FUSA KOMMUNE MØTEPROTOKOLL Utval: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne Møtestad: Kommunetunet Møtedato: 29.09.2015 Tid: 17:00 20:40 Innkalling til møtet vart gjort i samsvar med 32 i kommunelova. Saklista vart sendt medlemene og varamedlemer 22.09.15 via utlegging på ipadane, e-post og gjort kjent via heimesida. Møtet vart kunngjort i ei avis og på heimesida. Desse medlemene møtte: Roald Samnøy Ingebjørg Naa Hjelle Steinar Berland, H, Haldor Tuft, Sp, Turid Ekeberg Harald Hjartåker Forfall og møtande varamedlemmer: Geir Inge Eide hadde forfall. For han møtte Jorunn Skjelbreid som vararepresentant. Inhabilitet: Haldor Tuft var inhabil i sak nr 30/15. Inhabiliteten var meldt same dag og vararepresentant var difor ikkje innkalla. Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Eining for pleie og omsorg ved avdelingsleiar Liv Elin Moen til kl 17.40. Eining for samfunnsutvikling, økonomi og service ved fritidsleiar Heidi Skår Dale til kl 17.40. Synfaring: Møtet 29.09.15 starta med omvisning på det nye dagsenteret som også er lokale for fritidsklubben. Det vart også orientert om drift av dagsenteret og fritidsklubben. Avdelingsleiar Liv Elin Moen og fritidsleiar Heidi Skår Dale orienterte og svara på spørsmål. Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknader til innkalling og sakliste Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar.
Andre som var tilstade på møtet: Ansvarleg sekretær Gunn Sissel Teigen Merknader til innkalling og sakliste: Det var ingen merknad til innkalling og sakliste. Roald Samnøy leia møtet. Evt. merknader til protokollen må sendast til Fusa kommune innan 14 dagar. Eikelandsosen, 30.09.15 Roald Samnøy Leiar Gunn Sissel Teigen Ansvarleg sekretær
Sakliste Sak nr. Tittel 025/15 GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET 026/15 Tertialrapport pr. 01.09.2015 027/15 PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015 028/15 KOMMUNEPLANENS AREALDEL 2015-27 - EIGENGODKJENNING 029/15 RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN 030/15 REGULERINGSENDRING - KLETTEN REGULERINGSPLAN - 5 NYE FRITIDSTOMTER 031/15 ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST 29.09.15 032/15 ELDREDAGEN 2015 - PLANLEGGING I MØTET 29.09.15
025/15: GODKJENNING AV MØTEPROTOKOLL FRÅ MØTET Møteprotokoll frå møtet 02.06.15 vert godkjent. Framlegget frå rådmannen vart samrøystes vedteke. RAAD-025/15 VEDTAK: Møteprotokoll frå møtet 02.06.15 vert godkjent. 026/15: Tertialrapport pr. 01.09.2015 Tertialrapport pr. 1.9. vert teken til etterretning. Følgjande felles framlegg til uttale, fremja av Ingebjørg Naa Helle og Turid Ekeberg, vart samrøystes vedteke: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ser med uro på den anstrengte økonomien i budsjett for pleie og omsorg. Jf. tertialrapport pr 1.9.15. ut frå desse opplysningane vil budsjettet sprekke med betydelege beløp. Medlemer i rådet får melding om enkeltsaker som gjer oss uroa i høve til redusert bemanning for sårbare grupper. Vi ser at det er særs stort sjukefråvær som kan tolkast ut frå stort arbeidspress og belastning elles. Vi veit også at mange dyktige tilsette har slutta og funne seg alternativt arbeid.
Felles framlegg til uttale vart samrøystes vedteke. RAAD-026/15 VEDTAK: Uttale: Råd for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ser med uro på den anstrengte økonomien i budsjett for pleie og omsorg. Jf. tertialrapport pr 1.9.15. ut frå desse opplysningane vil budsjettet sprekke med betydelege beløp. Medlemer i rådet får melding om enkeltsaker som gjer oss uroa i høve til redusert bemanning for sårbare grupper. Vi ser at det er særs stort sjukefråvær som kan tolkast ut frå stort arbeidspress og belastning elles. Vi veit også at mange dyktige tilsette har slutta og funne seg alternativt arbeid. 027/15: PROSJEKTRAPPORTERING FORMANNSKAPET 2015 Prosjektrapporten vert teken til etterretning. Roald Samnøy fremja følgjande forslag: Saka vert teke til orientering. Framlegget frå Roald Samnøy vart samrøystes vedteke. RAAD-027/15 VEDTAK: Saka vert teke til orientering. 028/15: KOMMUNEPLANENS AREALDEL 2015-27 - EIGENGODKJENNING Fusa kommune vedtek arealplanen 2015-27, med plankart, planomtale, føresegn og retningslinjer datert 16.09.2015. Vedtaket har heimel i plan og bygningslova 11-15.
Fusa kommune vidarefører akvakultur uendra frå KPA 2006-16. Akvakultur som tema skal rullerast som eigen delplan eller i interkommunalt samarbeid, med oppstart innan utgangen av 2016. Følgjande framlegg til uttale frå Roald Samnøy vart samrøystes vedteke: Saka vert teke til orientering. RAAD-028/15 VEDTAK: Uttale: Saka vert teke til orientering. 029/15: RULLERING AV TRAFIKKSIKRINGSPLAN Framlegg til trafikksikringsplan for Fusa kommune for 2016 2019 vert sendt på høyring og lagt ut til offentleg ettersyn i samsvar med 11 i plan og bygningslova. Følgjande felles framlegg til uttale, fremja av Ingebjørg Naa Helle, vart samrøystes vedteke: Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ber om at ein innleiingsvis legg vekt på tilrettelegging for denne målgruppa m.h.t. trafikksikring. Då spesielt med tanke på universell utforming og særlege behov for veglys, fortau og busskur for denne gruppa. RAAD-029/15 VEDTAK: Uttale: Rådet for seniorar og menneske med nedsett funksjonsevne ber om at ein innleiingsvis legg vekt på tilrettelegging for denne målgruppa m.h.t. trafikksikring. Då spesielt med tanke på universell utforming og særlege behov for veglys, fortau og busskur for denne gruppa.
030/15: REGULERINGSENDRING - KLETTEN REGULERINGSPLAN - 5 NYE FRITIDSTOMTER Fusa kommune legg reguleringsendring for deler av eksisterande reguleringsplan Kletten gbnr. 84/1 og 2, Tuft, med tilhøyrande reguleringsføresegner og skildring med ROS-analyse, ut på høyring og til offentleg ettersyn. Vedtaket er gjort i medhald av Plan- og bygningslova 12-10 og 12-11. Haldor Tuft, Sp, er part i saka. Haldor Tuft, Sp, meinte difor at han var inhabil. Han gjekk frå. Inhabiliteten var meldt same dag og difor møtte det ikkje vararepresentant. Etter forslag frå Roald Samnøy vart Haldor Tuft samrøystes kjend inhabil Jf. kommunelova 40 nr 3 jf. forvaltningslova 6 1. ledd. Følgjande framlegg frå Harald Hjartåker vart samrøystes vedteke: Saka vert teke til etterretning. Haldor Tuft tok plass igjen i møtet. RAAD-030/15 VEDTAK: Saka vert teke til etterretning. 031/15: ORIENTERINGAR, SPØRSMÅL OG OPEN POST 29.09.15 Saka vert lagt fram til orientering og drøfting.
Evt. ytterlegare tilbakemeldingar på tidlegare saker vart lagt fram i møtet. Vedk. kulturelle sparserstokken Vedtak i førre møte: «Senior- og funksjonsrådet ber om at sak om den kulturelle spaserstokken vert lagt fram handsaming og prioritering.» Tilbakemelding frå kulturleiar før møtet: «Innan fristen 1. september har Fusa kommune søkt fylkeskommunen om tilskot til Den kulturelle spaserstokken for 2016. Når FK har fått svar på søknaden kan vi gjerne legga fram ei sak for Senor- og funksjonsrådet for å få ei drøfting av bruken av desse pengane.» Senior og funksjonsrådet viser til vedtak i tidlegare møte: «Senior- og funksjonsrådet ber om at sak om den kulturelle spaserstokken vert lagt fram handsaming og prioritering.» Dagsenteret Vedtak i førre møte: Til neste møte ynskjer ein oversikt over drift, bemanning og på møtet ei omvisning på det nye dagsenteret. Status: Møtet 29.09.15 starta med omvisning på det nye dagsenteret som også er lokale for fritidsklubben. Det vart også orientert om drift av dagsenteret og fritidsklubben. Avdelingsleiar Liv Elin Moen og fritidsleiar Heidi Skår Dale orienterte og svara på spørsmål. Vedtak: Senior- og funksjonsrådet ser positivt på at dagsentertenestene og fritidsklubben endeleg vert drivne i nye flotte lokale og tok samrøystes synfaring og orienteringa til etterretning. Spørsmål om skyss Vedtak i førre møte Skyss frå Søre Luten til og frå kommunesenteret og om sommaren, når det ikkje er skuleruter. Rådet ber om at administrasjonen purrar etter svar frå Skyss i denne saka. Senior- og funksjonsrådet vedtok samrøystes på nytt at svar frå Skyss og tilbakemeldingar på andre førespurnader samt saker som vedkjem brukargruppene må leggjast fram for rådet. Status tilbakemelding: I møtet vart skriv av 02.06.15 frå Hordaland Fylkeskommune samt notat av 16.01.15 frå kulturleiar lagt fram som skriv og melding. Følgjande felles framlegg - fremja av Ingebjørg Naa Helle vart samrøystes vedteke: Spørsmål om skyss. Viser til brev av 02.06.15 frå Skyss til Fusa kommune, der det vert gjort rede for ulike ruteendringar. Rådet for seniorar- og menneske med nedsett funksjonsevne ber om å få tilbakemelding m.h.t. konsekvensar av planlagde ruteendringar. Me ber spesielt om at rute 740 vert oppretthalden
som i dag og at rute 745 på skulefrie dagar har avgang 07.25 frå Stussvik-Hovda til Kilen. Det kollektive trafikktilbodet er svært viktig for vår gruppe, og me ynskjer å bli halden orientert i det vidare samarbeidet med Skyss. RAAD-031/15 VEDTAK: Den kulturelle spaserstokken. Senior og funksjonsrådet viser til vedtak tidlegare møte: «Senior- og funksjonsrådet ber om at sak om den kulturelle spaserstokken vert lagt fram handsaming og prioritering.» Dagsenteret på Leiro. Senior- og funksjonsrådet ser positivt på at dagsentertenestene og fritidsklubben endeleg vert drivne i nye flotte lokale og tok synfaring og orienteringa til etterretning. Spørsmål om skyss. Viser til brev av 02.06.15 frå Skyss til Fusa kommune, der det vert gjort rede for ulike ruteendringar. Rådet for seniorar- og menneske med nedsett funksjonsevne ber om å få tilbakemelding m.h.t. konsekvensar av planlagde ruteendringar. Me ber spesielt om at rute 740 vert oppretthalden som i dag og at rute 745 på skulefrie dagar har avgang 07.25 frå Stussvik-Hovda til Kilen. Det kollektive trafikktilbodet er svært viktig for vår gruppe, og me ynskjer å bli halden orientert i det vidare samarbeidet med Skyss. 032/15: ELDREDAGEN 2015 - PLANLEGGING I MØTET 29.09.15 Saka vert lagt fram til orientering og drøfting. Roald Samnøy orienterte om framlegg til program for dagen og status i planlegginga elles. Grovt overslag over den økonomiske biten var også sendt ut før møtet: 30 stk medl. a.kr. 150.- kr. 4500.- 15 stk a.kr. 200.- kr. 3000.- Loddsalg kr. 4500.- Intekter kr. 12000.-
Husleige kr. 1100.- Mat (snittar tebrød) kr. 8000.- Honorar til talar kr. 1000.- Kaffi. kaffifløte. serviettar.m.m. kr. 1000.- Blomar kr. 1000.- Utgifter kr. 12100.- Styret i senioruniversitetet samt varamedlemer og senior- og funksjonsrådet sine medlemer syter for tillaging og opprydding. Pga. endra dato for markeringa til 30.09.15 så har nokre av medlemene forfall. Gevinstar Haldor Tuft gjev gåvekort som tidlegare år. Blomane på borda vert lodda ut. Det er ynskjeleg at alle medlemer skaffar ein gevinst kvar. Det har vore omtale av arrangementet i Os og Fusaposten. Senior- og funksjonsrådet tok samrøystes saka til orientering. Positivt med samarbeidet med senioruniversitetet. Ein ser fram til markeringa 30.09.15 og rettar takk til leiar for stor innsats i planlegginga. Ei flott kunngjering i Os og Fusaposten og annonsering via plakat i bygdene takkar ein sekretæren for. Turid Ekeberg og Roald Samnøy - i samarbeid med representantar frå styret i senioruniversitetet - får fullmakt til å fordela overskot frå arrangementet RAAD-032/15 VEDTAK: Senior- og funksjonsrådet tok samrøystes saka til orientering. Positivt med samarbeidet med senioruniversitetet. Ein ser fram til markeringa 30.09.15 og rettar takk til leiar for stor innsats i planlegginga. Ei flott kunngjering i Os og Fusaposten og annonsering via plakat i bygdene takkar ein sekretæren for. Turid Ekeberg og Roald Samnøy - i samarbeid med representantar frå styret i senioruniversitetet - får fullmakt til å fordela overskot frå arrangementet