RETNINGSLINER FOR TILDELING AV KOMMUNALE BUSTADAR I VINJE KOMMUNE 1. Formål Retningslinene skal bidra til å sikre rettstryggleiken for dei som søkjer kommunal bustad i Vinje kommune. 2. Virkeområde Retningslinene skal leggast til grunn ved søknad om og tildeling av følgjande kommunale bustadar i Vinje kommune: a) Bustadar til vanskelegstilte b) Tilrettelagt bustad (omsorgsbustad) c) Flyktningar Retningslinene gjeld ikkje ved søknad om mellombels bustadtilbod (akuttbustad) etter 27 i Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen, som NAV har ansvar for. 3. Kommunale bustadar - definisjon Med kommunale bustadar forstår ein bustadar som kommunen eig eller har tildelingsrett til. Desse er: a) Utleigebustadar: Vinje kommune eig 36 bueiningar for utleige b) Private bustadar innleigd for framleige: Kommunen kan leige inn bustadar (hus, hyblar, leilegheit) som hovudsakleg framleigast til førstegongsbusette flyktningar c) Omsorgsbustadar: Bustadar tilrettelagt for pleie- og omsorgsføremål og som kan ha tilknytta bemanning heile eller deler av døgnet. Kommunen har per dato 67 slike bustadar, inkludert framleigeavtale på 3 private omsorgsbustadar. 4. Kommunens plikt og søkjarars rett til kommunal bustad I utgangspunktet er det eit privat ansvar å skaffe seg ein bustad, enten ved å leige eller eige. I Lov om sosiale tjenester i arbeids- og velferdsforvaltningen 15 står det at kommunen skal medvirke til å skaffe bustad til personar som er vanskelegstilte og ikkje kan ivareta sine interesser på bustadmarknaden. Samstundes som loven pålegg kommunen eit ansvar for å skaffe bustad, gir den ikkje søkjarar ein juridisk rett til å krevje ein bustad av kommunen. 1
Lov om Helse og omsorgstenester utvidar det ansvaret kommunen har: I 3-7 heiter det: Kommunen skal medvirke til å skaffe boliger til personer som ikke selv kan ivareta sine interesser på boligmarkedet, herunder boliger med særlig tilpasning og med hjelpe- og vernetiltak for dem som trenger det på grunn av alder, funksjonshemning eller av andre årsaker. Gjennom Lov om kommunale helse og omsorgstjenester 3-2a er kommunen pålagt å ha tilrettelagt butilbod for dei som treng heildøgns omsorg. 5. Saksgang Vegen fram til kommunal bustad (normal saksgang): a) Søknad: Ein kan sende inn søknad i brev eller det kan søkast på kommunens eige skjema for kommunale tenester. Skjemaet finn ein på www.vinje.kommune.no b) Vedtak om tildeling av bustad skjer ut frå ei skjønsmessig vurdering og på grunnlag av gjeldande kriterium. Avgjera blir skriftleg grunngjeve med opplysningar om rett til å klage, klagefrist samt adressat for klage. c) Ventetid: Tida mellom vedtak om bustad og tildeling av bustad. Ventetid/maksimal ventetid er til vanleg ikkje fastsett i vedtaket. d) Underskriving av kontrakt Ved klage på vedtak går klagen til Koordinering og tildelingskontoret, som handsamar klagen. Opprettheld dei vedtaket sitt går klagen vidare til kommunens ankenemnd for endeleg avgjer. 6. Bustad til vanskelegstilte Vanskelegstilte kan leige utleigebustadar og private bustadar innleigd for framleige. Målgruppe: Personar som er bustadlause, helsemessig, sosialt eller økonomisk vanskelegstilt eller ikkje har greidd å skaffe bustad på eiga hand. Til målgruppa høyrer mellom anna: - Personar med helsemessige, sosiale eller økonomiske vanskar - Rusavhengige og personar under ettervern Søknad blir handsama etter følgjande kriterium: - Må ha lovleg opphald i Noreg - Må vere fylt 18 år. Dersom søkjar er under 18 år, skal tildeling skje i samarbeid med verje og tenesteapparat - Må ha folkeregistrert adresse og ha vore busett/hatt opphald i Vinje kommune dei siste 12 månadane - Er utan eigen sjølvstendig bustad 2
- Bur i bustad som er erklært helsefarleg - Har behov for oppfølging i bustad av helsemessige eller sosiale årsaker - Har behov for tilrettelagt bustad av helsemessige eller sosiale årsaker - Manglar inntekt, formue eller alternative moglegheiter til å skaffe seg eigna bustad Krav til butid gjeld ikkje for flyktningar som skal i busettast for første gong etter avtale mellom Integrerings og mangfallsdirektoratet (IMDi) og Vinje kommune. Leigekontrakten: Leige av kommunale bustad til vanskelegstilte er eit tidsavgrensa tilbod, og leigekontrakten kan vare inntil 3 år. Dersom leigetakar framleis fyller kriteria for å bu i ein kommunal bustad, kan det søkast om fornying, seinast 6 månadar før utløp av avtalt periode. Oppfølgingsbehov: Søkjarar som har oppfølgingsbehov for å kunne fungere i bustaden, blir tildelt bustad forutsatt at søkjar inngår eit forpliktande samarbeid om hjelp frå tenesteapparatet. Slik teneste kan vere bustadsosial teneste frå NAV eller oppfølging frå kommunens helse- og omsorgstenester. 7. Omsorgsbustad Omsorgsbustad er bustad som er tilerettelagt for pleie- og omsorgsformål og som kan ha fast tilknytta bemanning heile eller delar av døgnet. Sjå punkt 8 om omsorgsbustad med heildøgns omsorg. Søknad blir handsama etter følgjande kriterium: - Må vera fylt 18 år. Dersom søkjar er under 18 år, skal tildeling av bustad skje i samarbeid med verje og tenesteapparat. - Har nedsett funksjonsevne og behov for bistand eller assistanse på fleire områder. - Har behov for helse- og omsorgstenester av eit visst omfang. - Har behov for spesielt tilrettelagt bustad. Leigekontrakten: Bebuarar i omsorgsbustad treng ofte tilpassa tenestetilbod i bustaden livet ut. Hovudregel er difor at omsorgsbustad blir tildelt på tidsubestemt kontrakt. For personar som er under rehabilitering kan bustad tildelast for ein periode. Dei som leiger privat omsorgsbustad gjennom kommunens framleigeavtale, vil bli tildelt tilsvarande kommunal bustad om framleigeavtalen blir sagt opp. 8. Omsorgsbustad med heildøgns omsorg Desse bustadane blir tildelt personar som har etter måten omfattande omsorgsbehov og treng tenester heile døgnet. 3
Sjå til eigen kommunal forskrift for tildeling av omsorgsbustad med heildøgns omsorg. I forskrifta finn ein kriteria for tildeling, regulering av venteliste og reglar for leigekontrakt. 9. Bustad til kommunalt tilsette Kommunen har avsett bustadar til tilsette. Det er eininga Teknisk drift og vedlikehald som handsamar søknad om desse bustadane. Vinje kommune har som distriktskommune utfordringar med rekruttering til enkelte stillingar. Kommunale utleigebustadar kan difor nyttast til rekruttering til stillingar av kritisk kompetanse. Leigetida kan vere i inntil 3 år. 10. Bortfall av positivt vedtak om leige av kommunal bustad Vedtaket fell bort når: - Søkjar utan sakleg grunn avslår bustadtilbodet, har oppgitt mangelfulle opplysningar eller bevisst har gitt ukorrekte opplysningar i søknaden. - Søkjar sin situasjon har endra seg frå søknadstidspunktet til tidspunkt for tildeling av bustad, slik at søkjar ikkje lenger fyller kriteria for leige av kommunal bustad. Dersom vedtak om leige av kommunal bustad fell bort, skal det gjerast eige vedtak om bortfall. 11. Byte av kommunal bustad Leigetakar kan søkje om å få byte til annan bustad. Det er streng praksis knytt til søknad om byte. Kriterier/vilkår: - Bustaden er ueigna på grunn av helsemessige årsaker - Det er endringar i husstandens storleik - Bustaden er ueigna på grunn av andre tungtvegande sosiale forhold 12. Fornying av leigekontrakt Søknad om fornying av leigekontrakt blir vurdert etter gjeldande retningsliner og må framsettast innan 3-tre-månadar før kontraktens utløp. 13. Reingjering ved utflytting Det er leigetakar som er ansvarleg for å rydding og vask av bustad ved flytting. Leigetakar er også ansvarleg for eventuelle økonomiske kostnadar ved rydding og vask av bustaden. 4
14. Depositum Vinje kommune krev depositum ved leige av kommunal bustad. (fastsatt av kommunestyret). 5