Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl

Like dokumenter
Samarbeidsutvalet Foreldrerådsutvalet. arbeidsoppgaver konflikthandtering SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Tilleggsinnkalling av Formannskapet

Bjørnehiet SFO - informasjon

VESTNES KOMMUNE. Saksframlegg. Endring av vedtektene for dei kommunale barnehagane - endring av sommarferietilbodet

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Saker Sak Omtale Evaluering av Temakveld. Temakveld med Barnevakten nettmobbing.

Informasjon til foreldre

AVLEVERINGSRAPPORT ETTER FOKUSOMRÅDE NR. 6. FOKUSOMRÅDE: VAKSENROLLA I HENTESITUASJONEN STANDARD: BESTE PRAKSIS

Vedtekter for skulefritidsordninga i Hemsedal kommune

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

SFO BØ SKULE SKULEÅRET

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

SAMARBEID HEIM OG SKULE

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I SELJORD

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Generell Årsplan Barnehageeininga Samnanger kommune. Saman om ein god start

VEDTEKTER FOR BARNEHAGANE I TIME KOMMUNE

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

10/60-14/N-211//AMS

Årsplan for

VELKOMSTHEFTE FOR HELLAND SFO

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

REFERAT: MØTE I FAU-VALESTRAND SKULE

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Ferieavvikling sommaren Evaluering

Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Tokke kommune. Møteinnkalling. Til medlemene i Oppvekstutvalet. Det vert med dette kalla inn til / gjort kjent med møte i Oppvekstutvalet

ÅRSPLAN FOR SFO FLATDAL BARNESKULE

OVERSIKT OVER OPPGÅVER OG ANSVAR KNYTT TIL EKSTERN VURDERING

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE. Lærdal kommune er eigar av barnehagane og har ansvaret for vedlikehald og drift.

ÅRSPLAN / INFORMASJONSHEFTE ØYE SFO.

VEDTEKTER KOMMUNALE BARNEHAGAR I VESTNES KOMMUNE

«Mestringsforventningar»

VEDTEKTER FOR RØYSMARKA STUDENTBARNEHAGE, VOLDA OG FOGDEGÅRDEN STUDENTBARNEHAGE, ÅLESUND. gjeldande frå

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

MØTEINNKALLING Tysnes kommune

3. Foreldreråd og Samarbeidsutval Kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og samarbeidsutval, jf barnehagelova 4.

ephorte 2011/777-7 Vedteke i kommunestyresak 17/12. Gjeldande frå Vedtekter for kommunale skolefritidsordninger i Aukra

Kommunereforma - Skremmande trugsel eller spennande moglegheit?

Sak Innhald Ansvar 1. Konstituering av styret

UTVIKLINGSPLAN Bø skule

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

GLOPPEN KOMMUNE Betre tverrfagleg innsats (BTI)

Velkomen til SFO på Hafslo barne- og ungdomsskule!

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Plan for Liabygda SFO

HÅ KOMMUNE MOTLAND SKULE

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185

MÅNADSPLAN GRANAT- juni og juli 2019

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 6 - Mai. Denne gongen er det Afrika Zambia som me skal ha fokus på. * * *

1: SGS : SFS 2201, SFS 2206, SFS 2208

INFORMASJONSHEFTE OM Flatdal barnehage

Granvin barne- og ungdomsskule 5733 GRANVIN Rektor mobil: Assisterande rektor mobil:

Bleiar: barn som brukar bleie tek dette med. For oss er det best å ha ein heil pakke ståande og så gir vi beskjed når det blir tomt.

Eid kommune. Saksframlegg. Kommunedelplan for oppvekst vedtak

Verdiblink kan brukast i grupper av tilsette i kommunane på ulike nivå i organisasjonen.

Praktisk informasjon om Treungen barnehage

GLOPPEN KOMMUNE Sakspapir

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

Månedsbrev Bikuben oktober 2016

Resultat trivselsundersøkinga våren 2019

ÅRSPLAN 2015 GOL BARNEHAGE AVDELING ROTNEIM (sjå også felles årsplan for Gol barnehage)

SFO 2015/16 - Hafslo barne- og ungdomsskule

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SØR-FRON KOMMUNE

3. Arealutnytting Netto leike- og opphaldsareal pr. barn i barnehagen er 5,3 m² for born under 3 år og 4 m² for born over 3 år.

MÅLEKART FOR LOEN BARNEHAGE BARNEHAGE VISJON: DET BESTE FOR BARNET-DET BESTE FOR MILJØET

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

SPØRJESKJEMA FOR ELEVAR

Vedtekter for Bokn barnehage Vedteke av kommunestyret Endra av formannskapet

VEDTEKTER FOR MODALEN BARNEHAGE

Hafslo barne- og ungdomsskule - SFO 2017/18 SFO HAFSLO - INFORMASJON

SKULEFRITIDSORDNINGA I SVEIO

Tvisteløysingsnemnda etter arbeidsmiljølova

MØTEINNKALLING SAKLISTE. Saksnr. Arkivsaksnr. Side Tittel 1/10 10/29 POLITISK KVARTER - PERSONALUTVALET

Informasjonshefte Tuv barnehage

TRIVSELSREGLAR FOR ROMMETVEIT SKULE.

VEDTEKTER GRANVIN HERAD

ØYGARDEN KOMMUNE MØTEREFERAT «SOA_NAVN»

Møtereferat Orstad FAU Dato Til stades Møteleiar Referent Sak Omtale Evaluering av FN-dagen Neste år: Økonomiopplæring for elevar

Informasjon frå Bore skule skuleåret Nr 2 - Oktober

Fogn oppvekstsenter levande og lærande

NYE VEDTEKTER FOR DRIFT AV SKULEFRITIDSORDNING I GOL KOMMUNE Gjeldande f.o.m

Vedtekter for Åmli barnehagar. Vedtatt i kommunestyret , sak K 12/185 Endringsvedtak i kommunestyret

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR I SURNADAL

Varsel om tilsyn med Lærdal kommune. Lærdalsøyri skule sitt arbeid med elevane sitt psykososiale miljø og pålegg om innsending av dokumentasjon

Fyresdal kommune Sektor for kultur og oppvekst. Plan for mottak, språkopplæring og integrering av framandspråklege elevar. for.

Kviteseid kommune. Vedtekter for dei kommunale barnehagane i Kviteseid

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Rådmannen - Samfunnsutvikling Vår ref: 2015/ Dato:

Skodje kommune. `9-e2s-sj. Valle skule og barnehage 1S-1 12,13-7. Uttale i hove budsjett 2014 og økonomiplan

Skjema for eigenvurdering

Samarbeidsmeteorolog 2017: Kva tenkjer ungdomane i Vest-Telemark om eit felles ungdomsråd?

VEDTEKTER FOR DEI KOMMUNALE BARNEHAGANE I LÆRDAL KOMMUNE

Velkomen som konfirmant!

VEDTEKTER FOR KOMMUNALE BARNEHAGAR Vedtekne i kommunestyret

Vigra skule BESKRIVING AV PROSEDYREN. Ansvar

Informasjonsfoldar Vikebygd barnehage

Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Bjørn Håvard Olsen Leiar AP Tone Gulliksen Øy Medlem SP Ellen Oddrun Smenes

Transkript:

Foreldreråd utan tilsette - Helland Barnehage 25. september 2012 kl. 20.00 Til stades: Hilde Furland Frostad (representant valt av kommunestyret), Toril Hollingsæter Alvsåker (driftsleiar), foreldre og foreldrerepresentantar frå avdelingane. Saksliste: 1. Val av foreldrekontakt med vara. Ein representant med vara frå kvar avdeling 2. Val av leiar og nestleiar (frå foreldrekontaktane) 3. Innspel frå foreldra til barnehagen si drift og aktivitet 4. Eventuelt (Dagens agenda blei godkjend.) 1. Foreldrekontaktar blei valt for alle avdelingar. 2. Val av leiar og nestleiar: Leiar: Nestleiar: Åse Rypdal (Øvre Helland barnehage) Øystein Hole (Nedre Helland barnehage) 3. Innspel frå foreldra til barnehagen si drift og aktivitet: Ferieavvikling: Generell informasjon: Ferieavviklinga var litt problematisk i sommar. Betre samarbeid er ynskjeleg. Det var dårleg respons på spørjeundersøkinga om ferieavvikling for sommaren 2012. Sommaren 2012 vart ein del prega av overbemanning. Diskusjon om neste års ferieavvikling: Spørsmål: Må barnehagen ha stengt ei hel veke om sommaren? Svar/konklusjon: Nei, ikkje nødvendigvis. Dersom det er stort behov, kan ein finne ei løysing. Dette må takast opp i dei rette instansar. Spørsmål: Må barna ha 4 vekers ferie i strekk? (Det er ulike praksisar på dette.) Det blei uttrykt ein viss frustrasjon frå foreldre om at det kan være vanskeleg å få til ferie saman med barna pga. reglane om ferieavvikling i barnehagane. Svar/konklusjon: Denne praksisen er i samsvar med gjeldande vedtekter. Ei eventuell endring av dette kan berre skje etter vedtak, men samarbeidsutvalet vil gjerne ha ein meir open

dialog om dette, og oppmodar foreldra til å komme med ønskjer. Ulike løysingar har blitt nemnt, bl.a. opptil åtte vekers ferieavvikling. Kommentar frå driftsleiar: Ferieavviklinga 2013 vil verte vidare diskutert i samarbeidsutvalet. Der vil vi sjå på muligheter for kor fleksibel vi vil kunne vere. Barna må ha fire veker samanhengande ferie etter vedtektene. For å endre på vedtektene må dei opp til politisk behandling. Om det kjem ein forespørsel frå samarbeidsutvalet kan det behandlast politisk. Studiedagar: Spørsmål: Kan skular, SFO og barnehagane samarbeide betre for å samkøyre studiedagane? Hilde svarar at dette må kunne gå an. Kommentar frå driftsleiar: Dagleg leiar på Sfo og eg har ein dialog om kva vi kan få til neste år. Vi reknar med at dette gjeld veka før skulestart der barnehagen har planleggingsdag måndag og tysdag, og skulen torsdag og fredag. Vi ser heilt klart at dette skapar problem for familiane. Vi skal difor prøve å samkøyre oss betre neste år. Men vi kan ikkje love noko, dette har noko med når vi skal starte tilvenninga i barnehagen og når lærarane startar opp igjen etter sommarferien. Bruk av fleire musikkinstrument: Forslag: Kunne bruk av fleire musikkinstrument i barnehagen vere ein god idé? Dagens musikkleik i Helland barnehage er stort sett basert på song og enkle rytmeinstrument, i tillegg til at det vert spelt musikk på CD. Ein møtedeltakar nemner at førskuleutdanninga har gitarspel som ein del av undervisninga. Forslag om litt meir avansert musikkunderhaldning/musikkleik i barnehagen vart generelt godt motteke i forsamlinga. Kommentar frå driftsleiar: Førskulelærarane har gitar-spel som ein del av undervisninga. Ein liten del av dei tilsette nyttar gitar allereie, og nokre tek oppfordringa om å nytte den meir! Leikeapparat: Innspel: Det har blitt kjøpt inn leikeapparat til leikeplassane, men dei har ikkje blitt montert. Dette bør ein få gjort. Dette kan skyldast at montørane må ha spesialkurs for slikt arbeid, og at kommunen har manglande ressursar, som ein har sett i andre tilfelle. Dette bør takast opp i samarbeidsutvalet. Kommentar frå driftsleiar: Tekniske tenester kan ikkje seie noko dato for når dei vert sett opp, men at det står på lista over ting dei skal gjere.

Diverse spørsmål om faglært barnehagepersonell, bemanning, og kvalitet på oppfølging av barna: Spørsmål: Kor mange av dei tilsette i Helland barnehage er utdanna førskulelærarar? Det var noko usikkerhet om dette på møtet, men ein kom fram til at det er berre ei avdeling der ingen av dei tilsette har førskulelærarutdanning. Kommentar frå driftsleiar: Vi er åtte(ei er i permisjon fram til nyttår) på Helland barnehage med førskulelærarutdanning. Det er to avdelingar som ikkje har utdanna førskulelærar. Innspel: Ein i forsamlinga nemnte at det har vært tilfelle av underbemanning om morgonen. Ein forsøksvis konklusjon er at dette kan ha vært et problem for enkelte avdelingar. Kommentar frå driftsleiar: Det kan ha skjedd i nokre høve der personale vert sjuke over natta, men eg trur ikkje det er noko som har skjedd ofte. Innspel: Ein annan møtedeltakar, som har eit barn med spesialbehov, ga skryt til barnehagen for svært god oppfølging av dette. Kommentar frå driftsleiar: Tusen takk! Vi er veldig glad for at foreldre opplever at dei får god oppfølging. Innspel: Spørsmål om faglært barnehagepersonell er ikkje meint som negativ kritikk. Det er naturleg for foreldra å ønskje mest mulig faglært personell. Kommentar frå driftsleiar: Vi set pris på slike spørsmål, det viser at de er opptatt av kvaliteten i barnehagen. Noko vi også er opptekne av. Innspel: Er dagens norm/ønskje om mest mogleg faglært personell blitt litt for overdriven? Kanskje kan også personar utan formell fagutdanning være dyktige og kompetente til å jobbe i barnehage. Konklusjon: Det er generell semje om at kvar avdeling bør ha minst ein tilsett med fagutdanning. Kommentar frå driftsleiar: Fleire med uformell kompetanse er svært dyktige. Samtidig har vi eit ønske om mest mogleg faglært personell. Eg er enig i at kvar avdeling bør ha ein person med fagutdanning. Fagutdanna personale i barnehagen er både barne- og ungdomsarbeidarar og førskulelærarar. Dei fleste avdelingane har ein av kvar, på nokre avdelingar er det berre førskulelærar eller berre barne- og ungdomsarbeidar. Fleire turar: Innspel: Ein møtedeltakar etterlyser fleire turar i friluft, også for dei litt mindre barna. Kommentar frå driftsleiar: Alle avdelingane har sidan slutten av september starta med turar. Dette er avhengig av tilvenninga, vi vil at barna og personalet skal vere trygge før dei legg ut på tur vekk frå barnehagen. Ofte er det nok for småbarn at dei har vore på tur rundt om i

barnehagen den første tida. Dette er det kvar avdeling som må avgjere, det er dei som kjenner barnegruppa best. Avdelingane har ein turdag i løpet av veka. Satsingsområda i avdelingane: Spørsmål: Det har lenge vore fokus på språk i barnehagen. Har det vore for einsidig fokus på få område? Kva med for eksempel fysisk fostring? Dette kan også være eit viktig satsingsområde. Svar: Hilde seier at satsingsområda er avdelingane sitt ansvar, men at det kanskje kan være aktuelt at foreldra deltek meir i utforminga av dette. Kommentar frå driftsleiar: Vi er glade for innspel på innhaldet i barnehagen. Når det gjeld språk er det eit satsningsområde for kommunen. Det er viktig med tidleg innsats i forhold til språk for at barna skal vere best mogleg rusta for skulestart. Vi tek i mot innspelet og vil ta det med når vi skal bestemme satsningsområde i neste runde. Henting/levering: Innspel: Det har vært observert nokre uheldige situasjonar i forbindelse med levering og henting av barn, spesielt dei som kommer med drosje. (Moglege årsakar til dette vart diskutert.) Det er viktig at barna blir følgd heile vegen inn og ut av barnehagen, og at ein er sikker på at dei kommer seg inn. Innspel: Det kan være vanskeleg å opne porten inn til barnehagen. Innspel/oppmoding: Ein av møtedeltakarane synest at spekulasjonar og lange diskusjonar om moglege problem er litt unødvendig, og hevdar at det er betre og meir konstruktivt å fokusere på løysingar og gode rutiner. Kommentar frå driftsleiar: Vi har rutiner for korleis levering og henting av barn skal vere, også dei som kjem med taxi. Vi har no endra på rutiner kring levering med taxi og håper at det ikkje skal oppstå uheldige situasjonar i framtida. Det er meininga at porten skal vere litt vanskeleg å opne, då barna ikkje skal greie å kome seg ut. Parkering: Avslutningsvis informerer Hilde om viktige parkeringsreglar for området rundt barnehagen: Parkering er berre tillate på oppsette plassar. Ikkje la motoren stå og gå! Ikkje parker på helikopterlandingsplassen! Kommentar frå driftsleiar: Det er viktig å ikkje sperre vegen opp til helikopterlandingsplassen! Helikopter og ambulanse kan kome på kort varsel og det vil då vere viktig med frie vegar, slik at vi ikkje hindrar deira arbeid.

4. Eventuelt: Ingen innspel. Møtet vart heva kl. 20.55. Referent: Beathe Sanden