ØRSTA KOMMUNE PROTOKOLL Utval: Ørsta formannskap Møtestad: Ørstafjord, Rådhuset Dato: 04.10.2012 Møtet starta 11:35 Møtet slutta 12:30 Kl. 11.00 var det innspel i budsjettprosessen v/økonomileiar Andrea Fivelstad Faste medlemar som møtte: Namn Funksjon Representerer Monika Barstad Rebbestad Medlem H Hans Olav Myklebust Medlem FrP Paul Kristian Hovden Varaordførar KrF - leia møtet Petter B Bjørdal Medlem AP Ola Perry Saure Medlem SP Faste medlemar som ikkje møtte: Namn Funksjon Representerer Wenche Volle Medlem FrP Rune Hovde Ordførar H Karen Høydal Medlem AP Gunnar Knutsen Medlem V Varamedlemar som møtte: Namn Møtte for Representerer Inger Sandvik Sundnes Rune Hovde H Per Are Sørheim Gunnar Knutsen H - Wenche Volle FrP Hermod Halse Karen Høydal AP (8 røysteføre) Frå administrasjonen møtte: Namn Wenche Solheim Kari Osvik Andrea Fivelstad Stilling Rådmann Førstesekr. som førte protokollen Økonomileiar Til å skrive under protokollen saman med ordføraren vart valde Inger Sandvik Sundnes og Hermod Halse
Sak nr Tittel Arkivsaknr PS 151/12 PS 152/12 PS 153/12 Godkjenning av innkalling og sakliste Referat og meldingar Møteplan 2013 for formannskap, kommunestyre, levekårsutval og samfunnsutval 2012/1532 PS 154/12 PS 155/12 Finansreglement - forslag til endring 2012/1519 Oppfølging Sak 0164/98 Plassering av fondsmidlar 2012/1511 PS 156/12 Kommuneplan 2013-2025 - rullering av samfunnsdelen.visjon og slagord 2010/1081 PS 157/12 Søknad til KRD - Saman om ein betre kommune 2012/1537 PS 158/12 Utgreiing av tre samarbeidstiltak mellom Ørsta og Volda 2012/1182 PS 151/12 Godkjenning av innkalling og sakliste Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 04.10.2012 Innkallinga vart godkjent. Saklista vart godkjent. PS 152/12 Referat og meldingar Saksprotokoll i Ørsta formannskap - 04.10.2012 1. Melding om vedtak/uttale frå eldrerådet i møte 12.09.12, sak 30/12 vedk. nedlegging av legekontora på Sæbø og Vartdal. 2. Skriv d.s. 01.10.2012 frå IMDi, KS og Husbanken vedk. bosetting av flyktningar en nasjonal utfordring. Spørsmål: Ordføraren svara på spørsmål frå - Hans Olav Myklebust d.s. 1. oktober 2012, vedk. 1. Tyssebrua på Bjørke. 2. Bustadtomter på Vartdal. 3. Bustadfelt på Liadal. Ordføraren orienterte om saka vedk. skulestruktur i Ørsta kommune og at den ikkje vert sett på sakskartet no, men kjem seinare i eiga sak. Ordføraren orienterte om nyopning av Amfi og ønskte alle nyetablerarar velkomne. Ønskte også å gi verbal blomst til Olav E Aambøe og dei som har retta opp skadane etter Dagmar i hamneparken.
PS 153/12 Møteplan 2013 for formannskap, kommunestyre, levekårsutval og samfunnsutval VEDTAKET LYDER: Vedlagde møteplan vert vedteken som Ørsta formannskap, kommunestyre, levekårsutval og samfunnsutval sin møteplan for 2013. Tilrådinga, med endringar (F) vedlagt, vart vedteke med 8 mot 0 røyster. Vedlagde møteplan vert vedteken som Ørsta formannskap, kommunestyre, levekårsutval og samfunnsutval sin møteplan for 2013. PS 154/12 Finansreglement - forslag til endring Ørsta kommunestyre vedtek endringa av punkt 7.2. i Finansreglementet, slik det ligg føre. Ørsta kommunestyre vedtek endringa av punkt 7.2. i Finansreglementet, slik det ligg føre. PS 155/12 Oppfølging Sak 0164/98 Plassering av fondsmidlar Formannskapet tilrår kommunestyret å gjere slikt vedtak: 1. Kommunestyret vedtek å godkjenne at fondsmidlane, som er plassert i Carnegie Fondsforvaltning ASA, kan overførast til bankkonti. 2. Kommunestyret godtek at avtala med Carnegie Fondsforvaltning ASA vert avslutta, seinast 31.12.2012.
Formannskapet tilrår kommunestyret å gjere slikt vedtak: 1. Kommunestyret vedtek å godkjenne at fondsmidlane, som er plassert i Carnegie Fondsforvaltning ASA, kan overførast til bankkonti. 2. Kommunestyret godtek at avtala med Carnegie Fondsforvaltning ASA vert avslutta, seinast 31.12.2012. PS 156/12 Kommuneplan 2013-2025 - rullering av samfunnsdelen.visjon og slagord Ørsta formannskap rår kommunestyret til å gjere fylgjande vedtak: Ørsta kommunestyre viser til handsaming av kommuneplanen sin samfunnsdel 21.06.2012, sak 39/12, pkt. 3, der det vart gjort vedtak om å utsette val av visjon og slagord. Arbeidet vert å sluttføre i eiga sak, arbeidd fram av ei nemnd. Nemnda har no avslutta arbeidet. På bakgrunn av dette fattar kommunestyret fylgjande vedtak: Ørsta kommunestyre vedtek slagordet: Ørsta - i hjartet av Sunnmørsalpane Ørsta kommunestyre vedtek visjonen: Ein attraktiv kommune - i samspel for dei beste løysingane Ørsta kommunestyre viser til handsaming av kommuneplanen sin samfunnsdel 21.06.2012, sak 39/12, pkt. 3, der det vart gjort vedtak om å utsette val av visjon og slagord. Arbeidet vert å sluttføre i eiga sak, arbeidd fram av ei nemnd. Nemnda har no avslutta arbeidet. På bakgrunn av dette fattar kommunestyret fylgjande vedtak: Ørsta kommunestyre vedtek slagordet: Ørsta - i hjartet av Sunnmørsalpane Ørsta kommunestyre vedtek visjonen: Ein attraktiv kommune - i samspel for dei beste løysingane
PS 157/12 Søknad til KRD - Saman om ein betre kommune VEDTAKET LYDER: Formannskapet stiller seg bak søknad til Kommunal- og regionaldepartementet om deltaking i Saman om ein betre kommune, og ber om at formannskapet si godkjenning vert ettersend søknaden. Rådmannen si tilråding vart vedteken med 8 mot 0 røyster. Formannskapet stiller seg bak søknad til Kommunal- og regionaldepartementet om deltaking i Saman om ein betre kommune, og ber om at formannskapet si godkjenning vert ettersend søknaden. PS 158/12 Utgreiing av tre samarbeidstiltak mellom Ørsta og Volda 1. Ørsta kommunestyre godkjenner at administrasjonen utgreier ei samanslåing av landbrukskontor, brannvern- administrasjon og Nav- kontor i samsvar med vedlagde mandat og framdriftsplanar. 2. Kommunestyre vil signalisere ei forventing til eit utvida samarbeid med Volda kommune, og kan kome til å setje som vilkår for ev gjennomføring av samanslåing av funksjonane under punkt 1 at prosessane vert gjennomført som ei samla løysing. 1. Ørsta kommunestyre godkjenner at administrasjonen utgreier ei samanslåing av landbrukskontor, brannvern- administrasjon og Nav- kontor i samsvar med vedlagde mandat og framdriftsplanar. 2. Kommunestyre vil signalisere ei forventing til eit utvida samarbeid med Volda kommune, og kan kome til å setje som vilkår for ev gjennomføring av samanslåing av funksjonane under punkt 1 at prosessane vert gjennomført som ei samla løysing.
Underskrivne stadfestar med underskriftene at det som er ført i protokollen er i samsvar med det som vart vedteke på møtet. Paul Kristian Hovden Inger Sandvik Sundnes Hermod Halse varaordførar