Kviteseid kommune Møteprotokoll Utval: Formannskapet Møtestad: Brunkeberg, Kommunehuset Dato: 24.06.2015 Tidspunkt: 09:00 11:15 Fylgjande faste medlemmer møtte: Namn Funksjon Representerar Torstein E. Tveito Ordførar SP Tove Anette Gjølberg Medlem SP Olav H. Mosdøl Medlem KRF Jon Ingebretsen Medlem Uavhengig Gunnar Ruud Varaordførar H Tarjei Gjelstad Medlem AP Fylgjande medlemmer møtte ikkje: Namn Funksjon Representerar Solveig Nekstad Grave MEDL AP Fylgjande varamedlemmer møtte: Namn Møtte for Representerar Magny Lundeberg Solveig Nekstad Grave AP Fylgjande frå administrasjonen møtte: Namn Stilling Ellen Marie Prag Fung. Rådmann Sveinung Seljås Plansjef, tilstades i sakene 62 64 Før det formelle møtet orienterte John Asbjørn Jensen, Statens vegvesen, Arendal om stoda i planlegginga av G/S-veg i Vrådal
Saksliste Utvalssaksnr. PS 60/15 PS 61/15 RS 33/15 Innhald Godkjenning av protokoll Referatsaker Referat fra årsmøte 23.04.15-110 Telemark RS 34/15 Svar på søknad om utviding av servering- og skjenkeløyve - Kafé Hvidesøe - Elisabeth Haugo PS 62/15 K - 13/16 - Reguleringsplan Straumen II (Fiskebekk hyttegrend) - mindre planendring PS 63/15 K - 32/1 - Syftestad - frådeling av utbygd hyttetomt - dispensasjon PS 64/15 PS 65/15 PS 66/15 K Reguleringsplan Morgedal turveg m.m. plan til offentleg ettersyn Telemarkskanalen - ein synleg attraksjon. Skiltplan Søknad om tilskott - Waldenstrøm kafé Lukka PS 60/15 Godkjenning av protokoll Protokollen vart samrøystes vedteken. PS 61/15 Referatsaker Referatsakene 33 og 34 vart teke til orientering. PS 62/15 K - 13/16 - Reguleringsplan Straumen II (Fiskebekk hyttegrend) - mindre planendring Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendringar i reguleringsplanen Straumen II med tilhøyrande utbyggingsplan: 1. Flytting av sti frå vest- til austsida av tomt 13 i H1. 2. Flytting av sti frå aust- til vestsida av tomt 17 i H1. 3. Sti nordover frå pumpehuset i H2 flyttast til å gå meir vestover, ved klopp over bekk.
4. Ei justering av grensa ( 3m mot aust) mellom tomt 15 og tomt 16 i H1, slik at tomt 16 kan få vegtilkomst utan sprenging, og utan at eigar treng ha noko vegsameige med framtidig eigar av tomt 15. Det blir ikkje forlanga digitalisering av reguleringsplan/utbyggingsplan etter planendringa. Formannskapet godkjenner i medhald av pbl 12-14 som mindre planendringar i reguleringsplanen Straumen II med tilhøyrande utbyggingsplan: 1. Flytting av sti frå vest- til austsida av tomt 13 i H1. 2. Flytting av sti frå aust- til vestsida av tomt 17 i H1. 3. Sti nordover frå pumpehuset i H2 flyttast til å gå meir vestover, ved klopp over bekk. 4. Ei justering av grensa ( 3m mot aust) mellom tomt 15 og tomt 16 i H1, slik at tomt 16 kan få vegtilkomst utan sprenging, og utan at eigar treng ha noko vegsameige med framtidig eigar av tomt 15. Det blir ikkje forlanga digitalisering av reguleringsplan/utbyggingsplan etter planendringa. PS 63/15 K - 32/1 - Syftestad - frådeling av utbygd hyttetomt - dispensasjon Formannskapet gjev med heimel i pbl 19-2, dispensasjon for frådeling av ei tomt på ca 1 000 m2 frå g/bnr 32/1, rundt eksisterande hytte, slik det er søkt om. Formannskapet gjev med heimel i pbl 19-2, dispensasjon for frådeling av ei tomt på ca 1 000 m2 frå g/bnr 32/1, rundt eksisterande hytte, slik det er søkt om.
PS 64/15 K - Reguleringsplan Morgedal turveg m.m. - plan til offentleg ettersyn Formannskapet legg i medhald av pbl 12-10 forslag til reguleringsplan, detaljregulering for Morgedal turveg m.m. ut til offentleg ettersyn, og sender han på høyring til aktuelle høyringsinstansar. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje høyringsfrist. Formannskapet legg i medhald av pbl 12-10 forslag til reguleringsplan, detaljregulering for Morgedal turveg m.m. ut til offentleg ettersyn, og sender han på høyring til aktuelle høyringsinstansar. Rådmannen får fullmakt til å fastsetje høyringsfrist. PS 65/15 Telemarkskanalen - ein synleg attraksjon. Skiltplan 1. Kviteseid kommune vedtar «Telemarkskanalen, en synlig attraksjon. Veien dit. Skiltplan for Telemarkskanalen regionalpark», med de forslagene til endringer som er nevnt for Kviteseid kommune i planen. 2. Kviteseid kommune følger opp skilt langs riksveg og fylkesveg, med skilt på kommunale veger. 3. Kviteseid kommune avventer dialog mellom Telemarkskanalen regionalpark, Telemark fylkeskommune og Statens Vegvesen for detaljert finansieringsplan for gjennomføring av tiltak på aktive anlegg langs kanalløpet. 4. Kviteseid kommune skal holdes orientert om endringer. 5. Kviteseid kommune skal i løpet av arbeidet med skiltplanen, og senest innen utgangen av 2015, gjennomføre en vurdering av skiltpunkter på kommunal veg og kostnadsberegne dette. Ordføraren kom med framlegg til fylgjande tillegg i pkt. 1: «I tillegg skal merknad til skilt 74, 75, 76, 77 og 78 rettast opp.» Rådmannen si tilråding og ordføraren sitt tilleggsframlegg vart samrøystes vedtekne. 1. Kviteseid kommune vedtar «Telemarkskanalen, en synlig attraksjon. Veien dit. Skiltplan for Telemarkskanalen regionalpark», med de forslagene til endringer som er nevnt for Kviteseid kommune i planen. I tillegg skal merknad til skilt, 74, 75, 76, 77 og 78 rettast opp. 2. Kviteseid kommune følger opp skilt langs riksveg og fylkesveg, med skilt på kommunale veger.
3. Kviteseid kommune avventer dialog mellom Telemarkskanalen regionalpark, Telemark fylkeskommune og Statens Vegvesen for detaljert finansieringsplan for gjennomføring av tiltak på aktive anlegg langs kanalløpet. 4. Kviteseid kommune skal holdes orientert om endringer. 5. Kviteseid kommune skal i løpet av arbeidet med skiltplanen, og senest innen utgangen av 2015, gjennomføre en vurdering av skiltpunkter på kommunal veg og kostnadsberegne dette. PS 66/15 Søknad om tilskott - Waldenstrøm kafé Kviteseid kommune løyver kr 15 000,- til Waldenstrøm kafé v/ Regie Wagner. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå det fylkeskommunale næringsfondet; konto 147026, ansvar 4317, teneste 3250 Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. juni 2015 (ansvar 4317) er før tilrådd løyving kr 32 000,-. Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. juni 2015 (ansvar 4317) er etter tilrådd løyving kr 17 000,-. Kviteseid kommune løyver kr 15 000,- til Waldenstrøm kafé v/ Regie Wagner. Pengane skal brukast til dei skisserte tiltaka i søknaden. a) Jfr pkt 3 i utfyllande retningslinjer for bruk av næringsfondet, kan Kviteseid kommune gjennomføre kontroll av bruken av tilskotet. Dersom det seinare syner seg at føresetnadene for tilskotet ikkje er fylgd opp, eller at dei faktiske opplysningane som søknaden bygde på ikkje stemte med dei faktiske tilhøva, kan kommunen krevje attendebetalt heile eller delar av tilskotet. b) Pengane vert å take frå det fylkeskommunale næringsfondet; konto 147026, ansvar 4317, teneste 3250 Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. juni 2015 (ansvar 4317) er før tilrådd løyving kr 32 000,-. Status på det fylkeskommunale næringsfondet pr. juni 2015 (ansvar 4317) er etter tilrådd løyving kr 17 000,-.