Austevoll kommune Møteprotokoll UTVAL FOR OPPVEKST OG KULTUR Møtedato: 14.11.2013 Møtetid: Kl. 17:00 19:00 Møtestad: Møkster skule Saksnr.: 041/13-051/13 Følgjande medlemmer møtte Parti Følgjande varamedl. møtte Parti Renate Møgster Klepsvik FrP Ole Troland H Øystein Fammestad Narve Møgster John Andre Njåstad Ap Grethe Drønen Ringdal H Forfall Parti Følgjande varamedl. møtte Mons Ove Hauge H Lars Knut Aarland Sp Møteleiar: Frå adm. møtte: Utlevert i møtet: Orientering: Merknader: Innkalling Renate Møgster Klepsvik Kommunalsjef Per Olav Sørås. Wenche Gloppen møtte som sekretær. Sak 046/13: Søknad frå Haugland gards- og friluftsbarnehage Sak 051/13: Framlegg til Kulturprisen 2013 Orientering/omvisning ved Mona Mørk, rektor Møkster skule Lars Knut Aarland ga melding om forfall så seint at det ikkje kunne kallast inn vara. Ingen Renate Møgster Klepsvik Øystein Fammestad Narve Møgster Leiar John Andre Njåstad Grethe Drønen Ringdal Ole Troland
Sakliste Sak nr. Saktittel 041/13 Godkjenning møtebok Utval for oppvekst og kultur 26.09.2013 042/13 Politisk kvarter utval for oppvekst og kultur 14.11.2013 043/13 Referatsaker 044/13 Arbeid med skulerute - skule og barnehage 045/13 Bekkjarvik maritime FUS barnehage - søknad om dispensasjon frå arealkravet 046/13 Haugland gards- og friluftsbarnehage - søknad om dispensasjon frå norm for barnetal 047/13 Symje- og badeanlegg. Konkurransegrunnlag 048/13 Lokalisering av motorcrossbane 049/13 Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv i Austevoll kommune 2014-2017 050/13 Budsjett 2014 - Økonomiplan 2014-2017 051/13 Kulturprisen 2013
041/13: Godkjenning møtebok Utval for oppvekst og kultur 26.09.2013 Møteboka frå møte i utval for oppvekst og kultur 26.09.13 vert godkjent slik ho ligg føre. 042/13: Politisk kvarter utval for oppvekst og kultur 14.11.2013 Spørsmål frå Grethe Drønen Ringdal, H: I eit tidlegare møte hadde vi oppe innskjerping av forslag til reglar for å søkje fri frå skulen. Det er også tilgjengeleg eit skjema på kommunen sine heimesider, der ein søkjer om fri frå skulen. 1. Er praksis lik på alle skular, at ein må bruka dette skjema i alle samanhenger, der ein søkjer fri, også når det gjeld halve dagar? 2. Når ein bruker skjema og sender det inn digitalt, kven er mottakar av skjema? Svar frå kommunalsjef Per Olav Sørås: 1. Digital søknad er tenkt når ein søkjer fri ein til to dagar. Skal ein ha fri i lengre periodar må ein bruke skjema. 2. Skjema som blir sendt inn digitalt til kommunen kjem til postmottaket og vert lagt til den aktuelle rektor som ansvarleg for sakshandsaminga. Utvalet ber om skriftleg svar til neste gang med kva praksis som gjeld. Spørsmål frå Grethe Drønen Ringdal, H: Midlar til menneske med nedsatt funksjonsevne. Slik eg forstår det, får kommunen overført midlar til menneske med nedsatt funksjonsevne, ut får oppgitte antal og behov. Forstår at dette også er aldersbetinga. Midlane er ikkje øyremerka. Det har vore stilt spørsmål ved kor mykje av desse midlane som reelt vert tilbakeført/brukt til den gruppa desse midlane er tenkt brukt til. 1. Kan vi få eit oversyn på kor stor denne tilbakeføringsprosenten er i Austevoll? Svar frå kommunalsjef Per Olav Sørås: Når du passerer 16 år får kommunen ein viss sum. Kommunen tener ikkje pengar. Er ein utgift for kommunen. Utvalet ber om skriftleg svar med kva praksis som gjeld. Ber om svar i forbindelse med formannskapsinnkalling før møte i formannskapet 25.11.2013. Spørsmål og svar vert lagt ved møteboka. 043/13: Referatsaker Meldingane vert tekne til etterretning slik dei ligg føre.
044/13: Arbeid med skulerute - skule og barnehage Utval for oppvekst og kultur vedtek skule- og barnehageruta for Austevoll kommune 2014 2015 slik ho ligg føre. 045/13: Bekkjarvik maritime FUS barnehage - søknad om dispensasjon frå arealkravet Utval for oppvekst og kultur vedtek at - Bekkjarvik maritime FUS barnehage får dispensasjon frå arealnorma per barn slik at dei kan ta i mot dei barna som per no har søkt om plass i barnehagen frå nyttår 2014. Dispensasjonen gjeld i perioden 01.01.2014.2013 til og med 14.08.2014. - Barnehagen må sikra forsvarleg drift og ha tilstrekkeleg med personale ut frå tal barn i barnehagen i dei ulike periodane. - Utvalet ber om tilbakemelding frå Bekkjarvik maritime FUS barnehage på når dei to nye avdelingane kan vera klar til bruk og ber om framdriftsplanar for utbyggingsprosjektet. 046/13: Haugland gards- og friluftsbarnehage - søknad om dispensasjon frå norm for barnetal Utval for oppvekst og kultur vedtek at Haugland gards- og friluftsbarnehage ikkje får dispensasjon frå norm for barnetal i tidsrommet 01.02.2014 og fram til oppstart av nytt barnehageår 15.08.2014. 047/13: Symje- og badeanlegg. Konkurransegrunnlag Framlegg frå FrP ved Narve Møgster: 1. Utval for oppvekst og kultur vedtek at det skal søkjast om endring av reguleringsplan for Prestaneset av 14.03-2013. Tomtas arealføremål må endrast frå næringsbebyggelse(1300), til offentleg eller privat tenesteyting (1600). 2. Utval for oppvekst og kultur ber om at rådmannen justerer konkurransegrunnlaget slik at rehabiliteringsbasseng og barnebasseng vert lagt inn med opsjon og ikkje minimumskrav. Samstundes vert Eidsbøen lagt inn som alternativ lokalisering for bassenget. Justert konkurransegrunnlag vert lagt fram for kommunestyre 16.12.2013 for godkjenning Ved avstemming falt rådmannen si tilråding. Framlegg frå FrP v/narve Møgster vart samrøystes vedteke.
1. Utval for oppvekst og kultur vedtek at det skal søkjast om endring av reguleringsplan for Prestaneset av 14.03-2013. Tomtas arealføremål må endrast frå næringsbebyggelse(1300), til offentleg eller privat tenesteyting (1600). 2. Utval for oppvekst og kultur ber om at rådmannen justerer konkurransegrunnlaget slik at rehabiliteringsbasseng og barnebasseng vert lagt inn med opsjon og ikkje minimumskrav. Samstundes vert Eidsbøen lagt inn som alternativ lokalisering for bassenget. Justert konkurransegrunnlag vert lagt fram for kommunestyre 16.12.2013 for godkjenning 048/13: Lokalisering av motorcrossbane Austevoll kommunestyre opprettheld vedtak kst-119/12 av 2.10.2012. 049/13: Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv i Austevoll kommune 2014-2017 Austevoll kommunestyre sender Plan for idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftsliv i Austevoll kommune i perioden 2013-2016 ut på høyring med høyringsfrist 05.12.2013. 050/13: Budsjett 2014 - Økonomiplan 2014-2017 Fellesframlegg frå utvalet v/narve Møgster: Utval for oppvekst og kultur tek rådmannen sitt budsjett til orientering. Dei ulike politiske partia vil legge fram sine framlegg til budsjett i formannskapsmøtet 25.11.2013. Fellesframlegg frå utvalet vart samrøystes vedteke. Fellesframlegg frå utvalet v/narve Møgster: Utval for oppvekst og kultur tek rådmannen sitt budsjett til orientering, Dei ulike politiske partia vil legge fram sine framlegg til budsjett i formannskapet. 051/13: Kulturprisen 2013 Fellesframlegg frå utvalet: Kulturprisen 2013 vert gitt til NN. OKU-051/13 Kulturprisen 2013 vert gitt til NN.