilleg gjeldsordning, evt som del av interkommunalt samarbeid, 50% x Rådmann Sosial 4 Styrke sakshandsamarstilling for administrering av Husbanken sine låne- og tilskotsordningar med 50 % ekstra. Evt. søkje interkommunalt samarbeid på området. x Rådmann 16

6. Rullering og samordning av planen på kort og lang sikt Planperioden er 2009 2012. Planen sorterer under eining for sosial, barnevern og flyktning, og skal rullerast årleg innan mai månad. Gjennomføring av handlingsprogram og tiltak som krev finansiering, skal skje gjennom økonomiplan og årsbudsjett. Ansvarlege driftseiningar i kommunen skal sørgje for oppfølging av planen for dei aktuelle tiltaksområda og setje i verk tiltak innanfor gjeldande økonomiske rammer. 17