FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Arkivsak: 11/1394 Løpenummer: 11/8085 Utval: Formannskapet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 24.11.2011 Tid: 16:00 - Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Sakslista vart sendt medlemene og varamedlemene i brev av 16.11.2011. Møtet vart kunngjort i ei avis, på heimesida og ved oppslag på kunngjeringsstadar i kommunen. Desse medlemene møtte: Atle Kvåle, Ap Asbjørn Heidal, Krf Birgitte H.O.Skibenes, SV Hans S. Vindenes, Sp Margunn Y. Samnøy, Sp Miikal Leigland, Sp Magne Djuvik, Frp Steinar Skår, H Kristine Hjartnes, Frp Inhabilitet: Hans S. Vindenes (Sp) var ugild i sak 40/11. For han møtte Haldor Tuft (Sp) som vararepresentant. Andre som var tilstade på møtet: Rådmann Berit Fløisand Kommunalsjef Øyvind Haga Økonomisjef Georg Espenes Kontorsjef Gunn Sissel Teigen
Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Sak 36/11 vert handsama i ekstra formannskapsmøte måndag 28.11.11 kl 16.30 i Kommunetuntet Ordførar Hans S. Vindenes (Sp) leia møtet. Ordførar Hans S. Vindenes (Sp) var inhabil i sak 40/11 og møtet vart då leia av varaordførar Atle Kvåle, Ap. Sak 43/11 vart samrøystes vedteke handsama for lukka dørar, jf. kommunelova 31 nr 5 då saka er unnateke off. innsyn med heimel i offentleglova 5 nr 3, jf. 23 2.ledd. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 24. november 2011 Hans S. Vindenes Ordførar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Saksliste Sak nr. Sakstittel 032/11 VASSRENSEANLEGG PÅ SKJELBREID - SLUTTRAPPORT 033/11 UTVIKLING AV IDRETTSANLEGGA VED HOLDHUS SKULE - SLUTTRAPPORT 034/11 PROSJEKT FUSA UNGDOMSSKULE - TILBYGG/OMBYGGING - SLUTTRAPPORT 035/11 KOMMUNALE EIGEDOMAR 2011. KARTLGGING AV ETTERSLEP PÅ VEDLIKEHALD. 036/11 BUDSJETT 2012 MED AVGIFTSBUDSJETT. HANDLINGSPROGRAM MED ØKONOMIPLAN 037/11 SAMARBEID OM UTBYGGING AV MATLANDSELVA NY TRASÉ - NY AVTALE MED GRUNNEIGARAR 038/11 PROSJEKTRAPPORTERING - FORMANNSKAPET 2011 PR 8.11 039/11 SØKNAD OM MIDLAR TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTENE - KID 040/11 FERDSELSRETT OVER KOMMUNAL EIGEDOM GNR 78 BNR 40 - VINNESHOLMEN FOR GNR 78 BNR 52 041/11 SKRIV OG MELDINGER 042/11 DELEGERTE SAKER 043/11 KULTURPRISEN 2011 U.off. jf. offentleglova 5 nr 3, jf. 23 2.ledd
032/11: VASSRENSEANLEGG PÅ SKJELBREID - SLUTTRAPPORT Sluttrapporten for vassrenseanlegg på Skjelbreid vert teken til etterretning. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR-032/11 TILRÅDING: Sluttrapporten for vassrenseanlegg på Skjelbreid vert teken til etterretning.. 033/11: UTVIKLING AV IDRETTSANLEGGA VED HOLDHUS SKULE - SLUTTRAPPORT Sluttrapporten for utvikling av idrettsanlegga ved Holdhus skule vert teken til etterretning. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR-033/11 TILRÅDING: Sluttrapporten for utvikling av idrettsanlegga ved Holdhus skule vert teken til etterretning..
034/11: PROSJEKT FUSA UNGDOMSSKULE - TILBYGG/OMBYGGING - SLUTTRAPPORT SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT FUSA UNGDOMSSKULE -TILBYGG/OMBYGGING VERT TEKE TIL ETTERETNING. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR-034/11 TILRÅDING: SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKT FUSA UNGDOMSSKULE -TILBYGG/OMBYGGING VERT TEKE TIL ETTERETNING. 035/11: KOMMUNALE EIGEDOMAR 2011. KARTLGGING AV ETTERSLEP PÅ VEDLIKEHALD. Vedlikehaldstiltak som er klassifisert i Prioritet 1 og Prioritet 2 bør gjennomførast i ein 5 års periode. Dette er tiltak knytt til offentlege krav, strakstiltak, og tiltak som kan ha omfattande økonomiske konsekvensar/store fylgjeskadar dersom dei ikkje vert gjennomført. For at det skal kunna gjennomførast viktig vedlikehaldsarbeid av typen maling/oppussing må midlane dei neste åra i større grad verta løyvd over driftsbudsjettet. Fusa kommune løyver kr. 100.000,- på investeringsbudsjettet for 2012 (går av post 180) til planlegging av endring av bustadstrukturen. Midlane skal, mellom anna, nyttast til planlegging av nye husvære og førebuing av sal av fleire bustadeigedommar i Eikelandsosen. Rådmannen endra framlegget sitt i siste avsnitt:
Fusa kommune løyver inntil kr. 100.000,- på investeringsbudsjettet for 2012 (går av post 180) til planlegging av endring av bustadstrukturen. Midlane skal, mellom anna, nyttast til planlegging av nye husvære og førebuing av sal av fleire bustadeigedommar i Eikelandsosen. Følgjande framlegg vart samrøystes vedteke: Saka vert utsett. FOR-035/11 VEDTAK: Saka vert utsett.. 036/11: BUDSJETT 2012 MED AVGIFTSBUDSJETT. HANDLINGSPROGRAM MED ØKONOMIPLAN SAKA VERT LAGT FRAM FOR HANDSAMING SLIK DET FRAMGÅR I SAKSUTGREIINGA Retta tabellar i Kap. V-3 Driftsrammer 2012 side 49-52 var sendt ut før møtet. Det er gjort rettingar i tabell side 49 i budsjettet - kolonne for Barnehagar. Dette medfører endringar for nettorammene til dei einingane som omfattar barnehage. Sum netto driftsrammer i tabell side 49 og tabell side 52 er uendra. Uttalar frå ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne vart delt ut i møtet. Skriv av 18.11.11 frå Helsedirektoratet vedk. kommunal medfinansiering - A kontobasert oppgjer 2012. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, fremja følgjande forslag: Saka vert utsett og handsama i ekstramøte måndag 28.11.11. kl 16.30. Framlegget frå Hans S. Vindenes vart samrøystes vedteke.
FOR-036/11 VEDTAK: Saka vert utsett og handsama i ekstramøte måndag 28.11.11. kl 16.30. 037/11: SAMARBEID OM UTBYGGING AV MATLANDSELVA NY TRASÉ - NY AVTALE MED GRUNNEIGARAR Ny avtale med grunneigarane av gnr 17, bnr 1 og gnr 15, bnr 6 vert godkjent slik han ligg føre Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR-037/11 TILRÅDING: Ny avtale med grunneigarane av gnr 17, bnr 1 og gnr 15, bnr 6 vert godkjent slik han ligg føre 038/11: PROSJEKTRAPPORTERING - FORMANNSKAPET 2011 PR 8.11 Saka vert teke til orientering Framlegget frå rådmannen vart samrøystes tilrådd. FOR-038/11 VEDTAK: Saka vert teke til orientering
039/11: SØKNAD OM MIDLAR TIL KOLLEKTIVTRANSPORT I DISTRIKTENE - KID Notat om mogeleg prosjektsøknad til ordninga Kollektivtransport i distrikta (KID) vert lagt fram til drøfting i råda og formannskapet utan framlegg til vedtak. Uttalane frå ungdomsrådet, eldrerådet og råd for menneske med nedsett funksjonsevne vart delt ut i møtet. Varaordførar Atle Kvåle, Ap, fremja følgjande forslag: Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, får fullmakt til å senda søknad med utgangspunkt i ungdomsrådet sin uttale og saksutgreiinga. Søknaden vert utarbeidd i samarbeid med rådmannen. Framlegget frå Atle Kvåle vart samrøystes vedteke. FOR-039/11 VEDTAK: Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, får fullmakt til å senda søknad med utgangspunkt i ungdomsrådet sin uttale og saksutgreiinga. Søknaden vert utarbeidd i samarbeid med rådmannen. 040/11: FERDSELSRETT OVER KOMMUNAL EIGEDOM GNR 78 BNR 40 - VINNESHOLMEN FOR GNR 78 BNR 52 Fusa kommune gjev gnr 78 bnr 52 ferdselsrett over gnr 78 bnr 40, på fylgjande vilkår: 1. Det skal ikkje gjerast fysiske anleggsmessige tiltak på 78/40. 2. Motorkjøretøy kan berre nyttast i perioden frå og med 15. september til og med 1. juni. 3. Maksimum vekt på motorkjøretøy som kan kjørast over 78/40 er 3,5 tonn. 4. Eventuelle skadar på terrenget som fylgje av ferdsle skal reparerast straks. 5. Det vert ikkje gjeve rett til parkering på 78/40. 6. Motorferdsle til Vinnesholmen generellt kan også bli regulert av offentlege trafikkskilt. 7. Ordninga gjeld som prøveordning i fem år. Det vil deretter bli vurdert om ordninga skal gjerast permanent.
Det må utformast fråsegn frå kommunen si side for tinglysing. Ordførar Hans S. Vindenes, Sp, reiste spørsmål om han var ugild pga. slektskap med parten. Han gjekk frå og Haldor Tuft, Sp, tok plass. Hans S. Vindenes vart samrøystes kjend ugild, jf. kommunelova 40 nr 3, jf. forvaltningslova 6 2.ledd. Asbjørn Heidal, Krf, fremja følgjande forslag: Søknad om å få utvida ferdselrettigheter over kommunal eigedom fram til G.nr 78 b.nr. 52 blir ikkje imøtekommen. Senterpartiet v/margunn Y. Samnøy fremja følgjande forslag: Som forslag frå rådmann med endring i pkt. 2. Motorkjøretøy kan berre nyttast i perioden frå og med 1. sept. til og med 15. juni. Framlegget frå Asbjørn Heidal, Krf, fall mot 1 røyst. Det vart så røysta punktvis. Framlegget frå rådmannen pkt 1. vart tilrådd med 8 røyster. Framlegget frå rådmannen pkt 2 fekk 0 røyster. Framlegget frå Margunn Y. Samnøy vart tilrådd med 8 røyster. Resten av framlegget frå rådmannen vart tilrådd med 8 røyster. FOR-040/11 TILRÅDING: Fusa kommune gjev gnr 78 bnr 52 ferdselsrett over gnr 78 bnr 40, på fylgjande vilkår: 1. Det skal ikkje gjerast fysiske anleggsmessige tiltak på 78/40. 2. Motorkjøretøy kan berre nyttast i perioden frå og med 1. september til og med 15. juni. 3. Maksimum vekt på motorkjøretøy som kan kjørast over 78/40 er 3,5 tonn. 4. Eventuelle skadar på terrenget som fylgje av ferdsle skal reparerast straks. 5. Det vert ikkje gjeve rett til parkering på 78/40. 6. Motorferdsle til Vinnesholmen generellt kan også bli regulert av offentlege trafikkskilt. 7. Ordninga gjeld som prøveordning i fem år. Det vil deretter bli vurdert om ordninga skal gjerast permanent. Det må utformast fråsegn frå kommunen si side for tinglysing.
041/11: SKRIV OG MELDINGER : Saka vert teke til orientering. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FOR-041/11 VEDTAK: Saka vert teke til orientering. 042/11: DELEGERTE SAKER Saka vert teke til orientering. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. FOR-042/11 VEDTAK: Saka vert teke til orientering. 043/11: KULTURPRISEN 2011 U.off. jf. offentleglova 5 nr 3, jf. 23 2.ledd