SLUTTRAPPORT FOR PROSJEKTET: «UNIVERSIELT UTFORMA BADEPLASS VED ØYRAVATNET» 2009 /1/ 0308 EXTRASTIFTELSEN HELSE OG REHABILITERING NHF ASKVOLL/RØRVIK LAG 15.01.2012-1-
Innholdsfortegnelse: Forord side 2 Sammendrag side 2 Kap. 1: Bakgrunn/målsetjing side 2 Kap. 2: Prosjektgjennomføring/metode side 3 Kap. 3: Resultat/resultatvurdering side 3 Kap. 4: Oppsummering/Konklusjon/Vurdering/ vidare planer side 3 og 4-2-
Forord: NHF Askvoll/Rørvik lag er eit lokallag under Norges Handikapforbund. Laget er solid forankra i lokalmiljøet og har eksistert sidan 1947. Laget har engasjerte medlemar i tillegg til brei støtte frå lokalbefolkninga generelt. I prosjektet «Universielt utforma badeplass ved Øyravatnet» har laget hatt samarbeid med fleire lokale lag som: 4 H, Velforeininga, Helselaget med fleire. Prosjektet er også ein del av Bygdeutviklingsprosjektet i Førdefjorden. Badeplassen står på lista over prioriterte anlegg i kommuneplan for Idrett- og friluftsliv i Askvoll kommune i planperioden 2009 2012. Prosjektet er finansiert med midlar frå Extrastiftelsen, kommunen, andre lag og organisasjonar i regionen, Ananias Batalden Stiftinga, eige lag og minnekonto. Vi ser på prosjektet som eit symbol på godt samarbeid, stor innsatsvilje/dugnadsånd og god organisering. Ei stor takk til alle involverte partar. Utan små og store bidrag i form av praktisk arbeid og økonomisk støtte hadde ikkje laget kunne gjennomført dette prosjektet. Sammendrag: Målsetjinga med prosjektet «Universiellt utforma badeplass ved Øyravatnet» er å lage ein badeplass som er tilgjengeleg for alle uansett funksjonsnedsetjing. Badeplassen som har baderampe og fiskerampe for rullestolbrukarar samt tilpassa bord og benker, ligg i eit naturområde der det også er høve til å utføre andre friluftsaktivitetar. Det er opparbeidd parkeringsplass med god plass for av og på stiging og fast dekke på veg/stiar. Ein annan grunn for igangsetjing av prosjektet er at det ikkje finst tilrettelagt badeplass i kommunen, og at næraste badeplass ligg i nabokommunen 42 km borte. Prosjektet er planlagt og gjennomført av NHF Askvoll/Rørvik lag, som er eit lokallag under Norges Handikapforbund. I gjennomføringa av prosjektet har lokallaget hatt samarbeid med fleire lokale lag som: 4H, Velforeininga, Helselag med fleire. Prosjektet er også ein del av Bygdeutviklingsprosjektet i Førdefjorden og står på lista over prioriterte anlegg i kommuneplan for Idrett- og friluftsliv i Askvoll kommune i planperioden 2009 2012. Prosjektet er finansiert med midlar frå Extrastiftelsen, kommunen, andre lag/organisasjonar i regionen, Ananias Batalden Stiftinga og eige lag. Store deler av arbeidet har vore utført på dugnad. Leigd hjelp til gravarbeid, planering, grusing og sprenging. Prinsippet om universell utforming, som ligg til grunn for prosjektet, er i tråd med «Lov om forbud om diskriminering på grunn av nesatt funksjonsevne» - Ot.Prp. nr. 44 frå 2009. Anlegget er også i samsvar med Plan og bygningslova av 01.07.09. Badeplassen vil stå ferdig og verke klar til bruk sommaren 2012. Andre organisasjonar som til dømes 4H vil også bruke plassen til leiropphald, og er i gang med å byggje gapahuk på området. Kap. 1: Bakgrunn/målsetjing: Målet med prosjektet «Universiellt utforma badeplass ved Øyravatnet» var å lage ein badeplass som er tilgjengeleg for alle. Det vere seg rullestolbrukarar og andre med funksjonsnedsetjing, folk med barnevogn, barn, unge, vaksne og eldre. Kommunen har ikkje tilrettelagt badeplass,og næraste badeplass i vårt område ligg i nabokommunen 42 km borte.
-3 Kap. 2: Prosjektgjennomføring/metode: Prosjektet har i si heilheit vore administrert av styret i NHF Askvoll/Rørvik lag. Styret har utarbeidd budsjett, søknader om økonomisk støtte, organisert dugnadsarbeidet, leigd inn hjelp til gravearbeidet/køyring av grus/sprenging/planering, søkt om dispensasjon frå arealdelplanen i kommunen, søkt Statens Vegvesen (avkøyrsle, veg, parkeringsplass), skrive avtale med grunneigar, tinglysingsdokument, bestilt div. materiell m.m. Styret har også arrangert kafe og basarar i lokalt Allaktivitetshus for å skaffe midlar til prosjektet. Badeanlegget er kostnadsrekna til kr. 456.000,-, og er finansiert gjennom midlar frå lokale sponsorar, lag- og organisasjonar, lokallaget, BU-midlar, Extramidlar og ved dugnad. Prinsippet om universiell utforming, som ligg til grunn for prosjektet, er i tråd med «Lov om forbud mot diskriminering på grunn av nesatt funksjonevne» - Ot.Prp. nr. 44 av 2009. Anlegget er også i samsvar med Plan- og bygningslova av 01.07.09. Kap. 3: Resultat/resultatvurdering: Målsetjinga med prosjektet var å lage ein badeplass som er tilgjengeleg for alle folk, uansett funksjonsnivå. Å kunne opprette eit tilbod som alle i nærmiljøet kan bruke vil også kunne medføre auka samhald og trivsel i bygdene våre. Badeplassen ligg i eit naturskjønt og skjerma område, som er godt eigna til leik og andre aktivitetar. I tilknyting til badeplassen er der også fiskerampe for rullestolbrukarar. Der er også fastmonterte bord og benker, i tillegg til grill. Badeplassen har parkeringsplass med god plass for av og påstiging. Når det gjeld nytteverdi av prosjektet, vil det forutan det som er nemnt ovanfor om auka samhald og trivsel og der ingen er utestengt på grunn av fysiske hindringar, også komme andre lag/organisasjonar til gode. Det kan nemnast at det lokale 4 H-laget er i gang med å bygge gapahuk på området og vil komme til å bruke plassen aktivt både sommar og vinter. Lokallaget har også fått førespurnad frå MS-foreininga i Sogn og Fjordane om å presentere prosjektet/halde foredrag om planlegging, gjennomføring og økonomisk dekning. I løpet av prosjektperioden på 2 år har lokallaget fått auka kunnskap om ulike lovverk både på kommunalt og statleg nivå. Vidare har laget fått erfaring med prosjektarbeid både teoretisk og praktisk. Kap. 4: Oppsummering/Konklusjon/Vidare planer: Som det går fram av kap.1 var målsetjinga med prosjektet «Universielt utforma badeplass ved Øyravatnet» å lage ein badeplass i nærområdet som er tilrettelagt for alle uansett funksjonsnivå. Badeplassen ligg i naturskjønne omgjevnader og er lett tilgjengeleg med god parkeringsplass og veg/stiar med fast dekke. Der er både baderampe og fiskerampe for rullestolbrukarar. Fastmonterte bord og benker tilpassa rullestol. Der er også høve til å grille fastmontert grill. Plassen er også brukt av lokalt 4 H-lag, som er i gang med å bygge gapahuk, og som vil bruke staden både på sommar og vinterstid. -4-
NHF Askvoll/Rørvik lag har stått for planlegging og gjennomføring av prosjektet, med god støtte frå medlemar og andre i lokalmiljøet. Prosjektet er godt integrert i nærmiljøet og har fått økonomisk støtte frå fleire lag/organisasjonar, handikapstiftelse, kommune og Extrastiftelsen Helse og rehabilitering med Extra-midlar. Prosjektet vil også bli vidareformidla til andre interesserte, i første omgang til MS-foreininga i Sogn og Fjordane. Prosjektet var budsjettert med kr 456.000,-. Planen vidare er å få ferdiggjort påbegynt rekkverk på mur, montere grill og legge skjelsand i badevika. I tillegg må baderampe og fiskerampe monterast. Vi reknar med at alt skal vere klartgjort til badesesongen 2012. -NHF Askvoll/Rørvik-