INFORMASJON OM MUSIKKBINGAR Eit tilbod til band og musikarar i Stord.
TRENG DU ELLER BANDET DITT ØVINGSPLASS? No har me mykje ledig kapasitet i dei to musikkbingane våre. Dei er opne for alle musikarar og band i alle aldrar, frå dei yngste til dei godt vaksne. Så dersom nokon treng ein bra stad å øve er dette rette staden. Bruken av bingane er primært tenkt for fridtidsmusikklivet i Stord kommune og ikkje kulturskulen. Så alle, uansett alder, som t.d. øver i ein trong kjellar med dårleg lyd kan no søke om øvingstid i eit lokale spesielt tilrettelagd for dette føremålet. Bingane er plassert bak kulturhuset og dersom de har lyst å sjå bingane innvendig før de ev. søker er det berre å ta kontakt med kulturskulen. Bingane er tilrettelagd med universell utforming. Opningstider for bingane er slik: Mandag til fredag: 15.00 til 22.00. Laurdag: 10.00 til 18.00 Søndag: 12.00 til 22.00. Prisar for leige er slik: Alt. 1, fast avtale: kr 200 pr månad pr. musikar for to timar øvingstid pr. veke. Alt. 2, drop in : kr 50 pr. time pr. musikar Oversikt over opptekne og ledige tider vil vera tilgjengeleg på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule/soknadsskjemamusikkbingar/kalender-for-ovingstider-i-musikkbingane/
UTSTYR Dei er godt utstyrte med PA-anlegg, 2 gitarforsterkarar, 1 bassforsterkar, digitalpiano og slagverk. Dei som leiger må sjølv ta med instrument (gjeld ikkje piano og slagverk) og kablar til gitarar, mikrofonar m/mikrofonkablar og trommestikker. Dette er utstyret som er plassert i kvar binge: Gitarforsterkarar: Engl E330 SCREAMER 50 COMBO (2stk) Bassforsterkar: Ashdown Mag-300H med kabinett 4x10 Keyboard: Korg KROME-88 Workstation Høgtalarar: Mackie SRM450 V2 (2 stk) Mixar: Soundcraft EFX8 Trommesett: Pearl VB826NX/C98 Limited edition med Sabian XS-20 Perf. sett m/18 crash DI: Radial Pro DI Kabel: Klotz M2FM1-1000 Stativ: Tornado AFSB 104 Keyboardstativ: KS1 Double X
MUSIKKBINGE KONTRAKT For bruk av musikkbinge ved Stord kulturhus 1 RETNINGSLINER 1.1 ANKOMST Nøkkel til bingen skal hentast i Stord kulturhus rett før avtalt øvingstid. Døra skal låsast når alle som tilhøyrer gruppa er på plass. Sjå over at alt utstyr er til stades, sjekk utstyrsliste. Utstyr i bingen er til fri disposisjon. Det er ikkje lov å bruk sko inne i bingen. Innesko som er teke med kan brukast. 1.2 NÅR EIN FORLET ROMMET Alt utstyr skal setjast på plass. Anlegg og forsterkarar skal slåast av. Ventilasjonsvifte skal slåast på. Termostat skal stå på 21 grader. Rommet skal ryddast. Ta med søppel. Alt lys skal slukkast, mellomdør skal lukkast. Lås ytterdøra. Nøkkel skal leverast tilbake i Stord kulturhus. Nøkkel skal leverast tilbake innan tildelt øvingstid. 1.3 GENERELLE REGLAR Røyking, alkohol og andre rusmidler er IKKJE tillete i musikkbingen. Det er berre øvingsgruppa som har tilgang til bingen. Det er IKKJE tillete å ta med andre besøkande. Ta godt vare på utstyret og musikkbingen. Dersom utstyr blir/vert øydelagd/defekt, skal eit avviksskjema fyllast ut. Dette fins i bingen og skal leverast når nøkkelen vert innlevert.
Dersom samansetjinga av gruppa vert endra skal kontrakten oppdaterast. Dersom gruppa ynskjer å byte øvingstid med andre grupper skal dette gå gjennom ansvarlege i Stord kulturskule. 1.4 KONTRAKT OG ANSVAR Alle leigetakarar skal underskrive kontrakten. Kontrakten må signerast av ein person over 18 år. Dersom alle i gruppa er under 18 år, må ein av dei føresette stå som ansvarsperson og skrive under kontrakten. Ansvarsperson er ikkje pliktig til å vera til stades under øvinga. Gruppa saman med ansvarsperson er ansvarleg for at retningslinene vert overhaldne. Ved brot på reglement har ansvarlege for bingen rett til å vise ut grupper frå bingen og bryte kontrakten. Tap av nøkkel vert erstatta med kr 500. Eventuell misbruk av bingen skal meldast til ansvarlege for bingen så snart som råd. 2 ØVINGSTIDER OG PRISAR Musikkbingen er tilgjengeleg til desse tidene: Måndag til fredag : frå 15.00 til 22.00. Laurdag : frå 10.00 til 18.00. Søndag : frå 12.00 til 22.00. Oversikt over opptekne og ledige tider vil vera tilgjengeleg på www.stord.kommune.no/no/stordkulturskule/soknadsskjemamusikkbingar/kalender-for-ovingstider-i-musikkbingane/ Prisar for leige av binge er slik: Alt. 1, fast avtale : kr 200 pr. månad pr. musikar for to timar øvingstid pr. veke. Alt. 2, drop in : kr 50 pr. time pr. musikar.
3 TILGANG/UTSTYR/LEIGETID Leigetakarar har tilgang til musikkbingen i samsvar med tildelt tid. Er det ynskjeleg med ekstra øvingstid må dette avtalast med ansvarlege for bingen. Utleigar kan stenge musikkbingen i kortare eller lengre periodar ved særtilfelle, men pliktar å varsle leigetakarar i god tid om dette skulle skje. Leigetakar disponerer fritt det utstyret som står i bingen (sjå utstyrsliste). Dette utstyret skal ikkje under noko omstende fjernast frå bingen. Utstyr som trengst og som ikkje er i bingen må leigetakarar sjølv ta med. Hærverk og/eller skade på utstyr skal meldast til ansvarlege for bingen så snart som råd. I bingen vil det vera eit avviksskjema som skal fyllast ut ved eventuelle skader på utstyr. Dette skal leverast saman med nøkkelen etter øvingstid. Skade/hærverk gjort med hensikt er erstatningspliktig og vert teke opp med ansvarsperson.
MUSIKKBINGE 4 LEIGEKONTRAKT Kontrakt skal fyllast ut av ansvarsperson og ansvarlege for bingen. GRUPPER/BAND/ARTIST: MEDLEMER : ANSVARS-/KONTAKTPERSON: NAMN: TLF: E- POST: ADR: TYPE LEIGE o o Drop in (1 gong) Fast leige (halvår) LEIGETID: Dag: dag Frå dato: Til dato (ved fast leige): Frå kl: til kl: Samla pris pr. mnd (ved fast leige): Ved underskriving av kontrakt samtykker leigetakar at kontrakten er lest og forstått. Stord, dato: Ansvarleg utleigar Leigetakar (over 18 år)
INFORMASJON OM MUSIKKBINGAR Eit tilbod til band og musikarar i Stord.