Fagkurs og seminar for ungdomslaga på Vestlandet Storkurs i Førde! 17-18.oktober 2014 - På rett kurs med Sogn og Fjordane Ungdomslag -
KURS A RETTLEIING I FOLKEDANS Korleis gje born og unge høve til å få lære folkedans Folkedans er fellesnamn på ulike typar tradisjonsdans som runddans, bygdedans, turdans, songleik og songdans. Asbjørg og Arne M. Sølvberg har i årevis drive opplæring i slik dans i regi av Fjelli ungdomslag og har for tida om lag 30 aktive unge som syner att på kappleikar og som gjev gode opplevingar for turistane på Hotel Alexandra. Dei vil gjerne dele sine røynsler og gje gode tips til både innlæringsteknikkar og tilrettelegging av det praktiske. Kva dansar er lettast å starte med for dei minste borna? Kva slår best an hos dei som går i ungdomsskulen? Og korleis skal vi enkelt og greitt få inn steg frå reinlendar, hamborgar, polka med støyt, springar og halling? Kurset er for deg som likar å danse og gjerne vil gje born og unge sjansen til å oppleve den same gleda. Det er ingen førehandskrav til dansekunnskap eller etterkrav om å verte instruktør. Du som alt driv opplæring i dans vil og heilt sikkert ha glede av å få påfyll av dansar og innsyn i kurslærarane sine arbeidsmåtar. Arne vil og skifte mellom rolla som dansar og spelemann og dele litt kunnskap om musikken. Kursleiarar: Asbjørg og Arne M Sølvberg
KURS B YOGA Kjente stillingar og avspenning Yoga handlar om konsentrasjon og fokusering, om å ta kontroll over sitt eige mentalt og kroppslege liv, slik at sansebegjær og mental aktivitet fell til ro. Dette kurset er ein introduksjon til kjente stillingar og avspenningsteknikkar. Fredag kl 19-21, og laurdag kl 10-12 Kursinstruktør: Kjetil Simonsen
KURS C BUNADSEMINAR Bunader frå SFJ og teknikkar ved søm og veving Dette kurset tek for seg formidling av kunnskap med bunadstilverking og tradisjonar med gamle teknikkar i dette arbeidet. Veving av prøvelappar Renning til bunadsselar til Sunnfjord, Sogn og Nordfjord Sting og søm-prøver Lausbord til veving Bunadsutstilling ved Sunnfjord folkemuseum Kurset vert lagt opp som eit seminar der deltakarane kan aktivt ta del i formidlinga av kunnskap om folkedraktene våre. Presentasjon av den nye bunadsboka frå Sogn ved Bjørg Hovland Kursleiarar: Ann Lundekvam og Bodil Myklebust
KURS D SAMLING FOR TILLITSVALDE Informasjonsarbeid og oppgåver for lokallaga Styret i SOFUL vil på denne måten samle tillitsvalde i ungdomslaga for å skape ein god dialog mellom fylkeslag og lokallag, med aktuelle team som: Huset i Bygda sitt arbeid Økonomi og administrasjon av ungdomslaga Informasjonsarbeid og bruk av sosiale media Samlinga vert gjennomført som eit møte etter fellessamlinga fredag kveld. Det er ingen deltakaravgift på dette møtet. Hugs påmelding.
Praktiske opplysingar Storkurset vert skipa til i Førde med ungdomshuset Viking som base. Overnatting vert på Førde Hotell for dei som ynskjer hotellstandard. Dersom det kan vere aktuelt med privat innkvartering, ta kontakt snarast. Alle måltid i ungdomshuset Viking (unnateke frukost for dei som bur på hotellet) Fredag 17.oktober 18:00 Frammøte i Viking med fellesmåltid 19:00 Kursstart 21:00 Avslutning Laurdag 18.oktober 08:00 Frukost i Viking 09:00 Kursstart 13:00 Lunsj i Viking 18:00 Avslutning Overnatting Quality Førde Hotell 57 82 81 10 www.forde-hotell.no salg@forde-hotell.no (v/ Anders) Enkeltrom m/f kr 1.020 pr rom pr person pr døger Dobbeltrom m/f kr 1.250 pr rom pr døger Kurspris Kr 600 for medlemer i Noregs Ungdomslag Kr 1.000 for andre Kursprisen dekkar deltakinga på kurset samt alle måltid. Kontaktperson Anders Gjerland anders@gjerland.no Telefon: 90 89 27 60 Påmelding Påmelding pr epost til: soful@ungdomslag.no Betaling til konto: 3710.07.05053 Påmeldingsfrist Måndag 6.oktober