OSTERØY KOMMUNE Innkalling av Valnemnd Møtedato: 20.06.2016 Møtestad: Osterøy rådhus Møtetid: 20:00-20:30 Eventuelle forfall må meldast til per tlf., sms til eller per epost til Varamedlemmer møter berre etter nærare avtale. Sakliste Saknr Tittel 012/16 Generalforsamling i Osterøy Utbygging AS - førebuing av sakene 013/16 Val av forliksråd for perioden 2017-2020 - ny handsaming 15. juni 2016 Berit Moslett Borge møteleiar sekretær
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 075/16 Formannskapet PS 08.06.2016 012/16 Valnemnd PS 20.06.2016 051/16 Heradsstyret PS 22.06.2016 Saksbehandlar ArkivsakID Bente Skjerping 16/974 Generalforsamling i Osterøy Utbygging AS - førebuing av sakene 32T Revisjonsmelding - uttale om årsregnskapet 2015 OU AS InnkallingGeneralforsamling2015 Årsregnskap 2015 OU AS Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Rådmannen gjer ikkje framlegg. Formannskapet - 075/16 FS - behandling: Ordførar orienterte kort om arbeidet med forslag til nye styremedlemmer. Valnemnda har så langt ikkje gitt si innstilling. ----------------------------------- Ordføraren gjorde slikt framlegg: "Saka vert utsett til handsaming i heradsstyret." AVRØYSTING - utsetjing Framlegget vart samrøystes vedteke. FS - vedtak: "Saka vert utsett til handsaming i heradsstyret."
Saksopplysningar: Saksopplysningar: Bakgrunn Det vert halde generalforsamling i Osterøy Utbygging AS 24.06.16. Ordføraren representerer kommunen i generalforsamlinga etter at sakene er førebudde i formannskapet. For saksbehandlinga i formannskapet gjeld kommunelova sine reglar samt gjeldande reglement. Når det gjeld val av styremedlemmer viser ein og til brev av 22.04.16 frå kommunalministeren om krav om representasjon for begge kjønn, jfr. og kommunelova 80a om det same. Ein viser vidare til vedteken eigarskapsmelding for kommunaleigde selskap, jfr. H-sak 007/16, 02.03.16. Vurdering Saka vert lagt fram for formannskapet til handsaming og tilråding til generalforsamlinga. Folkehelse ikkje vurdert Miljø ikkje vurdert Økonomi ikkje vurdert Konklusjon
Saka vert lagt fram for formannskapet til handsaming og tilråding.
Osterøy Utbygging AS Osterøy kommune 5282 Lonevåg Lonevåg, 01.06.2016 INNKALLING TIL GENERALFORSAMLING Det vert med dette kalla inn til generalforsamling i Osterøy Utbygging AS Tid: 24.06.2016 kl. 0900 Stad: Osterøy rådhus SAKLISTE 1. Godkjenning av innkalling og saksliste. 2. Registrering av eigar. 3. Val av møteleiar, referent, og ein til skrive under protokoll saman med møteleiar. 4. Styret si årsmelding for 2015. 5. Årsrekneskap for 2015 med revisor si melding. 7. Godtgjering til revisor for 2015. 8. Godtgjering til styret sine medlemmer og varamedlemmer (2016). 9. Val av styremedlemmer og varamedlemmer. 10. Endring av namn på selskapet frå Osterøy Utbygging AS til Osterøy Utvikling AS.
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 013/16 Valnemnd PS 20.06.2016 Saksbehandlar ArkivsakID Bente Skjerping 16/77 Val av forliksråd for perioden 2017-2020 - ny handsaming 32T Valg av forliksrådsmedlemmer og skjønnsmedlemmer 2017 Val av forliksråd for perioden 2017-2020 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Rådmannen gjer ikkje framlegg. Saksopplysningar: Saksopplysningar: Bakgrunn Nye opplysningar i saka Heradsstyret gjorde i møtet 25. mai d.å. slikt vedtak: "Det vert vald slike medlemmer og varamedlemmer til forliksrådet for perioden 2017-2020: Alf T. Mortensen, leiar, ny, 1. Audhild Skogan, attval. 2. Svein Jarle Bernes, attval. Varamedlemmer: 1. Sissel Margrethe Romslo, ny, 2. Geir Olsen, attval, 3. Berit M. Borge, attval." Audhild Skogan og Geir Olsen har begge fråsagt seg attval til forliksrådet. Valnemnda må difor ta eit nytt møte og gi innstilling til heradsstyret. Ein gjer vidare merksam på at dersom valet skal haldast som avtaleval etter 38a, må valnemnda si innstilling vedtakast einstemmig i heradsstyret. Dersom dette ikkje er tilfelle, må valet haldast som høvestalsval. Dette gjeld i alle valsaker. I kvar kommune skal det vera eit forliksråd. Rådet skal ha 3 medlemmer med like mange varamedlemmer, alle valde av heradsstyret. Heradsstyret vel og formann mellom medlemmene. Begge kjønn skal vera representert, både mellom medlemmene og varamedlemmene. Varamedlemmene skal innkallast i den rekkjefølgje dei er oppnemnde.
Forliksrådet vert oppnemnd av fylkesmannen. Forliksrådsmedlemmene er formelt sett dommarar, domstollova sine reglar for slike gjeld difor. Medlemmene må såleis vera norske statsborgarar med røysterett, jfr. domstollova 53: Dommere må være norske statsborgere, menn eller kvinner, som er vederheftige, og som ikke er fradømt stemmerett i offentlige anliggender. For meddommere gjelder kravene etter 70, og for skjønnsmedlemmer kravene etter skjønnsprosessloven 14. Er en dommer uvederheftig, blir dog ikke hans dommerhandlinger ugyldige av den grund. Heller ikke kan parterne kræve, at en dommer skal vike sæte, fordi han er uvederheftig. Forliksrådsmedlemmene må vera fylt 25 år og vera under 70 år ved oppstart av valperioden. Som forliksrådsmedlem skal berre personar som vert rekna som særskild eigna til oppgåva veljast, og vedkomande må vera god i norsk, munnleg og skriftleg. Departementet understrekar at forliksrådet har ei viktig og krevjande oppgåve, og berre personar som på alle måtar er skikka for vervet bør veljast. Medlemmene bør delta i kurs og opplæring, og departementet understrekar vidare at forliksrådet ikkje er eit politisk råd eller utval, og at ein ved valet må ta omsyn til personlege eigenskapar. Av omsyn til kontinuitet bør ikkje heile forliksrådet skiftast samstundes. Etter 74 kan ein person kreva seg friteken frå val dersom helsetilstand eller andre særlege grunnar tilseier det, eller dersom ein har vore medlem i 2 periodar tidlegare. For val av forliksråd gjeld kommunelova sine reglar samt domsstollova 57 og 71 73, https://lovdata.no/dokument/nl/lov/1915-08-13-5 1. Utelukka frå val på grunn av stilling er, (etter domstollova 71): Stortingsrepresentant/-vararepresentant 2. Statsrådet sine medlemmer, statssekretærar, statsrådane sine personlege politiske rådgjevarar og tilsette ved Statsministeren sitt kontor 3. Fylkesmenn og assisterande fylkesmenn 4. Utnemnde og konstituerte dommarar og tilsette ved domstolane 5. Tilsette ved påtalemyndet, i politiet, kriminalomsorga og personar som er tildelt avgrensa politimynde 6. Tilsette i justisdepartementet, Politidirektoratet og Domstoladministrasjonen og styret for denne 7. Tilsette og studentar ved Politihøgskulen og Fengselsskulen 8. Praktiserande advokatar og advokatfullmektigar 9. Kommunen sin administrasjonssjef og andre kommunale tenestemenn som tek direkte del i førebuinga eller gjennomføringa av valet (gjeld alle typar arbeid, også utføring av teknisk prega
oppgåver, og gjeld i den kommunen vedkomande er tilsett i) Medlemmene må oppfylla vandelskrava i lova, jfr. domstollova 72, Utelukket fra valg på grunn av vandel er: 1. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i mer enn ett år, 2. den som er idømt forvaring eller særreaksjoner etter straffeloven 40 eller 62 til 65, 3. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i ett år eller mindre, og det ved valgperiodens start er mindre enn 15 år siden dommen var rettskraftig, 4. den som er idømt betinget fengselsstraff, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig, 5. den som er idømt eller har vedtatt bøtestraff for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig eller vedtakelsen, 6. den som har fått betinget påtaleunnlatelse eller domsutsettelse for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden avgjørelsen var rettskraftig. Dom på samfunnsstraff medfører utelukkelse etter første ledd nr. 1 eller 3, avhengig av lengden av den subsidiære fengselsstraffen. Ved delvis betinget fengselsstraff vurderes hver del for seg etter første ledd. Det er kommunen som skal kontrollera at vilkåra for å veljast til forliksrådet er oppfylte. Kontrollen skjer i samarbeid med lensmannen. Val av forliksråd skal skje i samsvar med reglane i kommunelova 6 med dei avvik som følgjer av domstollova 27 og 57. Val av forliksrådet vert gjort i slik rekkefølgje: Først vert 3 medlemmer med like mange varamedlemmer valde. Deretter vert det vald formann mellom dei valde medlemmene. Deretter vert rekkjefølgja mellom dei 2 andre medlemmene fastsett. Til sist vert rekkjefølgja mellom varamedlemmene fastsett. Det skal vera både kvinner og menn mellom medlemmene og varamedlemmene.
Når det gjeld rekkjefølgje kan denne fastsetjast samrøystes ved avtaleval. Dersom valet vert halde som høvestalsval er listerøystetalet/kandidatrøystetalet det som i utgangspunktet er avgjerande for rekkjefølgja. Forliksrådet har no slik samansetjing: Medlemmer Varamedlemmer Leiar Geir Iversen, Valestrandsfossen, f. 1964 1. Geir Olsen, Lonevåg, f. 1959 1. Audhild Skogan, Haus, f. 1956 2. Svein Jarle Bernes, Fotlandsvåg, f,. 1952 2. Berit M. Borge, Borge, Valestrandsfossen, f. 1960 3. Wenche Fiskeseth, Bruvik, f. 1946 Etter domstollova 57 skal valet av forliksrådsmedlemmer haldast innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval, og gjelda frå 01.januar året etter. Valperioden er 4 år. Funksjonsperioden for dette valet er såleis frå 01. januar 2017 31. desember 2020. Valnemnda gjer innstilling til val i heradsstyret. Vurdering Valnemnda må merka seg departementet si oppmoding om å finna godt skikka personar til desse verva. Forliksrådet har ei viktig og krevande oppgåve i rettergangsordninga, og personlege eigenskapar og føresetnader er viktig for utøvinga av dette vervet. Det vert og tilrådd å sikra kontinuiteten i forliksrådet ved at ikkje alle medlemmene vert skifta ut samtidig. Folkehelse ikkje vurdert i saka Miljø ikkje vurdert i saka Økonomi ikkje vurdert i saka Folkehelse Miljø Økonomi Konklusjon
Saka vert lagt fram for valnemnda for innstilling til val i heradsstyret.
SAKSPAPIR Saksnr Utval Type Dato 007/16 Valnemnd PS 12.04.2016 024/16 Heradsstyret PS 27.04.2016 038/16 Heradsstyret PS 25.05.2016 Saksbehandlar ArkivsakID Bente Skjerping 16/77 Val av forliksråd for perioden 2017-2020 32T Valg av forliksrådsmedlemmer og skjønnsmedlemmer 2017 Rådmannen sitt framlegg til vedtak: Rådmannen gjer ikkje framlegg. Heradsstyret - 024/16 HS - behandling: Berit Moslett Borge, H, gjorde på vegner av valnemnda slikt framlegg: "Medlemmer: Geir Iversen, leiar, 1. Audhild Skogan 2. Svein Jarle Bernes. Vara: 1. Alf Terje Mortensen 2. Geir Olsen, 3. Berit M. Borge." -------------------------- Det vart halde pause i drøftingane frå kl. 18.20 - kl. 18.40 med gruppemøte for FRP og AP. -------------------------- Johannes Bysheim, AP, gjorde slikt framlegg: "Saka vert utsett til neste møte." --------------------------- Det vart halde pause i drøftingane frå kl. 18.46 - kl. 18.50 med gruppemøte for V, H, KRF, SP og MDG -------------------------- AVRØYSTING - utsetjing Framlegget vart vedteke med 15 røyster (8AP,6FRP,1KRF) mot 12 røyster (1V,2MDG,3KRF,4H)
HS - vedtak: "Saka vert utsett til neste møte." Heradsstyret - 038/16 HS - behandling: Berit M. Borge, gjorde på vegner av fleirtalet i Valnemnda slikt framlegg: "Geir Iversen, leiar, attval. 1. Audhild Skogan, attval. Svein Jarle Bernes, attval. Varamedlemmer: 1. Alf T. Mortensen, ny. 2. Geir Olsen, attval, 3. Berit M. Borge, attval." Ragnar J. Tyssebotn, FRP, gjorde på vegner av FRP og AP slikt framlegg: "Leiar Alf T. Mortensen, ny. 1. vara: Sissel Margrethe Romslo. AVRØYSTING Valnemnda sitt framlegg - 13 røyster Ragnar J. Tyssebotn sitt framlegg - 14 røyster HS - vedtak: "Det vert vald slike medlemmer og varamedlemmer til forliksrådet for perioden 2017-2020: Alf T. Mortensen, leiar, ny, 1. Audhild Skogan, attval. 2. Svein Jarle Bernes, attval. Varamedlemmer: 1. Sissel Margrethe Romslo, ny, 2. Geir Olsen, attval, 3. Berit M. Borge, attval." Saksopplysningar: Saksopplysningar: Bakgrunn Nye opplysningar i saka Audhild Skogan og Geir Olsen har begge fråsagt seg attval til forliksrådet. Valnemnda må difor ta eit nytt møte og gi innstilling til heradsstyret. Ein gjer vidare merksam på at dersom valet skal haldast som avtaleval etter 38a, må valnemnda si innstilling vedtakast einstemmig i heradsstyret. Dersom dette ikkje er tilfelle, må valet haldast som høvestalsval. Dette gjeld i alle valsaker.
I kvar kommune skal det vera eit forliksråd. Rådet skal ha 3 medlemmer med like mange varamedlemmer, alle valde av heradsstyret. Heradsstyret vel og formann mellom medlemmene. Begge kjønn skal vera representert, både mellom medlemmene og varamedlemmene. Varamedlemmene skal innkallast i den rekkjefølgje dei er oppnemnde. Forliksrådet vert oppnemnd av fylkesmannen. Forliksrådsmedlemmene er formelt sett dommarar, domstollova sine reglar for slike gjeld difor. Medlemmene må såleis vera norske statsborgarar med røysterett, jfr. domstollova 53: Dommere må være norske statsborgere, menn eller kvinner, som er vederheftige, og som ikke er fradømt stemmerett i offentlige anliggender. For meddommere gjelder kravene etter 70, og for skjønnsmedlemmer kravene etter skjønnsprosessloven 14. Er en dommer uvederheftig, blir dog ikke hans dommerhandlinger ugyldige av den grund. Heller ikke kan parterne kræve, at en dommer skal vike sæte, fordi han er uvederheftig. Forliksrådsmedlemmene må vera fylt 25 år og vera under 70 år ved oppstart av valperioden. Som forliksrådsmedlem skal berre personar som vert rekna som særskild eigna til oppgåva veljast, og vedkomande må vera god i norsk, munnleg og skriftleg. Departementet understrekar at forliksrådet har ei viktig og krevjande oppgåve, og berre personar som på alle måtar er skikka for vervet bør veljast. Medlemmene bør delta i kurs og opplæring, og departementet understrekar vidare at forliksrådet ikkje er eit politisk råd eller utval, og at ein ved valet må ta omsyn til personlege eigenskapar. Av omsyn til kontinuitet bør ikkje heile forliksrådet skiftast samstundes. Etter 74 kan ein person kreva seg friteken frå val dersom helsetilstand eller andre særlege grunnar tilseier det, eller dersom ein har vore medlem i 2 periodar tidlegare. For val av forliksråd gjeld kommunelova sine reglar samt domsstollova 57 og 71 73, https://lovdata.no/dokument/nl/lov/1915-08-13-5 Utelukka frå val på grunn av stilling er, (etter domstollova 71): 1. Stortingsrepresentant/-vararepresentant 2. Statsrådet sine medlemmer, statssekretærar, statsrådane sine personlege politiske rådgjevarar og tilsette ved Statsministeren sitt kontor 3. Fylkesmenn og assisterande fylkesmenn 4. Utnemnde og konstituerte dommarar og tilsette ved domstolane 5. Tilsette ved påtalemyndet, i politiet, kriminalomsorga og personar som er tildelt avgrensa politimynde
6. Tilsette i justisdepartementet, Politidirektoratet og Domstoladministrasjonen og styret for denne 7. Tilsette og studentar ved Politihøgskulen og Fengselsskulen 8. Praktiserande advokatar og advokatfullmektigar 9. Kommunen sin administrasjonssjef og andre kommunale tenestemenn som tek direkte del i førebuinga eller gjennomføringa av valet (gjeld alle typar arbeid, også utføring av teknisk prega oppgåver, og gjeld i den kommunen vedkomande er tilsett i) Medlemmene må oppfylla vandelskrava i lova, jfr. domstollova 72, Utelukket fra valg på grunn av vandel er: 1. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i mer enn ett år, 2. den som er idømt forvaring eller særreaksjoner etter straffeloven 40 eller 62 til 65, 3. den som er idømt ubetinget fengselsstraff i ett år eller mindre, og det ved valgperiodens start er mindre enn 15 år siden dommen var rettskraftig, 4. den som er idømt betinget fengselsstraff, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig, 5. den som er idømt eller har vedtatt bøtestraff for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden dommen var rettskraftig eller vedtakelsen, 6. den som har fått betinget påtaleunnlatelse eller domsutsettelse for et forhold som etter loven kan medføre fengsel i mer enn ett år, og det ved valgperiodens start er mindre enn 10 år siden avgjørelsen var rettskraftig. Dom på samfunnsstraff medfører utelukkelse etter første ledd nr. 1 eller 3, avhengig av lengden av den subsidiære fengselsstraffen. Ved delvis betinget fengselsstraff vurderes hver del for seg etter første ledd. Det er kommunen som skal kontrollera at vilkåra for å veljast til forliksrådet er oppfylte. Kontrollen skjer i samarbeid med lensmannen. Val av forliksråd skal skje i samsvar med reglane i kommunelova 6 med dei avvik som følgjer av domstollova 27 og 57. Val av forliksrådet vert gjort i slik rekkefølgje: Først vert 3 medlemmer med like mange varamedlemmer valde. Deretter vert det vald formann mellom dei valde medlemmene. Deretter vert rekkjefølgja mellom dei 2 andre medlemmene fastsett. Til sist vert rekkjefølgja mellom varamedlemmene fastsett. Det skal vera både kvinner og menn mellom medlemmene og varamedlemmene. Når det gjeld rekkjefølgje kan denne fastsetjast samrøystes ved avtaleval. Dersom valet vert halde som høvestalsval er listerøystetalet/kandidatrøystetalet det som i utgangspunktet er avgjerande for
rekkjefølgja. I domstollova 57 er det teke inn særreglar om korleis ein skal oppfylla kravet om representasjon for begge kjønn dersom valet vert halde som høvestalsval, elles gjeld reglane i kommunelova. Forliksrådet har no slik samansetjing: Medlemmer Varamedlemmer Leiar Geir Iversen, Valestrandsfossen, f. 1964 1. Geir Olsen, Lonevåg, f. 1959 1. Audhild Skogan, Haus, f. 1956 2. Svein Jarle Bernes, Fotlandsvåg, f,. 1952 2. Berit M. Borge, Borge, Valestrandsfossen, f. 1960 3. Wenche Fiskeseth, Bruvik, f. 1946 Etter domstollova 57 skal valet av forliksrådsmedlemmer haldast innan 15. oktober året etter kvart kommunestyreval, og gjelda frå 01.januar året etter. Valperioden er 4 år. Funksjonsperioden for dette valet er såleis frå 01. januar 2017 31. desember 2020. Valnemnda gjer innstilling til val i heradsstyret. Vurdering Valnemnda må merka seg departementet si oppmoding om å finna godt skikka personar til desse verva. Forliksrådet har ei viktig og krevande oppgåve i rettergangsordninga, og personlege eigenskapar og føresetnader er viktig for utøvinga av dette vervet. Det vert og tilrådd å sikra kontinuiteten i forliksrådet ved at ikkje alle medlemmene vert skifta ut samtidig. Folkehelse ikkje vurdert i saka Miljø ikkje vurdert i saka Økonomi ikkje vurdert i saka Konklusjon Saka vert lagt fram for valnemnda for innstilling til val i heradsstyret.