NOU 2010:7 MANGFALD OG MEISTRING - FLEIRSPRÅKLEGE BARN, UNGE OG VAKSNE I OPPLÆRINGSSYSTEMET

Like dokumenter
HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRINGAR I INTRODUKSJONSLOVA MED FORSKRIFTER

Høyringssvar til og voksne i opplæringssystemet frå Kunnskapsdepartementet

Kommunestyret støttar framlegget til endringar i Opplæringslova når det gjeld:

Om plikt og rett til utdanning korleis kan utdanninga bli tilpassa einsleg mindreårige med avgrensa opphald? 17. mars 2017 Statens hus

Norskopplæring til asylsøkjarar i Flora kommune. Førde 17. desember 2015

OPPLÆRINGSAVDELINGA. Utval Saknr. Møtedato Utval for opplæring og helse

K-SAK 53/18. TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN 2017

Høyringsuttale - Tolking i offentleg sektor - eit spørsmål om rettstryggleik og likeverd

Vår ref. 2013/ Dokumentasjon i samband med tilsyn - retten til særskild språkopplæring for grunnskuleelevar frå språklege minoritetar

Fjell kommune Arkiv: 214 Saksmappe: 2015/ /2015 Sakshandsamar: Nina Høiem Dato: SAKSDOKUMENT

Saksnr. Dok-ID Arkivkode Sakshandsamar Dato: 12/639 12/5927 L32 RIF Vedlagt følgjer Høyanger kommune sin uttale til høyringsframlegget.

MASFJORDEN KOMMUNE. Rådmannen Rådgjevarar. Høyring framlegg til endring i opplæringslova - melding om vedtak. Dato:

HØYRING NOU 2010 ØSTBERG-UTVALGET SI INNSTILLING - MANGFOLD OG MESTRING

Saksprotokoll. Arkivsak: 11/794 HØYRING - NASJONAL BESTEMMING OM LÆRARTETTLEIK I GRUNNSKOLEN

Austrheim kommune. Sakspapir. SAKSGANG Styre, utval, råd m.m. Møtedato Saksnr Sakshands. Kommunestyret /11 Olav Mongstad

Høyringsfråsegn frå Språkrådet til NOU 2010:7

Dykkar ref. Vår ref. Saksh. tlf. Dato 2014/ /2014 Unni Rygg

MØTEPROTOKOLL. Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: kl.12:00-14:00. Utval:

Minoritetsspråklige søkere til videregående opplæring skoleåret

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 151/05 05/2083 FAMILIESAMEINING FLYKTNINGAR 1125

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

SAKSFRAMLEGG UTVALGSSAK

SUtDAI K O M M O N E STABEN. Levekårsutvalet i Suldal handsama dette i møtet og gjorde slikt vedtak:

Uttale - Høyring forslag til endring i organisering av skuleåret i vidaregåande opplæring

Minoritetsspråklege barn i barnehage

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak:12/167 Løpenummer: 12/6303 Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30 14:15

INNKALLING. Dokumenta ligg til offentleg ettersyn på heimesida og på biblioteket, Kommunetunet, Eikelandsosen.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0045/04 03/01610 PLAN FOR FRAMTIDA I OS KOMMUNE 1

Fagdag, minoritetsspråklege

HØRINGSUTTALELSE NOU 2010:7, MANGFOLD OG MESTRING

GLOPPEN KOMMUNE OPPVEKSTUTVALET TILLEGGSSAK SAKLISTE: Møtedato: Møtestad: Gloppen ungdomsskule Møtetid: Kl. 09:00

BARNEOMBODET. Dykkar ref: Vår ref: Saksbehandler: Dato: 15/ Morten Hendis 11. oktober 2015

Tittel: Høyring - Forslag til forskrift om tildeling av utdanningsstøtte

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 47/2019 Formannskap/plan- og økonomiutvalet PS /2019 Kommunestyret PS

MØTEBOK. Yrkesopplæringsnemnda. Dato: 14. september 2010 Kl.: Stad: Wigandgården 8. etg. møterom: Forskjønnelsen Saknr.

Tilbakemelding på nasjonalt tilsyn i Vinje kommune i høve forvaltningskompetanse - avgjerder om særskild tilrettelegging

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Nord-Aurdal kommune. Deres ref.: Vår ref.: Vår dato: stujan - 11/

K-SAK 52/17 TILSTANDSRAPPORT FOR GRUNNSKULEN Kommunestyret handsama saka i møte og gjorde slikt vedtak:

Saksnr Utval Type Dato 008/18 Formannskapet PS Formannskapet vedtek følgjande medlemmer til den politiske arbeidsgruppa:

4A-3 VAKSNE SIN RETT TIL VIDAREGÅANDE

SAKSPAPIR. Styre, utval, komite m.m. Møtedato Saksnr. Formannskapet /15

Redusert eigendel elev-pc

Særskild språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar. Retningsliner for grunnskulane i Lindås kommune

N OU 2016: 7 Høyring Karriereveiledningsutvalgets sluttrapport

Fitjar kommune. Møteinnkalling. Utval: Utval for Oppvekst og omsorg Møtestad: Kommunestyresalen, Fitjar rådhus Dato:

MØTEPROTOKOLL FUSA KOMMUNE. Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Handlingsprogram 2016 og rapportering Kompetanse

Svar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Høyring av NOU 2012:1 Til barns beste

Regelverk og rettar. opplæring for einslege mindreårige asylsøkjarar

SAKSPAPIR. Saksnr Utval Type Dato 091/14 Levekårsutvalet PS

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Gol kommune er eigar og ansvarleg for drifta ved skulefritidsordninga (SFO) for elevar i grunnskulen i Gol.

HØYRINGSSAK - FRAMLEGG OM NY LOV OM LÆRING UTANFOR DET FORMELLE UTDANNINGSSYSTEMET

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Vågsøy kommune Rådmann

Austevoll kommune. Arkivkode FA-000

SAKSDOKUMENT. Uttale til høyring - NOU 2011:20 Ungdom, makt og medverknad

Austevoll kommune. Tilleggsinnkalling Tenesteutvalet

Kommunalsjef samfunn. Forslag til busetjingsordning for flyktningar med mål om raskare busetjing høyringsuttale

Side 1. Ephorte 2009/ Kvinnherad kommune -fellesskap og trivsel utvikling og vekst

MØTEPROTOKOLL. Arkivsak: 12/165 Løpenummer: 12/ Utval: Ungdomsrådet Møtestad: Kommunetunet Møtedato: Tid: 11:30-14:00

Høyring Forslag om endringar i privatskulelova Innføring av midlertidig dispensasjonsregel

Austevoll kommune. Austevoll kommune viser til NOU 2006:2 om Staten og Den norske kyrkja.

MØTEINNKALLING. Tillegg SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 0018/03 03/01168 BADEANLEGG I OS KOMMUNE 1

Rettsleg grunnlag grunnskoleopplæring for vaksne

Høyring forslag om overgang frå Vg1 studiespesialiserande til yrkesfaglege programområde på Vg 2

MER OM SÆRSKILT SPRÅKOPPLÆRING I GRUNNSKOLEN, VIDEREGÅENDE OPPLÆRING OG VOKSENOPPLÆRINGEN Kompetanse for mangfold Regelverksamling 17.

Endeleg TILSYNSRAPPORT

Saksframlegg. Kvinnherad kommune. Innstilling frå rådmannen: Levekårskomiteen sluttar seg til framlegg til uttale slik det går fram av saksutgreiinga.

Sakspapir. Saknr Utval Type Dato 046/2018 Formannskapet PS /2018 Kommunestyret PS

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

Utval: Møtestad: Kommunestyresalen, Tokke kommunehus Møtedato: Møtetid: 11:00 Møteslutt: 14:00

Dvkkar ref: Vår ref Saksbeh: Arkivkode: Dato: 2013/272-4 Finn Arne Askje,

MØTEINNKALLING. Orientering om kulturminneregistreringsprosjektet v/ Gunhild Alis Berge Stang SAKLISTE

MØTEPROTOKOLL. Utval for kultur og levekår. Dato: kl. 8:30 - Kommunestyresalen Arkivsak: 12/00005

STORDAL KOMMUNE SAKSPAPIR

Målbruksplan for Ål kommune

Ny skole Dovre - eit styrkingstiltak i grunnskolen

Fjell kommune Arkiv: 320 Saksmappe: 2016/ /2016 Sakshandsamar: Monica Pedersen Dato: SAKSDOKUMENT

Budsjett og handlingsprogram 2012, økonomiplan

Høring om plikt til tidlig innsats i skolen (saksnr. 17/2988)

OFFENTLEG MØTEPROTOKOLL

Tilskotsordning for opplæring i norsk, norsk kultur og norske verdiar for asylsøkarar i mottak 2018

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

Hjelmeland kommune. Dykkar ref.. Vår ref. Arkivkode: Dato: 09/ /13/ HØYRINGSUTTALE - FORSLAG TIL ENDRING AV 12 I JORDLOVA

VOLDA KOMMUNE Servicekontoret

MØTEPROTOKOLL. Utval for oppvekst og omsorg. Møtestad: rådhuset Møtedato: Kl:

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Dykkar ref: Vår ref: Saksbeh : Arkivkode: Dato: 06/ Tove Neset, C84 & tove.

Om dei ulike forslaga i vedlegg 1

Utvalssak nr. Utval Møtedato 18/08 Kommunestyret

-Ein tydeleg medspelar MINORITETSSPRÅKLEGE. Fagdag med fokus på minoritetsspråklege søkarar/ elevar

HØYRINGSSAK - FRAMLEGG OM NY LOV OM LÆRING UTANFOR DET FORMELLE UTDANNINGSSYSTEMET

Svar på oppmoding om busetting av flyktningar i 2016

Kommunedelplan for oppvekst

KOMMUNEDELPLAN FOR KULTURMINNER I ØRSKOG

JONDAL KOMMUNE Rådmannen Tlf : Fax : Dato :

Transkript:

Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO MELDING OM VEDTAK Vår ref. Arkivkode Dykkar ref. Dato 10/3753-6/HALI A02 &71 28.10.2010 NOU 2010:7 MANGFALD OG MEISTRING - FLEIRSPRÅKLEGE BARN, UNGE OG VAKSNE I OPPLÆRINGSSYSTEMET Utval for kultur og levekår behandla i møte 27.10.2010 sak 33/10. Det vart gjort slikt vedtak: Utval for kultur og levekår vedtek høyringsuttalen til NOU 2010:7 jnr 10/3753. Sendt som e-post til postmottak@kd.dep.no Med venleg helsing Gol kommune Tone Modalen For Hallvor Lilleslett rektor Adresse: Gamlevegen 4 Telefon: 32 02 90 00 Bankgiro: 23240500051 Poststad: 3550 Gol Telefaks: 32 02 90 10 Bankgiro skatt: 78550506172 www.gol.kommune.no E-post: postmottak@gol.kommune.no Org.nr.: 00964952612

Gol kommune SAMLA SAKSFRAMSTILLING MØTEBOK Saksnr. 33/10 Arkivsaksnr.: 10/3753 Arkivkode: A02 &71 Saksbehandler: Hallvor Lilleslett Saksnr.: Utvalg Møtedato 33/10 Utval for kultur og levekår 27.10.2010 NOU 2010:7 MANGFALD OG MEISTRING - FLEIRSPRÅKLEGE BARN, UNGE OG VAKSNE I OPPLÆRINGSSYSTEMET Generelle saksopplysningar: Politisk behandling i: UKL Vedtaksorgan: UKL Saksdokument: 1. NOU 2010:7 Mangfold og mestring. Flerspråklige barn, unge og voksen i opplæringssystemet. 2. Høyringsbrev frå Gol kommune Dokument nr. 2 fylgjer som vedlegg. Saksopplysningar: Kunnskapsdepartemenet har invitert kommunane til å kome med høyringsuttale om NOU 2010:7 Mangfold og mestring. Flerspråklige barn, unge og voksen i opplæringssystemet. Overordna plan: Miljøkonsekvensar: Ingen Økonomi: Ingen Vurdering: Det er ein god rapport som det er viktig at også kommunane gjev tilbakmeldingar på. Rapporten omfattar alle sidene ved opplæringa, også barnehagane. Dei fleste av tiltaka som blir føreslegne i høringsbrevet er gode, og vil styrke integreringsarbeidet. Dette går også fram av høringsuttalen frå Gol kommune. Særleg gjeld dette innføring av eiga vekting i av minoritetsspråklege barn i skulealder i inntektssystemet og at minoritetsspråklege i aldersgruppa 16-18 år bør inn som faktor i inntektssystemet. Side 1

NOU 2010:7 gjer framlegg om at ungdom utan rett til vidaregåande opplræing får ein betre rett til grunnskuleopplæring for vaksne, og at introduksjosnprogrammet kan gjerast tre-årleg for desse deltakarane. Vi meiner dette er viktige tilpassingar til det som er behova, slik vi erfarar det. Når det gjeld norskopplæring for minoritetsspråklege, stør vi utvalet si vurdering om at timetalet blir auka til 600 timar plikt. Reglane om tre års frist må endrast til at opplæringa må vera påbegynt innan eitt år etter at rett og plikt gjeld. Vi viser elles til høyringsuttalen. Framlegg til vedtak: Utval for kultur og levekår vedtek høyringsuttalen til NOU 2010:7 jnr 10/3753 Gol, 1.10.10 Hege Mørk Rådmann Hallvor Lileslett rektor Utval for kultur og levekår behandla saka den 27.10.2010, saksnr. 33/10 Behandling: Avd. leiar Wenche Olsen informerte. Bård Flataaker Hagen, FrP sette fram følgjande framlegg: Utval for kultur og levekår vedtek høyringsuttalen til NOU 2010:7 jnr 10/3753, og gir samtidig fullmakt og ønskjer ei grundigare utgreiing om tema barne og ungdomsskole. Framlegget fekk 3 røyster. Forslagsstillar, Tom Rune S. Blakkestad, H, og Kristin Bakke Haugen, SP, røysta for framlegget. 4 røysta mot. Forslaget vart nedstemt. Vedtak: Utval for kultur og levekår vedtek høyringsuttalen til NOU 2010:7 jnr 10/3753. Side 2

Læringssenteret Gol vaksenopplæring Gol barnehage Kunnskapsdepartementet Postboks 8119 Dep 0032 OSLO Arkivkode Vår ref. Dykkar ref. Dato A02 &71 10/3753-2 - HALI 30.09.2010 SVAR - NOU 2010:7 MANGFALD OG MEISTRING - FLEIRSPRÅKLEGE BARN, UNGE OG VAKSNE I OPPLÆRINGSSYSTEMET - HØYRING Hovudperspektiva i høyringsdokumentet: Vi stør utvalet sine konklusjonar og vil særleg understreke følgjande: Økt deltaking av barn med minoritetsbakgrunn i barnehagen gjennom gratis tid (20t/u) for alle barn og utfasing av kontaktstøtta. Utvikling av eigna kartleggingsverkty for både språkmiljø og minoritetsspråklege enkeltbarn i barnehagen tilpassa barnehagen sin eigenart og barnet sitt behov. Det er viktig med innføring av nasjonale standarder for innføringsklassar før overgang til ordinær undervising. Elevar skal kunne få særskild språkopplæring i norsk også etter at ordinær undervising er igangsett. Dette er viktig for å unngå fråfall i vidaregåande opplæring. Innan alle fag må det arbeidast systematisk med norskfaget. Elevar med anna morsmål enn norsk vil ha behov for at det blir arbeidd med norsk munnleg og skriftleg i alle fag i samsvar med Læreplanverket. Det må stimulerast til auka samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar med omsyn til overgang mellom grunnskule og vidaregåande skule, og forholdet mellom grunnskule og vaksenopplæring. Vi stør vurderingane om auka satsing på grunnskuleopplæring for deltakarar i Introduksjonsprogram Det er bekymringsfullt at mange innvandrarar ikkje er omfatta av retten til gratis norskopplæring. Mellom anna er alle EU borgarar ikkje omfatta av denne retten. 6.3. og 6.4. Økonomi Rammetilskot til kommunar Adresse: Gamlevegen 4 Telefon: 32 02 90 00 Bankgiro: 23240500051 Poststad: 3550 Gol Telefaks: 32 02 90 10 Bankgiro skatt: 78550506172 www.gol.kommune.no E-post: postmottak@gol.kommune.no Org.nr.: 00964952612

Primært meiner vi det bør vere eit særtilskot eller øyremerka tilskot som skal nyttast til opplæring for minoritetsspråklege barn. Dersom norskopplæring for minoritetsspråklege barn skal vere inne i ramma, vil vi støtte utvalet si vurdering om at innvandrarbarn i aldersgruppa 1-5 år og 6-15 år blir lagt inn med eiga vekting i kostnadsnøkkelen. Vaksenopplæring Minoritetsspråklege elevar med liten skulebakgrunn blir ikkje fanga opp i dagens kriterium. Vi stør utvalet si vurdering i at aldersgruppa innvandrarar 16-18 år bør inn som faktor i kostnadsnøkkelen. Vi stør utvalet sine framlegg til følgjande tiltak: Det må takast omsyn til at ressursbruken knytt til opplæring av minoritetsspråklege barn, unge og vaksen har vore for låg. Det bør innlemmast eit kriterium for minoritetsspråkege barn under 6 år Ny gjennomgang av kostnadsnøkkelen for grunnskulen Kostnadsnøkkelen må ta omsyn til grunnskuleopplæring for vaksne minoritetar 7. Barnehage og andre tilbod i førskulealder Vi stør spesielt utvalet sine framlegg til følgjande tiltak: Departementet bør gi oppdrag om utarbeiding av støttemateriell til bruk i informasjons- og rekrutteringskampanjar for å auke barnehagedeltakinga. Ein meir ambisiøs pedagognorm må bli innført i barnehagen. Barnehagen skal arbeide aktivt med å fremme alle barn sin norskspråklege kompetanse. Barnehagen skal også støtte barn med anna morsmål enn norsk i bruk av sitt morsmål. Det bør fortsatt bli utvikla dokumentasjons- og kartleggingsverkty for tospråklege barn. Det bør opprettes nye kompetansehevingsprosjekt for tospråkleg personell etter modell av NAFO sitt kompetansehevingsprosjekt for barnehagane Språkleg og kulturelt mangfald i barnehagen. Tilskuddsposten til tiltak for å betre språkforståing hos minoritetsspråklege barn i førskulealder bør bli auka i takt med talet på minoritetsspråklege barn. Det bør bli mogeleg å gi tilskot også når barna bare har ein utanlandsk født forelder, men samtidig har begrensa tilgang på norske språkmodellar i heimen. 9. Vidaregåande opplæring 9.3.3. Særskild språkopplæring Det er viktig at retten til særskild språkopplæring etter opplæringslova 3-12 utløyser ei plikt for fylkeskommunen. 9.3.4. Rettane til ungdom som ikkje blir teke inn i vidaregåande opplæring. Det er viktig at desse personane har eit reelt tilbod om grunnskuleopplæring etter 4A-1. Særskild språkopplæring 4A-1 slik det er omtala i høyringsdokumentet, er ikkje nokon rett 10017533.br2 dok 2 side 2

i dag. Det er heller ikkje naudsynt å innføre ein slik rett. Dette blir ivareteke av retten og plikta til norskopplæring etter Introduksjonslova. Deltakarar som får tilbod om grunnskuleopplæring meiner vi må ha gjennomgått opplæring i grunnleggjande norsk i tråd med Introduksjonslova. (Det er defor vi også meiner deltakarar på introduksjonsprogram og grunnskuleopplæring må ha eit tilbod med Introduksjonsprogram over 3 år) 10. Innføringstilbod til seintkommne elevar Vi stør utvalet si vurdering når det gjeld deltakarar som kjem seint i skuleløpet og som har lite utdanning frå før. Desse må ha eit tilbod om grunnskuleopplæring etter opplæringslova 4A-1 for ungdom. Det må gjelde personar som kjem i slutten av ungdomsskulen. Desse må få tilbod om å halde fram med grunnskuleopplæring etter denne paragrafen. Det er her viktigare å leggje til rette for eit kvalitativt godt tilbod i t.d. eit interkommunalt samarbeid enn at ein skal ta omsyn til nærskuleprinsippet. Vi stør utvalet sitt framlegg til endring av opplæringslova 2-1 Ungdom med rett og plikt til grunnskoleopplæring etter denne paragrafen her kan, når det ligg føre særlege grunnar, i staden få grunnskoleopplæring etter 4A-1 Tilskotsordningane må stimulere til interkommunalt samarbeid i små kommunar. Hallingdal har god erfaring med interkommunalt samarbeid på dette området, men finansieringa av tiltaka er ei utfordring. Vi stør ikkje utvalet si tilråding om at denne opplæringa skal gå føre seg på vidaregåande skule. I kommunal vaksenopplæring er språkopplæringa sett i godt system, og ein har brei erfaring i undervisning av minoritetsspråklege. Grunnskuleopplæring for vaksne omfattar også etnisk norske. For at det skal vera elevgrunnlag, både av økonomiske og pedagogiske omsyn, er det viktig at gruppene ikkje blir for små. Slik opplæring må difor gå føre seg i regi av og på dei kommunale vaksenopplæringssentra, men i samrbeid med ungdomsskule og vidaregåande opplæring. 11. Opplæring organisert for vaksne etter opplæringslova Stønad til livsopphald er avgjerande om minoritetsspråklege kan sjå seg råd til å gjennomførre grunnskule og deretter vidaregåande opplæring. Vi stør difor utvalet sitt framlegg om at stønad til livsopphald i form av stipend i staden for lån frå Statens Lånekasse. Vi stør utvalet si vurdering om at timetalet blir auka til 600 timar plikt. Reglane om tre års frist må endrast til at opplæringa må vera påbegynt innan eitt år etter at rett og plikt gjeld. Kommunane sin plikt bør justerast tilsvarande; det skal bli gitt tilbod om opplæring innan eitt år. Ideelt sett bør alle deltakarar kunne starte opp ved semesterstart i august. I dag er det mykje arbeid med rapportering. NIR-systemet har dårleg funksjonalitet. Vi er skeptiske til eit opplegg som krev meir rapportering. Ressursane må i større grad kunne nyttast til gjennomføring av norskopplæring og anna integreringsarbeid. 12. Introduksjonsordninga og opplæring i norsk Det er viktig som utvalet seier, å sjå nærare på forholdet mellom grunnskuleopplæring og introduksjonsordninga. Vi opplever det som eit problem i dag at deltakarar berre får 10017533.br2 dok 2 side 3

introduksjonsprogram i 2 år dersom dei også er deltakarar på grunnskuleopplæring. Grunnskuleopplæring går over 2 år. I forkant av dette må deltakarane ha ferdigheiter i grunnleggjande norsk. Vi stør difor innspelet om 3- årlig introduksjonsprogram, for deltakarar som har grunnskuleopplæring som ein del av introduksjonsprogrammet. Eit slikt tilbod må i hovudsak vera retta inn mot yngre deltakarar. Det er viktig at det blir teke høgde for naudsynt finansiering av introduksjonsstønaden som kommunane skal gje, og at det blir teke omsyn til dette i dei statlege overføringane til kommunane. Det hjelper ikkje med rett til grunnskuleopplæring for denne gruppa om det ikkje samstundes er ein rett til stønad til livsopphald. For at unge innvandrarar skal lukkast i det norske samfunnet, er det som eit minimumskrav at dei har fullført grunnskuleopplæring, og helst vidaregåande opplæring. Små kommunar er jamnt over gode i integreringsarbeidet. Det er viktig at det også framover kan leggjast til rette slik at det blir teke omsyn til små kommunar sine behov. Mellom anna er det viktig å stimulere til interkommunalt samarbeid. Nærskuleprinsippet må ikkje overstyre behovet for kvalitativ god og systematisk norskopplæring og grunnskuleopplæring for vaksne. Vaksne (eldre enn 16 år), må ikkje bli sett i ein slik situasjon at dei må gå samane med barn og yngre på same skule. Når det gjeld fritidsaktivitetar m.m., så er dette viktig for integreringa. Dette er ei oppgåve som flyktningetenesta i dei ulike kommunane må få midlar til å prioritere høgare. Det er ikkje ei oppgåve for vaksenopplæring. Hege Mørk Wenche E. Olsen Hallvor Lilleslett Rådmann avdelingsleiar barnehage rektor 10017533.br2 dok 2 side 4