MØTEPROTOKOLL Utval: Utval for plan og miljø Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 28.09.2017 Tid: kl.16:00-18:00 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista og sakspapir vart gjort tilgjengeleg elektronisk 12.09.2017. Møtet vart kunngjort på heimesida. Desse medlemene møtte: Agnete Digranes Årvik Turid Glesnes William Sandven Lindborg Magne Djuvik Lars Erik Dalland Ranveig Næss Jan Birger Landøy Gustav Folkestad Parti Ap Ap Ap Frp H H Sp V Forfall Parti Møtande varamedlemmer Parti Herborg Borgen Nordtveit Sp Aud May Boge H Møtenotat: Frammøte: Frå administrasjonen møtte: Terje Raunsgard, einingsleiar samfunnsutvikling, for rådmannen Arild Knutsen, byggesakshandsamar Torgeir Berge, byggesakshandsamar Helle Holte Bruland, arealplanleggar Jan Egil Leirstein, plan- og bygningssjef og ansvarleg sekretær Inhabilitet: På førehand hadde Aud May Boge, H, som forøvrig møtte som varamedlem for Herborg Nordtveit, Sp, meldt seg ugild i sak 076/2017. For henne var det kalla inn varamedlem, Peter-Hans De Zvarte, Sp, men han kunne ikkje møta.
Orienteringar: Helle Holte Bruland arealplanleggar, orienterte om medverknad og status i områdeplan for Eikelandsosen. Terje Raunsgard einingsleiar samfunnsutvikling, orienterte om status i reguleringssaker på Tollaneset og Samnøy ind.område. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Magne Djuvik leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 29. september 2017 Magne Djuvik Leiar Jan Egil Leirstein Ansvarleg sekretær Side 2
Sakliste Sak nr. Tittel 069/2017 Godkjenning av møteprotokoll 070/2017 Skriv og meldingar 071/2017 Delegerte saker 072/2017 Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur 2018-27 - Fusa kommune 073/2017 GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde 074/2017 GBNR 89/35 - Legland - Bygging av vinterhage - Dispensasjon frå LNF og 18 i PBL 075/2017 GBNR 95/42 - Henanger med Hjortdal - Bygging av lagerskur og stålhall/garasje - Godkjenning på villkår 076/2017 Gbnr. 11/18 - Samnøen ytre - bygging av veg til bustad 077/2017 Gbnr. 114/1 - Femanger - søknad om frådeling av areal 078/2017 Gbnr. 31/4 - Fusa prestegård - bygging av garasje 079/2017 Gbnr. 73/2 - Åse handsaming av klage i dispensasjonsak angåande bygging av tilkomstveg 080/2017 Gbnr. 78/4 - Vinnes - handsaming av klage på politisk vedtak om avslag i dispensasjonssak - Vinnesbruddet 081/2017 Gbnr. 88/8 - Særvoll østre - dispensasjon for bygging av kai på Stegleholmen 082/2017 Gbnr. 84/27 - Tuft - oppføring av verkstad/utleigedel med garasje og bustadhus 083/2017 Gbnr. 25/33 - Berge midtre - oppføring av tilbygg til bustadhus 084/2017 GBNR 5/2 - Vafet - Frådeling av tomt til bustad - Dispensasjon frå 1-8 i Pbl - Godkjenning 085/2017 Gbnr. 78/5 - Vinnes - frådeling av eigedom - klagehandsaming 086/2017 Gbnr. 78/5 - Vinnes - søknad om dispensasjon frå LNFføremålet - frådeling av grunneigedom Side 3
069/2017: Godkjenning av møteprotokoll Møteprotokoll frå møte 24.08.2017 vert godkjent. UPM- 069/2017 Vedtak: Møteprotokoll frå møte 24.08.2017 vert godkjent. 070/2017: Skriv og meldingar Skriv og meldingar vert teke til orientering. UPM- 070/2017 Vedtak: Skriv og meldingar vert teke til orientering. 071/2017: Delegerte saker Delegerte saker vert tekne til etterretning. Side 4
UPM- 071/2017 Vedtak: Delegerte saker vert tekne til etterretning. 072/2017: Framlegg til planprogram for kommunedelplan for akvakultur 2018-27 - Fusa kommune Fusa kommune vedtek planprogram for kommunedelplan for akvakultur 2018 27, datert 08.09.2017, og vil etter dette varsle oppstart planarbeid. Vedtaket er heimla i plan og bygningslova (pbl) 4-1, 11-1 og 11-13. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. Utvalet for plan og miljø tilrådde samrøystes at kommunestyret godkjenner rådmannen sitt framlegg. UPM- 072/2017 Vedtak: Utvalet for plan og miljø tilrår at kommunestyret godkjenner rådmannen sitt framlegg. Ungdomsrådet 25.09.2017: Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. UNG- 056/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd tok saka samrøystes til orientering. 073/2017: GBNR 24/2 - Lambanesheiane - Detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde Fusa kommune legg detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde ut til høyring og til Side 5
offentleg ettersyn. Høyringsfrist er seks veker. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Uttaler frå ungdomsrådet og senior- og funksjonsrådet vart lagt fram i møtet. UPM- 073/2017 Vedtak: Fusa kommune legg detaljregulering for Lambanesheiane bustadområde ut til høyring og til offentleg ettersyn. Høyringsfrist er seks veker. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Ungdomsrådet 25.09.2017: Etter ei drøfting kom ungdomsrådet fram til slik samrøystes uttale: Fusa ungdomsråd har ikkje merknader til sjølve bustadområdet. Fusa ungdomsråd meiner likevel at ein i arbeidet med reguleringsplanen ikkje har teke nok omsyn til trafikkfåra ved kryssing av fv 552 til og frå buss-stopp. Det bør koma førebyggjande tiltak med redusert fart til 50-sone og gangfelt for å trygga dei mjuke trafikantane, før ein kan utvida bustadområdet ved Lambanesheiane. Ein gjer merksam på at ungdomsrådet tok dette opp i oppstarten av planarbeidet, men at innspela ikkje er følgd opp eller går fram av saka. UNG- 057/2017 Vedtak: Fusa ungdomsråd har ikkje merknader til sjølve bustadområdet. Fusa ungdomsråd meiner likevel at ein i arbeidet med reguleringsplanen ikkje har teke nok omsyn til trafikkfåra ved kryssing av fv 552 til og frå buss-stopp. Det bør koma førebyggjande tiltak med redusert fart til 50-sone og gangfelt for å trygga dei mjuke trafikantane, før ein kan utvida bustadområdet ved Lambanesheiane. Ein gjer merksam på at ungdomsrådet tok dette opp i oppstarten av planarbeidet, men at Side 6
innspela ikkje er følgd opp eller går fram av saka. 074/2017: GBNR 89/35 - Legland - Bygging av vinterhage - Dispensasjon frå LNF og 18 i PBL Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå KPA 2017-2027 LNF område og pbl. 1-8, til tilbygg på garasje, gbnr. 89/35, Legland, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. UPM- 074/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå KPA 2017-2027 LNF område og pbl. 1-8, til tilbygg på garasje, gbnr. 89/35, Legland, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. 075/2017: GBNR 95/42 - Henanger med Hjortdal - Bygging av lagerskur og stålhall/garasje - Godkjenning på villkår Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen og gjev løyve til oppføring av stålhall på Gbnr 95/42 Henanger, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover gitt dispensasjon fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal væra i samsvar med søknad som er signert 15/06/2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. Fusa kommune skal ha skriftleg melding når tiltaket startar og avsluttast. Side 7
Vedtaket er heimla i plan og bygningslova 20-1 og 19-2. UPM- 075/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen og gjev løyve til oppføring av stålhall på Gbnr 95/42 Henanger, på fylgjande vilkår: 1. Tiltaket skal utover gitt dispensasjon fylgje gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal væra i samsvar med søknad som er signert 15/06/2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. Fusa kommune skal ha skriftleg melding når tiltaket startar og avsluttast. Vedtaket er heimla i plan og bygningslova 20-1 og 19-2. 076/2017: Gbnr. 11/18 - Samnøen ytre - bygging av veg til bustad Fusa kommune gjev dispensasjon for bygging av veg over gbnr. 11/1, Samnøen ytre, til eksisterande bustad på gbnr. 11/18, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad, dagsett 21.05.2017 og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner, og det må vera i tråd med Statens vegvesen sitt brev, dagsett 22.03.2017, med forlenga førehandstilsegn for avkøyrsle til bustadhus frå fylkesveg 125. 3. Før ein set i gang med arbeidet lyt gbnr. 11/18 få ein tinglyst rett til å nytta vegen som tilkomstveg. 4. Fusa kommune skal ha melding når arbeidet tek til og når tiltaket er ferdig. Side 8
Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 20-3 og jordlova 9. Aud May Boge meldte seg ugild i saka då ho er i slekt med tiltakshavar. Ho tredde i frå. Aud May Boge vart samrøystes kjend ugild til å handsama denne saka, jfr kommunelova 40 nr 3 og fvl 6. Det var kalla inn varamedlem for ho, men han kunne ikkje møta. Rådmannen sitt framlegg vart etter det samrøystes vedteke. Etter votering tok medlemmet plass igjen i møtet. UPM- 076/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev dispensasjon for bygging av veg over gbnr. 11/1, Samnøen ytre, til eksisterande bustad på gbnr. 11/18, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad, dagsett 21.05.2017 og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. Tiltaket må gjennomførast i medhald til gjeldande lover og føresegner, og det må vera i tråd med Statens vegvesen sitt brev, dagsett 22.03.2017, med forlenga førehandstilsegn for avkøyrsle til bustadhus frå fylkesveg 125. 3. Før ein set i gang med arbeidet lyt gbnr. 11/18 få ein tinglyst rett til å nytta vegen som tilkomstveg. 4. Fusa kommune skal ha melding når arbeidet tek til og når tiltaket er ferdig. Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova 20-3 og jordlova 9. 077/2017: Gbnr. 114/1 - Femanger - søknad om frådeling av areal Fusa kommune gjev dispensasjon frå plan- og bygningslova 19-2, og arealdelen av kommuneplanen for frådeling av eit areal på om lag 1,3 dekar frå gbnr. 114/1, Femanger. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. At ein følgjer gjeldande lover og føresegner, og at det før det kan skje ei oppmåling, ordnast opp i eventuelle tinglyste rettar. Side 9
2. At tiltaket er i tråd med søknad, dagsett 20.04.2017 og i tråd med vedlegg, dagsett 04.09.2017. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1 UPM- 077/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev dispensasjon frå plan- og bygningslova 19-2, og arealdelen av kommuneplanen for frådeling av eit areal på om lag 1,3 dekar frå gbnr. 114/1, Femanger. Løyvet er gjeve på følgjande vilkår: 1. At ein følgjer gjeldande lover og føresegner, og at det før det kan skje ei oppmåling, ordnast opp i eventuelle tinglyste rettar. 2. At tiltaket er i tråd med søknad, dagsett 20.04.2017 og i tråd med vedlegg, dagsett 04.09.2017. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1 078/2017: Gbnr. 31/4 - Fusa prestegård - bygging av garasje Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for bygging av garasje på gbnr. 31/4, Fusa prestegård, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. At Statens vegvesen godkjenner plasseringa, jf. veglova 29 og 30. 3. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 23.04.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 4. At den jorda som det vert bygd på/planert, vert nytta til å utbetra andre grunne slåtteareal på bruket og at Bjørnefjorden landbrukskontor godkjenner planane for eit slikt tiltak og kvalitetssikrar det endelege resultatet av det. 5. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når bygget står ferdig. Side 10
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3 og jordlova 9. UPM- 078/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon for bygging av garasje på gbnr. 31/4, Fusa prestegård, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. At Statens vegvesen godkjenner plasseringa, jf. veglova 29 og 30. 3. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 23.04.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 4. At den jorda som det vert bygd på/planert, vert nytta til å utbetra andre grunne slåtteareal på bruket og at Bjørnefjorden landbrukskontor godkjenner planane for eit slikt tiltak og kvalitetssikrar det endelege resultatet av det. 5. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når bygget står ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3 og jordlova 9. 079/2017: Gbnr. 73/2 - Åse handsaming av klage i dispensasjonsak angåande bygging av tilkomstveg Fusa kommune gjev medhald i klage på vedtak (UPM- 068/2016) frå 29.09.2016 om å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for bygging av veg over gbnr. 73/2, for å etablera tilkomstveg til hytte på gbnr. 73/10, Åse - og på følgjande vilkår gjev Fusa kommune med dette dispensasjon for rammeløyve til det omsøkte tiltaket: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må følgja den traséen som er skissert i skyldskiftet frå frådelinga av gbnr. 73/10. 3. Nøyaktige kartutgreiingar og skildring av utføring av veg skal liggja føre før det vert gjeve igangsetjingsløyve. Side 11
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1, 19-2 og 20-3. UPM- 079/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev medhald i klage på vedtak (UPM- 068/2016) frå 29.09.2016 om å gje dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for bygging av veg over gbnr. 73/2, for å etablera tilkomstveg til hytte på gbnr. 73/10, Åse - og på følgjande vilkår gjev Fusa kommune med dette dispensasjon for rammeløyve til det omsøkte tiltaket: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket må følgja den traséen som er skissert i skyldskiftet frå frådelinga av gbnr. 73/10. 3. Nøyaktige kartutgreiingar og skildring av utføring av veg skal liggja føre før det vert gjeve igangsetjingsløyve. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 1-1, 19-2 og 20-3. 080/2017: Gbnr. 78/4 - Vinnes - handsaming av klage på politisk vedtak om avslag i dispensasjonssak - Vinnesbruddet Fusa kommune tek ikkje klage til følgje, og held fast på sitt vedtak om å ikkje gje dispensasjon frå plankravet til drift for uttak av stein på gbnr. 78/4, Vinnes. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og i arealdelen av kommuneplanen. UPM- 080/2017 Vedtak: Fusa kommune tek ikkje klage til følgje, og held fast på sitt vedtak om å ikkje gje dispensasjon frå plankravet til drift for uttak av stein på gbnr. 78/4, Vinnes. Side 12
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og i arealdelen av kommuneplanen. 081/2017: Gbnr. 88/8 - Særvoll østre - dispensasjon for bygging av kai på Stegleholmen Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen og plan- og bygningslova 1-8, for bygging av kai på Stegleholmen, gbnr. 88/8, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 08.06.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. At Statens naturoppsyn får montera skilt som skal stå på den nye kaien og informera om fuglereservatet på holmen. 3. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når prosjektet står ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. UPM- 081/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen og plan- og bygningslova 1-8, for bygging av kai på Stegleholmen, gbnr. 88/8, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 08.06.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 2. At Statens naturoppsyn får montera skilt som skal stå på den nye kaien og informera om fuglereservatet på holmen. 3. At Fusa kommune får melding når bygginga tek til og når prosjektet står ferdig. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3. 082/2017: Gbnr. 84/27 - Tuft - oppføring av verkstad/utleigedel med garasje og bustadhus Side 13
Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå LNF-føremålet, og gjev rammeløyve for oppføring av verkstad/utleigedel med garasje og bustadhus på gbnr. 84/27, Tuft, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med gjeldande lover og føresegner, og i samsvar med søknad av 14.05.2017. 2. Tiltaket må vera i tråd med vilkåra som Statens vegvesen gav i brev dagsett 05.05.2017. 3. At overskotsjorda etter opparbeiding av tomtegrunn vert nytta til å oppgradera meir grunnlendte areal på eigedomen. 4. Det skal søkjast om igangsetjingsløyve før arbeidet vert sett i gang. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3 og i jordlova 9. UPM- 082/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå LNF-føremålet, og gjev rammeløyve for oppføring av verkstad/utleigedel med garasje og bustadhus på gbnr. 84/27, Tuft, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal vera i samsvar med gjeldande lover og føresegner, og i samsvar med søknad av 14.05.2017. 2. Tiltaket må vera i tråd med vilkåra som Statens vegvesen gav i brev dagsett 05.05.2017. 3. At overskotsjorda etter opparbeiding av tomtegrunn vert nytta til å oppgradera meir grunnlendte areal på eigedomen. 4. Det skal søkjast om igangsetjingsløyve før arbeidet vert sett i gang. Side 14
Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-3 og i jordlova 9. 083/2017: Gbnr. 25/33 - Berge midtre - oppføring av tilbygg til bustadhus Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå plan- og bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, til å setja opp ei 15,2 m2 prefabrikkert utestove på gbnr.25/33, Berge midtre, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgje gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad, dagsett 07.06.2017. 3. At Statens vegvesen gjev dispensasjon frå kravet om 50 meters avstand frå fylkesvegen. 4. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. UPM- 083/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå plan- og bygningslova 1-8, og arealdelen av kommuneplanen, til å setja opp ei 15,2 m2 prefabrikkert utestove på gbnr.25/33, Berge midtre, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgje gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad, dagsett 07.06.2017. 3. At Statens vegvesen gjev dispensasjon frå kravet om 50 meters avstand frå fylkesvegen. 4. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket kan heimlast i plan- og bygningslova 19-2 og 20-4. Side 15
084/2017: GBNR 5/2 - Vafet - Frådeling av tomt til bustad - Dispensasjon frå 1-8 i Pbl - Godkjenning Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Pbl. 1-8, for frådeling av bustadtomt, gbnr. 5/2 - Vafet, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 03.07.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. Søknad om avkjørsle må væra godkjent av Teknisk drift i Fusa kommune. 4. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. UPM- 084/2017 Vedtak: Fusa kommune godkjenner søknad om dispensasjon frå Pbl. 1-8, for frådeling av bustadtomt, gbnr. 5/2 - Vafet, på følgjande vilkår: 1. Tiltaket skal følgja gjeldande lover og føresegner. 2. Tiltaket skal vera i samsvar med søknad som er signert 03.07.2017, og i samsvar med vedlegg til denne søknaden. 3. Søknad om avkjørsle må væra godkjent av Teknisk drift i Fusa kommune. 4. Fusa kommune skal ha melding når tiltaket startar og er ferdigstilt. Vedtaket er heimla i plan- og bygningslova 19-2 og 20-1. 085/2017: Gbnr. 78/5 - Vinnes - frådeling av eigedom - klagehandsaming Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage på politisk vedtak i UPM-sak 039/2016, og står med dette fast på sitt vedtak om å ikkje gje løyve til å dela frå ein grunneigedom for Side 16
fritidsbustadar på gbnr. 78/5, Vinnes. Vedtaket er heimla i arealdelen av kommuneplanen til Fusa kommune og plan- og bygningslova 19-2. UPM- 085/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev ikkje medhald i klage på politisk vedtak i UPM-sak 039/2016, og står med dette fast på sitt vedtak om å ikkje gje løyve til å dela frå ein grunneigedom for fritidsbustadar på gbnr. 78/5, Vinnes. Vedtaket er heimla i arealdelen av kommuneplanen til Fusa kommune og plan- og bygningslova 19-2. 086/2017: Gbnr. 78/5 - Vinnes - søknad om dispensasjon frå LNFføremålet - frådeling av grunneigedom Fusa kommune gjev ikkje dispensasjon frå LNF-føremålet i arealdelen av kommuneplanen for å dela frå ein grunneigedom for fritidsbustadar på gbnr. 78/5, Vinnes. Vedtaket er heimla i arealdelen av kommuneplanen til Fusa kommune og plan- og bygningslova 19-2. UPM- 086/2017 Vedtak: Fusa kommune gjev ikkje dispensasjon frå LNF-føremålet i arealdelen av kommuneplanen for å dela frå ein grunneigedom for fritidsbustadar på gbnr. 78/5, Vinnes. Vedtaket er heimla i arealdelen av kommuneplanen til Fusa kommune og plan- og Side 17
bygningslova 19-2. Side 18