Elevinformasjon 2012-2013 Innhald Side Kart over skulen Kart over Vangen (Voss sentrum) Ved Brann Ordensreglar Fråver og permisjon - retningslinjer Persmisjonssøknad Ordningar Funksjonar Personalet Klasse og fellesrom Praktiske høve Instruks for elevråd Timeplan Skulerute 2012-2013 2 3 4 5 6 7 8 10 11 12 13 14 15 15 1
Kart over skulen 2
Kart over Vangen 3
Ved brann Lat att vindauge og dører, og forlat rommet med ein gong brannklokka ringer. Ikkje ta deg tid til å få med tinga dine ut av rommet. Gå med ein gong til parkeringsplassen ved Sylvsmidja. Hald saman i ganggruppa. Gå ikkje attende til noko hus før det er stadfesta at det ikkje brenn der. Kvart gangråd vel ein brannansvarleg som til ei kvar tid skal vete kven som bur på gangen. Ved brann skal den brannansvarlege finne ut om alle på gangen har kome seg ut. I alle rom er det montert følsomme brannvarslarar. Dei vert aktivert av røyk eller varme. Desse varslar brannvesenet og tilsynstelefonen. Handmeldarane som er plassert ved utgangane varslar brannvesenet direkte. Brannvakt Tilsynslærar går brannrunde i internata alle dager kl. 23.00, På laurdager kl 01.00 eller etter evt. arrangement. Samtidig blir det kontroll-, lukke-, låse- og slukke-runde. 4
Ordensreglar Du skal delta i fellesskapet saman med dine medelevar og tilsette ved Voss Folkehøgskule. Vanleg folkeskikk og omsorg for kvarandre gjer Voss Folkehøgskule til ein god stad å vera. Skulen sine reglar er enkle og sikrar eit godt liv for alle: 1. vis respekt og omsyn 2. ver høfleg og snill 3. møt presis og forberedt 4. hald orden 5. overhald ro-tid 6. ver opplagd og munter 7. ver totalt rusfri Oppmøte Det er frammøteplikt. Fråværet vil stå i vitnemålet. Er fråværet for skuleåret meir enn 10 %, står skuleplassen i fare. Viss du mister skuleplassen eller avsluttar før skuleslutt kan du miste dei to konkurransepoenga og låna i Lånekassen vil ikkje bli konvertert til stipend. Rektor kan i spesielle tilfelle godkjenne permisjon, til f eks eksterne oppdrag, utan at vi fører fråvær. Permisjon og planlagt fråvær Alt planlagt fråvær skal avtalast med skulen på førehand. Skjema for søknad om permisjon/ melding om planlagt fråvær får du på kontoret. Skal du overnatte utanfor skulen skal du gje beskjed før kl 2300 den dagen det gjeld. Dersom du er utanfor skuleområdet kan du sende SMS til 916 62 569 (tilsynstelefon) og du skal ha stadfesting på at beskjeden er mottatt. Orden og ro Internatrom skal haldast reine og i orden. Det gjeld eige rom, fellesrom/peisestove, internatgangar, toalett og bad. Du kan berre henge opp plakatar og bilde etc slik at veggar og møblar ikkje vert skada. Musikkanlegg må brukast utan å forstyrre andre. Det skal være ro på internatet alle dagar frå kl 2300. Respekter andre sine behov for nattero, og møt utkvilt til morgonsamling og undervisning. Ro og orden gjeld også på skulen sitt uteområde. Vi vil ha god orden og ha det reint og hygienisk på undervisningsromma; derfor kan du ikkje eta i undervisningsrom. Rusgift og røyk Ingen rusgifter/dopingmidlar er lov. Skulen er eit aktivt og kreativt kulturmiljø heilt utan rus. Du kan ikkje bruka/oppbevara/vere påverka av alkohol eller nokon andre rusmidlar. Dette gjeld på skulen og skulen sitt nærområde, på skulen sine fellesarrangement/besøk/ turar etc. Det er berre lov å røykja utandørs og på bestemte stader der det står askebeger. Snus skal kastast i søppelbøtter ingen andre stader. Reaksjonar Bryt du ordensreglane/har stort fråvær/ikkje fylgjer opp ansvarsoppgåvene dine blir du kalla inn til samtale med rektor. Rektor kan utvise deg for kortare eller lengre tid, i verste fall for resten av skuleåret, eller avgjere andre reaksjonar. Skulen har eit eige utval for behandling av disiplinærsaker. (jfr Lov om folkehøgskoler 5). Blir du utvist for resten av skuleåret, eller du sluttar frivillig, må du betale skulepengar i 6 veker frå sluttdato. En evt anke på vedtak i disiplinærsaker skal sendes styret for skulen. 5
Fråvær og Permisjon retningslinjer Frammøte Det er frammøteplikt til morgonsamling, undervisning, skulearrangement, eksterne samarbeidsprosjekt, turar etc. Fråværet vil stå i vitnemålet. Fråvær 1. All undervisning er obligatorisk. 2. Alt fråvær vert ført på vitnemålet. Fråvær vert ført i dagar og timar. 3. Fråvær over 10 % kan føra til at eleven mister sine 2 konkurransepoeng ved opptak til høgare utdanning. Det kan og føra til tap av skuleplass. 4. Kjem du for seint til morgonsamling eller anna undervisning, vert dette registrert som ein time fråvær. 5. Organisert /sjølvstendig studiearbeid, derunder skuleadministrative gjeremål, som er avtalt med rektor, inspektør eller internatleiar, reknast ikkje som fråvær. 6. når du har søkt på førehand vert følgjande ikkje rekna som fråvær: (max 15 dagar) a) Dokumentert arbeid som tillitsvald i landsdekkjande organisasjonar b) Dokumentert lovpålagde oppmøte (sesjon o.l.) c) Dokumentert organisert hjelpearbeid d) Dokumentert langvarig og kronisk sjukdom e) Dokumentert utsett eksamen med 2 lesedagar + 1 reisedag (offisielle prøvar slik som utsett/ny prøve frå eks. VGS). f) Dokumentert yrkesorientering, opptaksprøve til vidare utdaning eller jobbsøking godkjennast inntil 1 dag g) Dokumenterte seminar for elevar som er med i det lokale kulturlivet h) Velferdspermisjonar i inntil 3 dagar ved alvorleg sjukdom eller dødsfall i næraste familie eller andre som står eleven nær i) Anna spesielt fråvær med fagleg/kulturell tilknyting Permisjon og planlagt fråvær Du må søkja på førehand for å få godkjent permisjon utan fråvær. Søknaden skal leverast lærer/inspektør/rektor i god tid, og seinast tysdag kl 0900 veka før. Reglane vert alltid lagt til grunn, men det vert også utvist eit skjønn i fht til den enkelte permisjonssøknad. Planlegg du å vera vekke frå undervisninga vil vi at du melder i frå om det på permisjon/fråvær-skjemaet. Fag- og linjelærar skal alltid kontaktast; det gjeld den/dei som har ansvar for den undervisninga du skal vere borte frå. Eit viktig prinsipp er at elevpermisjonar/fråvær ikkje skal gå ut over fellesarbeidet på linja/valfag. Bortvising Når ein elev vert bortvist frå skulen, får han fråvær for perioden. Fylg je opp fråvær For å sikre at registrert fråvær er rett ført, er det eleven sitt ansvar å kontrollere og å få godkjent fråværet. Dette vert gjort i samarbeid med hovudlærar. Alle elevane som har fråvær over 5% (10 dagar), vert i brev frå inspektør/rektor gjort merksam på alvoret i situasjonen. 6
Søknad om permisjon/ Melding om planlagt fråvær 2012-2013 Namn elev Sjekk info bak på arket for rutinar! søkjer permisjon frå undervisninga frå og med dato kl og møter til undervisning frå og med dato kl Beskriv kvifor du søkjer om permisjon Eg melder frå om at eg blir borte frå skulen, og er klar over at fråværet blir ført med: dagar, timar. Eleven si underskrift Kommentar frå lærar/ internatleiar/ inspektør/ rektor: Svar på permisjonssøknad Permisjon godkjent; det blir ikkje ført fråvær Avslag / permisjon er ikkje godkjent Melding om fråvær motteke Voss Folkehøgskule Lærar/ internatleiar/ inspektør/ rektor 7
Ordningar Opphald utafor skuleområdet etter kl. 23.00 Dersom du ikkje skal overnatte på skulen må du gje beskjed til skulen. På postrommet/ branntavlerommet er det ein eigen fråværstavle der du har ansvar for å melde fråvær. Dersom du må melde fråvær når du ikkje er på skulen sitt område må du sende SMS til tilsynstelefonen og få stadfesting frå tilsynslærar at beskjed er mottatt. Besøksordning Økonomi Forsikring Om du skal ha overnattingsgjester, må du gje melding om dette på kontoret 2 dagar på førehand for å sjekke om vi har plass til gjester (skjema på kontoret). Du skal og gje beskjed til tilsynslærar om at du har besøk. Gjesten kan overnatte på eleven sitt rom. Bur du på dobbeltrom, må dette avtalast med den du bur saman med. For overnatting på elevrom betalar gjesten kr 300,- pr. døgn som og inkluderer alle måltid og sengetøy. Utan sengetøy betalar gjesten kr 200,-. Gjester fylgjer skulen sine reglar. Du er ansvarleg for at gjesten betalar. Du betalar på kontoret. Gjester som ikkje skal overnatte, må dra før kl. 23. Pris pr. måltid for gjester som ikkje skal overnatte er: Frukost kr 30,- / Middag kr 50,- / Kveldsmat kr 30,- Retningsliner for betaling av skuleopphaldet er gjeve i eit eige skriv som du fekk tilsendt i sommar. Hugs: ved for sein betaling, vert det rekna rente med 0,8% per månad. Rekningar som ikkje vert betalt innan fristen vert sende til inkasso etter fem veker. Når det gjeld lån og lånevilkår sjå www.lanekassen.no. Du er forsikra mot skader/ulykker som hender i samband med undervisninga så lenge du er elev ved Voss Folkehøgskule og er her i landet. Dei private eigedelane dine er ikkje dekka av skulen si forsikring. Å bu på internat er ei forandring for mange og ei stor utfordring. Internata er ein viktig del av folkehøgskulen sitt pedagogiske opplegg. Vi sett difor krav til deg når det gjeld reinhald, orden og omsyn til medelevar og tilsette. Ta omsyn til dei du bur i lag med og til rommet du bur i. Andre skal ha rommet ditt etter deg. Du vert økonomisk ansvarleg om det er skader på rommet som ikkje kan reknast som vanleg slitasje. Fest nylonsnøre/ tråd i dei smale listene oppe på veggen, og heng bilete/ting i desse. Treng du hjelp til dette kan du snakke med vaktmeister Kjetil. Bruk klebekitt til lettare ting du ynskjer å hengje opp. Bruk ikkje tape, teiknestiftar, spikar eller liknande på vegger eller dører. Flytt ikkje på fast inventar utan avtale med internatleder (seng, skrivebord, skåp) Nokre rom har sprinklaranlegg. Anlegget har dyser som lett løyser ut ved varme og berøring. Heng ingenting i sprinklaranlegget! Byte av rom skjer berre i samråd med internatleiar og rektor. 8
Vask og reinhald Alle vaskar romma sine sjølve og held dei i orden. Medbuarane på gangen har ansvaret for å halde korridor, trapper, dusj og toalett reine og ryddige. Den praktiske organiseringa av dette arbeidet går føre seg på gangråd. Klesvask og tørking Det er vaskeri i 1. etg. Midtgard og kjellar på Jomsborg. Bruk av vaskemaskin er inkludert i skulepengane. NB: Les instruksjonane for bruk av vaskemaskin og tørketrommel! Feil ved maskinene skal meldast til vaktmeisteren umiddelbart. Arbeidsgrupper/ Gul Garde Avfall Det vert organisert grupper for kjøkkenarbeid og anna reinhald på skulen. Alle elevane er med i ei slik arbeidsgruppe to til tre veker i løpet av skuleåret. Du vil få instruks for desse oppgåvene seinare. Osmine (kjøkkenleiar) har ansvar for gruppa. Midtgard tømmer boss og bio-boss bak kjøkkenet. Jomsborg tømmer boss og bio-boss ved låven. Papp, papir, glas og metall skal i bossrommet ved sida av kjøkkenet. Oppbevaring av skiutstyr, syklar, emballasje m.m. Syklar: oppbevarast i sykkelskur og utafor Jomsborg. Hugs å låsa sykkelen! Ski og brett: dei som bur på Jomsborg, nyttar skistall under Nedigard. Dei andre brukar skistall bak Midtgard. Ski og brett skal ikkje vera på rommet eller i gangane! Preparering av ski og liknande: I skistall under Nedigard. IFog SE har eigne rom i låven). Emballasje oppbevarast i Midtgard 3 etg.: i kott på rommet. 1. og 2. etg.: i bur i fyrste etg. Midtgard, i Jomsborg: rom 216. Skytevåpen og ammunisjon skal oppbevarast i eige våpenskåp Røyking Alle bygningar på Voss Folkehøgskule er røykefrie, både internat og andre bygningar. All røyking skal vera på fylgjande plassar Nederste platå på trappehuset Midtgard. Ved sykkeloppstillinga på Jomsborg. Det skal haldast orden på røykeplassane Snus skal berre kastas i bosskasser. 9
Hovudlærar Funksjonar Kvar linje har ein hovudlærar. Erlend for Musikk, Amund for Idrett og friluftsliv, Alrik for Film og foto, Kristin for Data, Arild for Frisport, og Torgeir er hovudlærar for Seniorsløyd (dagtidselevane). Hovudlærar har fylgjande oppgåver: koordinering av linjeaktivitetane mottakar av meldingar om planlagt fråvær ansvar for føring av fråvær Internatleiar/husmor Internatleiar Kiss har ansvaret for drifta av internatet. Internatleiar hjelper til når elevar vert sjuke. Om du vert sjuk, tek du kontakt med Kiss, anten sjølv eller gjennom ein med-elev. På kvelds- og nattetid og i helgane, tek du kontakt med tilsynslærar. Vil du ta med mat frå kjøkkenet til den som er sjuk, gjer du det etter middagen. Tilsynslærar Tilsynslærarfunksjonen går på omgang mellom lærarane. Det er minst ein tilsynslærar ved skulen kvar dag. Det er han/ho du skal vende deg til om du har praktiske problem eller spørsmål på ettermiddagstid og i helgene. Det står namn ved inngangsdøra til kontoret om kven som er tilsynslærar og kvar han/ho er å finne. Tilsynslærar har telefon: 916 62 569 etter kl 1600 Skulen sitt nummer er: 5652 9040 Vaktmester/brannvernleder: 905 66 395 Kjetil vaktmeister/driftsleder/brannvernleiar Vaktmeisteren skal ha melding om alle skadar og feil på skulebygningar og utstyr. Skriv meldinga på ein lapp og legg han i vaktmeisterkassa i postrommet. Kontoret Kontoret er ope for elevane 0800 0830, 1200-1230 og 1400-1600. Kontorleiar: svarer på spørsmål om lån og stipend mm leverer ut verdipost låser inn verdisaker i safen følger opp betaling av skulepengar; vi har betalingsterminal på kontoret skal kontaktast i samband med økonomi og innbetalingar 10
Administrasjon Rektor: Inspektør: Kontorleiar: Internatleiar/husmor Internatleiar: Kjøkken Kjøkkenleiar/kokk: Kokk: Kjøkenassistent: Kjøkenassistent: Reinhald: Reinhaldar: Vaktmeistar: Vaktmeistar: Lærarar Alrik Velsvik Amund Sletner Jon (Jebbe) Sundan Kristin Opsum Arild Tvilde Erlend Furuseth Jenssen Torgeir Lirhus Jon Grendahl Personalet Lasse Sandberg Irene Nesse Arvid Børve Kirsten Gjersvik (Kiss) Osmine Austbø Mariann Hegle Almeland Anne Grete Hellesnes Irene Veka Mo Watsana Norekvål Kjetil Dyrvik lærar Film og Foto lærar Idrett og Friluftsliv lærar Idrett og Friluftsliv lærar Data lærar Frisport lærar Musikk lærar Seniorsløyd lærar Seniorsløyd Miljøarbeidarar Anna Bårdsen Hesjedal Bastian Veland Andreas (Andy) Gonzales Winjum Henrik Bogstad Christoffersen Miljøarbeidarane har og ansvaret for aktiviteter på fritida, kiosk, lyd og lys mm. Ganglærarar Lærarane har ansvar for kvar sin internat-gang. Gangråd Kvar gang på internatet har eigen ganglærar og vel ein eigen gangsjef og brannsjef Gangsjefen leiar gangrådet saman med ganglæraren. Det skal mellom anna få livet på internata til å gli. Dei vert difor viktige når det gjeld: trivselsfremjande tiltak på internatet organisering av vask og reinhald av gang og fellesrom drøfting av konfliktar i skulemiljøet I tillegg har gangrådet ansvar for: førebuing og gjennomføring av elevkveldar førebuing og gjennomføring av morgonsamlingar 11
Klasse- og fellesrom Peisestova Peisestova er fellesrommet vårt. Her finn du elevkiosken som vert driven av miljøarbeidarane. Her får du kjøpa vanlege kioskvarer. Ta omsyn til at det er mange som skal ha det triveleg her hald orden! Matsalen Frukost: Kvardager 0745-0815 Laurdag 0745-0815 Sundag 0900 1000 Det kan være endra tidspunkt for måltida i fri-helger Føremiddagsmat: Kvardager 1130-1230 Middag: Kvardagar og sundagar 1600 Laurdag 1300 Sundag 1600 Middagen er eit fellesmåltid der me opnar og avsluttar i lag. Møt presis! Kveldsmat: Kvardagar og sundagar 2000 2030 Laurdag 1830 1900 Bestikk, koppar, tallerkar og dekketøy skal ikkje ut av matsalen! Undervisningsrom og salar Undervisningsrom og spesialrom kan du nytte fram til kl. 23.00. Nokre spesialrom er berre for elevar knytt til dei linjene som til vanleg nyttar dei. Av omsyn til orden og hygiene skal du ikkje eta i undervisningsrom og salar. 12
Praktiske høve Telefon Tilsynstelefon (mobil) 916 62 569 Driftsleder/brannvernleder 905 66 395 Skulen sitt nummer 5652 9040 Lege Taxi Legevakt 5651 3000 Voss Taxi 5651 1340 Apotek Apotek er opent frå 0900 1700 Post Post vert lagt i hyllene på postrommet og kan vanlegvis hentast etter kl 1230 Voss Postkontor Kvardagar 0830 1700 Laurdag 0830 1500 Minibankar og bank Minibankar finner du mange av på Vangen. Opningstida bankar på Vangen: Kvardagar 0830 1500 Torsdag 0830 1630 Laurdag stengd Voss Folkeboksamling Måndag og fredag 1100 1600 Tysdag, onsdag og torsdag: 1100 1900 Laurdag: 1100 1500 Parkering Parkeringsplassar for elevane er ved gymnastikksalen. Parkeringsplassane på Låvebrua og framfor Midtgard er reserverte for dei tilsette ved skulen. 13
Instruks for elevråd Elevrådet er fellesorgan for alle elevane. Elevrådet er i arbeidet sitt bunde av lov, forskrifter og målsetjinga til skulen. Det skal saman med andre råd arbeide for å skape trivnad og gode samarbeidstilhøve på skulen. Elevrådet skal ta seg av elevane sine interesser, og fremje desse andsynes rektor, personalråd, lærarråd og styre. Elevrådet uttaler seg i saker som blir lagt framfor det og i andre saker det ønskjer å ta opp. Det kan gje råd og kome med framlegg til rektor og dei andre råd på skulen. Elevrådet peiker ut elevane sin representant og vararepresentant til styret for skulen. Elevrepresentanten har funksjonstid frå 1. oktober til 31. september. Elevrådet skal veljast før ein månad av skuleåret er gått. Ved heilårskurs skal det til vanleg haldast nytt val når halve kurset er over. Valet skal vere skriftleg og kunngjerast minst tre dagar føreåt. Rektor eller ein annan som han utpeikar, syter for at det blir halde val. Elevrådet skal ha minst 5 medlemmer med vararepresentantar. Begge kjønn skal vere representerte i elevrådet, med ei rimeleg fordeling. Alle er pliktige til å ta imot val, men det er høve til å nekte attval. Leiaren vert vald ved særskilt val. Elevrådet vel sjølv nestleiar, sekretær og kasserar. Elevrådet kan på eige initiativ sette ned underutval og nemnder. Elevrådet held til vanleg møte minst to gonger i månaden, og er vedtaksført når minst 2/3 av medlemmene er til stades. Det skal til vanleg sendast ut saksliste minst to dagar før kvart møte og førast møtebok etter vanlege reglar. Elevrådet tek avgjerd i saker i samsvar med eventuelle fullmakter frå styret for skulen. Vedtak kan ankast inn for styret. Minst to gonger i skuleåret skal det vere fellesmøte mellom elevråd og lærarråd og mellom elevråd og kjøkken. Rektor, i samråd med leiaren i lærarrådet/kjøkkenleiar og leiaren i elevrådet, kallar inn til slike møte. Elevrådet kan, for å høyre elevane si meining, kalle inn til elevmøte. Det skal vera skriftleg saksliste til slike møte. Saker som skal fram på elevmøtet må gå gjennom elevrådet. Når det gjeld kortkurs, må skulane finne fram til høvelege ordningar med tillitsvalde. 14
Timeplan og skulerute Voss Folkehøgskule skuleåret 2012/2013 Måndag Tysdag Onsdag Torsdag Fredag Laurdag 0745 0815 Frukost 0830 0850 Morgonsamling 0900 1035 Linjetid Valgfag Linjefag Linjefag Valgfag Laurdagstema 1045 1130 Hustime / Rektors time Forum 1130 1230 Lunsj 1230 1415 Kor Gangvask Lærerråd Linjefag Linjefag Valgfag Middag 1300 1430 1530 Gangmøte 1400 Bevegelse og leik 1600 Middag 1700 2000 Aktivitetar 2000 2030 Kveldsmat Aktivitetar Kveldsmat 1830 Skulerute hausthalvåret 2012 August 26 sundag skulestart September 15-16 laurdag & sundag fri Oktober 6 haustfest for elever og foreldre/familie 7-14 laurdag - sundag haustferie November 10-11 laurdag & sundag elevstemne 24-26 laurdag - måndag fri Desember 7-8 fredag & laurdag reise på besøk til Hardanger fhs 20 juleavslutning heimreise skulen stengjer kl 12 Skulerute vårhalvåret 2013 Januar 4 fredag skulestart skulen opnar 3 jan kl 17 26-27 laurdag & sundag fri Februar 15-24 laurdag-sundag vinterferie Mars 23- laurdag påskeferie skulen stengjer 30 apr kl 17 April -2 -tysdag påskeferie skulen opnar 2 apr kl 17 27-28 laurdag & sundag fri Mai 11 laurdag open dag & avslutningsfest m foreldre/fam. 14 avslutning avslutning og konsert; bare elever 15 onsdag avreise skulen stengjer kl 12 NB! Datoane viser fridagar frå og med til og med. Merk: forbehold om endringer 15