Sogndal kommune Møteprotokoll (13/525) Utval: FORVALTNINGSUTVALET Møtestad: Formannskapssalen Møtedato: 7.2.2013 Tid: 09:00 12.30 Sakliste Saksnr. Arkivsaksnr. Tittel 1/13 13/521 Forvaltningsutvalet 07.02.2013 - Opning, konstituering, orienteringar 2/13 12/3502 Caffe Prego Sogningen Storsenter - Klage på avslag på søknad om skjenkeløyve 3/13 12/4156 Quality Hotel Sogndal - Skjenkeløyve ved enkeltarrangement 4/13 12/1648 Klage på administrativt vedtak BD-sak 452/12 av 13.11.12 Gbnr. 1/236 5/13 12/3313 Klage på forvaltningsutvalet sitt vedtak i sak 118/12 av 06.12.12 6/13 12/3992 Geir og Gunn Boger - Søknad om dispensasjon frå krav om utbyggingsplan, gbnr. 107/14 og 21 7/13 12/3728 Søknad om bygging av landbruksveg - Kvernavegen på Skjeldestad. 8/13 12/2285 Detaljreguleringsplan for Nedre Gurvin 9/13 11/33 Detaljreguleringsplan Bråtane bustadfelt 10/13 12/2225 Områdereguleringsplan for SOS - Trudvang - Prestadalen og omkringliggande område 11/13 12/3694 Privat planarbeid - Hodlekve-Stedjekammen Sakene er offentleg utlagde i Tenestetorget, Sogndal bibliotek og busenteret i Fjærland. Informasjon på vår heimeside: www.sogndal.kommune.no
Sak 1/13 Forvaltningsutvalet 07.02.2013 - Opning, konstituering, orienteringar Handsaming Pkt. 1 OPNING A. Konstituering av møtet. * Møtet lovleg sett med følgjande til stades: Leiar Astrid Hove, Kåre Oddvin Stokkenes, Bente Sønsthagen, Steinar Øydvin, Einar Vatlestad, Sigurd Sætre, Arnt Erik Nordheim (KrF) møtte for Ivar A. Slinde (SP). Frå administrasjonen: rådmann Jostein Aanestad og tenesteleiar Einar Nedrelo. * Innkalling og sakliste godkjent. * Møteleiar: Astrid Hove. * Ope møte. B. Protokoll frå møte 06.12.2012 godkjent. Pkt. 2 ORIENTERINGAR OG DRØFTINGAR A. Orientering frå leiar. B. Orientering frå utval. C. Innspel frå medlemane. Bente Sønsthagen (Sp) Miljøstasjon på Kjørnes for å redusere forsøpling. Einar Vatlestad (H) Krysset ved Sjøkanten/Rema 1000. Reduksjon av breidde på fortau ved Amfi/Rema 1000 for å betre trafikkavviklinga. Steinar Ødvin (Sv) Status for sak knytt til Hovmarki aust. Tilkomst til Kjørnes IV og Kjøresplatået. Strøsand av sidevegar generelt og Rutlin Dalavegen spesielt. Kåre Oddvin Stokkenes (Ap) Status reguleringsplan Nedrehagen. D. Orientering frå rådmann. E. Drøftingar. Pkt. 3 SKRIV OG MELDINGAR referert: A. Delegerte vedtak i tida 29.11. 2012 01.02.2013: 12/3906 30.11.2012 DS 479/12 PLN/TE/SVEAAL MTR 105/494 Fasit ingeniør og vikarteneter AS Nytt bustadhus i Amlabukta, gbnr. 105/494. Vivian Hilleren og Per Johnnyu Vasheim. 10/2263 05.12.2012 DS 480/12 PLN/TE/EN MTR 23/270 2
Olav Nesse Bremer - Søknad om tiltak - Ny bustad, Ronny Sanden 12/3951 06.12.2012 DS 482/12 PLN/TE/EN MTR 81/10 Olav Amund Nornes - Tilbygg til driftsbygning - gbnr. 81/10 12/4066 06.12.2012 DS 484/12 PLN/TE/EN MTR 67/9 Exxon Mobil Tankanlegg, Fardal 12/1648 10.12.2012 DS 487/12 PLN/TE/SVEAAL MTR 1/236 Kollsete & Liheim Byggteam as - Oppføring av bustad 07/1790 11.12.2012 DS 489/12 PLN/TE/AH MTR 25/6 og 18/101 Arkitektkontoret A 38 AS - Melding om tiltak, Gbnr 25/6 og 18/101 - Terrasse med garasje 09/1946 17.12.2012 DS 493/12 PLN/TE/AH MTR 23/262 Bygg og Taksering AS - Søknad om løyve til tiltak på gbnr. 23/262 12/4127 17.12.2012 DS 494/12 PLN/TE/EN MTR 1/235 Hellvik Hus Sotra AS - Oppføring av nytt bygg - gbnr. 1/235 12/4122 18.12.2012 DS 496/12 PLN/TE/EN MTR 64/36 Nordbohus Sogn eigendom AS - Rekvisisjon av oppmålingsforretning. 12/4137 23.01.2013 DS 497/12 PLN/TE/EN MTR 18/111/115 Arkitektkontoret 4B - Elvebakken 14 - oppføring av bustad 11/1995 10.01.2013 DS 500/12 PLN/TE/SVEAAL MTR 23/43 Rolf Sande - Søknad om løyve til tiltak på gbnr. 23/43. 12/4174 20.12.2012 DS 502/12 PLN/TE/EN MTR 47/3 Hans Arne Vikheim - Oppretting av matrikkeleining. 12/3794 03.01.2013 DS 5/13 PLN/TE/EN MTR 1/91 Hjelmeland Byggeforretning AS - Oppføring av garasje på gbnr. 1/91. Asbjørn Standnes. 11/226 04.01.2013 DS 6/13 PLN/TE/AH MTR 16/71 Byggmeister Tore Hovland AS - Søknad om løyve til tiltak på gbnr. 16/71. 11/3970 04.01.2013 DS 7/13 PLN/TE/AH NAF avd. Indre Sogn v/ Jon Fimreite - Søknad om tillatelse i ett trinn 11/1489 04.01.2013 DS 8/13 PLN/TE/AH MTR 64/264 Arkitektkontoret A38-Mindre utviding av forretningsbygg - butikklokala til Rema 1000 12/4187 07.01.2013 DS 9/13 PLN/TE/EN MTR 1/235 Sture Førre - Oppføring av nytt bygg på gbnr. 1/235 12/1570 07.01.2013 DS 10/13 PLN/TE/SVEAAL MTR 13/7 Arkitektkontoret A38 - Søknad om igangsetjing, eitt trinn 13/7 12/3552 07.01.2013 DS 11/13 PLN/TE/AH MTR 1/229 Fasit Ingeniør- og vikartenester a.s. Søknad om byggjeløyve for bustadhus - Elin og Roland Skartun Elin og Roland Skartun 13/72 08.01.2013 DS 13/13 PLN/TE/SVEAAL MTR 64/5/43 Arkitektkontoret 4B - Sjøkanten - Fjordstien - endring breidde stien 10/3734 08.01.2013 DS 14/13 PLN/TE/AH MTR 99/9 Byggmeister Tore Hovland AS - Søknad om rammeløyve på gbnr. 99/9. 09/1957 10.01.2013 DS 15/13 PLN/TE/AH MTR 84/10 Gunvor Lidal og Roar Sandnes - Søknad om tillatelse til tiltak - oppføring av einebustad 3
13/6 10.01.2013 DS 16/13 PLN/TE/EN Q21 Riksheim Consulting AS - Fjordsti langs Sogndalselva - byggemelding. 12/4206 25.01.2013 DS 19/13 PLN/TE/EN MTR 25/56 Dvergsdal & Sunde Bygg AS - Oppføring av ny bolig - gbnr. 25/56 12/1800 14.01.2013 DS 20/13 PLN/TE/EN MTR 101/44 Byggmeister Tore Hovland AS Søknad om løyve til tiltak på gbnr. 101/44. Catrine Teigen Volle og Svenn Erik Ølnes. 12/4026 14.01.2013 DS 21/13 KTEK/TE/KLK MTR 1/87 Reidar Vatlestad - Garasje Reidar Vatlestad 12/3251 16.01.2013 DS 24/13 PLN/TE/AH MTR 1/231 Søknad om tiltak på gbnr. 1/231 13/189 17.01.2013 DS 26/13 PLN/TE/EN MTR 19/34 Ove Einar Lerheim - Tilbygg til bustadhus på gbnr. 19/34. Ove Einar Lerheim 12/4102 22.01.2013 DS 28/13 PLN/TE/SVEAAL MTR 18/6 Per Ingar Sviggum - Endra aktivitet i "Lisabui", Almenningen 10. 12/3392 23.01.2013 DS 32/13 PLN/TE/AH MTR 44/5 Helen Hilleren Lie - Nybygg på hytte 13/426 28.01.2013 DS 35/13 PLN/TE/EN MTR 15/4 Frode Buvik - Tiltak på gbnr. 15/4 - garasje 13/123 30.01.2013 DS 38/13 PLN/TE/AH MTR 22/9 Stig Rutlin Søknad om oppheving av delingsforbodet, jf. 12 i jordlova, mindre vesentleg reguleringsendring. 12/4102 31.01.2013 DS 40/13 PLN/TE/SVEAAL MTR 18/6 Roald Øen AS - Endra aktivitet i "Lisabui", Almenningen 10. 12/3560 31.01.2013 DS 41/13 PLN/TE/AH MTR 19/75 Vestlandshus Sogn AS - Søknad om tillatelse til tiltak - Carport 12/1550 31.01.2013 DS 42/13 PLN/TE/AH Vestlandshus Sogn AS - Søknad om tillatelse til tiltak 19/75 B. Vedtak i sak som gjeld klage på detaljreguleringsplan for felt B6 Nedrehagen. Brev dagsett 30.11.2012 frå Fylkesmannen i S. og Fj. (Arkivsaknr. 11/3769-25). C. Småkraft AS- Søknad om planendring i vassdragskonsesjon for Bjåstad kraftverk i Sogndal kommune. Kopi av brev datert 19.12.2012 til Småkraft AS frå NVE (Arkivsaknr. 12/282-8). D. Småkraft AS - Planendring i vassdragskonsesjon for Berge kraftverk i Sogndal kommune. Kopi sv brev datert 19.12.2012 til Småkraft AS frå NVE (Arkivsaknr. 12/282-9). E. Vedtak i klagesak som gjeld frådeling av tomt til industriføremål frå gbnr. 96/1 i Sogndal kommune. Kopi av brev datert 18.1.2013 til Olav Vangestad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane (Arkivsaknr. 12/3330-9). Sak 2/13 Caffe Prego Sogningen Storsenter - Klage på avslag på søknad om 4
skjenkeløyve Handsaming: Arnt Erik Norheim (KrF) bad, med bakgrunn i innlegg i Sogn Avis knytt til saka, forvaltningsutvalet vurdere hans gildskap i saka. Forvaltningsutvalet fann Norheim gild til å delta under handsaming av saka. Samrøystes vedtak: Sogndal kommune opprettheld vedtak om avslag på søknad om skjenkeløyve for øl og vin på Caffe Prego på Sogningen Storsenter. Saka vert sendt over til Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Sak 3/13 Quality Hotel Sogndal - Skjenkeløyve ved enkeltarrangement Handsaming Vedtak med 6 røyster (2 Ap, Sp, H, Sv, FrP): 1. Quality Hotel Sogndal får skjenkeløyve for øl og vin opp til 22 volumprosent alkohol på parkeringsplassen framfor hotellet og i samsvar med søknad dagsett 17.12.12. Skjenkearealet må vere tydeleg merka og avgrensa. 2. Løyvet gjeld for dagane 21., 22. og 23. februar 2013 frå kl. 1400 2000. 3. Erlend Fardal Lunde vert godkjend som skjenkestyrar. 4. Camilla Veum vert godkjend som varaskjenkestyrar. 5. Søknaden om skjenkeløyve for brennevin vert ikkje imøtekomen jf. kommunen sine retningsliner for sal og skjenking av alkohol. 5
Sak 4/13 Klage på administrativt vedtak BD-sak 452/12 av 13.11.12 Gbnr. 1/236 Handsaming Samrøystes vedtak: Forvaltningsutvalet avviser klage frå Gunnar Lotsberg, dagsett 9.12.12, då det ikkje ligg føre sakshandsamingsfeil frå kommunen si side i saka. Klagen vert sendt Fylkesmannen for endeleg avgjerd. Sak 5/13 Klage på forvaltningsutvalet sitt vedtak i sak 118/12 av 06.12.12 Tilråding: Forvaltningsutvalet viser til at retningslinene for naturområde i arealplanen og prinsippa i 8-12 i naturmangfaldlova skal leggjast til grunn i sakshandsaminga av det omsøkte området. Det kan ikkje dispenserast frå sakshandsamingsreglane, jf. 19-2 i plan- og bygningslova. Forvaltningsutvalet finn ikkje grunnlag for å endra sitt vedtak i sak 118/12 av 06.12.12 Saka vert sendt Fylkesmannen for vidare handsaming. Handsaming: Sigurd Sætre (FrP) la fram følgjande forslag til vedtak: Klagen vert teken til følgje og at det vart gjeve dispensasjon frå kommuneplanen. Arnt Erik Nordheim (KrF) la fram følgjande forslag til vedtak: Forvaltningsutvalet tek ikkje klaga til følgje. Forvaltningsutvalet viser til administrasjonen si saksutgreiing i sak 118/12 og ser at utvalet sitt vedtak i saka er for lite restriktivt. Sidan kommunen ikkje kan endre vedtaket til ugunst for klagaren oppmodar forvaltningsutvalet klageinstansen om å omgjere kommunen sitt vedtak til avslag, jf. administrasjonen si tilråding i sak 118/12. Astrid Hove (Ap) ønska å oppretthalde tilrådinga frå rådmann. Det vart røysta over framlegget til Sigurd Sætre (FrP) først. Framlegget til Sigurd Sæter (FrP) fekk 2 røyst (FrP, H) og fall. Dei to andre framlegga til vedtak vart sett opp mot kvarande. 6
Framlegget til Arnt Erik Nordheim (KrF) fekk 2 røyster (KrF, Sp). Tilrådinga fekk 5 røyster (2 Ap, Sv, H, FrP). Vedtak med 5 røyster (2 Ap, Sv, H, FrP): Forvaltningsutvalet viser til at retningslinene for naturområde i arealplanen og prinsippa i 8-12 i naturmangfaldlova skal leggjast til grunn i sakshandsaminga av det omsøkte området. Det kan ikkje dispenserast frå sakshandsamingsreglane, jf. 19-2 i plan- og bygningslova. Forvaltningsutvalet finn ikkje grunnlag for å endra sitt vedtak i sak 118/12 av 06.12.12 Saka vert sendt Fylkesmannen for vidare handsaming. Sak 6/13 Geir og Gunn Boger - Søknad om dispensasjon frå krav om utbyggingsplan, gbnr. 107/14 og 21 Handsaming Samrøystes vedtak: Forvaltningsutvalet gir i medhald av 19-2 i plan- og bygningslova dispensasjon frå kravet om utbyggingsplan for riving og oppføring av ny hytte på den eksisterande hyttetomta. Bakgrunnen er at ein dispensasjon ikkje er til hinder for utarbeiding av utbyggingsplan innanfor hytteområdet i kommuneplan sin arealdel. Søknaden går attende til administrasjonen for handsaming etter 20-1 i plan- og bygningslova Sak 7/13 Søknad om bygging av landbruksveg - Kvernavegen på Skjeldestad. Handsaming 7
Samrøystes vedtak: 1. Forvaltningsutvalet gjev Erik Skjeldestad og Margun Navarsete løyve til å nytta Sognekraft si kabelgrøft som trase for traktorveg. 2. Vegen skal byggjast som traktorveg kl. 8, jf. Normaler for landbruksveier. 3. Vegen skal ikkje vera til hinder for fellesløysing for skogsbilveg Kvålsøvrehagane Stedjeåsen. Sak 8/13 Detaljreguleringsplan for Nedre Gurvin Tilråding: Forvaltningsutvalet legg framlegg til privat detaljreguleringsplan for Nedre Gurvin datert motteke 20.12.2012, ut til offentleg ettersyn, jamfør plan og bygningslova 12-10 og 12-11. Handsaming: Rådmann la fram følgjande tillegg til tilrådinga, nytt punkt 2: Før det vert gjeve igangsettingsløyve for nye bustader innan reguleringsområdet skal det liggje føre utbyggingsavtale, jf. 11 i arealdelen av kommuneplanen. Samrøystes vedtak: 1. Forvaltningsutvalet legg framlegg til privat detaljreguleringsplan for Nedre Gurvin datert motteke 20.12.2012, ut til offentleg ettersyn, jamfør plan og bygningslova 12-10 og 12-11. 2. Før det vert gjeve igangsettingsløyve for nye bustader innan reguleringsområdet skal det liggje føre utbyggingsavtale, jf. 11 i arealdelen av kommuneplanen. Sak 9/13 Detaljreguleringsplan Bråtane bustadfelt Tilråding: 8
Forvaltningsutvalet legg planframlegg for detaljreguleringsplan Bråtane bustadfelt, sist revidert 29.1.2013, ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova 12-10. Før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn skal følgjande endringar gjerast i planframlegget: Ny 4 b): Byggjegrenser går fram av plankartet. Garasje/carport kan plasserast Handsaming: inntil 1 meter frå nabogrense. Planteknisk: Avstand frå senterlinje veg til byggjegrense skal gå fram av plankartet ved påskrift, og/eller vere oppgitt i føresegn 4 b). Planteknisk: Byggjegrense langs KV2/BK1 skal liggje 1 meter frå anna veggrunn tekniske føremål. Tiltakshavar sitt opphavlege framlegg til reguleringsplan dagsett 2011-07-26 vart lagd som vedlegg til saka med bakgrunn i tiltakshavar sitt ønskjer om å få denne planen handsama av utvalet. Ingen fremja forslag om å leggje reguleringsplan dagsett 2011-07-26 ut på høyring. Kåre Oddvin Stokkenes (Ap) la fram følgjande forslag til fellesføresegner 3.1./plankart: For område BF1-3 må areal til bossoppstillingsplass etc. dimensjonerast utifrå tal bueiningar og visast i plankart. Framlegget vart samrøystes vedteke. Einar Vatlestad (H) la fram forslag om at første prikk-punkt i tilrådinga vert teke bort. Framlegget fekk 6 røyster (2 Ap, Sp, H, FrP, Sv) og vart vedteke. Samrøystes vedtak: Forvaltningsutvalet legg planframlegg for detaljreguleringsplan Bråtane bustadfelt, sist revidert 29.1.2013, ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova 12-10. Før planen vert lagt ut til offentleg ettersyn skal følgjande endringar gjerast i planframlegget: Planteknisk: Avstand frå senterlinje veg til byggjegrense skal gå fram av plankartet ved påskrift, og/eller vere oppgitt i føresegn 4 b). Planteknisk: Byggjegrense langs KV2/BK1 skal liggje 1 meter frå anna veggrunn tekniske føremål. For område BF1-3 må areal til bossoppstillingsplass etc. dimensjonerast utifrå tal bueiningar og visast i plankart. Sak 10/13 9
Områdereguleringsplan for SOS - Trudvang - Prestadalen og omkringliggande område Tilråding: Kommunestyret vedtek planframlegg til områdereguleringsplan for SOS- Trudvang- Prestadalen og omkringliggande område, sist revidert 31.1.13, jamfør plan og bygningslova 12-12. Handsaming: Rådmann la fram notat frå ungdomsleiar om innspel om planprosess utbygging SOS. Sigurd Sætre (FrP) la fram forslag om at saka vart utsett. Forlaget til Sigurd Sætre fekk 2 røyster (FrP, H) og fall. Einar Vatlestad (H) la fram følgjande forslag: For området B/F/K vert utnyttingsgraden auka frå 50 % til 65 %. Arnt Erik Nordheim (KrF) la fram følgjande forslag til endring av regulerinsgplanen: 1. Det vert sett krav om detaljregulering for områda A1-A3. 2. Område B5 vert endra til kombinerte formål for bustad, forretning og kontor, slik som det er gjort for eigedomen gnbr. 17/2. Det vert røysta punktvis over framlegga til endring av regulerinsgplanen, med følgjande resultat: Framlegget til Einar Vatlestad fekk 3 røyster (H, FrP, 1 Ap (KOS) og fall. Framlegget, punkt 1 til Arnt Erik Norheim (KrF) fekk 3 røyster (H, FrP, KrF) og fall. Framlegget, punkt 2 til Arnt Erik Norheim (KrF) fekk 3 røyster (H, FrP, KrF) og fall. Samrøystes tilråding: Kommunestyret vedtek planframlegg til områdereguleringsplan for SOS- Trudvang- Prestadalen og omkringliggande område, sist revidert 31.1.13, jamfør plan og bygningslova 12-12. Sak 11/13 Privat planarbeid - Hodlekve-Stedjekammen Tilråding: Kommunestyret vedtek detaljreguleringsplan for Hodlekve Stedjekammen, sist revidert 4.2.2013, jamfør plan og bygningslova 12-12. 10
Handsaming: Rådmann opplyste at 1.1 i planen går ut. Kåre Oddvin Stokkenes (Ap) la fram følgjande forslag: Før planen vert lagd fram for kommunestyret vert punkt 4.2.7 i føresegene endra til: Innafor parkeringsplass o_pp1 skal det etablerast minst 180 pp. Framlegget fekk 6 røyster (2 Ap, Sp, Sv, H, FrP) og vart vedteke. Samrøystes tilråding: Kommunestyret vedtek detaljreguleringsplan for Hodlekve Stedjekammen, sist revidert 4.2.2013, jamfør plan og bygningslova 12-12. Møtet slutt kl. 12.30. Sogndal, 07.02.2013 Astrid Hove -leiar- Kåre Oddvin Stokkenes Bente Sønsthagen Steinar Øydvin Einar Vatlestad Sigurd Sætre Arnt Erik Nordheim -------------------- Jostein Aanestad -rådmann- 11