Kviteseid kommune Møteinnkalling Utval: Hovudutvalet for oppvekst og omsorg Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 07.09.2017 Tidspunkt: 09:00 Dersom De ikkje kan møte, ber ein om at De melder frå til sentralbordet eller møtesekretær snarast råd. Det vert fylgjande orienteringar i møtet: -Presentasjon ny kommunalsjef skule og barnehage -Ymse skule- og barnehagesaker -Ombygging Kviteseid skule -Ombygging Midtsundtoppen dagsenter Varamedlemmar møter bare etter særskilt innkalling. -1-
-2-
Saksliste Utvalssaksnr. Innhald PS 21/17 Godkjenning av protokoll PS 22/17 Referatsaker PS 23/17 Kommunal forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester PS 24/17 Tilrettelegging for handikappa i barnehage og skule i Kviteseid. PS 25/17 Psykologar i Vest-Telemark PS 26/17 Søknad om fritak frå alle politiske verv Lukka -3-
PS21/17Godkjenningavprotokoll -4-
PS22/17Referatsaker -5-
Kviteseid kommune Arkiv: H00 Saksmappe: 2016/1251-3 Sakshand.: Olav O. Kaasa Dato: 25.08.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 23/17 07.09.2017 Kommunestyret 14.09.2017 Kommunal forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester Vedlegg: 1 Forslag til forskrift om tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester Faktiske tilhøve: Den 13. juni 2016 vedtok Stortinget lovendringar i pasient- og brukarrettslova og helse- og omsorgstenestelova om rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og venteliste. Grunnlaget for lovvedtaket er Prop. 99 L (2015-2016) og Innst. 372 L (201-2016). For å tydeleggjera retten til sjukeheimsplass eller bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester, er retten presisert i pasient- og brukarrettslova 2-1 e fyrste ledd. Det kjem klart fram av lova at pasient eller brukar har rett til slikt opphald dersom det etter ei helsefagleg vurdering er det einaste kommunale tilbodet som kan sikre pasienten eller brukaren naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester. Kommunane vart pålagde å utarbeide forskrifter med kommunale kriterier for tildeling og å føre ventelister innan 1. juli 2017. Vurdering: Det er utarbeidd eit framlegg til kommunal forskrift som m.a. har vore ute til offentleg høyring. Då høyringsfristen gjekk ut 31. mai 2017, hadde det ikkje kome inn svar/attendemeldingar. Rådmannen si tilråding: Kommunal forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester vert vedteken som ho ligg føre. -6-
-7-
Forslag til forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester kriterier og venteliste i Kviteseid kommune. Heimel: Vedteken i kommunestyret (xx.xx.2017) med heimel i lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstenester m.m (helse- og omsorgstenestelova) 3-2-a andre ledd, jf. lov 2. juli 1999 nr. 63 om pasient og brukarrettar (pasient- og brukarrettslova) 2-1 e. 1. Føremål Føremålet med forskrifta er å fastsetje kriterier for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. Forskrifta skal og beskrive korleis kommunen skal fylgje opp pasientar og brukarar som er best tent med langtidsopphald, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av ledig langtidsplass. 2. Verkeområde Forskrifta gjeld pasientar eller brukarar Kviteseid kommune har ansvar for å yte tenester til etter helse- og omsorgstenenestelova og pasient- og brukarrettslova. 3. Definisjonar I høve til helse- og omsorgstenestelova 3-2 a andre ledd skal kommunen gje forskrift om rett til langtidsopphald i sjukeheim, eller tilsvarande bustad særskilt tilrettelagt for heildøgns tenester. I Kviteseid kommune vil dette gjelde langtidsopphald i sjukeheim. Med langtidsopphald meinast opphald utan sluttdato, der pasienten eller brukaren sin helsetilstand og behov for helse- og omsorgstenester gjer at det ikkje er sannsynleg at vedkomande vil flytte heim eller få tilbod om lågare grad av helse- og omsorgstenester. Venteliste er kommunen sin oversikt over dei pasientar og brukarar som etter søknad har fått vedtak om at dei er best tent med langtidsopphald i sjukeheim, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av ledig langtidsplass. Venteliste er ikkje eit køsystem, og plass på venteliste gjev ikkje fortrinnsrett til ledig plass på sjukeheim jf. 7. 4. Grunnlag for vurdering og tildeling av langtidopphald i sjukeheim Det skal fortrinnsvis føreligge skriftleg søknad om langtidsopphald. Følgjande forhold skal vera kartlagt og vurdert før ein fattar vedtak om langtidsopphald: - Pasienten eller brukaren sitt ynskje om langtidsplass. Pasientar og brukarar skal medverke ved utforming av tenestetilbodet, jf. pasient- og brukarrettslova 3-1. - Pasienten eller brukaren sin helsetilstand. Det bør innhentast oppdaterte helseopplysningar frå fastelege, tilsynslege og/eller spesialisthelsetenesta. - Pleie- og omsorgsbehovet - Sosiale høve -8-
Langtidsopphald i sjukeheim er eit høgare omsorgsnivå enn helse- og omsorgstenester i heimen. Fylgjande tenester skal vera vurdert, og som hovudregel vera prøva ut før ein fattar vedtak om langtidsopphald: - Tilrettelegging i heimen, t.d. hjelpemiddel og tilpassing av bustad - Kvardagsrehabilitering - Tryggleiksskapande tiltak, tryggleiksalarm og velferdsteknologi - Dagtilbod, eller andre sosiale støttetiltak - Praktisk bistand - Heimesjukepleie - Tidsavgrensa opphald i institusjon, rehabiliteringsopphald eller avlastningsopphald - Omsorgsbustad 5. Kriterier for langtidsopphald i sjukeheim Pasientar eller brukarar har rett til opphald i sjukeheim dersom det etter ei helse- og omsorgsfagleg vurdering, er det einaste kommunale tilbodet som kan sikre pasienten eller brukaren naudsynte og forsvarelege helse- og omsorgstenester. Pasient eller brukar må vera varig ute av stand til å ta vare på seg sjølv, og ikkje lenger meistre dagleglivets gjeremål på grunn av mentalt og/eller fysisk funksjonstap. Pasient eller brukar må ha omfattande behov for heildøgns helse- og omsorgstenester. Behov for helse- og omsorgstenester skal blant anna vurderast i høve til: - Samansett sjukdomsbilete - Kognitiv svikt og langtkomen demens - Psykisk helse - Forflytning - Toalettbesøk - Personleg hygiene - Ernæring - Legemiddelhandtering - Fallrisiko - Hyppige innleggingar i spesialisthelsetenesta - Hyppige korttids- og/eller avlastningsopphald - Einsemd og sosial isolasjon Kommunen skal fatte vedtak om at kriteria for langtidsopphald er oppfylt. 6. Tilleggskriterier for skjerma avdeling I tillegg til kriteria i 5 gjeld fylgjande kriterier for skjerma avdeling: - Pasient eller brukar skal vera under utgreiing for demens, ha ei demensdiagnose eller påvist kognitiv svikt - Pasient eller brukar sitt behov for miljøterapeutisk tilrettelegging skal vera større enn behovet for pleie - Pasient eller brukar har behov for skjerming på ei tilrettelagt avdeling - Pasient eller brukar har eit stort behov for ein føreseieleg og stabil kvardag -9-
7. Venteliste Pasientar eller brukarar som oppfyller kriteria for langtidsplass, men som med forsvarleg hjelp kan bu heime i påvente av langtidsopphald, skal bli sett på venteliste dersom det på søknadstidspunktet ikkje er ledig langtidsplass. Kommunen skal syte for at pasientar eller brukarar som står på venteliste får tilbod om naudsynte og forsvarlege helse- og omsorgstenester i påvente av langtidsopphald. Kommunen skal systematisk og fortløpande vurdere helsetilstanden og funksjonsnivået til pasientar, eller brukarar som står på venteliste. Ved endring i helsetilstand og/eller funksjonsnivå skal det gjerast ei ny vurdering av tenestetilbodet. Ved ledig langtidsopphald skal pasientar, eller brukarar med størst hjelpebehov prioriterast. Hjelpebehovet avgjerast etter ei samla vurdering med utgangspunkt i kriteria i 5-6. 9. Ikrafttredelse Forskrifta trer i kraft 1. juli 2017. -10-
Kviteseid kommune Arkiv: A00 Saksmappe: 2017/1411-1 Sakshand.: Sigrun Kvamme Dato: 23.06.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Administrasjonsutvalet 12/17 31.08.2017 Formannskapet 78/17 31.08.2017 Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 24/17 07.09.2017 Kommunestyret 14.09.2017 Tilrettelegging for multifunksjonshemma barn i barnehage og skule Faktiske tilhøve: Barn med nedsett funksjonsevne har rett til prioritet ved opptak i barnehage, og kommunen har ansvaret for at barn med rett til prioritet får plass i barnehage, i fylgje Lov om barnehager kap. IV 13. Vidare skal kommunen sikre at barn med nedsett funksjonsevne får eit eigna individuelt tilrettelagt barnehagetilbod, i fylgje Lov om barnehager kap. V 19g. Frå hausten 2017 startar eit barn i Kviteseid barnehage med omfattande tilretteleggingsbehov. Vurdering: Behov for tilrettelegging: Årsverk: Spesialpedagog 80% stilling frå august 17 Vernepleiar 60% stilling frå august 17 Ergoterapeut 20% stilling frå august 17 Dette vil gje fylgjande utgifter i 2017: Løn: kr 385.600,- Materiell/utstyr: Innkjøp av utstyr (spesialseng, stellebord, spesialstol, diverse utsyr for løft, diverse utstyr for sansestimulering m.m.): kr 175 000.- Total: kr 560.600,- Løysast slik i 2017: Færre barn i barnehage ved Brunkeberg oppvekstsenter hausten 2017 saman med ei oppseiing frå ein barnehagelærar, gjev ei innsparing på kr 158.000,- -11-
Reduksjon Straumsnes oppvekstsenter, skule: 20% stilling som lærar frå august 2017. Innsparing kr 52.000,- Ein finn dekning på kr 350.600,- i 2. tertial budsjettkontroll. Tilrettelegginga er gjort slik at den vil kunne fylgje barnet over i skule frå skuleåret 2018/19. Rådmannen si tilråding: Kviteseid kommunestyre vedtek å endre rammene for hausten 2017 på følgjande måte. Det blir tilsett spesialpedagog i 80% stilling, vernepleiar i 60% stilling og ergoterapeut i 20% stilling. Dette blir delvis finansiert med flytting av ressursar innanfor sektoren. Det vert kjøpt inn naudsynt inventar og utstyr med ei ramme på kr 175.000,-. Dette og resten av lønsutgiftene vert innarbeida i 2. tertial budsjettkontroll. Auken i utgifter vert innarbeid i budsjettet frå 2018. Saksprotokoll i Administrasjonsutvalet - 31.08.2017 Behandling i møtet: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak: Kviteseid kommunestyre vedtek å endre rammene for hausten 2017 på følgjande måte. Det blir tilsett spesialpedagog i 80% stilling, vernepleiar i 60% stilling og ergoterapeut i 20% stilling. Dette blir delvis finansiert med flytting av ressursar innanfor sektoren. Det vert kjøpt inn naudsynt inventar og utstyr med ei ramme på kr 175.000,-. Dette og resten av lønsutgiftene vert innarbeida i 2. tertial budsjettkontroll. Auken i utgifter vert innarbeid i budsjettet frå 2018. Saksprotokoll i Formannskapet - 31.08.2017 Behandling i møtet: Administrasjonsutvalet si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak: Kviteseid kommunestyre vedtek å endre rammene for hausten 2017 på følgjande måte. Det blir tilsett spesialpedagog i 80% stilling, vernepleiar i 60% stilling og ergoterapeut i 20% stilling. Dette blir delvis finansiert med flytting av ressursar innanfor sektoren. Det vert kjøpt inn naudsynt inventar og utstyr med ei ramme på kr 175.000,-. Dette og resten av lønsutgiftene vert innarbeida i 2. tertial budsjettkontroll. Auken i utgifter vert innarbeid i budsjettet frå 2018. -12-
-13-
Kviteseid kommune Arkiv: 233 Saksmappe: 2016/2735-3 Sakshand.: Sissel Jacobsen Bitustøyl Dato: 16.08.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Formannskapet 81/17 31.08.2017 Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 25/17 07.09.2017 Kommunestyret 14.09.2017 Psykologar i Vest-Telemark Dokument i saka: Meld. St. 26 (2014 2015) Fremtidens primærhelsetjeneste, HOD Prosjektrapport psykolog Gøril Bothner Kanstad Rapport 15-1565 - Psykologer i kommunene - barrierer og tiltak for økt rekruttering - Helsedirektoratet NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid): Psykolog i kommunen - en medspiller - rapport nr 1/2016 Søknad om midlar til psykolog i kommunane - Helsedirektoratet Faktiske tilhøve: Dette er ei felles sak som samhandlingskoordinator Sissel Jacobsen Bitustøyl har skrive. Saka vert fremja likt i alle dei 6 Vest-Telemark kommunane. Arbeids- og styringsgruppa for samhandling i Vest-Telemark har gitt samhandlingskoordinator i oppgåve å sjå på meir samarbeid innan psykisk helse og rus. Det er nedsett ei arbeidsgruppe i VT med representantar frå alle kommunane. Psykisk helse og rus er satsingsområder både frå regjering, HSØ og Sykehuset Telemark HF. Eit av tema for arbeidsgruppa var kring samarbeid om psykologressursar. Det kjem eit lovkrav frå 2020 om plikt for kommunane til å ha psykologkompetanse. Staten har difor etablert ei tilskotsordning for tilsetting av psykologar i kommunane med kr. 400 000 pr. psykolog før 2020. Arbeidsgruppa i VT har sett på 2 ulike modellar for eit samarbeid: 1: 2 barne- og ungdomspsykologar: Vinje, Tokke og Fyresdal deler 1 barne- og ungdomspsykolog Seljord, Kviteseid og Nissedal deler 1 barne- og ungdomspsykolog 2: 1 klinisk psykolog og 1 barne- og ungdomspsykolog fordelt på alle 6 kommunane -14-
Vurdering: Vi sette dei 2 modellane opp mot kvarandre med fordeler og ulemper. - Tid og reiseavstandar for psykologen - Behov for kontorplassar - Samarbeid med andre faggrupper i kommunane m.m. I anbefalingar frå NAPHA (Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid) anbefaler ein at psykologen ikkje bør ha for stort arbeidsfelt, men at ein bør anten satse innanfor vaksengruppa eller barn- og ungegruppa. Eit sterkt nasjonalt fokus og fokus frå arbeidsgruppa i VT er at psykologane må ha eit tett samarbeid med andre innan helsesektoren i kommunane. Kontorplassering av psykologane er difor eit viktig tema. Det har tidlegare vore eit forsøk med felles kommunepsykolog i VT innan barn og unge. Dette samarbeidet blei avslutta etter prosjektperioden. Det var ulike erfaringar med dette både frå psykologen og kommunane. Å ha eit så stort arbeidsfelt, dårleg forankring, mange kommunar å forhalde seg til og økonomi var nok ein av årsakene til at dette det ikkje blei vidareført. Økonomi Tilskotet frå Helsedirektoratet er på kr 400 000 pr. psykolog. Minstelønn psykologar etter 2016 oppgjøret: Psykolog utan spesialitet kr. 440 000 1. 2. år av spesialisering: kr. 467 000 3. 4. år av spesialisering: kr. 487 000 5. - > år av spesialisering: kr. 512 000 Psykologspesialist kr. 684 200 I tillegg kjem faste utgifter ca 100 000. Mellomlegget frå 400` til full løn med faste utgifter må kommunane dekkje sjølv i perioden fram til 2020. KONKLUSJON På bakgrunn av føringar frå Direktoratet og erfaringsgrunnlag frå samarbeide med BUP og UPS, ser vi at større og meir komplekse oppgåver, i høve til barn og unge, har blitt kommunens ansvar. Vi meiner difor at ein bør prioritere psykologkompetanse mot barn og unge. Tidleg innsats og rask avklaring vil òg ha ein viktig førebyggande effekt. Ein har i dag ganske gode ressursar innanfor vaksenpsykiatrien og ein ser føremon i å hjelpe barn som sliter psykisk. Psykologen bør ha klinisk tverrfagleg fokus: Eit lågterskeltilbod, som kan gis utan henvising, som er gratis, har kort ventetid, er lett tilgjengeleg og har fokus på korttidsterapi, råd og veiledning. Behandling, utredning og kartlegging av pasientar (evt. for vidare søknad til spesialisthelsetenesta) Veiledning og samarbeid med tverrfaglege team i kommunane Førebygging (undervisning skule og barnehagar) Anbefalingar om at psykologen bør ha kontor saman med dei andre i tverrfaglig team i kommunane, slik som helsesyster, lege og psykisk helse bør ein etterkomme. Av modellane har ein valt at 3 og 3 kommunar delar på ein barnepsykolog 0-20 år kvar. Bakgrunn er at det blir mindre reisetid på psykologen og færre tilsette å forhalde seg til. -15-
Fordeling av ressursar og økonomi rundt psykologstillinga kan ein gjere etter tal på barn i aldersgruppa i kommunane. Ein bør òg ta høgde for at 3 av kommunane i samarbeidet har vidaregåande skular i sine kommunar, der mange elevar bur utanfor heimen. Ressursen til kvar kommune bør vera noko fast og noko etter behov. Psykologen bør vera administrativt forankra i ein av kommunane i eit interkommunalt samarbeid. Då alle kommunane i landet innan 2020 er plikta til å ha psykologkompetanse, bør ein setje i gang med rekrutteringa allereie i haust og søkje midlar frå Helsedirektoratet for kvar av stillingane. Det bør vera ei tydeleg avgrensing og bestilling frå kommunane når ein lyser ut og tilsett psykologar. Ein bør ha som mål å tilsette tidleg på nyåret. Rådmannen si tilråding: Kviteseid kommune fattar følgjande vedtak: Kommunane søkjer om tilskot frå Helsedirektoratet Det blir lyst ut etter 2 psykologar fordelt på: o Seljord, Kviteseid og Nissedal o Vinje, Tokke og Fyresdal Rådmennene i VT blir samde om plassering av psykologen administrativt og fordeling av psykologressursen pr. kommune Det blir sett av kontor i kvar kommune til psykologen. Saksprotokoll i Formannskapet - 31.08.2017 Behandling i møtet: Rådmannen si tilråding vart samrøystes vedteke. Vedtak: Kviteseid kommune fattar følgjande vedtak: Kommunane søkjer om tilskot frå Helsedirektoratet Det blir lyst ut etter 2 psykologar fordelt på: o Seljord, Kviteseid og Nissedal o Vinje, Tokke og Fyresdal Rådmennene i VT blir samde om plassering av psykologen administrativt og fordeling av psykologressursen pr. kommune Det blir sett av kontor i kvar kommune til psykologen. -16-
Kviteseid kommune Arkiv: 089 Saksmappe: 2017/630-2 Sakshand.: Berit Lundeberg Dato: 15.03.2017 Saksframlegg Utval Utvalssak Møtedato Kommunestyret 18/17 11.05.2017 Hovudutvalet for oppvekst og omsorg 26/17 07.09.2017 Søknad om fritak frå alle politiske verv Faktiske tilhøve: Cecilie Vee Hansen, AP, har søkt om fritak frå alle politiske verv frå 01.06.17. Hansen flytter ut av kommunen. Hansen har fylgjande verv: Medlem i kommunestyret 4. vara til formannskapet for AP Nestleiar i HOO Fyrste vara i valnemnda Medlem av eldrerådet Medlem i samarbeidsutvalet for skule og barnehage - Medlem i utvalet for Brunkeberg oppvekstsenter - Vara i utvalet for Kviteseid barnehage Vurdering: Ordføraren si tilråding: Cecilie Vee Hansen får fritak frå alle kommunale verv frå 01.06.17, jf kommuneloven 15.1. Magny Lundeberg går inn som fast medlem i kommunestyret. Einar Søreide rykker opp som 4. vara til formannskapet Eli Taugbøl rykker opp som nestleiar i HOO, medan Ellen Oddrun Smenes går inn som fast medlem i same utval. Jonn Foldøy og Tone Gulliksen Øy rykker båe ein plass opp som varamedlemmer til valnemda. Bjørn Håvard Olsen går inn som medlem i eldrerådet, medan HOO vel nytt varamedlem til same utvalet og nytt medlem til samarbeidsutvalet for Brunkeberg oppvekstsenter og varamedlem til Kviteseid barnehage. -17-
Saksprotokoll i Kommunestyret - 11.05.2017 Behandling i møtet: Ordføraren kom med framlegg om at Magny Lundeberg vert valt som 5. varamedlem for Arbeiderpartiet til formannskapet. Ordføraren sitt framlegg og tilråding vart samrøystes vedtekne. Vedtak: Cecilie Vee Hansen får fritak frå alle kommunale verv frå 01.06.17, jf kommuneloven 15.1. Magny Lundeberg går inn som fast medlem i kommunestyret. Einar Søreide rykker opp som 4. vara til formannskapet, medan Magny Lundeberg er valt som 5. varamedlem for Arbeiderpartiet. Eli Taugbøl rykker opp som nestleiar i HOO, medan Ellen Oddrun Smenes går inn som fast medlem i same utval. Jonn Foldøy og Tone Gulliksen Øy rykker båe ein plass opp som varamedlemmer til valnemda. Bjørn Håvard Olsen går inn som medlem i eldrerådet, medan HOO vel nytt varamedlem til same utvalet og nytt medlem til samarbeidsutvalet for Brunkeberg oppvekstsenter og varamedlem til Kviteseid barnehage. -18-