MØTEPROTOKOLL Ungdomsrådet Utval: Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 25.09.2017 Tid: kl.08:30-11:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og sakspapir vart gjort tilgjengeleg elektronisk 18.09.2017. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Parti Emilie Opheim Maria Åsmul Marte Ekeberg Klippen Vegard Fosså Helge Mjånes Ap Jonas Ragnhildstveit Gaute Torgilstveit Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Møtenotat: Orientering: Sekretariatet informerte om møteplan. Representantar som ikkje har i-pad frå Fusa kommune vil få desse klargjort før neste møterunde. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Erik Vangsnes leia møtet under sak 50 og 52. Vegard Fosså leia møte etter konstitueringa i sak 52. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 25.09. 2017 Leiar Erik Vangsnes Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 050/2017 Godkjenning av møteprotokoll 051/2017 Skriv og meldingar 052/2017 Konstituering av Fusa ungdomsråd 2017-2018 053/2017 Lokal UKM 2018 - i Os eller Fusa? 054/2017 Orientering om bygging av ny fleirbrukshall 055/2017 <Tertailrapport pr. 1.9.2017> 056/2017 Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur 2018-27 - Fusa kommune 057/2017 GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde 058/2017 Prosjektrapportering formannskapet 2017 059/2017 <Rehabilitering / nybygg Fusa Ungdomsskule> Side 2
050/2017: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 21.08.17 vert godkjent. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UNG- 050/2017 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 21.08.17 vert godkjent. 051/2017: Skriv og meldingar Skriv og meldingar vert teke til etterretning. Rådmannen sitt framlegg vart samrøystes vedteke. UNG- 051/2017 Vedtak: Skriv og meldingar vert teke til etterretning. 052/2017: Konstituering av Fusa ungdomsråd 2017-2018 Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Etter framlegg frå administrasjonen vart Susanne Samnøen vald til vara for Emilie Opheim. Side 3
Det var berre Vegard Fosså som meldte seg som mogeleg kandidat for leiarvervet i ungdomsrådet. Han vart samrøystes vald. Jonas Ragnhildstveit og Marte Ekeberg Klippen meldte seg som kandidatar for nestleiarvervet. Det vart gjennomført skriftleg avstemming der Jonas fekk 3 stemmer og Marte 4 stemmer. Marte Ekeverg Klippen vart dermed vald til nesteleiar. UNG- 052/2017 Vedtak: Vegard Fosså er vald til leiar og Marte Ekeberg Klippen er vald til nestleiar i ungdomsrådet for 2017-2018. Susanne Samnøen er samstundes vald til fast vara for Emilie Opheim i suppleringsval for 2017-2018. 053/2017: Lokal UKM 2018 - i Os eller Fusa? Saka vert lagt fram utan framlegg til vedtak. Ungdomsrådet drøfta innspelet frå administrasjonen og kom med slik samrøystes uttale: Fusa ungdomsråd meiner det er rett å nytta Oseana som hovudbase for UKM sidan ein her har eit komplett utstyrt kulturbygg som fungerer godt til eit utvida UKM-program. Samtidig har Fusa ungdomsråd eit ønske om at ungdom i Fusa vert meir involverte i planlegging og gjennomføring av UKM. Fusa ungdomsråd, og seinare felles ungdomsråd for Bjørnafjorden kommune, bør ha ei sentral rolle i dette arbeidet. Fusa ungdomsråd ser gjerne at UKM kjem til Fusa, t.d. ved opninga av idrettshall i 2019 eller ein ny ungdomsskule/ kulturbygg. UNG- 053/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd meiner det er rett å nytta Oseana som hovudbase for UKM sidan ein her har eit komplett utstyrt kulturbygg som fungerer godt til eit utvida UKM-program. Samtidig har Fusa ungdomsråd eit ønske om at ungdom i Fusa vert meir involverte i planlegging og gjennomføring av UKM. Fusa ungdomsråd, og seinare felles ungdomsråd for Bjørnafjorden kommune, bør ha ei sentral rolle i dette arbeidet. Fusa ungdomsråd ser gjerne at UKM kjem til Fusa, t.d. ved opninga av idrettshall i 2019 eller ein ny ungdomsskule/ kulturbygg. Side 4
054/2017: Orientering om bygging av ny fleirbrukshall Saka vert lagt fram for orientering og innspel. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. UNG- 054/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd tok saka til orientering. 055/2017: <Tertailrapport pr. 1.9.2017> Tertialrapport pr. 1.9.2017 vert tatt til orientering. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. UNG- 055/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd tok saka til orientering. 056/2017: Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur 2018-27 - Fusa kommune Side 5
Fusa kommune vedtek planprogram for kommunedelplan for akvakultur 2018 27, datert 08.09.2017, og vil etter dette varsle oppstart planarbeid. Vedtaket er heimla i plan og bygningslova (pbl) 4-1, 11-1 og 11-13. Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. UNG- 056/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. 057/2017: GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde Fusa kommune legg detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde ut til høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er seks veker. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Etter ei drøfting kom ungdomsrådet fram til slik samrøystes uttale: Fusa ungdomsråd har ikkje merknader til sjølve bustadområdet. Fusa ungdomsråd meiner likevel at ein i arbeidet med reguleringsplanen ikkje har teke nok omsyn til trafikkfåra ved kryssing av fv 552 til og frå buss-stopp. Det bør koma førebyggjande tiltak med redusert fart til 50-sone og gangfelt for å trygga dei mjuke trafikantane, før ein kan utvida bustadområdet ved Lambanesheiane. Ein gjer merksam på at ungdomsrådet tok dette opp i oppstarten av planarbeidet, men at innspela ikkje er følgd opp eller går fram av saka. UNG- 057/2017 Vedtak: Side 6
Fusa ungdomsråd har ikkje merknader til sjølve bustadområdet. Fusa ungdomsråd meiner likevel at ein i arbeidet med reguleringsplanen ikkje har teke nok omsyn til trafikkfåra ved kryssing av fv 552 til og frå buss-stopp. Det bør koma førebyggjande tiltak med redusert fart til 50-sone og gangfelt for å trygga dei mjuke trafikantane, før ein kan utvida bustadområdet ved Lambanesheiane. Ein gjer merksam på at ungdomsrådet tok dette opp i oppstarten av planarbeidet, men at innspela ikkje er følgd opp eller går fram av saka. 058/2017: Prosjektrapportering formannskapet 2017 Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Saka vart samrøystes teke til orientering. UNG- 058/2017 Vedtak: Saka vert teke til orientering. 059/2017: <Rehabilitering / nybygg Fusa Ungdomsskule> Fusa formannskap tek framlegget som ei orientering. Fusa ungdomsråd støttar konklusjonane i notat frå adhoc-utvalet og stiller seg bak adhocutvalet sine ønskje for ein framtidig skule som ikkje let seg løysa med noverande skuleanlegg. Spørsmålet om framtidig skulebygg er ei svært viktig sak for ungdomsrådet og ungdomsrådet vil vera tett på den vidare prosessen, gjerne med representasjon i prosjektgruppa. Side 7
UNG- 059/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd vart etter ei drøftinga samde om slik samrøystes uttale: Fusa ungdomsråd støttar konklusjonane i notat frå adhoc-utvalet og stiller seg bak adhocutvalet sine ønskje for ein framtidig skule som ikkje let seg løysa med noverande skuleanlegg. Spørsmålet om framtidig skulebygg er ei svært viktig sak for ungdomsrådet og ungdomsrådet vil vera tett på den vidare prosessen, gjerne med representasjon i prosjektgruppa. Side 8