ÅRGANG 68. Konfirmantane 2015 på tur til Dale kyrkje.



Like dokumenter
ÅRSMELDING FOR VANGSNES SOKNERÅD

P.R.O.F.F. Plan for Rekruttering og Oppfølging av Frivillige medarbeidarar i Fjell kyrkjelyd

Tenk på det! Informasjon om Humanistisk konfirmasjon NYNORSK

Møteprotokoll for møte i

kjærleiken ein har til kyrkja. Denne arven er det som må førast vidare til neste generasjon.

PROTOKOLL FRÅ UNGDOMSTINGET BJØRGVIN BISPEDØME, ST JAKOK KYRKJE, BERGEN april 2015:

Velkomen til soknerådskurs

Visitasforedrag ved bispevisitas i Høyanger og 10. mars 2019

Han fortalde dei ei likning om at dei alltid skulle be og ikkje mista motet Lukas 18:1-7

Alle svar er anonyme og vil bli tatt vare på ved Norsk Folkemuseum kor vi held til. Ikkje nemn andre personar med namn når du skriv.

Til deg som bur i fosterheim år

GRAVFERD I BEDEHUSFORSAMLING

Molde Domkirke Konfirmasjonspreike

Velkomen til. Dette heftet tilhøyrer:

Utviklingsplan for Ørsta frikyrkje

ORDNING FOR KONFIRMASJON

Kommunevalprogram. Vik Senterparti

HØYRINGSSVAR frå prosten i Sogn prosti. Veivalg for fremtidig kirkeordning

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd

Plan for undervisning

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA LEVELD SOKN 2. Gudsteneste utan nattverd

Velkomen som konfirmant!

EVANGELIE-BØKENE Av Idun og Ingrid

ÅRGANG 66 NR. 04 NOV. 2013

Møteprotokoll for Askvoll sokneråd

Brukarrettleiing E-post lesar

Samanslåing av sokn på Osterøy - høyringsutkast

Ungdom i klubb. Geir Thomas Espe

SFSK-INFO. Ordet fritt - ved fylkesleiar Gunn Sande SENTERKVINNENE I SOGN OG FJORDANE. Senterkvinnene. gjer fylket til ein endå betre plass å vere!

Brødsbrytelsen - Nattverden

Norsk etnologisk gransking Oslo, februar 2015 Norsk Folkemuseum Postboks 720 Skøyen 0214 Oslo E-post:

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin Administrasjonsavdelingen

Protokoll frå møte Frå kl til Møtedato:

Møteprotokoll for Bjørgvin bispedømeråd

Ordning for dåp Storsamling Nærbø

VELSIGNING AV HUS OG HEIM

NAMNET. Av Jon Fosse GUTEN JENTA

Strategidokument

Kod e.g1g.,. a.(ll... '3_:...

Visitasforedrag ved bispevisitas i Sogndal og Leikanger og 29. april 2018

Velkomen til minifolkehøgskule i Nordfjord

Referat frå foreldremøte Tjødnalio barnehage

6. trinn. Veke 24 Navn:

Kjære føresette. Nok ein månad er snart over! Tida går veldig fort, spesielt når vi har det kjekt. Og det er akkurat det vi har på SFO:-)

Minnebok. Minnebok NYNORSK

Ytre Sogn prost Prostinndelinga i Sogn gjennom historia

2 Inngangsord. 1 Preludium/Inngang. ORDNING FOR Vigsel. Anten A. L I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Eller B

ORDNING FOR HOVUDGUDSTENESTA TORPO SOKN 5. Folkemusikkgudsteneste

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin Administrasjonsavdelingen

Strategidokument Varhaug Misjonshus

Pressemelding. Kor mykje tid brukar du på desse media kvar dag? (fritid)

VELKOMEN SOM KONFIRMANT

Jobbskygging. Innhald. Jobbskygging side 1. ELEVARK 10. trinn

BRUKARUNDERSØKING MOTTAK AV FLYKTNINGAR MOTTAK AV FLYKTNINGAR

Ser du det? Ved Odd Erling Vik Nordbrønd døveprest i Møre Anne Marie Sødal kateket i døvekirken Nordenfjelske distrikt

5. Soknerådsmøte mai Referat

Velkomen som konfirmant

BYGGEKLOSSEN OPEN BARNEHAGE, hausten 2015

Lyngmo-Glytten 23. årgang - Januar 2014 Medlemsblad GLYTTEN

2 Gjenta setningane. Begynn med adverbialet. Leo speler fotball. Kvar onsdag speler Leo fotball.

Spørjeskjema for elevar 4. klasse, haust 2014

MØTEBOK BREMNES SOKNERÅD

Ordinasjon og innsetjing av forstandar og/eller eldste i same gudsteneste

DEN NORSKE KIRKE Bjørgvin administrasjonsavdelingen

Månadsbrev for Rosa september 2014

Arbeidsplan for Hordaland Senterungdom

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

3 Gjer setningane om til indirekte tale med verba i preteritum. Han fortalde: Ho bur på Cuba. Han fortalde at ho budde på Cuba.

Rogaland Mållag. Gode målfolk, Bryne, 5. oktober 2009

Vi inviterer. Oppheim og Vinje kyrkjelydar

Austevoll kommune MØTEINNKALLING

Informasjon til elevane

Kva kompetanse treng bonden i 2014?

Joakim Hunnes. Bøen. noveller

Kven vil du skal styre i kyrkja?

VISITASFOREDRAG VED BISPEVISITAS I BALESTRAND OKTOBER OG 3. NOVEMBER 2013

DEN NORSKE KYRKJA Bjørgvin bispedømeråd

Kjønn K x M (kryss av) Frå Noverande stilling Selvstendig næringsdrivende 2011

Liturg: I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande (krossteikning).

Reglement for Ungdommens Fylkesting og Ungdommens Fylkesutval

Barnerettane i LOKALSAMFUNNET

Jon Fosse. For seint. Libretto

Kommunikasjonsplan. Nordhordland ein kommune 2020? Regionrådet Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy

Referat frå Soknerådsmøte 17.oktober 2013

7. soknerådsmøte 2014, 3. juni: Referat

No sprett knuppane og sevja stig


Velkomen til LONEVÅG BARNEHAGE. Informasjon til foreldre ved Lonevåg barnehage

Undervisningsopplegg for filmen VEGAS

MÅNADSPLAN FOR SEPTEMBER, KVITVEISEN.

MØTEINNKALLING. Utval: BRUKARUTVAL FOR SAMHANDLINGSREFORMA Møtestad: Rådhuset Møtedato: Tid: 10.00

Månadsbrev for GRØN mars/april 2014

Peder Rygg Drønen møter som fast vara. Andre varamedlemer møter kun etter særskild innkalling. Vara for soknepresten Kyrkjeverje

MØTEPROTOKOLL. Utval: Utval for oppvekst og omsorg Møtestad: kommunehuset Møtedato: Tid:

MØTEBOK TITTELARK FELLESRÅDSAKER

Forslag til høyringssvar til «Veival for framtidig kyrkjeordning» frå Giske kyrkjelege fellesråd.

Psykologisk førstehjelp i skulen

FORBØN FOR BORGARLEG INNGÅTT EKTESKAP NYNORSK

Gjennomføring av foreldresamtale klasse

INFORMASJONSHEFTE FOR STUDENTAR I LYEFJELL BARNEHAGE

Transkript:

1 ÅRGANG 68 NR. 02 AUGUST 2015 Konfirmantane 2015 på tur til Dale kyrkje.

Ord til ettertanke Guds kjærleik er den samme «Ja, dette er kjærleiken, ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt sin eigen Son til soning for syndene våre. Mine kjære, har Gud elska oss så, då skyldar òg vi å elska kvarandre.» 1. Joh. 4,10-11. Spørsmålet er om vi har plass for Guds kjærleik i våre liv? Predikanten C. H. Spurgeon besøkte ein ven av seg, ein kristen bonde. Han la merke til at det på taket på ein av bygningane stod ein vindhane med påskrifta : Gud er kjærleik! «Kva meiner du med det?», spurte Spurgeon. «Guds kjærleik skifter då ikkje med vinden?» «Nei, tvert i mot»!, sa bonden. «Vindhanen skal minne meg om at Guds kjærleik er den samme uansett vindretning!» 2 Og det er sjølve grunnlaget for trua vår og kristenlivet. «For det er Gud som er verksam i dykk, så de både vil og gjer det som er etter hans gode vilje.» Fil.2,13. Det skjer når Den Heilage Ande får gjere si gjerning i oss. Gud skaper ny kjærleik og nytt sinnelag. (KPK)

Avskilshelsing HELSING OG TAKK! Det å skrive ei avskilshelsing vert gjort med kryssande følelsar. På den eine sida ser me no fram til å flytte i eigen bustad i Sørbøvåg. Det er jo faktisk ikkje så svært mange år til pensjonsalderen ventar, om me får dagar og år På den andre sida har me hatt gode og gjevande år her i midtre og indre Sogn, og knytt band og minne som me vil ta vare på. Mest alle år frå me fekk bil i 1979, og me anten kom austfrå eller frå Luster, så var det denne Sognefjordvegen me reiste forbi til Hyllestad. Då køyrde me ofte «Villavegen» langs fjorden i Balestrand for der var det så fint! (Då ser me og til Vik!) I 1984 kom me til Gaupne, og var der så pass lenge at dei to eldste har stifta familie og me har også fem barnebarn der. Til Balestrand kom me i 1999, på same tid som Fjærland vart ein del av Sogndal. Før høyrde dei som kjent til Balestrand. I stillingsutlysinga vart det gjort klart at presten i Balestrand skulle ha nokre tenester utanom, men ikkje sagt kor mykje. Fram til 2008 gjorde eg då ein del einskildteneste i Høyanger og Kyrkjebø. Seinare vart det behov for å gjere teneste i Feios og Fresvik, og eg vart tilsett som «sokneprest i Balestrand, Feios og Fresvik» frå 1.august 2008. Då hadde Feios og Fresvik ei tid hatt ei «god» ordning med om lag 50% stilling. Stillingsprosenten i lag med Balestrand vart ikkje spesifisert. For Balestrand sin del ville nok berre 50% blitt for lite ut frå folketal og tenesteomfang. Når det så også er relativ lang reisetid over fjorden, med til dels ukurante ferjeavgangar, så kan ein seie at ei slik ordning ikkje er optimal, noko sokneråda også den gongen peika på. (Nett no høyrer eg det er bestemt oftare og seinare ferjeavgangar!) Trass i dette synst eg det var spennande å vere «over fjorden», og eg tenkjer attende på mange fine minne. Eg har inntrykk av at folkekyrkja i Vik står sterkt, og når det er blomstergudstenester, lysmesse og andre gudstenester der born og unge er involvert, er det ein fryd å sjå oppslutningen til dømes i Feios og Fresvik. Det er gode bygder med gode oppvekstvilkår, trass i dei utfordringane ein no har som bygder i utkant - Noreg. I ein del år var eg med og dreiv ungdomsklubbane. Flotte tiltak! Elles var det alltid kjekt å vere med på gudstenester på Svea; fullt hus og med Frelsesarmeeen på plass. 3

Musikkskuleelevar tok del i avdskilsgudstenesta 14. juni. 4 Gåver frå Feios sokn. Gåver frå Fresvik sokn Gode og varmande vitnemål om det sentrale i trua! Bygdeheimen i Fresvik har det og alltid vore kjekt å komme til! I fjor vår vart det som kjent ei ny ordning med tenesta i Vik og Balestrand. Då vart Jostein Skutlaberg sokneprest i hele Vik kommune. Jostein ser ut til allereie og ha fått eit godt oversyn og god inngang! Eg har etter ein oppsett plan avlasta tenestene i heile Vik, også noko med trusopplæringstiltak med minikonfirmantar. Veldig kjekt var det å vere med på avslutninga der no i april. Når det gjeld tenesta mi i Vik, så kjem også minna fram om det som var sårt og utfordrande. På dei åra eg har vore der, så har det blitt i min lodd å bli involvert i mange brå dødsfall, med menneske i altfor ung alder. På tampen no vil eg sende dykk som eg slik har hatt kontakt med ei særskilt helsing med varme og omtanke! Tenkjer på dykk i det de stod og står i! Fint også å sjå at naboar og bygdelag trår til i slike utfordrande tider. Lat oss ikkje gløyme det! Takk og til mange gode medarbeidarar, både tilsette og frivillige! Vanskeleg å nemne namn av di det er så mange! No får de ein ny medarbeidar igjen: Ole Agnar Helland, som skal bu i Vik og gjere teneste saman med sokneprest Jostein. Eg ønskjer dykk begge signing i tenesta! Og også til kvar einskild på kyrkjekontoret! Kvar stilling er viktig! Eg skal då ta til i stillinga i Hyllestad som Ole Agnar har hatt, og også no vere litt over fjorden, då i Brekke sokn i Gulen. Kari har fått ny jobb på Hyllestad skule, der ho gjekk på ungdomsskulen, då den var heilt ny. Det er til barndomsheimen hennar i Sørbøvåg me no flyttar. Den ligg fint til ved sjøen der ute. Det vert også ein hage å stelle som foreldra har opparbeidd, men det vert godt å sleppe å stelle to! At båten er kommen på plass i båthamna set eg spesielt pris på. Velkommen på besøk til Hyllestad! Då kan jo gjerne Signe Marie og Ole Agnar vere turleiarar! Til sist vil eg helse dykk alle med det ordet som nett presten i Hyllestad skreiv i Nytestamentet som eg fekk til konfirmasjonen der ute: «Ta vare på den gode skatten som er tiltrudd deg..». Ja, den gode skatten har me i evangeliet om Jesus Kristus! Det har velsigna oss så mykje i landet vårt, og lat oss ikkje gløyme den i ei tid med fokus ofte på andre skattar. Takk for meg! Beste helsing Audun. Kari helsar og.

Skal du stemme ved kyrkjevalet 2015? Det er valår, og den 14. september er det tid for kommune- og fylkestingsval. Samstundes er det kyrkjeval, og det skal veljast representantar til både sokneråd og bispedømeråd. Kva er soknerådet? Soknet er grunneininga i Den norske kyrkja. Frå gamalt av var soknet rekna ut frå staden der det var oppført ei kyrkje, og bestod av dei som hadde ei kyrkje å sokne til. Medlemane i soknet vel soknerådet. Soknerådet skal etter kyrkjelova ha si merksemd mot alt som kan nære og styrkje det kristne livet i soknet, slik som til dømes gudstenesteliv, relasjonsbygging og arbeid blant konfirmantar og unge. Soknerådet skal mellom anna leggje til rette for at kyrkjeleg undervisning, kyrkjemusikk og diakoni vert innarbeidd og utvikla i soknet. Rådet har også rett til å medverke ved utnemning og tilsetting i kyrkjelege stillingar, men er ikkje arbeidsgjevar, og gjev høyringsfråsegner i ulike saker. I tillegg til sokneprest består soknerådet i Vik av åtte personar, og av seks personar i Vangsnes, Feios og Fresvik. I Arnafjord er det 4 medlemer. Fellesrådet Kvart sokneråd skal blant sine medlemer velje ein representant og vararepr. til fellesrådet. Der sit i tillegg ein representant frå kommunen og soknepresten. Kyrkjeverja er sakshandsamar og dagleg leiar. Fellesrådet har arbeidsgjevaransvar for kyrkjeleg tilsette (unnateke prest). Fellesrådet har dessutan ansvar for kyrkjer og gravplassar, budsjett og rekneskap. Kva er bispedømerådet? Bjørgvin bispedømeråd skal, på same måte som sokneråda, ha si merksemd mot alt som gjerast for å vekkje og nære det kristne livet i dei ulike sokna i bispedømet. Geografisk er Bjørgvin samanfallande med Sogn og Fjordane og Hordaland fylke. Bispedømerådet tilset prestar, og fordeler mellom anna tilskot til kyrkjelege formål gjennom midlar frå Opplysningsvesenets fond (OVF). Medlemane i bispedømerådet er også utsendingar til det årlege Kyrkjemøtet. Kyrkjemøtet er det øvste demokratiske organet i Den norske kyrkja, og har ein «lovgjevande» funksjon for kyrkja som på mange måtar kan samanliknast med Stortinget. Val av representantar til Bispedømerådet er derfor viktig dersom du ønskjer å påverke framtida til Den norske kyrkja på nasjonalt nivå. Av aktuelle saker som er venta i perioden 2016 til 2019 kan nemnast ny organisering etter skiljet med staten, mobilisering for dåp, fleirkulturelt dialogarbeid, rekruttering til kyrkjelege stillingar og spørsmål om forbønn eller vigsel for likekjønna par. I tillegg til biskopen og to kyrkjeleg tilsette, består bispedømerådet av sju leke medlemmer. I Bjørgvin skal fire av desse veljast direkte 14. september, medan dei tre siste vert valt av sokneråda i november. Har eg stemmerett? For å ha stemmerett må du være medlem av kyrkja. Forenkla sagt er medlemmer alle som er døypt i kyrkja, og som ikkje seinare er utmeldt. I kyrkja er myndigheitsalderen 15 år, og du kan derfor stemme dersom du fyller 15 år i løpet av 2015. 5

Kven er kandidatar til bispedømerådet? Bispedømet sin nominasjonskomité er valt av representantar frå sokneråda. Komiteen si liste har 17 kandidatar i prioritert rekkjefølgje. Kyrkjevalet er eit personval. Kandidatane er såleis ikkje representantar for grupperingar eller parti, men lista speglar ei breidde både i alder og ulike syn innanfor kyrkja. Presentasjon av dei ulike kandidatane finn ein ved å følgje lenkja under. Kontakt gjerne også kandidatane personleg dersom du har spørsmål. https://kirken.no/globalassets/ bispedommer/bjorgvin/dokumenter/kyrkjeval/leke-kandidater/lekekandidatar-eigenpresentasjon-pr- 26-mars-2015.pdf Open folkekyrkje er ein organisasjon som har stilt alternative lister i 9 bispedøme, og som har fått mykje merksemd i media. Organisasjonen ønskjer mellom anna å arbeide for at også likekjønna par kan gifte seg i kyrkja. Open folkekyrkje stiller ikkje liste i Bjørgvin, og nominasjonskomiteen si liste er derfor den einaste i bispedømet. Korleis stemmer eg? Alle med stemmerett vil motta valkort i august. Valkortet vil informere om dine rettar som veljar, og om kvar du kan stemme. Du kan også førehandsrøyste ved kyrkjekontoret i perioden 10. august til 11. september. Kontakt gjerne kyrkjekontoret i god tid dersom du har spørsmål. Valet til sokneråd og bispedømeråd skjer ved to ulike lister. Dersom du leverer stemmesetel utan korrigeringar vil ikkje stemma bli forkasta, men alle kandidatane på den innleverte lista får då éi stemme kvar. For å påverke prioriteringa på listene kan du gje éi tilleggsstemme til inntil tre kandidatar, som då får to stemmer. Dette gjeld både for val av sokneråd og bispedømeråd. Det er ikkje mogleg å stryke kandidatar frå listene, men ved val av sokneråd kan du kan føre opp inntil tre nye namn på stemmesetelen. Det er ikkje høve til å gje desse tilleggstemmer. Framleis litt forvirra? Alt dette og meir informasjon finn du også på nettadressa www.kyrkjevalet.no. Godt val! FELLES INFORMASJON FOR SOKNERÅDSVAL 2016 2019. Førehandsrøysting: Vik kyrkjekontor 10. august til 11. september 2015 i kontoret si opningstid tysdag fredag kl 10.00 15.00. Valdato i alle sokn: Måndag 14. september 2015 6 Vallokale og opningstid: Arnafjord sokn Valsvik skule kl 13:00 19:00 Vik sokn NAV-lokala kl 09:00 20:00 Vangsnes sokn Vangsnes skule kl 13:00 19:00 Feios sokn Feios skule kl 13:00 19:00 Fresvik sokn Fresvik ungdomshus Kl 13:00-19:00 Førehandsrøysting: Vik bygde og sjukeheim ein kvardag i august etter avtale med institusjonen. Fresvik bygdeheim ein kvardag i august etter avtale med institusjonen. NB! Her blir det samkøyring med kommune og fylkestingsval.

KANDIDATLISTE VIK SOKNERÅD 2016-2019 1 Reidunn Bolstad 2 Inger Anne Opheim Tryti 3 Per Olav Geithus 4 Svein Arne Drægni 5 Trude Refsdal 6 Ingunn Bjørk Refsdal 7 Inger Alise Myrkaskog 8 Brit Eli Vassli 9 Målfrid Øvstedal Kollsete 10 Brit Karin Brekke 11 Reidun Pettersen 12 Aud Helga Bell Hove 13 Lars Jakob Nitter 14 Oddrun Time 15 Bjørg Solveig Grønsberg KANDIDATLISTE VANGSNES SOKNERÅD 2016-2019 1 Elsa Annie Haugnes Fosse 2 Asbjørn Lidal 3 Erlend Hanekam 4 Arnhild Solveig Skjerven Holen 5 Ola Kvalvik 6 Gry Blomseth 7 Lillian Tistel 8 Trine Lise Gjerde 9 Laila Sunde 10 Kari Kjellevold 11 Ove Fretheim KANDIDATLISTE FEIOS SOKNERÅD 2016-2019 1 Rune Hjortland 2 Vigdis Alise Dvergedal Sætre 3 Leif Eikeland 4 Marianne Hove Harbakk 5 Bjarte Rinde Tveit 6 Julie Kristin Ness 7 Arnstein Berdal 8 Jofrid Tennefoss Helleland 9 Ingvar Rinde KANDIDATLISTE FRESVIK SOKNERÅD 2016-2019 1 Hildegunn Mårstig Tretteteig 2 Sigmund Hauglum 3 Nann Ingunn Simlenes 4 Dagfinn Flæte 5 Jon Breilid 6 Michelle Bøthun Smedegård 7 Mari Bøtun 8 Anne Sigrid Kvammen 9 John Bøthun 10 Anita Høydal 11 Jarle Breilid 7 KANDIDATLISTE ARNAFJORD SOKNERÅD 2016-2019 1 Camilla Zweidorff Hove 2 Ola Engum 3 Bente Mossige Ask 4 Else Karin Sætre 5 Elin Kjelven 6 Endre Nese 7 Marta Finden Halset 8 Geir Christian Simlenes Otterskred 9 Olav Halset

T -11 Minikonfirmasjon for born fødde i 2003 Minikonfirmantane på dagstur til Vik 22. april Denne turen var eit nytt felles tiltak for minikonfirmantane i Vik, Arnafjord, Vangsnes, Feios, Fresvik og Balestrand. 8 Sokneprest Audun Systad var sjåfør og henta minikonfirmantane i minibuss leigd frå Sygna vgs rett etter skulen. Kyrkjelydspedagog Rut Solveig Nydal Netland var hovudansvarleg for dagen og frå Balestrand Jorunn A. Høines var med frå trusopplæringsutvalet og Anita Hjønnevåg var med som mor. Programmet starta kl.14 i Kyrkjestova i Vik med pizza, brus og bli-kjent-leikar. Foreldre frå Vik hjelpte til praktisk. «Å tru på Jesus» var tema for samlinga i Vik kyrkje. Nils Einar Berget er vikarprest i Vik fengsel for tida og var med heile dagen. Vi spela også fotballkamp i ballbingen. Etter det gjekk alle til Hopperstad stavkyrkje og det var laga til eit flott sporløp langs vegen dit. I stavkyrkja hadde Audun Systad gudsteneste med fokus på misjon og det var offer til misjonsprosjekta i dei ulike kyrkjelydane. Mange av Vik-familiane var med på gudstenesta og hadde også med mat til kyrkjekaffi etter gudstenesta. Minikonfirmantane frå Arnafjord, Vangsnes og Vik fekk diplomar. Minikonfirmantane frå dei ulike sokna syntest det var kjekt å treffe kvarandre og suksessen vil truleg verte teken opp att til neste år.

9

KONFIRMASJON FRESVIK 3.MAI Frå venstre: Olav Bøthun, Gøran Bøthun, Stian Otterhjell Høyum, Foto: Privat FEIOS 14.MAI Framme frå venstre: Solveig Amundsen Grindedal, Amalie Grindedal, Belinda Berdal Feidje Bak frå venstre: Randi Feidje Hjortland, Anette Harbakk, sokneprest Jostein Skutlaberg. Foto: Privat VANGSNES 14.MAI 10 Frå venstre: Levald Vangsnes, Maiken Fretheim, Maren Kjellevold Vangsnes, Ingrid Øygarden, Martin Svendsen. Foto: OJØ

Valpresentasjon frå valrådet i Bjørgvin bispedøme Kven vil du skal styre i kyrkja? Du er med på å bestemma kven som skal sitja i bispedømerådet og på Kyrkjemøtet, kyrkja sitt «storting» i perioden 2015-2019. Bli kjent med kandidatane: Kven er dei? Kva erfaring har dei? Kvifor stiller dei til val? Kva meiner dei? 11 Kort presentasjon på dei neste sidene - fyldig presentasjon på kyrkja.no/bjorgvin www.kyrkjevalet.no

Dei nominerte til Bjørgvin Det er ein nominasjonskomite som har sett opp lista. Nominasjonskomiteen er valt av representantar frå sokneråda, med ein medlem frå kvart prosti. Lista er utarbeidd på bakgrunn av forslag frå sokneråd, ungdomsrådet i bispedømet og forslag frå medlemene i nominasjonskomitéen. Komitéen har lagt vekt på at begge kjønn skal vere representerte med minst 40 prosent og at lista skal innehalde minst 20 prosent kandidatar under 30 år. Det er vidare lagt vekt på å at ein skal representera ei breidde i kandidatane sine syn på aktuelle kyrkjelege spørsmål. blad, medlem fellesråd og medlem/leiar prostiråd. President i lokal Lions club. Eg stiller til val fordi eg har eit brennande engasjement for kyrkja og for det den kan bety for kvar enkelt og for lokalsamfunnet. Eg er uroleg for utviklinga i kyrkja og er redd for at kyrkja er i ferd med å bli meir og meir konform, med blir lågare takhøgd og høgre tersklar. Viktig å ta tak i bl.a. finansiering no når kyrkja blir meir sjølvstyrt. Med min bakgrunn frå økonomi og strategi og mitt engasjement som kyrkjemedlem, trur eg at eg kan medverka. 4. Andreas Skeidsvoll Eg stiller til val fordi eg er motivert til å jobbe for at kyrkja skal vere relevant i barn og unge sitt liv. Dette må vi halde varmt på alle nivå i kyrkja. I trua på Jesus er vi kalla til eit livslangt disippelskap og kyrkja må møte barnefamiliane, ungdommane og dei unge vaksne sine behov for kristent fellesskap på ein måte som er relevant for dei. 7. Liv R. Ågotnes 48 år. TSP Group Manager and System Administrator. Fjell, Vesthordland prosti. 12 1. Inger Helene Thingvold Nordeide 54 år. Sjølvstendig næringsdrivande. Førde, Sunnfjord prosti. Erfaring: Medlem og leiar Bjørgvin bispedømeråd, søndagsskulelærar, gudstenesteutval, kyrkjeblad, helse- og sosialutval i kommunen, styre folkehøgskule. Eg stiller til val fordi eg ønskjer å være med å påverke i dei vala kyrkja skal gjere etter skillet frå staten. 2. Nora Sætre Baartvedt 20 år. Student, Fyllingsdalen videregående skole. Voss, Hardanger og Voss prosti. Erfaring: Leiar av Ungdomsrådet i Bjørgvin, medl. klokkarlaget i Voss, delegat Ungdommens kirkemøte 13 og UKM-delegat til Kyrkjemøtet 14. Eg stiller til val fordi det er viktig for meg at kyrkja, i denne tida med endring, er til stades i samfunnet og bidreg med positive verdiar. Samstundes er det viktig at me framleis opprettheld dei tradisjonar og retningslinjer som me sjølve kjenner oss att i. Eg vil gjerne være med å koma fram til noko som sikrar ei god framtid for kyrkja vår. 23 år. Student, Universitetet i Bergen. Osterøy, Åsane prosti. Erfaring: Sokneråd. Eittåring i kyrkja. Student- KRIK, kor, ungdomsforeining og kyrkjelydsarbeid. Eg stiller til val fordi eg ønskjer å bidra med tankar og idear om korleis kyrkja kan løysa dei store utfordringane den står overfor i tida framover. Eg ønskjer å være ei ung røst i bispedømerådet og på Kyrkjemøtet, og eg håper at mi erfaring frå fleire kristne ungdomsog studentmiljø kan vera med på å gi eit nytt perspektiv på sakene som vert tatt opp i desse organa. 5. Berit Nøst Dale 63 år. Høgskolelektor NLA/ Lærerhøgskolen. Meland, Nordhordland prosti. Erfaring: Medlem i Bjørgvin bispedømeråd, medlem og nestleiar i sokneråd. Eg stiller til val fordi eg er blitt beden om det, kanskje fordi eg har erfaring frå bispedømeråd og kyrkjemøtet siste periode. Som lek kyrkjegjengar i eigen kyrkjelyd ser eg det som positivt at folk på grunnplanet er med og avgjer kvar kyrkja skal gå vidare i den nye situasjonen som kyrkjesamfunn heller enn statskyrkje. Erfaring: Leiar for personal- og serviceavd. ved Bjørgvin bispedømekontor. Kyrkjeverje, leiar kyrkjelydsutval, medlem sokneråd. Eg stiller til val fordi eg er glad i kyrkja og voner eg kan gjere nytte for meg med min kompetanse innan personal, organisasjon breid erfaring innanfor ulike arbeidslag i kyrkja. 8. Ida Lindøe 47 år. Lektor, Kvam ungdomsskule. Ålvik, Hardanger og Voss prosti. Erfaring: Leiar sokneråd og medlem fellesråd og trusopplæringsutval. Medlem og leiar Emmaus (no Kyrkjeleg dialogsenter Bergen). Studentmenigheten i Bergen. Medlem kvinneutvalet i Bjørgvin. Eg stiller til val fordi fordi eg håpar å kunna bidra med mi erfaring og kompetanse frå kyrkjeleg arbeid i meir enn 25 år. Bakgrunnen min som religionsvitar er også relevant. Eg har eit stort ønske om at så mange som mogeleg skal få oppleve Den norske kyrkja som ein god stad å komme til og få bu i. Låg terskel, inkludering i fokus. Være ein god arbeidsgjevar. Kyrkja må både klare å tilpasse seg slik kvardag og helg er for folk flest i dag, samstundes som den skal ta vare på tradisjonar både frå kyrkjelivet i Noreg og hente inspirasjon frå den verdensvide kyrkja gjennom historien. 3. Karl Johan Kirkebø 65 år. Markedsdirektør. Bønes, Fana prosti. 6. Marius Økland 29 år. Adm. leiar, Normisjon reg. Sogn og Fjordane. Bremnes, Sunnhordland prosti. 9. Vemund Øiestad 66 år. Tannlege i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Norsida sokn, Nordfjord prosti. Erfaring: Medlem og leiar i meninghetsråd, Stiftelsen Bønes interimskirke, menighets- Erfaring: Konfirmantlærar. Styre- og leiarverv i Indremisjonssamskipnaden og Normisjon. Søndagsskulelærar. Erfaring: Leiar sokneråd. Leiar fellesråd og prostiråd. Varamedlem Etisk råd i Den norske tannlegeforening.

bispedømeråd 2015-19 Eg stiller til val fordi eg er oppteken av utviklinga i kyrkja. Med bakgrunn både frå sokneråd og fellesråd i 18 år, har eg ein god del kunnskap og erfaring som vil vere viktig å ta med seg i dei utfordringar kyrkja står overfor dei næraste åra. 10. Per Hilleren 56 år. Bonde, Stedje, Sogn prosti. Erfaring: Leiarverv regionale styre i landbruk og landbrukssamvirke. Styreleiar Lyngmo Ungdomssenter. Sokneråd og prostiråd. Eg stiller til val fordi eg ynskjer å vere med å bidra til å styrkje den norske kyrkja sin posisjon. 11. Inge Wilhelm Økland 26 år. Barne- og ungdomsarb. i Indremisjonsforb. Sandviken, Bergen domprosti. Erfaring: Varamedlem ungdomsrådet i Bjørgvin. Konfirmantleiar. Eg stiller til val fordi det er ei veldig spennande tid kyrkja er inne i no, og val gjort i neste periode kan få store konsekvensar for framtida til kyrkja. Eg trur det kan være positivt med nokon ungdomar i bispedømerådet. 12. Hildegunn Kalvenes 67 år. Pensjonert helsesøster. Austevoll, Fana prosti. Erfaring: Leiar sokneråd. Helsesøster. Meddommar Heradsretten. Eg stiller til val fordi eg ser på kyrkja som ei stor misjonsmark. Viktig at det er klar forkynning til omvending og frelse. Ynskjer å vera med å fremje at kyrkja står på Guds ord. 13. Bjørn Sandvik Sølsnæs 20 år. Student. Leikanger, Sogn prosti. Erfaring: Verv i Fylkesstyremedlem i Senterungdomen Sogn og Fjordane, Leiar i Senterungdomen Midtre Sogn, Leiar i Leikanger Bondelag, Leiar i Leikanger Mållag. Eg stiller til val fordi eg er reflektert og engasjert. Eg er glad i og kjenner meg heime i kyrkja, og vil gjerne bruka engasjementet mitt på å forvalta henne vidare. Me lever i ei spennande tid og står føre store endringar. Eg er løysingsorientert og trur eg kan bidra positivt og konstruktivt i dei prosessane som kjem. 14. Kjellfrid Torunn Mæland 63 år. Førsteamanuensis i pedagogikk ved HSH. Stord, Sunnhordland prosti. Erfaring: Medlem i sokneråd og kyrkjeakademi. Eg stiller til val fordi eg har fått eit konkret spørsmål frå den lokale kyrkjelyden. Eg ser det meiningsfylt og spennande å delta i kyrkjeleg utviklingsarbeid i ei tid med store endringar, og der både nasjonale og internasjonale perspektiv høyrer med. 15. Gunn Ragnhild Vårdal Helgesen 59 år. Sjølvstendig næringsdrivande. Selje, Nordfjord prosti. Erfaring: Ordførar, Varaordførar, Leiar i Nordfjordrådet, Leiar i hovudutval for skule og barnehage i Selje. Eg stiller til val fordi eg er spurt om å stille som kandidat, og eg har eit ynskje om å delta. 16. Kjell Jarle Aadland 66 år. Rådgiver. Os, Fana prosti. Erfaring: Os Y s men klubb president, Y s men Region Norge kasserer. Eg stiller til val fordi eg vil vera ein representant for mangfaldet. 17. Jostein Bildøy 49 år. Dagleg leiar. Førde, Sunnfjord prosti. Erfaring: Mentor/teneste i trusopplæring, foredragshaldar. Fylkessekretær KrF. Søndagsskulekonsulent. Styremedlem European Lutheran Sunday School Association. Eg stiller til val fordi eg vil vere ein medspelar i arbeidet med å styrke og vidareutvikle trusopplæring for barn, familie og kyrkjelyd. Eg vil arbeide for Den norske kyrkja som ein proaktiv og dynamisk kyrkjeleg organisasjon som lokalt og nasjonalt motiverer som konkret trussamfunn og folkekyrkje. Eg vil vere ein medspelar i arbeidet med dialog mellom trus- og livssynsamfunn for kjennskap, tryggleik og respekt. Supplerande kandidat: Egil Morland 65 år. Førsteamanuensis. Fjell, Vesthordland prosti. Erfaring: Bjørgvin bispedømeråd og Kyrkjerådet, Fagleg-etisk utval i Menneskeverd. Varaordførar. Eg stiller til val fordi dei siste åra og dei komande er svært viktige for kyrkja si framtid, både når det gjeld ordningar og profil. Det vil ikkje vera rett å «hoppa av» no, med den erfaringa eg har frå desse prosessane. Eg har no hatt 1½ periode i Bispedømerådet, og er for tida også vald medlem av Kyrkjerådet. Supplerande kandidat: Marte Seip 69 år. Pensjonert lækjar. Eidfjord sokn, Hardanger og Voss prosti. Erfaring: Kirkens Nødhjelp i Sør-Sudan og Pakistan. Sokneråd og fellesråd. Speidarleiar. Medlem av diakoniutvalet i Bjørgvin. Eg stiller til val fordi kyrkja ligg meg på hjarta. Vi er no inne i ein viktig organisasjonsoppbyggingsfase. Eg er oppteken av at strukturar på alle plan må tene det lokale arbeidet. Spesielt meinar eg at eg kan representere små kommunar og prosti med mange sokn og kommunar. Supplerande kandidatar kom inn etter nominasjonen med minst 75 underskrivarar kvar bak seg. Alder på kandidatane er alder på valdagen 14. september. Les meir om kandidatane på kyrkja.no/bjorgvin 13 www.kyrkjevalet.no

www.kyrkjevalet.no Bli betre kjent med kandidatane Les meir om kandidatane på nettet: kyrkja.no/bjorgvin, eller i brosjyre du får på ditt lokale kyrkjekontor. Der kan du lesa kandidatane sine svar på desse spørsmåla: 1 Eg stiller til val til bispedømerådet og Kyrkjemøtet fordi: 2 Den norske kyrkja sitt visjonsdokument (2015-2019) presenterer den evangelisk-lutherske folkekyrkja som: Vedkjennande Open Tenande Misjonerande Korleis vil du arbeida for å verkeleggjera dette? 3 4 5 Kva meiner du om vigsel av likekjønna par i Den norske kyrkja? Tilhøvet mellom staten og kyrkja er i endring. Kva framtidsutsikter ser du for rekruttering, organisering og arbeidsgjevaransvar i kyrkja? Korleis vil du leggja til rette for at kyrkja kan halda saman trass i saker med stor usemje? Kyrkjevalet 2015 - kort sagt 13. 14. september er det kyrkjeval i tillegg til kommune- og fylkestingsval. Dei fleste stader er valet berre den 14. september Alle medlemer av Den norske kyrkja har røysterett frå det året dei fyller 15. Førehandsrøysting frå 10. august. Kandidatane blir valde for fire år. I august vil alle med røysterett få eit valkort i posten med informasjon om kvar og når dei kan røysta. Medlemene av bispedømerådet er også medlemer av Kyrkjemøtet, Den norske kyrkja sitt «Storting». Kyrkjemøtet har ei veldig viktig rolle i å styra kyrkja no som den er i ferd med å bli sjølvstendig i høve til staten. Di røyst i det direkte valet er med på bestemma dei fire første kandidatane som skal inn i bispedømerådet. Resten av dei sju leke representantane blir valde av sokneråda seinare. I tillegg vel prestane ein kandidat og andre kyrkjeleg tilsette ein kandidat. Begge desse gruppene har eigne kandidatlister. Biskopen er fast medlem av bispedømerådet, som har 10 medlemer. Du kan påverka Nominasjonskomiteen sine kandidatar er sette opp på vallista i prioritert rekkjefølgje. Eventuelle kandidatar frå supplerande nominasjon står nedst på lista utan nummer. Rekkefølgja har berre noko å seie dersom to kandidatar får likt tal røyster. Kvart kryss du set framfor ein kandidat, kan difor ha mykje å seia. 14 Slik går du fram når du skal velja kandidatar A Du kan levere røystesetelen utan endringar. - Alle kandidatane på røystesetelen får då ei røyst kvar. B Vil du endre på røystesetelen, kan du gje inntil tre kandidatar ei tilleggsrøyst ved å setje eit kryss i ruta til venstre for namnet til kandidaten. - Kandidaten får då to røyster. - Andre kandidatar får ei røyst kvar. - Andre endringar vil ikkje telje med. - Det er ikkje høve til å stryka kandidatar. KYRKJEVALET SKAPAR FRAMTIDAS KYRKJE dragefjellet.no

VIK 24.MAI Framme frå venstre: Lena Mykkeltvedt Ramberg, Janne Tryti, sokneprest Jostein Skutlaberg, Anita Kollsete, Tone Orvedal. Andre rekkje frå v.: Anne Marit Seljestø, Nina Rinde Fosse, Erling Olai Hønsi Aafedt, Sindre Espeland Aase, Sunniva Bø. Tredje rekke frå v.: Helga Brudevoll og Frida Larsen Fjellheim. Bak frå v.: Marius Årestrup Larsen, Håvard Lundeland, Olav Andreas Bøthun, Jonas Nilsen Systad og Brage Fjærestad Hønsi. (foto: kjh) ARNAFJORD 31.MAI Frå venstre: Eirik Halset, Margit Kristina Fjærestad Holmberg (Vik), Mari Starheim Nese. 15 (foto: JS)

GULLKONFIRMANTANE 2015 Gullkonfirmantar konfirmerte Vik kyrkje 2.mai 1965 Jubilantane hadde festsamling med middag og kaffi på Kyrkjestova laurdag 6. juni. Søndag 7. juni vart jubilantane presenterte i gudstenesta. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi ope for alle. Biletet nedanfor syner Gullkonfirmantane i Vik Kyrkje. Takk til alle som kom til jubileet! 16 På gudstenesta var det også dåp. Stor takk til Mari og Helene som song så fint «Da lykkeliten kom til verden» etter at Mathea og Eirik var døypte! Biletet viser inngangsprosesjonen i gudstenesta. Tekst og foto: KJH

Konfirmantjubileum i Arnafjord 21. juni - konfirmerte i 1962, 1964 og 1966. 17 Konfirmantjubileum i Feios 14. juni - konfirmerte i 1964 og 1965.

Vik Røde Kors tilbyr besøk og samtalar med innsette under soning i Vik fengsel. Besøka skjer i ein tidsavgrensa periode og all kontakt mellom innsett og visitor sluttar når den innsette slepp ut av fengselet. Formålet med denne tenesta er at den innsette skal ved besøk av ein nøytral og upartisk visitor, få eit avbrekk i ein kvardag der isolasjon, utstøyting og einsemd ofte er ei kjensgjerning. Besøk til varetektsinnsette På bakgrunn av vårt nøytrale mandat, er Røde Kors einaste humanitære organisasjon i Noreg som får besøke innsette i varetekt. Sikkerheit Gjeldande retningsliner for denne tenesta er utarbeidd i samarbeid mellom Kriminalomsorgen og Røde Kors. Visitor KABB har gratis lydbibliotektjeneste: til trosopplæring - menighetsliv - personlig trosliv Ynskjer DU å bli visitor? Du må vere over 25 år, kunne syne til plettfri vandel og delta på obligatorisk opplæring. Kontakt Vik Røde Kors for meir informasjon. Spør etter kontaktperson for Røde Kors visitorteneste i fengselet eller kontakt Vik Røde ved Marit Aafedt Fjærestad, mob: 90509481, epost: maritaafedt@yahoo.no 18 Blant KABBs (Kristent Arbeid Blant Blinde og svaksynte) mange gode tilbud, finnes lydbibliotektjenesten. Lydbiblioteket ble opprettet allerede på 1960-tallet. Slik har KABB lest inn store deler av den kristne litteraturen i Norge, og det skal vi fortsette med i mange år fremover. Og det beste av alt, den er helt gratis. Tekst: Anna Berit Føyen, KABB Kvalitet aktualitet bredde I dag inneholder lydbiblioteket nærmere 2.000 titler i ulike sjangre: Barnebøker, ungdomsbøker, skjønnlitterære bøker, biografier, historiske romaner, misjonslitteratur, lyrikk, teologi, lydbibler for barn og unge og oppbyggelige bøker.

Ein samtale for livet skal koste lite Kirkens SOS har fått nytt telefonnummer. Frå og med 3. mars er det nye nummeret 22 40 00 40. Denne endringa har vi gjort for at dei som treng Kirkens SOS skal sleppe å tenke på telefonkostnadene. Med det nye nummeret vert samtaleprisen det ein samtale til ein vanleg fasttelefon kostar. For mange betyr det at samtalen vert gratis, medan andre må betale litt. Prisen er avhengig av telefonabonnementet til den enkelte. Det kan koste ein del å ringe, - men det skal ikkje koste mykje i kroner og øre. Kvifor? Jo, fordi denne samtalen kan vere ein samtale for livet. Kvart år svarar Kirkens SOS på meir enn 177.000 telefonsamtalar og til saman ca 14.000 chat og sos-meldingar (anonymisert e-post). Med ca 900 frivillige og over 30 ansatte, gjer Kirkens SOS med sine 12 lokale senter denne tenesta tilgjengeleg for menneske som opplever å vere i krise. Mange kjenner at livet er i ferd med å gå i svart. I fjor handla ca 50% av alle chat-samtalane og 30% av SOS-meldingane om sjølvmord. På telefonen fortalte ca 15% av dei som ringte at dei hadde tankar om ikkje å ville leve lenger. Det er over 500 menneske som tek livet sitt i Noreg kvart år. Om lag 10 gonger så mange forsøker og enda mange fleire tenker på å gjere det. Dette er høge tal og temaet er vanskeleg å snakke om. Kirkens SOS vil vere et samtaletilbod for alle som opplever at livet er utfordrande, og særleg for dei som har sjølvmordstankar. Telefonen skal vere ei open linje der det er lov å snakke om alt. Der dei som tek imot samtalane toler å høyre om kvardagen slik den eigentlig er for den som tek kontakt. På Kirkens SOS er det rom for å snakke om alle sider ved livet. Også når ein gjer seg tankar om å avslutte det. Kirkens SOS er eit nasjonalt nettverk av frivillige som 24/7 tilbyr eit lyttande øre og eit bankande hjarte. Vi vil lytte og vere tilstades, og samstundes leite fram livsmot og håp. Kvart år er vi med på å redde liv. Difor skal det nye Kirkens SOS-nummeret finnast overalt. Det skal vere lett finne fram til og koste lite å ringe. For det kan handle om ein samtale for livet. Kirkens SOS i Norge har også fått ny generalsekretær! Leif Jarle Theis hadde sin første arbeidsdag måndag 2. mars. Han kjem frå stillinga som dagleg leiar i Kirkens Bymisjon i Bergen. For meir informasjon: Greta Gramstad, dagleg leiar, Kirkens SOS i Bjørgvin, tlf 55 32 58 45 / 905 32 320 Leif Jarle Theis, generalsekretær, Kirkens SOS i Norge, tlf 917 13 217 Du kan skrive meldinger eller chatte fra www.kirkens-sos.no 19

Ein fin gjeng store og små trossa kaldt og ruske ver, og stilte opp på dugnaden på Feios kyrkjegard 11.mai for å pynte til konfirmasjonen 14.mai. DUGNAD PÅ KYRKJEGARDANE Det har heldigvis vorte ein tradisjon å arrangere dugnad på gravplassane våre. I Feios er dei veldig flinke å dokumentere aktiviteten, så vi har også i år fått bilete frå dugnaden der 4 bilete med tekst frå leiaren i soknerådet. Feios sokneråd 20 Etter mykje arbeid, var det godt å kunne søkja ly i våpenhuset for ein kaffikopp og ei kake. Takk til alle som møtte opp!