Velkommen til årsmøte! 21.3.2013
SAKLISTE: 1. KONSTITUERING GODKJENNING AV MØTESKIPNAD A) Årsmøtet skal leiast av ein oppnemnd ordstyrar B) Protokollen skal førast av den oppnemnde sekretæren C) Ynskjer eit medlem ordet, varslar ein ordstyraren om dette og ordet vert gjeve etter tur. D) Ordstyraren har rett til å gjera framlegg om avkorting av taletida og framlegg til strek. E) Alle vedtak vert gjort med vanleg fleirtal 1.1 GODKJENNING AV INNKALLING OG SAKLISTE Årsmøtet godkjenner innkallinga og den utlagde saklista. 1.2 VAL AV ORDSTYRAR 1.3 VAL AV SEKRETÆR 1.4 VAL AV TO TIL Å SKRIVA UNDER PROTOKOLLEN SAMAN MED MØTELEIAR 2. ÅRSMELDINGAR FOR 2013 Styret legg fram årsmeldingar for 2013 til godkjenning Sjå vedlegg. Årsmøtet godkjenner årsmeldinga for 2013. 3. REKNESKAP FOR 2013 Styret legg fram rekneskapen for 2013 til godkjenning Rekneskapen vert lagt fram på møtet. Årsmøtet godkjenner rekneskapen for 2013
4. Fastsetjing av kontingent for 2014 Laget legg fram forslag om å endre på medlemskontingenten for 2014. Det er ei føring at vi må registrere alle som einskildmedlemar for å tilfredstille krav frå Idrettsforbundet frå 2014/2015. Ved å ha alle registerte per medlem, vil det vere lettare kunne nytte det administrative systemet for å følgje opp spelarar, gje informasjon og innkrevjing av treningsavgifter. Model 1: Medlem 18 år og eldre kr. 250,- Medlem under 18 år kr. 150,- Maks pris for familiar på kr. 1000. Denne endringa gjev denne auken i forhold til kontingent 2013. Familie på 2 vaksne og 2 barn auke på 50,- Familie på 2 vaksne og 3 barn auke på 150,- Familie på 2 vaksne og 4 barn auke på 200,- I tillegg krev laget at: Alle som er med på aktivitet i Vik IL sin regi skal vere medlem av Vik IL Model 2: Medlem 18 år og eldre kr. 300,- Medlem under 18 år kr. 150,- Maks pris for familiar på kr. 1000. Denne endringa gjev denne auken i forhold til kontingent 2013. Familie på 2 vaksne og 2 barn auke på 150,- Familie på 2 vaksne og 3 barn auke på 200,- Familie på 2 vaksne og 4 barn auke på 200,- I tillegg krev laget at: Alle som er med på aktivitet i Vik IL sin regi skal vere medlem av Vik IL Forslag til vedtak: Model 1 Medlem 18 år og eldre kr. 250,- Medlem under 18 år kr. 150,- Maks pris for familiar på kr. 1000. Alle som er med på aktivitet i Vik IL sin regi skal vere medlem av Vik IL
5. BUDSJETT FOR 2014 Vert lagt fram på møtet. Årsmøtet godkjenner budsjetta som er utarbeidde. 6. INNKOMNE SAKER 6.1 Barneidrett AU foreslår at det vert laga ei barnidrettsgruppe, for å få eit betre fokus på barneidrett og koordinere aktivitet mellom dei ulike gruppene. Vik IL har tilbod til barn gjennom lågterskel tilbod som løpskarusellen, trimkarusellen og skikarusell. I tillegg har ein tilbod i handball, fotball og skiskytting. Vi ynskjer å gje eit betre tilbod og ei betre koordinering mellom gruppene. I tillegg kan vi nytte foreldre til å bidra og oppmuntre dei til å delta seinare som trenarar eller lagleiarar. Erfaring frå dei siste åra har vist at ein treng ei gruppe til å koordinere alle aktivitetane. Vi ynskjer at barneidrettsgruppa skal drivast etter måla for idrettsskule frå idrettsforbundet: Hovudmål: Å skape eit godt og variert aktivitetstilbod der barn til og med 10 år får utvikle seg både fysisk, psykisk og sosialt, dei får mogelegheit til å prøve seg i fleire idrettar og i fleire ulike miljø, og der trygghet og meistre samen med andre står i fokus. Delmål: Å stimulere til samarbeid på tvers av gruppene i idrettslaget eller med andre idrettslag i lokalmiljøet. Å bidra til et samordna og koordinert idrettstilbod i lokalmiljøet. Å gi barna et godt grunnlag for vidare val av idrett. Å få prøve ut forskjellige idrettar, som igjen kan forhindre fråfall i tidlig alder. Å førebyggje skader gjennom varierte treningsaktiviteter. Å legge til rette for sosiale tiltak for hele familien, utanom sjølve idrettsaktiviteten, for eksempel aktivitetsdagar, turar, kino- og teaterbesøk og liknande. Forslag til vedtak: AU foreslår at det vert laga ei barnidrettsgruppe med aktivitet for ungar under skule alder og ungar frå 1. til 4. klasse, for å få eit betre fokus på barneidrett, variert og godt aktivitetstilbod og koordinere aktivitet mellom dei ulike gruppe. Gruppa rapporterer til hovudstyret. 6.2 Trakkemaskin Vik Idrettslag si trakkemaskin er gamal og har vore ute av drift i over eit år. Det medførte m.a. at skitrekket/alpinbakken var stengt førre vinter. Vik idrettslag arbeidar no med å kjøpe ei brukt trakkemaskin slik at tilbodet om skitrekk/alpinbakke vert å finna komande vinter.
Vi har fått inn tilbod på brukt maskin Prinoth Husky 2002 modell. Maskin har gått ca 2.650 timar. Tidlegare eigarar er Sognefjellet og Mysuseter. Selgjar er Owren. Dei har hatt gjennomgang av maskina både før dei brukte den på Sognefjellet og etter at dei fekk den inn att no så den skal være i god stand. Motorvarmer følger med og er inkl. i prisen. Batterilader: denne får vi med i prisen Garanti 50/50: den vil være gjeldende i 3 mnd. fra tidspunkt vi begynner å bruke maskina. Vi gir tilbakemelding på når den blir tatt i bruk. Garanti gjelder deler evt. reisekostnader kjem i tillegg kan evt. gjere det sjølve. Vinsj framme: Ho kjem tilbake med pris på denne Antyda pris = 170 000 på ein ny. Skulle kanskje få inn ein brukt få pris på den. Dette treng vi ikkje vurdere kjøp på før til neste år etter at vi har brukt maskina. Årlege vedlikehaldskostnadar: Bør ha ein årleg service på ei brukt maskin bør ein regne med 30 40 000 pr år. Dersom ein gjer arbeidet sjølv kan ein spare arbeids- og reisekostnader. Reisekostnader på årleg service blir delt med andre serviceoppdrag som dei tek samtidig. Anbefalt å ta service/ vedlikeholdskurs som Owren arrangerer (gratis kurs + reisekostnader ) - kurs no 18/3 og nytt kurs til hausten. Dei vil da få mykje igjen for å ta dette kurset og kunne gjere noko vedlikehald sjølve og bestille rette deler samt kunne ha god kommunikasjon med Owren pr tlf dersom noko oppstår. Idrettslaget treng ny trakkemaskin til følgjande : 1. Trakke liten bakke, 400 meter skileik bakke 2. Trakke hoppbakkar delvis, truleg ikkje heile unnarennet på dei største bakkane 3. Køyre skispor Kålsete 4. Køyre skispor Vikjafjellet - sommarski Totalt var vurderinga at tilbydde maskin oppfyller idrettslaget sine behov. Finansiering: Maskina er kostar ca. kr. 550.000,- Spelemidlar utstyr trakkemaskin: 150.000 Eigenkapital Vik IL 100.000 Stønad / gåver /sponsorar 300.000 Totalt 550.000 Forslag til vedtak: Vik Idrettslag kjøper ny trakkemaskin basert på tilbod frå Owren.
7. Idrettslagets organisasjonsplan I samsvar med føringar frå idrettsforbundet skal organisasjonsplan skal leggjast fram på årsmøtet. Vik IL er gang med arbeid med Handlingsplan i samarbeid med Idrettskretsen i Sogn og Fjordane. Vi ynskjer å få avslutta arbeidet med Handlingsplan for 2014 til 2017. Utkast til handlingsplan skal på høyring i dei ulike gruppene og vedtakast i hovudstyret på møte i april/mai AU vil deretter starte arbeidet med organisasjonsplan og få den godkjent på neste årsmøte. Forslag til vedtak: Hovudstyret lagar ferdig handlingsplanen og får den godkjent i vår. AU starter arbeidet med organisasjonsplanen og få planen godkjent til neste årsmøte. 8. VAL Valgkomite si innstilling: Leiar er på val kvart år: Anne Jorunn Fjærestad, ho er på val som styremedlem i 2015 Nestleiar: Ragnhild Årestrup Larsen ikkje på val, på val i 2015 Kasserar: Nils Geir Myrkaskog 2014-2016 Sekretær: Fritjov Helgesen, 2014-2016 (inkl. web/ nett), Revisor: Gerd Tveit