1905 - Gaular kommune



Like dokumenter
Hyllestad kommune

Leikanger kommune

Høyanger kommune

Solund kommune

Førde kommune

Askvoll kommune

Luster kommune - gamle Hafslo kommune

Hornindal kommune

Sogndal kommune

Jølster kommune

Luster kommune - gamle Jostedal kommune

Gulen kommune

Gloppen kommune

Aurland kommune

Bremanger kommune

Flora kommune

Spørsmål frå leiar i tenesteutvalet:

Vik kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Naustdal kommune

Serviceskyssen - eit inkluderande tilbod Vårkonferanse Mandal 1

«Ny Giv» med gjetarhund

Eid kommune. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane 2005

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

M/S NYBAKK SI HISTORIE

Uke:18 og 19 Navn: Gruppe: G

RANDA Slekt- henta frå Gaularsoga bygdebok for Sande (side )

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2013/2014

Stryn kommune

Styret har vore samansett slik i 2012 :

SERVICESKYSSEN -EIT INKLUDERANDE TILBOD

LOV nr 03: Lov om norsk riksborgarrett 1

Til deg som bur i fosterheim år

Her starta det. Og her feira dei grunnlova sist helg

UNDERSØKING OM MÅLBRUKEN I NYNORSKKOMMUNAR RAPPORT

Velkomen. til kulturbygda. Lærdal

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Protokoll styremøte Landbruk Nordvest

Bustadområde i sentrum. Vurdering

REFERAT FRÅ ÅRSMØTE I FARNES SKYTTARLAG, 29. OKTOBER 2009

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

BRUKARRETTLEIING FOR ELEKTRONISK SKJEMA SØKNAD OM STATSTILSKOT TIL POLITISKE PARTI... 2 GENERELLE OPPLYSNINGAR LES DETTE FØRST...

Kom skal vi klippe sauen

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Evaluering og framtidig engasjement i Nor-Fishing

REGIONRÅDET FOR HALLINGDAL MEDLEMSKAP I LANDSSAMANSLUTNINGA AV NYNORSKKOMMUNAR (LNK)

Jon Fosse. For seint. Libretto

LOV FOR BONDEUNGDOMSLAGET I OSLO. (Skipa 15. oktober 1899) (Lova sist endra 18. mars 2015)

No sprett knuppane og sevja stig

Innkalling til ekstraordinært møte i Bystyret

ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

Fjaler kommune

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Årsmelding Samlagsstyret har vore: Jostein Bjørke, leiar Nils Gunvald Hamre, Røldal nestl. og leiar i Ungdomsutvalet Vara.

Grytubakkahreppur, Grenivik, vennskapskommunen til Stryn på Island

Styresak. Ivar Eriksen Oppfølging av årleg melding frå helseføretaka. Arkivsak 2011/545/ Styresak 051/12 B Styremøte

Vedlegg 1: Heimelsoverføring og krav om deling Side 1 av 19

Rettleiing for revisor sin særattestasjon

Balestrand kommune

Vidar Kristensen Illustrert av Lars Tothammer. leseser ie Nynorsk. Norsk for barnetrinnet

MØTEBOK. Desse møtte: Dorthe Huitfeldt, Halvor Fehn, Jarle Nordjordet, Tor Aage Dale, Marit Jordtveit

Stortings- og sametingsvalet 2017

Kort om føresetnadene for folketalsprognosen

Stadnamn for Luster bruk av stadnamnbasen på Internett

KOMPETANSEHEVING FOR NYE FRUKT- OG BÆRDYRKERE

SEREMONIAR OG FESTAR I SAMBAND MED HUSBYGGING

Last ned Året 1905 i Sogn og Fjordane. Last ned. Last ned e-bok ny norsk Året 1905 i Sogn og Fjordane Gratis boken Pdf, ibook, Kindle, Txt, Doc, Mobi

Vedrørande val av utsendingar til KS sitt Fylkesmøte, KS Landsting og val av medlemmar til KS Sogn og Fjordane sitt fylkesstyre.

GLOPPEN KOMMUNE SAKSPAPIR

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Lærdal kommune

ÅRSMELDING. for Rasdalen grendalag 2008/2009

Talet på bedrifter innan eigedom har auka særleg sterkt i nokre av regionane rundt Bergen.

RETTLEIAR BYGGSØK. Søknad om tiltak utan ansvarsrett PBL 20-2

Årsrapport frå opplæringskontor i Hordaland om opplæring av lærlingar og lærekandidatar (Lærebedriftene skal bruka eit eige skjema.

Med god informasjon i bagasjen

Referat frå årsmøtet i Leikarringen i Bondeungdomslaget i Oslo 25. februar 2014 i Lagsrommet, Rosenkrantz gate 8 kl. 19

Riksregulativet for ferjetakstar - høyring

Opplæring i bruk av Datafangstportalen informasjon om innlogging og dokumentliste

Brukarrettleiing E-post lesar

Overdraging av fallrettane i Huldefossen, Førde kommune, til Sogn og Fjordane Energi AS

Olsoksstemnet skyttarstemne med lange tradisjonar

Set inn passande preposisjonar. Sjå biletet på førre side. Nokre må du kanskje bruke fleire gonger.

Informasjonsbrosjyre SOGNDAL STUDENTBARNEHAGE

Høyringsfråsegn: Søknad om løyve til bygging av Marka kraftverk i Førde kommune.

Du kan skrive inn data på same måte som i figuren under :

Tormod Haugland Straumen går Dikt FORLAGET OKTOBER 2012

Flaggreglement. for. Fjell kommune

Brukarrettleiing. epolitiker

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

SKAL DU SEIE DI MEINING OM KOMMUNE- REFORMA!

Fyll ut alle felt så godt, kort og presist som mogleg.

GISKE OS øydelagd av orkanen Dagmar. Tekst: Kjell Mork Soot. Foto : Lars Petter Folkestad

Kvifor kan ikkje alle krølle tunga? Nysgjerrigperprosjekt kl Davik Oppvekst

Framveksten av demokratiet i Sogn og Fjordane

Samarbeid mellom Mattilsynet og kommunehelsetenesta ved mat eller vassboren smitte.

Notat om historie og kulturlandskap

SØKNAD OM STØTTEKONTAKT

KULTURMINNE I INSTEDALEN.

Transkript:

Side 1 av 6 Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundreskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Her ser vi tønnefabrikken til Johan Bjørvik. Framme i biletet ser vi Sivertsens hotell. Lyder Sivertsen eigde og dreiv hotellet i 1905. Her var både landhandel og skysstasjon og postopneri i tillegg til hotelldrifta. Lenger bak ser vi Sande kyrkje, bygd i 1864 av byggmeister John Saftland, arkitekt: J. Lindstrøm. 1905 - Gaular kommune I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Gaular kommune. Gaular kommune i 1905 Indre Holmedal var namnet på kommunen i 1905. Det var 3 kyrkjesokn i kommunen: Bygstad, Sande og Vik Ved kongelig resolusjon 6. oktober 1911 vart kommunenamnet endra til Gaular. Sersjant Anders Ousen (1865-1931). Ordførar i Gaular 1902-1909. Han var sersjant og hadde ei rekkje offentlege verv. Sokneprest i Gaular 1903-1921, Gunnar I 1900 var folketalet 3529. Den viktigaste næringa var landbruk, men her var og andre næringsvegar. Det var småindustri med utgangspunkt i handverkstradisjonar, som farging, garving, og ikkje minst bøkring (tønneproduksjon). I 1905 var det 2 tønnefabrikkar. Det var O.A. Lundes tønnefabrikk i Eidevik og brørne Berge sin fabrikk på Kviteneset. Mange bønder dreiv og med bøkring heime og fekk viktige ekstrainntekter frå det. Gaular hadde 5 meieri i 1905: Bygstad Meieri, Hjelmeland Meieri, Lunde Meieri, Nes Meieri og Birkeland Meieri. Gaular fekk sparebank i 1895 under namnet Indre Holmedal Sparebank. I Bygstad dreiv Mons Johnsen eit fargeri. Det var postopneri i Bygstad, Sande og i Viksdalen. I tillegg opna eit nytt brevhus i Horsevik 1. oktober 1905. Kommunen hadde 3 rikstelefonstasjonar: Langeland, Viksdalen og Bygstad. Kommunikasjonar i Gaular 1905 Fylkesbaatane hadde stoppestad i Bygstad og Sunde. Det var om lag 10 landhandlarar i kommunen: i Bygstad, Eidevik, Osen, Sveen, Sygna, Sande (2), Eldalsosen, Horsevik, og Viksdalen. I høve til mange av nabokommunane var vegnettet etter måten bra utbygd for si tid. Hovudvegen nord-sør i fylket gjekk gjennom kommunen. Dette var sambansdvegen

Side 2 av 6 Abelsen Gloppestad (1848-1921). Gloppestad var ein omstridd prest, som kom på kant med misjonsfolket i Gaular. I Bygstad voks det på 1890-talet fram ei rekkje forretningsverksemder: Landhandlarar, bakeri, meieri, tønnefabrikkar og hotell. I framgrunnnen til venstre ser vi Bygstad hotell på Kviteneset, oppsett av brørne Knut og Ivar Berge kring 1900. mellom Sogn, Sunnfjord og Nordfjord. I tillegg gjekk det m.a. kommuneveg mellom Osen og Viksdalsvatnet. Kommunen hadde 4 skysstasjonar: Horsevik, Sande, Eidevik og Langeland. Kommunen hadde 3 hotell: Bygstad Hotell, Lundes Hotell og Sivertsens Hotell. Gaular hadde felles doktor med Kyrkjebø kommune. Doktoren heldt til i Vadheim. Andre saker og hendingar enn unionsoppløysinga Unionsoppløysinga var den store saka gjennom heile året 1905, men mange andre saker var også oppe i tida. Målsaka - arbeidet for meir bruk av nynorsk -, engasjerte mange, og utvandringa til Amerika. Jernbane til Sogn var ei aktuell sak. Bergensbana var under bygging og i 1905 køyrde det fyrste toget gjennom Gravhals-tunnelen. Spørsmålet om ei sidebane ned til Flåm vart ofte diskutert. Ei anna viktig sak var helsestellet. Mange var opptekne av det dei oppfatta som den dårlege legedekninga i Gaular. Folk måtte heilt til Vadheim for å få legehjelp. Der hadde distriktslegen sin kontorstad. Det vart arbeidd for å få ei telefonline frå Vadheim til Sande, slik at folk hadde høve til å kontakte doktoren frå Sande. Dette kom i 1908. Ein privatpraktiserande lege heldt til i Bygstad. Doktor Alf Harlem dreiv privatpraksis i Bygstad i åra 1903-1907. Men han var dyr å konsultere. 1913 vart Gaular eige legedistrikt, og i 1915 kom den første doktoren med kontorstad Sande. Sivertsens hotell vart omgjord til doktorbustad. I 1905 var telefon eit nytt fenomen i Gaular. Televerket hadde i 1902 bygd ut rikstelefonnettet i Indre Sunnfjord. Viksdalen fekk rikstelefonstasjon 20.11.1902, Bygstad 2 dagar seinare, og Langeland 2 dagar deretter, den 24.11.1902. Først i 1908 fekk Sande rikstelefonstasjon. Den nye kongefamilien, Haakon VII, dronning Maud og kronprins Olav, kom til Norge 24. november 1905. Strid mellom leg og lærd Det var og mykje snakk om dei sterke motsetningane mellom prest og lekfolk i Gaular. Fleire av prestane i Gaular hadde eit anstrengt forhold til den sterke lekmannsrørsla i Gaular. Sokneprest Gunnar A. Gloppestad - prest i Gaular frå 1903 til 1921 - var ein av dei. Han kom raskt på kant med indremisjonsfolket. Det gjalt først og fremst lærespørsmål. Det var ein utbreidd skepsis til Gloppestad si bibeltolking i mange misjonsforeiningar. Men og det at Gloppestad var motstandar av målsak og fråhaldssak auka skepsisen. Turismen var ei næring i vekst. Kommunen hadde 3 hotell og fleire skysstasjonar som tok overnattingsgjester. Mange engelske laksefiskarar kom for å prøve fisket i Gaula. Samvirketanken var etter måten sterk i Gaular. Her var som nemnt 5 meieri. I tillegg var det smørlag i kommunen. Året før vart det etablert eit kjøpelag for bøndene i Bygstad: - Bygstad Landboforening. Foreininga fekk raskt over 100 medlemer. Gjennom felles innkjøp av maskinar, såfrø, gjødsel o.l. fekk medlemane betre rabattar enn viss dei stod åleine. Tønneproduksjon

Side 3 av 6 Svært mange i Gaular var involverte i tønneproduksjon. Tønneproduksjonen i Gaular voks kraftig i åra kring 1905. Fiskeria hadde teke seg opp att kring århundrskiftet, og åra fram til 1920 var ein gullalder for tønneproduksjonen i Gaular. Ikkje berre var det etablert fleire fabrikkar, men mange gardbrukarar held fram med å produsere tønner heime på gardane. Sjølv om det gav sårt tiltrengte inntekter, var dette og ei kontroversiell næring. Fleire hevda at tønneproduksjonen gjekk ut over landbruket, som A. Øen i bladet "Bondevennen": "Det er neppe formeget naar jeg sier, at der i herredet aar om andet tilvirkes omkring 100 000 tønner, halvtønder, fjerdinger og dunker. At dette indbringer en større sum penge er selvsagt; men jeg tror neppe, det vil formaa i større udstrekning at bygge op varig velstand i bygden. Avsetningen sker til handelsmændene og for det meste mot varebytte. Folk kjøber paa denne maade ogsaa meget, som de burde avle på sine bruk." Nokre nøkkelpersonar Anders Ousen (1865-1931) var ordførar i kommunen 1902-1909. Han var sersjant og hadde ei rekkje andre verv. Ousen var m.a. med i styret for Gaular Sparebank. Der var han og kasserar i ein periode. Vidare vart Ousen hausten 1905 konstituert som lensmann i Gaular, pga lensmann Wollert Hermann Foss Meidell (1842-1905) sin bortgang 18. august same år. Gunnar Abelsen Gloppestad (1848-1921) var sokneprest i prestegjeldet frå 1903 og til han døydde i 1921. Andre nøkkelpersonar i kommunen var Ola Andersson Lunde. Han vart fødd 1848 på garden Lunde. Gifta seg 1870 med Synneva Birkeland. 8 born. Lunde døde 1908 i Eidevik. Han var ein av sin tids fremste forretningsgründarar. Har starta opp med landhandel på Lunde i 1872. Seinare flytta han til Eidevik i Bygstad, og etablerte landhandel og postopneri der. Han bygde "Lundes Hotel" og dreiv bakeri og jektefart og mykje anna. I 1903 Bygde O. A. Lunde tønnefabrikk i Eidevik. Brørne Knut Berge (1852-1933) og Ivar Berge (1856-1914) etablerte og ny verksemd i Bygstadområdet. I 1897 kjøpte brørne eigedomen Kviteneset frå garden Leirvik. Dei starta og tønneproduksjon og hotelldrift. Jens Olai Larsson Njøsen (1875-1932) var og ein av forretningsgründarane i Bygstad. Han starta opp i 1898 med landhandel på Reita. I 1905 bygde han nytt forretningslokale på garden. Verksemda på Reita var starten på ei karriere som inkluderte etablering av tønnefabrikk (1916), meieri (1925) og margarinfabrikk (1931). Lag og organisasjonar Gaular hadde eit rikt lags- og organisasjonsliv i 1905. Foreiningane spreidde seg over eitt vidt felt. Men dominerande både i tal foreiningar og medlemer var dei ulike misjonsforeiningane. Om lag 20 misjonsforeiningar eksisterte i 1905, med til saman fleire hundre medlemer, mange av dei kvinner. Gaular var truleg ein av kommunane i fylket med flest foreiningar i høve innbyggjartal.

Side 4 av 6 Fleire av dei frivillige organisasjonane engasjerte seg sterkt i unionssaka, særleg ungdomslag og skyttarlag. Og i Gaular var det mange slike. Vi veit i alle fall om 8 ungdomslag som var aktive i 1905: Fjorden Ungdomslag, Heimdal Ungdomslag, Bygstad Ungdomslag, Ungdomslaget Breidablikk, Skudal Ungdomslag, Varden Ungdomslag, Bjørvikstranda frilynde Ungdomslag og eit frilynd ungdomslag i Eldal. Skyttarrørsla stod og sterk i kommunen. Det var 5 skyttarlag i 1905: Standnes Skyttarlag, Birkeland Skyttarlag, Skyttarlaget "Bjørnen", Bygstad Skyttarlag og Gaular Skyttarlag. I tillegg fanst det ei rekkje kristelege barne- og ungdomslag, fråhaldslag/-losjer mm. Her var og aktive partilag for både Venstre og Høgre. Kyrkja si rolle i Gaular 1905 Kyrkja hadde fleire viktige funksjonar i unionsåret 1905. Kyrkja var ein offentlege arena i ein heilt annan grad enn tilfellet er i dag. I Gaular las sokneprest Gloppestad opp Stortinget si kunngjering til det norske folk under ei gudsteneste i Viksdalen kyrkje den 12. juni. Av presten si dagbok kan vi og sjå at han søndag 13. august i Sande kyrkje på røystedagen for ja/nei til unionen, hadde ein "Redegjørelse for folkeafstemingens betydning". Det same hadde Gloppestad på valdagen 12. november. Då skulle ein røyste om republikk eller monarki. I kyrkja vart det og lese opp kunngjeringar frå valstyret om sjølve valavviklinga i Gaular. Vala vart haldne i kyrkjene i Gaular. 7. juni 1905 7. juni 1905, dagen då unionen vart oppløyst, var ein onsdag og vanleg kvardag, men folk venta i spaning på siste nytt frå hovudstaden og Stortinget. Etter kvart som nyhendet vart kjent, heiste folk flagget og somme stader sende dei helsingstelegram til styresmaktene. Stortinget sende ut ei kunngjering om unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet sende oppmoding til prestane om å lesa opp kunngjeringa i kyrkjene fyrste pinsedag, den 11. juni, eller seinare. Folkerøystingane - røysterett og valstyre Det var to folkerøystingar i 1905: Søndag 12. og måndag 13. november då folket skulle svara ja eller nei til om Stortinget skulle utkåra ein konge. I røynda var dette eit val mellom kongedømme og republikk. Indre Holmedal valsokn tilsvara dåverande Indre Holmedal kommune. Den 3. august 1905 innkalte mantalsføraren for Gaular lensmann W. Meidell formannskapet til møte. Her vart det Indre Holmedal valstyre utnemnd. Valstyret var samansett slik: lensmann W. Meidell (formann), Anders Ousen, S. O. Næs, Henrik Lunde, Nils I. Hestad, O. O. Døskeland, Halvor Lervig og Oluf Hjelmeland. Stemmestyret for Vik og Bygstad var høvesvis Nils I. Hestad og Oluf Hjelmeland. Ved folkerøystinga 12. og 13. november kom Anders Ousen inn som ny formann i valstyret, då W. Meidell var gått bort tidlegare på hausten.

Side 5 av 6 Ved begge røystingane var det 3 røystestader: a) For røysteføre i Sande hovudsokn: Sande hovudkyrkje, b) for røysteføre i Vik sokn: Vik annekskyrkje, c) for røysteføre i Bygstad sokn: Bygstad annekskyrkje. Oppteljinga føregjekk i Sande kyrkje. Folkerøystinga i august - ja eller nei til unionsoppløysinga Resultatet for Gaular valsokn: Av dei 698 som hadde røysterett, vart det avgjeve 660 godkjende røyster ( 94,5%). 7 røyster vart forkasta. Alle røysta ja. Resultatet for Sogn og Fjordane: 16 819 hadde røysterett. Det vart avgjeve 16 718 (88,7%) godkjende røyster. Berre tre røysta nei. Resultatet for heile landet: 435 376 hadde røysterett, 368 392 godkjende røyster (368 208 ja, 184 nei. Privat kvinneunderskriftsaksjon Kvinnene hadde ikkje statsborgarleg røysterett i 1905. Men kvinnene ynskte å gje sitt ja, tilliks med mennene. Fleire kvinneorganisasjonar gjekk saman om ein landsomfattande underskriftsaksjon, og den 22. august overleverte dei over 250 000 underskrifter til Stortinget. Truleg var det og kvinner frå Gaular på listene som vart sendt inn til Stortinget. Folkerøysting i november - kongedømme eller republikk Resultatet av folkerøystinga i november for Gaular valsokn: Av dei 704 som hadde røysterett, vart det avgjeve 632 (89, 8 %) godkjende røystar. 8 vart forkasta. 587 røysta ja (for kongedømme), 45 røysta nei (for republikk). I Gaular røysta 92, 9 % for kongedøme Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 hadde røysterett, 14 315 (78,3 %) godkjende røyster. 11 507 (80,4%) røysta for kongedømme, 2 808 (19,6%) røysta for republikk. Resultatet for landet: 331 833 hadde røysterett, 244 124 godkjende røyster (73,5%). 194 189 (79,5%) røysta for kongedømme, 49 935 (20,5%) røysta for republikk. Den nye kongefamilien Den 18. november valde Stortinget prins Carl av Danmark til Norges konge. Han var gift med prinsesse Maud frå England og sonen deira heitte Alexander. Prins Carl tok namnet Haakon 7. og Alexander sitt namn vart endra til Olav. Den nye kongefamilien kom til Kristiania med det norske marinefartyet "Heimdal" om kvelden 25. november der tusenvis av feststemde menneske venta. "Fest i anledning... tilendebringelse av frigjørelsesværket" Mange stader i landet skipa dei i desember til folkefestar for å markera det hendingsrike året 1905. Ofte var det ungdomslaga som skipa til slike festar. Slik var det vel i Gaular og, utan at vi har eksakte opplysningar om det. Det vi veit er at i sokneprest Gloppestad si dagbok for 1905 står det at han den 7. desember heldt takkegudsteneste i Sande Kyrkje. Tema for preika var "Takker Herren".

Side 6 av 6 Artikkelnummer: KAL/SFF-419.1430 Forfattar og datering: Snorre D. Øverbø, 2005. Prenta kjelder: Helland, Amund: Nordre Bergenhus Amt. Del 2. Kristiania 1901. Gjerde, Anders: "Kommunane i Sogn og Fjordane, grenseendringar gjennom tidene". I: Kjelda nr. 3 2002. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: Prosjekt lagsarkiv. Rapport, Gaular kommune. 1993. Timberlid, Jan Anders: Bygdebok for Gaular.Band III 1995. Hjelmeland, Olaf: Gaularsoga, band II. 1961. Hjelmeland, Olaf: Gaularsoga, band III. 1968. Hjelmeland, Olaf: Gaular Sparebank 60 år, 1894-1954. Uprenta kjelder: Statsarkivet i Bergen: Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, utskrift frå valstyra, folkerøystinga 13. august og folkerøystinga 12. og 13. november. Statsarkivet i Bergen: Gaular prestearkiv, dagsregister 1905. Tilleggsinformasjon: Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi? Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no