MØTEPROTOKOLL Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Utval: Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 21.11.2016 Tid: kl.15:00-17:45 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og saksdokumenta vart gjort tilgjengeleg elektronisk 15.11.2016. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Eirin Bergheim Gudleik Østerbø Agnete Digranes Årvik Arne Holmefjord Parti Ap Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Ulf Lie Wenche Holmefjord Åse Margrethe Hegre Riise Toralv Huse Svein Lang. Sp Forfallet var meldt så seint at ingen vararepresentant kunne møta. Spørsmål og svar: I innkalling til møtet var det sendt ut følgjande påminning: "Har de spørsmål til sakene eller andre spørsmål, er det ønskjeleg at dei vert maila inn så snart det er mogleg slik at vi kan undersøkja før møtet." Andre som møtte: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Nestleiar Eirin Bergheim leia møtet.
Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 22.11.2016 Eirin Bergheim Nestleiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 053/2016 Godkjenning av møteprotokoll 054/2016 Busetting av flyktningar i 2017 - Nytt vedtak 055/2016 Helsesenter på Leiro 056/2016 Prosjektrapportering formannskapet 2016 057/2016 Statusrapport for bygging av idrettshall i Fusa 058/2016 Budsjett 2017 - Økonomiplan 2017-2020 059/2016 Framlegg til kommunal planstrategi for Fusa kommune 2017-2020 060/2016 Reguleringsendring av Opsalmarka - kontor, industri, lagerområde - Godkjenning av plan 061/2016 Oppstart for områdeplan for Eikelandsosen 062/2016 Ruspolitisk handlingsplan 01.01.2017-30.09.2020 063/2016 Nærpolitireforma 064/2016 Orienteringar, meldingar og open post 21.11.2016 065/2016 Eldredagen 2016 -evaluering Side 3
053/2016: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 26.09.2016 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. RAAD- 053/2016 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 26.09.2016 vert godkjent. 054/2016: Busetting av flyktningar i 2017 - Nytt vedtak Fusa kommune buset 20 flyktningar i 2017. Vedtak om busetjing av fire einslege mindreårige flyktningar i 2017 vert utsett til kommunen veit kva vi forpliktar oss til, veit om vi får busett dei vi har vedtak på å busetja i 2016 og har gjort oss erfaringar med busetjing av denne gruppa. Eirin Bergheim fremja følgjande forslag som var samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet støttar rådmannens forslag til vedtak. RAAD- 054/2016 Vedtak: Senior- og funksjonsrådet støttar rådmannens forslag til vedtak. 055/2016: Helsesenter på Leiro Fusa kommune ønskjer å flytta legekontoret og andre helsetenester til eit nytt helsesenter på Leiro. Fusa kommune går i forhandlingar med huseigar om areal og kostnad ved leige i det nye Side 4
helsesenteret. Gjensidig forpliktande intensjonavtale vert lagt fram for kommunestyret. Eirin Bergheim fremja følgjande felles framlegg som vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet ber om få til uttale skisse for planløysing i god tid før avgjerd. Me ser det som ein fordel at helsesenteret blir bygd på Leiro. RAAD- 055/2016 Vedtak: Senior- og funksjonsrådet ber om få til uttale skisse for planløysing i god tid før avgjerd. Me ser det som ein fordel at helsesenteret blir bygd på Leiro. 056/2016: Prosjektrapportering formannskapet 2016 Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Eirin Bergheim fremjar følgjande felles forslag som vart samrøystes vedteke: Til prosjekt 033 Senior- og funksjonsrådet ber om fortgang i planlegging og gjennomføring av prosjekt 033. Generelt: Senior- og funksjonsrådet påpeikar at det må utarbeidast plan for mjuke trafikantar når større byggeprosjekt vert planlagt. Senior - og funksjonsrådet tar elles saka til orientering. RAAD- 056/2016 Vedtak: Til prosjekt 033 Senior- og funksjonsrådet ber om fortgang i planlegging og gjennomføring av Side 5
prosjekt 033. Generelt: Generelt: Senior- og funksjonsrådet påpeikar at det må utarbeidast plan for mjuke trafikantar når større byggeprosjekt vert planlagt. Senior - og funksjonsrådet tar elles saka til orientering. 057/2016: Statusrapport for bygging av idrettshall i Fusa Kommunestyret tek til etterretning at Fusa kommune har avlyst anbodsrunden med delte entreprisar for bygging av idrettshall, og at Fusa kommune i staden lyser ut arbeidet som totalentreprise for idrettshall med integrert klatrehall. Resultatet av ny anbodsrunde vert lagt fram for formannskapet i første møterunde i 2017 før kontrakt vert skriven. Før budsjettbehandlinga for 2018 må det leggjast fram ei sak for kommunestyret om framtidig organisering og driftsbudsjett. Det vert i løpet av våren 2017 gjennomført ein namnekonkurranse med endeleg vedtak i kommunestyret i juni. Eirin Bergheim fremja følgjande felles forslag som vart samrøystes vedteke: Me forventar at heis er dimensjonert for store rullestoler/str. vareheis. Heile hallen må vera er framkommeleg for rullestolbrukarar og personar m/nedsett funksjonsevne. RAAD- 057/2016 Vedtak: Me forventar at heis er dimensjonert for store rullestoler/str. vareheis. Heile hallen må vera er framkommeleg for rullestolbrukarar og personar m/nedsett funksjonsevne.. Side 6
058/2016: Budsjett 2017 - Økonomiplan 2017-2020 Eirin Bergheim fremja følgjande felles forslag som vart samrøystes vedteke: Saka blir teke til orientering. RAAD- 058/2016 Vedtak: Saka blir teke til orientering. 059/2016: Framlegg til kommunal planstrategi for Fusa kommune 2017-2020 Fusa kommune vedtek kommunal planstrategi for perioden 2017-2020 slik han ligg føre i framlegg datert 10.11.2016. Eirin Bergheim fremja følgjande felles forslag som vart samrøystes vedteke: I forbindelse med samanslåing av Fusa og Os, ser vi at kommunane bruker nasjonale retningslinjer. Senior- og funksjonsråd i begge kommunar må tas med i vidare arbeid. RAAD- 059/2016 Vedtak: I forbindelse med samanslåing av Fusa og Os, ser vi at kommunane bruker nasjonale retningslinjer. Senior- og funksjonsråd i begge kommunar må tas med i vidare arbeid. Side 7
060/2016: Reguleringsendring av Opsalmarka - kontor, industri, lagerområde - Godkjenning av plan Fusa kommune godkjenner reguleringsplan for Opsalmarka GBNR 36/4 og 34/3 m.fl. datert 31.05.2016, med plan-id 1241 201302. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-12. Senior- og funksjonsrådet tok saka samrøystes til orientering. RAAD- 060/2016 Vedtak: Senior- og funksjonsrådet tok saka til orientering. 061/2016: Oppstart for områdeplan for Eikelandsosen Fusa kommune godkjenner oppstart for arbeidet med planprogram for områdeplan for Eikelandsosen. Vedtaket er heimla i kommuneplanens arealdel, og i plan- og bygningslova 12-2, 4-1 og 4-2. Eirin Bergheim fremja følgjande felles framlegg som vart samrøystes vedteke: Senior- og funksjonsrådet ynskjer å vera med i planarbeidet for områdeplan i Eikelandsosen. Vi krever derfor å bli representert i arbeidsgrupper. RAAD- 061/2016 Vedtak: Senior- og funksjonsrådet ynskjer å vera med i planarbeidet for områdeplan i Eikelandsosen. Vi krever derfor å bli representert i arbeidsgrupper. Side 8
062/2016: Ruspolitisk handlingsplan 01.01.2017-30.09.2020 Framlegg til ruspolitisk handlingsplan for perioden 01.01.2017 til 30.09.2020 og framlegg til retningslinjer vert vedtekne slik dei ligg føre. Eirin Bergheim fremja følgjande felles forslag som vart samrøystes vedteke: Senior - og funksjonsrådet tar saka til orientering. RAAD- 062/2016 Vedtak: Senior - og funksjonsrådet tar saka til orientering. 063/2016: Nærpolitireforma For Fusa kommune er det avgjerande at Fusa vert ein eigen tenestestad i den nye organiseringa av politiet i vår region. Vi meiner det er viktig for innbyggjarane at det er ei god lokal forankring mellom politiet og innbyggjarane. Då kan det ikkje bli for store avstandar korkje geografisk eller på andre måtar mellom poltiet og dei innbyggjarande politiet skal yta tenester til. Lokalt politi er ein viktig del av Fusa kommune sitt beredskapsarbeid og vi har eit svært godt samarbeid. For Fusa kommune er det viktig at dette samarbeida kan fortsetja slik at vi totalt sett er best mogeleg rusta både når det gjeld ulukker, naturhendingar m.m. Frå 2020 vert Fusa og Os ein ny felles kommune. Fusa kommune meiner difor at det er uheldig at desse to kommunane er i ulike tenesteeiningar. Fusa må vera med i same tenesteeining som Os om ein skal få ei teneleg politiorganisering frå 2020 og framover. Subsidiært meiner Fusa kommune at Fusa bør utgjera hovudkontor i ei eventuell tenesteeining for Kvam, Samnanger, Fusa og Tysnes. Fusa har hatt godt politisamarbeid med Tysnes over lang tid. Dersom det vert gjort om på tenesteeiningane må det vurderast om Tysnes også skal bli ein del av ei ny tenesteeining i Side 9
lag med Os, Fusa og Austevoll. Eirin Bergheim fremja følgjande felles forslag som vart samrøystes vedteke: Senior - og funksjonsrådet tar saka til orientering. RAAD- 063/2016 Vedtak: Senior - og funksjonsrådet tar saka til orientering. 064/2016: Orienteringar, meldingar og open post 21.11.2016 Saka vert lagt fram til handsaming. Parkeringsplassar for rørslehemma: Følgjande felles framlegg var samrøystes vedteke 30.09.2016: Senior- og funksjonsrådet tek til orientering at det no er merka opp plass for rørslehemnma ved Kommunetunet og ber om at rådmannen syter for oppfølging av resten av vedtaket: "RAAD-005/16 Vedtak: Rådet ber om at kommunen merker opp plassar for rørslehemma ved Side 10
Kommunetunet og andre kommunale bygningar etter lovverk. Rådet ber og om at kommunen ber eigarane av Fusa vidaregåande skule om å merkja plass for rørslehemma. «Til møtet 21.11.2016 var følgjande tilbakemelding motteke frå rådmannen v/teknisk sjef: "Det er merka ved Kommunetunet, og så er det frå før ein merka plass ved FBBS (skilt). Me skal forny merkinga, men det blir neppe før til våren. Ved andre kommunale bygningar er det ft. lite eller ikkje merking av parkering generellt. Der det er mogeleg kan me nok merka viss me har slikt arbeid på staden. Budsjettramma til teknisk er også slik at me må prioritera m.a. forskriftskrava til inneklima og forsvarleg vintervedlikehald av vegar og parkeringsplassar framfor parkeringsmerking, i alle fall til manglande merking av plassar for rørslehemma blir eit praktisk problem. Når det gjeld Fusa videregåande skule meiner eg den delen av vedtaket høyrer til plan- og byggesak." Instruksen for kommunespsykolog. Datatilknyting i nye omsorgsbustader. Elles vart det på nytt spørsmål om få framlagt instruksen for kommunespsykolog jf. sak nr 33/16 og 51/16. I tillegg vart det spurt etter vedtaket i sak 9/16 der senior- og funksjonsrådet la til grunn at nye omsorgsbustadar "ligger i en sone slik at datatilknytning er mulig." Agnete D. Årvik følgjer opp og spør etter desse sakene. Eldrerådskonferansen: Eirin Bergheim og Åse Margrethe Hegre Riise deltok på eldrerådskonferansen til Hordaland Fylkeskommune. Presentasjonane frå konferansen var sendt ut til seniorog funksjonsrådet før møtet. Eirin Bergheim orienterte kort i møtet og svara på spørsmål: Informasjonen om "Lyttevenn" er særs interessant. Dette temaet vert informert vidare om i kommunen og til frivilligsentralen. Bruk av velferdsteknologi var eit anna tema som også er lagt inn i budsjettetframlegget til kommunen som eit eige prosjekt. Formannskapet vert orientert om kommunen sitt prosjekt i møtet 23.11.2016. RAAD- 064/2016 Vedtak: Saka vert følgt opp slik det går fram av handsaminga. Saka vert elles teke til orientering. Side 11
065/2016: Eldredagen 2016 -evaluering Saka vert lagt fram til handsaming. Det vart orientert kort om markeringa m.a.: Stor oppslutning om arrangementet! Følgjande samrøystes vedtak vert gjort: I neste møte gjer senior- og funksjonsrådet evalueringa. Kvar enkelt medlem førebur seg til møtet: Planlegging og gjennføring av markeringa i 2016: Kva fungerte bra? Forbetringspunkt? Slik at ein får vidareutvikla konseptet og leggja eit enda bedre grunnlag for markering av eldredagen i 2017. RAAD- 065/2016 Vedtak: I neste møte gjer senior- og funksjonsrådet evalueringa. Kvar enkelt medlem førebur seg til møtet: Planlegging og gjennføring av markeringa i 2016: Kva fungerte bra? Forbetringspunkt? Slik at ein får vidareutvikla konseptet og leggja eit enda bedre grunnlag for markering av eldredagen i 2017. Side 12
Side 13