ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Eldrerådet Møtestad: Ørstafjord Rådhuset Dato: 10.03.2016 Møtet starta 13:00 Møtet slutta 14:15 Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Toril Langlo Leiar V/Ø Revmatikerforening Eldbjørg Tvergrov Nestleiar SP Anbjørn Steinholm Frislid Medlem FRP Einar Flø Medlem V Einar Øyehaug Medlem Uavhengig Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Brit Aanning Aarseth Medlem H Amalie Hovdenakk Medlem AP Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Ingen vara kunne møte Frå administrasjonen møtte: Namn Ingeborg M. Bjørneset Politisk sekretær Einar Øyehaug og Eldbjørg Tvergrov vart valde til å skrive under protokollen saman med leiar
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 6/16 PS 7/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar RS 7/16 Årsmelding 2015 fra Pasient- og brukerombudet i Møre og Romsdal 2016/26 RS 8/16 Rapport velferdsteknologi i Møre og Romsdal 2016/24 PS 8/16 PS 9/16 PS 10/16 Høyring - Råd i kommuner og fylkeskomuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse - utsett Legevakt på Søre Sunnmøre - prosjekt om framtidig organisering Auke grunnbemanninga på institusjonane, jamfør kommunestyrevedtak PS 11/16 Eldredagen 2016 PS 12/16 Invitasjon til medverknadsmøte om framtidas primærhelseteneste 2016/239 2016/178 2016/40 2016/2 Planlagd synfaring til Vartdal Helsetun vart utsett til møtedato 09.06.16. Informasjon frå politisk sekretær: Fylkeseldrerådet ønskjer å legge eit møte til Ørsta kommune 14.09.16. Møtet vert todelt første del vil vere eit ope møte med kommuneleiinga, det kommunale rådet, representantar frå eldreråda i nabokommunane, og fylkeseldrerådet. Etter lunsj vil fylkeseldrerådet ha sitt ordinære møte dette er ope for alle som har høve til å vere tilhøyrarar. Møtedato 12.05.16 vert avlyst, pga arbeid med folkeavrøysting vedk. kommunesamanslåing.
PS 6/16 Godkjenning av innkalling og sakliste Innkallinga vart godkjent utan merknad Saker lagt til i møtet: Eldredagen 2016, får saksnummer PS 11/16 Invitasjon til medverknadsmøte om framtidas primærhelseteneste, får saksnummer PS 12/16 Saklista vart godkjent med tilleggssak PS 11/16 og PS 12/16
PS 7/16 Referat og meldingar Referat og meldingar vart refererte med merknadar Merknad til RS 7/16: Bekymringsmelding til levekårutvalet: Viser til årsmelding 2015 punkt 5.3 andre avsnitt: eldrerådet deler Pasient- og brukerombudet si bekymring vedk. nedbygging av sjukeheimsplassar pga økonomi. Ber om at levekårutvalet ivaretek dette. Merknad til RS 8/16: Høgskulen i Ålesund har etablert ei utprøvingsleiligheit for velferdsteknologi. Eldrerådet ønskjer synfaring her om det er mogleg. RS 7/16 Årsmelding 2015 fra Pasient- og brukerombudet i Møre og Romsdal RS 8/16 Rapport velferdsteknologi i Møre og Romsdal
PS 8/16 Høyring - Råd i kommuner og fylkeskomuner for ungdom, eldre og personer med funksjonsnedsettelse VEDTAK: Utsett til neste møte i eldrerådet (07.04.16). Leiar fremja å utsette handsaming av høyringa til neste møte i eldrerådet (07.04.16), då det er ønskjeleg med betre tid til å gå gjennom dokumenta. Utsetting av saka vart vedteke med 5 mot 0 røyster.
PS 9/16 Legevakt på Søre Sunnmøre - prosjekt om framtidig organisering TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: Ørsta kommunestyre vedtek å delta og støtte opp eit prosjekt for å greie ut framtidig organisering av legevakta på Søre Sunnmøre. Sjustjerna helse- og omsorg får funksjonen som styringsgruppe. Styringsgruppa søker finansiering av prosjektet, tilset prosjektleiar og oppnemner prosjektgruppe. Dersom det blir behov for kommunal medfinansiering utover arbeidsinnsats frå kommunalt tilsett personell, skal det bli lagt fram som eiga sak. Tillitsvalte for legane i kommunane på Søre Sunnmøre fungerer som ei referansegruppe. Ørsta kommune inviterar ein brukarrepresentant til medlem i referansegruppa for brukarar. Tilråding til vedtak vart vedteken med 5 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Ørsta kommunestyre vedtek å delta og støtte opp eit prosjekt for å greie ut framtidig organisering av legevakta på Søre Sunnmøre. Sjustjerna helse- og omsorg får funksjonen som styringsgruppe. Styringsgruppa søker finansiering av prosjektet, tilset prosjektleiar og oppnemner prosjektgruppe. Dersom det blir behov for kommunal medfinansiering utover arbeidsinnsats frå kommunalt tilsett personell, skal det bli lagt fram som eiga sak. Tillitsvalte for legane i kommunane på Søre Sunnmøre fungerer som ei referansegruppe. Ørsta kommune inviterar ein brukarrepresentant til medlem i referansegruppa for brukarar.
PS 10/16 Auke grunnbemanninga på institusjonane, jamfør kommunestyrevedtak TILRÅDING TIL KOMMUNESTYRET: 1. Kommunestyret vedtek å opprette slike årsverk i seksjon omsorg og rehabilitering ; a. 3,6 stillingar for sjukepleiar knytt til Korttidsavdelinga. b. 1 stilling ved Hjørundfjordheimen. c. 1 stilling ved Vartdal helsetun, Bufellesskapet. d. 1 stilling i både Solkroken og Buavdelinga. e. 2 stillingar ved demensavdelinga Bakketun. 2. Stillingane vert å finansiere ved forskottering revidert budsjett og vidare i økonomiplan/budsjett. 3. Stillingane vert å lyse ut straks. Tilråding til vedtak vart vedteke med 5 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: 4. Kommunestyret vedtek å opprette slike årsverk i seksjon omsorg og rehabilitering ; a. 3,6 stillingar for sjukepleiar knytt til Korttidsavdelinga. b. 1 stilling ved Hjørundfjordheimen. c. 1 stilling ved Vartdal helsetun, Bufellesskapet. d. 1 stilling i både Solkroken og Buavdelinga. e. 2 stillingar ved demensavdelinga Bakketun. 5. Stillingane vert å finansiere ved forskottering revidert budsjett og vidare i økonomiplan/budsjett. 6. Stillingane vert å lyse ut straks.
PS 11/16 Eldredagen 2016 VEDTAK: Eldbjørg Tvergrov, Anbjørn Frislid og Brit Aarseth vart valde til å sitte i arbeidsgruppa for eldredagen. Handsaminga (5 r.f) Rekneskap frå eldredagen 2015 vart delt ut i møtet. Leiar fremja ønskje om å opprette ei arbeidsgruppe som skal jobbe med arrangering av eldredagen, beståande av 3 medlemar. Eldbjørg Tvergrov, Anbjørn Frislid og Brit Aarseth vart foreslått. Arbeidsgruppa skal utarbeide eit forslag til program, og rapportere tilbake til eldrerådet på neste møte (07.04.16). Eldbjørg Tvergrov, Anbjørn Frislid og Brit Aarseth vart valde til å sitte i arbeidsgruppa for eldredagen med 5 mot 0 røyster.
PS 12/16 Invitasjon til medverknadsmøte om framtidas primærhelseteneste VEDTAK: Eldrerådet vel fylgjande til delta på medverknadsmøte om framtidas primærhelseteneste: Toril Langlo og Amalie Hovdenakk Vara: Einar Øyehaug Leiar vil delta, og foreslår at det vert valt eit medlem i tillegg. Einar Øyehaug foreslår Amalie Hovdenakk, og seg sjølv som vara. Toril Langlo og Amalie Hovdenakk vart valde til å delta, med Einar Øyehaug som vara, med 5 mot 0 røyster TILRÅDING TIL VEDTAK: Eldrerådet vel fylgjande til delta på medverknadsmøte om framtidas primærhelseteneste: og