SAK 7/0 TILSKOT/SPONSING AV REGIONALT IDRETS/KULTURARBEID Saksopplysning Utgangspunktet for saka er tre konkrete tilnærmingar:. Regionrådet har ved fleire høve drøfta ulike former for profilering og tilskot til regionale lag og organisasjonar, innan området kultur/idrett. I sak 36/0 var det ei eigen sak i forhold til Hallingdal Fotballklubb (HFK), der eit av tema var sponsor for HFK. Klubben håpar at Regionrådet ser på HFK som ein interessant medspelar for å profilera Hallingdal mot både ungdom, innbyggarane generelt og næringslivet spesielt. Det vart bestemt at Regionrådet skulle drøfte nærare innspela frå Hallingdal Fotballklubb.. I forhold til profilering av Hallingdal vart det på Hallingtinget 8.april 009 presentert ein ide med etablering av Hallingambassadørar (vedlegg ). 3. Hallingdal Kraftnett hadde på styreseminar 7..00 ei drøftingssak om sponsing av idrettslag. Dagleg leiar var invitert og deltok i drøftingane. Med bakgrunn i drøftingar kom ein fram til ei idéskisse: Hallingdal Kraftnett, eventuelt Hemsedal Energi og Regionrådet for Hallingdal etablerar ei felles tilskot/sponsordning for ein avgrensa periode. Ordninga har tre hovudelement: a. Etablere ei sponsoravtale med Hallingdal Fotballklubb (HFK) b. Etablere ei ordning med Hallingambassadørar c. Etablere ei søkbar tilskotsordning for regionale kultur- og idrettstiltak. Det vart skissert ei total kostnadsramme på kr. 5-600.000 pr. år, der Hallingdal Kraftnett, eventuelt Hemsedal Energi dekte kr. 350-400.000 av kostnadane og Regionrådet for Hallingdal dekte resten. Prosjektperioden vart foreslått til 3 år. Det vart bestemt at underteikna skulle laga ei saksutgreiing som også Hallingdal Kraftnett kunne nytte. Vurdering Etter dagleg leiar sitt syn er det m.a. følgjande argument for å etablere ei regional tilskot/sponsorordning:. Konkrete og synlege tiltak overfor unge/ungdom. Økonomisk støtte til lag/aktivitetar som ofte fell mellom to stolar, fordi det ikkje høyrer heime i ei konkret kommune. 3. Påskjønne ungdom frå Hallingdal som skapar positiv merksemd om Hallingdal (Hallingambassadørar). 4. Profilering av Hallingdal 5. Profilering av Hallingdal Kraftnett, eventuelt Hemsedal Energi 6. Skapa sterkare band til ungdom, vår framtidige arbeidskraft 7. Førebilete Med ei kostnadsramme på kr. 500.00 pr. år ser dagleg leiar for seg ei slik fordeling: Sponsoravtale med Hallingdal Fotballklubb, kr. 00.000 pr. år Hallingambassadørar, kr. 300.000 pr år (5 stk. a kr. 0.000). Tilskotsordning for regionale kultur- og idrettstiltak, kr. 00.000 pr.år. Ut frå dette vil det kunne vera aktuelt med ei fordeling, der Hallingdal Kraftnett og eventuelt Hemsedal Energi går inn med kr. 350.000 og Regionrådet går inn med kr. 50.000.
Dagleg leiar meiner at saka i denne omgang fyrst og fremst må drøftast på eit prinsipielt grunnlag, og at organisering, avtalar, retningslinjer m.m. må koma som neste skritt. Forslag til vedtak. Regionrådet for Hallingdal støttar intensjonane om å etablere ei felles tilskots/sponsorordning for idretts- og kulturaktivitetar i Hallingdal, saman med Hallingdal Kraftnett og eventuelt Hemsedal Energi.. Regionrådet for Hallingdal foreslår at det blir sett ned ei arbeidsgruppe med representantar frå Regionrådet for Hallingdal og Hallingdal Kraftnett/Hemsedal Energi. Arbeidsgruppa får i oppgåve å utarbeide konkrete løysingar for tiltaka med m.a. forslag til organisering, avtalar og retningslinjer. Regionrådet for Hallingdal sin(e) representantar i arbeidsgruppa er:.. Arbeidet frå arbeidsgruppa skal vera klart til. 3. Aktivitetsområda for ordninga skal vera: a. Etablere ei sponsoravtale med Hallingdal Fotballklubb (HFK) b. Etablere ei ordning med Hallingambassadørar c. Etablere ei søkbar tilskotsordning for regionale kultur- og idrettstiltak. 4. Regionrådet for Hallingdal vil kunne støtte tiltaket med inntil kr. 50.000 pr. år i ein treårsperiode. Ål 5..00 Knut Arne Gurigard Dagleg leiar Vedlegg : Skisseforslag Hallingambassadørar Vedlegg : Oversikt tal på HFK spelarar og bustad 00
6..00 IDEUTKAST Utgangspunkt Hallingdal treng ungdom, Hallingdal treng arbeidskraft Hallingdal er avhengig av folk som vil besøke oss Alle i Hallingdal kunne vore seljarar av regionen, men me treng større bevisstheit og motivasjon for at me faktisk er seljarar av eigen stad. Hallingambassadørar Påskjønne ungdom i regionen som skapar positiv merksemd om Hallingdal, UTANFOR regionen. Det er ikkje nok med ein flott prestasjon, det må også koma tydeleg fram at regionseljaren er stolt over eigen stad.
6..00 Kva kan me oppnå Gode ambassadørar for Hallingdal Førebilete Påskjønning Skapa sterkare band 3 Gjennomføring (eks.) Prosjekt i regi av Regionrådet 0 5 ambassadørar i aldersgruppa 6 3 år Kan vera ambassadør maks... år Eigen avtale Godtgjering Møte med Regionrådet gg. pr. år... 4
SAK 7-0, VEDLEGG Oversikt antall HFK - spillere, og bosted 00 Alder /kjønn Flå Nesbyen Gol Hemsedal Torpo Ål Hol Geilo Veggli A-lag H 0 8 4 3 = 7 A-lag D 4 = 4 Jun-lag G 0 5 4 3 = 7 Sub tot 3 9 6 6 8 = 58 X J-97 0 0 8 4 = 5 X G-97 0 3 0 6 3 3 = 5 X G-96 0 5 8 6 3 = 5 X G- 95 4 8 5 4 = 4 X G-94 0 3 4 3 = 5 Tot 7 34 30 9 8 3 5 4 = 5 X= Disse tallene er hentet fra spillerutviklingsopplegget 009. Spillerne trente en gang pr uke fra ca mars og dannet grunnstammen for Hallinglagene 009. Vi har pr dato ikke tallene og fordelingen for 00. Men vi har anslagsvis ca 75 spillere med på opplegget i år. 7. juni 00 Fredrik